St.meld. nr. 45 (2002-2003)

Betre kvalitet i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene

Til innhaldsliste

2 Samandrag

2.1 Status og utfordringar

Dei kommunale pleie– og omsorgstenestene er bygde kraftig ut i dei siste åra, i tråd med måla i «Handlingsplan for eldreomsorgen». Bemanninga er auka med over 12 000 årsverk, og sektoren utfører no meir enn 90 000 årsverk. Dei ytre rammene er lagde til rette, og regjeringa ønskjer i tida framover å endre hovudfokus frå rammer til innhald og frå kvantitet til kvalitet når det gjeld tenestetilbodet. Regjeringa ønskjer spesielt å leggje brukaropplevd kvalitet, valfridom og individuell tilpassing til grunn for utforminga av tenestene.

Det kan forventast ein moderat vekst i talet på eldre over 80 år dei nærmaste åra. Utfordringa kjem for fullt når vi nærmar oss 2020. Det er dette som representerer den største utfordringa når behovet skal vurderast for åra framover. Det har også blitt fleire unge brukarar av heimetenester og omsorgsbustader. Behovet for pleie– og omsorgstenester må også sjåast i nær samanheng med utviklinga i sjukehussektoren og spesialisthelsetenestene. Regjeringa viser i denne samanhengen til tidlegare overslag over behov, jf. St.meld. nr. 34 (1999–2000) og St.meld. nr. 31 (2001–2002) «Avslutning av Handlingsplan for eldreomsorgen».

Det er no nødvendig å rette merksemda mot kvaliteten på tenestene. Undersøkinger viser at kvaliteten gjennomgåande er god, men at det er skilnader mellom kommunane. Svikt i grunnleggjande rutinar, saksbehandling og dekking av psykososiale behov er det som oftast blir peika på som manglar. Det er òg avdekt mangelfull medisinsk diagnostisering og oppfølging. Saksbehandlinga, som skal sikre rettane til brukarane og gjere det mogleg for dei å klage på einskildvedtak, er svak i altfor mange kommunar. Pleie– og omsorgssektoren har mykje å hente ved å styrkje leiarfunksjonane, byggje opp kompetanse og betre rekrutteringa, og samtidig må regelverk og betalingsordningar samordnast og forenklast. Regjeringa ser dette som nokre av dei viktigaste utfordringane i tida framover, og vil i denne meldinga leggje fram målretta tiltak for å betre kvaliteten og gjere ordningar enklare.

Fleksible og individuelle løysingar er det viktigaste svaret på utfordringane vi står overfor når vi skal utforme omsorgstilbodet i eit moderne samfunn. Eit slikt grep krev mellom anna

  • tenestetilbod ut frå behov og uavhengig av bustad

  • individuelle planar og spesifiserte einskildvedtak

  • harmonisering av helse– og sosiallovgivinga

Regjeringa har på denne bakgrunn sett i gang eller vil setje i gang ulike tiltak som skal gjennomførast i perioden 2003–2006.

2.2 Enklare og betre

Regjeringa vil betre kvaliteten og innføre enklare ordningar i den kommunale pleie- og omsorgstenesta gjennom ulike tiltak som kvar på sin måte er med på å utvikle kvaliteten på desse viktige kommunale tenestene.

Samarbeid med kommunane om kvalitetsutvikling

Regjeringa vil i samarbeid med kommunesektoren leggje til rette for systematisk kvalitetsarbeid gjennom utvikling av kvalitetsindikatorar, brukarundersøkingar og offentleggjering av resultat. I ein eigen avtale om kvalitetsutvikling av pleie- og omsorgstenestene mellom Kommunenes Sentralforbund og regjeringa er det lagt vekt på lokalt basert kvalitetsutvikling med sikte på å utvikle brukarretta og omstillingsdyktige pleie– og omsorgstenester.

