12 Merknader til dei enkelte paragrafane
Kapittel 1 Innleiande føresegner
Til § 1 Formål
Paragrafen er ny og fastset formålet med lova. Forslaget er drøfta i kapittel 4.1. Formålet med lova gjev dei overordna rettslege rammene i forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet.
Omgrepet berekraftig forvaltning tek opp i seg både berekraftig hausting av dei ressursane som vert hausta, inkludert berekraftig bruk og langsiktig bevaring, og vern av andre delar av økosystemet enn dei som vert hausta. Det gjeld til dømes ei berekraftig forvaltning av sårbare område gjennom stenging av område for enkelte typar hausting o.a.
Med berekraftig forvaltning meiner departementet vidare ei forvaltning av dei levande marine ressursane som gjev ei høgast mogleg langsiktig avkastning av ressursane, slik at evna til reproduksjon på lengre sikt ikkje vert svekka. I dette ligg også at det må takast omsyn til andre delar av økosystemet enn dei ulike bestandane ved haustinga. Dette må også sjåast i samanheng med føre-var prinsippet og økosystembasert forvaltning, jf. § 7 andre ledd bokstav a og b.
Med samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning meiner departementet at bestandane skal forvaltast slik at rammevilkåra legg til rette for verksemd som gjev eit overskot for samfunnet når ein tek omsyn både til ressursar som er prissette i marknadane og andre ressursar samfunnet verdset.
I forvaltninga av fiskeressursane vert det teke omsyn til andre faktorar enn kva som er samfunnsøkonomisk lønsamt. Det er difor også eit formål med lova å medverke til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Slik kan styresmaktene også ta fordelings- og distriktsomsyn ved forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane. Det vil vere opp til dei politiske styresmaktene å avgjere korleis ein best mogleg kan medverke til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna innanfor dei rammene lova set.
Til § 2 Retten til ressursane
Paragrafen er ny og slår fast at dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Forslaget er drøfta i kapittel 4.3.
Føresegna etablerer ikkje statleg eigedomsrett til ressursane i juridisk forstand, men uttrykkjer fellesskapet sin rett til ressursane i motsetnad til ein privateigd ressurs.
Dette fellesskapet vert utgjort både av det samiske folket, det norske folket og alle andre innbyggjarar i Noreg. Fellesskapet sin rett til ressursane er ikkje noko nytt og har lege til grunn som ein grunnleggjande premiss for fiskeripolitikken over lengre tid.
Føresegna er knytt til statens rolle som forvaltar, og statens ansvar for at bestandane og dei marine økosystema er i balanse og produserer eit haustingsverdig overskot. Føresegna gjeld i og for seg heller ikkje det enkelte individ, det enkelte eksemplar av eit fiskeslag, men ein «flytande masse» – dei ressursane som til ei kvar tid er å finne i område underlagt norsk fiskerijurisdiksjon.
Føresegna viser også at dei viltlevande marine ressursane har vore og framleis er grunnlag for busetjing, kultur og levesett langs kysten. Dette vert også utrykt i formålet med lova, jf. § 1. Sjølv om ressursane ligg til fellesskapet, vil fortenesta frå utnyttinga av ressursane tilfalle fiskarane og kystsamfunna. I tråd med dette vert kvotane fordelte til fartøy som har rett til å delta i dei ulike haustingsverksemdene etter reglane i kapittel 3, jf. også føresegnene i deltakarlova. Føresegna i § 2 er såleis ei oppfølgjing av uttale som næringskomiteen har kome med ved fleire høve, mellom anna i Innst. O. nr. 38 (1998 – 99) kapittel 2.3, der det vert sagt følgjande:
Komiteen vil påpeke at fiskeressursene tilhører det norske folk, i fellesskap. Det er derfor i utgangspunktet ingen enkeltpersoner eller enkeltselskaper som kan gis evigvarende eksklusive rettigheter til vederlagsfritt å høste av (og tjene på) disse ressursene, mens andre stenges ute fra å delta i fisket.
Prioriteringa av korleis ressursane skal fordelast og kven som skal kunne hauste av dei, er styresmaktene si oppgåve, jf. kapittel 4.3.4.
Såleis heng fellesskapet sin rett til ressursane og statens rolle som forvaltar nært saman. Staten skal i utøvinga av rollen som forvaltar ta omsyn til kva som er best for fellesskapet og andre plikter som staten måtte ha, mellom anna ta omsyn til at forvaltningstiltak er med og sikrar det materielle grunnlaget for samisk kultur. Dette spørsmålet er også under utgreiing, jf. kapittel 4.5.5.
Til § 3 Sakleg verkeområde
Føresegna erstattar saltvassfiskelova § 2. Forslaget er drøfta i kapittel 3.1. Departementet har lagt vekt på å forenkle og tydeleggjere reglane om det saklege verkeområdet.
Første ledd slår fast at det saklege området for lova vert utvida frå aktivitetane fiske og fangst til all hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale. Med hausting og anna utnytting meiner ein tilgang til og uttak av både fysiske ressursar og tilhøyrande genetisk materiale frå sjøen.
Kva som vert rekna som viltlevande marine ressursar heng saman med den biologiske vurderinga av kva som er heimehøyrande i sjøen. Viltlevande marine ressursar er definert i første ledd andre punktum som fisk, sjøpattedyr med heilt eller delvis tilhald i sjøen, andre marine organismar og plantar med tilhald i sjøen eller på eller under havbotnen, og som ikkje er i privat eige. Dermed er også sedentære artar omfatta i tillegg til artar og organismar som lever i vassøyla og på overflata. Dyr som delvis held til i sjøen, som sel, øyresel og kvalross, vert rekna som sjøpattedyr, og vert difor omfatta av lova som marine dyr. Landdyr som isbjørn, som ein del av tida er i sjøen eller ved sjøen, fell derimot utanfor verkeområdet til lova. Nemninga marin avgrensar vidare i biologisk forstand mot dyr som lever i vatn (akvatiske) og som heilt eller delvis held til i ferskvatn. Sjølv om ferskvassfisk også kan leve i område med brakkvatn, vil lova ikkje gjelde for slik fisk når fisken oppheld seg i sjø eller brakkvatn.
