6 Ny vtrl. § 19 b «Krav til verkstader m.m.»
6.1 Generelt om ny § 19 b
Lovframlegget inneber ei endring av gjeldande vtrl. § 19 a om køyretøyverkstader og § 13, femte ledd om verkstader som skal «montere, kontrollere eller reparere sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger i kjøretøy», irekna fartsskrivarverkstader.
Framlegget skal gi eit meir samanhengande og klart lovverk for køyretøyverkstader, og gi heimel for forvaltninga til å kunne reagere effektivt, m.a. mot ulovleg verkstaddrift. Framlegget skal vidare gjennomføre forordning (EU) 165/2014 om fartsskrivarar.
I høyringsnotatet blei ordinære køyretøyverkstader foreslått regulert i ein ny § 19 d, medan verkstader «som skal montere, kontrollere eller reparere sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger i kjøretøyer», irekna fartsskrivar, blei foreslått regulert i ny § 19 c. I lovframlegget har departementet valt å samle føresegnene i § 19 b.
Få høyringsinstansar hadde særlege merknader til framlegga. Dei som kommenterte føresegnene var i hovudsak positive. Departementet syner elles til at fleire av høyringsinnspela til § 19 a, jf. proposisjonen pkt. 6, er relevante også for § 19 b. Dette gjeld t.d. fråsegnene knytte til habilitet, vandel og gebyr for godkjenning og tilsyn.
6.2 Framlegget om krav til godkjenning i § 19 b
6.2.1 Arbeid på køyretøy som krev godkjenning
Framlegget til første ledd, første punktum reknar opp kva typar arbeid på køyretøy ein som hovudregel ikkje kan utføre utan at verksemda er godkjent for dette. Framlegget her er ei vidareføring av gjeldande vtrl. § 19 a, men det er likevel presisert at køyretøyverkstader skal vere godkjente, og at departementet fastset føresegner om kven som skal vere godkjennings- og tilsynsmyndigheit.
I tillegg blei det foreslått i høyringa at departementet kan stille krav om godkjenning av fagleg ansvarleg i ein køyretøyverkstad. Fagleg ansvarleg vil vere den tekniske leiaren etter gjeldande verkstadforskrift.
Vegdirektoratet såg ikkje at det var eit behov for ei eiga godkjenningsordning for mekanikarar i kjøretøyverkstadene.
6.2.2 Krav om godkjenning for montering, kontroll og reparasjon av fartsskrivar og «sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger»
Det blei vidare gjort høyringsframlegg om at berre godkjente verksemder og personar kan montere, kontrollere eller reparere «sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger», irekna fartsskrivar, i køyretøya i § 19 c, første ledd. I høyringsnotatet blei det synt til at formuleringa «sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger» er meint til å fange opp at det kan kome innretningar som høver til denne kategorien, der ein bør krevje at arbeid på innretninga blir gjort ved ein verkstad som er spesielt godkjent for det, og at alkolås er eit døme på ei slik innretning.
Det blei elles presisert at regionvegkontoret er godkjennings- og tilsynsstyresmakt i dag jf. «forskrift om fartsskriververksteder» jf. §§ 3 og 16, og at forslaget ikkje skal innebere noko endring av gjeldande rett her.
6.2.3 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet
Høyringsfråsegnene har ikkje innvendingar til framlegget til regulering av køyretøyverkstader i første ledd.
Justisdepartementet meiner at kravet til godkjenning for å «montere, kontrollere eller reparere «sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger» i høyringsframlegget til § 19 c hadde ein for omfattande og generell ordlyd, og at det såleis er uheldig å fjerne forskriftsheimelen i § 13 femte ledd.
Direktoratet for samfunnssikkerhetog beredskap (DSB) anbefaler at omgrepet «sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger i kjøretøy» blir klargjort eller nærare definert.
Departementet finn vidare etter ei vurdering at fartsskrivarverkstader bør regulerast særskilt i lovframlegget då det for dei gjeld eit krav om godkjenning.
