1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
Regjeringa legg i denne meldinga fram sine mål og strategiar for transportpolitikken dei neste 10 åra. Regjeringa har vore oppteken av å bruke dei store pengane til å vidareutvikle velferdsamfunnet og til å styrkje grunnlaget for den langsiktige verdiskapinga mellom anna gjennom ei sterk auke i samferdsleinvesteringane. I Nasjonal transportplan 2010-2019 vert denne satsinga ytterlegare styrka. Vi får difor i dei komande åra ein heilt ny styrke i den offentlege innsatsen på transportområdet samanlikna med Stortinget sitt vedtak om Nasjonal transportplan 2006-2015. Tryggleik, regional utvikling og næringslivet sine transportbehov er sentrale element i regjeringa sin transportstrategi. Samstundes er det teke balanserte omsyn til naudsynte tiltak for å motverke negative miljøeffektar av transport – særleg har ein lagt vekt på ei langsiktig tilpassing av transportsystemet i lys av klimautfordringa.
Regjeringa sin strategi tek utgangspunkt i at transportformene har ulike eigenskapar og fortrinn i transportmarknaden, og i at det er naudsynt å tilpasse transportpolitikken mellom anna ut frå ulike geografiske tilhøve. Regjeringa vil difor føre ein meir differensiert politikk tilpassa målet om eit moderne transportnett i heile landet. Det betyr at satsinga på kollektivtransport og jernbane er særleg sterk i og omkring dei største byane, medan veksten i løyvingane til veg er særleg sterk elles i landet.
Nasjonal transportplan 2010-2019 er den tredje i rekka i det plansystemet som blei etablert gjennom St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011. Grunnlaget for prioriteringar og politikkutforming er lagt gjennom eit nært samarbeid mellom Fiskeri- og kystdepartementet og Samferdselsdepartementet, dei tre statlege transportetatane (Jernbaneverket, Kystverket og Statens vegvesen) og Avinor AS, fylkeskommunane og storbyområda Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Den politiske dialogen undervegs har vore styrka gjennom regionvise møte på politisk nivå mellom departementa og fylkeskommunane/storbyane i to rundar. Det er òg dratt nytte av konsultasjonar med, og bidrag frå, ulike interesseorganisasjonar. Som eit nytt element i planprosessen er det halde regionvise dialogmøte og ein nasjonal oppsummeringskonferanse med representantar for nærings- og arbeidsliv. Samferdselsdepartementet sin strategi for norsk luftfart frå 2008 har òg fungert som eit innspel til planen.
Transportetatane la i januar 2008 fram sitt felles grunnlagsmateriale for Nasjonal transportplan 2010-2019. Dette dokumentet er lagt fram for fylkeskommunar og storbykommunar til uttale. Ei rekkje andre styresmakter, organisasjonar og bedrifter har òg uttalt seg om dette dokumentet, og på denne måten gitt viktige bidrag til endeleg utforming av regjeringa sin politikk.
1.2 Samandrag
1.2.1 Ein framtidsretta og offensiv transportpolitikk
Det overordna målet for regjeringa sin transportpolitikk er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer samfunnet sine behov for transport og fremmar regional utvikling. Regjeringa har lagt vekt på å balansere dei fire hovudinnsatsområda; framkomst og regional utvikling, transporttryggleik, miljø og universell utforming på ein god måte.
Forbetring av transportinfrastrukturen er eit sentralt verkemiddel i regjeringa sitt arbeid for å ta heile landet i bruk og styrkje den langsiktige verdiskapinga. Transport er både ein innsatsfaktor for næringslivet og eit velferdsgode for befolkninga. Samstundes vil regjeringa auke trafikktryggleiken, avgrense miljøskadane som følgjer av transport og gjere transportsystemet meir tilgjengeleg.
Utfordringane for den vidare utviklinga av transportsystemet er m.a. knytt til:
Over tid har vi fått eit auka gap mellom transportbehov og standarden på infrastrukturen.
Det er framleis altfor mange drepne og hardt skadde i vegtrafikken.
Det krev store ressursar å få eit fullt ut universelt utforma kollektivsystem.
Geografien i Noreg og lokaliseringa av næringslivet gjer næringslivet svært transportintensivt. Regional utvikling og eit konkurransedyktig næringsliv krev ei målretta satsing på tiltak som gir betre framkome og meir pålitelegheit i transportsystemet.
Det er store klima- og miljøutfordringar i transportsektoren. Det krevst kraftfull og breitt samansett verkemiddelbruk for å redusere desse negative verknadene.
Rassikring er ei stor utfordring på delar av veg- og jernbanenettet.
Betre tryggleik og framkome for skipstrafikken i norske farvatn og utvikling av effektive hamner.
Denne situasjonen er dels eit resultat av forsømt innsats over mange år under skiftande regjeringar. Denne regjeringa starta snuoperasjonen etter valet i 2005, og har for perioden 2006-2009 meir enn oppfylt planramma i førre Nasjonal transportplan. Sjølv med dette taktskiftet i transportpolitikken, der det er tilført auka midlar til drift, vedlikehald og utbygging av infrastruktur, står framleis mykje ugjort. Regjeringa vil difor intensivere arbeidet med å utvikle eit effektivt transportsystem, der infrastrukturen er tilpassa stadig aukande utfordringar og behov.
Regjeringa har lagt til grunn ei planramme i NTP 2010-2019 som ligg 100 mrd. kr høgare enn den vedtekne planramma for NTP 2006-2015. Dette er ei auke på 45 pst. Samanlikna med ei framskriving av saldert budsjett for 2009 er auka på 76 mrd. kr. Denne satsinga speglar regjeringa si vilje til å utvikle framtidsretta infrastruktur.
