11 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
Til § 19 Kontroll av kjøretøy
Framlegget til § 19 nytt første ledd erstattar gjeldande vegtrafikklov § 19 første ledd.
Endringa er av redaksjonell art. Framlegget er ei presisering og konsolidering av gjeldande lovføresegner om plikter eigar eller den som rår over køyretøyet har til å syne fram køyretøy for kontroll i hall. Plikta til å syne fram køyretøy til hallkontroll kan anten vere utløyst av at det er funne manglar eller feil ved kontroll langs veg, eller at det er gjort endringar eller reparasjonar som krev ny godkjenning av køyretøyet. Lovføresegna regulerer også plikta til å møte til periodisk køyretøykontroll. Uttrykket «Vedkommende» i første ledd, andre punktum peiker tilbake på «Eier og den som på eiers vegne har rådighet over det» i første punktum.
Framlegget til andre ledd, første punktum, erstattar gjeldande vegtrafikklov § 19 andre ledd, andre setning og fastsett ein forskriftsheimel for departementet til m.a. å gi reglar om frammøte til kontroll, og om gebyr for dette.
§ 19 andre ledd, andre punktum gir heimel for at ein i forskrift kan gi nærare føresegner om utveljing av køyretøy til kontroll langs veg og gjennomføring av kontroll.
Lovføresegna er i hovudsak grunngitt i gjennomføringa av direktiv 2014/47/EU om utekontroll av nyttekøyretøy. Forslaget rekk likevel lenger enn pliktene etter direktivet, då forskriftsheimelen for å gi nærare føresegner om kontroll langs veg også gjeld andre køyretøygrupper enn nyttekøyretøy, irekna lette køyretøy. Heimel for å fastsette forskrift om nærare føresegner om utveljing av køyretøy for tilfeldig og ikkje-meldt kontroll langs veg, er grunna i behovet for ei risikobasert utveljing og eit risikoklassifiseringssystem. Systemet inneheld informasjon frå tidlegare kontrollar gjennomførte i EØS-området og skal gi grunnlag for ein risikoprofil med moglegheit for ein meir målretta kontroll.
§ 19 andre ledd, siste punktum gir heimel for forskrift om kontrollutstyr og kompetansekrav til personell hos kontrollmyndigheita; i praksis regionvegkontoret, politiet og tollvesenet. Vidare gir framlegget heimel for å fastsette forskrift om ilegging av kontrollgebyr der det er funne feil/manglar ved køyretøyet, sjå pkt. 6.4.
Dei nærare føresegnene om utveljing av køyretøy for kontroll langs veg, gjennomføringa av kontrollane og krav til kontrollørkompetanse, kontrollutstyr og kontrollgebyr, inkludert rekkevidda av dei einskilde føresegnene, blir fastsette i forskrift etter offentleg høyring.
Til § 19 a Periodisk kjøretøykontroll
Framlegget til ny § 19 a erstattar gjeldande vegtrafikklov § 19 andre ledd første setning.
Føresegna grunnar i gjennomføringa av direktiv 2014/45/EU, som fastset krav til grunnkompetanse, opplæring og personleg godkjenning av kontrollørar, vandelskrav og krav til habilitet.
Første ledd, første punktum slår fast at periodisk køyretøykontroll berre kan utførast av godkjente verksemder, godkjente kontrollørar og godkjent teknisk leiar. Omgrepet «godkjenning» omfattar også «regodkjenning», eller fornya godkjenning. Etter første leddandre punktum må det innhentast ordinær politiattest for kontrollørar og teknisk leiar som skal ha godkjenning etter første punktum, for å vise at dei er skikka til oppgåva. Føresegna skal gjennomføre direktiv 2014/45/EU. Nærare reglar om politiattest følgjer av lov om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten (politiregisterloven) § 40. Eventuelle merknader som kjem fram av politiattesten må vere relevante og vurderast etter nærare retningslinjer, sjå andre ledd og pkt. 5.3.3. Eksempel på relevante lovbrot kan vere vinningslovbrot, økonomisk kriminalitet og brot på opplysningsplikt til offentleg styresmakt. Departementet har etter ei vurdering av føresegnene etter direktivet om at manglar ved vandelen til ein kontrollør er eit grunnlag for at godkjenninga skal kunne kallast tilbake, for kontrollørar som er tilsette ved kontrollorgan per 20. mai 2018, komme til at kravet om politiattest også må gjelde for kontrollørar som alt er tilsette ved kontrollorgan, jf. politiregisterforskriften § 28-1 som opnar for det der det følgjer av folkerettslige forpliktingar. Departementet legg til grunn at kontrollørar som er tilsette ved kontrollorgan per 20. mai 2018, må få rimeleg tid til å innrette seg på at dei må levere politiattest gjennom etablering av ei overgangsordning. Korleis eit slikt krav nærare skal gjennomførast, må ein regulere og høyre særskilt i forskrift.
