4 Oppsummering ved formannen, Brussel 14. juni 2007
Møte i Euroatlantisk partnarskapsråd ved forsvarsministrane i Brussel torsdag 14. juni 2007
Forsvarsministrane i medlemslanda i Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC) møttest i Brussel i dag.
Forsvarsministrane i Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia deltok for første gong, i samsvar med vedtaka på Riga-toppmøtet i 2006, og blei varmt mottekne i EAPC-fellesskapen.
Ministrane konsentrerte seg om deltaking og bidrag frå partnarhald i NATO-leidde operasjonar, som klart viser den politiske og operative verdien av partnarskapane med NATO og viljen hos partnarane til å dele på utfordringane ved å ta på seg operative oppgåver.
Ministrane utveksla synspunkt på utviklinga på desse områda der NATO-leidde operasjonar går føre seg, mellom anna på Balkan og i Afghanistan.
Ministrane diskuterte samarbeidet mellom NATO og partnarane som skal hjelpe dei å vareta noverande og framtidige roller i NATO-leidde operasjonar. Dei understreka at dette vellukka og effektive samarbeidet burde halde fram, og at dei eksisterande partnarskapsverktøya måtte brukast og vidareutviklast i størst mogeleg grad med sikte på det. I denne samanhengen såg ministrane positivt på rammene for partnardeltaking i NATO-reaksjonsstyrken (NRF) som nyleg er avtala.
Ministrane minte om den viktige rolla planleggings- og revisjonsprosessen i PFP og konseptet for operativ kapasitet spelar for å hjelpe partnarar med å utvikle operativ effektivitet og interoperabilitet med allianselanda. Forsvarsministrane i allianselanda og dei deltakande partnarlanda godkjende ministerrettleiinga for planleggings- og revisjonsprosessen.
Ministrane uttrykte støtte til operasjon Active Endeavour og såg positivt på at fleire partnarar har vedteke å yte bidrag til operasjonen. Ministrane gjentok at allianselanda og partnarane forpliktar seg til felles handling i kampen mot terrorisme.
Ministrane streka under at det framleis må arbeidast iherdig for å sikre at partnarskapen er fullt ut tilpassa dei krava som følgjer av det nye tryggingsklimaet som avteiknar seg.