7 Ny § 19 c – kontroll av verksemder som driv handel med motorvogn mv.
Framlegget til § 19 c om at regionvegkontora etter nærare forskriftsreglar gitt av departementet kan kontrollere køyretøy og utstyr som krev godkjenning hos forhandlarar mv., byggjer på føresegna i gjeldande vtrl. § 19 tredje ledd som seier at «Regionvegkontoret har rett til å foreta inspeksjon hos den som driver handel med motorvogn eller med godkjenningspliktig utstyr til motorvogn, for å kontrollere motorvogner, tilhengere og utstyr til motorvogn som forhandleren har til salgs». I høyringsnotatet blei føresegna foreslått tatt inn i § 19 d. Det blei det synt til at behovet for kontroll hos bilforhandlarane har blitt sterkt redusert bl.a. som ei følgje av ordninga med periodisk køyretøykontroll, men at føresegna likevel bør førast vidare bl.a. for at godkjennings- og kontrollmyndigheita skal kunne kontrollere om typegodkjenningsføresegnene blir følgde.
7.1 Høyringsfråsegnene og vurderinga til departementet
Høyringsinstansane har ikkje innvendingar til endringa (høyringsframlegget § 19 d femte ledd). Departementet har etter ei vurdering komme til det er nødvendig med ein forskriftsheimel for å kunne regulere slik kontroll og at føresegna høver seg i ein eigen paragraf. Vidare har departementet gjort presiseringar i lovteksten. Endringane er ei moderering av høyringsframlegget. Lovframlegget går fram av § 19 c.