Departementet er vidare samd i høyringsmerknadene om at eit generelt påbod om særleg godkjenning for verkstader som skal «montere, kontrollere eller reparere sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger» i køyretøy, rekk for vidt. Det bør heller vurderast særskilt om ein ønskjer å krevje særleg godkjenning for ei innretning som kan relaterast til sikkerheit eller miljø. Departementet har difor i lovframlegget til § 19 b andre ledd, moderert kravet om godkjenning slik at ein må vurdere i forskrift kva for «sikkerhetsmessige eller miljømessige» innretninger som har behov for ei særleg godkjenningsordning. Lovframlegget blir etter dette ei vidareføring av gjeldande § 13 femte ledd, men med ein forskriftsheimel til å fastsette nærare krav til godkjenning og tilsyn, sjå § 19 b tredje ledd.
6.3 Krav til vandel for ansvarleg leiar i fartsskrivarverkstaden
I høyringsframlegget blei det foreslått forskriftsheimel for krav til vandel for ansvarleg leiar og mekanikarar i fartsskriververkstader. Det blei vist til fartsskrivarforordninga art. 24 nr. 2 bokstav a, jf. bokstav c, som seier at medlemsstatane skal trygge at installatørar, verkstader og køyretøyfabrikantar er kompetente og pålitelege og fyller krav til vandel. Gjeldande § 13 femte ledd, gir ikkje høveleg heimel for eit slikt vandelskrav. I høyringsframlegget blei det vist til politiregisterloven § 36; «vandelskontroll kan bare foretas når den har hjemmel i lov eller forskrift gitt i medhold av lov». Det blei i høyringsnotatet lagt til grunn at vandelskravet må dokumenterast ved ordinær politiattest.
Nærare kriterium for kva slags merknader som eventuelt skal vurderast som manglar ved vandelen må ein utarbeide og spesifisere ved endring av «forskrift om fartsskriververksteder».
6.3.1 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet
Høyringsinstansane har ikkje kommentert forslaget til krav om vandel her særskilt. Departementet syner difor til fråsegnene til vandelskravet i § 19 a, jf. punkt 5.3.
Departementet har etter ei fornya vurdering komme til at høyringsframlegget til eit vandelskrav bør avgrensast til fartsskrivarverkstaden, i tyding ansvarleg leiar for fartskrivarverkstaden, sjå vurderinga etter pkt. 6.4.3.
Lovframlegget til § 19 b første ledd siste punktum skal gjennomføre europaparlaments- og rådsforordning 165/2014 art. 24, som krev at verksemda har god vandel (eng: «good repute»). Departementet legg etter ei vurdering til grunn at det er nødvendig å krevje god vandel av den ansvarlege leiaren, eller av den som fungerar i leiaren sin stad, som representantar for verksemda.
I høyringsframlegget blei kravet til vandel fomulert som ein generell forskriftsheimel. Departementet har komme til at framlegget bør presiserast, slik at kravet om politiattest går fram, jf. vurderinga av vandelskravet i § 19 a i pkt. 5.3. Eit krav om at ansvarleg leiar eller den som fungerar i leiaren sin stad, skal leggje fram ordinær politiattest, må oppfylle formåla etter politiregisterloven § 37. Fartsskrivarverkstadene har spesialisert kompetanse og den som skal leie og utføre arbeidet skal sikre at utstyret som ein krev montert og kontrollert, ikkje er manipulert for å omgå regelverket. Det at ansvarleg leiar eller den som fungerar i leiaren sin stad er skikka er etter departementet si vurdering like viktig som kravet til at kontrollørane i periodisk køyretøykontroll skal vere skikka til oppgåva, jf. vurderinga om vandel i § 19 a, sjå pkt. 5.3. Departementet vurderer difor at vilkåra for å krevje politiattest både etter politiregisterloven § 37, 1. ledd nr 2 og siste ledd er til stades.
Departementet har merka seg at fleire høyringsinstansar har uttalt at ein bør utforme dei nærare retningslinjene om vandel slik at det blir rom for skjønn. Kravet er ikkje plettfri vandel, eventuelle merknader må vere relevante og graverande i lys av dei oppgåvene fartsskrivarverkstaden er gitte. Departementet legg til grunn at det må vere klare føringar på kva for typar lovbrot som ikkje er sameinte med ei godkjenning. Eksempel på relevante lovbrot kan vere vinningslovbrot, økonomisk kriminalitet og uriktige opplysningar til offentlege myndigheiter. Når det gjeld overgangsordningar for kravet om politiattest, syner departementet til vurderinga etter pkt. 5.3.
