1 Sluttkommuniké, Brussel 14. juni 2007
Møte i Nordatlantisk råd ved forsvarsministrane
1. Forsvarsministrane i Nordatlantisk råd var samla 14. og 15. juni 2007 for å drøfte operasjonar og oppdrag som NATO er engasjert i og forsvarspolitiske sider ved omdanningsprosessen og alliansepartnarskapane.
Operasjonar
2. Vi rosar alle mennene og kvinnene som deltek i NATO-leidde operasjonar, og uttrykkjer vår medkjensle med familiane og dei kjære til dei som har døydd eller er komne til skade i tenesta. Vi takkar partnarane våre og andre nasjonar utanfor NATO for den verdifulle medverknaden deira i allianseoperasjonane.
3. Slik stats- og regjeringssjefane våre stadfeste i Riga, har det å medverke til fred og stabilitet i Afghanistan førsteprioritet i NATO. Vi er framleis forplikta til å støtte etableringa av eit stabilt, demokratisk og framgangsrikt samfunn fritt for terrorisme, narkotika og frykt, som tek hand om eigen tryggleik og lever i fred med nabolanda. Vi ser positivt på at den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken (ISAF), som arbeider under FN-mandat og samordnar innsatsen sin med andre internasjonale aktørar, har lukkast i å støtte dei afghanske styresmaktene i arbeidet med å ta på seg ansvaret for tryggleik, stabilitet og gjenreising i heile Afghanistan. Dei siste tolv månadene har ISAF utvida operasjonane sine over heile Afghanistan. Bemanninga er auka frå 10 000 til 40 000, og talet på regionale gjenreisingslag (PRT) har gått opp frå 9 til 25 og kan bli ytterlegare auka. Vi stadfester den sterke solidariteten i den allierte innsatsen og forpliktar oss til å sikre at ISAF har nok styrkar og ressursar og er fleksibel nok til å sikre eit vellukka oppdrag også heretter. Vi erkjenner at effektivt, moderne og førebyggjande informasjonsarbeid – kopla med betre samordning og informasjonsflyt mellom den afghanske regjeringa, ISAF og NATO-hovudkvarteret – er nødvendig for å kommunisere tydeleg og effektivt kva vi har til mål og kva vi har utretta.
4. For å lukkast på lang sikt i Afghanistan må dei nasjonale afghanske tryggingsstyrkane forsterkast og dyktiggjerast. Vi er bestemte på å gjere ISAF vesentleg betre skikka til å rettleie og støtte den afghanske nasjonalhæren og setje dei nasjonale afghanske tryggingsstyrkane i stand til å ta leiinga i arbeidet med å sikre tryggleiken i heile landet. Vidare støtte frå oss til opplærings- og utrustingstiltak for den afghanske nasjonalhæren, mellom anna gjennom operative rettleiings- og kontaktgrupper, blir avgjerande for å nå desse måla. I samband med dette ser vi positivt på at allianseland har lova nye operative rettleiings- og kontaktgrupper, og oppmuntrar til ytterlegare bidrag i framtida. Vi ser òg positivt på framgangen i gjennomføringa av føresegnene i samarbeidsprogrammet mellom NATO og Afghanistan. Allianselanda yter stadig nasjonale bidrag til opplæring og utrusting av det nasjonale afghanske politiet. Per i dag er rundt 40 000 medlemmer av den afghanske nasjonalhæren og over 60 000 medlemmer av det afghanske nasjonale politiet opplærte, utrusta og sette i teneste. Vi gler oss over at EU har vedteke å sende ein politistyrke med utgangspunkt i den europeiske tryggings- og forsvarspolitikken (ESDP).
5. NATO og partnarar frå det internasjonale samfunnet samarbeider òg om å gjennomføre ei samla tilnærming i Afghanistan for å effektivisere den innsatsen vi driv i fellesskap med sikte på å skape ei gjensidig forsterkande kopling mellom tryggleik og utvikling. FN har fått eit vidare mandat i den siste tryggingsrådsresolusjonen, og vi støttar FN-operasjonen i Afghanistan, UNAMA, i arbeidet med å oppnå størst mogeleg gjennomslag og utvida nærvær i provinsane.
