6 Vurdering
Informasjonsteknologien får stadig betre rotfeste i vestlege industrinasjonar. Noreg har kome langt i utviklinga, og er på topp i verda når det gjeld talet på Internett-brukarar pr. innbyggjar. Utbygginga av breiband og samansmelting av tele-, data- og mediesektorane opnar for ny produkt- og tenesteutvikling på innhaldssida. Utviklinga på feltet er rask og det er viktig å ta del i den. Stimulering av norsk innhaldsproduksjon vil vere naudsynt for å skape eit allsidig digitalt innhald som både tek omsyn til auka verdiskaping på feltet og den norske kulturarven, og som samstundes kan medverke til effektivisering av den offentlege sektoren.
Visjonen og innsatsområda i eContent plus -programmet er i tråd med dette. eContent plus er eit fleirårig program (2005-2008) som tek sikte på å gjere digitalt innhald i Europa meir tilgjengeleg og enklare tilgjengeleg for borgarar og næringsliv.
Deltaking i eContent plus -programmet går difor naturleg inn som ein del av norsk politikk for utvikling av informasjonssamfunnet i Noreg, og blir sett på som nyttig for norske forskingsmiljø og norsk næringsliv. Norsk deltaking i eContent plus vil vere med på å synleggjere norske interesser og aktørar i EU og på den europeiske marknaden, mellom anna ved at norske aktørar dreg nytte av EU-prosjektmidlar.