10 Obduksjon
10.1 Innleiing
Utkastet til ny obduksjonslov omfattar medisinske obduksjonar. Obduksjonar er medisinske undersøkingar som blir gjennomførte for å vurdere dødsårsak og sjukdomsutvikling hos den avdøde. Obduksjonar er i tillegg ei viktig kjelde til generell kunnskap om kroppen sine reaksjonar på behandling og sjukdom, og om sjukdommar i befolkninga. Den nye lova blir avgrensa mot rettsmedisinske obduksjonar, som er regulert av straffeprosessloven § 228 om sakkyndig likundersøking og Påtaleinstruksen.
I 1985 blei det utført over 6000 medisinske obduksjonar. I 2000 var det tilsvarande talet 3000 medan det i 2013 var 2181. Det betyr at under 10 pst. av alle døde blir obdusert.
Obduksjonsverksemda er viktig for undervisning, kvalitetssikring av den kliniske verksemda og utarbeiding av helsestatistikk. Målet er derfor å auke talet på obduksjonar.
10.2 Gjeldande rett
Obduksjon er regulert i transplantasjonsloven §§ 7 og 8. Obduksjon er ei spesialisthelseteneste.
Obduksjon kan gjerast av medisinske grunnar, dvs. primært for å avklare dødsårsaka, men også for å kvalitetssikre diagnostikk og for å auke kunnskapen om det enkelte sjukdomstilfellet og om sjukdommar i samfunnet.
Transplantasjonsloven gjeld berre for obduksjon av personar som er døde i sjukehus, sjukestover, fødestover og sjukeheimar eller som er brakt døde til ein slik institusjon. Det er ikkje forbode å obdusere personar som har dødd utanfor institusjon. Det må eventuelt skje etter reglane om samtykke til helsehjelp i pasient- og brukerrettighetsloven. Obduksjon etter smittevernloven § 4-5, dvs. når det er nødvendig for å fastslå sjukdommens art eller for å påvise andre forhold som det er viktig å kjenne til for å kunne førebyggje ein slik sjukdom eller motverke at den blir overført, kan gjerast uavhengig av kvar dødsfallet skjedde.
Lova stiller ikkje opp noko uttrykkeleg krav om samtykke for å gjennomføre ein obduksjon.
Obduksjon kan ikkje skje dersom den avdøde eller dei næraste pårørande har uttalt seg mot det, eller det er grunn til å tru at eit slikt inngrep vil vere i strid med livssynet til den avdøde eller dei næraste pårørande til avdøde, eller når andre særlege grunnar talar imot obduksjon. Det er gitt nærare reglar om rett til informasjon om obduksjonen i forskrift om obduksjon. Forskrifta gir også nærare reglar om retten til å nekte bruk av materialet til undervisning og forsking og til framstilling av biologiske produkt.
Helseforskningsloven § 21 gjeld for alle tilfelle der det skal forskast på biologisk materiale som er tatt ut etter at ein person er død, også når materialet er tatt ut i samband med rettsmedisinske obduksjonar. Paragrafen viser til reglane i forskrift om obduksjon. Forskingsprosjektet må dermed m.a. følgje reglane om informasjon til pårørande og dei pårørande sin rett til å nekte forsking. Det kan heller ikkje forskast på materialet når det er grunn til å tru at den avdøde ville ha motset seg slik forsking.
Obduksjonen kan som hovudregel først skje åtte timar etter dødsfallet og etter at dei næraste pårørande er blitt underretta om dødsfallet. Når det av særlege grunnar er nødvendig å bringe dødsårsaken på det reine utan opphald, kan obduksjon gjennomførast sjølv om desse vilkåra ikkje er oppfylt.
Medisinske obduksjonar skal ikkje utførast når det er grunn til å tru at det vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon. Det går ikkje fram av transplantasjonsloven kven som skal gjere denne vurderinga. Patologen som skal utføre obduksjonen har ansvar for at alle vilkåra for medisinsk obduksjon er oppfylt.
Obduksjonar blir gjennomførte av legar og skal utførast på ein etisk forsvarleg måte med respekt for den avdøde. Liket og organ frå liket kan brukast til å la helsepersonell øve på behandlings- og operasjonsteknikkar i samband med obduksjonen.
Nærare reglar om obduksjonsverksemda er fastsett i forskrift 19. mars 2004 nr. 542 om obduksjon m.m. (forskrift om obduksjon) og kunngjorde merknader til denne. Forskrifta har mellom anna reglar om internkontroll i obduksjonsverksemdene, informasjon til dei næraste pårørande og om handtering av liket og biologisk materiale og registrering av opplysingar. Forskrifta omfattar også obduksjon av personar som døyr utanfor institusjon, men denne delen av forskrifta manglar lovheimel.
Etter helsepersonelloven § 36 tredje ledd skal legen som gir erklæring om dødsfallet underrette politiet dersom det er grunn til å tru at dødsfallet er unaturleg. Det er gitt nærare reglar i forskrift 21. desember 2000 nr. 1378 om leges melding til politiet om unaturlig dødsfall o.l.
