14 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
14.1 Merknader til dei enkelte paragrafane i transplantasjonslova
Til § 1
Formålet med lova er å sikre best mogeleg tilgang på organ, celler og vev til bruk for transplantasjon. Det inneber mellom anna at alle potensielle donorar må vurderast og følgjast opp. Det vil i første rekke dreie seg om livreddande behandling for mottakar. Andre donasjonar, som hornhinnedonasjon, vil gi betre helse og livskvalitet for mottakar.
Lova skal også sikre integriteten til donor, dvs. at donor skal vere ukrenkeleg, uavhengig og sjølvstendig og at levande donorar ikkje blir påført skade.
Lova skal dessutan sikre openheit. Dei pårørande skal få informasjon om tilstanden til den mogelege donoren og ha rett til å medverke. Dette gjeld særleg ved donasjon frå avdød donor, som er eit følsamt område fordi spørsmål om donasjon må takast opp samtidig som dei pårørande er i sorg og ofte også i sjokk.
Å vareta integriteten til donor, og å sikre openheit, informasjon og omsorg for dei pårørande er heilt nødvendig for å sikre tilliten til donasjons- og transplantasjonsverksemdene.
Sjå nærare omtale i kapittel 5.
Til § 2
Første ledd første punktum slår fast at lova gjeld for alle ledd i prosessen med donasjon og transplantasjon av organ, celler og vev. Lova gjeld både donasjonar frå levande og døde. Lova skil ikkje mellom ulike formar for biologisk materiale og opphevar den tidlegare grensa mot mindre inngrep. Hornhinner er t.d. omfatta av lova. Lova gjeld berre for levande organ, celler og vev. Hår og morsmjølk fell dermed t.d. utanfor verkeområdet for lova. Formålet med transplantasjonen må dessutan vere av terapeutisk art dvs. at transplantasjon berre kan gjerast for å behandle sjukdom eller skade hos eit anna menneske.
Transplantasjon som utelukkande blir gjort som forsking fell utanfor verkeområdet for lova.
Uttak av biologisk materiale til bruk på same person (autolog transplantasjon) er heller ikkje omfatta av lova.
Forbodet mot transplantasjon frå dyr til menneske (xenotransplantasjon) blir vidareført. Sjå § 19.
Donasjon av blod og blodprodukt er regulert i forskrift 4. februar 2005 nr. 80 om tapping, testing, prosessering, oppbevaring, distribusjon og utlevering av humant blod og blodkomponenter og behandling av helseopplysinger i blodgiverregistre (blodforskriften). Forskrifta er mellom anna heimla i smittevernloven. Bruk av vev i samband med forplanting (germinalt vev) er regulert i bioteknologiloven. Første ledd andre punktum vidarefører derfor avgrensinga mot blod, blodkomponentar, blodprodukt og germinalt vev.
Andre ledd gir heimel for å la lova og forskrift med heimel i lova, eller delar av regelverket gjelde for Svalbard og Jan Mayen og for å fastsette særskilte tilpassingar for desse områda.
Donasjons- og transplantasjonsverksemda er i tillegg regulert av den ålmenne helselovgivinga, t.d. spesialisthelsetjenesteloven og pasient- og brukerrettighetsloven. Den ålmenne lovgivinga gjeld så langt det ikkje er gitt særlege reglar i transplantasjonslova.
Sjå nærare omtale i kapittel 6.
Til § 3
Bokstav a definerar uttak som prosessen der humane organ, celler eller vev blir tatt ut av donor og gjort tilgjengelege for transplantasjon. Lova brukar også omgrepet donasjon. Det svarer innhaldsmessig til definisjonen av «uttak», men omgrepet legg større vekt på den delen av prosessen som dreier seg om å gi bort organ, celler eller vev.
Bokstav b definerer donor som ein person som gir organ, celler eller vev til bruk i behandlinga av eit anna menneske uavhengig av om avgjevinga skjer mens personen er i live eller etter at personen er død.
Bokstav c definerar fornybart vev som humane celler og vev som blir gjendanna etter donasjon. Dersom ein levande donor donerer ein bit av levra si, vil levra vekse ut igjen til normal storleik. Sjølv om ein på dette grunnlaget kan seie at levera er fornybart vev, skal donasjon av del av lever ikkje sjåast på som donasjon av fornybart biologisk vev. Det same gjeld for delar av andre organ dersom det i framtida skulle bli mogeleg å transplantere delar av dei.
Pårørande og næraste pårørande skal etter bokstav d vere dei same personane som etter pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 bokstav b. Hovudregelen er dermed at pårørande og næraste pårørande til pasienten er den eller dei som pasienten sjølv har oppgitt. Dersom pasienten er ute av stand til å oppgi pårørande, skal det takast utgangspunkt i rangeringa av pårørande i § 1-3 bokstav b og vurderast kven som i størst utstrekning har varig og laupande kontakt med pasienten. Næraste pårørande vil ofte vere ein person. Det kan også vere fleire personar t.d. barna til den mogelege donoren. Dersom fleire blir rekna som næraste pårørande etter pasient- og brukerrettighetsloven må dei vere samde for å kunne ta avgjerder på vegner av pasienten.
Til § 4
Paragrafen innfører ei plikt for dei regionale helseføretaka til å sørge for tilstrekkeleg kapasitet til å realisere alle aktuelle donorar.
Første ledd slår fast at dei regionale helseføretaka skal sørge for å sikre at alle potensielle donorar kan vurderast og gjevast mogelegheit for donasjon innan helseregionen. Kravet vil i praksis ha mest å seie for donasjon av organ og hornhinner. Det inneber mellom anna at dei regionale helseføretaka må peike ut det talet på helseføretak eller avdelingar i helseføretak som er nødvendig for å vareta oppgåvene etter transplantasjonslova. Dei helseføretaka eller avdelingane som blir utpeikte, må ha nødvendig kompetanse og kapasitet for å kunne gjennomføre ein donasjonsprosess. Dette inneber at donasjonskapasiteten må planleggast ut frå regionale omsyn. I tillegg skal dei regionale helseføretaka sørge for ei organisering i sin region som sikrar at potensielle donorar i andre institusjonar kan gjevast mogelegheit til donasjon, anten ved at den avdøde blir frakta til ein institusjon som kan gjennomføre eit uttak, eller ved at donasjon blir gjort ved det aktuelle sjukehuset med bistand frå andre institusjonar. Det regionale helseføretaket har også ansvar for å sørge for at krava i transplantasjonslova og i forskrifter etter lova blir oppfylt.
Etter andre ledd første punktum kan departementet gi nærare forskrifter om aktivitetane i transplantasjons- og donasjonsverksemdene, under dette krav om godkjenning, krav til godkjende verksemder og plikt til rapportering. I krav ligg både kvalitetskrav og organisatoriske krav, under dette krav til kvalitet, kompetanse og kapasitet.
For å vareta omsynet til kvalitet og sikkerheit stiller organdirektivet og celledirektivet mellom anna krav om at donerte organ, celler og vev skal kunne sporast og om rapportering av uønskte hendingar. Det er derfor behov for å registrere ei rekkje opplysingar om donoren. Registrering av personopplysingar blir som hovudregel basert på samtykke frå den opplysingane gjeld. Den som er død har ikkje lenger samtykkekompetanse. Andre ledd andre punktum gir derfor departementet heimel for å gi forskrift om registrering og anna behandling av opplysingar som er nødvendige for å gjennomføre uttak eller transport av organ, celler og vev og transplantasjonar ved donasjon frå avdøde donorar.