Samla gir dette ei planramme på 321,9 mrd. kr i planperioden. Dette inkluderer midlane som vil inngå i rammetilskotet og rentekompensasjonsordninga til fylkeskommunane. Denne ordninga vil ha ei årleg ramme på 2 mrd. kr, som gir grunnlag for tilsvarande aktivitetsnivå. Fordeling av ramma er vist i tabell 1.1 under. Økonomiske rammer for fylkesvegnettet i NTP er planrammer slik de ville vere utan forvaltningsreforma. Endelig ramme, fordeling mellom stat og fylke og fordeling mellom fylka blir avklart i kommuneproposisjonen for 2010.
Tabell 1.1 Rammefordeling statlege midlar. Årleg gjennomsnitt. Mill. 2009-kr
NTP 2006-2015 | Saldertbudsjett 2009 | NTP 2010-2013 | NTP 2014-2019 | NTP 2010-2019 | |
---|---|---|---|---|---|
Jernbaneverket | 5 824 | 7 000 | 8 783 | 9 501 | 9 214 |
Vegføremål1 | 15 749 | 16 865 | 20 583 | 22 757 | 21 888 |
Kystverket | 614 | 703 | 1 010 | 1 136 | 1 085 |
Sum | 22 187 | 24 568 | 30 376 | 33 394 | 32 187 |
1 Inklusiv midlar som vil inngå i rammetilskotet til fylkeskommunane og rentekompensasjonsordninga til fylkeskommunane.
Samanlikna med NTP 2006 – 2015 gir dette ei gjennomsnittleg årleg auke i planperioden 2010-2019 for:
Vegformål med 6 139 mill. kr (eller 39 pst).
Jernbaneverket med 3 390 mill. kr (eller 58 pst).
Kystverket med 471 mill. kr (eller 77 pst).
Regjeringa vil fase satsinga så raskt som mogleg inn i økonomien, men innanfor dei avgrensingane eit forsvarleg økonomisk opplegg set. Avhengig av dei økonomiske konjunkturane blir det difor lagt opp til ei gradvis opptrapping i første del av planperioden.
Regjeringa vil i tillegg imøtekome lokal vilje til å forsere utbygging av vegnett, kollektiv infrastruktur og drift gjennom bompengar. Det vil bli lagt opp til å ta i bruk bompenger der det er lokal politisk vilje til dette. Ein reknar med at om lag 60 mrd. kr i bompengar vil kome i tillegg til dei statlege økonomiske rammene i perioden.
Viktige prioriteringar er:
Ei betydeleg auke av vedlikehaldet – for betre å ta vare på eksisterande infrastruktur.
Eit løft i satsinga på store riksvegsinvesteringar, med ei gjennomsnittleg årleg auke på 80 pst (eller om lag 2,2 mrd. kr årleg) i perioden 2010-2019 samanlikna med NTP 2006–2015. Riksvegane bind saman landsdelar og regionar og knyt Noreg til utlandet, samstundes som dei har viktige regionale og lokale funksjonar. Regjeringa legg vekt på god regional fordeling av midlane for å utvikle levedyktige lokalsamfunn og stimulere til næringsutvikling i alle deler av landet.
Ei ny rentestønadsordning med ei ramme på 2 mrd. kr årleg til transporttiltak i fylka. Dette gir fylka moglegheit til å auke satsinga på transportinfrastrukturen.
Betydeleg satsing på store jernbaneinvesteringar, med ei gjennomsnittleg årleg auke på om lag 2 mrd. kr i perioden 2010-2019 samanlikna med NTP 2006-2015. Regjeringa legg opp til ei konsentrert satsing på Vestfold-, Østfold- og Dovrebana. På Østfoldbana vert m.a. nytt dobbeltspor på strekninga Oslo-Ski prioritert.
Satsinga på fleire kryssingsspor og auka terminalkapasitet vil gi ei tilnærma dobling av godskapasiteten på jernbana. Vidare blir vegtilknyting til viktige stamnetthamner og andre knutepunkt prioritert. Dette vil bidra til å redusere veksten i godstransport på veg.
Auke satsinga til rassikringstiltak på veg til 1 mrd. kr årleg. Dette er viktig for å sikre næringsliv og folk flest trygge og føreseielege transportar i heile landet.
Betre tilbod i ferjedrifta gir betre kapasitet og frekvens og medverkar til utvikling av vekstkraftige regionar.
Ei betydeleg auke i programområda for veg. Innsatsen er m.a. knytt til bygging av midtrekkverk, gang- og sykkelvegar og tiltak for universell utforming. Satsing på trafikktryggleikstiltak har god effekt for å redusere talet på drepne eller hardt skadde i vegtrafikken.
Maritime trafikksentralar blir fornya for å sikre at sjøtryggleiken framleis skal halde eit høgt nivå. Vidare vil Kystverket sine fartøy bli skifta ut, noko som vil bidra til meir effektiv drift.
Samanlikna med NTP 2006-2015 blir det ei sterk satsing på tiltak i farleier og fiskerihamner som vil medverke til ein sikrare og meir konkurransedyktig sjøtransport og styrka næringsutvikling langs kysten.
Brukarfinansieringa av navigasjonsinstallasjonar (kystgebyret) og årsavgift for hamnetryggleik blir fjerna. Dette utgjer ei avgiftslette på om lag 115 mill. kr årleg for sjøtransporten.
Den kraftige satsinga regjeringa vil gjennomføre for å forbetre infrastrukturen gir god måloppnåing. Regjeringa sine prioriteringar vil m.a.:
Gi betydeleg reduksjon av reisetidene på riksvegnettet. Vinsten blir størst på strekningane E6/E136 Oslo-Ålesund, E39 Bergen-Ålesund, rv 80/E6/E8 Bodø-Tromsø og E6 Oslo-Trondheim. Reisetidene vil her bli redusert med rundt 30-35 minutt. Den samla reisetida på kyststamvegen E39 Stavanger-Trondheim blir redusert med om lag 60 minutter. Framkomsten på E16 Oslo – Bergen vil bli betre ved at Filefjell blir utvikla til tilnærma vinteropen veg.
