Prop. 8 LS (2017–2018)

Endringar i vegtrafikkloven (køyretøykontroll og fartsskrivar) og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 122/2016 i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 165/2014

Til innhaldsliste

4 Endring av vtrl. § 19 kontroll av køyretøy

4.1 Eigar sine plikter

4.1.1 Høyringsframlegget

Det blei gjort høyringsframlegg om å samle og presisere gjeldande heimlar om plikter som eigar eller den som har råderett over køyretøyet har til å framstille køyretøyet til kontroll i hall, i § 19. Eigaren si plikt til å framstille køyretøyet til slik kontroll kan vere utløyst av at regionvegkontoret eller politiet har avdekt manglar i kontroll langs veg som treng vidare oppfølging, eventuelt at eigar har endra eller reparert køyretøyet på ein slik måte at ny godkjenning krevst.

Lovføresegna regulerer også plikta til å møte til periodisk kontroll. Dei gjeldande forskriftskrava om frammøte til kontroll, gjennomføring av kontroll og gebyr for kontroll vil vidareførast i «forskrift om godkjenning av bil og tilhenger til bil» (køyretøyforskrifta) og forskrift om periodisk køyretøykontroll.

Høyringsforslaget til § 19:

«Eier av kjøretøy eller den som på eierens vegne har rådighet over det, plikter å sørge for at kjøretøyet blir framstilt til kontroll når politiet eller regionvegkontoret krever det. Han plikter også å gi de opplysninger om kjøretøyet som kreves.

Departementet kan ved forskrift gi bestemmelser om frammøte og gjennomføring av kontroll av kjøretøy og om kontrollgebyr».

4.1.2 Høyringsinstansane sine merknader

Statens vegvesen Region øst og Region sør har spelt inn at uttrykket «Han» i forslaget til andre setning i første ledd bør erstattast. Region øst meiner uttrykket «Eier eller den som på eiers vegne har rådighet over det» er betre, for å unngå tvil om at den som rår over køyretøyet pliktar å gi opplysningar om køyretøyet til politiet og regionvegkontoret. Region sør meiner at «Han» i forslaget til andre setning i første ledd kan erstattast med «Vedkommende» for å gjere regelen kjønnsnøytral.

4.1.3 Departementet sine vurderingar

Departementet er samd i høyringsmerknaden og foreslår å erstatte uttrykket «Han» med «Vedkommende» slik det blei foreslått. Departementet ser ikkje behov for ytterlegare presisering av lovteksten her. Uttrykket «Vedkommende» peiker klart tilbake på «Eier og den som på eiers vegne har rådighet over det».

Departementet har etter ei vurdering komme til at framlegget til endring av § 19 òg bør omfatte heimel for køyretøykontroll langs veg (høyringsframlegget § 19 b).

4.2 Køyretøykontroll langs veg

4.2.1 Generelt om framlegget

Lovframlegget skal erstatte gjeldande § 19 andre ledd siste punktum, som gir heimel for departementet til å gi forskrifter om gjennomføring av tilfeldig og ikkje-meld køyretøykontroll langs veg.

Forslaget grunnar først og fremst i gjennomføringa av direktiv 2014/47/EU sine føresegner om utveljing av køyretøy til kontroll basert på risiko. Art. 6 pålegg medlemsstatane å innføre eit risikoklassifiseringssystem kor informasjon som allereie finst frå tidlegare kontrollar langs veg og periodiske køyretøykontrollar, skal danne grunnlaget for ein risikoprofil. Informasjon frå nasjonale kontrollar og kontrollar i andre medlemsland skal bli innhenta og gi grunnlag for risikoprofilen, for å gjere kontrollverksemda meir målretta. Ei slik utveljing krev ei endring av eksisterande lovheimel.

Utover behovet for lovendring som følgjer av gjennomføringa av direktiv 2014/47/EU, ser departementet òg eit behov for å modernisere heimelen for kontroll langs veg.

4.2.2 Heimel for krav til kompetanse hos kontrollpersonell

4.2.2.1 Generelt

I høyringsframlegget blei det foreslått ein forskriftsheimel for at departementet kan fastsette krav til kompetanse hos dei som skal kontrollere (tunge) køyretøy langs veg, då ein ikkje har slik heimel i dag.

Grunngivinga er først og fremst gjennomføringa av direktiv 2014/47/EU. Direktivet art. 8 nr. 4 fastset at styresmaktene skal sikre at personell som skal gjennomføre detaljerte utekontrollar, må oppfylle kompetansekrav og krav til grunn- og oppfriskingsopplæring, og syner til direktiv 2014/45. Framlegget rekk likevel lengre enn direktivforpliktingane, då heimelen gjeld kontrollørar generelt.

