5 Formålet med den nye transplantasjonslova
5.1 Gjeldande rett
Transplantasjonsloven har i dag ingen særskilt formålsparagraf.
Formålet med den gjeldande transplantasjonsloven er å vareta omsynet til den som har behov for å få transplantert organ, celler eller vev for å få behandla sjukdom eller lekamsskade og å beskytte interessene til donor. Dette går mellom anna fram av §§ 1 og 2 som slår fast at uttak berre kan gjerast for behandling av sjukdom eller lekamsskade hos andre. Det går vidare indirekte fram av § 1 som slår fast at inngrep berre er tillete når det ikkje fører til nokon nærliggande fare for helsa til donoren, av samtykkereglane og av reglane om krav til prosedyrar og habilitet.
5.2 Utvalet sitt forslag
Utvalet foreslo at det blir laga ein særskilt formålsparagraf der det går fram at formålet med lova er å legge til rette for tilgang på organ, respektere donors vilje og integritet og å sikre dei pårørande rett til informasjon og medverking. Utvalet meinte at formålet med lova ikkje burde avgrensast til behandling av sjukdom eller lekamsskade hos ein annan person. Utvalet rår likevel ikkje til at den nye lova skal ha forsking som formål ettersom forsking knytt til donasjon og transplantasjon er heimla i helseforskningsloven.
Sjå nærare omtale av forslaget frå utvalet i NOU 2011: 21 avsnitt 8.1.2.
5.3 Høyringsinstansane sitt syn
Alle høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet er positive til at det blir laga ein eigen formålsparagraf. Helsedirektoratet anbefaler at formålet blir formulert meir ut frå eit pasientperspektiv, t.d. ved at det blir presisert at formålet er å skaffe tilgang til organ for å kunne gi livreddande behandling til menneske med livstrugande kroniske tilstander. Høgskolen i Gjøvik skriv:
Det er prisverdig at loven får en klar formålsparagraf som tydeliggjør dens intensjoner. Målet om å sikre respektfull håndtering av donor bør komme på lik linje som målet om å sikre nok organer.
5.4 Departementet sine vurderingar og forslag
Departementet meiner at ein formålsparagraf vil tydeleggjere kva som er hensikta med lova. Ein formålsparagraf vil gi ein viktig bakgrunn for tolking av dei andre paragrafane i lova og retningslinjer ved utøving av skjønn om kva som er forsvarleg praksis, t.d. for kva som vil vere ein sakleg motivasjon for ei avgjerd etter lova. Dei høyringsinstansane som uttalar seg er i hovudsak positive til forslaget frå utvalet.
Departementet meiner at det sentrale formålet med transplantasjonslova framleis skal vere å balansere omsynet til integriteten til den avdøde (og dei næraste pårørande til avdøde) og omsynet til å sikre best mogeleg behandling til alvorleg sjuke menneske. Vidare er det sentralt å verne vilja og integriteten til levande donorar. Departementet sluttar seg derfor i hovudsak til forslaget frå utvalet om innhaldet i formålsparagrafen.
Departementet viser til at det i praksis, i tillegg til behandling, særleg vil være aktuelt å bruke organ, celler og vev til forsking og at helseforsking er regulert i ei eiga lov. Departementet meiner derfor at formålet med transplantasjonslova bør avgrensast til behandling av andre menneske. Departementet foreslår at formålet med lova skal vere å sikre best mogeleg tilgang på organ, celler og vev til behandling av andre menneske, samtidig som vilja og integriteten til donor blir respektert og det blir tatt omsyn til dei pårørande til avdøde donorar.
Sjå utkastet til ny transplantasjonslov § 1.