3 Gjeldande rett
3.1 Generelt
2002 Aten-konvensjonen og Aten-forordninga regulerer i hovudsak spørsmålet om ansvar for skade på passasjerar og reisegods. Generelle reglar om bortfraktaren sitt ansvar for passasjerar og reisegods finn ein i sjøloven kapittel 15 avsnitt III (§§ 418 til 428). I tillegg til å regulere spørsmålet om ansvar for skade på passasjerar og reisegods har sjøloven kapittel 15 òg reglar om ansvar for forseinking og ansvar for andre skadelidne enn passasjerar. Medan ansvar for forseinking og ansvar overfor andre skadelidne enn passasjerar er tema som dels ligg utanfor 2002 Aten-konvensjonen og Aten-forordninga, er reglane om dette i sjøloven knytt saman med reglane om ansvar for skade på passasjerar og reisegods. Til ein viss grad er reglane i sjøloven kapittel 15 utforma slik at det er samanheng mellom regelsetta som fell innanfor og utanfor 2002 Aten-konvensjonen og Aten-forordninga. Dette er bakgrunnen for at gjennomføring i norsk rett av 2002 Aten-konvensjonen og Aten-forordninga gjer det naudsynt med endringar, om enn i hovudsak av regelteknisk karakter, i sjøloven kapittel 15 for spørsmål som det ikkje er reglar om i konvensjonen og forordninga.
Dagens reglar om bortfraktaren sitt ansvar for skade på passasjerar og reisegods i sjøloven kapittel 15 er reint nasjonale reglar, men reglane er likevel baserte på konvensjonar Noreg ikkje er bunde av. Sjølv om Noreg ikkje har ratifisert konvensjonen frå 1974 og seinare protokoller, bygger reglane i sjøloven på dette internasjonale regelverket. Medan sjølve ansvarsreglane følgjer systemet i 1974 Aten-konvensjonen, vart sjøloven § 422 første ledd første punktum endra ved endringslov 17. juni 2005 nr. 88, slik at den individuelle ansvarsgrensa for skade på passasjerar til sjøs ligg på nivå med den individuelle ansvarsgrensa i 2002 Aten-konvensjonen.
3.2 Ansvar for skade på passasjerar og deira reisegods
3.2.1 Ansvarsgrunnlag og bevisbyrdekrav
For skade på passasjerar følgjer det av sjøloven § 418 at ansvaret i utgangspunktet er alminneleg aktløyseansvar. Ved passasjerskade avheng bevisbyrdekravet av om tapet har oppstått ved eller i samband med sjøfartshendingar, det vil seie forlis, samanstøyt, stranding, eksplosjon, brann eller feil ved skipet, eller om det har oppstått ved andre hendingar. I utgangspunktet gjeld det eit krav om alminneleg bevisbyrde, jf. sjøloven § 421 første og andre ledd, men bevisbyrdekravet er snudd for tap som har oppstått ved eller i samband med sjøfartshendingar, jf. sjøloven § 421 andre ledd andre punktum.
For skade på reisegods er ansvarsgrunnlaget i utgangspunktet aktløyseansvar, jf. sjøloven § 419 første ledd. Det gjeld likevel ein særskild regel om ansvar for «penger, verdipapirer og andre verdigjenstander, så som gull, sølv, juveler, smykker og kunstgjenstander». For slike verdisaker er ikkje bortfraktaren ansvarleg, med mindre dei er mottekne av bortfraktaren for ei trygg oppbevaring. Særregelen for verdisaker av denne typen må sjåast i samanheng med regelen om ansvarsgrensene i sjøloven § 422 andre ledd bokstav b og regelen om passasjeren si opplysningsplikt om reisegods i sjøloven § 409.
Bevisbyrda er regulert ulikt for tap av eller skade på høvesvis handreisegods og anna reisegods. For handreisegods gjeld regelen for personskade tilsvarande, jf. sjøloven § 421 tredje ledd første punktum. Det inneber at bortfraktaren har bevisbyrden dersom tapet står i samanheng med ei sjøfartshending. I andre tilfelle ved tap av handreisegods har den som krev erstatning, bevisbyrden for at bortfraktaren har utvist feil eller forsømming. For anna reisegods enn handreisegods har bortfraktaren alltid bevisbyrda for at det ikkje er utvist feil eller forsømming, jf. sjøloven § 421 tredje ledd andre punktum.
3.2.2 Ansvarsavgrensing og ansvarsgrenser
Ansvaret for skade på passasjerar og reisegods er avgrensa opp til eit lovbestemt beløp. Den sjørettslege ansvarsavgrensinga følgjer eit tospora system. Det gjeld først eit individuelt avgrensingsbeløp, jf. sjøloven § 422. I tillegg gjeld det eit globalavgrensingsbeløp som set eit tak for det samla ansvaret etter ei og same hending, jf. sjøloven kapittel 9.
