Prop. 8 LS (2017–2018)

Endringar i vegtrafikkloven (køyretøykontroll og fartsskrivar) og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 122/2016 i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 165/2014

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn og høyring

2.1 Køyretøykontrollpakka

2.1.1 Innleiing

EU vedtok 3. april 2014 som eit ledd i satsinga på trafikktryggleik, tre direktiv på køyretøykontrollområdet: Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) nr. 2014/45 om «felles regler for periodisk kjøretøykontroll og om opphevelse av rådsdirektiv 2009/40/EF», direktiv (EU) nr. 2014/46 om «visse endringer i direktiv 1999/37 om felles regler for kjøretøyets registreringsdokumenter» og direktiv (EU) nr. 2014/47 om «felles regler for kontroll av nyttekøyretøy langs veg og om opphevelse av rådsdirektiv 2000/30/EF». Til saman er rettsaktene omtala som «køyretøykontrollpakka». Formålet med direktiva er å styrkje kontrollen med krava til at køyretøy er sikre og miljøvennlege i bruk.

Det er nødvendig med lovendring for å ta inn direktiv 2014/45/EU og 2014/47/EU i norsk rett. Stortinget har alt samtykt til at direktiva skal inn i EØS-avtala, jf. Prop. 144 S (2015–2016). Fristen for å innlemme direktiva i nasjonalt regelverk var 20. mai 2017, og frist for at dei skal teke til å gjelde er 20. mai 2018.

2.1.2 Kontroll av tunge køyretøy langs veg – Direktiv 2014/47/EU

Direktiv 2014/47/EU erstattar direktiv 2000/30/EF om utekontroll, som er gjennomført i norsk rett i forskrift 13. mai 2009 nr. 590 om kontroll av kjøretøy langs veg med heimel i vegtrafikkloven § 19 andre ledd og § 43. Det blir vist til Prop. 144 S (2015–2016) pkt. 2.3 jf. pkt. 4.

Direktivet fører langt på veg vidare gjeldande reglar, men skjerper likevel krava til teknisk kontrollutstyr langs veg, krava til kompetanse og metodar hos kontrollørane, og krav til vurderingar og oppfølging av manglar som er påviste ved køyretøya. Vidare blir det stilt krav om at kontrollane skal vere målretta og baserte på risiko, og medlemsstatane må innføre eit risikoklassifiseringssystem. Direktivet opnar for at medlemsstatane kan krevje gebyr dersom det er manglar ved køyretøyet.

Departementet vurderer det som tenleg å lovfeste at ein kan sette kriterier for utveljing av kjøretøy og at ein kan gi forskrifter om krav til kompetanse for utekontrollørar.

2.1.3 Kontrollorgan for periodisk køyre- tøykontroll – Direktiv 2014/45/EU

Direktiv 2014/45/EU erstattar direktiv 2009/40/EF som er gjennomført i norsk rett i forskrift 13. mai 2009 nr. 591 om periodisk kontroll av kjøretøy (heretter forskrift om periodisk køyretøykontroll) med heimel i vegtrafikkloven § 19 andre ledd første setning.

Sjølv om direktiv 2014/45/EU langt på veg fører vidare gjeldande reglar, blir det fastsett nye krav til kompetanse, opplæring, vandel og krav om personleg godkjenning for kontrollørane i kontrollorgana, jf. art. 13, som krev lovheimel. Direktivet fastset òg meir omfattande krav til tilsyn med kontrollorgan og med dei som driv med opplæring, og skjerper kravet til habilitet for kontrollpersonell.

Direktivet vil bli gjennomført ved endring av vegtrafikkloven og ved endringar i forskrift om periodisk køyretøykontroll.

2.2 Ny fartsskrivarforordning (EU) 165/2014

Den nye fartsskrivarforordninga erstattar rådsforordning (EØF) 3821/85, og vil i hovudsak bli gjennomført ved endringar i forskrift 2. juli 2007 nr. 877 om køyre- og kviletid, og endringar i forskrift 15. oktober 2008 nr. 1116 om fartsskrivarverkstader. Forordninga inneheld likevel føresegner som er vurderte å krevje lovendring: Artikkel 24, 38 og 39 inneber krav til at installatørar, fartsskrivarverkstader og fabrikantar er kompetente og pålitelege, m.a. eit krav til habilitet og godt omdømme, at ein nasjonalt har høvelege tiltak for å sikre handheving og krav til utdanning av kontrollmedarbeidarar. Vidare foreslår departementet ei endring i ordlyden i § 32, for å presisere at også føretak kan straffast for brot på køyre- og kviletidsreglane gjort i utlandet.