Andre ledd gir den nødvendige heimelen for å følgje opp krava som ligg i organ- og celledirektiva med tilhøyrande kommisjonsdirektiv og for å føre vidare forskrift 7. mars 2008 nr. 222 om krav til kvalitet og sikkerhet ved håndtering av humane celler og vev og forskrift 22. november 2013 nr. 1334 om kvalitet og sikkerhet for humane organer beregnet for transplantasjon. Heimelen gir også mogelegheit for å gi forskrift om registrering av personar som har gitt førehandssamtykke til, eller som ønsker å reservere seg mot, donasjon. Ut over dette gjeld den alminnelege lovgivinga om pasientjournalar og helseregister.
Sjå nærare omtale i avsnitt 9.1 og 9.2.
Til § 5
Paragrafen regulerer donasjon frå levande donor og fører i hovudsak vidare reglane i dagens transplantasjonslov § 1. Første ledd krev at inngrepet ikkje skal medføre nærliggande fare for den fysiske og psykiske helsa til donor. Uttrykket nærliggande fare er vidareført frå den gjeldande transplantasjonsloven § 1 første ledd andre punktum. Spørsmålet er kor stor risiko for skade inngrepet kan ha. Dersom risikoen er ubetydeleg og fjern, kan inngrepet vere akseptabelt. Dersom ein potensiell nyredonor sjølv har pårekneleg auka risiko for å utvikle nyresvikt vil risikoen t.d. bli sett på som nærliggande.
Inngrepet må dessutan vurderast i lys av donors fysiske og psykiske helse. Når det gjeld donors psykiske helse, blir det sikta til sosiale og psykologiske belastningar som følgje av donasjonen. Ein donasjon vil lett skape band eller forventningar mellom donor og mottakar som ikkje var der tidlegare. Slike band eller forventningar kan opplevast positivt, men dei kan også gi sosiale og psykologiske belastningar. Dette gjeld særleg der donasjonen fører til at mottakaren får ein følelse av å ha ei gjeld til donor som ikkje kan gjerast opp. For donor kan samtykket til donasjonen ha bakanforliggande motiv utover det å hjelpe. I slike tilfelle kan det oppstå forventningar til mottakaren som mottakaren ikkje kan eller vil oppfylle.
Andre ledd gjeld for barn mellom 12 og 18 år og vidareførar dei gjeldande reglane for denne gruppa. Personar i denne aldersgruppa kan ikkje gi samtykke på eiga hand. Uttak er berre tillete dersom særlege grunnar talar for det. Lova nemner ein del omsyn det skal leggjast vekt på ved vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar. Desse fører vidare gjeldande praksis. Opprekninga er ikkje uttømmande. Jo meir inngripande uttaket er, desto større krav blir det stilt til donors alder og kor moden han eller ho er. Uttak av ikkje-fornybart vev vil t.d. berre kunne skje når donor er nær ved å fylle 18 år og det er fare for at eit nært familiemedlem vil døy. I eit slikt tilfelle må også donor vere i stand til å samtykke, i tillegg til foreldra.
Tredje ledd gjeld for barn under 12 år og vaksne som ikkje har samtykkekompetanse og vidarefører dei gjeldande reglane for desse gruppene. Frå desse personane kan uttak berre gjerast i unntakstilfelle og berre dersom alle vilkåra som er lista opp er oppfylt. Bokstav a presiserer at donasjonen berre kan gjelde fornybart vev. Uttak av fornybart vev har færre konsekvensar enn uttak av organ eller vev som ikkje blir gjenoppretta. Bokstav b set som vilkår at donasjonen må vere livreddande for mottakaren. Bokstav c slår fast at donasjon frå personar i desse gruppene berre kan finne stad når det ikkje finst aktuelle donorar med sjølvstendig samtykkekompetanse. Bokstav d avgrensar mottakarkrinsen til nær familie. I første rekke kjem donasjon til foreldre, barn eller søsken. I særlege tilfelle kan det også donerast til annan nær familie. Kva som er særlege tilfelle må sjåast i lys av at krava for donasjon frå denne persongruppa allereie er strenge. Det skal mellom anna meir til for at donasjon kan aksepterast til annan nær familie enn til foreldre, barn og søsken.
I fjerde ledd blir det slått fast at personar som ikkje har sjølvstendig kompetanse til å samtykke til donasjon alltid har kompetanse til å motsette seg donasjon. Uttak av ikkje-fornybart vev krev alltid at donor er i stand til å gi eit skriftleg samtykke. Dersom donor nektar kan donasjonen ikkje gjennomførast. For barn må dette kravet sjåast i lys av alderen til barnet og motivasjonen for motstanden jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 4-4 femte ledd om barns rett til å bli høyrt før avgjerda blir tatt. Situasjonen kan vere slik at den mindreårige ikkje har evne til å forstå den fulle rekkevidda av motstanden sin og derfor kan motsette seg inngrepet på eit grunnlag som dei seinare kan angre på. T.d. at barnet motset seg inngrepet av rein trass, eller ikkje ønsker å bli stukke. Kor vidt motstanden er reell, bør avgjerast ut frå dei konsekvensane motstanden kan få for barnet seinare, og kva som ut frå dette vil vere til barnets beste. At barnet må leve med at eit søsken eller ein av foreldra døde fordi barnet motsette seg donasjon av redsel for sprøytestikk, kan vere eit større traume for barnet på sikt enn eit inngrep som det vegrar seg mot. Problemstillinga viser kor viktig det er at donasjonar blir planlagde og utførte på ein slik måte at donoren føler seg trygg.
Sjå nærare omtale i avsnitt 7.5.
Til § 6
Paragrafen gjeld for donasjon frå levande donorar. Første ledd første punktum stiller formkrav til samtykke til donasjon frå levande donor. Den som har samtykkekompetanse må gi eit skriftleg samtykke.
For å vareta omsynet til kvalitet og sikkerheit stiller organdirektivet og celledirektivet mellom anna krav om at donerte organ, celler og vev skal kunne sporast og om rapportering av uønskte hendingar. Det er derfor behov for å registrere ei rekkje opplysingar om donoren. Første ledd andre punktum slår derfor fast at eit samtykke til donasjon også må omfatte behandling av nødvendige opplysingar. Samtykket vil dermed gi den nødvendige heimelen for å følgje opp dei krava som ligg i organ- og celledirektiva dvs. for å føre vidare forskrift 7. mars 2008 nr. 222 om krav til kvalitet og sikkerhet ved håndtering av humane celler og vev og forskrift 22. november 2013 nr. 1334 om kvalitet og sikkerhet for humane organer beregnet for transplantasjon. Utover dette gjeld den alminnelege lovgivinga om pasientjournalar og helseregister.
I andre ledd blir det slått fast at samtykke kan trekkjast tilbake. Samtykker kan både trekkjast tilbake av donor og av den som har samtykkekompetanse på vegner av donor.
Etter tredje ledd får departementet kompetanse til å gi nærare reglar om krav til samtykket.
Sjå nærare omtale i avsnitt 7.5.
Til § 7
Paragrafen gjeld for donasjon frå levande donor. Reglane om samtykke til helsehjelp i pasient- og brukerrettighetsloven gjeld med mindre noko anna er bestemt i transplantasjonslova.
Første ledd første punktum fører vidare aldersgrensa for donasjon frå levande donor på 18 år. Den helserettslege myndigheitsalderen etter pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 første ledd på 16 år gjeld dermed ikkje ved donasjon frå levande donor. Sjå likevel § 5 og merknaden til denne. Myndige donorar kan heilt eller delvis miste samtykkekompetansen dersom dei manglar føresetnader for å ta avgjerd om donasjon. Pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 andre til fjerde ledd regulerer desse situasjonane.
