12 Økonomiske og administrative konsekvensar
Ratifikasjon av 2002 Aten-konvensjonen og gjennomføring av Aten-forordninga i norsk rett vil styrkje det erstatningsrettslege vernet for passasjerar ved skadar til sjøs. Samanlikna med dagens rettstilstand er det særleg reglane om tvunge ansvarsforsikring med direktekrav mot forsikringsgjevaren som har konsekvensar for passasjerane. Denne forsikringsplikta gjev passasjerane finansiell tryggleik for eventuelle erstatningskrav. På den andre sida er det mogleg at auka forsikringskostnader for næringa kan føre til ein viss auke i billettprisane.
Departementet reknar med at premiekostnadene for ansvarsforsikring vil auke som følgje av det nye ansvarsregimet og reglane om tvunge forsikring. Høgare forsikringskostnader for næringa kan også innebere høgare kostnader for staten og fylkeskommunane der innanlands båt- og ferjeruter inngår i offentlege kjøp av tenester. Auka i premiekostnader og skadeutbetalingar er vanskeleg å talfeste, men departementet går ut frå at premieauka vil vere avgrensa. I dag utgjer forsikringsutgiftene for ei «gjennomsnittsferje» 2 % av totalutgiftene. Departementet går ut frå at kostnadene for staten og fylkeskommunane ikkje vil bli påverka i særleg grad.
Premieinntektene for forsikringsgjevarane vil i utgangspunktet auke med det same beløpet som premiekostnadene aukar for bortfraktarane, men det er samstundes sannsynleg med fleire og større skadeutbetalingar, sidan ansvarsgrunnlaget til ei viss grad er objektivt etter forslaget, og på grunn av forsikringsplikta.
I høyringa har både Nærings- og handelsdepartementet og Norges Rederiforbund hatt synspunkt på premiekostnadene for ansvarsforsikring. Norges Rederiforbund uttalar:
«Vi deler departementets synspunkter mht. økte forsikringskostnader og at det er grunn til å tro at skadeutbetalingene vil kunne bli flere og større som følge av at ansvaret blir gjort objektivt.»
Nærings- og handelsdepartementet uttaler:
«På et generelt grunnlag er det forventet at premiekostnaden for ansvarsforsikring vil øke over tid som følge av utbetalinger i tråd med det nye ansvarsregimet som innføres gjennom Athen-konvensjonen 2002 og Athen-forordningen. Hvor stor denne økningen vil utgjøre er imidlertid umulig å fastslå. Vi legger til grunn at den økonomiske byrden for næringen vil bli minst dersom forsikringsplikten begrenses til passasjerfartøyer som kan klassifiseres i klasse A eller B. Vi forventer at premiekostnaden vil øke mest for fartøyer som ikke har tegnet nødvendig ansvarsforsikring gjennom en P&I-klubb. Bakgrunnen for dette er at den internasjonale gruppen av P&I-klubber er bedre rustet til å pulverisere økonomiske tap forbundet med ansvar etter internasjonale konvensjoner enn andre forsikringstilbydere.»
Gjennomføringa av 2002 Aten-konvensjonen og Aten-forordninga får administrative konsekvensar for sjøfartsstyresmaktene. Etter artikkel 4bis må sjøfartsstyresmaktene utferde sertifikat for norske passasjerskip som skal stadfeste at det aktuelle skipet har forsikring i tråd med konvensjonen. I tillegg må sjøfartsstyresmaktene etter artikkel 4bis nr. 13 kontrollere at skip som kjem i hamn eller seglar frå norsk hamn, og som har løyve til å frakte meir enn 12 passasjerar, har forsikring eller annan økonomisk tryggleik for beløpa i artikkel 4bis nr. 1. I høyringsnotatet la departementet til grunn at denne oppgåva skal leggjast til Sjøfartsdirektoratet, og departementet peikte på moglegheita for å gje Sjøfartsdirektoratet heimel for å krevje gebyr for å utferde sertifikata. Sjøfartsdirektoratet har i samband med høyringa hatt følgjande merknad:
«Når det gjelder selve utstedelsen så blir dette en tilleggsoppgave for Sjøfartsdirektoratet. De økonomiske og administrative konsekvensene av denne oppgaven vil avhenge av hvor mange typer skip som vil omfattes av sertifikatplikten. I tråd med opplegget for sertifikater for forsikring og annen sikkerhet for oljesølansvar for skip etter bunkerskonvensjonen 2001 og ansvarskonvensjonen 1992, bør Sjøfartsdirektoratet få adgang til å kreve gebyr for sertifikatutstedelsene, jf. Sjøfartsdirektortatets gebyrforskrift (forskrift 2. februar 1996 nr 115). Kontroll av at fremmede skip har forsikring vil inngå i den ordinære havnestatskontrollen, jf. havnestatskontrollforskriften (forskrift 30. desember 2010 nr 184 om kontroll med fremmede skip og flyttbare innretninger i norsk havn mv.).»
Når det gjeld spørsmålet om gebyr, viser departementet til punkt 8.3.