6.3.2 Godkjenning av og tilsyn med personar i fartsskrivarvekstaden
I høyringsnotatet blei det foreslått ein lovheimel for å gi nærare forskrift om godkjenning av og tilsyn med personar i verkstadene som skal montere mv. «sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger» i køyretøya. Forslaget hadde bakgrunn i fartsskrivarforordninga art. 24 nr. 1, som fastsett at medlemsstatane skal autorisere, regelmessig kontrollere og sertifisere installatørar, verkstader og køyretøyfabrikantar som skal utføre installering, ettersyn, kontroll og reparasjon av fartsskrivarar. Det følgjer vidare av art. 24 nr. 2 bokstav c) at installatørane, verkstadene og køyretøyfabrikantane skal oppfylle krav til vandel. Artikkel 24 nr. 2 bokstav a, jf. bokstav b seier at medlemsstatane skal «sikre at installatører, verksteder og kjøretøyfabrikanter er kompetente og pålitelige og at personalet er behørig utdannet.»
Det blei i høyringsnotatet uttala at forordninga artikkel 24 er utforma slik at det synast uklart om uttrykket «installatører» er retta mot verksemda eller mot dei konkrete personane som installerer utstyret. Uttrykket, sett i samanheng med at det er eit krav til vandel som ein i høyringa vurderte at ein i praksis må rette mot personar i verksemdene, blei vurdert å peike i retning av at det er snakk om konkrete personar som skal bli godkjente, på same vis som for kontrollørar i kontrollorgan for periodisk køyretøykontroll, jf. direktiv 2014/45/EU. Det blei difor foreslått ein heimel for å gi nærare forskrifter om godkjenning av og tilsyn med personar i spesialverkstader, i tillegg til sjølve verksemdene.
6.3.3 Høyringsfråsegnene
Ingen høyringsinstansar har kommentert forslaget om å gi heimel for å regulere godkjenning av og tilsyn med tilsette i spesialverkstader særskilt.
6.3.4 Vurderinga til departementet
Departementet har etter ei fornya vurdering og i samråd med Vegdirektoratet, komme til at fartsskrivarforordninga ikkje rekk så langt som det blei skissert i høyringa, slik at det ikkje er påkreva med personleg godkjenning av dei som utfører arbeid på fartsskrivaren. Departementet syner til fartsskrivarforordninga art. 2, pkt. k) som har formuleringa «… personale … hos en installatør …», jf. art. 24 der ein skil mellom personale og installatørar.
Departementet har difor avgrensa lovframlegget slik at kravet til godkjenning no rettar seg mot verksemdene, men slik at ein i forskrift kan gi reglar om godkjenning av teknisk leiar i køyretøyverkstad, eventuelt ansvarleg leiar i fartsskrivarverkstad.
Departementet vurderer også at det er nødvendig med heimel for å kunne fastsette kompetansekrav for teknisk leiar i køyretøyverkstad og ansvarleg leiar og mekanikarar i fartsskrivarverkstad, sjå pkt. 6.4.1.
6.4 Generelt om framlegget til forskriftsheimler § 19 b tredje ledd
I høyringa blei det gjort framlegg om at heimelen for nærare føresegner om gjennomføring og utfylling av krava til køyretøyverkstader i gjeldande § 19 a tredje ledd, blir utdypa og presisert. Tilsvarande blei heimel for godkjenning og tilsyn med fartsskrivarverkstader i gjeldande § 13 femte ledd, utdypa og presisert. Vidare blei det foreslått heimel for å fastsette forskriftskrav om godkjenning av og tilsyn med verkstader som foretek «montering, kontroll og reparasjon» av sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger». I høyringa blei det gjort framlegg om å regulere køyretøyverkstader, fartsskrivarverkstader og andre spesialverkstader, i høvesvis §§ 19 c og 19 d. I lovframlegget har departementet valt å slå saman desse føresegnene i § 19 b, for å unngå gjentaking av forskriftsheimler som stort sett er like.