Framlegget skal også gjennomføre kompetansekrav for køyre- og kviletidskontrollørar etter forordning 165/2014. I høyringsframlegget blei det dessutan presisert at utekontrollørane må beherske anna kontroll etter gjeldande regelverk.

Framlegget til § 19 andre ledd heng saman med framlegget til § 19 a om kompetansekrav for kontrollørar av periodisk køyretøykontroll og tilsynspersonell, sjå proposisjonen pkt. 5.4.

Kontrollørane skal fylle krav til ein grunnkompetanse etter direktiv 2014/45 vedlegg IV nr. 2. Dette er forstått som utdanning, for eksempel som mekanikar. Det blir vidare stilt krav om treårig dokumentert erfaring frå køyretøyområdet eller noko tilsvarande, for eksempel dokumentert lærlingtid eller studiar og passande opplæring. Fagbrev eller ingeniørutdanning vil dekke kravet.

Direktivet set krav om at medlemsstatane skal sikre at kontrollørane får høveleg opplæring. Det blir stilt krav til førstegangsopplæring, og til regelmessig oppfriskande opplæring eller prøve, sjå nærare omtale i pkt. 5.3.1 om § 19 a.

Direktivet gir òg krav til innhaldet i kontrolløropplæringa, i form av kunnskap om m.a. bremse- og styresystem og utslipp. Opplæringa skal gjennomførast i regi av medlemsstaten eller av autorisert opplæringsinstitusjon.

I høyringsnotatet blei det presisert at det ikkje blir foreslått krav til grunnkompetanse og erfaring for kontrollørar som alt er tilsette i Statens vegvesen, men dei må likevel gjennomføre opplæring etter direktiv 2014/45/EU vedlegg IV pkt. 2. Dei nærare krava til kompetanse vil bli regulerte i forskrift.

Framlegget til § 19 skal òg gjennomføre krav til kompetanse som følgjer av den nye fartsskrivarforordninga. Av artikkel 39 nr. 1 går det fram at det kjem meir spesifikke krav til kompetansen til kontrollørar, enn dei som følgjer av gjeldande regelverk for køyre- og kviletid. Medlemsstatane skal syte for at kontrollmedarbeidarar får ei høveleg utdanning i å analysere registrerte data og kontrollere fartsskrivarar, for å sikre ei effektiv og harmonisert handheving. Sett i samanheng med artikkel 38, som har overskrifta «kontrollmedarbeidere», er dette vurdert å innebere at opplæringskrava gjeld alle som kontrollerer køyre- og kviletid. Dei som kontrollerer langs veg, dei som kontrollerer i føretak, og politiet så vel som Statens vegvesen sine kontrollørar. Det følgjer av art. 39 nr. 3 i forordninga at Kommisjonen vil komme med gjennomførande rettsakter med nærare innhald til grunn- og etterutdanninga.

Artikkel 39 nr. 4 fastset at medlemsstatane skal gjennomføre nærare reglar om utdanninga. Slike reglar vil bli spesifiserte av Kommisjonen og må gjennomførast i norsk forskrift. Ettersom dei nye krava til opplæring ikkje er vedteke enno, er det ikkje mogleg å si noko meir spesifikt om endringar som vil bli gjorde for opplæringa. Vegdirektoratet legg til grunn at den opplæringa som Statens vegvesen sine kontrollørar får i dag gjennom Trafikant- og køyretøystudiet i hovudsak vil oppfylle dei nye krava. Kva gjeld politiet si opplæring i køyre- og kviletid, så må også dei oppfylle dei nærare krava som vil følgje gjennomføringsrettsaktene.

4.2.3 Høyringsfråsegnene

Høyringsfråsegnene synest i hovudsak positive, berre eit fåtal har spesifikke kommentarar.

Bilimportørenes landsforening (BIL), meiner at kompetansekrava berre bør gjelde dei som faktisk utfører kontrollar. Ein bør vidare stille same krav til kompetanse hos utekontrollørar som til for eksempel periodiske kontrollørar.

Norsk Lastebileier-forbund (NLF), meiner det er positivt å styrkje kontrollen av køyretøy langs veg, og foreslår betre metodar for utveljing, som for eksempel risikovurdering av bedrifter, noko som vil gagne dei som satsar mest på sikkerheit.

