6 Sluttkommuniké, Brussel 7. desember 2007
Ministermøte i Nordatlantisk råd i NATO-hovudkvarteret i Brussel
Idet NATO nærmar seg sekstiårsjubileet sitt i 2009, er alliansen bestemt på å løyse tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret og samtidig halde på eit sterkt kollektivt forsvar som kjernemålsetjing. Vi forpliktar oss heilt og fullt til det kollektive forsvaret av befolkningane, territoria og styrkane våre. NATO vernar om fridommen og fellesverdiane våre gjennom sine oppdrag og operasjonar, moderniserer dei militære evnene sine i pakt med nye operative krav og spreier fred og stabilitet gjennom eit stadig vidare nett av tryggingspartnarskapar med nasjonar og organisasjonar.
Vi stadfeste i dag den varige verdien av dei transatlantiske banda og den udelelege alliansetryggleiken. Vi oppsummerte den pågåande omdanninga av alliansen. Vi drøfta gjennomføringa av dei vedtaka stats- og regjeringssjefane våre gjorde på toppmøtet i Riga i november 2006. Og vi gav ytterlegare pålegg om arbeid som må fullførast før det tilstundande NATO-toppmøtet i Bucuresti i april neste år.
Vi rosa òg profesjonaliteten og engasjementet til dei meir enn femti tusen mennene og kvinnene frå allierte og andre land som deltek i NATO-oppdrag og NATO-operasjonar, og uttrykte vår djupe medkjensle med familiane og dei kjære til dei skadde og falne.
Å medverke til fred og stabilitet i Afghanistan har høgste prioritet i NATO og er ei langsiktig oppgåve. Vi er bestemte på å sjå til at den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken (ISAF), som opererer under FN-mandat, har det som skal til av styrkar, ressursar og fleksibilitet til å sikre at oppdraget kan lukkast på lengre sikt, og vi verdset dei bidraga partnarane våre yter til oppdraget. Vi støttar regjeringa i Den islamske republikken Afghanistan i arbeidet med å vise resolutt leiarskap, mellom anna når det gjeld å få provinsane under offentleg styring, styrkje lov og orden, sikre respekt for menneskerettane og få bukt med korrupsjonen. Målet vårt er å støtte dei nasjonale afghanske tryggingsstyrkane etter kvart som dei tek på seg meir av ansvaret for tryggleiken i eige land, og ISAF si rolle kjem til å endre seg i takt med denne prosessen. Vi vil trappe opp innsatsen for å støtte opplæring og utrusting av den afghanske nasjonalhæren og gjere han meir effektiv i operativ samanheng. Vi stadfester òg at vi er forplikta etter samarbeidsprogrammet mellom NATO og Afghanistan til å hjelpe den afghanske regjeringa med å sikre styrkane deira større interoperabilitet og å støtte opp om forsvarsreformer, om institusjonsbygging i forsvaret og om dei militære sidene ved reformer i tryggingssektoren. I tillegg til individuell innsats vil vi på kollektiv basis, i samsvar med ISAF-mandatet, halde fram med å støtte innsatsen mot narkotika som går føre seg under leiing av den afghanske regjeringa.
På grunnlag av framgangen som alt er oppnådd, blir det i alliansen arbeidd med å utvikle ein framtidsretta, samla politisk-militær plan for å nå NATO-måla i Afghanistan, som skal leggjast fram for stats- og regjeringssjefane våre for godkjenning når dei møtest i Bucuresti. Planen skal ta omsyn til den framgangen NATO har oppnådd på grunnlag av operasjonsplanen, og han skal optimalisere alliansebidraget til Afghanistan-avtalen (Afghanistan Compact) og fastsetje progresjonsmål for å betre tryggleiken og eventuelt samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar, og med den afghanske regjeringa, for å nå dei strategiske måla vi har sett oss. Målet vårt er framleis eit trygt og stabilt Afghanistan og målfellesskap med den afghanske regjeringa og verdssamfunnet etter som vi nærmar oss viktige milepelar. Vi ber alle partar innstendig om å handle med sikte på å oppfylle krava i Afghanistanavtalen, slik at vi kan bestemme kva vi skal gjere på lengre sikt.