6. Vi gler oss over at det er oppnådd tettare samarbeid og samordning mellom NATO/ISAF, Afghanistan og Pakistan, mellom anna gjennom trepartskommisjonen med underliggjande organ; alt dette har vist seg verdifullt. Vi oppmuntrar Afghanistan og Pakistan til å samtale og samarbeide ytterlegare i spørsmål av felles interesse, og ser positivt på toppmøta i Washington og Ankara og på det ferske utspelet frå forsvarsministrane i G8 i denne samanhengen. Vi oppmodar dessutan alle andre naboland til Afghanistan til å støtte den afghanske regjeringa i arbeidet med å byggje eit stabilt og demokratisk land.
7. Vi oppmodar regjeringa i Afghanistan til å halde fram med å setje den nasjonale strategien for narkotikakontroll ut i livet over heile landet, med støtte frå alle internasjonale partnarar. I heile regionen, men særleg i det sørlege Afghanistan, er det nær samanheng mellom terrorisme, narkotikaindustri og organisert kriminalitet. NATO er forplikta, i nært samarbeid med verdssamfunnet og i samsvar med ISAF-mandatet, til framleis å spele si avtala rolle fullt ut for å støtte regjeringa i kampen mot narkotika ved å gjennomføre dei mottiltaka som er fastsette i operasjonsplanen.
8. Vi fordømmer sterkt den praksisen opprørarane driv når dei med overlegg set sivilbefolkninga i fare, og likeins den forakta for menneskeliv som sjølvmordsbombing og bruk av improviserte sprenglekamar viser. NATO er forplikta til å sikre at alle tiltak blir sette i verk for å hindre sivile tap.
9. Euroatlantisk integrasjon er nøkkelen til langsiktig stabilitet på Vest-Balkan. Varig fred og stabilitet i Kosovo og i regionen er no som før av avgjerande verdi for alliansen. NATO vil ikkje tolerere truslar av noko slag mot eit trygt og sikkert Kosovo og kjem til å reagere fort og resolutt på alle provokasjonar. Vi støttar framleis forslaget frå president Ahtisaari til ei samla løysing på statusspørsmålet i Kosovo. Vidare går vi inn for at tryggingsrådet i FN i god tid må vedta ein tilsvarande resolusjon som støttar føresegnene i forslaget og tek til orde for at det blir gjennomført heilt og fullt. Vi meiner at dette forslaget banar veg for varig økonomisk og politisk utvikling i Kosovo og for større stabilitet og tryggleik i heile regionen. KFOR vil halde fram med å medverke til trygge tilstandar i Kosovo. Vi ber alle aktørar om å opptre moderat og ansvarleg. Vi understrekar det ansvaret styresmaktene i Kosovo har for å gjennomføre standardar; som stats- og regjeringssjefane våre gav uttrykk for i Riga-erklæringa, gjeld dette særleg ansvaret for å sikre rettane til minoritetar og lokalsamfunn, å verne om historiske og religiøse stader og å kjempe mot kriminalitet og korrupsjon.
10. NATO vil førebu seg vidare på å fylle den rolla organisasjonen får i arbeidet med å innfri mandatet i ein kommande resolusjon frå tryggingsrådet i FN om endeleg status, både i overgangs- og gjennomføringsfasen. Vi ser positivt på den påtenkte utplasseringa av ein ESDP-styrke i Kosovo. Vi ser òg positivt på det nære samarbeidet og understrekar målfellesskapen mellom EU og NATO i strevet etter å medverke til opprettinga av eit demokratisk, multietnisk, fredeleg og stabilt samfunn i Kosovo.
11. Vi fordømmer terrorismen på det sterkaste, utan omsyn til motiv og metodar, og skal saman kjempe mot han så lenge det er nødvendig, i tråd med folkeretten og FN-prinsippa. Operasjon Active Endeavour, den maritime NATO-operasjonen i Middelhavet, er framleis eit verdifullt tilskot til kampen mot terrorisme, og vi gler oss over støtta frå partnarland, som har gjort operasjonen endå meir effektiv.
12. I samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1546 held alliansen gjennom oppdraget i Irak fram med å støtte dei irakiske tryggingsstyrkane med opplæring både i og utanfor landet og i form av utstyrsdonasjonar, i begge tilfelle også gjennom økonomiske bidrag til fond. Etter oppmoding frå den irakiske regjeringa har vi sagt oss villige til å gje opplæring i gendarmeri-prega arbeid. I mellomtida held styrken fram med å omstille seg til ei rettleiarrolle etter kvart som dei irakiske tryggingsstyrkane får større kapasitet.