Høyringsframlegget inneheldt heimel for reglar om godkjennings- og tilsynsstyresmakt, forskriftsheimel for nærare føresegner om godkjenning av og tilsyn med verksemder som driv godkjenningspliktig arbeid og fagleg ansvarleg. Høyringsframlegget inneheldt også heimel for at departementet kan gi føresegner om gebyr for godkjenning av og tilsyn med verksemdene, og for godkjenning og tilsyn med fagleg ansvarleg.
Vidare blei det i høyringa gjort framlegg om ein forskriftsheimel for departementet for reaksjonar forvaltninga kan nytte dersom ein oppdagar arbeid på køyretøy som er i strid med gjeldande regelverk, anten verksemda er godkjent eller ikkje av regionvegkontoret. I høyringsframlegget blir dei ulike reaksjonane tilsynet kan nytte overfor verksemder som blir etablerte eller driv i strid med gjeldande regelverk, rekna opp, tilsvarande høyringsframlegget til § 19 a. Pålegg om retting, åtvaring og tilbakekalling av godkjenning er retta mot godkjente verksemder, for tilfella der tilsynet finn brot på gjeldande regelverk. Reaksjonane stans og bruk av tvangsmulkt er retta mot både godkjente verksemder og det som er omtalt som ulovleg verkstaddrift.
6.4.1 Høyringsfråsegnene
Høyringsfråsegnene er i hovudsak positive. Statens vegvesen Region nord uttaler at heimel for å sanksjonere mot ulovlege verkstader er etterlengta, også av bransjen, då ein i dag er avhengige av at politiet følgjer opp meldingar. Dei peiker vidare på at ein moglegheit til å sanksjonere mot ulovlege verkstader, vil kunne bidra til at fleire ulovlege verksemder legg ned drifta eller må søke godkjenning.
Statens vegvesen Region øst er positiv til at det i høyringsframlegget blei klargjort at tilsyn med ulovleg verkstaddrift er omfatta av føresegna. Dei ønskjer likevel ein vidare heimel, og foreslår følgjande ordlyd: «Departementet kan ved forskrift gi nærmere bestemmelser om godkjenning og tilsyn med virksomheter og personer som utfører arbeid som nevnt i første ledd, eller hvor tilsynsmyndighetene har grunn til å tro at det utføres arbeid som nevnt i første ledd, herunder bestemmelser om gebyr for godkjenning og tilsyn.». Statens vegvesen Region øst ønskjer at plikta for tilsynsobjekta til å medverke, blir lovfesta som i forslaget til § 19. Vidare meiner dei ein m.a. bør lovfeste i kva grad tilsynet skal ha uhindra tilgang til rom, bygning, gardsplass, stad e.l. der ein meiner det blir utført arbeid som krev godkjenning, som t.d. etter arbeidsmiljøloven § 18-4 (1) «Arbeidstilsynet skal til enhver tid ha uhindret adgang til ethvert sted som omfattes av loven.» Region øst spør òg om ein bør lovfeste ei plikt for politiet til å gi assistanse.
6.4.2 Vurderinga til departementet
Med omsyn til høyringsfråsegnene syner departementet til at verken plikt for tilsynsobjekt til å medverke eller ei plikt for politiet til å gi assistanse, har vore del av høyringsframlegget, og det blir difor ikkje vurdert her. Når det gjeld andre reguleringar av tilsynsverksemda, vil det bli vurdert i samband med høyring av forskriftsendringar.
Departementet er samd i Region øst si fråsegn om at rekkevidda av tilsynet òg skal gjelde tilsyn med verksemder som driv med «Reparasjons-, vedlikeholds-, ombyggings-, oppbyggings- og påbyggingsarbeid» slik det er lista opp i første ledd, og at tilsynet også skal kunne reagere mot alle verksemder, eventuelt personar, som driv «godkjenningspliktig arbeid», uavhengig av om dei faktisk er godkjente eller ikkje. Dette formålet kom godt fram i høyringsframlegget, og lovframlegget ivaretek dette.
Departementet syner elles til at Vegdirektoratet i si høyringsoppsummering presiserer at praksis om å sette i gang tilsyn med potensielt ulovleg verkstaddrift fortsatt gjeld. Grunnlaget for å sette i gang eit slikt tilsyn vil vere ei rimeleg og grunngitt mistanke om at verksemda gjer godkjenningspliktige reparasjonar utan å ha søkt om og/eller fått godkjenning av Statens vegvesen, basert på ei konkret vurdering av informasjonen ein har. Det må i det minste vere vurdert som mest sannsynleg at det går føre seg slik verksemd.