Uttrykket «viltlevande» avgrensar naturleg mot ressursar i privat eige innanfor verksemder som havbruk. Privateigde levande marine ressursar som vert renaturaliserte utanfor lokaliteten når retten til gjenfangst er opphøyrd, vert igjen rekna som viltlevande i sjøen og er omfatta av lova. Viltlevande peikar vidare på ressursane slik dei er i naturleg form etter naturleg evolusjon. Kultiverte og genmodifiserte organismar er i utgangspunktet ikkje omfatta, med mindre dei er naturaliserte som delemne i det marine økosystemet.
Det går inga grense nedetter når det gjeld storleiken på dei marine organismane som er omfatta av lova. Lova vil såleis også omfatte hausting av ukjende artar og mikroorganismar på alle havdjup og på havbotnen og under havbotnen.
Lova gjeld etter første ledd «all hausting og anna utnytting». Hausting vil vere den viktigaste forma for utnytting. Det gjeld til dømes tradisjonelt uttak av biomasse til erverv, konsum, industriell tilverking eller til rekreasjonsformål. I tillegg kjem hausting til bruk i forskinga som bioprospektering eller havforsking. Utnytting omfattar også verksemd som treng tilgang til ressursane utan at det skjer noko uttak, så som kvalsafari og visse former for dykking. Det går likevel ei grense mot vanleg ferdsel og anna verksemd som brukar sjøareala utan å ha utnytting av viltlevande marine ressursar som mål.
Uttrykket «all hausting og anna utnytting» omfattar både heile og delar av ressursen, slik som biprodukt og marint genetisk materiale. Genetisk materiale vert i kapittel 5.5. omtala som biologisk materiale som inneheld funksjonelle arveeiningar. Det er nødvendig å skilje mellom fysiske ressursar og det tilhøyrande genetiske materialet, fordi genetisk materiale kan trekkjast ut i isolerte fragment eller reproduserast syntetisk i andre organismar. Ved å vise til tilhøyrande genetisk materiale vert det presisert at lova kan stille vilkår for tilgangen til informasjon og eigenskapar hos heile eller delar av eit genetisk materiale som finst isolert, reprodusert eller på nokon måte er trekt ut av den fysiske ressursen. Med nemninga genetisk materiale er det heller ikkje ein føresetnad at individa lever i fangstaugneblinken. Det er først når ròten har kome så langt at ressursen ikkje lenger inneheld funksjonelle arveeiningar, at ressursen ikkje lenger kan seiast å vere omfatta av lova. Marine genressursar er nærare regulerte i kapittel 2 i lova.
For anadrome og katadrome artar vil havressurslova i utgangspunktet ha felles verkeområde med lakse- og innlandsfiskelova, men stadleg avgrensa til sjøen. Anadrome artar fell i utgangspunktet inn under definisjonen i lova, men skal ikkje omfattast av det saklege verkeområde for havressurslova, og er difor uttrykkeleg unnatekne i første ledd tredje punktum.
Andre ledd tilsvarar saltvassfiskelova § 2 første ledd tredje punktum. Kontrollheimlane kan i utgangspunktet brukast på aktivitetar i samsvar med lovas verkeområde etter første ledd. Andre ledd går lenger enn første ledd ved at lova omfattar andre aktivitetar knytte til utnytting, så som omlasting, levering, landing, mottak, transport, oppbevaring og omsetning av viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale, for å sikre at hausting og anna utnytting er i samsvar med føresegner fastsette i eller i medhald av lova. Det same gjeld for mottak og levering av forsynings- og støttetenester, jf. også Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006). Opprekninga i andre ledd er ikkje uttømmande, og andre aktivitetar knytte til utnytting er omfatta av andre ledd under føresetnad av at desse aktivitetane har noko å seie for kontroll med haustinga. Lova gjeld av den grunn også på det norske fastlandet i samsvar med verkeområdet etter § 4.
Etter andre ledd gjeld lova i kontrollsamanheng alltid, på alle stader og for alle rettssubjekt så langt lova rekk. Havbruksanlegg og andre verksemder som i utgangspunktet er omfatta av andre lover, vil vere omfatta av verkeområdet etter andre ledd når målet er å kontrollere uttak av viltlevande marine ressursar. Kontrollretten gjeld all hausting og anna utnytting etter lova.
Med landing meiner vi for det første rein ilandføring av fangst med og utan fartøy, medrekna levering av hummar og krabbe o.a. frå teiner og opptak av fisk frå lås/steng og frå anna fartøys fiskereiskapar. For det andre vil landing også omfatte overføring av fangst til fiske- eller fraktefartøy og overføring mellom to fraktefartøy. Det er viktig å presisere at det ikkje er krav om eigedomsovergang ved landing.
Med omlasting meiner vi overføring og transport av fangst frå eitt fartøy til eit anna.
Levering omfattar overlevering på land eller låssetting i sjø til mottakar eller oppbevaringsstad. Med mottak meiner vi overtaking av fangsten. Transport omfattar all transport til sjøs og på land som fraktar viltlevande marine ressursar. Oppbevaring gjeld all oppbevaring om bord i fartøy, i steng eller på land uansett formål eller stad. Omsetning gjeld all omsetning i alle ledd som omfattar viltlevande marine ressursar.