13. Vi er djupt uroa over at kamphandlingane og ugjerningane held fram i Darfur, og ber alle partar respektere våpenkvila og styrkje innsatsen for fred gjennom dialog. NATO støttar framleis oppdraget til Den afrikanske unionen i Sudan, slik det er bede om, og er villig til å utvide denne støtta etter konsultasjonar med og tilslutning frå Den afrikanske unionen. Vi ser positivt på at regjeringa i Sudan har vedteke å godta at ein kombinert FN/AU-styrke blir utplassert i Darfur. I all sin innsats forpliktar alliansen seg til vedvarande samordning med alle involverte aktørar, også når det gjeld eventuell støtte til dette oppdraget i form av lufttransport og opplæring. Vi har nyleg i prinsippet sagt ja til å etterkomme oppmodingar frå AU om lufttransportstøtte til AU-oppdraget i Somalia i ein innleiande periode.
14. Som erfaringane i Afghanistan og på Balkan har vist, krev utfordringane i dag ei samla tilnærming frå det internasjonale samfunnet si side med eit breitt spekter av sivile og militære verkemiddel, samtidig som mandata og vedtaksautonomien til alle aktørar må respekterast fullt ut. I tråd med dei pålegga stats- og regjeringssjefane våre gav på toppmøtet i Riga, er det sett i gang arbeid med å utvikle pragmatiske forslag til meir stringent bruk av NATOs eigne krisehandteringsmekanismar og betre praktisk samarbeid på alle nivå med partnarar, FN og andre relevante internasjonale organisasjonar, ikkje-statlege organisasjonar og lokale aktørar i planlegginga og gjennomføringa av pågåande og framtidige operasjonar slik situasjonen tilseier. I desse forslaga skal det takast omsyn til ny lærdom, og det skal vurderast fleksible alternativ for justering av dei militære og politiske planleggingsprosedyrane i NATO med sikte på å styrkje den politisk-militære samhandlinga. Desse forslaga bør fullførast og gjennomførast som ei prioritert sak. Vi vil ta for oss gjennomføringa av dette arbeidet på det uformelle møtet vi skal ha til hausten.
15. Det blir stadig viktigare å kommunisere kva vi vil, og kva vi har utretta, særleg i samband med NATO-operasjonar. Vi pålegg det permanente rådet å forbetre det offentlege diplomatiet vårt ytterlegare for å sikre at vi framleis kan ta imot desse utfordringane. Vi ventar ein førebels rapport om dette arbeidet før møtet til hausten.
Omdanning
16. Omdanninga av styrkane våre har framgang på mange viktige område. Vi er framleis forplikta til full gjennomføring av den samla politiske rettleiinga og styringsmekanismen som ho inneheld, som vil hjelpe oss å sikre at alliansen kan utføre alle sine oppdrag.
17. Dette er å seie om omdanningsarbeidet i NATO:
Vi var samde om å intensivere innsatsen for å styrkje gjennomføringa av det avtala konseptet for reaksjonsstyrken (NRF), og om at det er viktig å sikre vedvarande nasjonale bidrag for at NRF skal ha full operativ kapasitet og evne til å verke som katalysator for omdanninga av styrkane våre.
Vi har skapt rom for at partnarane kan engasjere seg i NRF.
Det er gjort gledeleg framgang i arbeidet med å nå måla som blei sette på toppmøtet i Istanbul om å gjere styrkane våre meir innsatsklare. I forsvarsplanane vil vi framleis leggje vekt på førtiprosent- og åtteprosentmåla for deployeringsevne og fullføringsevne hos bakkestyrkane våre.
Mykje er oppnådd gjennom kapasitetstilsegna frå Praha når det gjeld å rette på konkrete manglar i styrkane våre. Vi er framleis forplikta til å få i stand ytterlegare forbetringar.
Konkret er det teke ei rekkje initiativ for å styrkje den strategiske lufttransporten. Av desse kan vi nemne interimløysinga for strategisk lufttransport, initiativet frå eit fleirnasjonalt konsortium om å skaffe og samordne C-17-fly og leveringa av A-400M-fly som etter planen skal ta til i 2009. Støttejamming og drivstoffylling i lufta står derimot att som alvorlege problem som må løysast.
Vi stadfester som viktig at alliansen snarast må få levert eit bakkeovervakingssystem til støtte for alliansestyrkane.
Det får framover i arbeidet med å utvikle ei nettverksbasert evne til å dele informasjon, data og etterretning på ein påliteleg og sikker måte utan å seinke allianseoperasjonane.