Den individuelle ansvarsgrensa for skade på passasjerar til sjøs er på 400 000 SDR, jf. sjøloven § 422 første ledd første punktum.
Dei individuelle ansvarsgrensene for tap som følgje av at reisegods har gått tapt, kome til skade eller blitt forseinka, følgjer av sjøloven § 422 andre ledd. Hovudregelen er at ansvaret for tap av handreisegods er avgrensa til 1800 SDR for kvar passasjer, jf. sjøloven § 422 andre ledd bokstav a. Det er likevel ei særskilt ansvarsgrense for tap av verdisaker som er mottekne for ei trygg oppbevaring, jf. sjøloven § 422 andre ledd bokstav b, som fastset at ansvarsgrensa er 6750 SDR for kvar passasjer. For anna reisegods er den alminnelege ansvarsgrensa 2700 SDR for kvar passasjer, jf. sjøloven § 422 bokstav d. Køyretøy er likevel særskilt regulert, jf. sjøloven § 422 andre ledd bokstav c, som bestemmer at ansvarsgrensa er 10 000 SDR per køyretøy.
Sjøloven § 423 har reglar om eigendel for passasjerar. Eigendelen skal trekkjast frå før bortfraktaren kan avgrense ansvaret etter sjøloven § 422. I tilfelle skade på køyretøy er eigendelen 150 SDR per køyretøy, jf. sjøloven § 423 bokstav a. For tap av eller skade på anna reisegods er eigendelen på 20 SDR for kvar passasjer, jf. sjøloven § 423 bokstav b. Ved tap som følgje av forseinking er eigendelen òg 20 SDR, jf. sjøloven § 423 bokstav c.
Retten til avgrensing fell bort dersom bortfraktaren sjølv har valda tapet «med forsett eller grovt uaktsomt og med forståelse av at et slikt tap sannsynligvis ville oppstå», jf. sjøloven § 424.
Globalavgrensingsbeløpet er regulert i 1996-avgrensingskonvensjonen (London-konvensjonen 19. november 1976 om avgrensing av ansvaret for sjørettslege krav, som endra ved 1996-protokollen) som er gjennomført i norsk rett i sjøloven kapittel 9. For krav ved personskade (for skadar på eigne passasjerar) set sjøloven § 175 nr. 1 eit samla øvre tak etter ei og same hending på 175.000 SDR multiplisert med det talet passasjerar skipet har sertifikat til å føre. Tap av eller skade på reisegods er òg underlagd globalavgrensing, jf. sjøloven § 175 nr. 2 og 3. Etter sjøloven § 175 nr. 2 er den samla ansvarsgrensa ved ei og same hending 2 000 000 SDR for andre krav i anledning personskade, jf. sjøloven § 175 nr. 2. For skip med tonnasje på meir enn 2 000 tonn aukar ansvarsgrensa trinnvis, etter følgjande system: auke på 800 SDR for kvart tonn frå 2001 til 30 000 tonn, 600 SDR for kvart tonn frå 30 001 til 70 000, og 400 SDR for kvart tonn over 70 000 tonn.
For alle andre krav er den samla ansvarsgrensa for ei og same hending på 1 000 000 SDR, jf. sjøloven § 175 nr. 3. For skip med tonnasje på meir enn 2 000 tonn aukar ansvarsgrensa trinnvis, etter følgjande system: auke på 400 SDR for kvart tonn frå 2001 til 30 000 tonn, 300 SDR for kvart tonn frå 30 001 til 70 000, og 200 SDR for kvart tonn over 70 000 tonn.
3.3 Ansvar for skade på andre enn passasjerar og mannskap
Sjøloven § 404 har òg reglar om bortfraktaren sitt ansvar når ein person er om bord på skipet utan å være passasjer eller å høyre til mannskapet, det vil seie når opphaldet om bord på skipet ikkje er grunna på kontrakt (anten fraktavtale eller arbeidsavtale). Eit eksempel på når dette kan være aktuelt, er når det er blindpassasjerar om bord på skipet. Dersom denne personen døyr eller vert skada, jf. sjøloven § 418, eller reisegodset hans går tapt eller vert skada, jf. sjøloven § 419, følgjer det av sjøloven § 404 at reglane «om bortfrakterens innsigelser og ansvarsbegrensning [gjelder] tilsvarende til fordel for enhver på rederens side som det blir gjort erstatningsansvar gjeldende mot».