Vi står fast på å samarbeide med dei afghanske styresmaktene, partnarane våre i ISAF og eventuelt andre internasjonale aktørar for å styrkje den felles innsatsen og gjere han meir effektiv. Afghanistan kan ikkje bli trygt utan utvikling, og kan ikkje utvikle seg utan at det er trygt. Regionale gjenreisingsteam går fremst i den allierte innsatsen og understrekar at vi arbeider på brei front. Sivile og militære aktivitetar må utfylle kvarandre i ein samla innsats som tek omsyn til dei ulike mandata til dei internasjonale aktørane som er i Afghanistan. NATO skal spele si rolle fullt ut, men børa må delast tilsvarande. Vi understrekar det viktige i å styrkje FN i rolla som leiande og koordinerande internasjonal aktør til støtte for den afghanske regjeringa. Vi oppmodar alle nabolanda til Afghanistan til å støtte sterkare opp om den innsatsen den afghanske regjeringa gjer for å byggje eit stabilt og demokratisk land innanfor trygge grenser. Vi tek særleg til orde for nært samarbeid mellom Afghanistan, Pakistan og NATO, mellom anna gjennom trepartskommisjonen.
Det moderne informasjonssamfunnet krev evne til tilpassa, rettidig og lydhøyr kommunikasjon i samband med NATO-engasjement i internasjonale operasjonar. Vi var samde om å arbeide vidare med å få til forbetringar på alle nivå i den strategiske kommunikasjonen og det offentlege diplomatiet NATO driv overfor lokale og internasjonale publikum, særleg til støtte for operasjonane og oppdraga våre i Afghanistan, Kosovo og andre stader.
I Kosovo har det robuste, NATO-leidde KFOR-nærværet under FN-mandat vore avgjerande for å oppretthalde tryggleiken og støtte den politiske prosessen. Vi ser fram til rapporten frå kontaktgruppa om forhandlingane under leiing av troikaen EU–Russland–USA om framtidig status for Kosovo. KFOR blir verande i Kosovo på grunnlag av tryggingsrådsresolusjon 1244 med mindre Tryggingsrådet bestemmer noko anna. Vi ber begge partane innstendig om ikkje å gjere eller seie noko som kan undergrave tryggingssituasjonen i Kosovo eller andre delar av regionen. Vi forpliktar oss på ny til å halde dei nasjonale styrkebidraga til KFOR, medrekna reservar, på noverande nivå utan nye reservasjonar. NATO vil reagere resolutt på alle forsøk på å gjere Kosovo utrygt for nokon av innbyggjarane.
NATO er parat til å gjere sitt i gjennomføringa av framtidige tryggingsordningar. Vi legg stor vekt på gjennomføring av standardar i Kosovo, særleg når det gjeld vern av etniske minoritetar og område og av historiske og religiøse stader, og på å slå ned på kriminalitet og korrupsjon. Vi vil framleis samarbeide nært med befolkninga i Kosovo, FN, Den europeiske unionen og andre internasjonale aktørar der det er nødvendig for å hjelpe til i den vidare utviklinga av eit stabilt, demokratisk, multietnisk og fredeleg Kosovo.
Erfaringa i Afghanistan og på Balkan viser at utfordringane i dag krev ei samla tilnærming frå det internasjonale samfunnet. Etter pålegg frå stats- og regjeringssjefane våre på Riga-toppmøtet blir det arbeidd med forslag til meir stringent bruk av NATOs eigne krisehandteringsverktøy og til praktisk samarbeid på alle nivå med andre aktørar i planlegginga og gjennomføringa av pågåande og framtidige operasjonar slik situasjonen tilseier. Vi aktar å komme vidare i dette arbeidet før Bucuresti-toppmøtet. Effektiv gjennomføring av ei samla tilnærming krev samarbeid og medverknad frå alle større aktørar.
Vi fordømmer i dei sterkaste ordelag alle utslag av terrorisme, utan omsyn til motiv og metodar, og stadfester at nasjonane våre er fast bestemte på å kjempe mot terrorismen, saman og kvar for seg, så lenge det trengst, i samsvar med folkeretten og FN-prinsippa. Vi står òg fast på å verne befolkningane, territoria, infrastrukturane og styrkane våre mot følgjene av terroriståtak. Vi rosar NATO-initiativa til forsvar mot terrorisme som viktige bidrag i så måte. Alliansen held fram med å tilføre kampen mot terrorisme ein livsviktig transatlantisk dimensjon. Vi forpliktar oss til å forbetre dialogen og samarbeidet med partnarane våre ytterlegare, og ser positivt på all innsats for å setje fart i gjennomføringa av partnarskapshandlingsplanen mot terrorisme. Operasjon Active Endeavour, den maritime NATO-operasjonen i Middelhavet, er framleis eit verdifullt bidrag til kampen mot terrorisme, og vi ser positivt på støtta frå partnarland, som har gjort operasjonen endå meir effektiv.