Auke punktlegheit og regularitet for gods- og persontog. Punktlegheita for tog vil auke frå 87 til 90 pst og forseinkingstida vil bli om lag halvert frå dagens nivå på 10 600 timar.
Betre trafikktryggleiken på veg. Regjeringa vil styre mot eit mål om at talet på drepne eller hardt skadde i trafikken skal reduserast med minst ein tredel innan 2020. Tryggleiken for dei andre transportformene skal oppretthaldast.
Betre tryggleiken til sjøs og legge til rette for at hamnene kan utvikle seg til intermodale knutepunkt.
Betre tilhøve for gåande og syklande ved at det blir bygd om lag 500 km nye gang- og sykkelanlegg, inkl. anlegg som blir finansiert med bompengar. I tillegg vil fleire gåande og syklande gje miljøvinstar.
Bidra til at klimamålet for transportsektoren blir nådd i løpet av planperioden. Gjennom transportpolitikken blir det gjort viktige grep for å få ned utsleppa, m.a. gjennom godsstrategien for jernbane, tiltak for å styrke sjøtransporten samt tiltak for gåande og syklande og kollektivtransport.
Gi eit meir universelt utforma og tilgjengeleg transportsystem. På stamvegnettet vil nærare 100 knutepunkt og 1 500–2 000 av totalt 6 500 haldeplassar bli oppgradert til ønska standard. For jernbanen vil det bli prioritert å oppnå tilgjenge til dei fleste stasjonane og universell utforming av dei mest trafikktunge knutepunkta.
Luftfarten sin infrastruktur er sjølvfinansierande og ligg ikkje inne i dei økonomiske rammene for NTP. Regjeringa vil understreke at staten framleis skal ha eit overordna ansvar for å tilby ein landsomfattande infrastruktur gjennom eigarskapen i Avinor AS. Avinor skal i størst mogleg grad framleis byggje på sjølvfinansiering og samfinansiering. Dagens lufthavnstruktur skal oppretthaldast, med mindre det er lokale ynskje om å leggje ned ei lufthamn. Regjeringa vil sikre at Avinor får rammevilkår som gjer selskapet i stand til å løyse oppgåvene det er sett til å vareta. Det skal bandleggast areal til ei eventuell tredje rullebane ved Oslo lufthamn, Gardermoen, utan at dette er noko vedtak om å byggje ei tredje rullebane.
1.2.2 Eit sikkert transportsystem
Regjeringa vil føre vidare nullvisjonen for transporttryggleiken. Dette inneber ein visjon om at det ikkje skal vere ulukker med drepne eller hardt skadde i trafikken. Det høge tryggleiksnivået innan luftfart, jernbane og sjøtransport skal oppretthaldast. Som eit skritt i retning nullvisjonen har regjeringa sett som mål at talet på drepne eller hardt skadde i vegtrafikken i 2020 skal vere redusert med minst ein tredel i forhold til gjennomsnittleg tal på drepne eller hardt skadde i åra 2005-2008. Dette er om lag same reduksjon dei neste ti åra som i dei føregåande tjue.
Trafikktryggleiksinnsatsen må trappast opp hjå ei rekkje aktørar. Det vil vere avgjerande at måla blir oppfatta forpliktande for alle sentrale aktørar i trafikktryggleiksarbeidet. Dette omfattar Statens vegvesen, politiet, skuleverket, helsestyresmaktene, lokale og regionale styresmakter, Trygg Trafikk og andre frivillige aktørar.
Trafikktryggleiksmålet blir reflektert i ei offensiv satsing på målretta trafikktryggleikstiltak over heile landet og nær 50 pst auke i lengda på firefelts veg i område med høg trafikk. I tillegg vil innsatsen til trafikant- og køyretyretta tiltak og drift og vedlikehald bli auka. Tiltak retta mot møteulukker, som midtrekkverk, breitt sperreområde eller midtmarkering, blir lagt størst vekt på i tillegg til siderekkverk og andre tiltak mot utforkøyringsulukker. Desse tiltaka er venta å gi eit betydeleg bidrag for å nå etappemålet om trafikktryggleik.
Innan drift og vedlikehald vil oppgåver som ivaretek trafikktryggleik bli prioritert. Strekningar med mange og alvorlege ulukker vil bli følgd særleg opp. Vinterdrifta som omfattar brøyting, salting og strøing er spesielt viktig for trafikktryggleiken.
Regjeringa vil vidare styrke trafikantretta tiltak overfor høgrisikogrupper og risikoåtferd, gjennom opplæring, informasjon og meir effektiviserte og målretta kontrollar.
Det ligg eit betydeleg trafikktryggleikspotensial i ny teknologi (ITS). Regjeringa vil leggje til rette for at dette potensialet kan utnyttast.
1.2.3 Regional utvikling og eit betre transporttilbod til folk og næringsliv i heile landet
Ein differensiert transportpolitikk
Transport er ein viktig føresetnad for busetnad, næringsutvikling og ressursutnytting. Regjeringa vil føre ein differensiert samferdselspolitikk der dei ulike delene av transportsektoren blir sett i samanheng, og der ein legg vekt på sterkare differensiering mellom by og land. I byane og pendlingsomlandet rundt skal det satsast sterkare på gode kollektivløysingar og jernbane, medan vegtransport er det viktigaste alternativet i distrikta. Som følge av spreidd busetnad og vanskeleg topografi er Noreg òg særs avhengig av innenlands luftfart.
Regjeringa legg fram ein offensiv og breitt samansett strategi for å styrkje framkomsten for næringsliv og samfunn. Dette omfattar dels tiltak for betre utnytting av det noverande transportsystemet, og dels tiltak for auka kapasitet i lys av venta vekst i transportbehovet.
Det er over lang tid brukt for lite midlar både til investeringar, drift og vedlikehald. Den sterke satsinga både på drift og vedlikehald og på nye utbyggingsprosjekt i denne meldinga gir auka pålitelegheit i transportsystemet, redusert reisetid på viktige riksvegruter og jernbanestrekningar, og reduserte avstandskostnader. Vidare vil framkomst for gåande og syklande gjennom ei sterk satsing på gang- og sykkelvegar bli betre.