6.5 Krav til kompetanse for tilsette i spesialverksteder
Heimel til å stille særlege kompetansekrav følgjer ikkje direkte av gjeldande § 13 femte ledd (om «verksteder som skal montere, kontrollere eller reparere sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger i kjøretøyer»). Det har likevel blitt innfortolka i heimelen at ein kan gi føresegner om godkjenning.
I høyringa blei det foreslått at departementet kan fastsette forskrift om krav til kompetanse for dei som skal arbeide i spesialverkstader, inkludert fartsskrivarverkstader, jf. høyringsframlegget til § 19 c andre ledd. Fartsskrivarforordninga art. 24 nr. 2 bokstav a, jf. bokstav b, fastset krav til installatørar, verkstader og køyretøyfabrikantar sin kompetanse. Medlemsstatane skal trygge at dei er kompetente, pålitelege, og at personalet har høveleg utdanning. Vidare er det krav om at medlemsstatane fastset og offentleggjer klare nasjonale prosedyrar for å trygge at personalet er høveleg utdanna.
Dei gjeldande kompetansekrava for ansvarleg leiar og mekanikar i fartsskrivarverkstad går fram av «forskrift om fartsskriververksteder» §§ 9 og 10. Departementet legg til grunn at gjennomføringa av fartsskrivarforordninga i norsk rett ikkje vil føre med seg vesentlege endringar her.
6.5.1 Høyringsfråsegn og vurderinga til departementet
Nettbuss spør om ein legg opp til at ein spesialverkstad og ein køyretøyverkstad blir utstyrte likt med tanke på krav til opplæring og kompetanse, eller om det vil vere skjerpa krav til spesialverkstader.
Departementet syner til at forslaget gjeld ein lovheimel for at ein kan fastsette slike krav ved regulering av ulike typar av verkstader i forskrift. Kva ein vil leggje i dei nærare krava kan variere etter kva type arbeid verkstaden gjer, kva innretning som verkstaden gjer arbeid på m.v. Kravet til kompetanse og opplæring av tilsette må ein greie ut og høyre særskilt i forskrift som regulerer den einskilde typen verkstad. Departementet held etter dette fast forslaget kva gjeld heimel for kompetansekrav.
6.6 Krav til habilitet
Det blei gjort høyringsframlegg (§ 19 c) om at departementet kan gi føresegner om krav til habilitet for fartsskrivarverkstader og verkstader som skal «montere, kontrollere og reparere sikkerhetsmessige eller miljømessige innretninger» i køyretøy og sentrale personar i slike verksemder.
Gjeldande § 13 femte ledd seier ikkje noko om habilitet. Forslaget grunnar i gjennomføringa av fartsskrivarforordninga art. 24 nr. 5 som fastset at medlemsstatane skal hindre interessekonfliktar mellom installatørar og verkstader og transportverksemder. Det blei vurdert at det er behov for ein heimel til å gi nærare føresegner om habilitet, både retta mot fartsskrivarverkstadene og dei som reint faktisk føretek arbeidet med fartsskrivaren.
6.6.1 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet
Høyringsinstansane har ikkje særlege merknader til høyringsforslaget om krav til habilitet for spesialverkstader. Departementet syner difor til høyringsfråsegnene og vurderingane om tilsvarande krav om habilitet for kontrollørar ved kontrollorgan i framlegg til § 19 under punkt 6.3.4.
Departementet held etter dette fast framlegget om at ein i forskrift kan gi nærare føresegner om habilitet, jf. lovframlegget § 19 b.
6.7 Heimel for kompetansekrav for godkjennings- og tilsynspersonell
Gjeldande § 13 femte ledd har ikkje heimel til å gi føresegner om eit krav til kompetanse for personell som skal godkjenne verkstader og ha tilsyn med dei. Kompetansekrava til slikt personell er i dag berre regulerte i interne retningslinjer.