Vi ser med stor uro på at valdsbruken og ugjerningane i Darfur held fram, og ber alle partar forplikte seg til full stans i kamphandlingane og arbeide vidare for fred gjennom dialog. NATO er parat, etter konsultasjonar med og tilslutnad frå FN og Den afrikanske unionen, til å støtte opp også heretter.
Gjennom opplæringsstyrken i Irak, med den nye gendarmeri-opplæringa under leiing av italienske carabinieri, yter NATO framleis eit verdifullt bidrag til den internasjonale innsatsen for å trene opp irakiske tryggingsstyrkar. Ser vi framover, reknar vi med at det blir utarbeidd nye forslag til eventuell vidare aktivitet etter 2008.
På Vest-Balkan er euroatlantisk integrasjon basert på solidaritet og demokratiske verdiar framleis ein føresetnad for stabilitet på lang sikt. Dette krev samarbeid i regionen, gode nabotilhøve og gjensidig akseptable og rettidige løysingar på uavklarte spørsmål. Vi rosar dei tre landa i handlingsplanen for medlemsskap (MAP) for den høge graden av gjensidig samarbeid som er oppnådd, og vi oppmuntrar partnarlanda i regionen til å følgje dette eksemplet.
Vi stadfester at NATO er ope for nye europeiske medlemmer i samsvar med artikkel 10 i Atltanterhavspakta. Vi verdset den sterke reforminnsatsen til dei tre landa som er engasjerte i MAP – Albania, Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 1, og ber dei intensivere innsatsen kvar for seg. På Bucuresti-toppmøtet aktar stats- og regjeringssjefane våre å invitere dei landa som oppfyller dei resultatbaserte NATO-standardane og har evne og vilje til å medverke til euroatlantisk tryggleik og stabilitet.
Vi ser positivt på framgangen sidan Riga-toppmøtet i arbeidet med å utvikle samarbeidet med Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, og er parat til å auke NATO-bistanden til reforminnsatsen i desse landa. Vi forventar at Serbia og Bosnia–Hercegovina samarbeider fullt ut med Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia. Vi vil følgje nøye med på det dei gjer i så måte. Idet vi ser framover mot toppmøtet i Bucuresti, oppmuntrar vi regjeringa i kvart av dei tre partnarlanda våre på Vest-Balkan til i størst mogeleg grad å utnytte den euroatlantiske partnarskapen til å oppnå dialog, reformer og samarbeid, mellom anna ved å utarbeide kvar sin partnarskapshandlingsplan. Vi uttrykkjer sterk støtte til det arbeidet Den høge representanten og spesialrepresentanten for EU i Bosnia-Hercegovina gjer. Vi var urolege over at Dayton-rammene nyleg var sette under press, og ser positivt på løysinga som er oppnådd. Vi ber leiarane i Bosnia-Hercegovina byggje vidare på dette og vise ansvar ved at dei også heretter støttar gjennomføringa av fredsavtalen frå Dayton. Samarbeidet mellom NATO og EU i EU-operasjonen Althea i Bosnia–Hercegovina, på grunnlag av Berlin-pluss-ordningane, er med og skaper fred og tryggleik.
Vi følgjer nøye med på utviklinga i Georgia og oppmodar dei georgiske styresmaktene til å sikre ein fri valprosess og frie medium. Vi ser positivt på framgangen som er oppnådd i samband med den intensiverte dialogen vi fører, og oppmuntrar Georgia til å gå vidare på reformvegen i samsvar med dei standardane og verdiane NATO arbeider ut frå. Vi set pris på det aukande georgiske bidraget til KFOR og ISAF, og på at landet aktar å delta i operasjon Active Endeavour. Nasjonane våre støttar suverenitet og territorial integritet for Georgia og georgisk engasjement for å løyse konfliktar på eige territorium med fredelege middel, og stadfester at det er viktig for alle partar i regionen å engasjere seg konstruktivt for å fremje regional fred og stabilitet. Vi vil framleis støtte dei euroatlantiske ambisjonane til Georgia, utan å forskottere eit eventuelt alliansevedtak.
