Tilråing
Helse- og omsorgsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om transplantasjonslov og obduksjonslov.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om donasjon og transplantasjon av organ, celler og vev (transplantasjonslova) og lov om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking (obduksjonslova) i samsvar med vedlagte forslag.