3 Konstitusjonelle tilhøve
For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane å ta del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda blir teken i EØS-komiteen. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda syner stort avvik frå det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka bli lagd fram for Stortinget på nytt. Ein tek sikte på avgjerd i EØS-komiteen i løpet av våren 2005.