5 Sluttkommuniké, Brussel 15. juni 2007
Ministermøte i Forsvarsplanleggingskomiteen og Kjernefysisk planleggingsgruppe i Brussel fredag 15. juni 2007
Forsvarsplanleggingskomiteen og Kjernefysisk planleggingsgruppe var samla til ministermøte 15. juni 2007.
Som forsvarsplanleggingskomité, med ansvar for det kollektive styrkeplanleggingssystemet i alliansen, vurderte vi resultata av gjennomgangen av nasjonale forsvarsplanar i 2006 og 2007 i lys av ministerrettleiinga og prioriteringane som er fastsette i den samla politiske rettleiinga. Vi er særleg oppmuntra av den framgangen nasjonane har hatt i arbeidet med å justere forsvarsplanane og omforme styrkane sine for å gjere dei betre skikka til ekspedisjonsarta og vedvarande operasjonar i tråd med rettleiinga og prioriteringane i desse dokumenta. Dette arbeidet viser eit vedvarande engasjement for omdanninga og vil gjere oss endå betre skikka til å møte noverande og framtidige utfordringar. Idet vi ser fram mot toppmøtet i Bucuresti i 2008, stadfester vi at vi er fast bestemte på å bruke planleggingssystemet i NATO til fulle for å løyse desse utfordringane.
Vi er òg oppmuntra over at nasjonane kvar for seg tek til følgje dei måla som blei avtala i Istanbul i 2004 og stadfeste i den samla politiske rettleiinga med omsyn til å gjere styrkane meir innsatsklare. Mange nasjonar har alt nådd førti- og åtteprosentmåla for deployeringsevne og fullføringsevne som er fastsette for bakkestyrkar, og dei som ikkje har nådd måla, har planar for korleis dei skal nærme seg dei. Utfordringane som styrkane våre står overfor i dei krevjande operasjonane dei er med på, understrekar det avgjerande i stadig innsats for å auke takta i omdanninga slik at desse styrkane mest mogeleg effektivt kan levere tryggleik og stabilitet både no og i framtida.
Vi såg dessutan på i kva grad nasjonane kjem til å nå dei styrkemåla vi saman har avtala, og er oppmuntra over framgangen som alt er oppnådd og som speglar seg i nasjonale planar, men vi merkte oss òg manglar som enno gjer seg gjeldande på ei rekkje viktige kapasitetsområde i tilknyting til deployeringsevna, fullføringsevna og kampeffektiviteten til styrkane våre, mellom anna når det gjeld strategisk lufttransport, effektive felthelikopter og informasjonsovertak. Desse manglane kjem for dagen både i pågåande operasjonar og når vi gjer opp status for kapasitetar meir generelt. Det skortar generelt på deployerbare støttekapasitetar. Det blir arbeidd med å rette på denne skeivfordelinga mellom kampstyrkar og støttekapasitetar i dei nasjonale styrkestrukturane, og på manglar i viktige nettverkskapasitetar, men det hastar i mange tilfelle, særleg med å endre på det urimelege i at nokre få allianseland må skaffe det meste av dei avanserte og mangfaldige kapasitetane som trengst for å ta hand om utfordringane vi står overfor og kjem til å stå overfor i framtida. Auka endringstakt krev streng prioritering for å sikre mest mogeleg effektiv bruk av avgrensa forsvarsressursar. Men framfor alt krev det politisk vilje til å gjere nødvendige forandringar, og at tilstrekkelege økonomiske ressursar blir tilførte. Difor oppmuntrar vi dei nasjonane der forsvarsutgiftene går nedover, til å stanse nedgangen og ta sikte på ein reell auke i forsvarsutgiftene.
På møtet vårt i Kjernefysisk planleggingsgruppe gjekk vi gjennom status for atomstridsstyrkane i NATO og arbeidet i høgnivågruppa. Vi stadfeste prinsippa for atomvåpenpolitikken i NATO som går fram av det strategiske konseptet for alliansen. I samband med dette ser vi positivt på det arbeidet høgnivågruppa gjer med å vurdere avskrekkingskrav for det tjueførste hundreåret og å gje råd til ministrane etter behov.
Vi stadfeste at kjernevåpenstyrkane til allianselanda har eit grunnleggjande politisk formål: å bevare freden og hindre tvang og alle former for krig. Vi minte om at kjernevåpenstyrkane i NATO blir haldne på det minimumsnivået som er tilstrekkeleg for å bevare fred og stabilitet. I tråd med dette målet legg vi framleis stor vekt på kjernevåpenstyrkane med base i Europa som er disponible for NATO, og som utgjer ei vesentleg politisk og militær tilknyting mellom dei europeiske og nordamerikanske medlemmene av alliansen. Vi var tilfreds med å merkje oss at dei uavhengige britiske kjernevåpenstyrkane framleis medverkar til avskrekking og til den samla tryggleiken i allianselanda, og vi stadfeste verdien av denne kapasiteten og såg positivt på at Storbritannia nyleg i eit regjeringsdokument (White Paper) igjen sa seg forplikta til å yte dette bidraget.
Alliansemålsetjinga om å auke tryggleiken på globalt plan vil framleis bli styrkt gjennom vår støtte til rustingskontroll, ikkjespreiing og nedrusting. Vi stadfeste at vi sluttar fullt opp om ikkjespreiingsavtalen som hjørnestein i det globale ikkjespreiingsarbeidet og eit vesentleg fundament for å drive kjernefysisk nedrusting. Vi streka under det viktige i at alle statar rettar seg etter og styrkjer eksisterande multilaterale ikkjespreiings- og eksportkontrollregime og internasjonale avtalar om rustingskontroll og nedrusting. Vi oppmodar igjen alle land til å innfri sine tilsegner på dette området.
Vi merkte oss det viktige i tilhøvet mellom NATO og Russland i kjernevåpenspørsmål og ser fram til ytterlegare konsultasjonar og samarbeid i regi av NATO–Russland-rådet.