Samordna regelverk og større rettstryggleik

Spesifiserte einskildvedtak

Slik saksbehandlingsreglane knytte til vedtak om plass i institusjon blir praktiserte i dag, får brukaren berre eit vedtak om plass, utan at det blir gjort greie for det konkrete innhaldet i tenestetilbodet. Det gjer det vanskeleg for brukaren å få nødvendig informasjon om opplegget, og det gjer det også vanskeleg å kontrollere om lovfesta rettar er sikra gjennom vedtaket. Det er også tungvint for kommunane å ha til ulike regelverk å ta omsyn til. Regjeringa vil føreslå at pleie– og omsorgstenestetilbodet i institusjon blir spesifisert i individuelle einskildvedtak, slik det no blir gjort for heimebuande og bebuarar i omsorgsbustader. Regjeringa vil fremme dei nødvendige endringane i kommunehelsetenesteloven og sosialtenesteloven i samanheng med lovframlegget som skal følgje harmoniseringsutvalets innstilling.

Eit enklare og betre harmonisert regelverk

Regjeringa har sett ned eit eige lovutval der mandatet er å forenkle og harmonisere den kommunale helse– og sosiallovgivinga. Siktemålet er

  • å sikre einsarta regulering av likearta tenester

  • å sikre heilskaplege tilbod til brukarar med samansette behov

  • å hindre ansvarsfråskriving mellom tenester og sektorar

  • å forenkle regelverket for brukarar, tenesteytarar og kommunar

Lovforslaget skal leggje til grunn at kommunane skal ha stor fridom til å velje korleis dei vil organisere tenestene, og at samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta skal styrkjast. Utvalet skal leggje fram si innstilling våren 2004.

Felles kvalitetsforskrift og internkontrollforskrift

Sosialdepartementet har utarbeidd ei felles kvalitetsforskrift for tenester etter kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova, med utgangspunkt i den gjeldande forskrifta etter kommunehelsetenestelova. Forskrifta skal vere med på å sikre kvalitet i tenesten til kvar einskild brukar, både i og utanfor institusjon, og innanfor både helsetenestene og sosialtenestene. Forskrifta skal tre i kraft 1. juli 2003. Sosial- og helsedirektoratet vil utarbeide ein ny rettleiar til forskrifta i 2004.

Kommunenes Sentralforbund og Sosialdepartementet vil gjennom avtalen som er inngått, utvikle gode kvalitetsindikatorar og system for å måle kvalitet i pleie– og omsorgstenestene. Dette inneber også å gjennomføre brukarundersøkingar og ta i bruk andre reiskapar for kvalitetsutvikling som kan nyttast av alle kommunar. Det er eit mål at alle kommunar skal ha etablert eit kvalitetssystem for pleie– og omsorgstenestene innan utgangen av 2004, og at kommunal resultatoppnåing skal offentleggjerast og setjast inn i eit system for systematisk samanlikning via ein nasjonal web–portal.

Sosialdepartementet har fastsett ny felles forskrift om internkontroll for sosial– og helsetenestene. Internkontrollforskrifta gir nærmare føresegner om korleis innhaldet i internkontrollen skal vere. Forskrifta tok til å gjelde frå 1. januar 2003.

Saksbehandlarrettleiar

Fleire tilsyn har avdekt nokså alvorleg svikt i saksbehandlinga i kommunane, særleg på det området som har med pleie– og omsorgstenestene å gjere. Eit av dei viktigaste tiltaka for å sikre brukarane betre informasjon og styrkje rettstryggleiken deira er å syte for betre saksbehandling i kommunane. Valfridommen skal sikrast ved at brukarane får høve til å medverke ved utforminga av eit individuelt tilpassa tenestetilbod.

Sosial– og helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for saksbehandling etter sosialtenestelova og kommunehelsetenestelova. Som ein del av den vidare oppfølginga av rettleiaren har Sosial og helsedirektoratet bede fylkesmennene om tilbakemelding når det gjeld kva erfaringer kommunane og regional stat har med rettleiaren. Tilbakemeldinga skal skje gjennom fylkesmennene sine årsmeldingar til direktoratet. Dei vil og støtte og sette igang kurs- og andre opplæringstiltak i saksbehandling. Sosial- og helsedirektoratet vil skipe til ein erfaringskonferanse våren 2004.

