2 Transatlantiske band og samarbeidet med andre organisasjonar
2.1 USA og dei europeiske allierte
NATO-toppmøtet i Riga 29. november 2006 stadfeste viljen blant dei allierte til å bruke NATO som dialogforum og ramme for internasjonale operasjonar og tryggingspolitisk samarbeid. For Noreg var dette særleg viktig sidan alle dei 26 allierte dermed får høve til å fremje sine synspunkt i den konsensusprosessen som leier fram til avgjerder.
NATO-samarbeidet i 2007 var prega av sterk vilje hos USA og dei europeiske allierte til å søkje felles løysingar på felles tryggingspolitiske utfordringar innanfor rammene av NATO. Denne viljen bygde på ei felles erkjenning av at ein sterk transatlantisk interesse- og verdifellesskap er nødvendig for å handtere dei utfordringane alliansen står overfor. Det gjeld særleg tryggings- og stabiliseringsoperasjonen i Afghanistan, men òg Kosovo og tilhøva i ein breiare tryggingspolitisk samanheng.
Etter valet av president Sarkozy oppstod det ny dynamikk i den franske haldninga til NATO. Frå fransk side blir det framleis sagt klart frå at utbygging av tryggings- og forsvarspolitikken i EU har prioritet, men det blir òg presisert at dette vil setje dei europeiske allierte betre i stand til å bidra militært, og at det ikkje skal vere noko konkurranseforhold mellom EU og NATO. I Paris er det sett i gang eit arbeid med ei kvitbok om tryggings- og forsvarspolitikken. Når denne blir lagd fram våren 2008, blir det klarare kvar Frankrike legg seg når det gjeld engasjementet i NATO.
Også i 2007 var NATO-samarbeidet prega av dei sterke forventningane hos USA og ein del europeiske allierte om større nærvær av styrkar frå andre europeiske allierte i det sørlege Afghanistan, der dei demokratisk valde afghanske styresmaktene og det internasjonale nærværet møtte sterkast motstand frå Taliban og andre opprørsgrupper. Misnøya i USA og hos andre allierte som var engasjerte i sør, kom også i 2007 til uttrykk i jamlege uformelle konsultasjonar der desse landa drøfta felles utfordringar og utspel seg imellom. Denne tendensen til ei todeling i alliansen var ikkje positiv. På den andre sida var det eit positivt trekk ved utviklinga at det etter påtrykk også frå norsk side kom fram semje blant allierte om at stabilitet og utvikling i Afghanistan krev ei samla tilnærming frå det internasjonale samfunnet si side. Det var brei semje om at NATO skal medverke til tryggleik og stabilitet, at afghansk eigarskap må setjast i høgsetet og at FN må få auka nærvær og ei sterkare koordinerande rolle.
Denne semja om grunnleggjande politiske premissar for handteringa av den aller største NATO-utfordringa verka positivt inn på samhaldet i alliansen, og var dessutan uttrykk for ein tendens i retning av ei felles forståing omkring ei meir prinsipiell haldning til militær maktbruk samanlikna med annan innsats for å løyse tryggingsutfordringar.
Utviklinga i tilhøvet mellom NATO og Russland i 2007, prega som det var av usemje om sentrale tryggingspolitiske problemstillingar, var òg med på å styrkje samhaldet i alliansen. Forsøka frå russisk side på å spele på intern usemje førte ikkje fram. Den russiske suspensjonen av avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen), dei negative russiske reaksjonane på planane om å utvide det amerikanske missilforsvaret til Europa, usemja i spørsmålet om framtidig status for Kosovo og spørsmålet om tettare band mellom NATO og høvesvis Ukraina og Georgia verka difor ikkje inn på det grunnleggjande interne samhaldet i alliansen.
NATO-arbeidet etter det russiske varselet om suspensjon av CFE-avtalen gjekk såleis føre seg på grunnlag av semje om ein felles alliert innfallsvinkel. Det var svært positivt at USA tok leiinga både i dette arbeidet og i konsultasjonane med Russland.
