1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I dette framlegget til endringar i sjøloven ber regjeringa om samtykke til ratifikasjon og gjennomføring i norsk rett av Aten-konvensjonen om transport av passasjerar og deira reisegods til sjøs, 1974, som endra ved protokoll 1. november 2002 (heretter: 2002 Aten-konvensjonen).
I framlegget foreslår regjeringa å ta eit atterhald ved ratifikasjonen i tråd med ei tilråding frå International Maritime Organization (IMO). Ettersom 2002 Aten-protokollen vart vedteke kort tid etter 11. september 2001, var terrorhendingar og moglegheita for å få forsikring for skade som følgje av slike hendingar eit sentralt tema ved utforminga av 2002 Aten-protokollen. I samband med forhandlingane peikte næringa på at reiarar risikerte å få medansvar ved terrorhandlingar, samstundes som det var uvisst om det var terrorforsikring å få i marknaden. Til sist vart ein samd om eigne ansvarsgrenser for reiarane sitt moglege ansvar for terrorhendingar. Desse ansvarsgrensene følgjer ikkje av 2002 Aten-protokollen. I staden har IMO vedteke eigne retningsliner om gjennomføring av Aten-konvensjonen. Der tilrår ein medlemsstatane å ta eit atterhald for terroransvar ved ratifikasjon eller tilslutning til 2002 Aten-protokollen, for å sikre at desse særskilde ansvarsgrensene vert lagde til grunn, jf. IMOs atterhald og retningsliner for gjennomføring av Aten-konvensjonen, vedteke av IMOs juridiske komité 19. oktober 2006.
Regjeringa gjer òg framlegg om gjennomføring i norsk rett av Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009 om erstatningsansvar for transportørar ved ulykker under sjøtransport av passasjerar (heretter: Aten-forordninga), i samsvar med EØS-komiteens avgjerd nr. 17/2011 av 1. april 2011. Forordninga gjer både utvalde delar av 2002 Aten-konvensjonen og IMOs atterhald og retningsliner for gjennomføringa av Aten-konvensjonen til EU-rett. I tillegg har forordninga reglar om rett til erstatning for utstyr til passasjerar med funksjonshemmingar.
Kort sagt bestemmer Aten-forordninga at reglane i 2002 Aten-konvensjonen skal gjelde for passasjertransport med EU-tilknyting (anten fordi passasjerskipet seglar under flagget til eller er registrert i ein medlemsstat, transportavtalen er inngått i ein medlemsstat eller avreise- eller framkomststaden etter transportavtalen ligg i ein medlemsstat). Dette gjeld uavhengig av om 2002 Aten-konvensjonen har teke til å gjelde internasjonalt. Forordninga viser ikkje til alle artiklane i 2002-konvensjonen. Tilhøvet til artikkel 17 om jurisdiksjon og artikkel 17bis om anerkjenning og fullbyrding er nærare regulert i Rådets vedtak 2012/23/EU av 12. desember 2011 om EUs tiltreding til 2002-protokollen når det gjeld artikkel 10 og artikkel 11 i protokollen. Med andre ord innfører Aten-forordninga ei regional ordning basert på reglane i 2002 Aten-konvensjonen. Den regionale ordninga skal gjelde frå 31. desember 2012.
Innføringa av den regionale ordninga i EU gjer det naudsynt å ta eit atterhald med omsyn til 2002 Aten-konvensjonen artikkel 17bis(3) i samband med ratifikasjonen, slik at det går fram at Lugano-konvensjonen om domsmyndigheit og om anerkjenning og fullbyrding av dommar i sivile og kommersielle saker av 30. oktober 2007, eller, der det framleis er aktuelt, Lugano-konvensjonen om domsmyndigheit og om anerkjenning og fullbyrding av dommar i sivile og kommersielle saker av 16. september 1988, innanfor sitt verkeområde vert lagd til grunn for anerkjenning og fullbyrding av rettsavgjerder om høve som fell inn under 2002 Aten-konvensjonen. I proposisjonen her ber regjeringa om Stortinget sitt samtykke til å ta eit slikt atterhald.
Innanfor den regionale ordninga som følgjer av Aten-forordninga, er reglane i 2002 Aten-konvensjonen òg utvida til å gjelde nasjonal transport med skip av klasse A og B. Kommisjonen skal seinast 30. juni 2013 vurdere om reglane skal utvidast til å omfatte skip i klasse C og D. Medlemsstatane står fritt til å bestemme at reglane skal gjelde nasjonal transport generelt. I framlegget foreslår regjeringa at reglane om passasjeransvar skal gjelde for all nasjonal sjøtransport, men likevel slik at ein foreslår visse tilpassingar av ansvarsregimet i form av eit unntak for ansvar for terrorhendingar og av krava til forsikring og forsikringsbevis.