Andre ledd slår fast at barn under 18 år ikkje har sjølvstendig samtykkekompetanse. Terminologien er endra, men innhaldet i dagens reglar blir vidareført. Dei har same rett til å bli høyrt før avgjerda blir tatt som i andre spørsmål om helsehjelp. Foreldra, eller andre som har foreldreansvaret etter barnelova, har rett til å samtykke til donasjon frå barn under 18 år. Dette gjeld likevel ikkje dersom barnet sjølv motset seg donasjonen jf. § 5. Dersom foreldra har delt foreldreansvar må dei vere samde om å gi samtykke til donasjon.
Tredje ledd gjeld for personar som har mista samtykkekompetansen fordi det som følgje av fysiske eller psykiske forstyrringar, senil demens eller psykisk utviklingshemming er klart at dei ikkje er i stand til å forstå kva samtykket omfattar. Helsepersonell skal ut frå alderen, den psykiske tilstanden, erfaringsbakgrunnen og kor moden pasienten er legge forholda best mogeleg til rette for at pasienten sjølv kan samtykke. Dersom personen ikkje sjølv har samtykkekompetanse, har næraste pårørande rett til å samtykke til donasjon. Sjå også merknaden til § 3 bokstav d.
Fjerde ledd gjeld for personar som er fråtatt den rettslege handleevna på det personlege området fordi det er betydeleg fare for at han eller ho vil handle på ein måte som i vesentleg grad vil vere eigna til å skade hans eller hennar interesser. Personen skal, i så stor utstrekning som mogeleg, sjølv samtykke til helsehjelp. Dersom dette ikkje er mogeleg, kan verja samtykke på vegner av personen.
For å sikre at samtykket kviler på omsyn som varetek interessene til personar som ikkje har sjølvstendig samtykkekompetanse, blir det etter femte ledd kravd at samtykke til donasjon frå desse personane skal godkjennast av Fylkesmannen. Det inneber ei endring i forhold til dagens reglar der Fylkesmannen skal godkjenne inngrepet.
Sjette ledd stiller krav for at samtykke skal vere gyldige. Samtykke må byggje på informasjon om helsetilstanden til donoren og om inngrepet, under dette om omfanget og konsekvensane av det. Det må også informerast om mogelege psykiske konsekvensar av donasjonen. Motivasjonen og evna til å vurdere den informasjonen som blir gitt må kartleggast og vere bestemmande for omfanget og detaljgraden i informasjonen. Etter sjette ledd siste punktum har den som gir informasjonen plikt til å forsikre seg om at donoren og den som skal samtykke har forstått informasjonen.
Sjå nærare omtale i avsnitt 7.5.
Til § 8
Paragrafen gjeld for donasjon frå levande donor. Den som har ansvaret for behandling av mottakaren kan ikkje aleine gjennomføre vurderinga av eignaheita til donor. Det blir derfor stilt krav om at ein annan fagperson deltek i vurderinga. Det er ikkje regulert kven dette bør vere, men det bør vere nokon som er i stand til å vurdere motivasjonen til donor, t.d. fastlegen.
Sjå nærare omtale i avsnitt 7.5.9.
Til § 9
Paragrafen gjeld ved donasjon frå levande donor. Etter pasient- og brukerrettighetsloven §§ 2-1a og 2-1b har donorar rett til nødvendig helsehjelp frå kommunens helseteneste, under dette fastlegen, og frå spesialisthelsetenesta.
Første ledd presiserar at donor har rett til å få nødvendig medisinsk og psykologisk utgreiing før det blir gitt samtykke til donasjon. Kor omfattande utgreiinga skal vere må tilpassast situasjonen.
Andre ledd stiller krav om at donor skal sikrast forsvarleg oppfølging etter inngrepet. Det må, i forkant av inngrepet, vurderast om det er behov for å lage ein plan for å sikre ei forsvarleg oppfølging av donor, både når det gjeld medisinske og psykologiske forhold. Kravet om forsvarlege helsetenester jf. helsepersonelloven § 4, helse- og omsorgstenesteloven § 4-1 og spesialisthelsetjenesteloven § 2-2 inneber at utgreiing og oppfølging må gjerast av kvalifiserte og kompetente fagfolk.
Tredje ledd gir departementet heimel for å fastsette meir detaljerte reglar om oppfølging av donorar i forskrift.
Sjå nærare omtale i avsnitt 7.5.8.
Til § 10
Paragrafen gjeld for donasjon frå død donor og gir reglar om stadfesting av døden når det er aktuelt med donasjon. Etter første ledd må døden må vere stadfesta av ein lege før uttak kan finne stad.
Andre ledd omfattar både dødsfall som følgje av hjernedød, og dødsfall der hjarte- og andedrettsfunksjonane har opphøyrt, og slår fast at den legen eller dei legane som konstaterer døden ikkje kan delta under uttaket eller transplantasjonsinngrepet.
Tredje ledd omfattar hjernedød. Den kliniske diagnosen skal stillast av to legar. Den eine av dei skal vere relevant spesialist.
Fjerde ledd gir heimel for å gi forskrift om kriteria i dødsdiagnosen og dermed også til å føre vidare forskrift 10. juni 1977 nr. 2 om dødsdefinisjonen i relasjon til lov om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.
Sjå nærare omtale i avsnitt 8.6.3.
Til § 11
Paragrafen gjeld for donasjon frå donor som døyr på sjukehus. Sjukehuset blir pålagt ansvar for å vurdere om ein person kan vere aktuell som donor når døden er konstatert, eller når det er svært sannsynleg at døden vil inntreffe innan kort tid, og vidare livreddande behandling er formålslaus. Kva som skal reknast som kort tid, må vurderast konkret. Normalt er det berre snakk om få dagar. Ei viktig rettesnor er om situasjonen til pasienten er slik at ein i andre situasjonar ville vurdert å avslutte livreddande behandling.
Det må gjerast ei foreløpig medisinsk vurdering av om organa til avdøde vil kunne brukast til transplantasjon. Dersom ein kjem til at donasjon vil kunne vere aktuelt, må det vurderast om, og eventuelt når, det vil vere riktig å ta spørsmålet om mogeleg donasjon opp med dei pårørande.
Sjå nærare omtale i avsnitt 8.6.2.
Til § 12
Paragrafen gjeld for donasjon frå død donor og regulerer vilkåra for behandling med sikte på donasjon. For avgjerder om livsforlengande behandling gjeld pasient- og brukerrettighetsloven § 4-9.
Spørsmålet om å gi behandling utelukkande med sikte på donasjon kan oppstå i to situasjonar. For det første kan det bli spørsmål om å oppretthalde ei intensivbehandling som allereie er sett i gang. Dette er den vanlegaste situasjonen. For det andre kan det oppstå spørsmål om å setje i gang behandling berre med sikte på donasjon. Eitt eksempel er slagpasientar.
Etter første ledd første punktum er vilkåra for behandling dei same som når donasjon skal vurderast, dvs. at livreddande behandling er formålslaus, og at det er svært sannsynleg at pasienten vil døy i løpet av kort tid, sjå merknaden til § 11. Behandling med sikte på donasjon er behandling der formålet er å halde sirkulasjonen i kroppen i gang mens det blir avklart om vilkåra for donasjon er tilstades. Den behandlande legen kan ta avgjerd om slik behandling. Etter andre punktum kan slik behandling likevel ikkje gjevast dersom ein av dei næraste pårørande til den døde nektar. Formuleringa varetek også situasjonar der fleire personar har status som næraste pårørande, t.d. fleire barn. Sjå også merknaden til § 3 bokstav d.