USA vedtok tidleg i 2007 å innleie bilaterale konsultasjonar med Den tsjekkiske republikken og Polen om bygging av infrastruktur i dei to landa som ein del av eit amerikansk missilforsvarssystem, noko som endra rammene for diskusjonen i NATO. Debatten kom no til å dreie seg om kor vidt alliansen skulle knyte seg til eit amerikansk system, slik at land som ikkje var dekte av systemet, kunne få same vernet. Den udelelege tryggleiken var ein viktig faktor i denne debatten. Dei russiske haldningane, kombinert med polemisk språkbruk, gjorde sitt til at mange allierte gjekk sterkare inn for eit slikt system. Men samtidig støtta dei europeiske allierte breitt opp om viljen hos USA til å rådføre seg med Russland om dei amerikanske planane.
Også i 2007 la USA stor vekt på ønsket om å utvide dei funksjonelle og geografiske rammene for NATO-arbeidet. Dette kom til uttrykk i breidda av tryggingspolitiske problemstillingar som det blei invitert til dialog om, og i ambisjonane om alliert engasjement i nye tryggingsutfordringar.
Eitt eksempel på dette var diskusjonen om ei NATO-rolle innan energitrygging. Der var USA, saman med land som Polen og dei baltiske allierte, pådrivarar for at alliansen også skulle ta på seg eit ansvar utanfor alliert land- og sjøterritorium. Fleire andre allierte, mellom dei Noreg, var derimot tilbakehaldne på dette punktet. Noreg argumenterte for at NATO burde ha ei energitryggingsrolle med fokus på vern av kritisk infrastruktur og eventuelt transportlinjer. Frå norsk side blei det difor understreka at det allereie fanst ei rekkje spesialorgan, mellom dei IAEA, som var engasjerte i denne typen aktivitetar. NATO måtte unngå å duplisere dette arbeidet.
USA var også i 2007 opptekne av å styrkje NATO-dialogen og NATO-samarbeidet med land utanfor det transatlantiske området. Det blei særleg lagt vekt på land som kunne medverke til allianseoperasjonane, og som hadde same verdigrunnlaget som alliansen, til dømes Australia, New Zealand og Japan, men òg dei nordiske partnarane Sverige og Finland. Vidare blei det frå amerikansk side lagt stor vekt på å styrkje NATO-samarbeidet med strategisk viktige land og regionar utanfor alliansen, i første rekkje Midtausten og Golf-området, mellom anna gjennom å utvikle samarbeidet innan trening og opplæring.
Storbritannia og enkelte andre land, spesielt i det austlege Europa, var i hovudsak positive til dette. Fleirtalet av allianselanda, deriblant Noreg, støtta ein brei dialog om tryggingspolitiske problemstillingar, men var meir tilbakehaldne når det gjaldt breidda i det politiske og operative engasjementet USA tok til orde for. Dei var urolege for at dette kunne utfordre andre internasjonale organisasjonar og over tid svekkje merksemda om det kollektive forsvaret som kjerneoppgåve for alliansen.
Regjeringa la stor vekt på at eit truverdig NATO føreset at alle allierte opplever organisasjonen som relevant i handteringa av dei tryggingspolitiske utfordringane dei kjenner seg berørte av. Dette krev igjen vidare politisk og militær omstilling og fleksibilitet i NATO-tilnærminga i ei tid prega av utvikling og uro. Difor la Noreg også i 2007 stor vekt på å styrkje den transatlantiske dimensjonen som utgjer berebjelken i alliansen. Vårt mål var å oppretthalde eit sterkt amerikansk engasjement i Europa og å bevare viljen hos dei allierte til å søkje samlande løysingar på felles tryggingspolitiske utfordringar innanfor NATO-rammene. Slik regjeringa ser det, krev dette ein vilje til kontinuerleg tilpassing av alliansen etter kvart som nye oppgåver kjem til. Ei slik tilpassing er ein føresetnad for at NATO skal oppfattast som relevant og effektiv i handteringa av stadig nye utfordringar.
