Ot.prp. nr. 87 (2005)

Om lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

Til innholdsfortegnelse

3 Høyring

Arbeids- og sosialdepartementet sende 27. januar 2005 eit lovutkast ut på høyring, med høyringsfrist 15. mars. 1 Lovutkastet var innhaldsmessig i all hovudsak identisk med det som blir foreslått her. Hovudpunkta er:

Kommunane skal sørgje for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne.

Kommunane skal for dette formålet opprette råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.

Fleire kommunar kan ha felles råd eller anna representasjonsordning.

Kommunane kan ha felles råd eller anna ordning for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre.

Lova skal gjelde tilsvarande for fylkeskommunane så langt ho høver.

I høyringsnotatet stod det at lova kan føre til at kommunane og fylkeskommunane får meirutgifter til råda, og at regjeringa vil ta stilling til finansieringa i samband med behandlinga av Kommuneproposisjonen for 2006. I høyringa blei kommunane og fylkeskommunane bedne om å svare på nokre spørsmål om kva for økonomiske konsekvensar dei såg for seg at innføringa av lova kunne få.

Høyringsbrevet blei sendt til:

  • Kommunar (eit utval på 86 kommunar) 2

  • Fylkeskommunane

  • Kommunenes sentralforbund

  • Organisasjonar for funksjonshemma

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner

  • Norsk pensjonistforbund

  • Statens råd for funksjonshemma

  • Statens seniorråd

  • Finansdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justisdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Moderniseringsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Fylkesmennene

Berre 21 kommunar i utvalet har svart. Av desse er 7 svar gitt av kommunale råd. Svarprosenten er låg. Det er først og fremst kommunar som allereie har råd for funksjonshemma, som har svart.

Det ligg føre politiske eller administrative fråsegner frå 14 fylkeskommunar.

I tillegg ligg det føre ei fråsegn frå KS.

Også Norsk pensjonistforbund har kome med fråsegn.

Høyringsbrevet blei sendt til alle dei organisasjonane for funksjonshemma som får tilskot over budsjettet til Arbeids- og sosialdepartementet, i alt vel 100. Av desse har 21 uttalt seg. I tillegg kjem fråsegna frå Funksjonshemmedes fellesorganisasjon(FFO), som representerer i alt 66 einskildorganisasjonar. Dei fire medlemsorganisasjonane i Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) har gitt kvar si fråsegn.

Vidare ligg det føre fråsegner frå Statens råd for funksjonshemma , Statens seniorråd, og 6 fylkesmenn .

Høyringsfristen var kort, 6 veker, og kan ha medverka til den låge svarprosenten. KS seier at

”høringsfrist på seks uker blir for kort til at mange kommuner/fylkeskommuner kan behandle saken politisk. En så kort frist er ikke demokratisk forsvarlig.”

Departementet vil peike på at dei problemstillingane som saka reiser, er velkjende i kommunane, mellom anne gjennom høyringsbehandlinga av NOU 2001:22 Fra bruker til borger . Halvparten av kommunane har dessutan erfaring med råd for funksjonshemma, og alle har eldreråd. Departementet tolkar derfor den låge svarprosenten som uttrykk for at forslaga ikkje blir oppfatta som spesielt kontroversielle.

Fotnoter

1.

Høyringsbrev, høyringsnotat og høyringsfråsegner kan ein finne på http://odin.dep.no/asd/norsk/dok/hoeringer

2.

For å få eit representativt utval av kommunane i landet blei det trekt ut eit tilfeldig utval på 1/5 av dei. Utvalet blei trekt etter adresselista til Statens forvaltningsteneste. Første kommune blei vald ved loddtrekning blant dei fem første på lista. Deretter tok ein kvar femte kommune på lista.