5 Nærare om Aten-forordninga
Forordning 392/2009 er ein del av sjøtryggleikspakka frå EU-kommisjonen. Forordninga gjennomfører hovudføresegnene i 2002 Aten-konvensjonen i EU, men utvidar verkeområdet for reglane til òg å omfatte nasjonal skipsfart i klassene A og B i direktiv 98/18/EF artikkel 4 (no direktiv 2009/45/EF artikkel 4) på visse vilkår, jf. artikkel 2(1). Etter forordninga skal Kommisjonen seinast 30. juni 2013 gjere framlegg om å utvide verkeområdet til å omfatte nasjonal skipsfart i klasse C og D i direktiv 98/18/EF artikkel 4 (no direktiv 2009/45/EF artikkel 4), jf. artikkel 1 nr. 3. Medlemsstatane står likevel fritt til når som helst å gjennomføre Aten-forordninga slik at ho gjeld for all sjøtransport, jf. artikkel 2(2). Forordninga supplerer 2002 Aten-konvensjonen gjennom særlege kompensasjonsreglar for utstyr for funksjonshemma, slik som rullestolar, jf. artikkel 4, og gjennom krav til informasjon til passasjerar før avgang, jf. artikkel 7. Forordninga har dessutan reglar om førehandsutbetaling av erstatningsoppgjer, jf. artikkel 6.
Aten-forordninga fastset ordninga i fellesskapet når det gjeld erstatningsansvar og forsikring ved sjøtransport av passasjerar, jf. artikkel 1. Forordninga viser til 2002 Aten-konvensjonen og til IMOs atterhald og retningsliner for gjennomføring av 2002 Aten-konvensjonen.
Verkeområdet for forordninga følgjer av artikkel 2. Som nemnt ovanfor gjeld forordninga internasjonal passasjertransport og nasjonal passasjertransport med skip av klasse A og B. På same måte som etter 2002 Aten-konvensjonen er det ein føresetnad at passasjertransporten, internasjonal som nasjonal, har tilknyting til ein medlemsstat for at reglane skal gjelde, jf. artikkel 2 nr. 1. Forordninga stiller opp dei same tre tilknytingsalternativa som 2002 Aten-konvensjonen, men slik at omgrepet «konvensjonsstat» er erstatta med omgrepet «medlemsstat». Med andre ord gjeld Aten-forordninga fullt ut på alle områda som konvensjonen gjeld for, så lenge transporten har ein fellesskapsdimensjon.
Sjølv om forordninga utvidar verkeområdet til å gjelde for nasjonal sjøtransport, er det opna for overgangsreglar for når reglane skal ta til å gjelde for slik transport, jf. artikkel 11. For nasjonal transport med skip i klasse A kan medlemsstatane vente med å la forordninga gjelde fram til fire år etter at forordninga elles tek til å gjelde, jf. artikkel 11 nr. 1. For nasjonal transport med skip i klasse B kan medlemsstatane velje å vente med å la forordninga gjelde fram til 31. desember 2018, jf. artikkel 11 nr. 2.
Aten-forordninga artikkel 3 nr. 1 gjennomfører 2002 Aten-konvensjonen artikkel 1, artikkel 1 a, artikkel 2(2), artikkel 3 til 16, artikkel 18, artikkel 20 og artikkel 21. Desse reglane er tekne inn som vedlegg I til Aten-forordninga. Dessutan er IMO-retningslinene gjennomførte i forordninga, jf. artikkel 3 nr. 1. Dei delane av IMO-retningslinene som er tekne inn som vedlegg II til forordninga, er dessutan gjort bindande, jf. artikkel 3 nr. 2.
Det er presisert at 2002 Aten-konvensjonen artikkel 3 nr. 3, som regulerer ansvarsgrunnlaget ved tap av handbagasje, òg gjeld for rullestolar og andre hjelpemiddel for funksjonshemma, jf. forordninga artikkel 4 første ledd. Samstundes fråvik forordninga frå ansvarsgrensene i 2002 Aten-konvensjonen artikkel 8, ettersom forordninga artikkel 4 andre ledd bestemmer at erstatninga skal svare til anten attkjøpsverdi eller, der det er relevant, utgifter til reparasjon av slike hjelpemiddel.
Forordninga endrar ikkje rettar eller plikter som transportøren eller undertransportøren har etter nasjonal lovgjeving som gjennomfører den internasjonale konvensjonen om avgrensing av ansvar for sjørettslege krav 1976, som endra ved 1996-protokollen (1996 LLMC) og framtidige endringar, jf. forordninga artikkel 5.
Forordninga innfører ei ordning med forskottsbetaling av erstatning innan 15 dagar til dekning av dei økonomiske behova som oppstår rett etter ulykka, jf. forordninga artikkel 6.
Forordninga supplerer 2002 Aten-konvensjonen ved at bortfraktaren skal ha opplysningsplikt om dei rettane passasjerane har etter forordninga, jf. forordninga artikkel 7.
Etter forordninga artikkel 8 skal Kommisjonen innan tre år frå forordninga tek til å gjelde, utarbeide ein rapport om korleis forordninga fungerer, eventuelt foreslå endringar av forordninga, og gjere framlegg til førelegging av ein tekst frå Fellesskapet i relevante internasjonale fora.
Forordninga tek i utgangspunktet til å gjelde når 2002 Aten-konvensjonen tek til å gjelde, men i alle tilfelle ikkje seinare enn 31. desember 2012, jf. forordninga artikkel 12. Forordninga vil difor ta til å gjelde før konvensjonen.
At Aten-forordninga vil ta til å gjelde før 2002 Aten-konvensjonen, har gjeve opphav til spørsmål om reiarane vil kunne få ansvarsforsikring. Dette har samanheng med at Aten-forordninga byggjer på ein føresetnad om at reiarane kan få P&I-forsikring etter systemet i 2002 Aten-konvensjonen. Samstundes er det slik at denne føresetnaden sviktar ettersom P&I-systemet tradisjonelt yter forsikring for ansvar etter ansvarsregime med grunnlag i internasjonale konvensjonar. Skal P&I-klubbane yte forsikring for krav etter Aten-forordninga, må dette byggje på eit vedtak i International Group of P&I Clubs. I samband med høyringa har Nærings- og handelsdepartementet opplyst at problemet er løyst ettersom «[d]en internasjonale P&I-Gruppen har imidlertid ovenfor EU bekreftet at de vil utstede Blue Cards for krav etter Athen-forordningen selv om Athen-konvensjonen 2002 ikke har trådt i kraft.»