Frå norsk side var det i den samanhengen svært viktig å setje nye spørsmål på saklista i ein NATO-kontekst. Det blei særleg lagt vekt på at alliansen og viktige allierte måtte bli meir merksame på utfordringane i nordområda. Ekstra viktig var dette sett på bakgrunn av at allianselanda dei seinare åra har måtta konsentrere seg mest om NATO-operasjonar utanfor det primære ansvarsområdet. Det var òg viktig for å styrkje den transatlantiske dimensjonen og sikre konsentrasjonen om kjerneoppgåvene.
Sjølv om nordområda ikkje er eit nytt spørsmål i NATO-samanheng, er den tryggingspolitiske situasjonen i nord eit tema som sjeldan blir diskutert. Det er lite snakk om framtidsutsiktene og utfordringane som knyter seg til områda når det gjeld energi, fiskeri, transport og miljø, og likeins om implikasjonane for alliansen. Den auka militære aktiviteten frå russisk hald er ein del av dette biletet, utan at det på nokon måte kan seiast å gje opphav til nye trusselbilete eller rokkar ved det overordna målet til regjeringa, som er å byggje stabilitet og møte utfordringane i nord gjennom eit nært samarbeid med Russland.
Orienteringa om nordområdespørsmål som utanriksministeren heldt i Nordatlantisk råd i november 2007, var eit viktig bidrag til auka politisk merksemd om nordområda i NATO. I etterkant av denne orienteringa har det vore veksande interesse for nordområda blant dei allierte og ei gryande erkjenning av at NATO kanskje har forsømt seg når det gjeld aktiviteten i denne regionen. Regjeringa vil difor leggje stor vekt på å stimulere denne interessa ytterlegare.
2.2 Sivilt-militært samvirke – ei samla tilnærming
Erfaringane frå Afghanistan og Kosovo har ført til ei aukande erkjenning i NATO av behovet for nært samarbeid med andre internasjonale organisasjonar, sivile hjelpeorganisasjonar (NGO-ar) og lokale aktørar i krisehandteringsoperasjonar. Det var brei semje om at militære verkemiddel i seg sjølv ikkje er tilstrekkelege, men at det er behov for ei brei tilnærming der sivil og militær innsats blir sett i samanheng på alle nivå i planlegginga og gjennomføringa av operasjonane. Denne semja var etter vårt syn svært positiv sett i lys av den konsekvente norske argumentasjonen for ein slik innfallsvinkel.
Denne erkjenninga var grunnlaget for vedtaket på Riga-toppmøtet i november 2006 om å setje i gang eit arbeid med ei meir samla tilnærming. Arbeidet blei følgt opp i 2007 med vekt på korleis NATO kan styrkje samvirket med andre aktørar, samordne eigne krisehandteringsinstrument betre og styrkje si evne til å yte militær støtte til stabilisering og gjenreising. Frå norsk side blei det i den samanhengen lagt vekt på at det måtte leggjast til rette for jamlege politiske og praktiske konsultasjonar om planlegging og gjennomføring av operasjonar, auka erfaringsutveksling og felles øvingar og opplæring.
Noreg var difor ein pådrivar i dette arbeidet i 2007. Vi var særleg opptekne av å styrkje NATO i evna til å samarbeide meir effektivt med FN og EU. Frå norsk side blei det òg understreka at det måtte vere klare skilje mellom sivile og militære aktørar, roller og oppgåver. NATO måtte unngå å utvikle kapasitetar for sivile formål som FN og andre sivile aktørar sat inne med frå før, mellom anna på det humanitære området. Dette var etter norsk syn ikkje minst viktig for å unngå samanblanding og rolleforvirring som kunne setje dei humanitære aktørane i fare.
