2 Nærmare om eContent plus -programmet
eContent plus er eit sentralt verkemiddel i verkeleggjeringa av Lisboa-strategien. Lisboa-strategien er basert på vedtaket i Det europeiske rådet i Lisboa i mars 2000 om å gjere EU til den mest konkurransedyktige, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomien i verda på eit berekraftig og sosialt grunnlag. Ei viktig søyle i Lisboa-strategien er EU sin handlingsplan for informasjonssamfunnet, eEurope 2005. eEurope 2005 er eit politisk program og eit overordna rammeverk for mellom anna EU-programma e-Ten, eContent plus , handlingsplanen for sikrare bruk av Internett og for ei rekkje aktivitetar innanfor forskning, forretningsutvikling, utdanning og elektronisk forvalting (e-Government).
Noreg har gjennom EØS-avtala teke del i dei tre føregåande EU-programma om digitalt innhald: INFO2000 (1996-99), MLIS (Multilingual Information Society) (1997-99) og eContent (2001-2004).
Programmet eContent hadde tre hovudmålsetjingar:
Auke tilgang på og auka bruk av digital informasjon frå offentleg sektor.
Få fleire digitale produkt med fleirspråkleg og fleirkulturelt innhald.
Auke dynamikken i marknaden for digital informasjon, auke tilgjenge til Internett.
Programmet eContent (2001-2004) hadde eit samla budsjett på 100 millionar euro. Dei største prosjekta kunne få 50 prosent støtte inntil 2,5 millionar euro.
I løpet av programperioden for eContent har til saman 66 norske verksemder/organisasjonar delteke i prosjektsøknader. 12 av desse miljøa har motteke støtte. Den totale norske støttedelen i programperioden var på ca. 2,7 millionar euro, eller ca. 22,8 millionar kroner.
Programmet eContent plus tek sikte på å skape gode vilkår for næringsutvikling, og fører vidare på ein meir fokusert måte arbeidet innanfor dei føregåande programma. Tiltaka innanfor eContent plus skal vidare utfylle andre igangverande initiativ innanfor EU, og må sjåast i samanheng med mellom anna det 6. rammeprogrammet for forsking og utvikling, St.prp. nr. 16 (2002-2003), rammeprogrammet for kultur, St.prp. nr. 37 (1999-2000), medieprogramma, St.prp. nr. 56 (2000-2001), utdanningstiltaka, St.prp. nr. 60 og 61 (2003-2004), tiltak for små og mellomstore føretak, St.prp. nr. 5 (1997-1998) og St.prp. nr. 57 (2000-2001) og handlingsplanen eEurope, St.prp. nr. 64 (2000-2001).
I rådsvedtak 456/2005/EF om programmet, blir det peikt på at utviklinga av informasjonssamfunnet og veksten i breiband vil påverke livet til alle borgarar i Europa ved mellom anna å stimulere tilgangen til kunnskap og nye måtar å tileigne seg denne, og på dette viset auke etterspurnaden etter nytt innhald, applikasjonar og tenester.
Vidare blir det vist at tiltak innanfor EU med omsyn til informasjonsinnhald bør ta omsyn til det fleirspråklege og fleirkulturelle særpreget i EU.
Aktivitetane innanfor programmet har små og mellomstore føretak som målgruppe, og er konsentrerte rundt følgjande tre tiltaksområde:
Tiltak for å betre tilgangen, bruken og vidareforedlinga av digitalt innhald innanfor det europeiske fellesskapet.
Tiltak for å leggje til rette for auka kvalitet og for å fremje gode eksempel knytt til digitalt innhald mellom produsentar og brukarar av digitalt innhald på tvers av sektorane.
Tiltak for å styrkje samarbeid mellom offentlege og private innhaldsprodusentar og brukarar, mellom anna organisasjonar og verksemder som gjev eksisterande innhald auka verdi.
Det blir lagt stor vekt på å auke kunnskapen om kor viktig offentlege data er både økonomisk og samfunnsmessig. Tiltaka skal fremje effektivt samarbeid om bruk av offentleg informasjon på tvers av grensene og mellom privat og offentleg sektor.
Tiltaka skal også oppmuntre til auka bruk av stadfest informasjon (geografiske data) og leggje til rette for alleuropeiske innhaldstenester.
Tiltaksområda i programmet grip i stor grad inn i kvarandre.
Tiltaka er i samsvar med det norske synet på utfordringane for digitalt innhald.
Gjennom planane for eNoreg og Strategi for digitalt innhald 2002-2004 har Noreg aktivt følgt opp initiativet til EU på IT-området generelt og på det elektroniske innhaldsområdet spesielt. Fordi Noreg ønskjer ein aktiv IT-politikk, er det viktig også i fortsetjinga å følgje opp dei programma og initiativa som kjem inn under eContent plus og eEurope. Programdeltaking med nasjonale ekspertar er eit viktig ledd i oppfølginga av programmet. Noreg vil ha ein ekspert knytta til sjølve programmet eContent plus .
Det nye programmet eContent plus vart formelt vedteke i EU 9. mars 2005 ved rådsvedtak 456/2005/EF. eContent plus er eit fleirårig program (2005-2008) som tek sikte på å gjere digitalt innhald i Europa meir tilgjengeleg og enklare å nytte for borgarar og næringsliv. På bakgrunn av dette ønskjer Regjeringa å opne for at Noreg også under eContent plus -paraplyen tek initiativ til deltaking i program og initiativ som er naturleg knytt til arbeidet med digitalt innhald i eEurope 2005, innanfor dei budsjettrammene som er vedtekne.
2.1 Organisering av programmet
Europakommisjonen skal, med hjelp frå ein eigen komité, ha ansvaret for gjennomføringa av programmet og for samordninga med andre fellesskapsprogram. Kommisjonen skal mellom anna syte for at tiltaka innanfor programmet blir underlagde ei effektiv førehandsvurdering, oppfølging og etterfølgjande vurdering. Vidare skal Kommisjonen vurdere korleis prosjekta er gjennomført og kva verknader gjennomføringa har hatt, for slik å vurdere om dei opphavlege måla er nådd. Dei utvalde mottakarane skal leggje fram ein årleg rapport for Kommisjonen. Det skal leggjast fram ein vurderingsrapport etter to år og når programmet er avslutta, mellom anna for Europaparlamentet og Rådet. På grunnlag av rapporten kan Kommisjonen gjere framlegg om tilpassing av retningslinjene for programmet.
Sekretariatet for den norske oppfølginga vil førebels bli lagt til Nærings- og handelsdepartementet, men ein tek sikte på å setje desse oppgåvene ut på anbod. Dei nasjonale aktivitetane vil i første omgang vere knytta til å arrangere informasjonsdagar om utlysing av midlar overfor aktuelle søkjarar, med to utlysingsrundar, og utlegging av relevant informasjon om programmet på aktuelle vevsider.
Innanfor ramma av eContent plus -programmet vil ein nasjonal ekspert frå EFTA/EØS-statane vere knytte til Kommisjonen. Det ligger an til at eksperten kjem frå Noreg, som ein får betalt tilbake frå programmet. Ordninga kjem i tillegg til det reine økonomiske bidraget, men ein gjer eit frådrag i bidraget på ca 90,000 euro for kvar ekspert.