9 Militær omforming
Arbeidet med den omfattande militære omforminga av NATO blei vidareført i 2007. Målet er å setje alliansen betre i stand til å møte dei tryggingspolitiske utfordringane i dag og i framtida. Omforminga er ein kontinuerleg prosess der erfaringar frå pågåande operasjonar er ei viktig referanseramme og drivkraft saman med impulsar frå andre internasjonale aktørar.
Sentralt i arbeidet står oppfølginga av vedtaket frå toppmøtet i Istanbul i 2004 om å utvikle nye politiske retningslinjer for militær omforming og kapasitetsutvikling i NATO. Desse retningslinjene skal støtte opp om det strategiske konseptet for alliansen, med det hovudmålet å leggje til rette for betre intern koordinering av det militære planleggingsarbeidet. På toppmøtet i Riga blei dokumentet godkjent av stats- og regjeringssjefane og gjort offentleg tilgjengeleg. Arbeidet innanfor dei ulike planleggingsdisiplinane blir no evaluert kvart år på grunnlag av dei politiske føringane i dette dokumentet.
Hurtigreaksjonsstyrken («NATO Response Force» – NRF) er eit sentralt element i omformingsprosessen. Dei strenge krava til trening og samøving av styrkar som deltek i NRF, gjev NATO ein reaksjonskapasitet med svært høg beredskap. Konseptet for styrken blei ytterlegare utvikla i løpet av 2007. I lys av dei store ressursbelastningane operasjonane i Afghanistan og Kosovo medfører for dei allierte, blei det hausten 2007 vedteke at ambisjonsnivået for storleiken på den ståande delen av NRF mellombels skulle nedjusterast. Noreg har delteke i alle NRF-kontingentane i 2007, kvar på seks månader.
Eit interessant aspekt ved arbeidet er at Sverige og Finland vurderer å delta i NRF. Verdien av NRF som militært transformasjonsverktøy er for desse landa ein viktig faktor i vurderinga. Regjeringa ville sjå eit slikt svensk-finsk vedtak som svært positivt. Det vil auke tilgangen på godt trena og utstyrte styrkar til NATO-operasjonar. Det illustrerer òg korleis partnarane gradvis blir tettare integrerte i NATO-samarbeidet.
Arbeidet med å bøte på kapasitetsmanglar i NATO innanfor initiativet «Prague Capabilities Commitment» (PCC) blei vidareført i 2007. Eitt av dei viktigaste enkelttiltaka innanfor dette initiativet er eit fellesprosjekt for luftboren bakkeovervaking som etter planen skal vere operativt i 2010. Noreg deltek aktivt i prosjektet. I lys av den store militære verdien av dette initiativet er det uheldig at prosjektet er prega av svak framdrift. Tre av dei deltakande nasjonane trekte seg difor ut av samarbeidet i 2007.
Initiativet om fellesinnkjøp av tre C-17 transportfly, med opsjon på eit fjerde, blei vidareført i 2007. 15 NATO-allierte og partnarlandet Sverige signerte innleiingsvis ein intensjonsavtale som Finland i ettertid har slutta seg til. Danmark har derimot trekt seg ut av samarbeidet. Flya skal tene til å stette behovet for strategisk lufttransport i NATO, men skal òg kunne brukast av dei deltakande nasjonane, FN og EU i samband med mellom anna humanitære operasjonar. Målet er at det første flyet skal vere operativt i siste halvdel av 2008 og dei to andre i 2009.
Som eit ledd i omformingsprosessen arbeider NATO òg med ei tilpassing av kommandostrukturen for å sikre mest mogeleg effektiv drift av operasjonane i alliansen. I 2007 blei det oppnådd semje om talet på hovudkvarter og plasseringa deira i kommandostrukturen, mens det framleis står att å komme til semje om personelloppsettet.