Samtidig blei det frå norsk side presisert at tryggingssituasjonen på bakken i enkelte tilfelle kunne vere så krevjande at militære styrkar unntaksvis måtte stå for ein viss gjenreisingsinnsats til støtte for eller i staden for sivile aktørar. Også ved større humanitære operasjonar der NATO blei oppmoda å yte støtte, burde det vere rom for aktivitet frå alliert hald. Eitt eksempel på dette er innsatsen etter jordskjelvet i Pakistan i februar 2006, der pakistanske styresmakter og FN bad om bidrag.
Oppdraget frå Riga-toppmøtet skulle etter planen fullførast innan forsvarsministermøtet i Brussel i juni 2007. Arbeidet hadde god framgang, men institusjonelle spørsmål om samarbeidet mellom NATO og EU medførte at det blei vanskeleg å komme til semje. Frå norsk side blei dette sterkt beklaga. Vi understreka at ei vidareutvikling av tilhøvet mellom NATO og EU var nødvendig for å få i stand ei samla tilnærming i operasjonar som i Afghanistan og Kosovo.
2.2.1 Samarbeidet med EU
I lys av dette var det svært uheldig at samarbeidet mellom NATO og EU utvikla seg lite i 2007. Formelt var det framleis avgrensa til den EU-leidde stabiliseringsoperasjonen i Bosnia-Hercegovina (EUFOR Althea) og konsultasjonar om utviklinga av militære kapasitetar. EUFOR Althea er no den einaste operasjonen som blir gjennomført etter dei såkalla «Berlin+»-ordningane, som opnar for NATO-støtte til militære operasjonar som EU planlegg og leier. Det er i dag ei utbreidd oppfatning både i NATO og EU at Berlin+ ikkje lenger er tenleg i lys av auka militære kapasitetar på EU-sida. Sett frå ein EU-synsvinkel synest ordninga heller ikkje politisk ønskeleg på bakgrunn av ambisjonen om ein mest mogeleg uavhengig europeisk tryggings- og utanrikspolitikk. Dermed er ein svært langt frå ambisjonen om å byggje ein strategisk fellesskap tufta på felles tilnærming til felles utfordringar og ei arbeidsdeling som kan utnytte ressursane og kompetansen til dei to organisasjonane på ein optimal måte.
Det var særleg motstand i enkelte land i NATO og i EU som hindra utviklinga av eit tettare samarbeid mellom dei to organisasjonane. Ei viktig årsak var det problematiske forholdet Tyrkia har til EU, som hovudsakleg skuldast den fastlåste Kypros-konflikten. I EU var det tilsvarande haldningar hos Hellas og Kypros som gjorde framdrifta vanskeleg. Enkelte land hadde dessutan eit ønske om å redusere den innverknaden NATO og USA har på europeisk tryggingspolitikk ved å verne om EU som autonom tryggingspolitisk aktør.
Etter presidentskiftet i Frankrike kom det signal frå Paris om vilje til å styrkje samarbeidet mellom NATO og EU, parallelt med at full fransk reintegrering i NATO blei vurdert. Dette stadfeste president Sarkozy på toppmøtet i Bucuresti. Regjeringa stiller seg svært positiv til ei slik utvikling. Dei konkrete resultata får vi truleg ikkje sjå før på toppmøtet i 2009.
Den fastlåste situasjonen fører mellom anna til problem med å inngå samarbeidsavtalar i samband med operasjonane i Afghanistan og for NATO-arbeidet med å utvikle konseptet for ei samla internasjonal tilnærming til operasjonar. Med den leiande rolla EU reknar med å spele i Kosovo etter statusavklaringa, er behovet for eit nærmare samarbeid mellom dei to organisasjonane ytterlegare forsterka.
Ei løysing på problema synest ikkje nært føreståande. Problemstillingane er komplekse og krevjande å handtere både for NATO og EU. Den manglande framgangen er paradoksal, all den tid 21 av 26 allierte også er EU-medlemmer.