§ 19 a andre ledd, første punktum gir heimel for at departementet i forskrift kan fastsette vilkår og overgangsordningar for godkjenninga for kontrollorgan, kontrollørar og teknisk leiar, og vidare sette krav til opplæringsverksemd retta mot kontrollørar og teknisk leiar. Som eit ledd i dette kan ein gi nærare forskrift om kompetanse, vandel og habilitet. Ein legg til grunn at det må fastsettast vilkår om habilitet gjennom eit krav om at kontrollørar ikkje kan gjennomføre periodisk kontroll av køyretøy dei sjølve eller nærståande eig eller rår over. Vidare ved at ein fastset krav til særskilde rutinar som skal dokumenterast i kontrollorganet sitt kvalitetssystem for å ta i vare objektivitet i kontroll av køyretøy som kontrollorganet eig eller på anna vis rår over eller har vesentleg interesse i. Departementet kan vidare gi reglar om opplæring og prøve, jf. direktiv 2014/45/EU som gir reglar om krav til opplæring eller passande prøve, irekna oppfriskande opplæring. Departementet kan òg gi forskrift om godkjenning av verksemder som tilbyr påkravd opplæring eller prøve til personar som skal utføre periodisk køyretøykontroll, irekna krav til innhald og metode. Det er vurdert som tenleg at private kursarrangørar gir slik utdanning, jf. pkt. 5.4.1.
Andre ledd første punktum fastsett vidare at departementet kan gi reglar om godkjennings- og tilsynsstyresmakta. Etter denne føresegna kan departementet gi reglar om tilsyn med verksemder, kontrollorgan og opplæringsinstitusjonar, kontrollørar, og teknisk leiar, og fastsette kompetansekrav til dei som skal godkjenne og føre tilsyn med verksemder og personar som utfører periodisk køyretøykontroll; i praksis tilsette ved regionvegkontora. Lovføresegna gir òg forskriftsheimel for å fastsette gebyr for godkjenning og tilsyn med kontrollorgana, kontrollørane, teknisk leiar, og opplæringsverksemdene. Eit godkjenningsgebyr vil ha som formål å finansiere myndigheitsfastsette tenester der betalinga skal reknast ut frå kostnadene forvaltninga har med sakshandsaminga, sjå pkt. 5.3.5. Eit eventuelt tilsynsgebyr vil vere grunngitt ut i frå at dei som ikkje fyller krava ein har satt til etablering og drift, og som difor krev oppfølging, er nærast til å dekke kostnadene med tilsynet.
§ 19 a, andre ledd, siste punktum gir heimel for forvaltningsreaksjonar ved brot på plikter som verksemdene og personane som tilbyr periodisk køyretøykontroll har, irekna stans av verksemd og tvangsmulkt og tilbakekalling av godkjenning. Omgrepet «virksomheten» tyder både kontrollverksemd og opplæringsverksemd. Føresegna er grunngitt i behovet for ei meir effektiv tilsynsforvaltning.
Nærare føresegner om gjennomføring av periodisk køyretøykontroll, irekna om rekkevidda av dei einskilde reglane, blir fastsette i forskrift etter offentleg høyring.
Til § 19 b) Krav til verksteder m.m.
Framlegget til ny § 19 b erstattar gjeldande vegtrafikklov §§ 19 a og 13 femte ledd.
Første ledd, første punktum syner kva typar arbeid på motorvogn og tilhengar til motorvogn som krev godkjenning og inneber i hovudsak ikkje materielle endringar i gjeldande rett. § 19 b første ledd, andre punktum fastsett at montering, kontroll og reparasjon av fartsskrivar krev godkjenning. § 19 b første ledd, siste punktum set krav om at ansvarleg leiar for fartsskrivarverkstaden må leggje fram ordinær politiattest for å få godkjenning, for å vise at han eller ho er skikka til oppgåva. Kravet gjeld også for den som fungerer i leiar sin stad. Framlegget her skal gjennomføre europaparlaments- og rådsforordning 165/2014 artikkel 24 nr. 2 bokstav a, jf. bokstav c, som set krav til at verksemdene har «good repute», sjå merknad til vandel og overgangsordningar til § 19 a. Korleis eit slikt krav nærare skal gjennomførast, må ein regulere og høyre særskilt i forskrift. Departementet legg til grunn at det vil bli fastsett nærare retningslinjer, sjå § 19 a og pkt. 6.9.