Statens vegvesen har berekna at dei føreslåtte investeringstiltaka i riksvegnettet vil redusere reisetidene mellom regionane med om lag 10-35 minutt. Ved sida av dette vil tiltak som auka driftsstandard for å betre framkomsten vinterstid, raskare ferjer og meir frekvent ferjetilbod, samt tiltak for auka framkomst for ekspressbussar redusere reisetida. Berekningar frå Jernbaneverket viser at dei føreslåtte prosjekta for å utvikle infrastrukturen på jernbanen gir ei samla innsparing på om lag 3,5 mill. reisetidstimar og 450 000 timar i spart ventetid.
Reduserte avstandskostnader mellom regionar er viktig for konkurransekrafta i næringslivet og for å utvikle robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar. Tiltaka som regjeringa vil gjennomføre i planperioden vil gjere at avstandskostnadane blir redusert.
Regjeringa vil leggje betre til rette for at avviklinga av daglege arbeidsreiser skal skje på ein enkel, effektiv og miljømessig forsvarleg måte både for den enkelte og for samfunnet. Regjeringa vil satse meir på å byggje ut kollektivtrafikktilbodet og leggje betre til rette for gang- og sykkeltrafikk, men legg òg til grunn at i store deler av landet vil personbilen framleis spele ei hovudrolle i avviklinga av dei daglege arbeidsreisene. I dei store byområda er regjeringa sin klare ambisjon å få fleire til å reise kollektivt gjennom ein kombinasjon av betre kollektivtilbod og restriksjonar på personbilbruken.
Regjeringa vil innrette transportpolitikken slik at ein innan ei rimeleg dagleg reisetid har eit tilstrekkeleg stort tilbod av arbeidsplassar. Dette er viktig for å kunne oppretthalde busetnaden i mange lokalsamfunn. Regjeringa vil diforutvikle infrastrukturen slik at tettbygde strøk og distrikta rundt blir bundne saman til robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar.
Regjeringa vil leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og arbeide for å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Regjeringa legg opp til ei særleg satsing i distrikt med stor avstand til større marknader, nedgang i folketal eller omstruktureringar i nærings- og arbeidslivet. Samstundes skal aktuelle distrikts- og regionalpolitiske tiltak medverke til ei balansert utvikling mellom by og land.
Utbygging og vedlikehald av infrastruktur er det viktigaste statlege transportpolitiske grepet i regionalpolitikken. Regjeringa vil prioritere utbyggings- og vedlikehaldstiltak på veg, bane, i luftfarten, i farleier og fiskerihamnene på ein slik måte at distrikts- og regionalpolitiske omsyn blir ivaretekne. Andre transportpolitiske tiltak, særleg knytt til å leggje til rette for kollektive transportar, vil supplere desse tiltaka.
Regjeringa vil legge til rette for ein sikker, miljøvennleg og effektiv luftfart. Dei regionale lufthamnene og det regionale flytilbodet speler ei viktig rolle i å halde oppe sysselsetting og busetnad i alle deler av landet. I deler av Noreg er det regionale flytilbodet òg naudsynt for at folk skal kunne nytte servicetilbod som ikkje finst i nærleiken.
Regjeringa har i inneverande planperiode gjennomført eit omfattande utgreiingsarbeid for å belyse potensialet for å byggje og drive eit høgfarts jernbanenett i Noreg. Etter ei samla vurdering blir det ikkje lagt opp til bygging av separate høgfarts jernbanar no. Regjeringa meiner at dei neste ti åra må brukast til å byggje eit kapasitetssterkt jernbanenett i InterCity-området. Høgfartsbanar vil vere avhengig av lange dobbeltsporstrekningar ut av byane/endepunktsstasjonane. Regjeringa meiner at ein uansett må prioritere å byggje ut desse strekningane først.
Regjeringa vil betre framkomst og pålitelegheit i vegsystemet i planperioden. Det føreset meir målretta innsats, mellomt anna for å redusere tida på dei viktigaste strekningane for næringstransportane. Forseinkingar som følgje av kolonnekøyring eller vinterstengde vegar kan få vesentlege konsekvensar for næringslivet. Vinterdrifta av vegane skal vere eit satsingsområde for Statens vegvesen i planperioden.
Regjeringa legg opp til svært sterk satsing på rassikringstiltak i planperioden. Auka rassikring er eit viktig tiltak for å betre pålitelegheita i transporten særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg.
Regionreforma vil bidra til å samle fleire av verkemidla på same forvaltingsnivå. På transportområdet gir særleg overføringa av eigarskapen for det vesentlege av dagens øvrige riksvegnett og øvrige riksvegferjer til fylkeskommunane eit godt utgangspunkt. Fylkeskommunane vil gjennom reforma få moglegheit til å samordne og gjere heilskaplege prioriteringar mellom vegsektoren og andre sektorar og oppgåver. Dette kan gi positive effektar for regional utvikling, og gir fylkeskommunen større påverknad i høve utviklinga i sitt geografiske område. Særleg viktig vil det vere å sjå langsiktig areal- og transportplanlegging i samanheng.
Areal- og transportpolitikken i byane må innrettast slik at transportbehovet blir redusert og at transporten kan overførast til mindre klima- og miljøbelastande alternativ. Ei slik prioritering av klima- og miljøomsyn vil i dei fleste tilfelle òg falle godt saman med regjeringa sitt arbeid for å redusere rushtidsforseinkingane for næringslivet og for å fremje meir påliteleg kollektivtransport.