I høyringsframlegget blei det foreslått heimel for føresegner om krav til kompetanse for dei som skal godkjenne og ha tilsyn med spesialverkstader (høyringsframlegget til 19 c). Det blei synt til at etter fartsskrivarforordninga art. 39 skal medlemsstatane syte for at kontrollmedarbeidarar får høveleg utdanning i å analysere registrerte data og kontrollere fartsskrivarar for å nå målet om effektiv og harmonisert kontroll og handheving. Det blei vurdert at kompetansekravet også gjeld for medarbeidarar som skal godkjenne og føre tilsyn med fartsskrivarverkstadene, ikkje berre kontrollørar i kontroll langs veg og i bedrifter. Ettersom kravet til utdanning kjem av ei EU-forordning blei det vurdert at det er tenleg med ein heimel i lov for utdanning av personell som driv godkjenning og tilsyn.
6.7.1 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet
Vi syner til gjennomgangen av Statens vegvesen Region sør sine innspel under punkt 5.5, om tilsvarande forslag til heimel i § 19 a. Høyringsinstansane har ikkje innvendingar her. Departementet held etter dette fast framlegget om at ein kan gi nærare føresegner om kompetanse for dei som skal godkjenne og føre tilsyn med verksemdene.
6.8 Heimel til å krevje undersøkingar av fartsskrivaren
6.8.1 Generelt
I høyringsnotatet blei det synt til gjennomføringa av fartsskrivarforordninga, art. 38 pkt. 3 som seier at kontrollmedarbeidarar «skal have beføjelser til at anmode» autoriserte verkstader om «at foreta i stk. 2 omhandlede afprøvninger og spesifikke afprøvninger til afsløring af, om der findes manipulerende anordninger», dansk versjon. Utsegna lyder i engelsk versjon «shall be empowered to request».
Forordninga blei her forstått slik at kontrollstyresmakta skal kunne krevje at fartsskrivarverkstaden undersøker fartsskrivaren for å avdekke ei eventuell manipulering. Art. 38 pkt. 3 heng saman med artikkel 38 pkt. 2, som omfattar tilsvarande myndigheit til å dirigere køyretøy til ein fartsskrivarverkstad der kontrollen gir kvalifisert grunn til mistanke om bedrageri, altså manipulasjon av fartsskrivaren, for å undersøke nærare om fartsskrivaren fungerer, registrerer og lagrar data korrekt, og om kalibreringsparametrane er korrekte.
Manipulasjon av fartsskrivar kan ein i nokre tilfelle avdekke ved kontroll langs veg. Det kan også vere situasjonar der kontrolløren, f.eks. ved å lese av og samanhalde kontrolldata, har ein rettkomen mistanke om juks utan at det kan bli stadfesta med dei hjelpemiddel han har til disposisjon i utekontrollen. Det vil i slike særlege situasjonar vere behov for nærare undersøking på ein stad kor ein har egna fasilitetar og utstyr, dvs. ein fartsskrivarverkstad.
Gjennomføringa av artikkel 38 nr. 3 i norsk rett vil, slik departementet vurderer det, krevje ny lovheimel. Gjeldande vegtrafikklov § 13 femte ledd som gir heimel for føresegner om godkjenning av og tilsyn med fartsskrivarverkstader kan ein ikkje tolke så vidt at den gir heimel til å krevje at fartsskrivarverkstadene skal støtte kontrollmyndigheitene i å undersøke om ein fartsskrivar er manipulert. Det er heller ikkje noko i forarbeida til lovføresegna som gir haldepunkt for dette.
Det vil truleg ikkje vere ofte det er behov for å krevje at fartsskrivarverkstader skal gjennomføre kontroll ved mistanke om manipulasjon. Departementet legg til grunn at ein for det meste vil løyse saka ved at kontrollmyndigheita ber om sakkyndig assistanse og får innvilga det. Ein kan likevel tenke seg situasjonar der verkstaden vegrar seg mot å assistere i slik undersøking fordi det f.eks. vil kunne vere risiko for å skade eit godt kundeforhold. I slike saker vil både omsynet til ei effektiv gjennomføring av kontrollen, men òg omsynet til verkstaden sitt behov for å ha eit godt kundeforhold, tilseie at assistansen går fram som ei eksplisitt plikt i lova.
Sjølv om behovet for ein lovheimel til å gi nærare føresegner om plikt til å assistere kontrollmyndigheia er grunna i krava etter ny forordning, er forslaget til i ny § 19 b, formulert slik at den gjeld for alle typar verkstader etter føresegna.
