3 Erklæring frå formannen, Brussel 14. juni 2007
Møte i NATO–Ukraina-kommisjonen ved forsvarsministrane
NATO–Ukraina-kommisjonen møttest i Brussel på forsvarsministernivå 14. juni for å diskutere reformer i forsvars- og tryggingssektoren i Ukraina og ukrainsk deltaking i NATO-leidde operasjonar. Ministrane minte om sitt sterke engasjement og si sterke støtte til euroatlantiske verdiar og var samde om å samarbeide vidare for å styrkje rettsstatsprinsippa, mellom anna ved å sikre effektiv sivil og demokratisk kontroll med tryggings- og forsvarsstrukturar og å støtte utviklinga av demokratiske institusjonar. Dei understreka dessutan at dei står fast på å vidareføre tilsegnene sine i samband med NATO–Ukraina-kommisjonen og å fremje denne spesielle partnarskapen, særleg gjennom den intensiverte dialogen om dei ukrainske medlemskapsambisjonane og relevante reformer.
Ministrane merkte seg dessutan med glede at 2007 var tiårsjubileet for den spesielle partnarskapen NATO–Ukraina, og streka under at dei stod fast på å vidareutvikle denne strategisk viktige partnarskapen, mellom anna ved å forsterke innsatsen for å hjelpe Ukraina å gjennomføre offentlege informasjonskampanjar om NATO og rollene til organisasjonen.
Vidare såg ministrane positivt på framgangen Ukraina har hatt i gjennomføringa av reformer med sikte på å setje dei ukrainske væpna styrkane meir på linje med NATO-standardane og å forbetre interoperabiliteten mellom allierte og ukrainske einingar. Dei vurderte òg den innsatsen ukrainske styresmakter gjer for å gjennomføre reformer i den vidare ukrainske tryggingssektoren. I denne samanhengen såg ministrane positivt på vedtakinga av den første ukrainske nasjonale tryggingsstrategien og oppmuntra Ukraina til å arbeide vidare med å setje gjennomgangen av den nasjonale tryggingssektoren ut i livet. Ministrane vurderte utsiktene for at ambisjonane om ukrainsk integrasjon i dei euroatlantiske strukturane skulle føre fram, og streka under at det framleis må gjennomførast omfattande reformer, særleg i dei ukrainske etterretnings- og tryggingstenestene, som ein del av den nasjonale gjennomgangen av tryggingssektoren i Ukraina. Ministrane gjentok dessutan at dei er fast bestemte på å arbeide vidare for å hjelpe Ukraina med å gjennomføre reformer i forsvars- og tryggingssektoren.
Ministrane såg òg positivt på den pågåande gjennomføringa av praktiske initiativ i regi av den felles NATO–Ukraina-arbeidsgruppa for forsvarsreform (JWGDR), mellom anna JWGDR-programmet for fagleg utvikling av sivilt personell i ukrainske tryggingsinstitusjonar, NATO–Ukraina-arbeidsgruppa for sivil og demokratisk kontroll med etterretningssektoren og NATO–Ukraina-partnarskapsnettverket for kompetanseutvikling i det sivile samfunnet. Dei understreka òg den viktige rolla samarbeidet mellom NATO og Ukraina i samband med planleggings- og revisjonsprosessen (PARP) og årsarbeidsplanen for Militærkomiteen med Ukraina framleis spelar. Ministrane stadfeste òg si støtte til innsatsen som blir gjort med sikte på å handtere konsekvensane av reformer i forsvars- og tryggingssektoren. I denne samanhengen såg dei spesielt positivt på den pågåande gjennomføringa av NATO/PFP-fondet for det største destrueringsprosjektet i verda for militært overskotsmateriell, handvåpen og lette våpen (SALW) og berbare luftforsvarssystem (MANPADS), og på programma for omplassering av dimittert militært personell i Ukraina, mellom anna NATO/PFP-fondet Khmelnitsky.
I samband med gjennomgangen av det ukrainske bidraget til fellestryggleiken sette ministrane pris på at Ukraina framleis støttar KFOR, NATO-opplæringsstyrken i Irak og den NATO-leidde ISAF-operasjonen i Afghanistan. Dei såg dessutan positivt på det effektive ukrainske bidraget til operasjon Active Endeavour, mellom anna deployeringa av ein ukrainsk korvett, URS Ternopil, til støtte for antiterrorinnsatsen NATO driv i Middelhavet. Ministrane merkte seg òg med glede at Ukraina var det einaste partnarlandet som var involvert i alle operasjonar og oppdrag som NATO har gåande. Ministrane sette elles pris på at Ukraina framleis er villig til å støtte operativ NATO-innsats med blant anna strategisk lufttransportkapasitet.