Med unntak av Oslo er kollektivdelen låg på arbeidsreiser i dei største byane. I kommunane rundt dei store byane er bildelen høg og har stige dei seinare åra. I alle byområda er transportomfanget høgt, og stigande. Regjeringa vil medverke til å snu denne trenden, og vil leggje til rette for ei langsiktig strukturell endring av transportsystema i byområda. Dette er heilt naudsynt for å nå måla om auka framkomst og betre miljø i byområda, og for å redusere klimagassutsleppa frå sektoren. Ein kollektivtransportstrategi og ein strategi for fleire syklande og gåande skal medverke til at ein når desse måla. Restriktive tiltak retta mot privatbilismen og meir transporteffektiv arealpolitikk er òg naudsynt for å få til omlegging av transportsystema i meir klima- og miljøvenleg retning.
Kollektivstrategi
Hovudelementa i regjeringa sin kollektivstrategi er:
Sterkare fokus på arealplanlegging som reduserer behovet for bruk av personbil i og rundt byane og for kollektivtransport, syklistar og gåande.
Ei storstilt utbygging av infrastrukturen på jernbane rundt Oslo og ved Stavanger, Bergen og Trondheim.
Auka satsing på fornying og vedlikehald av infrastrukturen på jernbanen, som vil redusere forseinkingane kraftig.
Auka setekapasitet og betre tilbod i lokaltogtrafikken.
Betre reisegarantiar.
Støtte opp under lokale initiativ for køprising og parkeringsrestriksjonar.
Trappe opp løyvinga til belønningsordninga til det doble samanlikna med 2009 i første del av planperioden. Innsatsen til Framtidens byer skal aukast.
I samråd med lokale styresmakter leggje til rette for og prioritere kollektivtrafikk på veg ved å satse meir på knutepunkt, kollektivfelt, signalprioritering, teknologi for sanntids-/styringssystem langs vegkant, trafikkregulering, haldeplasstiltak og auka kollektivtrafikktilbod.
I samarbeid med lokale styresmakter fastsetje mål for framkomst for kollektivtransport i dei 13 byområda som samarbeider i Framtidens byer.
Samferdselsdepartementet vil arbeide for å etablere felles satsingsprogram mellom staten og lokale styresmakter for signalprioritering.
Satsing på informasjonsteknologi for å styre trafikken betre og for å informere trafikantane om gjeldande trafikksituasjon.
Auka satsing på trafikkleiingssentralar og samarbeid med politiet og lokale styresmakter for å overvake og styre trafikken.
Auke kollektivdelen på tilbringartenesta til lufthamnene i dei store byområda.
Prøveprosjektet Kollektivtransport i distrikts-Noreg skal vidareførast.
Oppfordre til og leggje til rette for samordning av offentlege kjøp av kollektivtransport i regionane.
Vidareføre arbeidet med ein nasjonal reiseplanleggar og felles administrasjon av elektronisk billettering.
Sykkelstrategi
Regjeringa har som mål at sykkeldelen skal aukast frå dagens 4-5 pst til 8 pst i planperioden. Det er vidare eit mål at byar og tettstader etablerer samanhengande hovudnett for sykkeltrafikken. Statens vegvesen skal arbeide for at 50 pst av alle byar og tettstader med over 5 000 innbyggjarar skal ha vedteke ein plan for eit samanhengande hovudsykkelvegnett innan 2010. Det er ca. 100 slike byar og tettstader i Noreg i dag. Dersom dette målet blir nådd, vil det gi eit godt plangrunnlag for å følgje opp innsatsen i planperioden.
Regjeringa prioriterer bygging av gang- og sykkelanlegg høgt i planperioden. Det er lagt til grunn at det skal byggast 500 km nye gang- og sykkelanlegg i tiårsperioden, av desse vel halvparten i byar og tettstader.
Godstransportstrategi
I lys av eit aukande transportbehov i åra framover har regjeringa i NTP ein godstransportstrategi med følgjande hovudelement:
Sektoreffektivisering og betre utnytting av fortrinna til dei ulike transportmidla.
Tiltak for overføring av transport frå veg til bane og sjø og tilrettelegging for intermodale/kombinerte transportar.
Den kraftige auka av midlar til utbygging, drift og vedlikehald av vegar, jernbane, farleier og annan infrastruktur, er det viktigaste verkemidlet i regjeringa sin godstransportstrategi. For å få maksimal måloppnåing blir infrastruktursatsinga kombinert med bruk av avgifter og andre økonomiske verkemiddel, modernisering av regelverk, nye samarbeidsformer og organisering, samt utvikling og bruk av ITS og ny transportteknologi. Ei systematisk vidare utvikling av kunnskapsgrunnlaget gjennom FoU-program og prosjekt er òg ein del av godstransportstrategien.
Dei strategiske hovudgrepa for godstransport på jernbane er å vidareutvikle dei «tunge» banestrekningane, med særleg vekt på bygging av fleire kryssingsspor og å utvide kapasiteten og effektivisere verksemda i knutepunktterminalane. Regjeringa legg vidare opp til betring av tilgang til dei store godsterminalane.
Regjeringa vil bidra til at sjøtransport kan ta auka deler av godstransporten. For å realisere målet om meir transport på sjø må hamner, rederi og andre aktørar i transportmarknaden samarbeide nært med vareeigarane for å utvikle gode sjøtransporttilbod. Dette må koordinerast godt med offentleg tilrettelegging for sjøtransporten. Den nye lova om hamner og farvatn vil vere eit juridisk rammeverk som legg til rette for at hamnene kan utvikle seg til logistikknutepunkt.
Regjeringa vil fjerne kystgebyret og årsavgifta for hamnetryggleik. Dette vil stimulere til meir sjøtransport. I eit meir langsiktig perspektiv vil regjeringa vurdere om det er hensiktsmessig å redusere også andre gebyr- og avgiftselement. Fiskeri- og kystdepartementet arbeider med en gjennomgang av lostenesta. Det blir mellom anna lagt opp til at det skal bli enklare å få farleibevis slik at fleire skipsførarar kan segle utan los. Dette vil innebere reduserte kostnader for sjøtransporten. Vidare vil stamnetthamnene knyttast til riksvegnettet og stamnettet til sjøs.