Situasjonen fram til det er avklart om vilkåra for donasjon er oppfylt, er ein gradvis prosess. Det må takast omsyn til at dei pårørande treng tid. Dei pårørande må først ta til seg beskjeden om at deira kjære ikkje vil overleve, så må dei gjere greie for det dei veit om den avdøde si innstilling til donasjon, og så setje seg inn i kva det vil seie at pasienten er hjernedød. Dersom vilkåra for donasjon er oppfylt, følgjer det av pasient- og brukerrettighetsloven § 3-3 at dei pårørande skal informerast om behandlinga og den risikoen som behandlinga inneber. Det må også takast omsyn til at det kan vere ei belastning for dei pårørande fordi behandlinga kan ta tid. Dette er forhold som må vurderast fortløpande, i lys av kravet til forsvarleg behandling, jf. helsepersonelloven § 4.
Legen skal etter andre ledd første punktum ta stilling til kor lenge det er forsvarleg å gi behandling utelukkande med sikte på donasjon. Det må gjerast ei laupande vurderinga av om slik behandling framleis er forsvarleg. Dersom belastninga for pårørande fram til donasjon kan gjennomførast blir for stor, må dette også føre til at behandlinga blir avslutta. Avgjerda skal takast i samråd med næraste pårørande til pasienten. Sjå også merknaden til § 3 bokstav d.
I andre ledd andre punktum blir helsepersonell pålagt å avslutte behandlinga når det blir avklart at vilkåra for donasjon ikkje er oppfylt.
I tredje ledd får departementet heimel til å gi forskrift om behandling med sikte på donasjon. Dette kan t.d. dreie seg om kva for minimumsvilkår som må ligge føre for at ein potensiell donor kan behandlast.
Sjå nærare omtale i avsnitt 8.6.1.
Til § 13
Paragrafen gjeld for donasjon frå død donor.
Første ledd gjeld for situasjonar der den avdøde hadde gitt uttrykk for sitt syn på donasjon. I dette ligg det at det må vere klare haldepunkt for at den avdøde har gitt uttrykk for eit ønske om å vere donor, skriftleg eller munnleg. Det kan t.d. ha skjedd ved at donor har fylt ut eit donorkort, eller ved at det kan godtgjerast at avdøde har gitt uttrykk for at han eller ho er positiv til å donere etter sin død. Eit antatt samtykke, som t.d. byggjer på at avdøde generelt var ein sjenerøs person, vil ikkje vere tilstrekkeleg etter første ledd. Samtykket er gyldig når han eller ho var over 16 år då det blei gitt.
Næraste pårørande til avdøde kan ikkje motsetje seg donasjon dersom avdøde har gitt samtykke. Det er likevel ikkje eit krav at donasjonen skal gjennomførast. Helsepersonell har ikkje plikt til å tvinge gjennom ein donasjon i strid med ønska til dei pårørande, men bør arbeide for at donasjon kan gjennomførast der det er klart at det er den uttrykkelege vilja til avdøde.
Andre ledd er subsidiært til første ledd og regulerer situasjonen der den avdøde ikkje har gitt samtykke til donasjon. Etter første punktum er donasjon berre tillete dersom det ikkje finst forhold som tilseier at avdøde ville ha motset seg donasjon. Kva for forhold som er aktuelle i denne samanhengen må avgjerast konkret. Det kan t.d. tenkast at den avdøde tilhøyrer eit trudomssamfunn som har eit restriktivt syn på donasjon.
Etter andre punktum skal dei pårørande spørjast om det ligg føre forhold som tilseier at avdøde ville ha motsett seg donasjon. Omsynet bak eit antatt samtykke er at dei pårørande skal sleppe å måtte ta stilling til kva den avdøde ville ha svart på spørsmål om donasjon. Det er derfor viktig å understreke overfor pårørande at dei ikkje skal gjette seg fram til kva avdøde ville ha meint og at dei ikkje skal samtykke på vegner av avdøde. Også her veg omsynet til dei pårørande til avdøde tungt ved at dei berre skal ta stilling til forhold som er lette å konstatere.
Det følgjer av tredje punktum at donasjonen likevel ikkje kan gjennomførast dersom næraste pårørande gir uttrykk for at dei ikkje ønsker dette. Sjå også merknaden til § 3 bokstav d.
Etter fjerde punktum kan donasjon heller ikkje gjennomførast dersom det ikkje er mogeleg å få kontakt med dei pårørande eller dersom avdøde ikkje har pårørande.
Tredje ledd slår fast at donasjon kan gjennomførast frå ein avdød som er under 16 år, dersom den eller dei som har foreldreansvaret samtykker på vegner av den mindreårige. Barnas eigne haldningar bør likevel så langt det er mogeleg respekterast. Etter barnelova § 31 skal synspunkta til mindreårige tilleggast vekt ut frå alder og kor modne dei er. Dersom ingen har foreldreansvar for den mindreårige, kan samtykke gjevast av verja, eller den næraste pårørande dersom det ikkje er oppnemnd verje. Sjå også merknaden til § 3 bokstav d. Sjå også § 21 om framtidsfullmakter.
Sjå nærare omtale i avsnitt 8.5.
Til § 14
Paragrafen gjeld ved donasjon frå avdød donor.
Første ledd pålegg helsepersonell å underrette næraste pårørande om dødsfallet, uttaket og retten til å nekte donasjon før donasjonen blir gjennomført.
Andre ledd slår fast at informasjonen til dei pårørande skal tilpassast den situasjonen dei er i. Det inneber at ein mellom anna må ta utgangspunkt i den kulturelle bakgrunnen til dei pårørande. Spørsmål om donasjon må presenterast på ein slik måte at det er mogeleg for ein lekmann å forstå kva det dreier seg om. Det må mellom anna takast omsyn til at hjernedød er eit komplisert omgrep.
Sjå også merknaden til § 3 bokstav d.
Sjå nærare omtale i avsnitt 8.5.
Til § 15
Paragrafen gjeld for donasjon frå avdød donor.
Paragrafen slår fast at dei pårørande, så sant det lar seg gjere, skal få mogelegheit til å ta avskjed med donor før uttaksprosedyren startar. Kvaliteten på organ og anna biologisk materiale blir redusert relativt kort tid etter at døden er konstatert. Det avgjerande er derfor om det er forsvarleg av omsyn til transplantasjonsbehandlinga.
Til § 16
Paragrafen gjeld både ved donasjon frå levande og død donor. Paragrafen slår fast at fordeling av organ, celler og vev skal baserast på medisinske kriterium. Den rettar seg først og fremst mot transplantasjonsverksemda og stiller krav om at retningslinjene skal vere tilgjengelege og forståelege. Dette gjeld ikkje minst for dei som står på venteliste for fordeling av organ frå avdøde donorar. For at ein skal kunne vurdere om prioriteringa av pasientar er forsvarleg og ha eit eventuelt grunnlag for klage, er det også hensiktsmessig å ha konkrete haldepunkt for korleis vurderinga skal gjerast. Prinsippa må baserast på medisinskfaglege vurderingar, og må derfor kunne endrast i takt med den faglege utviklinga. Regelen føreset at pasienten får ei konkret og individuell vurdering av sitt behov for utgreiing og behandling. Det inneber t.d. at alder i seg sjølv ikkje kan grunngi ei avvising av ei utgreiing eller behandling som pasienten ønsker. Ved donasjon frå ein levande donor kan det i tillegg leggjast vekt på donorens relasjon til mottakaren.