Politidirektoratet (POD), uttaler at tenestemenn hos utrykkingspolitiet og ein del tenestemenn knytte til trafikkteneste ved politidistrikta i dag har kompetanse til å drive slik kontroll som det her er snakk om. POD meiner det er viktig å leggje til rette for at politiet også i framtida skal kunne følgje sitt eige løp for å skaffe seg nødvendig kompetanse, utan at det er nødvendig å følgje Statens vegvesen sitt program. Dei syner m.a. til at kontroll av blant anna køyre- og kviletid er eit åtferdsproblem, og difor er ei klar politioppgåve. Krava til utdanning og oppfrisking er forankra i eit direktiv frå EU, og er difor internasjonalt. Politiet har i dag stor nytte av TISPOL sin «Master Class»-utdanning, som gjeld vidareutvikling og oppdatering av tenestemennene sin kunnskap om køyre- og kviletidskontroll.

Statens vegvesen Region nord syner til at det (allereie) i dag er store utfordringar med å få gjennomført opplæringa som er pålagt ettersom tilbodet er lite tilgjengeleg og ikkje følgjer behovet. Statens vegvesen Region øst meiner at krava til kompetanse i samsvar med direktiv 2014/47, inkludert etterutdanning og oppfriskingskurs, bør vere så spesifiserte som mogleg. Region øst uttaler at ettersom kompetansekravet også vil gjelde politiet, bør Statens vegvesen vere budd på eit større kontrollvolum enn i dag.

4.2.4 Vurderinga til departementet

Ingen instansar har vore negative til høyringsframlegget om å lovfeste eit kompetansekrav til kontrollørar av køyretøy langs veg.

Når det gjeld høyringsfråsegnene, vurderer departementet dei som fornuftige.

Departementet har merka seg at Politidirektoratet uttaler at ein også i framtida må leggje til rette for at politiet skal kunne følgje sitt eige løp for å skaffe seg nødvendig kontrollkompetanse, utan at dei må følgje Statens vegvesen sitt program. Departementet syner til at lovheimelen er utforma slik at den ikkje er eit hinder for at politiet har eit eige opplegg for kvalifisering av personell til teknisk kontroll av køyretøy langs veg. Dei nærare reglane om kompetanse for å gjennomføre teknisk kontroll av køyretøy langs veg må ein elles greie ut nærare og høyre særskilt.

Departementet held etter dette fast lovframlegget kva gjeld kompetansekrav.

4.3 Heimel for krav til kontrollutstyr

Lovframlegget til § 19 andre ledd, inneheld vidare ein heimel til å gi nærare føresegner om krav til kontrollutstyr langs veg.

Framlegget skal gjennomføre direktiv 2014/47/EU art. 11, som set krav til kva type kontrollutstyr som krevst for å kunne gjennomføre ein detaljert vegkantkontroll. Direktivet set mellom anna krav til at mobile kontrolleiningar og kontrollstasjonar skal ha høveleg utstyr for å vurdere køyretøyet sine bremser, støy/avgass, styring og hjuloppheng.

4.3.1 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet

Statens vegvesen Region nord uttaler at direktivkrava til kontrollutstyr, spesielt krava til mobilt kontrollutstyr, kan vere ei utfordring der det er store avstandar, og knapp tilgang til store kontrollplasser. Dette gjeld t.d. bremseprøvar.

Statens vegvesen Region øst meiner at det er viktig at kontrollørane er oppdaterte og har nødvendig kontrollutstyr, på grunn av ei stadig fornying og modernisering av køyretøya. Regionen meiner det er ein fordel at ein sentralt beskriv korleis ein fullverdig utekontrollstasjon skal vere utforma.

Departementet registrerer at ingen av høyringsinstansane er negative til ein lovheimel for å gi føresegner om krav til kontrollutstyr. Til merknadene om at det vil vere utfordringar knytte til å ha omfattande krav til kontrollutstyr i nord, og om at ein sentralt bør beskrive korleis utekontrollstasjonen skal vere utforma, vil det vere tenleg å ta omsyn til slike utfordringar i aktuelle føresegner til denne lovheimelen.

Departementet held etter dette fast lovframlegget om krav til kontrollutstyr i § 19, andre ledd.

4.4 Heimel for kontrollgebyr

Det blir foreslått at departementet kan gi forskrift om kontrollgebyr i § 19 andre ledd. Framlegget gjeld gebyr for manglar ved køyretøyet, og er i hovudsak retta mot transportøren.

I høyringsnotatet blei det synt til at direktiv 2014/47/EU art. 15 opnar for at medlemsstatane kan krevje betaling der det er konstatert mangel ved køyretøyet etter ein detaljert kontroll, jf. art. 10 nr. 3. Betalinga er etter direktivet avgrensa til kostnadene for kontrollen. «Mangel» blir her definert som dei store eller farlege manglane, jf. art. 12, som krev oppfølging i form av retting, jf. art. 14. Her vil utekontrollen, etter at manglane er retta, fungere som ein mellomkontroll for periodisk kontroll, og køyretøyet er fritatt for ny kontroll innanfor 3 månader for dei same forholda, jf. direktivet artikkel 10 pkt. 4.