Sjølv om det er eit mål at jernbane og sjø skal ta større deler av veksten i godstransportmarknaden, er det regjeringa si vurdering at vegtransport framleis vil vere hovudtransportforma i innanlands godstransport og distribusjon; i store og små lokalsamfunn, i regional transport og i hovudårene der det ikkje ligg føre alternativ. Regjeringa vil difor styrke kapasiteten, effektiviteten, framkomsten og pålitelegheita i vegtransportsektoren. Det vil m.a. bli lagt stor vekt på å sikre E16 som vintersikker veg mellom Vest- og Austlandet.
1.2.4 Eit berekraftig transportsystem
Regjeringa legg stor vekt på å avgrense dei negative verknadane transport har på miljøet. Trafikkvekst og bygging av naudsynte nye infrastrukturprosjekt gjer likevel at det er krevjande å kome så langt som ønska på alle miljøområde.
Transportpolitikken skal bidra til å redusere miljøskadelege verknader av transport, samt bidra til å oppfylle nasjonale mål og Noreg sine internasjonale forpliktingar på miljøområdet.
Regjeringa vil oppnå dette gjennom å;
sikre at CO2 -avgifta på drivstoff minst svarer til prisen på internasjonale utsleppskvotar,
stimulere til auka sjøtransport når denne er eit klimavenleg alternativ,
satse betydeleg på jernbanen, noko som vil leggje til rette for å redusere personbilbruk og føre meir gods over på bane,
doble midlane til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i løpet av første fireårsperiode. Midlane er reservert byområde som inngår avtalar med staten om bruk av verkemiddel som gir redusert biltrafikk,
bidra til meir miljøvennleg byutvikling ved å auke fokuset på arealplanlegging i samband med belønningsordninga og bypakkeprosessane,
auke forskingsinnsatsen,
stimulere til raskare innfasing av køyrety med låge eller ingen utslepp,
arbeide for effektiv internasjonal regulering av utslepp av drivhusgassar frå luftfart og skipsfart.
Transportsektoren var ansvarleg for 25 pst av klimagassutsleppa i Noreg i 2007. Dei siste tiåra har det vore kraftig vekst i klimagassutslepp frå sektoren. I etterkant av førre Nasjonal transportplan har både kunnskapen om klimaendringane, og erkjenninga av at endringane er menneskeskapt auka betydeleg. I St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk (Klimameldinga) sette regjeringa som mål at eksisterande og nye verkemiddel i transportsektoren skal utløyse ein reduksjon i klimagassutsleppa med mellom 2,5 og 4,0 mill. tonn CO2 -ekvivalentar i forhold til forventa utslepp i 2020.
For å få ein systematisk gjennomgang av klimatiltak i alle utslippssektorane, har regjeringa sett i gang prosjektet Klimakur 2020 under leiing av Statens forureiningstilsyn. På transportområdet deltek Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet og Avinor. Dei skal utarbeide ei oppdatert tiltaksanalyse innan 1. november 2009. Regjeringa vil komme attende til spørsmålet om revisjon av klimamåla i samband med vurderinga av klimapolitikken som blir lagt fram for Stortinget i 2010. Regjeringa legg opp til at klimamålet for transportsektoren vil bli behalde eller skjerpa.
I denne meldinga tek regjeringa viktige grep for å få ned utsleppa. Jernbanesatsinga, satsing på sjøtransport og tiltak for gåande, syklande og kollektivtrafikk er sentrale element. Tiltaka vil ha særleg stor effekt dersom regionale og lokale styresmakter følgjer opp med meir effektiv arealplanlegging og restriksjonar ovanfor biltrafikken. Tekniske forbetringer i bil- og flyparken samt økonomiske verkemiddel som medverker til tidligare introduksjon av meir miljøvennlege bilar og endra forbrukaråtferd, vil vere viktig for å redusere klimagassutsleppa i transportsektoren.
Dersom effektive tiltak også blir gjennomført av regionane og lokale styresmakter kan dei tiltaka som regjeringa presenterer i NTP og i andre samanhengar vere tilstrekkelege til å nå klimamåla for sektoren. Regjeringa vil presisere at det er stor usikkerheit knytta til dette. Det største usikkerheitsmomentet er kor raskt innfasinga av ny teknologi vil skje.
Sjølv om klimagassutsleppa gir same skade uavhengig av kvar dei finn stad, er dei øvrige miljøproblema frå transport langt større i byane enn i meir grisgrendte område. Samstundes er køar og knappleik på areal eit særleg byfenomen. Reisetidsmålingar rundt dei fire største byane viser at rushtidsforseinkingane aukar og at rushtidsperioden blir stadig lengre. Dårleg framkomst er kostbart både for næringsliv, bilistar og kollektivtrafikantar. I byane vil mindre bilbruk og ei meir miljøvenleg transportmiddelfordeling gi vinstar langt ut over det ein oppnår av klimagassreduksjonar. Samstundes er potensialet for eit velfungerande kollektivtilbod og god tilrettelegging for sykkel og gange betydeleg. Alle desse tilhøva tilseier ein annan og kraftigare verkemiddelbruk på desse områda i byane enn i landet for øvrig.
Regjeringa vil føre ein transportpolitikk som stimulerer kommunar og fylkeskommunar til å ta i bruk verkemiddel som avgrensar personbiltrafikken og oppmuntrar til bruk av meir miljøvenlege transportformer. Før restriktive verkemiddel kan takast i bruk må det etablerast eit godt kollektivtilbod.
Prosjektet Framtidens byer skal danne grunnlaget for eit forpliktande samarbeid mellom staten og eit utval kommunar. Prosjektet vert leia av Miljøverndepartementet og har som hovudmål å redusere klimagassutsleppa i byane, m.a. frå transport. Alle byområda som kan søkje om midlar frå belønningsordninga deltek i Framtidens byer, og det skal vere ein samanheng mellom denne deltakinga, utforming av bypakkar og fordeling av midlar frå belønningsordninga.