Transplantasjonsloven § 10a har eit generelt forbod mot kommersiell utnytting av organ, del av organ, celler og vev. Det er forbode med kjøp og sal, og anna kommersiell utnytting av menneskelege organ og delar av organ, celler og vev. Forbodet gjeld kjøp og sal mv. som gir opphav til økonomisk vinning.
Det er gjort unntak frå forvaltningsloven for saker om obduksjon som blir handsama etter transplantasjonsloven. Forvaltningsloven kapittel VII om forskrifter gjeld likevel også for desse sakene.
Transplantasjonsloven har ikkje særlege reglar om pålegg eller administrative sanksjonar. Etter § 14 i lova kan «den som treffer beslutning om uttak av organ eller annet biologisk materiale utan at lovas vilkår foreligger, straffes med bøter…».
10.3 Utvalet sitt forslag
Utvalet foreslo at lova skulle få ein formålsparagraf som klargjer formålet med obduksjonar og presiserer at lova og praktiseringa skal fremje formålet med lova.
Utvalet viste til at behovet for å obdusere når dødsfall skjer utanfor sjukehus og liknande institusjonar er det same som ved dødsfall i institusjon. Utvalet foreslo derfor at dette skiljet ikkje skulle vidareførast.
Utvalet foreslo vidare at regelen i helsepersonelloven § 36 tredje ledd og forskrift 21. desember 2000 nr. 1378 om leges melding til politiet om unaturlig dødsfall o.l. også skal takast inn i den nye transplantasjonslova.
Ifølgje utvalet er det ofte ingen større forskjellar på utføringa av medisinsk og rettsmedisinsk obduksjon. Utvalet meinte derfor at det ville vere rimeleg at det blir stilt same krav til handteringa av materialet mv. ved begge typane obduksjon. Utvalet viste til at straffeprosessloven § 228 berre regulerer når det kan gjennomførast rettsmedisinsk obduksjon og anbefalte derfor at transplantasjonslovens krav om behandling av organ og anna materiale som må takast ut for nærare prøvetaking også skal gjelde ved rettsmedisinsk obduksjon.
Utvalet meinte at obduksjonsfrekvensen har gått ned til eit nivå som fører til mangelfull kvalitetssikring og at rekvisisjonsprosedyrane derfor må sikre at måla i formålsparagrafen blir realiserte. Utvalet foreslo at obduksjon skal vurderast ved alle dødsfall og meinte at alle legar burde kunne rekvirere obduksjon uavhengig av om dei har vore til stades ved sjølve dødsfallet. Utvalet foreslo vidare at det skal stillast krav om at det skal dokumenterast at obduksjon er vurdert.
Ifølge lovutkastet frå utvalet skal dei regionale helseføretaka sikre nødvendig kompetanse og kapasitet slik at medisinske obduksjonar kan gjennomførast i tilstrekkeleg omfang. Vidare skulle kommunelegen og helseføretaka sørge for at obduksjonar blir rekvirerte i eit omfang som varetek nødvendig kvalitetssikring av helsetenestene.
Utvalet uttrykte forståing for at dei pårørande kan ønske obduksjon i tilfelle der legen i utgangspunktet ikkje går inn for dette. Ifølgje utvalet er praksis i dag at slike ønske i stor grad blir imøtekomne. Utvalet meinte likevel at dagens praksis der berre legar kan sette fram krav om obduksjon burde vidareførast. Utvalet viste til at obduksjon vil kunne vere helsehjelp til dei pårørande og foreslo at dei pårørande i slike situasjonar skal kunne klage på avgjerda.
Utvalet foreslo også at obduksjon berre skal kunne utførast av lege og under kontroll og rettleiing (supervisjon) av ein spesialist i patologi.
Utvalet meinte at haldninga til den avdøde må vere det primære grunnlaget for å avgjere om obduksjon kan gjennomførast og at omsynet til integriteten til den avdøde og eigedomsretten til eigen lekam tilseier at hovudregelen bør vere krav om samtykke frå den avdøde. Utvalet viste likevel til at dei viktige samfunnsomsyna som talar for ein høg obduksjonsfrekvens også talar for at krava til samtykke ikkje skal vere for strenge. Utvalet viste til at eit antatt samtykke kan ha grunnlag i antakinga om at avdøde ville ha gitt si tilslutning til at dei pårørande skulle få avklart dødsårsaka og om behandlinga som blei gitt var optimal. Utvalet foreslo derfor at den avdøde skal kunne obduserast med mindre det kan påvisast at den avdøde ville ha vore imot obduksjonen. Utvalet foreslo også at det i forskrift skulle gjevast nærare prosedyrar for å få avklart den avdøde og dei pårørande si haldning til obduksjon.
Utvalet hadde som utgangspunkt at dei pårørande ikkje har rettar til kroppen til den avdøde. Dei viste likevel til at eit antatt samtykke kviler på ei oppfatning om kva avdøde sjølv meinte. Det at dei pårørande motset seg obduksjon kan vere ein faktor som talar mot obduksjon fordi den avdøde også ville ha ønskt at viljen til dei pårørande skulle respekterast. Utvalet gjekk derfor inn for å føre vidare dei pårørande sin rett til å nekte obduksjon.