Noreg er ikkje part i 1974-konvensjonen eller protokollen til denne frå 1990. Hovudtrekka i det internasjonale regelverket er likevel gjennomførte i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) kapittel 15. Reglane i sjøloven om aktløyseansvar for passasjerskade byggjer på 1974 Aten-konvensjonen, men likevel slik at ansvarsgrensene for skadar på passasjerar ligg på nivået i 2002 Aten-konvensjonen. Ansvarsgrensene i sjøloven § 422 første ledd første punktum vart auka til 400 000 SDR ved lov 17. juni 2005 nr. 88.
Noreg var ein pådrivar i arbeidet med å få på plass 2002 Aten-protokollen. 2002 Aten-konvensjonen er underteikna av Noreg, men i arbeidet med ratifikasjon og gjennomføring av 2002 Aten-konvensjonen i norsk rett har ein venta på at EU skulle sluttføre sitt arbeid med forordninga om regional gjennomføring av konvensjonen. 2002 Aten-konvensjonen inneber eit viktig framsteg jamført med 1974 Aten-konvensjonen. Ansvarsbeløpa aukar vesentleg. Samstundes er ansvarsgrensene sentrale i omlegginga av reglane om ansvarsgrunnlaget ved skade på passasjerar. For andre hendingar enn skipsfartshendingar er ansvaret for død og personskade eit reint aktløyseansvar. For skipsfartshendingar er ansvaret for død og personskade gjort objektivt opp til ei grense på 250 000 SDR per passasjer. Over denne grensa er ansvaret subjektivt, men med snudd bevisbyrde opp til og med ei ansvarsgrense på 400 000 SDR for kvar passasjer. Ei anna nyskaping ved 2002 Aten-konvensjonen er at ein innfører eit krav om tvunge ansvarsforsikring for passasjerskip som tek meir enn 12 passasjerar. Forsikringsplikta gjeld for inntil 250 000 SDR multiplisert med så mange passasjerar som skipet er sertifisert til å føre. Det skal vere høve til direktekrav mot forsikringsgivaren.
Regjeringa gjer òg framlegg om å endre globalavgrensingsbeløpet for passasjerskade i sjøloven § 175 nr. 1 til 250 000 SDR for kvar passasjer som skipet er sertifisert for. Ein foreslår å gi IMOs generalsekretær melding i samsvar med Konvensjonen om avgrensing av ansvar for sjørettslege krav 1976, som endra ved 1996-protokollen, artikkel 15 nr. 3bis andre ledd, om at Noreg ønskjer å gjere bruk av moglegheita etter konvensjonen artikkel 15 nr. 3bis første ledd til å gje nasjonale reglar om det ansvarssystemet som skal gjelde for krav ved tap av liv eller skade på person og å opplyse om at globalavgrensingsbeløpet for passasjerskade vert auka til 250 000 SDR.
2002 Aten-konvensjonen og Aten-forordninga gjer det naudsynt med endringar i sjøloven kapittel 15. I hovudsak inneber lovforslaget at dagens reglar i sjøloven §§ 418 flg. vert erstatta med ei tilvising til Aten-forordninga, jf. lovforslaget § 418 første ledd. Samstundes går det fram av lovforslaget § 418 tredje ledd at 2002 Aten-konvensjonen gjeld som norsk lov for passasjertransport som er omfatta av konvensjonen, men som fell utanfor verkeområdet til forordninga. Etter framlegget vert dagens reglar om ansvar for forseinking av passasjerar og reisegods i sjøloven kapittel 15 skilde ut i eit eige avsnitt, men utan at det er gjort framlegg om realitetsendringar.
Proposisjonen her har følgjande vedlegg: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009 om erstatningsansvar for transportørar ved ulykker under sjøtransport av passasjerar (heretter: Aten-forordninga) (vedlegg 1) og 2002-protokollen til Aten-konvensjonen om transport av passasjerar og deira bagasje til sjøs, 1974, vedteke 1. november 2002 (heretter; 2002 Aten-protokollen eller 2002-protokollen) (vedlegg 2). Begge vedlegga er omsette til norsk, men vi gjer merksam på at omsetjingane avvik noko frå kvarandre einskilde stader, utan at dette har realitetsverknader. Ein nemner særskilt at i omsetjingar av EØS-rettsaktene blir føresegner med bis og ter etter artikkelnummeret omsette med a og b.
For informasjonsformål vert òg einskilde dokument i engelsk språkversjon teke inn som utrykte vedlegg til den elektroniske utgåva av proposisjonen. Desse dokumenta er Aten-konvensjonen om transport av passasjerar og deira reisegods til sjøs, 1974, som endra ved 2002-protokollen (heretter; 2002 Aten-konvensjonen), dvs. den konsoliderte konvensjonsteksten, og IMOs Circular Letter No. 2758 som inneheld IMOs atterhald og retningsliner for gjennomføring av Aten-konvensjonen, vedteke av IMOs juridiske komité 19. oktober 2006.