Auka trafikk, høgare fart og utbygging av ny infrastruktur fører òg til tap av matjord og forringing av leveområde for plantar og dyr. Vår handtering av desse utfordringane betyr mykje òg for komande generasjonar. Regjeringa prioriterer difor særleg sterk innsats på desse områda.
Det er ikkje mogleg å gjennomføre det omfattande investeringsprogrammet med betydelege vinstar for tryggleik og framkome heilt utan inngrep i viktige naturområde og tap av dyrka jord. Det vil bli gjort mest mogleg for å avgrense og kompensere for inngrepa i kvart enkelt prosjekt.
NOx -utslepp frå innanriks sjøfart har auka sidan 1990 på grunn av auka aktivitet i petroleumssektoren, medan utsleppa frå vegtrafikk som følgje av strengare avgasskrav er kraftig redusert. Reduksjonen har vore 24 pst frå 1990 til 2006. Det er forventa at NOx -utsleppa vil bli ytterlegare redusert i planperioden, mellom anna som følgje av NOx -avgifta som blei innført i 2007 og avtalen med næringslivet om NOx -reduksjonar frå 2008.
Vegtrafikken er den viktigaste årsaka til høge konsentrasjonar av lokal luftforureining. I tillegg bidreg skip til betydelege utslepp i fleire hamner. Luftkvaliteten er dei siste åra betra, og nasjonale mål for lokal luftkvalitet vil truleg bli nådd i perioden.
Det nasjonale støymålet er ikkje fordelt på sektor eller transportmiddel. Vegtrafikken bidreg til 78 pst av den rekna støyplaga (utandørs støy), og luft og jernbane med 4 pst kvar. Held trafikkveksten og vegtrafikken sitt store bidrag til støyproblemet fram, vert støymåla krevjande å nå. Målet vil truleg bli nådd for innandørs støy, men for å nå det nasjonale støymålet fullt ut må det utviklast nye og fleire verkemiddel.
1.2.5 Transport for alle
Regjeringa vil leggje til rette for at transportsystemet så langt som mogleg skal kunne brukast av alle, utan behov for tilpassing eller spesiell tilrettelegging. Eit universelt utforma transportsystem vil eit stykke på veg kunne avhjelpe behovet for individuell tilrettelegging eller særløysingar, og samstundes betre tilgangen til viktige fellesskapsarenaer. Universell utforming er difor viktig for å oppnå likeverd og deltaking i samfunnet, uavhengig av funksjonsevne.
All ny infrastruktur skal utformast etter prinsippet om universell utforming. Det er i tillegg eit omfattande behov for oppgradering av haldeplassar og knutepunkt.
Regjeringa vil gi arbeidet for eit meir universelt utforma kollektivtransportsystem høg prioritet. Universell utforming er ein integrert del av alle planar for oppgradering og bygging av infrastruktur som blir planlagt og bygd i Statens vegvesen, Avinor og Jernbaneverket sin regi. Dei store ressursane som er naudsynt for å få eit fullt ut universelt utforma kollektivsystem gjer at utviklinga vil måtte skje gradvis.
Om lag 1 500–2 000 av totalt 6 500 haldeplassar på riksvegnettet vil bli oppgradert til ønska standard. Dei passasjertunge haldeplassane blir oppgradert først. Regjeringa tek sikte på at tilskotsordninga for meir tilgjengeleg kollektivtransport i kommunesektoren («BRA-midlane«) blir vidareført.
Regjeringa si prioritering av programområdet Stasjonar og knutepunkt vil medverke til å sikre tilgjenge for alle på svært mange stasjonar samt universell utforming av dei mest trafikktunge knutepunktstasjonane. Tiltak knytt til informasjonssystema vil dels skje i samanheng med den fysiske opprustinga av enkeltstasjonar.
I luftfarten er tilgjenge god, men det er framleis utfordringar på fleire lufthamner knytt til dei ulike elementa i reisekjeda frå ein kjem til lufthamna til plassering om bord i flyet. Avinor vil arbeide med å forbetre lufthamnene ytterlegare.
Ferjesambanda blir trafikkert av ferjer som har stor variasjon med omsyn til tilgjenge. Kravet om tilgjenge vil bli innført fortløpande etter kvart som dei enkelte sambanda blir lyst ut på anbod.
1.2.6 Nærare om investeringsprogrammet
Investeringsprogrammet i Nasjonal transportplan 2010-2019 er det største løftet for utbygging av transportinfrastruktur i moderne tid. Den samla økonomiske ramma til statlege investeringar i riksvegar, jernbane og farleier for planperioden 2010-2019 er på ca. 127 mrd. kr. Vidare er det rekna med ytterlegare om lag 60 mrd. kr i bompengar i planperioden.
I tillegg til store investeringsprosjekt (jf. tabell 1.2 ) legg regjeringa til grunn:
Sterk auke av midlane til rassikring på riks- og fylkesvegnettet til 1 mrd. kr per år.
Sterk satsing på målretta investeringtiltak (programområde) i vegnettet, særleg for å styrke trafikktryggleiken i transportkorridorane, universell utforming av knutepunkt og haldeplassar, samt utbygging av gang- og sykkelvegar.
Auka midlar til bygging av kryssingsspor og andre kapasitetsaukande tiltak for å legge til rette for ytterlegare overføring av godstransport frå veg til bane.
Sterk auke av investeringane i farleiene for å sikre trygg og effektiv seilas, styrke næringsutviklinga langs kysten, og bidra til auka sjøtransport.
Regjeringa sine prioriteringar inneber auka ressursbruk i alle korridorane for å styrke kommunikasjonane mellom regionar, landsdelar og sambanda til/frå utlandet. Regjeringa har lagt vekt på god fordeling av midlane mellom korridorane for å stimulere til næringsutvikling og utvikling av felles bustads- og arbeidsmarknadsregionar over heile landet.