Tredje ledd erstattar saltvassfiskelova § 2 tredje ledd. Føresegnene i kapittel 5, jf. kapittel 11 og 12, gjeld også for «annan aktivitet», når slik aktivitet har innverknad på hausting og anna utnytting. Føresegner om manøvrering av fartøy og om å sikre at det er mogleg å hauste, vert gjevne i tilknyting til utøving av verksemd på haustingsfeltet og gjeld all skipstrafikk som påverkar høvet til hausting.
Til § 4 Stadleg verkeområde
Føresegna om stadleg område tilsvarar saltvassfiskelova § 1 første og andre ledd. Forslaget er drøfta i kapittel 3.2.
Første ledd nemner dei område der lova får direkte verknad.
Lova gjeld på norsk fartøy. Med «norsk fartøy» meiner vi skip som er omfatta av vilkåra i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova) § 1. Jurisdiksjonen omfattar berre registrerte skip, jf. sjølova § 11. For aktivitetar som skjer frå uregistrerte fartøy, gjeld lova etter det alminnelege personelle verkeområdet etter § 5.
Det er ikkje eit vilkår at slikt norsk fartøy må drive fiske og fangst, og såleis gjeld lova også for norsk fartøy tar i mot eller transporterer fisk eller som tek i mot eller leverer forsynings- og støttetenester.
Lova gjeld vidare for på norsk landterritorium unnateke Jan Mayen og Svalbard. Presiseringa av at lova gjeld «på norsk landterritorium» er nødvendig fordi aktivitetane som lova regulerer først og fremst føregår til sjøs. For å kunne gjennomføre ressurskontroll og sikre at hausting og anna utnytting skjer i samsvar med gjeldande føresegner, er det nødvendig at lova også omfattar norsk landterritorium, jf. § 3 andre ledd. Det same gjeld for marint genetisk materiale.
Dette inneber at det må takast særskilt avgjerd om å bruke lova på landterritoriet på Jan Mayen og Svalbard etter andre ledd.
Lova gjeld i norsk sjøterritorium og indre farvatn slik dei er fastsette i lov 27. juni 2003 nr. 57 om Norges territorialfarvann og tilstøtende sone (territorialfarvatnslova). Sjøterritoriet omfattar eit område på 12 nautiske mil utanfor grunnlinjene, medan indre farvatn omfattar alt farvatn innanfor grunnlinjene. Samlenemninga territorialfarvatn femner om alle desse områda, jf. territorialfarvatnslova § 1. Det følgjer av territorialfarvatnslova § 5 at ho også gjeld for sjøterritoriet og dei indre farvatn ved Svalbard, Jan Mayen, Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land. Kva sjøområde ved norsk territorium og biland som er omfatta er avhengig av ikraftsetjinga av territorialfarvatnslova, jf. § 5. Førebels er lova sett i kraft berre for Svalbard og Jan Mayen, i tillegg til det norske fastlandet.
Lova gjeld i område etablerte med heimel i lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (sonelova) §§ 1 og 5. Med heimel i sonelova § 1 er det oppretta særskilte havsoner etter havrettskonvensjonen kap. V på 200 nautiske mil utanfor grunnlinjene utanfor fastlandet, Jan Mayen og Svalbard (ved forskrift 17. desember 1976 nr. 15 om iverksettelse av Norges økonomiske sone, forskrift 23. mai 1980 nr. 4 om opprettelse av fiskerisonen ved Jan Mayen og forskrift 3. juni 1977 om fiskevernsonen ved Svalbard).
Lova gjeld på norsk kontinentalsokkel slik han er avgrensa i lov 21. juni 1963 nr. 12 om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster (kontinentalsokkellova) § 1. Med «kontinentalsokkelen» meiner vi havbotnen og undergrunnen i dei undersjøiske områda som strekkjer seg ut over norsk sjøterritorium gjennom heile den naturlege forlenginga av landterritoriet til ytterkanten av kontinentalmarginen, men ikkje kortare enn 200 nautiske mil frå grunnlinjene som breidda av sjøterritoriet er målt frå, likevel ikkje utover midtlinja i høve til annan stat. Yttergrensa av kontinentalsokkelen vert fastsett etter ein særleg folkerettsleg prosedyre etter art. 76 i havrettskonvensjonen.
Andre ledd nemner landområda der lova må gjennomførast særskilt ved kongeleg resolusjon. Norsk landterritorium på Jan Mayen, Svalbard, Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land er omfatta av andre ledd. Formålet med ei slik utviding vil vere ressurskontroll, jf.ovanfor.
Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land er underlagde norsk statshøgd som biland. Kongen bestemmer i kva grad andre lover skal gjelde for Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land etter lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land § 2. Tilsvarande gjeld for Jan Mayen i medhald av lov 27. februar 1930 nr. 2 om Jan Mayen § 2.
Tredje ledd fortel at lova for norske rettssubjekt gjeld også utanfor område nemnde i første og andre ledd, så langt dette ikkje strir mot annan stats jurisdiksjon. Slike område omfattar både område underlagde andre statars jurisdiksjon og område som ikkje er underlagde nokon stats jurisdiksjon. På det opne hav vil norske rettssubjekt om bord på norske fartøy vere underlagde full norsk jurisdiksjon. I område og på fartøy underlagde andre statars jurisdiksjon, må det reknast at jurisdiksjon over norske rettssubjekt vil vere i samsvar med den andre statens område- eller flaggstatsjurisdiksjon etter folkeretten.
Til § 5 Personelt område
Føresegna erstattar saltvassfiskelova § 1. Forslaget er drøfta i kapittel 3.2.
