2 Bakgrunnen for proposisjonen
Den 15. mars 2012 sende Justis- og beredskapsdepartementet på høyring eit framlegg om ratifikasjon og gjennomføring i norsk rett av Aten-konvensjonen om transport av passasjerar og deira reisegods til sjøs, som endra ved protokoll 1. november 2002, og framlegg om gjennomføring i norsk rett av Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009 om erstatningsansvar for transportørar ved ulykker under sjøtransport av passasjerar. Høyringsnotatet hadde òg framlegg om reglar til gjennomføring i norsk rett av Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar for båtpassasjerar til sjøs og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004. Høyringsfristen var 1. juni 2012.
Forordning (EF) nr. 392/2009 vart bindande for Noreg ved EØS-komiteens avgjerd nr. 17/2011 av 1. april 2011, der EØS-avtalens vedlegg XIII (transport) vart endra, jf. Stortingets vedtak 10. mai 2012, Prop. 52 S (2011-2012) og Innst. 218 S (2011-2012). Gjennomføringsfristen for forordninga i nasjonal rett er 31. desember 2012.
2002 Aten-protokollen vart signert av Noreg 31. mars 2004 med atterhald om ratifikasjon.
Følgjande instansar fekk høyringsnotatet:
Departementa
Finanstilsynet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Kystverket
Sjøfartsdirektoratet
Assuranceforeningen Skuld
De sjøkyndiges forbund
Den Norske Advokatforening
Finansnæringens Fellesorganisasjon
Fiskebåtredernes Forbund
Fraktefartøyenes Rederiforening
Gard Services AS, Arendal
Greenpeace Norge
Hovedorganisasjonen Virke
Hurtigbåtenes rederiforbund
Intertanko
Landsorganisasjonen i Norge
Logistikk- og Transportindustriens Landsforening
Miljøstiftelsen Bellona
Møretrygd
Nasjonalt støttegruppenettverk
Nordisk institutt for sjørett
Nordisk Skibsrederforening
Nordland Fylkes Fiskarlag
Norges Fiskarlag
Norges Miljøvernforbund
Norges Naturvernforbund
Norges Rederiforbund
Norsk Petroleumsinstitutt
Norsk senter for menneskerettigheter
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Norske Maritime Leverandører
Næringslivets Hovedorganisasjon
Rederienes Landsforening
Sjøassurandørenes Centralforening (The Nordic Association of Marine Insurers, Cefor)
Transportbrukernes Fellesorganisasjon
Departementet har motteke høyringsfråsegner med merknader frå følgjande instansar:
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Sjøfartsdirektoratet
Assuranseforeningen Skuld
De Sjøkyndiges Forbund
Gard AS
Norges Rederiforbund
Rederienes Landsforening
The Nordic Association of Marine Insurers (Cefor)
Desse høyringsinstansane har uttalt at dei ikkje har merknader:
Arbeidsdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Kystverket
Landsorganisasjonen i Norge
Spørsmålet om gjennomføring i norsk rett av Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar for båtpassasjerar til sjøs og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004, vil departementet kome attende til i ein eigen proposisjon.