Der NATO og EU har inngått eit formalisert samarbeid, oppnår dei derimot positive resultat. I Bosnia-Hercegovina har NATO og EU utvikla gode samarbeidsordningar. I Sudan har samarbeid om lufttransportstøtte til Den afrikanske unionen (AU) under operasjonen i Darfur og trening og opplæring av afrikanske styrkar vist seg svært nyttig. På lik linje med andre internasjonale organisasjonar som opererer i Afghanistan, er EU representert på uformelle ministermøte i NATO.
Noreg er nært knytt til det tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet i EU. I 2007 deltok vi både i den EU-leidde militære og den sivile (politi)styrken i Bosnia-Hercegovina og i den sivile politioperasjonen i Afghanistan.
Eit nytt aspekt ved samarbeidet med EU var at vi deltok med 150 personar i den nordiske innsatsgruppa som i første halvår 2008 skal stå i beredskap for krisehandteringsoperasjonar i EU-regi. Gruppa står under svensk leiing og har også finsk, estisk og irsk deltaking. Gjennom denne gruppa er Noreg i direkte inngrep med ein vesentleg komponent i tryggings- og forsvarspolitikken i EU. Regjeringa vil difor leggje stor vekt på å vidareføre samarbeidet med EU innanfor denne ramma fram mot den neste beredskapsperioden for gruppa i 2011. I tillegg har den bilaterale avtalen med EU-organet for samarbeid om utvikling av kapasitetar (European Defence Agency) knytt oss endå sterkare til ESDP.
2.2.2 Samarbeidet med FN
Samarbeidet på bakken mellom NATO og FN blei vidareført i 2007, og det var særleg viktig i samband med dei FN-mandaterte NATO-operasjonane i Afghanistan og Kosovo. Samtidig blei det under planlegginga og gjennomføringa av desse operasjonane stadig klarere at samarbeidet mellom dei to organisasjonane måtte styrkjast på strategisk nivå. Regjeringa såg eit slikt tettare samarbeid som naturleg ut frå behovet for ei samla tilnærming til internasjonal krisehandtering. Frå norsk side blei det i eit meir langsiktig perspektiv òg lagt vekt på behovet for eit meir formalisert samarbeid med tanke på å etablere samarbeidsstrukturar som kan leggje til rette for koordinert innsats i kommande operasjonar.
I 2007 la Noreg særleg vekt på at FN måtte styrkje nærværet og den koordinerande rolla si i Afghanistan. Regjeringa argumenterte såleis for at generalsekretæren i FN måtte utnemne ein ny spesialutsending til Afghanistan med mandat til å styrkje den samla internasjonale koordineringa. I den samanhengen blei det lagt vekt på at alle aktørar i Afghanistan, deriblant NATO, måtte vise praktisk vilje til å la seg koordinere.
Sett i lys av dette behovet var det positivt at den politiske dialogen mellom hovudkvartera utvikla seg i 2007. På same tid var det tydeleg at det nok framleis gjorde seg gjeldande visse prinsipielle motførestillingar i FN-krinsar som er skeptiske til alliansens militære karakter og den sterke rolla USA spelar. Då generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, besøkte NATO-rådet 24. januar 2007, var det likevel eit signal om vilje i FN til å styrkje dialogen, og det auka tyngda i innsatsen for å utarbeide ei felleserklæring som kan danne grunnlaget for eit meir formelt og utvida samarbeid. NATO-generalsekretær Jaap de Hoop Scheffer overleverte eit første utkast til felleserklæring til dåverande generalsekretær i FN, Kofi Annan, i september 2005. I 2007 blei arbeidet med å oppnå semje om erklæringa intensivert, og dette lukkast før toppmøtet i Bucuresti. Erklæringa skal etter planen underteiknast i løpet av våren 2008.