Første ledd fastslår at lova gjeld for alle innanfor det stadlege område for lova. I enkelte område gjeld traktatpålagde avgrensingar for jurisdiksjonen som til dømes i sjøterritoriet og dei indre farvatn utanfor Svalbard. Der må ikkje-diskrimineringsprinsippet respekterast for alle traktatpartar når det gjeld retten til næringsutøving. I område oppretta med heimel i sonelova §§ 1 og 5, vil utlendingar og utanlandske føretak etter havrettskonvensjonen art. 73 ikkje kunne påleggjast fengselsstraff for brot gjorde i sona, med mindre det ligg føre avtale med vedkommande stat om det motsette.
Første ledd andre punktum fastslår at forskrifter i medhald av lova berre skal gjelde for utlendingar og utanlandske føretak i område oppretta med heimel i sonelova §§ 1 og 5, når dei uttrykkeleg fastslår dette. Første ledd andre punktum er teke inn for at reguleringar av hausting i norske område ikkje skal få verknad for utanlandske fartøy som har tilgjenge til norsk sone, då reguleringar av utanlandsk aktivitet i slike særleg havsoner normalt vert fastsette med heimel i sonelova. Første ledd andre punktum er ikkje til hinder for å regulere utanlandsk aktivitet i slike område, men det må då fastsetjast i forskriftene at dei gjeld utanlandsk aktivitet. Påbod og forbod i sjølve lova får likevel direkte verknad også for utanlandske rettssubjekt innanfor heile det stadlege området. Dette gjeld mellom anna materielle reglar om kontroll, erstatning, etterlating og kasting av reiskap, plikt til å svare på oppkalling, reglar om aktsemd på haustingsfelt og utkast av fangst.
Andre ledd første punktum fastslår at lova får verknad for utlendinger og utanlandske føretak i område utanfor nokon stats jurisdiksjon når det følgjer av internasjonal avtale.
I tillegg gjev andre ledd andre punktum lova verknad for statslause fartøy og for fartøy som kan sidestillast med slike. For det første gjeld dette fartøy som reint faktisk er statslause. For det andre gjeld det fartøy etter havrettskonvensjonen kan sidestillast med slike, til dømes fartøy som nyttar ulike flagg om kvarandre.
Andre ledd andre punktum er ei presisering i høve til gjeldande rett og gjennomfører systemet i havrettskonvensjonen på fiskeriområdet der ansvarlege flaggstatar gjennom balansert utøving av rettar og plikter kan fiske på det opne hav, under ei generell plikt til å samarbeide om ansvarleg forvaltning av dei viltlevande marine ressursane. For dei statslause fartøya er det ingen ansvarleg flaggstat som gjennomfører effektiv jurisdiksjon over fartøyet på det opne hav. I desse tilfella sviktar føresetnaden om ei balansert utøving av rettar og plikter. Norsk lovgjeving kan gjerast gjeldande for fartøy på ope hav, sidan det ikkje er nokon ansvarleg flaggstat som fører kontroll med fartøyet.
Det skal gjerast ei nasjonalrettsleg vurdering av om fartøyet kan sidestillast med statslause fartøy. I vurderinga skal det leggjast vekt på dei reelle forholda i høve til fartøyet, flaggstaten og havrettskonvensjonen sitt system for balanserte rettar og plikter som nemnd ovanfor. Havrettskonvensjonen artikkel 91 krev at det skal vere eit reelt samband mellom flaggstaten og fartøyet. Det må vurderast i kvart enkelt tilfelle om fartøy kan sidestillast med statslause fartøy. I alle høve kan ikkje eit fartøy reknast som statslaust når folkeretten er til hinder for dette.
Internasjonalt er søkjelys no retta mot flaggstatar som ikkje har tilstrekkeleg kontroll med fiske til fartøy som er flagga i slike statar. Mellom anna vil FAO utarbeide kriterier for å evaluere prestasjonen til flaggstatane, inkludert moglege tiltak mot fartøy som ikkje møter slike internasjonale standardar for fiskeriaktivitet. Slike kriterier som det vert internasjonal semje om kan også takast med i vurderinga av om eit fiskefartøy kan sidestillast med statslause fartøy.
Dersom det er rimeleg grunn til å tru at fartøyet manglar nasjonalitet, kan det vere grunnlag for inspeksjon av eit slikt fartøy på det opne hav. Fartøy som brukar to flagg om kvarandre, skal reknast som statslause. Ein inspeksjon basert på grunngjeven mistanke kan ut frå dokumentasjon hos fartøyet, avdekkje om det er noko reelt forhold til flaggstaten eller om fartøyet etter forholda er å rekne som statslaust.
Til § 6 Tilhøvet til folkeretten
Paragrafen er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 3. Føresegna slår fast at lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av avtalar med andre statar og folkeretten elles.
Havressurslova synleggjer på ein betre måte enn saltvassfiskelova folkerettslege plikter og tilrådingar i forvaltninga av viltlevande marine ressursar, slik dei kjem til uttrykk mellom anna i havrettskonvensjonen, FN-avtalen om fiske på det opne hav, regionale fiskeriavtalar, FAOs åtferdskodeks for ansvarleg fiskeri og folkerettslege plikter Noreg har i høve til urfolk. Dette kjem mellom anna fram i formålsføresegna og i § 7 om forvaltningsprinsippet og grunnleggjande omsyn. Noreg sine folkerettslege plikter i høve til urfolk er ein del av utgreiinga til kystfiskeutvalet som skal behandlast som ei eiga sak, jf. kapittel 4.5.5.
Føresegna viser til at føresegnene i eller i medhald av lova ikkje kan nyttast i strid med internasjonal avtale som Noreg har slutta seg til eller folkeretten elles. Dette inneber likevel ikkje at ei folkerettsleg plikt utgjer ein sjølvstendig heimel for ulike tiltak i dei tilfella der det er nødvendig med heimel i lov etter legalitetsprinsippet. Føresegna leier såleis til at lova må tolkast innskrenkande eller setjast til side ifall ho er i strid med folkeretten.
