9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei tiltaka som er føreslått i denne meldinga vil bli gjennomført innanfor gjeldande budsjettrammer. I utgangspunktet vil ikkje dei føreslåtte regelverksendringane pålegge kommunane administrative meirutgifter, med unntak av pålegg om einskildvedtak i institusjonar.
Forslaget inneber at alle brukarar har krav på eit einskildvedtak som spesifiserer tenestebehovet og tenestetilbodet. Avgjerande for om forslaget fører til auka administrative kostnader for kommunen vil mellom anna vere kva kravet til einskildvedtak går ut på i dag, samanlikna med det som følgjer av forslaget.
Etter sosialtenestelova § 8–1 første ledd gjeld forvaltningslova for vedtak etter lov om sosiale tjenester m.v. Andre leddet slår fast at vedtak om tildeling av sosiale tenester er einskildvedtak. Etter kommunehelsetenestelova § 2–1 tredje ledd gjeld ikkje forvaltningslova for vedtak etter denne lova, men det følgjer av fjerde ledd at forvaltningslova likevel blir gjord gjeldande ved tildeling eller bortfall av plass i sjukeheim eller buform med heildøgns omsorg og pleie. Vedtak om tildeling eller bortfall av slike plassar er å rekne som einskildvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd.
For vedtak etter kommunehelsetenestelova § 2–1 fjerde ledd, og for tildeling av plass i institusjonar eller buform med heildøgns omsorgstenester etter sosialtenestelova § 4–2 bokstav d, jf. § 4–3, er det sjølve tildelinga av plass i buforma som er å rekne som einskildvedtak. Dette inneber at ei nærmare konkretisering av tenestetilbodet på institusjonen ikkje må nedteiknast i einskildvedtaket. Dei vanlege krava til grunngiving for vedtaket etter forvaltningslova § 24 vil framleis gjelde. Det vil seie at dei konkrete behova som blir vektlagde i vurderinga om tildeling eller bortfall av plass, skal gå fram av vedtaket, slik at søkjaren har eit grunnlag for ei eventuell klage.
Forslaget innebar at dagens bebuarar i dei ovannemnde buformene også har krav på å få spesifisert kva tenester som skal dekkje tenestebehovet. Ei slik utvida plikt for kommunane vil kunne føre til høgre administrative kostnader. Konsekvensane er likevel ikkje så store, for kommunane har allereie i dag ei plikt til å vurdere det individuelle tenestebehovet ved utforminga av vedtak om plass.
Einskildvedtaket skal gi rett til tenester ut frå det faktiske behovet. For dagens bebuarar i sjukeheimar inneber forslaget at einskildvedtaka ofte må endrast som følgje av auka tenestebehov. For å unngå unødvendig administrativt arbeid bør vedtaka utformast på ein måte som tek omsyn til at det kan bli auka behov for tenester som følgje av ei naturleg sjukdomsutvikling, samtidig som retten til tenester for å få dekt faste og uendra behov blir spesifisert.