2.2.3 Samarbeidet med Den afrikanske unionen
NATO innleidde våren 2005 eit praktisk samarbeid med Den afrikanske unionen (AU) på grunnlag av ei oppmoding frå AU om å yte støtte til transport av styrkar frå afrikanske land til AU-operasjonen «African Union Mission in Sudan» (AMIS). Møtet mellom president Konaré i AU-kommisjonen og NATO-rådet 4. mai 2005 var med på å markere innleiinga til det første NATO-engasjementet på det afrikanske kontinentet.
NATO vidareførte støtta til AMIS i 2007 i form av både flytransport og noko opplæring av AU-offiserar i Addis Abeba og ved hovudkvarteret for AMIS i El Fasher i Darfur. Støtta blei formelt avslutta 31. desember 2007 som følgje av etableringa av fellesoperasjonen «African Union United Nations Mission in Darfur» (UNAMID) frå same tidspunktet.
Etter førespurnad frå AU i mai 2007 vedtok NATO òg å yte troppetransport til AU- operasjonen i Somalia, «African Union Mission in Somalia» (AMISOM), fram til årsskiftet 2007–2008. Støtta blei suksessivt vidareført fram til 21. august 2008 parallelt med forlenginga av mandatet til AMISOM. Støtta til AMIS og AMISOM var koordinert med EU og FN.
I alliansen har ikkje støtta til AU vore uproblematisk, då enkelte allierte har prøvd å halde NATO unna ei rolle i Afrika til fordel for eit breiare EU-engasjement. Regjeringa har lagt stor vekt på at NATO måtte etterkomme oppmodinga frå AU. Særleg gjennom samarbeid på opplæringssida kan alliansen vere med og setje dei afrikanske landa betre i stand til å vareta eigen tryggleik. Samtidig har vi på norsk side lagt vekt på at støtta til AU må vere basert på prinsippet om afrikansk eigarskap og må vere etterspørselsdriven og ta omsyn til sensitiviteten på afrikansk side. Det er positivt at det no er brei semje i NATO om dette utgangspunktet.
Då AU-kommissæren Djinnit besøkte NATO-rådet 2. mars 2007, omtala han samarbeidet med NATO som svært positivt og signaliserte interesse for eit meir langsiktig samarbeid om utvikling av fredsoperasjonskapasiteten i AU gjennom bidrag til operasjonaliseringa av Den afrikanske beredskapsstyrken («African Standby Force» – AFS). Noreg ser òg positivt på dette. Det er ei vidareføring av eksisterande støtte til AU og tener ytterlegare til å setje AU i stand til å planleggje, leie og gjennomføre operasjonar, slik at afrikanske land betre kan handtere konfliktar på eige kontinent. AU stadfeste i desember 2007 ønsket om vidare NATO-støtte i arbeidet med å operasjonalisere AFS.
Som eit ledd i det norske engasjementet finansierte vi i 2007 ytterlegare forflyttingar av personell til AMIS gjennom NATO. Den norske ambassaden i Addis Abeba heldt fram som sivilt NATO-kontaktpunkt for AU, og samarbeidde her med det militære sambandselementet i NATO. Ambassaden var såleis med på å leggje til rette for den jamlege kontakten mellom NATO og AU. NATO var svært nøgd med den støtterolla ambassaden spelte.
2.2.4 Samarbeidet med OSSE
NATO-samarbeidet med OSSE er avgrensa. Det går i stor grad føre seg på bakken og berre i lite omfang mellom hovudkvartera. Samarbeidet var i 2007 spesielt tett på Vest-Balkan, og då særleg i Kosovo og Bosnia-Hercegovina. I tillegg var det god kontakt i Sentral-Asia, Sør-Kaukasus og Moldova, der begge organisasjonane har konkrete og ofte tilstøytande prosjekt innan reform av tryggingssektoren.