Sjøloven § 425 fastset at ein skadeliden ikkje kan kome unna ansvarsgrensene og andre motsegner bortfraktaren kan ha, ved å gjere gjeldande ansvar på anna grunnlag enn avtale.
Sjøloven § 427 bestemmer at dei same motsegnene og ansvarsgrensene gjeld for bortfraktaren sine folk og for andre som bortfraktaren svarar for etter sjøloven § 426.
3.4 Ansvar for forseinking
Med eit unntak fell forseinking utanfor verkeområdet til 2002 Aten-konvensjonen og Aten-forordninga. Unntaket gjeld tap som følgje av at reisegodset ikkje vert tilbakelevert til passasjeren innan rimeleg tid etter at skipet kjem til destinasjonen, jf. definisjonen av «tap av og skade på reisegods» i 2002 Aten-konvensjonen artikkel 1 nr. 7.
Sjøloven kapittel 15 har òg reglar om ansvaret når passasjerar og reisegods vert forseinka. Desse forseinkingsreglane er knytte tett opp mot reglane om skade på passasjerar og reisegods.
Etter sjøloven § 418 andre punktum gjeld ansvarsgrunnlaget for ansvar for skade på passasjer tilsvarande for tap som følgje av forseinking ved passasjerfrakta.
Sjøloven § 419 andre ledd andre punktum slår fast at ansvarsgrunnlaget i sjøloven § 419 første ledd første punktum, som er eit aktløyseansvar, gjeld tilsvarande for tap som følgje av forseinking med transporten eller utleveringa av reisegods. Denne ansvarsregelen gjeld forhold som fell innanfor 2002 Aten-konvensjonen, jf. artikkel 1 nr. 7 om forseinka utlevering av reisegods, men har eit vidare verkeområde enn dette.
Bevisbyrdereglane ved forseinking er noko annleis enn det som gjeld ved skade på passasjerar og reisegods. Etter sjøloven § 421 første ledd har den som krev erstatning på generelt grunnlag, bevisbyrda for omfanget av tapet, og for at tapet har oppstått ved ei hending under transporten. Ved forseinking følgjer det av sjøloven § 421 fjerde ledd at bortfraktaren har bevisbyrda for at tapet ikkje skuldast feil eller forsømming som bortfraktaren svarer for. Med andre ord er det oppstilt ei snudd bevisbyrde for spørsmålet om bortfraktaren har handla aktløyst, medan den som krev erstatning, sjølv har bevisbyrda for at tapet har oppstått som følgje av ei hending under transporten.
Sjøloven § 422 andre ledd regulerer ansvarsgrensene for forseinka reisegods. Ansvarsgrensene svarar til ansvarsgrensene for ansvar for tap som følgje av at reisegods er gått tapt eller kome til skade.
3.5 Ansvarsforsikring
Sjøloven har i dag ikkje reglar om tvunge ansvarsforsikring for ansvar for skade på passasjerar og reisegods. Etter sjøloven § 432 har Kongen heimel til å fastsetje at det for passasjerskip skal teiknast forsikring eller stillast garanti for det ansvaret for personskade som bortfraktaren kan få etter sjøloven § 418, jf. § 422 første ledd, § 171, § 172 og § 175 nr. 1. Denne heimelen er ikkje nytta. Bakgrunnen for dette er at ein har venta på at det skulle kome internasjonale reglar om spørsmålet.
3.6 Forelding
Sjøloven kapittel 19 har særskilde reglar om forelding. Reglane i sjøloven skil seg frå reglane i foreldelsesloven på to måtar, dels ved at foreldingstida er kortare, og dels ved at det i stor grad gjeld ulike friststarttidspunkt.
Sjøloven § 501 første ledd nr. 4 regulerer foreldingsfristen for krav på erstatning for at ein passasjer er død eller komen til skade. Hovudregelen er at foreldingsfristen er to år frå den dagen passasjeren skulle ha gått i land eller gjekk i land. Dersom dødsfallet skjedde etter at passasjeren gjekk i land, skal fristen reknast to år frå dødsdagen, men ikkje meir enn tre år frå dagen han gjekk i land.
Foreldingsfristen for krav på erstatning for tap av eller skade på reisegods følgjer av sjøloven § 501 første ledd nr. 5. Fristen er to år frå passasjeren gjekk i land, alternativt frå den dagen passasjeren skulle ha gått i land dersom denne dagen kjem seinare i tid.
For krav på erstatning for forseinking med transporten av passasjer eller reisegods eller med utleveringa av reisegods, følgjer det av sjøloven § 501 første ledd nr. 6 at foreldingsfristen er to år frå den dagen passasjeren gjekk i land eller reisegodset vart teke i land eller utlevert.