6.8.2 Høyringsfråsegnene
Norsk Bilbransjeforbund (NBF), støttar i utgangspunktet krav til både grunnkompetanse og tilleggsopplæring, men påpeiker at det er viktig å utarbeide gode overgangsrutinar. Politidirektoratet, (POD), presiserer at endringane som er foreslått har bakgrunn i EU-direktiv Noreg er forplikta til å følgje opp, og at dei foreslåtte endringane difor er ein nødvendig konsekvens. POD syner vidare til høyringsnotatet punkt 10.2.2, tredje avsnitt, og spør om Vegdirektoratet si forståing av krava som ny fartsskrivarforordning innfører. Statens vegvesen Region øst meiner det er viktig at Statens vegvesen følgjer med i utviklinga når det gjeld ny type fartsskrivar, og at kontrollørane får nødvendig kompetanse, eventuelt òg ei moglegheit til å fastsette gebyr for einskilde brot i staden for å involvere politiet. Vidare set dei spørsmålsteikn ved juks og manipulasjon av fartsskrivarar, blant anna om kven som skal betale fartsskrivarverkstadene der ein treng assistanse, og i kva saker desse verkstadene skal nyttast. Region øst meiner det er viktig at dette kjem tydeleg fram i lovverket. Dei understrekar dessutan at opplæring i teknikkar om juks og svindel må bli implementert i etatsutdanninga. Regionen set òg spørsmålsteikn ved om ein vil få habilitetskonfliktar når ein krev at fartsskrivarverkstadene skal medverke til å avdekke juks og manipulasjon, med tanke på dei eksisterande kundane til verkstadene. Statens vegvesen Region nord er svært positiv til at spesialverkstadene skal assistere Statens vegvesen sine kontrollørar. Dei beskriv at situasjonen i dag er at dei må vente på assistanse frå politiet, og at sjåførane såleis har tid og moglegheit til å fjerne utstyret frå køyretøya før politiet kjem til staden. Dette vil forhåpentleg bli eliminert med den nye føresegna, og gjere det enklare å undersøke om utstyret er manipulert.
6.8.3 Vurderinga til departementet
Departementet merkar seg at ingen av høyringsfråsegnene er negative til forslaget, og at innspela i stor grad er knytte til korleis regelverket blir praktisert. Til høyringsfråsegna frå POD, er det korrekte at kontrollørar frå Statens vegvesen må ta kontakt med politiet dersom det er aktuelt med beslag eller inndraging etter alminnelege straffeprosessuelle reglar. Politiet treng altså ikkje å assistere dersom kontrollørane mistenker manipulasjon, og ønskjer nærare undersøking.
Departementet ser vidare at det kan reisast slike spørsmål om habilitet som Statens vegvesen påpeiker, men vi meiner likevel at ettersom representantar frå kontrollmyndigheita er til stades og overvakar undersøkinga av utstyr som ein mistenker er manipulert, er det garanti nok for at undersøkingane blir utførte på tilstrekkeleg objektivt grunnlag. Det vil elles vere mest tenleg å ta omsyn til dei konkrete kommentarane frå høyringsinstansane i arbeidet med føresegnene til lovheimelen, og i nærare retningslinjer.
Dei nærare krava til gjennomføringa av eit pålegg om å assistere kontrollmyndigheita vil bli regulerte i forskrift om fartsskrivarverkstader og instruks til kontrollmyndigheita. I denne samanhengen må ein bl.a. vurdere kva slags terskel det skal vere for å gi eit slikt pålegg, betaling for gjennomføring av undersøkingane og muligheitene for å kunne klage på eit pålegg om assistanse. Departementet held etter dette fast framlegget.
6.9 Gebyrheimel for godkjenning og tilsyn
Det blei gjort høyringsframlegg om ein forskriftsheimel for nærare føresegner om gebyr for godkjenning av og tilsyn med køyretøyverkstader og spesialverkstader. Dette er ei vidareføring av gjeldande heimel i § 13 femte ledd om at departementet kan gi forskrift om gebyr for godkjenning av og tilsyn med fartsskrivarverkstader. I høyringsframlegget blei det likevel gjort framlegg om ein generell gebyrheimel for alle typar køyretøyverkstader.
