7 Konklusjon og tilråding
Etter Nærings- og handelsdepartementet sitt syn vil norsk deltaking i eContent plus -programmet i EU auke medvitet om kor viktig det er å stimulere til norsk digital innhaldsproduksjon. Programmet passar godt saman med viktige norske IT-politiske prioriteringar knytt til næringspolitikken, IT-politikken og fornyinga av den offentlege sektoren. Internasjonalt samarbeid innan forsking og næringsutvikling er her eit viktig supplement til nasjonalt arbeid, og Noreg vil difor ha stor nytte av å ta del i programmet. Nærings- og handelsdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent plus ). Utanriksdepartementet er samd i dette.