Ot.prp. nr. 20 (2007-2008)

Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

Til innhaldsliste

11 Endringar i andre lover

Ny havressurslov gjer det av ulike grunnar nødvendig med endringar i andre lover. Nokre endringar er av meir teknisk karakter medan andre er ein konsekvens av prinsipielle avgjerder som vert tekne når havressurslova vert vedteken. Her omtalar vi kort endringane i dei ulike lovene.

Råfisklova

Departementet gjer framlegg om to endringar i lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfisklova).

Råfisklova gjeld for fisk til liks med saltvassfiskelova. Det går fram av forskrift 29. juni 1990 om førstehandsomsetjing av råfisk (råfiskforskrifta) kva artar salslaga har eineretten til å omsette. Etter kvart som andre viltlevande marine ressursar vert utnytta kommersielt, meiner departementet det er tenleg om råfisklova også skal gjelde for andre viltlevande marine ressursar enn fisk. Det kan mellom anna vere tenleg av omsyn til ressurskontrollen, der salslaga i dag har ein viktig funksjon, jf. kapittel 8.1.9. Departementet gjer difor framlegg ei ny føresegn i § 1 tredje ledd som seier at Kongen kan bestemme at råfisklova også skal gjelde for andre viltlevande marine ressursar.

Vidare gjer departementet framlegg om å styrkje salslaga sitt kontrollansvar med nye føresegner i § 7 andre og tredje ledd. Framlegget er nærare omtala i kapittel 8.1.9.5.2.

Kontinentalsokkellova

Botnfaste artar er i dag omfatta av lov 21. juni 1963 nr. 6 om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster (kontinentalsokkellova). Departementet har gjort framlegg om at havressurslova skal omfatte alle viltlevande marine ressursar, inkludert botnfaste artar, jf. drøftinga i kapittel 3.1.4. Departementet gjer framlegg om at kontinentalsokkellova vert endra i tråd med dette, for å hindre at både havressurslova og kontinentalsokkellova regulerer botnfaste artar.

Departementet foreslår at det vert teke inn ei ny føresegn i kontinentalsokkellova § 1 tredje ledd som slår fast at lova ikkje gjeld for utnytting av botnfaste artar i og på norsk kontinentalsokkel. Som ein konsekvens vert det også gjort framlegg om at § 2 tredje ledd, som gjeld tang og tare, vert oppheva.

Fiskeforbodslova

Noreg oppretta ved lov av 24. mars 1961 ei eiga fiskerigrense på 12 nautiske mil utanfor grunnlinjene rundt det norske fastlandet. Formålet var å tryggje og sikre fiskeria utanfor kysten, og bakgrunnen var at det ikkje vart internasjonal semje om dette i FNs 2. konferanse om havet sin folkerett, jf. Ot.prp. nr. 40 (1960 – 61). Utvidinga gjaldt berre fiskerigrensa og innebar ikkje nokon endring av det norske sjøterritoriet. Utvidinga av fiskerigrensa gjaldt ikkje Svalbard og dei norske bilanda i Antarktis.

Lov om Norges territorialfarvann og tilstøtende sone set no sjøterritoriet til 12 nautiske mil utanfor grunnlinjene. Territorialfarvatnet var fram til 2004 4 nautiske mil utanfor grunnlinjene. Fiskerigrensa fell no saman med yttergrensa for sjøterritoriet. Gjeldande fiskerigrenselov av 17. juni 1966 vart i tråd med dette endra samstundes som territorialfarvatnet vart utvida til 12 nautiske mil. Fiskerigrenselova fekk då også nytt namn; lov om forbud mot at utlendinger driver fiske mv. i Norges territorialfarvann (fiskeforbodslova). Gjennom sonelova gjeld føresegnene i fiskeforbodslova tilsvarande i Noregs økonomiske sone, jf. sonelova § 3.

Etter fiskeforbodslova er det forbode å drive fiske og fangst i territorialfarvatnet for den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar, jf. fiskeforbodslova § 3 første ledd. Forbodet mot å drive fiske og fangst gjeld ikkje sportsfiske med handreiskap eller jakt på kystsel, jf. § 3 tredje ledd.

I tillegg til forbod mot fiske og fangst er det etter fiskeforbodslova også forbode for den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar å tilverke, pakke eller omlaste fisk, krepsdyr, blautdyr eller delar og produkt av desse, jf. fiskeforbodslova § 5. Forbodet gjeld uavhengig av om fangsten kjem frå norske eller utanlandske fartøy. Departementet kan gje dispensasjon frå dette forbodet på nærare fastsette vilkår.

Etter fiskeforbodslova §§ 8 og 9 kan Kongen i forskrift fastsetje forbod mot ilandføring av fisk o.a. frå utanlandske fartøy og fastsetje andre tiltak. Desse føresegnene er nærare skildra i kapittel 8.1.4.6 om UUU-aktivitetar.

Departementet er samd med utvalet i at det saklege området for fiskeforbodslova bør endrast slik at det fell saman med det saklege området for havressurslova og sonelova, jf. drøftinga i kapittel 3.1.4. Departementet gjer difor framlegg om å endre det saklege området for lova i § 1 i tråd med dette.