Merknad frå Sametinget
Sametinget har i konsultasjonsprosessen understreka at i tilfelle motstrid må folkeretten gå først. Sametinget har vore bekymra og viser til at ordlyden i lova viser ei vidareføring av eit sektormonoistisk prinsipp slik det var nedfelt i saltvassfiskelova. Dette vil etter Sametingets syn ikkje vere tilstrekkeleg. Høgsterett har gjennom sin praksis utvikla det såkalla klarheitsprinsippet som gjer at resultatet framleis kan verte at intern rett går framfor folkeretten.
Sametinget har vidare vist til at Stortinget har lagt til grunn at § 3 i finnmarkslova inneber ei delvis innkorporering av ILO-konvensjonen innanfor rammene av verkeområdet for lova. På denne bakgrunn har Sametinget prinsipalt halde fram at det vert teke inn ei likelydande føresegn i lova som i finnmarkslova § 3. Medan ein ventar på den lovmessige oppfølginga av konklusjonane til kystfiskeutvalet, kan Sametinget likevel subsidiært vere med på departementet sitt forslag til ordlyd.
Til § 7 Forvaltningsprinsipp og grunnleggjande omsyn
Paragrafen er ny og stiller opp nokre av dei viktigaste omsyna i forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane. Omsyna er ei utdjuping av formålet med lova, jf. § 1.
Første ledd gjev ei lovfesting av det forvaltningsprinsippet som er drøfta i kapittel 4.4 og pålegg departementet å vurdere kva for forvaltningstiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane. Føresegna gjev ikkje pålegg om korleis, kva tid eller kor ofte forvaltninga skal vurdere kva for forvaltningstiltak som er nødvendig for å sikre ei berekraftig forvaltning. Det vil det vere opp til forvaltninga sitt skjøn å avgjere. Likevel skal desse vurderingane skje jamleg.
Det sentrale i forvaltningsprinsippet er at styresmaktene skal gjennomføre vurderingar for å sikre at forvaltninga er berekraftig. Dei vurderingane og dei avgjerdene ein tek skal vere innanfor ei berekraftig ramme, byggje på ei heilskapleg tilnærming og vere baserte på grundig fagleg kunnskap. Avgjerdene skal vege ei rekkje ulike interesser mot kvarandre og ta omsyn til både ei langsiktig forvaltning av ressursane og ulike nærings- og distriktsomsyn.
I forvaltninga av fiskeressursane vert det teke omsyn til andre faktorar enn kva som er samfunnsøkonomisk lønsamt. Det gjeld både ved fastsetjing av totalkvotar og ved fordeling av kvotane på ulike fartøygrupper. Fiskeressursane er eit viktig grunnlag for delar av næringslivet i kystsamfunna. Difor er det naturleg at omsynet til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna også får verknad for forvaltninga av fiskeressursane. Difor er formålet med lova også å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Korleis det skal gjerast og kva for verkemiddel som skal nyttast, vil delvis vere avhengig av politiske omsyn.
Desse vurderingane kan gje som resultat at ein finn det nødvendig å innføre kvotereguleringar, andre reguleringar, eller utvida rapporteringsplikter. I høve til utvikling av nye haustingsverksemder, kan ein til dømes vurdere registrerings- og rapporteringsordningar for å skaffe seg meir kunnskap om arten. På grunnlag av innsamla data, kan forvaltninga så finne det nødvendig å innføre ytterlegare reguleringstiltak.
Målet med forvaltninga må såleis vere ein bruk av dei marine økosystema der det vert gjort avvegingar mellom hausting av overskot og vern, for å sikre levedyktige bestandar og gjennom det ei høgast mogleg langsiktig avkastning av ressursane. Forvaltningsprinsippet inneber at ein skal gjere dei vurderingar og innføre dei reguleringar som er nødvendige for ei ansvarleg forvaltning av dei ulike ressursane. Det kan vere kvotereguleringar, tekniske reguleringar eller andre former for reguleringar. I andre tilfelle kan det vere tilstrekkeleg at det vert innført auka rapporteringskrav for dei som haustar av bestanden.
Andre ledd gjev retningslinjer forvaltninga skal leggje vekt på, men pålegg ikkje forvaltninga ei rettsleg plikt til å leggje omsyna til grunn til ei kvar tid. Omsyna kan vere innbyrdes motstridane, og styresmaktene kan såleis prioritere eller legge ulik vekt på omsyna lista opp i paragrafen. Ei vekting av dei ulike omsyna vil til dels vere politisk prioriteringar. I alle høve må prioriteringane som vert gjort, vere i tråd med formålet med lova, jf. § 1.
Det er vidare viktig å peike på at denne føresegna ikkje er ei uttømmande tilvising til kva for omsyn forvaltninga kan leggje vekt på ved fastsetjing av ulike forvaltningstiltak. Det kan også leggjast vekt på andre omsyn som ligg innanfor formålet med lova.
Føre-var-prinsippet står i andre ledd bokstav a, og vert rekna som ein av dei mest grunnleggjande internasjonale standardar i moderne havressursforvaltning. Prinsippet er drøfta i kapittel 4.2. Etter dette prinsippet skal ikkje mangel på full vitskapleg overtyding kunne brukast som grunngjeving for å utsetje kostnadseffektive bevaringstiltak for å hindre forverring av miljøet der det er ein trussel om alvorleg eller uoppretteleg skade. I forvaltninga skal det leggjast vekt på ei føre-var-tilnærming i tråd med internasjonale avtalar og retningslinjer.