6.9.1 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet
Ingen høyringsinstansar hadde særlege merknader her. Departementet syner til at det også etter gjeldande § 13 femte ledd, er ein gebyrheimel. Om ein vil innføre gebyr for andre typar verkstader, må greiast ut og høyrast særskilt. Departementet opprettheld etter dette forslaget om gebyr for godkjenning- og tilsyn i § 19 b.
6.10 Heimel for reaksjonar
Det blei gjort høyringsframlegg om at § 19 c og d skal gi heimel til at departementet kan gi forskrift om reaksjonar som tilsynsmyndigheita kan nytte når det blir oppdaga brot på krava til etablering og drift av verkstader. Høyringsframlegget synte også kva for reaksjonar som er aktuelle og at desse skal rette seg mot både sjølve verksemdene og personar i verksemdene (ansvarleg leiar og mekanikarar). Ein foreslo blant anna at forskriftene kan gi nærare reglar om stans av kontrollverksemd og om tvangsmulkt. Spørsmålet om kva for reaksjonar/sanksjonar som er tenlege til å fremje at arbeidet på fartsskrivarverkstader blir gjennomført etter krava til lov og forskrift, blei vurdert i lys av artikkel 41 i ny forordning om fartsskrivar:
«Medlemsstatene fastsetter i overensstemmelse med nasjonale forfatningsmessige ordninger bestemmelser om sanksjoner for overtredelse av denne forordning og treffer alle nødvendige foranstaltninger for å sikre gjennomførelsen av dette. Sanksjonene skal være effektive, stå i rimelig forhold til overtredelsen, ha en avskrekkende virkning, ikke medføre forskjellsbehandling og skal være i overensstemmelse med de overtredelseskategorier som er fastlagt i direktiv 2006/22/EF».
6.10.1 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet
Den einaste høyringsinstansen som har kommentert høyringsframlegget her, er Statens vegvesen Region sør, som påpeikte ein inkurie som er korrigert i lovframlegget. Departementet syner elles til gjennomgangen av innspela under punkt 5.6, om tilsvarande forslag til heimel i ny vtrl. § 19 a, der alle fråsegner støtta forslaget om dei nye reaksjonane stans og tvangsmulkt.
Departementet held fast forslaget til heimel for reaksjonar i framlegget til § 19 b. Departementet har etter ei fornya vurdering avgrensa lovframlegget slik at kravet til heimelen for reaksjonar no rettar seg mot verksemdene og ansvarleg leiar/teknisk leiar, sjå pkt. 6.3.4.
6.11 Heimel for unntak og særreglar
Lovframlegget er ei vidareføring av gjeldande vegtrafikklov § 19 a andre ledd, som gir forskriftsheimel for unntak frå godkjenningsplikta og for særreglar for somme verkstader, køyretøygrupper og/eller arbeid, sjå framlegget til § 19 b, andre ledd. Nærare unntak og særreglar går fram av den gjeldande verkstadforskrifta, jf. § 5.
6.11.1 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet
Statens vegvesen Region øst peiker på at køyretøy med tida blir meir kompliserte og at kompetansen som krevst for å reparere trafikksikkert vil auke. Dei uttaler m.a. «I dag skrus det en betydelig del på kjøretøy til eier og husstandsmedlemmer, og ikke minst andre som tror de er omfattet av unntaket i verkstedforskrifta § 5. Det er også en betydelig andel av «bedriftsverksteder» som skrur på egne og leasa biler. I et trafikksikkerhetsmessig perspektiv fremstår det som noe merkelig at det ikke foretas en innstramming hva gjelder dette. Det betviles på det sterkeste at kompetansen til alle som driver med dette er på høyde med hva man bør forvente av trafikksikre reparasjoner. Det vises også til vår generelle kommentar til § 19 b. Det er innenfor andre områder ikke tillatt å drive på med godkjenningspliktig arbeid. Det vises blant annet til installasjon av elektriske anlegg i eget hjem.»
Departementet syner til at unntak frå godkjenningskrava ikkje har vore eit tema i høyringa. Ei vurdering av kva unntak som er tenlege, vil ein eventuelt kunne vurdere i samband med revisjon av forskrifta.