Sjå nærare omtale i avsnitt 9.3.
Til § 17
Paragrafen gjeld både ved donasjon frå levande og avdød donor.
Første ledd slår fast eit anonymitetsprinsipp mellom donor/dei pårørande til donor og mottakar. Anonymitetsprinsippet inneber at donor/dei pårørande til donor og mottakaren sine identitetar skal haldast åtskilt frå kvarandre. Begge partane i ein donasjons- og transplantasjonsprosess vil ha krav på at opplysingar om identiteten til den andre parten blir halde tilbake. Regelen er utforma som eit alminneleg forbod mot å gjere opplysingar om donasjon eller transplantasjon kjent på ein slik måte at partane uforvarande får kjennskap til kvarandre. Rett til anonymitet og vern av eigne personopplysingar følgjer av helsepersonelloven kapittel 5.
Det blir gjort unntak for tilfelle der partane allereie kjenner kvarandre. Det vil typisk vere tilfelle ved donasjon av nyre frå levande donor. Det følgjer av praksis at donor som hovudregel blir henta frå den næraste slekta til mottakaren. I denne situasjonen vil partane vere kjent med kvarandre før donasjonen blir endeleg avklart. I praksis vil regelen derfor berre gjelde der mottakar og donor/dei pårørande til ein avdød donor ikkje var kjent med kvarandre då donasjonen blei gjennomført.
Andre ledd gir heimel for å gi forskrift om korleis anonymiteten skal varetakast.
Sjå nærare omtale i avsnitt 9.4.
Til § 18
Paragrafen gjeld både ved donasjon frå levande og avdød donor.
Første punktum slår fast at dei regionale helseføretaka har ansvar for at utgifter og inntektstap som donor eller den eller dei næraste pårørande til avdød har som følgje av donasjonen, blir kompenserte fullt ut. For ein avdød donors pårørande kan det dreie seg om utgifter i samband med ekstra overnatting i påvente av at sjølve uttaket blir utført, eller at donor må flyttast til eit anna sjukehus for å få realisert donasjonen. Sjå også merknaden til § 3 bokstav d. Slike utgifter kan t.d. vere tapt arbeidsinntekt og/eller utgifter til reise og overnatting. Eventuelle ekstrautgifter for heimtransport av den avdøde inngår også her.
Etter andre punktum har dei regionale helseføretaka likevel ikkje plikt til å dekke utgifter og inntektstap dersom det finst ordningar som gir kompensasjon for slike tap. Eit døme er sjukepengar etter folketrygdloven § 8-4 tredje ledd bokstav i.
Sjå nærare omtale i avsnitt 9.5.
Til § 19
Forbodet i dagens transplantasjonslov § 6a blir vidareført. Paragrafen gjeld både ved donasjon frå levande og døde dyr. I levande biologisk materiale frå dyr ligg det organ, celler eller vev, eller delar av desse som er berekna til transplantasjon i menneske eller andre medisinske formål. Andre medisinske formål omfattar mellom anna kliniske forsøk der blod eller anna kroppsvæske frå menneske kjem i kontakt med levande biologisk materiale frå dyr utanfor kroppen og deretter blir ført tilbake til mennesket. Forbodet omfattar både kliniske forsøk og alle formar for medisinsk behandling med levande biologisk materiale frå dyr.
Sjå nærare omtale i avsnitt 6.5.
Til § 20
Paragrafen gjeld både ved donasjon frå levande og død donor.
Første punktum rettar seg mot handlingar som er gjort for å oppnå økonomisk vinning ved donasjon. Donasjonane vil som oftast vere eit resultat av eit målretta arbeid med å verve organseljarar til sjukehus som tilbyr transplantasjonsbehandlingar mot betaling. Alle som opptrer som mellommenn i transaksjonen er omfatta av forbodet. Mellommenn kan vere aktørar som medverkar til transaksjonen (agentar som vervar donorar, reisebyrå, klinikkar som averterer med «nyrepakkar» osv.) Det same gjeld den helseinstitusjonen som tar imot materialet. Det avgjerande er at handlinga er utført i den hensikt å oppnå økonomisk vinning. Det har inga betyding om aktørane faktisk har oppnådd økonomisk vinning.
Andre punktum rammar også dei som medverkar til transaksjonen. Det same vil gjelde for dei som trer inn i kjøparen sin stad, t.d. eit forsikringsselskap der forsikringa omfattar kjøp av medisinsk behandling.
Sjå nærare omtale i avsnitt 9.6.
Til § 21
Paragrafen gjeld ved donasjon frå både levande og avdød donor og gir heimel for at framtidsfullmakter etter vergemålsloven kapittel 10 også kan omfatte donasjon av organ. Av pedagogiske omsyn er det tatt med at framtidsfullmakta også kan omfatte donasjon av celler og vev, sjølv om dette allereie følgjer av vergemålsloven.
Transplantasjonslova tillet ikkje donasjon av organ frå levande vaksne som ikkje har samtykkekompetanse. Ei framtidsfullmakt til donasjon frå levande givar vil dermed berre omfatte samtykke til donasjon av fornybart vev frå ein levande donor. Sjå §§ 5 tredje ledd og 7 og nærare omtale i avsnitt 3.3.2 og 7.5.4.
Avgjerder om donasjon frå død donor kan ikkje takast før døden er konstatert, eller når det er svært sannsynleg at døden vil inntreffe innan kort tid og vidare livreddande behandling er formålslaus. I slike situasjoner vil ei framtidsfullmakt som omfattar donasjon av organ, celler og vev frå avdøde kunne gi framtidsfullmektigen kompetanse til å samtykke til og til å nekte donasjon, bl.a. med den følgje at pasientens næraste sin rett til å nekte donasjonen blir sett til side. Sjå § 13 andre ledd.
Sjå nærare omtale i avsnitt 9.7.
Til § 22
Paragrafen gjeld både for donasjon frå levande og donasjon frå avdød donor.
Første punktum slår fast at forvaltningslovens reglar om førebuing av enkeltvedtak, vedtak, klage og omgjering og om verknad av feil og utsett iverksetjing ikkje gjeld for avgjerder som blir treft etter transplantasjonslova. Dei andre reglane i forvaltningsloven gjeld for avgjerder etter transplantasjonslova som følgje av at forvaltningsloven generelt gjeld for helseføretaka.
Etter andre punktum gjeld reglane i pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7 for avgjerder om utgreiing og oppfølging av levande donorar og om kompensasjon for utgifter og tapte inntekter i samband med donasjon.
Sjå nærare omtale i avsnitt 12.1.4.
Til § 23
Paragrafen gjeld både for donasjon frå levande og donasjon frå avdød donor. Første ledd viser til reglane i spesialisthelsetjenesteloven. Statens helsetilsyn får dermed myndigheit til å gi donasjons- og transplantasjonsverksemder pålegg om å rette manglar. Statens helsetilsyn kan gi pålegg om retting av brot på reglar som er gitt i, eller i medhald av, transplantasjonslova og forskrifter etter denne. Tilsynsmyndigheita skal gi ein frist for når retting skal vere utført.
Straff etter andre ledd vil først og fremst vere aktuelt for helsepersonell som foretar donasjon i strid med vilkåra. Strafferegelen omfattar likevel også andre som bryt reglane i lova, t.d. § 20 om forbod mot kommersiell utnytting. Straffeloven § 224 gjeld i tillegg.