Utvalet var ikkje kjend med at medisinsk obduksjon er blitt gjennomført i strid med vilja til avdøde eller dei næraste pårørande etter regelen om at obduksjon likevel kan tillatast når særlege grunnar gjer dette nødvendig. Utvalet viste likevel til at det kan vere god grunn til å obdusere ved unaturleg død der påtalemakta ikkje prioriterar å etterforske saka. Utvalet foreslo derfor at mogelegheita for obduksjon av særlege grunner, uavhengig av innstillinga til avdøde eller dei pårørande til avdøde, skulle vidareførast. Utvalet foreslo likevel at kravet om obduksjon i slike tilfelle skal godkjennast av Fylkesmannen. Utvalet understreka at dei pårørande i slike situasjonar må få full informasjon om obduksjonen og om kvifor det er nødvendig med obduksjon.
Sjå nærmare omtale av forslaga til utvalet i NOU 2011: 21 kapittel 9.
10.4 Høyringsinstansane sitt syn
Alle høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet støttar intensjonen om å auke obduksjonsfrekvensen. Pensjonistforbundet skriv t.d.:
Pensjonistforbundet mener at obduksjoner bør skje oftere for å fremme og sikre medisinsk diagnostikk og behandling. Særlig viktig er det at det blir flere obduksjoner av våre eldste eldre. Vi har for mye usikkerhet om diagnostikk og behandling av denne aldersgruppen.
Sørlandet sykehus HF skriv:
Det er viktig at obduksjon muliggjøres på en rask, effektiv og lite byråkratisk måte i de tilfeller det faglig sett vurderes nødvendig.
Alle høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet om å lage ein formålsparagraf er positive til dette.
Alle høyringsinstansane som har realitetsmerknader støttar forslaget om at den nye lova både skal omfatte dødsfall i og utanfor institusjon. Arbeidstilsynet seier seg svært tilfreds med dette forslaget. Dei viser til at dagens organisering i praksis gjer det svært vanskeleg å få utført obduksjonar når dødsfallet skjer utanfor sjukehus. Dei skriv mellom anna:
Dette rammet spesielt tilfeller hos arbeidstakere som døde av sykdommer hvor det var berettiget mistanke om at sykdommen kunne være en yrkessykdom. På grunn av manglende obduksjonsbevis mistet slike arbeidstakere ofte yrkeskompensasjon for sykdommen og vi fikk heller ikke korrekt oversikt over yrkessykdommene i landet.
Mens Legeforeininga skriv.:
I dag oppleves at både ordinære og rettsmedisinske obduksjoner er svært vanskelig å utløse. Forslaget vil kunne rette på dette, og vil således kunne være et betydelig kvalitetsforbedrende tiltak i helsetjenesten.
Høyringsinstansane er delte i synet på forslaget om at den nye obduksjonslova skal ha fellesreglar for medisinsk og rettsmedisinsk obduksjon. Folkehelseinstituttet skriv:
Det er til dels betydelige forskjeller på sykehusobduksjoner, som særlig er en kvalitetssikring av sykehusets diagnostikk og behandling, og rettsmedisinske obduksjoner, som har til primærformål å fastslå en dødsårsak og gi en vurdering av skader og eventuelle sykelige forandringer opp mot et oppgitt hendelsesforløp. Dette betyr også at en rettsmedisinsk obduksjon ofte vil innebære et større repertoar av undersøkelsesmetoder. Om politiet begjærer en rettsmedisinsk obduksjon, innebærer det at det ikke kan utføres en sykehusobduksjon. Trass i disse forskjellene mener Folkehelseinstituttet nå at deler av den nye obduksjonsloven også bør gjelde rettsmedisinske obduksjoner, så langt forholdet til straffelovgivningen (straffeprosessloven og påtaleinstruksen særlig) gjør dette mulig.
Vi mener videre at i den grad straffelovgivningen muliggjør forskning med utgangspunkt i rettsmedisinske obduksjoner, bør bestemmelsen i obduksjonsforskriften av 1. april 2004 om at de nærmeste pårørende skal informeres om at uttatt obduksjonsmateriale kan bli brukt til undervisning og forskning, gjøres gjeldende også for de rettsmedisinske obduksjonene, og da med tydeliggjøring av reservasjonsadgangen.
Den rettsmedisinske kommisjon peikar på at ein ved ein rettsmedisinsk obduksjon ofte vil ta i bruk fleire undersøkingsmetodar, og meiner at det også elles er såpass mange skilnader mellom dei to typane obduksjon at det er vanskeleg å forstå tilrådinga frå utvalet om at delar av den nye lova også bør gjelde for rettsmedisinske obduksjonar. Riksadvokaten og Gades institutt har derimot ingen innvendingar mot forslaget.
Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet støttar forslaget om at obduksjon skal vurderast ved alle dødsfall og at det skal journalførast at vurderinga er gjort. Legeforeininga foreslår at vurderingar gjort i samband med utfyllinga av dødsattesten utanfor sjukehus skal kunne overprøvast av ein annan lege i ettertid, f. eks. av fastlegen til pasienten. Universitetet i Tromsø foreslår at det i tillegg skal dokumenterast kvifor obduksjon eventuelt ikkje blei rekvirert. St. Olavs hospital meiner at det dersom ein vel å ikkje rekvirere obduksjon skal opplysast kor sikker den antekne dødsårsaka er, og kva diagnosen byggjer på. Dei meiner også at det bør framhevast at ønska til dei pårørande om obduksjon bør høyrast og takast med i vurderinga. Nordlandssykehuset HF Bodø støttar forslaget om at departementet skal gi forskrift om rekvisisjonsprosedyrar for obduksjon og meiner at desse bør utarbeidast i samarbeid med Den norske patologiforening.
Den rettsmedisinske kommisjon og Folkehelseinstituttet meiner at det bør innskjerpast at dødsfall der det er mistanke om behandlingsfeil skal meldast til politiet som unaturleg død. St. Olavs hospital ønsker at det skal gå fram av lova at politiet så snart som mogeleg må melde tilbake om dei ikkje ønsker rettsmedisinsk obduksjon.
Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot forslaget om å føre vidare reglane om antatt samtykke til obduksjon. Universitetet i Oslo, Det medisinske fakultet meiner at det er etisk problematisk å opne for at pårørande kan nekte samtykke til obduksjon når avdøde sjølv har ønsket det, og å be om obduksjon i tilfelle der avdøde sjølv ikkje har ønskt dette, og viser til at det ikkje er tungtvegande grunnar til å ha andre reglar for obduksjon enn for transplantasjon frå avdød donor. Riksadvokaten stiller spørsmål ved om obduksjon i noko større grad enn etter forslaget bør kunne gjennomførast uavhengig av samtykke frå dei pårørande.
Nordlandssykehuset HF Bodø støttar forslaget om at mogelegheita for obduksjon av særlege grunnar, uavhengig av innstillinga til avdøde eller dei pårørande, blir oppretthalde og at rekvisisjonen i slike tilfelle skal godkjennast av Fylkesmannen. Ingen av høyringsinstansane uttalar seg om forslaget om å føre vidare regelen om at ein medisinsk obduksjon ikkje kan setjast i gang før det er avklart at det ikkje vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon. Høyringsinstansane har heller ingen merknader til forslaget om at det skal gå fram av obduksjonslova at obduksjonen skal avbrytast og politiet underrettast utan opphald dersom det under ein medisinsk obduksjon blir avdekt forhold som tydar på unaturleg død.
Gades institutt meiner at det bør vurderast om det bør lovfestast at dei pårørande kan få utført obduksjon når legen ikkje har rekvirert obduksjon.
Legeforeininga og Gades institutt meiner at alle obduksjonar må utførast av leger.
Gades institutt er samd i forslaget om at helseføretaka skal få ansvaret for obduksjonsverksemda.
Arbeidstilsynet meiner at det er viktig at også transport til obduksjonssjukehuset blir dekt fullt ut ved dødsfall utanfor institusjon.
Fleire av høyringsinstansane framhevar kor viktig mogelegheita for obduksjon er for undervisning og forsking. Gades institutt skriv t.d.:
Obduksjon har stor betydning i undervisningen av medisinske studenter, og organpatologien danner grunnlaget for forståelse av sykdommer i de fleste, om ikke alle, medisinske fagområder.
Den rettsmedisinske kommisjon skriv:
Det er for øvrig å håpe at forskriftens formulering om bruk av materiale til «fremstilling av biologiske produkt» blir fjernet. Vi er ikke kjent med at det i dag benyttes vev fra obduksjoner til å fremstille kommersielle produkter.
Kirkerådet skriv:
Kirkerådet er tilfreds med at det foreslås en tydeliggjøring i henhold til gravferdsforskriften § 33 ved at det i forslag til lov om obduksjon og annen behandling av lik § 3-2 gis bestemmelse om at implantat må fjernes av helsepersonell.
10.5 Departementet sine vurderingar og forslag
10.5.1 Formålet med den nye obduksjonslova
Ein formålsparagraf kan vere ei viktig markering av dei samfunnsmessige gevinstane av obduksjonsverksemda. Samtidig kan paragrafen markere respekt for den avdøde og ønska til dei pårørande. Ein formålsparagraf vil gi viktige føringar for tolkinga av dei andre paragrafane i obduksjonslova.
Høyringsinstansane hadde ingen innvendingar mot forslaget. Departementet sluttar seg derfor til vurderingane til utvalet og foreslår at den nye lova får ein formålsparagraf som gjer det tydelegare at dei formåla som reglane om obduksjon faktisk fremjar i dag blir vidareførte, dvs. å bidra til at obduksjonar blir gjennomført på ein verdig måte samtidig som dei bidrar til auka kunnskap om dødsprosessar og dødsårsakar, kvalitetssikring av helsevesenet samt legg til rette for undervisning og tileigning av kunnskap.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov § 1.