Vi stadfester den viktige rolla den spesielle NATO–Ukraina-partnarskapen spelar, og er bestemte på å utnytte den intensiverte dialogen og NATO–Ukraina-kommisjonen til fulle for å styrkje den praktiske hjelpa vi yter til Ukraina. Vi vil framleis støtte Ukraina når og i den grad landet forfølgjer euroatlantiske ambisjonar, utan å forskottere eit eventuelt alliansevedtak. Vi set pris på dei vesentlege bidraga Ukraina yter til den felles tryggleiken, mellom anna gjennom aktiv støtte til operasjon Active Endeavour og alle andre NATO-leidde operasjonar, og oppmuntrar til vidare innsats for å fremje regionalt samarbeid. Vi understrekar at det er viktig å føre ein offentleg informasjonskampanje for å auke forståinga og støtta til NATO–Ukraina-samarbeidet. Vi er bestemte på å halde fram med å hjelpe Ukraina i gjennomføringa av vidtrekkande reformer, særleg i forsvars- og tryggingssektoren.
NATO–Russland-partnarskapen bør framleis vere eit strategisk element i arbeidet for å gjere det euroatlantiske området tryggare. Ti år etter at grunnsakta NATO–Russland blei underteikna, er denne partnarskapen no inne i ein utfordrande fase. Vi er uroa over visse russiske handlingar den seinare tida, mellom anna i sentrale tryggingsspørsmål som traktaten om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE). Vi minner om at NATO–Russland-partnarskapen er basert på eit sett felles prinsipp, verdiar og tilsegner, mellom anna demokrati, sivile fridommar og politisk pluralisme, som vi reknar som bindande. Allianselanda er forplikta av NATO–Russland-partnarskapen og ser på NATO–Russland-rådet som eit sentralt forum for å etablere interessefellesskap. Vi verdset og vil gjerne halde fram med den konstruktive og opne dialogen vi har med Russland, også i spørsmål der vi er usamde. Vi kan alle tene på å styrkje samarbeidet om felles tryggingsinteresser som begge partar er opptekne av, til dømes kampen mot terrorisme, men òg missilforsvar i operasjonsområde og konvensjonell rustingskontroll. Vi har alle vore tente med det samarbeidsnivået som er oppnådd i partnarskapen. Vi ser positivt på det russiske bidraget til operasjon Active Endeavour og det pågåande praktiske samarbeidet om tiltak mot narkotikatrafikken i Afghanistan og Sentral-Asia. Vi håpar at russisk ratifikasjon av styrkestatusavtalen for PFP vil leggje til rette for vidare praktisk samarbeid, særleg innan fellesmilitære prosjekt og støtte til ISAF.
Vi stadfester at NATO-politikken med tilnærming gjennom partnarskap, dialog og samarbeid er ein vesentleg del av formålet og oppgåvene til alliansen. Partnarskapane alliansen har inngått verda over, har ein varig verdi og er med og skaper stabilitet og tryggleik i heile det euroatlantiske området og endå vidare; atten nasjonar utanfor alliansen stiller styrkar og yter støtte til operasjonane og oppdraga våre i dag. Med tanke på dette ser vi positivt på framgangen sidan Riga og stadfester vår forpliktande vilje til å gjere ytterlegare innsats før Bucuresti, slik det går fram nedanfor, for å styrkje partnarskaps- og samarbeidspolitikken i NATO.
Vi set stor pris på dei bidraga partnarane våre yter til NATO-oppdrag og NATO-operasjonar. For å oppnå større interoperabilitet mellom styrkane våre og styrkar frå partnarnasjonane vil vi, i den grad det er mogeleg, frigje dei aktuelle standardane. Vi vil framleis òg tilby partnarland råd om og hjelp med dei forsvars- og tryggingsrelaterte sidene ved reformer.
Vi minner om at Euroatlantisk partnarskapsråd og Partnarskap for fred (PFP) framleis er av stor verdi, og forpliktar oss til å gje dei auka effektivitet og substans. I samband med dette vil vi framskunde arbeidet med å gjere konsultasjonane med partnarar meir fokuserte og meir innretta på aktuelle prioriteringar, mellom anna gjennom bruk av fleksible format, og vi gjev det permanente rådet i oppdrag å utvikle praktiske forslag i den lei. Vi ser fram til å ta imot EAPC-partnarane våre på toppmøtet i Bucuresti.