Departementet gjer vidare framlegg om å endre forbodet i fiskeforbodslova § 3 første ledd som rettar seg mot utlendingars fiske og fangst til å omfatte all hausting og all utnytting av viltlevande marine ressursar. Når det gjeld forbodet mot å nytte utanlandsk fartøy og mannskap i § 3 andre ledd, meiner departementet dette framleis bør gjelde for fiske og fangst.

Som omtala i kapittel 8.1.8.2 gjer departementet framlegg om å samle føresegnene som gjeld tiltak mot UUU-aktivitetar i havressurslova. Føresegnene i fiskeforbodslova § 8 første ledd bokstav b, c, d, andre og tredje ledd og § 9 vert difor oppheva og tilsvarande føresegner er tekne inn i havressurslova §§ 50 og 51.

Departementet har ikkje funne grunn til å utvide føresegene i § 8 første ledd bokstav a og § 5 til å gjelde all utnytting av viltlevande marine ressursar, då desse i det vesentlege omhandlar fiske-, skaldyr- og krepsdyrprodukt.

Sonelova

Etter lov om Norges økonomiske sone av 17. desember 1976 (sonelova) § 3 første ledd er det forbode for den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar å drive fiske eller fangst i den økonomiske sona.

Forbodet mot at utlendingar driv fiske eller fangst i den økonomiske sona kan fråvikast i forskrift etter sonelova §§ 4 og 6. Fleire statar har såleis gjennom avtalar med Noreg tilgang til å drive fiske i norsk økonomisk sone.

Det er i forskrift om utlendingers fiske og fangst i Norges økonomiske sone av 13. mai 1977 fastsett reglar for utlendingars fiske og fangst i Noregs økonomiske sone utanfor 12 nautiske mil.

Kvotar for utanlandske fartøy vert i tråd med dette fastsette i eigne forskrifter i medhald av sonelova §§ 4 og 6 og forskrift om utlendingars fiske og fangst i Noregs økonomiske sone.

Saltvassfiskelova gjev også reglar for utlendingar si haustingsverksemd i norske farvatn. Dette er nærare omtala i kapittel 3.

Havressurslovutvalet foreslår at det materielle forbodet mot utlendingar sine haustingsverksemder i sonelova og fiskeforbodslova vert endra slik at dei fell saman med det utvida saklege området for havressurslova, jf. kapittel 3.1.4.

Departementet er samd med utvalet i at det saklege området for sonelova bør endrast slik at det fell saman med det saklege området for havressurslova og det saklege området for fiskeforbodslova. Det følgjer av havrettskonvensjonen art 56 at kyststaten har suverene rettar til å underøkje, utnytte, bevare og forvalte dei levande og ikkje-levande ressursane i og på havbotnen og i havområda over. Utvidinga av havressurslova sitt saklege område til å gjelde all hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar er difor uproblematisk i høve til folkeretten, jf. drøftinga i kapittel 3.1.4.

Departementet gjer difor framlegg om å endre sonelova § 3 første ledd slik at forbodet mot utlendingars fiske- og fangstaktivitetar vert utvida til å gjelde all hausting og all utnytting av viltlevande marine ressursar. Det vil gje ein god samanheng mellom føresegnene i fiskeforbodslova, sonelova og havressurslova. Med same grunngjeving gjer departementet framlegg om å endre § 4 første ledd slik at Kongen kan gje forskrift om anna utnytting av viltlevande marine ressursar enn fiske og fangst.

Departementet gjer vidare framlegg om at føresegna om straff for underordna mannskap i sonelova § 8 fjerde ledd vert endra slik at ho vert lik tilsvarande føresegn i havressurslova § 64 andre ledd. Føresegna om straff for mannskap er drøfta i kapittel 9.7.1.3.

Sjølova

Det er i dag ikkje heimel i lov til å nekte fartøy registrering i norsk ordinært skipsregister eller i norsk internasjonalt skipsregister på grunnlag av at dei er førde opp på svartelister. Det er lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova) som regulerer registreringsvilkår for skip og det vert gjort framlegg om at ein slik heimel vert teken inn i i sjølova § 16 siste ledd. Det vert då innført ein heimel til å fastsetje forskrift om å nekte fartøy rett til å verte registrerte i norsk skipsregister dersom dei er svartelista.

Deltakarlova

Lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) regulerer kven som kan drive fiske og fangst som erverv, og er ei samla konsesjonslovgjeving for å drive fiske og fangst som erverv frå norske fartøy.

Departementet ser det som tenleg at deltakarlova på same måte som havressurslova vert utvida frå å gjelde fiske og fangst til å gjelde alle viltlevande marine ressursar. Dei same argumenta som gjeld for ei regulering av deltakinga i fiske og fangst, gjeld også for regulering av deltakinga i andre og nye haustingsverksemder.

Departementet gjer difor framlegg om at deltakarlova §§ 2, 3 og 4 vert endra i tråd med dette.

Til forsida