Det internasjonale råd for havforsking, ICES, tok i 1998 i bruk nye referansepunkt for å gjere synleg bruken av ei føre-var-tilnærming i dei vitskapelege råda om kor mykje det kan haustast av ein enkelt fiskebestand. Desse nye referansepunkta vert brukte for å fortelje om fiskebestandar vert hausta berekraftig eller ikkje, og om dei har god eller svekka reproduksjonsevne. Det vert no arbeidd med å utvikle referansepunkt som skal hjelpe til så bestandar ikkje kjem ned mot dei kritiske biologiske grensene, og andre referansepunkt som kan gjere det lettare å få til ei optimal hausting.
Økosystembasert forvaltning kjem fram i andre leddbokstav b, og inneber at forvaltninga skal fremme ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn til leveområde og biologisk mangfald. Økosystembasert forvaltning er drøfta i kapittel 4.2.
Departementet meiner at Noreg bør arbeide for å nå ei stadig meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning, og at dette er eit av dei sentrale omsyna forvaltninga skal leggje vekt på ved fastsetjing av haustingsnivåa og andre reguleringstiltak. Det er difor viktig at dette er nedfelt som eit av dei sentrale omsyna i lova.
Etter andre ledd bokstav c er ein effektiv kontroll med hausting og anna utnytting eit grunnleggjande omsyn i forvaltninga av ressursane. Ressurskontroll er drøfta i kapittel 8. Ein god og effektiv ressurskontroll er ein føresetnad for ei ansvarleg og god ressursforvaltning. Behovet for ressurskontroll knyter seg til heile det saklege, stadlege og personelle området til lova, og er ikkje berre knytt til sjølve haustingsoperasjonen, slik det var tidlegare. Reglar om tilretteleggjing for og gjennomføring av ressurskontroll står omtala fleire stader i lova, særleg i kapittel 6, 7 og 8.
Etter andre leddbokstav d skal det leggjast vekt på ei formålstenleg fordeling av ressursane, som mellom anna kan medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Dette er drøfta fleire stader i kapittel 6.
Kva som er ei formålsteneleg fordeling av ressursane må også vurderast ut frå formålet med lova, og vil i stor grad vere knytt til politiske vurderingar.
Etter andre ledd bokstav e skal det leggjast vekt på ei optimal utnytting av ressursane som er tilpassa marin verdiskaping, marknad og industri. Dette er drøfta i kapittel 6. I optimal utnytting ligg at styresmaktene skal prøve å leggje til rette for å ta ut ressursane i ei slik mengde, på dei tidspunkt, på dei stader osb., at ressursane på lang sikt gjev størst mogleg lønsemd for fellesskapet.
I reguleringa av ressursuttaket har det i lengre tid vore lagt vekt på at reglane om fordeling og utøving av haustingsverksemd skal vere retta mot verdiskaping i heile verdikjeda. Dette er såleis ikkje noko nytt, men lik fleire av dei andre omsyna i denne føresegna, meiner departementet det er formålsteneleg at dette omsynet no kjem tydeleg fram.
Etter andre ledd bokstav f skal ein leggja vekt på behovet for å redusere moglege negative verknader på levande marine ressursar når ein fastset reglar om haustingsmetodar og reiskapsbruk. Hausting av viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale er aktivitetar som påverkar det marine miljø på ulike måtar. Ved å fastsetje krav til haustingsmetodar og reiskapsbruk kan forvaltninga medverke til ei målretta hausting og redusere dei negative og utilsikta verknadane på ressursane og miljøet. Dette vil særleg vere reglar med heimel i kapittel 4 i lova.
Det er også eit grunnleggjande omsyn at forvaltningstiltak er med og sikrar det materielle grunnlaget for samisk kultur, og dette er framheva i andre leddbokstav g. Urfolksspørsmål er drøfta i kapittel 4.5, der det går fram at departementet ikkje tek stilling til urfolksspørsmålet i havressurslova no, men ventar på behandlinga av utgreiinga til kystfiskeutvalet for Finnmark. Føresegna i bokstav g inneber ei styrking av urfolksrettane samanlikna med saltvassfiskelova og tilvising til urfolksrettar er også kommentert i merknadane til formålet med lova og tilhøvet til folkeretten.
Til § 8 Reguleringsråd
Paragrafen erstattar saltvassfiskelova § 10. Forslaget er drøfta i kapittel 6.
Første ledd gjev departementet kompetanse til å oppnemne eit reguleringsråd som kan gje fråsegner før fastsetjing av føresegner i medhald av lova. Å handsame saker i eit reguleringsråd legg til rette for rask behandling, samtidig som det gjev høve til å samle både interesseorganisasjonar som sakene direkte vedkjem og andre interesseorganisasjonar for å gje fiskeristyresmaktene råd om forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane.
Eit reguleringsråd får ikkje innverknad på fastsetjinga av nasjonal kvote, men kan gje råd når gruppe-, område- og periodefordeling av kvotar og andre reguleringstiltak skal fastsetjast.
Til skilnad frå føresegna i saltvassfiskelova § 10 gjev havressurslova § 8 departementet ein heimel, men inga plikt, til å oppnemne eit reguleringsråd. Dei seinare åra har reguleringsrådet vore erstatta av eit ope høyringsmøte. Eit høyringsmøte vil oppfylle krava til høyring i forvaltningslova § 37.
Departementet kan etter første ledd andre punktum gje nærare reglar om samansetjinga av og oppgåvene til reguleringsrådet. Eit reguleringsråd må setjast saman slik at dei næringsinteresser, befolkningsinteresser og regionale interesser som reguleringane vedkjem, er representerte. Departementet meiner det er viktig at også andre interesser, som til dømes miljøinteresser, er representerte i eit slikt råd, og ikkje berre som observatørar slik det er etter gjeldande rett. Det er aukande interesse i samfunnet rundt forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane, og det er viktig at fleire ulike interesser også er representerte i eit reguleringsråd. Vi kan også sjå dette i samanheng med føresegna i § 2 om at dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Det står difor i første ledd tredje punktum at eit reguleringsråd skal vere samansett slik at organisasjonar for dei interessene som sakene vanlegvis vedkjem, og som elles ville fått saka på høyring, er representerte.