Vi møter i dag dei sju middelhavspartnarane våre for å gå gjennom den betydelege framgangen i Middelhavsdialogen sidan det første møtet vårt i 2004, og for å diskutere ei ytterlegare utdjuping av tilhøvet vårt og korleis vi kan oppnå ein betre balanse mellom dei politiske og praktiske dimensjonane i samarbeidet. Middelhavsdialogen er løfta opp til å bli ein genuin partnarskap, mellom anna gjennom forbetra sambandsordningar og større fokus på konkrete mål som til dømes interoperabilitet. Vi ser positivt på fullføringa av individuelle partnarskapsprogram med Egypt og Israel og opprettinga av eit middelhavsdialogfond som skal hjelpe Jordan å kvitte seg med gammalt og ubrukeleg krigsmateriell. Vi set pris på bidraga frå dei nasjonane i Middelhavsdialogen som støttar KFOR og operasjon Active Endeavour.
Etter Riga-toppmøtet opna vi for at alle partnarane våre i Middelhavsdialogen, og dei fire golfstatane som deltek i samarbeidsinitiativet frå Istanbul, skulle kunne utdjupe den politiske dialogen og auke det praktiske samarbeidet med alliansen. Vi ser positivt på reaksjonane deira på mellom anna NATO-initiativet om opplæringssamarbeid, og er bestemte på å intensivere samarbeidet ytterlegare på dette og andre område.
På Riga-toppmøtet blei vi samde om å utvikle tettare politiske og militære relasjonar og å styrkje NATO i evna til å samarbeide effektivt med interesserte kontaktland som deler våre interesser og verdiar med tanke på å løyse felles tryggingsutfordringar. Sidan den tid har vi hatt effektive møte med ikkje-NATO-land i ulike format og ført ulike politiske konsultasjonar. Vi ser svært positivt på det viktige og konkrete bidraget fleire av desse partnarane yter saman med dei NATO-allierte i Afghanistan. Vi ser fram til å vidareutvikle det praktiske samarbeidet vårt med Australia, Japan, New Zealand og Republikken Korea, og, etter tilslutning frå Nordatlantisk råd, med andre slike interesserte partnarar.
NATO-landa legg den største vekt på CFE-regimet og understrekar den strategiske verdien av CFE-avtalen som hjørnestein i den euroatlantiske tryggleiken. Med sine system for avgrensingar, informasjonsdeling og verifikasjon gagnar CFE-avtalen alle avtalestatane og Europa sett under eitt ved å sikre stabilitet, ein historisk grad av innsyn og føreseielege og tillitsfulle forhold når det gjeld dei militære styrkane til dei tretti statane som er partar i avtalen.
Det sterke engasjementet vårt for CFE-avtalen står ved lag, og det er vårt ønske at avtalen om tilpassing – som er vårt felles mål, og som ville gjere det mogeleg for nye statar å tiltre avtalen – snarast råd må tre i kraft på ein måte som er i tråd med alliansens prinsipielle posisjon i følgje avsnitt 42 i erklæringa frå Riga-toppmøtet i 2006, slutterklæringa frå allianselanda på den ekstraordinære CFE-konferansen i Wien og andre erklæringar frå alliansen som reflekterer nyare utviklingstrekk. Allianselanda har nøye notert seg dei innvendingane Den russiske føderasjonen har reist om vilkåra avtalen fungerer under. Følgjeleg har vi ført ein allsidig dialog med Den russiske føderasjonen, mellom anna gjennom bilaterale diskusjonar mellom USA og Russland, som har ført til konstruktive forslag om ein veg vidare som respekterer integriteten til traktatregimet med alle sine element. Vegen vidare bør ta omsyn til dei legitime interessene og innvendingane til alle avtalepartane. I så måte ville det vere eit beklageleg tap for alle partar om Den russiske føderasjonen skulle halde fram med einsidige tiltak som kan undergrave CFE-regimet i framtida. Vi beklagar at den russiske presidenten har underteikna lover som ”suspenderer” den russiske gjennomføringa av CFE-avtalen med verknad frå 12. desember 2007.