Rettstryggleik for brukarar utan samtykkekompetanse

For å sikre alle brukarar nødvendige tenester har regjeringa lagt fram forslag til nye reglar om rettstryggleik ved bruk av tvang overfor visse personar med psykisk utviklingshemming (Ot. prp. nr. 55 (2002–2003). I tillegg har Sosialdepartementet lagt fram eit høyringsnotat med forslag om lov om rettigheter for og begrensning og kontroll med bruk av tvang m.v. overfor personer med demens. Bruk av tvang for å gjennomføre medisinsk behandling er førebels ikkje omfatta av dette forslaget. Regjeringa tek sikte på å fremje ein proposisjon for Stortinget i 2004 om medisinsk behandling utan samtykke. Proposisjonen skal etter planen gjelde fleire grupper av pasientar utan samtykkekompetanse.

Brukaren sin rett til å flytte

Regjeringa vil presisere at dagens regelverk sikrar kvar einskild pleietrengande retten til å flytta mellom kommunar. Kommunar kan difor ikkje nekte å ta imot pleietrengande som ønskjer å flytte til ein anna kommune for å ta imot tenester der. Brukaren kan ikkje krevje å få det same tenestetilbodet i den nye opphaldskommunen som i den tidlegare. Det er opphaldskommunen som sjølv vurderer kva som er eit teneleg tilbod for den einskilde brukaren, såframt tenestene er forsvarlege.

I einskilde tilfelle vil eit dårleg utbygd sjukeheimstilbod eller mangel på omsorgsbustader føre til at sterkt pleietrengande faktisk ikkje kan flytte til ein ny kommune. Regjeringa vil påpeike at dette ikkje er eit rettsleg problem, men eit problem som relaterer seg til omfanget av tenestetilbodet i den einskilde kommune. Regjeringa legg til grunn at utbygginga i samband med handlingsplanen for eldreomsorga vil redusere dette problemet.

Individuell plan

Regjeringa har i Ot. prp. nr. 54 (2002–2003) fremja forslag om å innføre rett til individuell plan for brukarar som har behov for langvarige og koordinerte tenester etter sosialtenestelova, på linje med føresegnene i pasientrettslova, som sikrar slik rett innanfor helsetenestene.

Pasientombod for heile helse– og sosialtenesta

Ei utvida pasientombodsordning vil kunne sikre at brukarane får dekt sine behov og interessene og rettstryggleiken til brukar av helse- og sosialtenesta. Pasientombodet kan være ein meklar mellom brukaren og helse- og sosialtenesta og hjelpe brukarane i møte med tenesta. Å utvide den gjeldande ordninga til også å gjelde kommunehelsetenester og sosialtenester krev lovendringar, og det vil vere behov for å greie ut praktiske forhold knytte til endringane. Regjeringa vil greie ut desse spørsmåla vidare. Eit eventuelt lovforslag vil måtte sendast på høyring.

Samordning av statlege tilsyn

Frå 2003 er Statens helsetilsyn overordna fagleg tilsynsmakt både for helsetenestene og for sosialtenestene. Som ei følgje av samordninga av fylkesmanns– og fylkeslegeembetet er forholda også lagde godt til rette for eit meir samordna og heilskapleg tilsyn med dei kommunale helse– og sosialtenestene.

Språk, kultur og religion

Individuell tilpassing av tenestetilbodet er også det beste svaret på utfordringar som oppstår på bakgrunn av det kulturelle mangfaldet. Pleie– og omsorgstenestene skal i størst mogleg grad vere tilrettelagde med respekt for og i samsvar med språket og den kulturelle og religiøse tilhøyrsla til tenestemottakaren. Å halde i hevd ritual og tradisjonar i samband med sjukdom, død og gravferder er viktige føresetnader for eit kvalitativt godt tenestetilbod. I arbeidet med ny rettleiar til kvalitetsforskrifta, skal det synleggjerast at regjeringa fokuserer på individuelle tenester og auka valfridom. Omsynet til brukarar med anna språkleg, kulturell og religiøs bakgrunn skal også omtalast i rettleiaren. Sosial- og helsedirektoratet har fått i oppdrag å settje i gang ei kartlegging av ressursar og behov i kommunane når det gjeld tilrettelegging av pleie- og omsorgstenester for minioritetar.