Utover dei føresegnene som krev lovendring, inneheld forordninga einskilde artiklar som gir Kommisjonen rett til å peike ut organ for utferding av somme sertifikat og ei prosedyre for tvisteløysing.

2.3 Andre foreslåtte lovendringar

Departementet har vurdert at det er eit behov for å modernisere reglane om godkjenning og tilsyn på køyretøyområdet i vegtrafikkloven §§ 19, 19 a, 19 b og 19 c, jf. 13 femte ledd, uavhengig av krava etter EØS-avtala. Endringane gjeld mellom anna forskriftsheimel for generelle krav til spesialverkstader, presisering av heimlar for tilsyn, nye forvaltningsreaksjonar og gebyr for godkjenning, tilsyn og kontroll langs veg. Framlegget til endring som gjeld ordinære køyretøyverkstader i vegtrafikkloven § 19 b er fullt ut grunna i nasjonale behov, ettersom ordinære køyretøyreparasjonar ikkje er omfatta av EØS-retten.

2.4 Høyringa

På vegne av Samferdselsdepartementet sende Vegdirektoratet 3. juli 2016 på høyring eit framlegg om endringar i vegtrafikkloven §§ 13, 19, 19a, 32 og framlegg om ny §§ 19 b, 19 c og 19 d. Høyringsnotatet blei gjort offentleg på nettsidene til Statens vegvesen og sendt til følgjande instansar:

  • Departementa

  • Arbeidsdirektoratet

  • Direktoratet for forvaltning og IKT

  • Direktoratet for Arbeidstilsynet

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Helsedirektoratet

  • Klima- og forurensningsdirektoratet

  • Kystverket

  • Politidirektoratet

  • Statens vegvesen sine regionvegkontor

  • Tolldirektoratet

  • Utlendingsdirektoratet

  • Utdanningsdirektoratet

  • Fylkesmennene

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Fylkeskommunane

  • Brønnøysundregistera

  • Datatilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Forsvarsstaben

  • Helse Sør-Øst RHF

  • Helsetilsynet

  • Jernbaneverket

  • Konkurransetilsynet

  • KRIPOS

  • Kystverket

  • Norsk institutt for luftforskning

  • Regjeringsadvokatembetet

  • Riksadvokatembetet

  • Sametinget

  • Sivilombodsmannen

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt

  • Statens innkrevingssentral

  • Statens Jernbanetilsyn

  • Teknologisk institutt

  • Utdanningsforbundet

  • Transportøkonomisk institutt

  • Økokrim

  • Alpinanleggenes Landsforening

  • American Car Club of Norway

  • Arbeidsgiverforeningen SPEKTER

  • ATV-importørenes Forening

  • Autobransjens Leverandørforening

  • Akademikerne

  • Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund

  • AVYO Arbeids- og Velferdstilsattes Yrkesorganisasjon

  • Betongelementforeningen

  • Betongindustriens Landsforening

  • Bilimportørenes Landsforening

  • Bransjegruppen for Påbygg og Karosseri

  • Byggenæringens Landsforening

  • Dekkimportørenes forening

  • Delta

  • Den Norske Advokatforening

  • Den Norske Dommerforening

  • Emergency Care

  • Fagforbundet

  • Finnmarkseiendommen

  • Firehjuls Mopedenes Importør Forening

  • Forbundet for Ledelse og Teknikk

  • Foreningen Byfolk

  • Forlaget Bjørgu Anlegg/Transport

  • Forsvarets Kompetanesenter for Vognførerutdanning

  • Forsvarets Logistikkorganisasjon

  • Entreprenørforeningen for Bygg og Anlegg

  • Frie Bilimportørers Forening

  • Glass- og fasadeforeningen

  • Grønn Hverdag Miljøheimevernet

  • HMS-faglig forum

  • HSH Arbeidsgiveravdelingen

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Kongelig Norsk Automobilklub