Sjå nærare omtale i avsnitt 12.2.4.
Til § 24
Endringane i bioteknologiloven er ei følgje av at reglane om bruk av fostervev blir flytta frå dagens transplantasjonslov til bioteknologiloven. Paragrafane har dessutan, i tråd med systematikken i bioteknologiloven, fått overskrifter. Dagens transplantasjonslov § 10a andre ledd blir vidareført i bioteknologiloven § 4A-2 fjerde ledd. Endringane inneber ikkje realitetsendringar.
14.2 Merknader til dei enkelte paragrafane i obduksjonslova
Til § 1
Paragrafen vidarefører formålet med dagens reglar om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking i ein særskilt formålsparagraf.
Bokstav a slår fast at all behandling av lik skal skje på ein verdig måte. Det gir føringar for alle ledda i obduksjonsprosessen og for all bruk av lik i undervisning og forsking.
Etter bokstav b er eit anna viktig formål med lova å gi generell kunnskap om dødsårsaker og dødsprosessar. Lova skal mellom anna bidra til ein påliteleg dødsårsaksstatistikk. Opplysingane er viktige for planlegginga av helsetenestene og for forsking, jf. forskrift 21. desember 2001 nr. 1476 om innsamling og behandling av helseopplysninger i Dødsårsaksregisteret (dødsårsaksregisterforskriften).
Bokstav c slår fast at lova skal legge til rette for kvalitetssikring i helse- og omsorgstenesta. Kvalitetssikring av diagnostikk og behandling krev at obduksjonar omfatter dødsfall der det er usikkerheit rundt dødsårsaka, og dødsfall der obduksjonen blir gjort for å etterprøve om diagnosen og behandlinga var riktig. Lova skal også legge til rette for undervisning og kunnskapstileigning.
Sjå nærare omtale i avsnitt 10.5.1.
Til § 2
Første ledd første punktum slår fast at lova gjeld for medisinske obduksjonar. Det går fram av § 3 bokstav b at medisinske obduksjonar er obduksjonar som er kravd av ein lege. Verkeområdet for lova er ikkje avgrensa mot obduksjon av personar som dør utanfor helseinstitusjon, slik dagens lov er. Den nye obduksjonslova regulerer alle medisinske obduksjonar. Lova regulerer ikkje rettsmedisinske obduksjonar.
Det går fram av andre punktum at reglane om forsking på biologisk materiale gjeld tilsvarande for materiale som er tatt ut i samband med ein rettsmedisinsk obduksjon. Dette følgjer allereie av helseforskningsloven, men er av informasjonsomsyn også tatt inn i paragrafen om verkeområdet for den nye obduksjonslova.
Lova gjeld også for avgjeving av lik til bruk i undervisning og forsking. Lova regulerer dessutan nødvendig fjerning av implantat før kremering. Lova legg vidare restriksjonar på å ta lik ut av landet ved mistanke om unaturleg dødsfall.
Andre ledd gir heimel for å la lova og forskrift med heimel i lova, eller delar av regelverket, gjelde for Svalbard og Jan Mayen og for å fastsette særskilte tilpassingar for desse områda.
Obduksjonsverksemda er i tillegg regulert av den ålmenne helselovgjevinga, t.d. spesialisthelsetjenesteloven. Den ålmenne lovgjevinga gjeld så langt det ikkje er gitt særreglar i obduksjonslova.
Sjå nærare omtale i avsnitt 10.5.2.
Til § 3
I bokstav a blir obduksjon definert som ei systematisk utvendig og innvendig medisinsk undersøking av ein død person der formålet er å påvise eller utelukke forandringar som skuldast sjukdom eller skade.
I bokstav b og c blir medisinsk obduksjon og rettsmedisinsk obduksjon definert med utgangspunkt i kven som set fram kravet om obduksjon.
Den dødes pårørande og næraste pårørande skal etter første ledd bokstav d vere dei same personane som etter pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 bokstav b. Hovudregelen er dermed at den pårørande og næraste pårørande til pasienten er den som pasienten sjølv har oppgitt. Dersom pasienten er ute av stand til å opplyse kven han eller ho reknar som pårørande, skal det takast utgangspunkt i rangeringa av pårørande i § 1-3 bokstav b og vurderast kven som i størst utstrekning har varig og laupande kontakt med pasienten. Næraste pårørande vil ofte vere ein person. Det kan også vere fleire personar t.d. barna til den mogelege donoren. Dersom fleire blir rekna som næraste pårørande etter pasient- og brukerrettighetsloven, må dei vere samde for å kunne ta avgjerder på vegner av pasienten.
Til § 4
Paragrafen gjeld for medisinske obduksjonar.
Dei regionale helseføretaka blir pålagt å sørge for at det finst nødvendig kompetanse og kapasitet for å gjennomføre medisinske obduksjonar. I dette ligg at dei regionale helseføretaka skal sørge for at det blir avsett tilstrekkelege ressursar til obduksjonsverksemda, slik at dei kan gjennomføre obduksjonar ved dødsfall både i og utanfor sjukehus, og dermed bidra til ein obduksjonsfrekvens og seleksjon av dødsfall der det blir gjennomført obduksjonar som varetek formåla med lova.
Sjå nærare omtale i avsnitt 10.5.3.
Til § 5
Paragrafen gjeld for medisinske obduksjonar.
Dagens regelverk har ingen uttrykkeleg regel om kven som kan sette fram krav om medisinsk obduksjon. Medisinsk obduksjon blir normalt kravd av legar. Det blir rekna for å vere best i samsvar med kravet om forsvarleg helsehjelp i helsepersonelloven § 4. Det følgjer derfor av første ledd at krav om obduksjon skal setjast fram av ein lege.
Andre ledd pålegg den legen som konstaterer at døden har inntreft å vurdere om den døde bør obduserast. For å bidra til ein einskapeleg praksis, og til at det blir sett fram tilstrekkeleg mange krav om obduksjon, er hovudregelen at det skal vurderast om det bør setjast fram krav om obduksjon. Unntaket er meint å vere ein sikkerheitsventil for situasjonar der det ikkje er praktisk mogeleg å krevje at legen gjer ei slik vurdering. Det skal dokumenterast at vurderinga er gjort, t.d. i pasientens journal.
Etter tredje ledd er det sjukehuset som mottek kravet om obduksjon som skal avgjere om kravet skal etterkommast.
Fjerde ledd gir heimel til å gi utfyllande prosedyrekrav i forskrift.
Sjå nærare omtale i avsnitt 10.5.6.
Til § 6
Helsepersonelloven § 36 tredje ledd pålegg legar å melde frå til politiet om unaturlege dødsfall. I slike tilfelle kan det bli aktuelt med rettsmedisinsk obduksjon. Etter første ledd blir rettsmedisinske obduksjonar prioritert før medisinske. Kva for dødsfall som blir rekna som unaturlege, og dermed meldepliktige, går fram av forskrift 21. desember 2000 nr. 1378 om leges melding til politiet om unaturlig dødsfall o.l. (forskrift om melding av unaturlig dødsfall).
Medisinsk obduksjon kan utførast dersom det er avklart at det ikkje vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon. Det er tilstrekkeleg at slik avklaring blir gjort munnleg.
Etter andre ledd må ein påbegynt medisinsk obduksjon avbrytast dersom det under obduksjonen blir avdekt forhold som tyder på unaturleg død. Rettsmedisinske obduksjonar skal dermed også ha prioritet der ein medisinsk obduksjon er påbegynt. Obdusenten har plikt til å melde frå til politiet om unaturlege dødsfall.