Andre ledd er ei vidareføring av gjeldande § 13 femte ledd, og inneber forskriftsheimel for at departementet kan settje krav om at verkstader som monterer, reparerer og/eller kontrollerer sikkerheits- eller miljømessige innretningar i køyretøy skal ha godkjenning. Føresegna er utforma for å ta høgde for utviklinga og moglege framtidige krav til innretningar i køyretøy. Eit eksempel er verkstad for installering av alkolås i køyretøy. Departementet syner elles til vurderinga i pkt. 6.3.
Etter § 19 b tredje ledd, kan departementet i forskrift fastsette detaljerte krav og pliktar for verkstader som nemd i første og andre ledd, godkjenning av teknisk leiar i verkstaden og gi reglar om tilsyn. Departementet kan delegere oppgåva. Dei nærare føresegnene om krav og pliktar, blir fastsette i forskrift etter eiga offentleg høyring. Dei nærare forskriftene om fartsskrivarverkstader vil ta utgangspunkt at forordning (EU) 165/2014 om fartsskrivarar skal gjennomførast i norsk rett, irekna krava til installering og kontroll som følgjer av forordninga kapittel IV. Føresegna skal også dekke tilsyn med ulovleg verkstaddrift, dvs. tilsyn der det er sannsynleg at ei verksemd eller ein person føretek arbeid som krev godkjenning.
Etter 19 b tredje ledd andre punktum kan departementet gi reglar om godkjennings- og tilsynsstyresmakta, irekna kompetansekrav for dei som skal godkjenne og føre tilsyn; i praksis tilsette ved regionvegkontora. Tredje ledd andre punktum fastsett òg plikta verksemdene har til å assistere kontrollmyndigheita i å undersøke monterte innretningar i bruk. Forskriftsheimelen er primært grunna i behovet for fagleg bistand i dei tilfella der ein i kontroll langs veg finn forhold som gir grunn til å mistenke at fartsskrivaren er manipulert for å skjule brot på køyre- og kviletidsreglane. I slike tilfelle vil det kunne vere behov for nærare undersøking der kontrollmyndigheita er avhengig av fartsskrivarverkstaden sin kompetanse, lokale og utstyr. Behovet for slik bistand kan òg melde seg for undersøking av andre innretningar enn fartsskrivar. Departementet kan vidare gi reglar om gebyr for godkjenning og tilsyn, sjå merknad til § 19 a.
Etter § 19 b tredje ledd tredje punktum kan departementet fastsette forskrift om forvaltningsreaksjonar i form av pålegg om retting, åtvaring og tilbakekalling av godkjenninga ved brot på dei pliktene verksemda eller den tekniske leiaren har og om at tilsynet kan stanse ei verksemd og gi tvangsmulkt. For dei tilfella der verksemda utfører arbeid som krev godkjenning utan å ha søkt og/eller ha fått godkjenning som køyretøyverkstad, vil stans og tvangsmulkt kunne vere høvelege reaksjonar.
§ 19 b, fjerde ledd gir heimel for at ein i forskrift kan gi unntak, ev. særreglar for somme køyretøygrupper, og somme typar arbeid. Ein kan vidare gi særreglar eller unntaksreglar for somme verkstader, køyretøykategoriar og somme typar arbeid etter første ledd. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett. Unntak og særreglar finst i dag i «forskrift om køyretøyverksteder» § 5.
Til § 19 c Kontroll av virksomheter som driver handel med motorvogner mv.
Framlegget er ei presisering av gjeldande § 19, tredje ledd. Departementet kan gi forskrift om inspeksjon hos køyretøy- og utstyrsforhandlarar for kontroll, herunder nærare reglar om korleis og innanfor kva rammer regionvegkontoret kan gjennomføre slik kontroll.
Til § 32 Overtredelser av vegtrafikkbestemmelser i utlandet
Framlegget til endring av gjeldande § 32 er ei presisering og ikkje ei realitetsendring.
Ved endringa blir det presisert at regelen om at brot på køyre- og kviletidsreglane som blir oppdaga i Noreg kan straffast her uavhengig av kva land brotet har funne stad (såkalla ekstraterritoriell jurisdiksjon) også gjeld i høve til verksemder, ikkje berre fysiske personar.