10.5.2 Verkeområdet for den nye obduksjonslova
Stadig fleire dødsfall skjer utanfor institusjon, mellom anna som følgje av at det i aukande grad blir lagt til rette for at dei som ønsker det skal kunne tilbringe den siste tida heime. Det er viktig med tydelege rammer for medisinske obduksjonar. Det er også viktig at behovet for obduksjon blir vurdert ved alle dødsfall, uavhengig av kvar dødsfallet finn stad. Sjå vurderingane i avsnitt 10.5.4. Departementet sluttar seg derfor til utvalet si vurdering av at reglane bør vere felles for alle medisinske obduksjonar og at verkeområdet for lova derfor bør utvidast slik at skiljet mellom obduksjon av pasientar som døyr heime, på veg til eller i sjukehus eller liknande institusjon blir oppheva.
Departementet har merka seg at fleire av høyringsinstansane er usamde med utvalet i at det som oftast er liten forskjell mellom medisinske og rettsmedisinske obduksjonar når det gjeld framgangsmåten ved undersøking av indre organ. Høyringsinstansane er også delte i synet på om det bør gjevast felles reglar for medisinsk og rettsmedisinsk obduksjon. Departementet er samd i at det kan vere ein fordel at reglane, så langt det er formålstenleg, er like. På den andre sida er det ulike omsyn som ligg bak reglane om medisinsk og rettsmedisinsk obduksjon, noko som kan tilseie ulike regelverk. Departementet viser også til at rettsmedisinsk obduksjon har ei viktig forankring i reglane om strafferettspleia. Departementet er derfor komme til at verkeområdet for den nye obduksjonslova bør avgrensast til medisinske obduksjonar. Departementet ser for øvrig behov for å klargjere kva reglar som gjeld for forsking på biologisk materiale som er tatt ut i samband med ein rettsmedisinsk obduksjon. Sjå nærare omtale i avsnitt 10.5.9.
Departementet sluttar seg vidare til intensjonane til utvalet om at obduksjonslova berre skal regulere sjølve obduksjonen og bruk av organ mv. som er tatt ut i samband med obduksjonen til undervisning og forsking. Bruk av biologisk materiale til behandling av andre menneske blir regulert av den nye transplantasjonslova.
Norsk privatrett og strafferett samt rettspleielovgjevinga gjeld for Svalbard og Jan Mayen med mindre noko anna er fastsett. For andre typar lovgjeving er utgangspunktet det motsette, jf. lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2 og lov 27. februar 1930 nr. 2 om Jan Mayen § 2.
Helselovgjevinga er foreløpig i liten grad gjort gjeldande for Svalbard og Jan Mayen, men departementet har i høyringsbrev av 20. mars 2013 foreslått at ei rekkje helselover heilt eller delvis skal gjerast gjeldande for Svalbard og at nokre få av desse også skal gjerast gjeldande for Jan Mayen. Verkeområdet for transplantasjonsloven og likbehandlingsloven blei ikkje drøfta fordi feltet er under revisjon.
Spørsmålet om kor vidt den nye obduksjonslova skal gjerast gjeldande for Svalbard og Jan Mayen er ikkje drøfta i NOU 2011: 21. Høyringsinstansane har heller ikkje uttalt seg om dette spørsmålet. Dersom det blir aktuelt å gjennomføre obduksjonar på sjukehuset i Longyearbyen, meiner departementet også at det vil kunne blir aktuelt å også la reglane i den nye obduksjonslova gjelde. Departementet meiner dessutan at det uansett bør vurderast om nokre av reglane, som t.d. reglane om at obduksjon skal vurderast ved alle dødsfall og om at krav om obduksjon skal setjast fram av ein lege, bør gjerast gjeldande for Svalbard. Departementet legg vidare til grunn at donasjon av eigen lekam til forskings- og undervisningsføremål kan vere ønskeleg, t.d. med tanke på avgjeving til universitetet i Tromsø og meiner at krava til samtykke også bør kunne gjelde for Svalbard og Jan Mayen.
Departementet foreslår derfor at det i lova blir gitt ein heimel for å gi forskrift om at lova og forskrifter som er heimla i lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard og Jan Mayen og til at departementet kan gi særskilte reglar dersom forholda på øyene gjer det nødvendig.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov § 2.
10.5.3 Ansvar for obduksjonsverksemda
Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet er positive til forslaget frå utvalet om å tydeleggjere at dei regionale helseføretaka har ansvar for å sikre nødvendig kompetanse og kapasitet for gjennomføring av medisinske obduksjonar. Departementet meiner at dette vil gjere det tydeleg at obduksjonsverksemda er ein normal del av oppgåvene til spesialisthelsetenesta og at det vil kunne bidra til å auke talet på obduksjonar.