Sjå nærare omtale i avsnitt 10.5.5.
Til § 7
Paragrafen gjeld for medisinske obduksjonar.
Første ledd første punktum vidarefører regelen i dagens transplantasjonslov § 7 andre ledd om at obduksjon kan gjennomførast dersom det ikkje er grunn til å tru at den avdøde ville ha motset seg obduksjon. Dersom det ligg føre forhold som gir grunn til å rekne med at den avdøde ville ha motset seg obduksjonen, er hovudregelen framleis at obduksjon ikkje kan gjennomførast. Eit eksempel på slike forhold kan vere at avdøde tilhøyrte ein bestemt religion som har ei restriktiv haldning til obduksjon. Dei pårørande vil oftast vere ei viktig kjelde til kunnskap om korleis den avdøde stilte seg, eller ville ha stilt seg, til obduksjon. Dei skal derfor, etter første ledd andre punktum, så sant det er mogeleg, spørjast om det ligg føre forhold som tilseier at den avdøde ville ha motset seg obduksjonen.
Andre ledd første punktum vidarefører nektingsretten i transplantasjonsloven § 7 andre ledd dvs. at den avdøde ikkje kan obduserast dersom næraste pårørande til avdøde motset seg obduksjon. Dei pårørande til avdøde har også rett til å reservere seg mot visse sider av obduksjonen, sjå tredje ledd. Dersom fleire er næraste pårørande er det tilstrekkeleg at ein av dei nektar obduksjon.
Dei pårørande til avdøde skal, etter andre ledd andre punktum, så sant det er mogeleg, informerast om at det er ønskeleg med obduksjon. Informasjonen skal omfatte alle sider ved obduksjonen, under dette at dei næraste pårørande kan reservere seg mot han. Det er likevel ikkje meininga at obduksjonsprosedyren skal beskrivast i detalj og informasjonen må tilpassast den aktuelle situasjonen. Så sant det er mogeleg inneber at kravet om at dei pårørande skal kontaktast ikkje er absolutt. Omgrepet må likevel tolkast strengt. Medverknad til helsehjelp er eit viktig prinsipp i helselovgjevinga. Det blir derfor kravd at det er gjort ein viss innsats for å spore opp pårørande. Den avdøde kan obduserast i tilfelle der dei pårørande ikkje kan sporast eller ikkje nåast.
I tredje ledd blir det slått fast at reglane i første og andre ledd også gjeld når biologisk materiale som er tatt ut i samband med ein obduksjon, skal brukast til undervisning eller forsking. Dette inneber mellom anna at pårørande kan tillate sjølve obduksjonen, men nekte bruk av biologisk materiale til undervisning utover sjølve obduksjonen. Tredje ledd vidarefører i hovudsak dagens reglar i forskrift 19. mars 2004 nr. 542 om obduksjon m.m. i §§ 6 andre ledd og § 9 første ledd (forskrift om obduksjon). Biologisk materiale som er teke ut i samband med obduksjon, kan gjevast vidare til mellom anna anatomiske institutt ved universiteta og til andre lærestader i medisinske fag til bruk i undervisning og forsking. Dette gjeld likevel ikkje dersom det er grunn til å tru at den avdøde ville ha motset seg ein slik bruk eller dersom ein av dei næraste pårørande nektar slik bruk. Det er ein føresetnad at dei pårørande har fått informasjon om at slik bruk er ønskeleg og om retten til å nekte.
I fjerde ledd er det gitt unntak frå samtykkekravet dersom særlege grunnar tilseier at den avdøde bør obduserast. Dette vil vere tilfelle der dei samfunnsmessige omsyna har så stor vekt at dei bør vege tyngre enn oppfatninga til den avdøde og dei pårørande til den avdøde. Fjerde ledd er i hovudsak ei vidareføring av den gjeldande lova § 7 fjerde ledd. Eit eksempel på særlege grunnar kan vere at obduksjon er nødvendig for å redde menneskeliv. Eit anna mogeleg eksempel er at det skjer eit dødsfall der medisinsk feil ikkje kan utelukkast, men der påtalemakta ikkje finn grunn til å krevje rettsmedisinsk obduksjon. For å sikre ein einskapeleg praksis, og for å sikre at omsynet til dei pårørande til avdøde blir vareteke, skal Fylkesmannen gi tillating til slike obduksjonar.
Smittevernloven gir heimel for å obdusere for å kartlegge og avgrense farleg smitte uavhengig av haldninga til avdøde eller dei pårørande til avdøde. Dei pårørande vil også i slike tilfelle kunne reservere seg mot at biologisk materiale blir brukt til undervisning og forsking.
Sjå nærare omtale i avsnitt 10.5.7.
Til § 8
Paragrafen gjeld for medisinske obduksjonar.
Obduksjonar må, som andre helsetenester, utførast av personell som er kvalifisert for oppgåva. Obduksjon krev medisinsk spesialkompetanse. I dag blir obduksjonar gjennomførte av ein patolog eller av annan lege under kontroll og rettleiing (supervisjon) av ein patolog.
Det går fram av første ledd første punktum kva ein medisinsk obduksjon normalt omfattar. Ofte er det nødvendig å ta ut bitar av vev og heile organ for å ta prøver av dei. Ein del av det som blir tatt ut i samband med obduksjonen, som bitar av vev, blod, puss og liknande, vil det ikkje vere praktisk å leggje tilbake. Krav om tilbakelegging etter første ledd andre punktum er derfor avgrensa til organ. Enkelte gonger er det nødvendig med meir tidkrevjande undersøkingar. Det kan dessutan vere behov for å behalde organ til bruk i undervisning. I slike tilfelle tillet lova at organ ikkje blir lagt tilbake i kroppen til den avdøde.
Andre ledd opnar for å bruke medisinsk obduksjon som grunnlag for undervisning av studentar og helsepersonell. Det vil også omfatte opplæring i behandlingsteknikkar. Både friske organ og organ med sjukdom kan vere viktige i undervisning. Slike øvingar skal utførast innanfor ramma av dei inngrepa som sjølve obduksjonen inneber og fører sjeldan til ytterlegare skade på kroppen.
Tredje ledd gir departementet heimel for å gi forskrift om obduksjon og om avgjeving og bruk av obduksjonsmateriale.
Sjå nærare omtale i avsnitt 10.5.8. og 10.5.9.
Til § 9
Paragrafen gjeld for avgjeving av lik til undervisning og forsking.
Første ledd gir departementet heimel for avgjeving av lik frå personar som har gitt skriftleg samtykke til avgjeving av lekam til bruk i undervisning og forsking. Samtykket må ha vore gitt etter at personen fylte 18 år. Dette er ei vidareføring av transplantasjonsloven § 9 første ledd bokstav a.
Andre ledd utvidar mogelegheita for avgjeving av lik i forhold til dagens regelverk ved å opne for donasjon av lekam når ein person før dødsfallet har gitt uttrykk for eit ønske om å donere kroppen sin utan å ha formalisert det. Personen må ha vore over 18 år då ønsket om donasjon blei uttrykt, og ønsket om donasjon må kunne bekreftast av den eller dei næraste pårørande til avdøde eller ein annan person som har hatt nær kontakt med avdøde. I slike tilfelle har avdødes næraste pårørande rett til å samtykke til avgjeving av lekam til bruk i undervisning og forsking. Sjå også merknaden til § 3 bokstav d.
Tredje ledd stiller formkrav til samtykka.
