Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent plus ).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent plus ) i samsvar med eit vedlagt forslag.