Meldingar om dødsfall blir sendt til kommunelegen per post. Dødsattesten er ofte svært kortfatta og fylt ut av ein lege som ikkje kjenner den avdøde. Kommunelegen vil derfor måtte ta kontakt med fastlegen til den avdøde eller med den ansvarlege legen på institusjonen der dødsfallet finn stad. Det vil også vere nødvendig å snakke med dei pårørande, mellom anna for å få avklart om den avdøde eller dei pårørande motset seg obduksjon. Dette er oppgåver som vil vere svært tids- og ressurskrevjande for kommunelegen. Departementet er derfor komme til at det ikkje er formålstenleg å pålegge kommunelegen noko ansvar for at det blir kravd tilstrekkeleg mange obduksjonar, slik utvalet foreslår.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov § 4.
10.5.4 Lovfesting av plikt til å vurdere obduksjon ved alle dødsfall
Høyringsinstansane gir sin tilslutnad til forslaget frå utvalet om at det i samband med alle dødsfall der det ikkje blir kravd rettsmedisinsk obduksjon skal vurderast om det skal gjennomførast ein medisinsk obduksjon og at det skal journalførast at vurderinga er gjort.
Fleire av høyringsinstansane gir uttrykk for at krava til journalføringa burde utvidast.
Obduksjon er ofte del av opplæringa av framtidig helsepersonell. I patologiundervisninga inngår obduksjon som ei viktig kjelde til undervisning i sjukdomslære. Obduksjonar gir også grunnlag for ny kompetanse om eksisterande og nye sjukdommar. Eksempel på dette er kva obduksjon har betydd for det vi i dag veit om kugalskap, aids og Alzheimers sjukdom. Vidare er obduksjonar viktige for kvalitetssikringa av helsehjelpa.
Departementet meiner at ei plikt til å vurdere obduksjon ved alle dødsfall og ei plikt til å dokumentere at vurderinga er gjort, vil kunne bidra til auka medvit om at det er viktig å gjennomføre fleire obduksjonar og om kva for dødsfall som bør vurderast nærare. Departementet foreslår derfor at den legen som konstaterer at døden har inntreft, så langt det er mogeleg, skal vurdere om det bør gjennomførast ein medisinsk obduksjon. Departementet sluttar seg til forslaget frå utvalet om at departementet skal kunne fastsette nærare reglar om framsetting av krav om obduksjon. Legen skal også dokumentere at vurderinga er gjort. Kva som er nødvendig i kvart enkelt tilfelle vil variere, og det må derfor vere opp til den enkelte legen å avgjere kva som er tilstrekkeleg dokumentasjon.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov § 5.
10.5.5 Forholdet til rettsmedisinsk obduksjon
Departementet meiner at det er eit viktig prinsipp at rettsmedisinsk obduksjon skal ha prioritet framfor medisinsk obduksjon. Ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot dette. Departementet sluttar seg derfor til forslaget frå utvalet om å føre vidare regelen om at ein medisinsk obduksjon ikkje kan setjast i gang før det er avklart at det ikkje vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon. Departementet sluttar seg også til vurderinga frå utvalet av at det bør gå fram av obduksjonslova at obduksjonen skal avbrytast og politiet underrettast utan opphald dersom det under ein medisinsk obduksjon blir avdekt forhold som tydar på unaturleg død. Sjå også vurderinga av forslaget frå utvalet om at nokre av reglane i den nye obduksjonslova også skal gjelde for rettsmedisinske obduksjonar i avsnitt 10.5.2.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov § 6.
10.5.6 Kven som skal kunne krevje obduksjon
Obduksjon er etter førearbeida til pasient- og brukerrettighetsloven helsehjelp. Fleire av høyringsinstansane viser til den såkalla Benjaminsaka1 og tar til orde for at også dei pårørande bør kunne krevje obduksjon. Departementet har stor forståing for at pårørande også kan ønske obduksjon i tilfelle der legen i utgangspunktet ikkje går inn for dette. Departementet viser likevel til at dei einingane som gjennomfører obduksjonar også har andre viktige oppgåver, t.d. i samband med stilling av kreftdiagnosar og at det derfor vil kunne vere problematisk å gi dei pårørande ein rett til å påverke prioriteringane i helseføretaka. Ifølgje utvalet er praksis i dag at det ved vurderinga av om det skal krevjast medisinsk obduksjon i stor grad blir tatt omsyn til at dei pårørande ønsker det. Departementet sluttar seg til forslaget frå utvalet om at det framleis berre skal vere legar som kan setje fram krav om obduksjon.
Departementet har merka seg at Legeforeininga ønsker at vurderingar som er gjort i samband med utfyllinga av dødsattesten utanfor sjukehus skal kunne overprøvast av ein annan lege i ettertid, t.d. av fastlegen til pasienten. Departementet viser til at lovutkastet berre krev at kravet skal setjast fram av ein lege og at det i dette ikkje ligg noko krav om at det må vere den legen som har konstatert at døden er inntreft.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov § 5.
10.5.7 Samtykke til obduksjon og pårørande sin rett til å nekte
Departementet meiner at det er naturleg å ha same utgangspunkt for obduksjon som for uttak av organ frå ein avdød donor ettersom også obduksjon er eit fysisk inngrep på ein avdød. Ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot forslaget. Departementet støttar derfor forslaget frå utvalet om at det skal leggjast stor vekt på den avdøde si innstilling til obduksjon.