Vi held oppe eit intensivert engasjement på grunnlag av den pakken av parallelle tiltak som alle allianselanda støttar; dette for å rydde av vegen resterande bekymringar hos alle avtalestatar, oppfylle uteståande tilsegner som går fram av CFE-sluttakta frå 1999 med vedlegg – mellom anna dei som gjeld Republikken Moldova og Georgia, leggje grunnlaget for at alle dei 30 avtalestatane kan ratifisere tilpassingsavtalen og å sikre at alle avtalestatane gjennomfører CFE-avtalen fullt ut. Vi ber Den russiske føderasjonen innstendig om å halde fram med å gjennomføre avtalen og samtidig samarbeide om å løyse desse kompliserte sakene, og å unngå tiltak som kan undergrave CFE-regimet på lang sikt og likeins utsiktene for at tilpassingsavtalen kan tre i kraft.
Vi noterte oss framgangen i det pågåande NATO-arbeidet med missilforsvar av befolkningar og territorium, mellom anna om kva dei missilforsvarselementa USA planlegg i Europa kan få å seie for alliansen, og den ferske oppdateringa om missiltrusselen slik han no avteiknar seg. Vi ser fram til at dette arbeidet skal vere fullført før toppmøtet i Bucuresti. Vi forpliktar oss framleis til konsultasjonar om missilforsvar i NATO–Russland-rådet, og ber Den russiske føderasjonen innstendig om å gå aktivt saman med USA og NATO om å sondere korleis ei samarbeidsbasert tilnærming kan komme i stand.
Vi gjentek at rustingskontroll og ikkjespreiing framleis kjem til å spele ei stor rolle i den samla NATO-innsatsen for å hindre spreiing og bruk av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Vi merkte oss i dag ein rammerapport om rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing som peikar ut område som NATO bør sondere vidare og der NATO kan gje meirverdi til innsatsen i andre leiande internasjonale forum, og om utvida etterleving av tryggingsrådsresolusjon (UNSCR) 1540. Vi ser fram til at denne gjennomgangen skal vere ferdig innan toppmøtet i Bucuresti.
I samband med møtet i dag nyttar vi dessutan høvet til på ny å be Iran innstendig om å etterleve UNSCR 1737 og 1747 og Den demokratiske folkerepublikken Korea om å samarbeide i sekspartsprosessen og etterleve UNSCR 1718.
I Riga noterte stats- og regjeringssjefane våre seg at allierte tryggingsinteresser kan bli påverka av brot i tilførsla av livsviktige ressursar. Dei støtta ein samordna internasjonal innsats for å vurdere risikoar mot energiinfrastrukturar og å tryggje slik infrastruktur. Med tanke på dette gav dei det permanente rådet pålegg om å rådføre seg om dei mest overhengande risikoane innan energitryggleiken. Vi inviterer det permanente rådet til å fullføre arbeidet sitt med å definere område der NATO kan tilføre verdi for å verne om tryggingsinteressene til allianselanda og hjelpe til i nasjonal og internasjonal innsats når det blir bede om det, og på dette grunnlaget å utvikle politikk som kan utfylle slik pågåande innsats innan toppmøtet i Bucuresti.
I Riga slutta stats- og regjeringssjefane våre seg til arbeid for å sikre dei sentrale informasjonssystema i NATO betre mot dataangrep. Vi forventar at politikk med utspring i dette arbeidet er avtala innan toppmøtet i Bucuresti.
Vi gler oss over framgangen som er oppnådd i dei interne NATO-reformene sidan vi sist møttest, og engasjerer oss vidare i dette arbeidet som ein sentral del av den overordna NATO-omdanninga. Vi oppmodar Generalsekretæren til å halde fram med arbeidet for å setje NATO betre i stand til å handtere eit breitt spekter av komplekse operative krav og krav til kapasitetsutvikling, partnarskap og strategisk kommunikasjon. Vi ser fram til fleire forslag på dette viktige området før Bucuresti.
Den nordatlantiske alliansen er framleis fundamentet for det kollektive forsvaret vårt og det sentrale transatlantiske tryggingsforumet. Vi står fast på å spele rolla vår til fulle i den innsatsen verdssamfunnet gjer for å fremje tryggleik og stabilitet. På møtet i dag har vi gjort vedtak som gjer oss endå betre skikka til å ta hand om felles tryggingsspørsmål no og i framtida. Vi har staka ut ein klar kurs fram mot NATO-toppmøtet i Bucuresti i april neste år og for den vidare omdanninga av alliansen.
Fotnotar
Tyrkia godtek Republikken Makedonia under det konstitusjonelle namnet.