4 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltakinga til EØS-EFTA-statane i arbeidet med eit fellesskapsprogramm for å fremje europeisk digitalt innhald (eContent plus ), vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga blir det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at protokoll 31 får ei tilføying om at samarbeidet vert utvida til å omfatte europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005. Artikkel 2 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen kan ta til å gjelde frå 1. januar 2005 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke melding frå alle partane i komiteen i medhald av artikkel 103 i EØS-avtala.
Artikkel 3 slår fast at vedtaket skal kunngjerast i EØS-avdelinga av EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.