Praha-initiativa til forsvar mot kjemiske, bakteriologiske, radiologiske og kjernefysiske stridsmiddel (CBRN) har gitt verdifulle resultat, mellom anna den fleirnasjonale bataljonen til forsvar mot CBRN og ein mellombels kapasitet til sjukdomsovervaking.
Vi er forplikta til å sikre at den militære kommandostrukturen er effektiv, rasjonell og tilpassa formålet.
Det går framover i arbeidet med å effektivisere spesialstyrkane våre takka vere initiativet som blei lansert i Riga.
På bakgrunn av at den elektroniske infrastrukturen til eit allianseland nyleg blei utsett for dataangrep, hastar det med å styrkje evna til å stå imot slike angrep mot informasjonssystem som er livsviktige for alliansen.
Vi ser positivt på den innleiande reforma ved NATO-hovudkvarteret, mellom anna opprettinga av eit ressurskontor, og ber det permanente rådet følgje opp omorganiseringa ved NATO-hovudkvarteret for å gjere det meir effektivt og rasjonelt.
18. Den vidare omdanninga av styrkane og arbeidsmåtane våre vil vere med og realisere visjonen som er skissert i den samla politiske rettleiinga. Med sikte på nærmare vurdering under haustmøtet vårt ber det permanente rådet peike ut for oss dei sidene ved forsvarsomdanninga som bør vektleggjast spesielt på toppmøtet i Bucuresti neste år.
19. Vi vil framleis rådføre oss med kvarandre i spørsmålet om energitryggleik for å medverke til å definere område der NATO kan skape meirverdi, slik det er skissert i Riga-erklæringa.
20. Der det er rom for det, og innanfor dei fastsette rammene, forpliktar vi oss til å konkretisere samarbeidet mellom NATO og EU når det gjeld kapasitetsbehov som dei to organisasjonane har felles; det er sett fram ei rekkje forslag med sikte på dette.
21. Vi tok føre oss den pågåande utgreiinga av kva politiske og militære implikasjonar eit missilforsvar kan få for alliansen, eit arbeid som mellom anna omfattar ei slik oppdatering rundt tendensar i missiltrusselbiletet som stats- og regjeringssjefane våre bad om i Riga, og gav pålegg om at ein i dette arbeidet i god tid må evaluere kva dei missilforsvarselementa USA planlegg i Europa, får å seie for NATO. Vi stadfester at vi gjerne rådfører oss med Den russiske føderasjonen innanfor NATO–Russland-rådet for å sikre innsyn og sondere utsiktene for samarbeid i vidare missilforsvarsspørsmål samtidig som vi arbeider vidare med interoperabilitet innan missilforsvar i operasjonsområde.
Partnarskap
22. Partnarskapen NATO–Russland er framleis eit strategisk element i arbeidet for å fremje tryggleiken i det euroatlantiske området. Vi oppmodar Russland om å samarbeide konstruktivt med oss for å styrkje partnarskapen og dra full nytte av han. NATO–Russland-rådet har ei viktig rolle når det gjeld å fremje praktisk samarbeid i spørsmål der det rår semje, og å skape gjensidig forståing der det ikkje er slik. Vi ser positivt på at Russland nyleg har ratifisert styrkestatusavtalen for PFP, og ser fram til den endelege godkjenninga, som vil medføre at Russland og allianselanda får vesentleg større rom for å søkje konkrete former for forsvarssamarbeid, til dømes felles militær opplæring og øvingar og utvikling av interoperabilitet mellom dei væpna styrkane våre. Vi set pris på dei russiske bidraga til operasjon Active Endeavour og på samarbeidet om opplæring av afghansk og sentralasiatisk personell i tiltak mot narkotika. Vi ser fram til markeringane seinare denne månaden i samband med tiårsjubileet for underteikninga av grunnakta og femårsjubileet for NATO–Russland-rådet.
23. Vi legg framleis stor vekt på den spesielle partnarskapen mellom NATO og Ukraina, som har tiårsjubileum i år. Vi ser positivt på den framgangen Ukraina har hatt siste året i gjennomføringa av forsvarsreformer, mellom anna tiltak som forsvarsministeriet har sett i verk for å betre interoperabiliteten mellom allierte og ukrainske einingar. Vi set òg pris på dei bidraga Ukraina framleis yter til den felles tryggleiken vår, mellom anna gjennom deltaking i og støtte til NATO-leidde operasjonar, og gler oss over at landet nyleg har sendt bidrag til ISAF og Active Endeavour. Vi oppmuntrar Ukraina til å halde fram med reformer med sikte på å omorganisere heile tryggingssektoren i landet. Vi stadfester at vi er bestemte på å dra full nytte av den intensiverte dialogen og av NATO–Ukraina-kommisjonen for å styrkje den praktiske bistanden vi yter til Ukraina.
