9 Felles ordning for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne? (§4 og § 10 i lovforslaget)
Forslag i høyringsnotatet
Departementet opplyser i høyringsnotatet at det har fått nokre spørsmål om kommunane skal kunne lage felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Det heiter i høyringsnotatet:
”Bakgrunnen er at eldrerådene for en stor del behandler saker som oppstår fordi mange eldre mennesker har nedsatt funksjonsevne. I ett tilfelle (Frøya kommune) var det spesielt vist til at både det eksisterende eldrerådet og det eksisterende rådet for funksjonshemmede ønsket en slik sammenslåing. Det er uheldig om departementet må avslå slike lokale ønsker. Siden eldrerådene er lovpålagte, må eventuelle felles råd opprettes som forsøksordning etter lov om forsøk i offentlig forvaltning.”
I høyringsbrevet var det derfor spurt: «Bør kommunene/fylkeskommunene kunne ha felles ordning for eldre og mennesker med funksjonsnedsettelser?»
Det blei også spurt om det er sannsynleg at kommunen, dersom det blir gitt høve til det, vil opprette felles råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.
Vurderingar frå høyringsinstansane
KS og dei aller fleste kommunane som uttaler seg , er for at det skal kunne veljast felles råd. Fylkeskommunane er noko meir delte, 9 er for og 5 imot. 4 av dei 6 fylkesmennene som har uttalt seg, er for, 1 er imot og 1 er usikker. Dei kommunale og fylkeskommunale råda er i hovudsak imot. Det same gjeld FFO og dei einskildorganisasjonane som har uttalt seg , dessutan Norsk pensjonistforbund og dei to statlege råda . Argumenta imot felles råd blir formulerte slik av FFO:
”Sjølv om funksjonshemma og eldre kan ha ein del felles saker, er utgangspunktet nokså forskjellig. Sjølv om Råd for funksjonshemma skal forholde seg til brukarar i alle fasar av livet, er det langt frå alltid dei same interessene funksjonshemma og eldre har. Å ivareta unge funksjonshemma sine interesser i forhold til barnehage og skole kan ofte stå i motsats til ønske i eldrepolitikken. Likeeins kan unge funksjonshemma sine krav til pleie- og omsorgstenesta vere heilt ulik eldre borgarar sine behov.”
Statens råd for funksjonshemma skriv:
”Selv om en ser at funksjonshemmede og eldre har sammenfallende interesser når det gjelder tilgjengelighet, vil langt flere områder av kommunens arbeid angå funksjonshemmede enn eldre, som for eksempel barnehage, skole, fritidstilbud for ungdom, familiepolitikk, arbeidstiltak osv.”
Av dei 21 kommunane sa 7 at det er sannsynleg at det vil bli oppretta felles råd for eldre og funksjonshemma dersom det blir gitt høve til det. 10 svarte nei. Dei andre er usikre. Det er både store og små kommunar i både ja-gruppa og nei-gruppa.
Departementet sine vurderingar
Departementet tek til etterretning at organisasjonane for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre opplever at dei ikkje har nok felles interesser til at felles råd blir rekna for å vere ei god løysing. Om ei ordning skal fungere godt, må ho ha legitimitet. Om dei eldre og dei som har nedsett funksjonsevne rundt om i kommunane, og organisasjonane deira, ikkje vil medverke, vil eit felles råd ikkje oppfylle formålet med lova. Fråsegnene frå organisasjonane tyder på at det berre unntaksvis vil liggje til rette for felles råd. Departementet legg til grunn at dette vil påverke dei einskilde kommunane i deira val av lokale løysingar, men at det er lokalt avgjerda må takast.
Departementet meiner at kommunar som ønskjer det, kan velje ulike gradar av gjennomgåande representasjon og samordning av møte og sekretariatsfunksjonar. I dei tilfella der det kan vere ei aktuell løysing, bør dei også kunne velje å opprette eit felles råd som varig ordning utan å måtte søkje spesielt om løyve. Det blir derfor også foreslått ei endring i eldrerådslova som gir kommunane og fylkeskommunane høve til lokale tilpassingar også for desse råda.