Departementet er samd med utvalet i at det vil vere ei unødvendig belastning for sjuke menneske å krevje at det blir innhenta førehandssamtykke til obduksjon. Dersom ein skulle krevje eit uttrykkeleg samtykke frå avdøde, vil det sannsynlegvis føre til ein ytterlegare nedgang i obduksjonsfrekvensen.
Det vil ofte ikkje vere mogeleg å få eit sikkert svar på om den avdøde ville ha samtykka til obduksjon. Det vil også vere vanskeleg for dei pårørande å ta stilling til kva den avdøde ville ha ønskt. Departementet finn det rimeleg å leggje til grunn som eit generelt utgangspunkt at avdøde sjølv ville ha ønskt at dei pårørande skulle få avklart kva han eller ho døydde av og om den behandlinga som blei gitt var optimal. Det er også grunn til å tru at avdøde i dei fleste tilfella også ville ha motset seg obduksjon dersom hans eller hennar pårørande ikkje ønskte det. Høyringsinstansane hadde ikkje innvendingar mot forslaget frå utvalet om å føre vidare regelen om at medisinske obduksjonar framleis skal kunne gjerast med grunnlag i eit antatt samtykke frå den avdøde. Departementet sluttar seg til vurderinga frå utvalet og foreslår at medisinske obduksjonar også skal kunne gjennomførast når det ikkje er grunn til å tru at den avdøde ville ha motset seg ei slik undersøking. Dei pårørande vil oftast vere den viktigaste kjelda til kunnskap om korleis den avdøde stilte seg eller ville ha stilt seg til obduksjon. Departementet støttar derfor også forslaget frå utvalet om at dei pårørande, så sant det er mogeleg, skal spørjast om det ligg føre forhold som tilseier at den avdøde ville ha motset seg obduksjon.
Departementet viser til at utvalet opplyste at dei ikkje kjente til at mogelegheita for medisinsk obduksjon i særlege tilfelle har vore brukt og at det no finst ein tilsvarande heimel i smittevernloven § 4-5. Departementet er likevel samd med utvalet i at heimelen for å gjennomføre medisinske obduksjonar, dersom det ligg føre særlege grunnar til at den avdøde bør obduserast, bør oppretthaldast og at Fylkesmannen må gi tillating til slike obduksjonar.
Departementet har merka seg at Universitetet i Oslo, Det medisinske fakultet meiner at det er etisk problematisk å opne for at pårørande kan nekte samtykke til obduksjon når avdøde sjølv har ønskt det. Departementet meiner at det er viktig at befolkninga har tillit til obduksjonsverksemda. Ein obduksjon vil berre få praktiske konsekvensar for dei pårørande til den avdøde. Departementet viser også til at det er lagt opp til at helse- og omsorgstenesta skal få heimel til å gjennomføre medisinske obduksjonar i særlege tilfelle. Dei andre formåla med lova vil kunne bli dekte ved obduksjon av avdøde som ikkje har pårørande som har motførestillingar mot dette. Departementet er derfor komme til at dei næraste pårørande til den avdøde framleis skal kunne motsette seg obduksjon.
Departementet er samd med utvalet i at det er viktig at retten til å nekte donasjon blir reell. Departementet støttar derfor forslaget om at næraste pårørande til avdøde, så sant det er mogeleg, skal informerast om at det er ønskeleg med obduksjon, kva den inneber og om mogelegheita for å nekte obduksjon.
Bakgrunnen for dagens hovudregel om at obduksjon ikkje kan gjennomførast før det er gått åtte timar etter dødsfallet er først og fremst omsynet til dei pårørande. Dei skal få tid til å områ seg før dei tar stilling til om dei vil bruke retten til å nekte obduksjon. Departementet viser til forslaget om at dei pårørande, så sant det er mogeleg, skal spørjast om dei kjenner til forhold som tilseier at avdøde ville ha motset seg obduksjon. Departementet viser også til forslaget om at dei pårørande, så sant det er mogeleg, skal få informasjon om at det er ønskeleg med obduksjon, kva den inneber og mogelegheita for å nekte obduksjon. Departementet meiner at desse reglane varetek omsynet til dei pårørande på ein betre måte enn ein rein tidsfrist. Departementet legg dessutan til grunn at sjukehuset uansett bruker den tida som er nødvendig for å komme i kontakt med dei pårørande. Departementet ser derfor ikkje behov for å føre vidare åttetimarsregelen.
Rettsmedisinsk obduksjon og medisinsk obduksjon av særlege grunnar kan utførast uavhengig av ønska til avdøde, og skal derfor prioriterast før ei erklæring om avgjeving av kroppen til undervisning og forsking.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov §§ 7 og 10.
10.5.8 Gjennomføringa av obduksjonen
Reglane i dagens transplantasjonslov er svært knappe. Departementet ser det som ønskeleg at fleire av dei sentrale reglane om gjennomføringa av obduksjonar blir tatt inn i lova.