For å sikre meir berekraftig transportutvikling og meir likearta transportstandard i alle deler av landet blir det lagt opp til ei differensiert satsing. Den kraftige veksten i jernbaneinvesteringane vil særleg bli brukt rundt dei største byane og i InterCity-området på Austlandet der persontrafikken med jernbane har sitt største marknadsgrunnlag og konkurransefortrinn i forhold til personbil og buss. Dette vil bidra til å dempe veksten i vegtrafikken i dei mest tettfolka områda.
På vegsida vil regjeringa auke den statlege innsatsen sterkast i distrikta. Dette vil skje dels i form av omfattande satsing på store investeringsprosjekt, omfattande rassikringsinnsats, samt mindre, målretta investeringstiltak. Det skal framleis investerast betydeleg i hovudrutene til og frå det sentrale Austlandsområdet.
For å styrkje samspelet mellom trafikkslaga med sikte på overføring av transport frå veg til sjø eller bane der det er grunnlag for det, vil regjeringa bruke store ressursar m.a. til terminalutvidingar, kryssingsspor, tiltak i farleier og i innsegling til enkelte stamnetthamner, samt betre riksvegtilknytingar til slike hamner og jernbaneterminalar. Døme på slike tiltak er utvidinga av Alnabruterminalen med ny vegtilknyting (E6), og ny vegtilknyting til Sydhamna i Oslo (E18).
Innsatsen i vegsektoren vil m.a. føre til;
at 350 km riksveg blir rusta opp slik at den får «gul midtstripe».
230 km riksveg byggast ut til fire felts veg.
80 km riksveg blir sikra mot ras.
om lag 500 km nye gang- og sykkelvegar.
750 km riksveg blir utbetra med midtrekkverk og andre mindre trafikktryggleiksutbetringar.
1 500–2 000 av totalt 6 500 busshaldeplassar på riksvegnettet blir oppgradert til ønska standard for universell utforming.
80 km nye kollektivfelt på riksvegnettet.
at nær halvparten av reisetidsvinstane i Statens vegvesen si stamnettutgreiing, som har eit 30 års perspektiv, blir realiserte.
Innsatsen i banesektoren vil m.a. gi;
45 km nye kryssingsspor tilrettelagt spesielt for godstog.
144 km nye baner, av dette 116 km dobbeltspor.
Auke i oppetida frå 98,5 pst til 99,3 pst.
Betydelege reisetidsreduksjonar i InterCity-området.
Innsatsen i sjøtransporten vil gi;
styrka tryggleik og framkomst for sjøtransporten gjennom 42 farleiprosjekt,
styrka næringsaktivitet langs kysten gjennom utbetringar i 20 fiskerihamner.
Tabell 1.2 Samla investeringar i transportkorridorane Mill. 2009-kr
Korridor | Statlege midlar 2010-2013 | Statlege midlar 2010-2019 | Anna finansiering |
---|---|---|---|
1. Oslo – Svinesund/Kornsjø | |||
Riksveginvesteringar | 400 | 520 | 200 |
Jernbaneinvesteringar, inkl. kapasitetsaukande tiltak | 3 070 | 17 042 | |
Investeringar i farleier | 247 | 644 | |
Sum | 3 717 | 18 206 | 200 |
2. Oslo – Ørje/Magnor | |||
Riksveginvesteringar | 2 650 | 5 960 | 4 200 |
Jernbaneinvesteringar, inkl. kapasitetsaukande tiltak | 56 | 56 | |
Sum | 2 706 | 6 016 | 4 200 |
3. Oslo – Grenland – Kristiansand – Stavanger | |||
Riksveginvesteringar | 2 600 | 10 870 | 15 100 |
Jernbaneinvesteringar, inkl. kapasitetsaukande tiltak | 8 225 | 13 593 | |
Investeringar i farleier | 0 | 102 | |
Sum | 10 825 | 24 565 | 15 100 |
4. Stavanger – Bergen – Ålesund –Trondheim | |||
Riksveginvesteringar | 5 200 | 13 320 | 10 600 |
Investeringar i farleier | 543 | 1 053 | |
Sum | 5 743 | 14 373 | 10 600 |
5. Oslo – Bergen/Haugesund m/arm via Sogn til Florø | |||
Riksveginvesteringar | 3 710 | 11 680 | 5 800 |
Jernbaneinvesteringar, inkl. kapasitetsaukande tiltak | 980 | 3 181 | |
Sum | 4 690 | 14 861 | 5 800 |
6. Oslo -Trondheim m/armer til Ålesund, Kristiansund og Måløy | |||
Riksveginvesteringar | 7 150 | 17 530 | 19 500 |
Jernbaneinvesteringar, inkl. kapasitetsaukande tiltak | 3 194 | 8 646 | |
Sum | 10 344 | 26 176 | 19 500 |
7. Trondheim – Bodø m/armer til Sverige | |||
Riksveginvesteringar | 1 730 | 5 710 | 2 100 |
Jernbaneinvesteringar, inkl. kapasitetsaukande tiltak | 825 | 1 945 | |
Investeringar i farleier | 55 | 470 | |
Sum | 2 605 | 8 125 | 2 100 |
8. BodøNarvikTromsøKirkenes m/armer til Lofoten og mot Sverige, Finland og Russland | |||
Riksveginvesteringar | 2 730 | 9 330 | 2 500 |
Jernbaneinvesteringar, inkl. kapasitetsaukande tiltak | 60 | 160 | |
Investeringar i farleier | 250 | 591 | |
Sum | 3 040 | 10 081 | 2 500 |
Programområder jernbane | |||
Kapasitet / gods, ikkje korridorfordelt | 134 | 380 | |
Stasjoner og knutepunkt | 1 168 | 3 470 | |
Tryggleik | 696 | 1 850 | |
Sum | 1 998 | 5 700 | |
SUM | 45 673 | 128 103 | 60 000 |