24. Vi støttar Georgia i arbeidet med å realisere dei euroatlantiske måla landet har sett seg, men forskotterer ikkje eit framtidig alliansevedtak. Vi oppmuntrar Georgia til å gjennomføre dei vidfemnande reformplanane sine fullt ut, mellom anna å fullføre den strategiske forsvarsgjennomgangen, og ser fram til å vidareføre bruken av den intensiverte dialogen og den individuelle partnarskapshandlingsplanen for å støtte opp om desse initiativa. Vi ber innstendig om at Georgia framleis må engasjere seg for å finne fredelege løysingar på uavklarte konfliktar på georgisk territorium.
25. På Vest-Balkan er euroatlantisk integrasjon eit mål som krev samarbeid i regionen, gode nabotilhøve og arbeid for gjensidig akseptable løysingar på uavklarte spørsmål. På toppmøtet i Bucuresti aktar alliansen å invitere fleire land som oppfyller dei resultatbaserte NATO-standardane, deler verdiane våre og evnar å medverke til euroatlantisk tryggleik og stabilitet. Vi ser positivt på reformarbeidet i Albania, Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 1 og på bidraget desse landa har ytt til NATO-leidde operasjonar, og oppmuntrar dei til å gjere ytterlegare framsteg slik det er skissert i den siste MAP-evalueringa vår. Alliansen vil følgje nøye og intenst med på framgangen i desse landa. Vi er nøgde med at Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia har slutta seg til Partnarskap for fred. Likevel er det viktig at heile spekteret av PFP-verktøy blir utnytta til støtte for reformarbeidet i desse landa, som allianselanda vil støtte sterkt opp om. Vi ser positivt på at det er danna ei ny regjering i Beograd, og ventar oss at ho vil konsolidere demokratiske verdiar og arbeide for å føre Serbia nærmare dei euroatlantiske strukturane. Vi vil òg følgje nøye med på kva som blir gjort for å få i stand fullt samarbeid med ICTY, særleg i Serbia og Bosnia-Hercegovina.
26. Partnarskap, dialog og samarbeid utgjer ein politikk som er grunnleggjande for formålet og oppgåvene til NATO. Relasjonane med landa i EAPC, Middelhavdialogen og samarbeidsinitiativet frå Istanbul som denne politikken har tent til å fremje, utviklar seg i samsvar med vedtaka frå toppmøtet i Riga. Vi ser positivt på framgangen som er oppnådd i den innleiande fasen av NATO-initiativet til opplæringssamarbeid og på framlegget om å etablere eit fakultet ved NATO-høgskulen i Roma med sikte på å stette dei behova nasjonane i Middelhavsdialogane og Istanbul-initiativet har uttrykt, og som enno ikkje er ferdig analyserte. Vi følgjer med på framgangen. Vidare forpliktar vi oss til å gjere relasjonane våre med interesserte kontaktland meir relevante i operativ samanheng, særleg for å bli betre i stand til å samarbeide i NATO-leidde operasjonar.
27. Vi stadfester at alliansen er forplikta av CFE-regimet, slik stats- og regjeringssjefane våre gav uttrykk for på Riga-toppmøtet. Når det gjeld den ekstraordinære CFE-konferansen som går føre seg i Wien etter ønske frå Den russiske føderasjonen, vurderer delegasjonane våre dei tryggingsmessige innvendingane Den russiske føderasjonen har reist, og har føreslått ein positiv og konstruktiv veg framover. Vi oppmodar Den russiske føderasjonen sterkt om å engasjere seg i vidare dialog som kan føre til eit positivt konferanseutfall.
28. Alliansen tilpassar seg tryggingsklimaet i det 21. hundreåret gjennom operasjonar, forsvarsomlegging og partnarskapar. Vi er framleis forplikta til å skaffe fram alle kapasitetar som er nødvendige for fellesforsvaret og for å medverke til den innsatsen verdssamfunnet gjer for å fremje tryggleik og stabilitet, på grunnlag av alliansesolidariteten, den udelelege alliansetryggleiken og dei transatlantiske banda.
Fotnotar
Tyrkia godtek Republikken Makedonia under det konstitusjonelle namnet.