Ein heimel for eventuelt å krevje gebyr for slik kontroll må vere forankra i vegtrafikkloven.

Grunngivinga for framlegget er at ei betaling for kontroll langs veg vil vere med å finansiere dei nye krava til utstyr, kompetanse og metodar mv. som blir stilte til utekontrollverksemda etter direktiv 2014/47. Direktivet innfører eit todelt utekontrollsystem, basert på ein innleiande og ein detaljert kontroll, og eit system for risikoklassifisering. Ein kontroll som avdekker ein stor eller farleg mangel ved køyretøyet, inneber større administrative kostnader enn ein kontroll der ein ikkje finn manglar. Formålet med gebyret og størrelsen på gebyret gjer at gebyret ikkje skal vere ein strafferettsleg sanksjon.

Det blei i høyringsnotatet understreka at ein i forskriftsarbeidet vil ta utgangspunkt i det systemet for vurdering av manglar som følgjer av direktivet artikkel 12. Storleiken på gebyret vil òg ta utgangspunkt i kostnaden det inneber å få overprøvd ein periodisk køyretøykontroll for same type køyretøy etter «forskrift om periodisk kontroll av kjøretøy» §§ 26 og 27. Forskrifta må gi reglar om at styresmaktene kan fråfalle gebyr som er openbert urimeleg eller feil, og ein klageåtgang.

4.4.1 Høyringsfråsegnene

Høyringsfråsegnene til lovforslaget er få og delte.

Norsk Lastebileier-forbund (NLF), er motstandar av at ein gebyrlegg dei som får påvist manglar i ein eventuell kontroll. Dei oppfattar at ei teneste som etterkontroll, allereie inneber kostnader for bileigaren, og å innføre ytterlegare gebyr i ein utekontroll finn NLF ikkje grunnlag for.

Statens vegvesen Region nord og Region øst er positive til eit krav til gebyr. Region nord meiner det krevst nærare utgreiing for å klargjere problematikken rundt eit slikt gebyr godt nok. Regionen meiner ein bør lage ulike kategoriar på gebyrstørrelsen som er avhengig av grad av alvor og gjentaking, og ta høgde for at innkrevjinga vil ta tid og ressursar. Dessutan må det vere klare retningslinjer for kor alvorleg ein teknisk mangel må vere for å gi kontrollgebyr. Regionen påpeiker at også politiet gjer kontrollar i eit visst omfang. For å effektivisere saksgangen ved reaksjonar som inneber melding til politiet, bør fleire av brota som i dag blir melde til politiet, bli avgjorte ved gebyr eller forenkla førelegg. Det siste krev ei lovendring slik at Statens vegvesen får slik myndigheit.

4.4.2 Vurderinga til departementet

Departementet vurderer at dei prinsipielle føringane for eit kontrollgebyr og behovet for slik heimel er tilstrekkeleg greia ut og grunngitt i høyringsframlegget. Departementet syner òg til at sjølv om lovføresegna har direktiv 2014/47/EU om gebyr for teknisk kontroll langs veg som grunngiving, så er lovføresegna utforma òg for å ta høgde for at det i framtida kan melde seg behov for kontrollgebyr på andre kontrollområder.

Om det skal fastsettast forskrift om gebyr i samband med implementeringa av direktiv 2014/47/EU, og korleis ei eventuell ordning med kontrollgebyr, irekna storleiken på gebyret, skal vere utforma, må greiast ut nærare og høyrast særskilt. Departementet vurderer såleis at høyringsfråsegnene først og fremst gjeld fastsetting av forskrift. Høyringsfråsegna om at regelbrot som i dag blir avgjorde ved førelegg/bot heller kan bli avgjorde ved forenkla førelegg eller lovbrotsgebyr har ikkje vore ein del av høyringa og er difor ikkje er vurdert her.

Departementet vurderer at gjennomføring av kontroll langs veg er ein «klart definert myndighetsbasert tjeneste» der det er mogleg å identifisere og berekne gjennomsnittleg kostnad ved å gjennomføre ein detaljert kontroll, jf. Finansdepartementet sitt rundskriv «Bestemmelser om statlig gebyr- og avgiftsfinansiering» (R-112/15), sjå punkt 6.3.5.3. I tillegg vil størrelsen på gebyret reflektere kostnadane som er forbunde med å gjennomføre sjølve kontrollen.

Departementet held etter dette fast framlegget til regulering av køyretøykontroll langs veg med nokre språklege justeringar som ikkje skal påverke innhaldet i forslaget. Departementet har i lovframlegget valt å ta føresegna inn som endring av § 19 andre ledd, og ikkje som ein særskilt paragraf.

Til forsida