Når reguleringsrådet har gjeve fråsegn om reguleringsføresegner i medhald av §§ 11 – 13 og 16, er det etter andre ledd ikkje nødvendig med høyring etter reglane i forvaltningslova § 37. Det heng saman med at dette er føresegner der dei interessene som saka vedkjem, alle er representerte i reguleringsrådet, og at det vil vere knapt med tid til å gjennomføre ei ordinær høyring før fastsetjing av reguleringane for neste år. Dersom reguleringsrådet ikkje behandlar reguleringsføresegner som nemnt i andre ledd, må saka høyrast på vanleg måte i ei skriftleg høyring eller i eit høyringsmøte, dersom ikkje unntaksreglane i forvaltningslova § 37 fjerde ledd gjev høve til unntak frå høyringsplikta.
Kapittel 2 Marin bioprospektering
Til § 9 Gjennomføring av marin bioprospektering
Forslaget er drøfta i kapittel 5. Første ledd gjev heimel til å innføre eit krav om løyve før uttak og undersøking i sjø i samband med marin bioprospektering. Utvalet har definert bioprospektering som «leting etter naturstoffer i marint genetisk materiale med sikte på senere utprøving av materialets egenskaper for kommersiell utnyttelse». Departementet meiner denne definisjonen må utvidast til også å omfatte biokjemiske ressursar, men er elles samd i utvalet si forståing av omgrepet marin bioprospektering.
Departementet har vurdert om omgrepet marin bioprospektering bør definerast i lova, men har kome til at det ikkje er tenleg, mellom anna fordi havressurslova ikkje regulerar sjølve bioprospekteringa, men gjev heimel for å gje reglar om uttak og undersøking i sjø i samband med bioprospektering og reglar som inneber at staten kan sikrast ein del av overskot eller andre fordelar frå utnytting av norsk marint genetisk materiale. Dersom ein seinare finn at det er behov for å definere omgrepet marin bioprospektering, vil det kunne gjerast i forskrift med heimel i § 9 tredje ledd, jf. nedanfor.
Etter første ledd kan Kongen såleis fastsetje at uttak og undersøking i sjø i samband med marin bioprospektering krev løyve frå departementet. Løyve til uttak og undersøking vil vere nødvendig uansett korleis uttaket skjer, anten det er med vanlege haustingsreiskapar eller på andre måtar. I vurderinga av grensa mellom bioprospektering og vanleg haustingsverksemd er formålet med haustingsverksemda, og ikkje omfanget, avgjerande.
I løyvet kan staten bestemme maksimalt mengdeuttak eller innsats for prospekteringa. Utprøving av marint genetisk materiale som allereie er lovleg hausta og ført i land til annan bruk, omsett eller finst i private samlingar treng ikkje slik løyve, men utnyttinga vil på generelt grunnlag kunne omfattast av § 10 tredje ledd.
Andre ledd fastset at reglane i lova gjeld for slikt uttak og slik undersøking så lagt dei høver. Dette vil til dømes seie at reglane i lova om reiskapsavgrensingar og fangstrapportering må følgjast. Det same gjeld reglane om tilretteleggjing for kontroll og kontroll og handheving.
Tredje ledd gjev Kongen høve til å gje nærare reglar om bioprospektering gjennom forskrift, til dømes om kva opplysningar ein søknad må innehalde, og til å gje dispensasjon frå reglane i lova eller reglar fastsette i medhald av lova. Slik dispensasjon kan til dømes gjelde føresegner om reiskapsavgrensingar og fangstrapportering.
Til § 10 Fordelar frå utnytting av marint genetisk materiale
Første ledd fastset at ein del av fordelane frå utnytting av norsk marint genetisk materiale kan tilfalle staten. I dette ligg at staten kan krevje ei økonomisk godtgjersle av ein eventuell kommersiell suksess som følgjer av utnytting av genetisk materiale eller andre fordelar, slik dette omgrepet er definert i bonnretningslinjene. Dei er ikkje-bindande retningslinjer til biomangfaldskonvensjonen art. 15. Etter retningslinjene kan ikkje-monetære fordelar blant anna innebere tilgang til vitskaplege data frå forsking og utvikling eller byte av tilgang til genetiske ressursar.
Andre leddgjev reglar om at det kan fastsetjast at norsk genetisk materiale og resultat av bioprospektering ikkje kan omsetjast eller vidareformidlast utan samtykke. Retten til å leite etter og utnytte norske marine genressursar gjeld berre for søkjaren. Regelen skal sikre staten mot at krav etter første ledd går tapt ved at den som er forplikta etter første ledd overfører resultata av bioprospektering eller norsk genetisk materiale til andre rettssubjekt.
Tredje leddgjev Kongen heimel til å fastsetje at ein del av fordelane skal tilfalle staten når staten ikkje har gjeve løyve til å utnytte norsk marint genetisk materiale. Føresegna kan gjelde all etterfølgjande utnytting av norsk marint genetisk materiale som allereie er lovleg hausta og ført til land for andre formål, omsett eller finst i private samlingar. Tredje ledd gjev såleis heimel til å setje som vilkår for vidare utnytting av norsk marint genetisk materiale at staten får ein del av fordelane av utnyttinga.
