1 Bakgrunn
Gjennom europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF er det vedteke eit fleirårig fellesskapsprogramm for å fremje europeisk digitalt innhald (eContent plus ) (2005-2008). Programmet tek sikte på å gjere digitalt innhald i Europa meir tilgjengeleg og enklare å nytte for borgarar og næringsliv. Vedtaket tok til å gjelde 1. januar 2005.
Ettersom norsk deltaking inneber økonomiske forpliktelser over fleire år, er Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen naudsynt, jf Grl. § 26 andre leddet.
Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.
Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsvedtak nr. 456/2005/EF om innlemming i EØS-avtala av eContent plus følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.