Fjerde ledd gir departementet heimel til å m.a. gi forskrift om registrering av nødvendige opplysingar om personar som har gitt samtykke og om lika. Det gir m.a. heimel til å vidareføre krava i forskrift 11. januar 1985 nr. 19 om avgjeving av lik til bruk for undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag ved universiteta og andre lærestader.
Sjå nærare omtale i avsnitt 11.5.
Til § 10
Paragrafen gjeld for avgjeving av lik til undervisning og forsking.
Første ledd slår fast at departementet skal peike ut institusjonar som skal kunne krevje å få utlevert lik. I dag er universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø peikt ut.
Etter andre ledd første punktum kan utpeikte institusjonar krevje å få utlevert lik. Etter andre ledd andre punktum kan utpeikte institusjonar som kroppen er donert til likevel ikkje krevje å få utlevert liket dersom det er aktuelt med rettsmedisinsk obduksjon eller dersom særlege grunnar tilseier ein medisinsk obduksjon.
Sjå nærare omtale i avsnitt 11.5.
Til § 11
Paragrafen gjeld for avgjeving av lik til undervisning og forsking.
Første ledd gir reglar om tilbakeføring av lik. Første punktum slår fast hovudregelen om at ein avgjeven lekam skal tilbakeførast for kremasjon etter to år. Etter forskrift av 10. januar 1997 nr. 16 til gravferdsloven (gravferdsforskriften) § 29, skal kista, og det som er i ho, vere nedbrytbare. Dette inneber at balsamerte lik ikkje kan gravleggjast. Etter andre punktum må det innhentast samtykke frå dei pårørande dersom institusjonen ønsker å behalde liket utover to år. Etter tredje punktum får departementet rett til å samtykke til at kroppen kan behaldast ut over to år dersom det ikkje finst pårørande. Sjå også merknaden til § 3 bokstav d.
Andre ledd gir saman med § 10 siste ledd heimel til å gi forskrift om avgjeving av lik. Slik forskrift er i dag gitt i forskrift 11. januar 1985 nr. 19 om avgjeving av lik til bruk for undervisning og forsking og andre medisinske fag ved universiteta og andre lærestader (forskrift om lik til bruk for undervisning).
Sjå nærare omtale i avsnitt 11.5.
Til § 12
Paragrafen gjeld for avgjeving av lik til bruk i undervisning og forsking.
Det blir stilt krav om at den institusjonen som liket er avgjeve til skal dekke utgiftene til tilbakeføring og kremasjon av liket når institusjonen er ferdig med å bruke liket. Dette er ei vidareføring av innhaldet i transplantasjonsloven § 10.
Sjå nærare omtal ei avsnitt 11.5.
Til § 13
Paragrafen gjeld for alle lik som skal kremerast.
Etter forskrift 10. januar 1997 nr. 16 til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsforskriften) § 33 skal hjertestimulator («pacemaker») og tilsvarande implantat vere operert ut av kroppen før kremasjon finn stad. Fjerninga skal etter denne paragrafen utførast av helsepersonell. Krav om kremasjon skal etter lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) § 10 setjast fram av den som sørger for gravferda. Det skal mellom anna opplysast om den avdøde har hjertestimulator («pacemaker») eller tilsvarande implantat. Det blir ikkje kravd samtykke når implantat blir fjerna av sikkerheitsomsyn.
Sjå nærare omtale i avsnitt 11.5.
Til § 14
Paragrafen gjeld for alle lik, før dei eventuelt er kremert.
Paragrafen er i hovudsak ei vidareføring av innhaldet i likbehandlingsloven §§ 5 og 6. Politiets behov under etterforsking av mogelege straffbare forhold er også varetatt gjennom gravferdsloven § 10 fjerde ledd om at politiet skal varslast om kremasjon minst tre dagar før kremasjon finn stad. Restriksjonane gjeld derfor ikkje etter at kroppen er kremert.
Til § 15
Paragrafen gjeld for obduksjon. Paragrafen gjeld ikkje for avgjeving av lik etter §§ 9 flg. fordi slik avgjeving byggjer på avtale.
I første punktum slås det fast at reglane i forvaltningsloven om førebuing av enkeltvedtak, vedtak, klage og omgjering og om verknad av feil og utsett ikraftsetjing ikkje gjeld for avgjerder som blir treft etter obduksjonslova. Dei andre reglane i forvaltningsloven gjeld for avgjerder etter obduksjonslova.
Etter andre punktum gjeld likevel alle reglane i forvaltningsloven når Fylkesmannen fattar vedtak om å tillate obduksjon i tilfelle der det ligg føre særlege grunnar til at den avdøde bør obduserast.
Sjå nærare omtale i avsnitt 12.1.4.
Til § 16
Paragrafen gjeld både for obduksjon og for anna behandling av lik.
Første ledd viser til reglar i spesialisthelsetjenesteloven. Statens helsetilsyn får dermed myndigheit til å gi obduksjonsverksemder og institusjonar som får utlevert lik til bruk i undervisning og forsking pålegg om å rette manglar. Statens helsetilsyn kan gi pålegg om retting av brot på reglar som er gitt i, eller i medhald av, obduksjonslova og forskrifter etter denne. Tilsynsmyndigheita skal gi ein frist for når retting skal vere utført.
Straff etter andre ledd vil først og fremst vere aktuelt for helsepersonell som foretar obduksjon i strid med vilkåra. Strafferegelen omfattar likevel også andre som bryt reglane i lova.
Sjå nærare omtale i avsnitt 12.2.4.
Til § 17
Endringa i tilvisingane i helseforskningsloven § 21, gravferdsloven § 13 første ledd og bioteknologiloven § 1-2 tredje ledd er ein følgje av at den gjeldande transplantasjonsloven blir oppheva og erstatta av to nye lover. Endringane inneber ikkje realitetsendringar.
Helseforskningsloven § 21 gjeld for alle tilfelle der det skal forskast på biologisk materiale som er tatt ut etter at ein person er død, også når materialet er tatt ut i samband med rettsmedisinske obduksjonar. Innhaldet i dagens paragraf blir vidareført, men den er omformulert slik at innhaldet kjem tydelegare fram. Forskingsprosjektet må dermed følgje reglane som i denne proposisjonen blir foreslått flytta frå forskrift om obduksjon til obduksjonslova, mellom anna om at dei pårørande, så sant det er mogeleg skal få informasjon om det planlagde uttaket og dei pårørande sin rett til å nekte slikt uttak. Det kan ikkje forskast på materialet når pårørande nekter eller det er grunn til å tru at den avdøde ville ha motset seg slik forsking.
Det vil ikkje alltid vere mogeleg å gi dei pårørande individuell informasjon om reservasjonsretten før biologisk materiale tas ut til bruk i forsking. Dette gjeld særleg når den rettsmedisinske obduksjonen må skje raskt etter dødsfallet og det berre er politiet som har kontakt med dei pårørande før uttak skjer. I slike tilfelle skal pårørande få informasjon kort tid etter obduksjonen og før materialet blir frigjeve til forsking. Det kan også tenkast fleire stadium i informasjonsarbeidet, med grundigare informasjon til dei pårørande på eit seinare tidspunkt.
Det kan og vere tilfelle der informasjonen må gjevast i lang tid etter dødsfallet, til dømes der uttak er gjort i strid med regelverket. I slike tilfelle vil lova opne for ei nærare vurdering av korleis informasjon om retten til å nekte forsking skal gjevast, mellom anna om omsynet til dei pårørande tilseier at den bør gjevast i individuell eller generell form.