I tråd med etablert praksis orienterte OSSE-formannen, den spanske utanriksministeren Miguel Moratinos, den 19. november 2007 NATO-rådet om viktige saker og prioriteringar i den spanske formannskapsperioden.
2.3 Oslo-møtet
Noreg blei i 2006 tildelt vertskapet for det uformelle utanriksministermøtet i NATO våren 2007. Då var det heile 15 år sidan sist eit utanriksministermøte i NATO var halde i Oslo. Møtet gjekk av stabelen 26. og 27. april og samla i underkant av 600 delegatar og ca. 400 medierepresentantar frå 34 land. I tillegg til sesjonar mellom dei allierte utanriksministrane (Nordatlantisk råd) blei det halde separate møte med Russland (NATO–Russland-rådet) og med Ukraina (NATO–Ukraina-kommisjonen).
Den politiske bakgrunnen for møtet var krevjande. Same dagen som Oslo-møtet starta, kunngjorde president Putin at Russland vurderte å innføre eit moratorium på etterlevinga av CFE-avtalen. Saman med operasjonane i Afghanistan og Kosovo og spørsmålet om missilforsvar blei dette eit hovudpunkt i dei ulike møtesesjonane.
I tråd med norske prioriteringar konkluderte møtet med brei semje om ei samla tilnærming til innsatsen i Afghanistan. Noreg fekk ros for forslaget om å leggje vekt på behovet for kapasitetsbygging og afghansk eigarskap, der opplæring av afghanske tryggingsstyrkar blei trekt fram som eit prioritert område.
Utanriksministrane hadde òg ein brei gjennomgang av missilforsvarsspørsmålet, særleg planane som ligg føre om eit amerikansk samarbeid med Polen og Den tsjekkiske republikken. Det var semje om å halde fram med diskusjonane i ein NATO-samanheng, samtidig som det blei framheva at spørsmålet måtte drøftast vidare med Russland. Noreg la vekt på at konsultasjonane internt i alliansen burde vidareførast, mellom anna arbeidet med risiko- og trusselvurderingane, og at Noreg ikkje var overtydd om at eit missilforsvar var det rette tilsvaret på det nye trusselbiletet. I samband med dette blei det frå norsk side påpeika at planane om eit slikt forsvar ikkje måtte føre til eit nytt rustingskappløp, og at det var viktig å leggje vekt på ikkjespreiings- og nedrustingsarbeid også innanfor NATO-rammene.
Vidare blei utanriksministrane samde om at tryggingsrådet i FN måtte utarbeide eit opplegg til statusavklaring for Kosovo som var tydeleg, hadde støtte i det internasjonale samfunnet og la eit grunnlag for regional stabilitet. Spørsmålet om utviding av alliansen blei òg drøfta, og det var semje om å trappe opp konsultasjonane med dei tre kandidatlanda Kroatia, Makedonia og Albania og å leggje inn ein ekstra evalueringsrunde før toppmøtet i Bucuresti i april 2008.
Møtet i NATO–Russland-rådet gav rom for ei livleg og brei alliert meiningsutveksling med Russland. Erklæringa frå president Putin om eit russisk moratorium på CFE-avtalen blei møtt med sterk uro på alliert hald. Dei allierte stod samla i synet på at den tilpassa CFE-avtalen ville bli ratifisert så snart Russland hadde innfridd lovnadene sine, mellom anna om avvikling av det russiske militære nærværet i Georgia og Moldova. Frå russisk side blei det sett fram kraftig kritikk mot dei amerikanske planane om missilforsvar og det føreståande samarbeidet med Polen og Tsjekkia om dette.
I ytterkanten av møtet underteikna Noreg ein bilateral avtale (MoU) med Island om utvida tryggingspolitisk samarbeid. Denne kom i stand etter at USA avslutta det militære nærværet sitt på Island, og legg til rette for auka tryggings-, forsvars-, beredskaps- og redningssamarbeid. Danmark underteikna ein tilsvarande avtale med Island under Oslo-møtet.