Omsorgslønn og hjelpestønad

Regjeringa vil vurdere å slå saman ordninga i folketrygda for ordinær hjelpestønad og den kommunale ordninga for omsorgslønn. Omsorgslønn og ordinær hjelpestønad dekkjer i stor grad dei same behova, og dei burde liggje på same forvaltningsnivå, kommunane. Ein kan tenkje seg at kontantytingar kan nyttast på fleire ulike måtar i samarbeidet mellom kommunane og tenestemottakarar og pårørande når det skal utarbeidast individuelle planar og omsorgspakkar. Spørsmålet skal utgreiast nærmare som ein del av det vidare arbeidet med ein meir heilskapleg gjennomgang av velferdsordningane.

Styrkt leiing og betre organisering

Leiings– og kvalitetsutvikling

Regjeringa ser det som heilt nødvendig å styrkje leiingsfunksjonen i pleie– og omsorgstenestene, og har lagt til rette for eit utviklingsarbeid i perioden 2003–2007, med fokus på kvalitet og leiing i regi av Kommunenes Sentralforbund. Prosjektet har fått namnet «Flink med folk». Satsinga skal byggjast nedanfrå, og målet er at om lag halvparten av alle kommunar i landet skal delta i dette arbeidet.

Tingarkompetansen i kommunane

Kommunane står fritt med omsyn til korleis dei vil organisere tenestene. Mange kommunar har gjennomført eit organisatorisk skilje mellom den offentlege maktutøvinga og produksjon av tenester, og har lagt forholda til rette for konkurranseutsetjing. Regjeringa vil leggje til rette for utprøving av nye organisasjonsløysingar i kommunane og vil tilby kommunane ein erfaringsbank som dei kan vende seg til for å få hjelp, og som kan kvalitetssikre og lette gjennomføringa av slike tiltak. Sosial– og helsedirektoratet vil få i oppdrag å etablere og utvikle ein slik erfaringsbank. Det blir arbeidd med ein tilbodsportal der kommunane kan hente informasjon om tilbodsreglar, døme på løysinger osv., i eit samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet og Kommunenes Sentralforbund.

Elektronisk samhandling

Regjeringa vil følgje opp den statlege tiltaksplanen om elektronisk samhandling i helse– og sosialsektoren. Si@-planen blei avslutta i 2003 og blir følgd opp av ein ny plan der mellom anna samhandling i pleie- og omsorgssektoren blir eit viktig område. Informasjonssystemet IPLOS (Individbasert pleie– og omsorgsstatistikk) vil vere ferdig utvikla hausten 2003, og skal vere landsdekkjande frå 2006.

Samarbeid med spesialisthelsetenesta

På oppdrag frå Sosial– og helsedirektoratet har Fafo utarbeidd dømesamlinga «Når pasienten kommer først». Her er døme på gode samarbeidsløysingar mellom første– og andrelinjetenesta. Regjeringa vil vidare, i eit eige utgreiingsarbeid, kartleggje oppgåvefordelinga mellom spesialisthelsetenestene og dei kommunale helse– og sosialtenestene. Denne vil vere grunnlag for vurdering av andre tiltak for å betre samarbeider mellom forvaltningsnivå.

Bemanningsmål, rekruttering og kompetanseheving

Rekrutteringsplan

Kvalitetsprogrammet må sjåast i samanheng med rekrutteringsplanen for helse– og sosialpersonell for 2003–2006. Regjeringa vil særleg understreke tiltaka for rekruttering av hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar som er svært avgjerande for den kommunale pleie– og omsorgstenesta i åra som kjem.

Bemanningsmål

Regjeringa viser til at det er behova til den einskilde som må styre ressursinnsatsen og bemanninga. Det er gjennom einskildvedtak etter helse– og sosiallovgivinga tenestetilbodet til den einskilde blir fastsett. Regjeringa ønskjer derfor å sikre at også dei som bur i sjukeheimar får einskildvedtak der tenestetilbodet er spesifisert, slik andre får det. Regjeringa vil samarbeide med Kommunenes Sentralforbund om eit opplegg for samanlikning mellom kommunane og offentleggjering av kommunevise resultat- og samanlikningstal i forhold til bemanning og andre kvalitetsindikatorar.