Ein obduksjon er ei systematisk utvendig og innvendig medisinsk undersøking av ein død person der formålet er å påvise eller utelukke forandringar som er forårsaka av sjukdom eller skade. Krav om medisinske obduksjonar blir sett fram av ein lege, mens rettsmedisinske obduksjonar blir rekvirert etter straffeprosessloven § 228 når det er grunn til mistanke om at eit dødsfall er forårsaka ved ei straffbar handling eller når dødsårsaka er uviss og påtalemakta meiner at særlege forhold krev ei slik undersøking. Høyringsinstansane hadde ingen innvendingar mot desse omgrepsavklaringane. Departementet sluttar seg til forslaget frå utvalet om at desse forklaringane blir tatt inn i lova i form av definisjonar.
Departementet har merka seg at Legeforeininga ønsker at det skal gå fram av lova at obduksjon må gjennomførast av lege. Departementet viser til at helseføretaka har ei generell plikt til å sørge for at verksemda er forsvarleg og foreslår derfor at det ikkje skal gjevast detaljerte reglar i lova om kven som skal kunne gjennomføre medisinske obduksjonar. Departementet viser også til forslaget om at departementet i forskrift skal kunne gi reglar om gjennomføringa av obduksjonar.
Departementet sluttar seg til forslaga frå utvalet om at det skal gå fram av lova at organ og anna materiale kan takast ut av kroppen for nærare undersøking og prøvetaking. Departementet støttar også forslaget om at det skal gå fram av lova at organ skal leggjast tilbake i kroppen når undersøkinga og prøvetakinga er avslutta, med mindre formålet med obduksjonen krev at organet må behaldast for å sluttføre undersøkinga, eller organet skal brukast til undervisning. Helsepersonell og helsefagstudentar skal framleis kunne få undervisning, under dette opplæring i behandlingsteknikkar, i samband med medisinske obduksjonar. Departementet sluttar seg også til forslaget frå utvalet om at departementet skal kunne gi forskrift om korleis obduksjonar skal gjennomførast og om avgjeving og bruk av obduksjonsmateriale.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov §§ 3 og 8.
10.5.9 Særleg om bruk av biologisk materiale frå obduksjonar til forsking og undervisning
Departementet ønsker å framheve at pårørande som ikkje brukar retten til å nekte sjølve obduksjonen kan nekte bruk av biologisk materiale frå medisinske obduksjonar til forsking og undervisning. Departementet foreslår derfor at regelen som i dag står i forskrift om obduksjon blir flytta til obduksjonslova.
Dei pårørande har ikkje rett til å nekte rettsmedisinske obduksjonar. Departementet legg imidlertid til grunn at helseforskningsloven § 21 også gjeld for forsking på biologisk materiale som blir tatt ut i tilknytning til ein rettsmedisinsk obduksjon. Departementet foreslår at helseforskningsloven § 21 blir omformulert slik at dette kjem tydelegare fram. Forskingsprosjektet må dermed følgje reglane som i denne proposisjonen blir foreslått flytta frå forskrift om obduksjon til obduksjonslova, mellom anna om informasjon til pårørande og dei pårørande sin rett til å nekte obduksjon. Det kan ikkje forskast på materialet når det er grunn til å tru at den avdøde ville ha motset seg slik forsking.
Sjå utkastet til ny obduksjonslov §§ 2 og 7 og endringar i helseforskningsloven § 21.
Folkehelseinstituttets praksis rundt forsking på biologisk materiale som er tatt ut i samband med rettsmedisinske obduksjonar på små barn har fått merksemd i media og i Stortinget.
Helsetilsynet har opna tilsynssak mot obduksjonsverksemda ved Folkehelseinstituttet.
Folkehelseinstituttet har opplyst at dei kan ha biologisk materiale som er tatt ut i samband med rettsmedisinske obduksjonar frå så langt tilbake som før andre verdskrig. Dei har vidare opplyst at det har vore forska på plutseleg, uventa død hos små barn («krybbedød») med biologisk materiale frå barn under fire år sidan 1984.
Departementet avventar Helsetilsynets rapport frå tilsynet. Det vil etter dette bli tatt stilling til kva som skal skje med dei prøvene som allereie er tatt ut og korleis dei pårørande skal informerast om retten til å reservere seg mot framtidig forsking på desse prøvene.
Helsedirektoratet har fått i oppdrag å lage ein rettleiar om informasjon om obduksjon og forsking til pårørande når eit lite barn dør. Rettleiaren skal utarbeidast i samarbeid med dei regionale helseføretaka, Folkehelseinstituttet og Landsforeningen uventet barnedød.
Fotnotar
Ein pasient døydde etter ein kneoperasjon. Politiet gjennomførte først etter påtrykk frå familien til den avdøde ein rettsmedisinsk obduksjon. Obduksjonen viste at dødsårsaka ikkje, som først antatt, var blodpropp i lungene (lungeemboli), men opiatforgifting. Dette førte til at det blei reist sak mot sjukehuset for manglande overvaking av pasienten etter operasjonen.