  • Landsforbundet av Motorhistoriske Kjøretøyklubber

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Lastebileiernes Forening

  • Longyearbyen lokalstyre

  • NHO Logistikk- og Transport

  • Maskinentreprenørenes Forbund

  • Maskingrossistenes Forening

  • Motorførernes Avholdsforbund

  • Motorsykkelimportørenes Forening

  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT)

  • NSB Hovedadministrasjonen

  • Natur og Ungdom

  • Naturvernforbundet

  • NHO Transport

  • NITO

  • NKI fjernundervisning

  • Norges Automobil-forbund

  • Norges Bilbransjeforbund

  • Norges Bilsportforbund

  • Norges Bilutleieforbund

  • Norges Bonde- og småbrukarlag

  • Norges Bondelag

  • Norges Caravanbransjeforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges Lastebileier-Forbund

  • Norges Lensmanns- og politilederlag

  • Norges Motorsportforbund

  • Norges Taxiforbund

  • Norges Turbileierforbund

  • Norges Røde Kors

  • Norsk Akkreditering

  • Norsk Arbeidsmandsforbund

  • Norsk Bobil og Caravan Club

  • Norsk Bobilforening

  • Norsk Cirkus og Tivolieierforbund

  • Norsk Elbilforening

  • Norsk Forening for Spesielle og Ombygde Kjøretøy (NFSOK)

  • Norsk Forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning

  • Norsk Industri

  • Norsk Jernbaneforbund

  • Norsk Motorcykkel Union (NMCU)

  • Norsk Motorklubb

  • Norsk Sidevogn Klubb

  • Norsk Tjenestemannslag

  • Norsk Trafikkmedisinsk Forening

  • Norsk Transportarbeiderforbund

  • Norsk Veteranvogn klubb

  • Norvegfinans

  • Næringslivets Hovedorganisasjon NHO

  • Næringslivets sikkerhetsorganisasjon

  • Opplysningsrådet for Veitrafikken

  • PARAT

  • Politiembetsmennenes Landsforening

  • Politiets fellesforbund

  • Samarbeidsforum for opplæringsvirksomheter innen transport og logistikkfag i Norge (SOTIN)

  • SINTEF

  • Skolenes Landsforbund

  • Snøscooterimportørenes Forening

  • Statstjenestemannsforbundet

  • Syklistenes Landsforening

  • The Scandianvian Tire & Rim Organization

  • Traktor- og landbruksmaskinimportørenes forening/Virke

  • Trafikkforsikringsforeningen

  • Trygg Trafikk

  • Yrkestrafikkforbundet

  • YS

  • Viking Redningstjeneste

  • Justisministeriet, Danmark (D)

  • Transportministeriet, D

  • Trafik- og Byggestyrelsen, D

  • Rigspolitiet, D

  • Vejdirektoratet, D

  • Danske Busvognmænd, D

  • Arbets- og näringsministeriet, Finland (F)

  • Kommunikationsministeriet, F

  • Trafi Trafiksäkerhet, F

  • Näringsdepartementet, Sverige (S)

  • Arbeidsmiljöverket, S

  • Arbejdstilsynet, S

  • Vägverket, S

  • Motormännens Riksforbund, S

  • Vinnueftirlit Rikisins, Island

Det kom inn i alt 37 svar på høyringa. Følgjande høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget:

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Politidirektoratet

  • Statens vegvesen Region nord

  • Statens vegvesen Region sør

  • Statens vegvesen Region vest

  • Statens vegvesen Region øst

  • Autoriserte trafikkskolers landsforbund (ATL)

  • Autobransjens Leverandørforening

  • Bilimportørenes landsforening (BIL)

  • Forsvarsmateriell

  • Kongelig Norsk Automobilklub (KNA)

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Nettbuss AS

  • NHO Transport

  • Norges bilbransjeforbund (NBF)

  • Norges lastebileier-forbund (NLF)

  • Norsk Motorcykkel Union (NMCU)

Høyringsinstansane er i hovudsak positive. Fleire uttaler at det har vore utfordrande å vurdere alle sider av framlegget då det er avgrensa til lovheimlar, som i stor grad gir grunnlag for nærare forskrifter.

Ein del av høyringsfråsegnene gjeld endring av forskrift. Departementet syner til at desse fråsegnene vil bli vurderte i samband med fastsetting av forskrifter.

Til forsida