Holdningar og fagetikk

Regjeringa ønskjer å styrkje arbeidet med fagetisk refleksjon og etiske holdningar, og vil be både kommunane og yrkesorganisasjonane om å leggje til rette for opplæring og rettleiing på det yrkesetiske området. Det vil bli gitt ressursar til opplæringsverksemd og utviklingsarbeid gjennom fylkesmennene. Tiltaket er ei konkret oppfølging av St.meld. nr. 28 (1999–2000) «Innhald og kvalitet i omsorgstenestene». I kvalitetsavtalen mellom Kommunenes Sentralforbund og staten er dette eit sentralt punkt. Etablering av erfaringsgrupper er døme på måtar ein kan setje holdningar i fokus på.

Betre medisinsk oppfølging

Både tilsynslege og fastlege

Det har vore ei positiv utvikling i legedekninga i kommunane sidan fastlegeordninga blei innført. Tilgangen på legar i kommunehelsetenesten er i dag tilfredsstillande. Det er likevel behov for å auke omfanget av legehjelp i sjukeheimane. Då fastlegeordninga blei innført, blei det vurdert som tenleg, m.a. ut fra faglege, kvalitetsmessige og ressursmessige omsyn, at legehjelp i sjukeheimane blei dekt gjennom ei tilsynslegeordning. Den einskilde bebuar kan likevel be om å få fastlegen sin til å følgje opp dersom dei ønskjer det. Regjeringa tek utgangspunkt i at dagens ordning med tilsynslege i institusjon blir ført vidare, men vil gå gjennom regelverket for å klargjere at alle som ønskjer det skal få legehjelp av fastlegen sin uavhengig av kvar dei bur.

Sosialdepartementet vil i samarbeid med Helsedepartementet få gjennomført ei kartlegging av legetenester til brukarar av pleie– og omsorgstenester, der legetenester i sjukeheimar også skal takast med, og der ein og ser på økonomiske konsekvensar av ulike løysingar. Kartlegginga vil danne grunnlaget for å vurdere ei framtidig tenleg og forsvarleg organisering av desse tenestene, og vil også danne grunnlaget for tilrettelegging av fagutvikling, forsking og undervisning på området aldersmedisin. Sosial– og helsedirektoratet vil få i oppdrag å stå for kartlegginga.

Kompetanseoppbygging i aldersmedisin

Det er behov for at både fastlegar og tilsynslegar aukar kompetansen sin i aldersmedisin og geriatri. Sosialdepartementet og Helsedepartementet vil i samarbeid med aktuelle miljø vurdere korleis fagutvikling og forsking på dette feltet skal organiserast.

Tenestebasert eigenbetaling

Regjeringa vil arbeide for ei enklare finansierings- og brukarbetalingsordning i pleie- og omsorgstenesta. Regjeringa ønskjer eit system for eigenbetaling som er uavhengig av kvar brukaren bur. Ei harmonisering av dagens ordningar vil innebere endringar på fleire felt. Konsekvensar av ei omlegging i retning av tenestebasert eigenbetaling har blitt utreda våren 2003. Ei endring av regelverket vil ha konsekvensar for forholdet mellom stat og kommune, mellom kommunane og dei einskilde brukarane. Regjeringa vil derfor kome tilbake til dette som eiga sak og sende eit forslag på høyring slik at eit nytt system kan presenterast i kommuneproposisjonen for 2005.

Nasjonal strategi for kvalitet

Sosial– og helsedirektoratet har i samarbeid med Statens helsetilsyn fått i oppdrag å utarbeide ein ny samla kvalitetsstrategi for sosial– og helsetenestene for tiårsperioden fram til 2013. Regjeringa sitt arbeid med betre kvalitet og enklare ordningar blir dermed sett inn i ein meir langsiktig samanheng, og det blir lagt eit grunnlag for varige endringar.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringane som følgje av forslaget om å innføre einskildvedtak uavhengig av kvar brukaren bur, vil kunne føre med seg høgre administrative kostnader. Konsekvensane vil vere avgrensa fordi kommunane også i dag har saksførebuingsplikt, og fordi den utvida grunngivingsplikta er avgrensa til delar av tenestetilbodet.

Til forsida