Kapittel 3 Fangstmengd og kvotar
Dette kapittelet gjev departementet ulike heimlar til å regulere ressursuttaket innanfor formålet med lova og dei omsyna det kan leggjast vekt på i reguleringane, jf. § 1 om formålet med lova og § 7 om forvaltningsprinsippet og grunnleggjande omsyn. Forslaga er drøfta i kapittel 6.
Paragrafane gjev departementet heimlar for å gjennomføre ei rekkje ulike reguleringstiltak, frå fastsetjing av nasjonale kvotar, fordeling på grupper og til ulike formål som forsking, overvaking av fiskefelt og undervisning til fastsetjing av kvotar for fartøy.
Føresegnene i dette kapittelet vidarefører i stor grad reguleringsføresegnene i saltvassfiskelova, med enkelte endringar. Framstillinga av reguleringsføresegnene er mykje forenkla samanlikna med framstillinga i saltvassfiskelova.
Til § 11 Nasjonal kvote, gruppekvote og distriktskvote
Paragrafen er ei vidareføring av delar av saltvassfiskelova §§ 4 og 5.
Første ledd første punktum gjev departementet heimel til å fastsetje eit største tillate uttak (nasjonal kvote) for viltlevande marine ressursar. Det største tillate uttaket kan fastsetjast for einkvar målbar ressurs, og uttaket kan fastsetjast i eit kvantum (vekt eller mål), tal på individ, tal på haustings- eller kvotedøgn eller tal på andre innsatsfaktorar.
Nasjonal kvote vert fastsett på grunnlag av og innanfor ramma av, totalkvoten for bestanden som vert fastsett i kvoteforhandlingar med andre statar. For bestandar Noreg forvaltar åleine vert totalkvoten og nasjonal kvote fastsett einsidig av norske styresmakter.
Nasjonal kvote vert tradisjonelt fastsett i desember i forskrifter om regulering av neste års fiske. Det same gjeld gruppekvotar og kvotar til fartøy. Styresmaktene kan likevel endre nasjonal kvote i løpet av året dersom biologiske tilhøve gjer det nødvendig eller det krevst av andre årsaker.
Nasjonale kvotar for fisk har tradisjonelt vorte fastsette i eit høgste tal tonn som norske fiskarar kan hauste. Hausting av sjøpattedyr og kongekrabbe vert fastsett i eit høgste tal individ. For hausting av reker i Barentshavet og djuphavsartar i internasjonalt farvatn har nasjonal kvote vorte fastsett ved eit høgste tal haustingsdøgn kombinert med eit høgste tal på fartøy som kan delta i haustinga.
Innanfor rammene av første ledd kan styresmaktene fastsetje eit største uttak av viltlevande marine ressursar på alle måtar som inneber ei avgrensing av det nasjonale uttaket.
Fastsetjing av største tillate uttak skal skje i forskrift og har verknad for alle som er omfatta av verkeområdet til lova.
Den nasjonale kvoten kan fastsetjast slik at han berre kan haustast i eit nærare bestemt område, jf. § 67. Hovudregelen er likevel at området det kan haustast i er det same som det området der bestanden finst. I enkelte høve kan det likevel vere rett å avgrense området meir. Det kan vere av biologiske omsyn, av nærings- og distriktsomsyn, ut frå samanhengen med andre fiskeri eller dersom det er naturleg av andre årsaker.
Nasjonal kvote skal etter første ledd andre punktum fastsetjast for eit bestemte tidsrom. Som oftast vert kvoten fastsett for eit kalenderår om gongen, men han kan også fastsetjast for kortare eller lengre tidsperiodar. Departementet kan fastsetje nasjonal kvote for den tidsperioden ein finn tenleg eller det er behov for ut frå andre årsaker. Det kan såleis fastsetjast kvotar for ein avvikande tolvmånaders syklus eller for lengre periodar enn eitt år, når det er grunnlag for det i avtalar med andre statar om totalkvotar, og dersom det er biologisk grunnlag for ei slik regulering.
Første ledd andre punktum gjev også heimel til å fastsetje periodisering av nasjonal kvote innanfor det tidsrommet kvoten er fastsett for. Periodisering inneber at det vert sett avgrensingar for kor mykje av kvoten som kan haustast i ulike periodar av året. Det kan vere fleire årsaker til at styresmaktene ønskjer å periodisere haustinga. Det kan vere eit behov for å spreie tilførselen av råstoff til industrien, slik at det også vert landa fangst utanom dei tradisjonelle høgsesongane. Vidare kan det vere behov for å fordele haustinga av marknadsomsyn og av biologiske årsaker. Det kan også vere behov for å periodisere av geografiske omsyn, som til dømes å styre haustinga i tilfelle der bestanden vandrar i ulike område i løpet av året.
Når det er fastsett ein nasjonal kvote kan det etter første ledd tredje punktum ikkje fastsetjast gruppekvotar, forskings- og undervisningskvotar og liknande som til saman utgjer meir enn den nasjonale kvoten. Denne føresegna er ny og er omtala i kapittel 6.7. Føresegna skal vere med å sikre at det ikkje vert hausta meir enn nasjonal kvote. Når styresmaktene fordeler den nasjonale kvoten på fartøygruppene må ein ta omsyn til kor mykje fangst som trengst til andre formål. Der det er sett maksimalkvotar bør styresmaktene stoppe fisket når nasjonal kvote kan verte overfiska. Første ledd tredje punktum inneber implementering av ein praksis norske styresmakter har søkt å etablere for alle kvoteregulerte artar der det er behov for kvantum til ulike formål. Etter denne føresegna pliktar styresmaktene no å ikkje tildele eit større kvantum gjennom kvotar enn det den nasjonale kvoten gjev rom for. Det er likevel viktig å peike på at første ledd tredje punktum ikkje avgrensar styresmaktene si mynde til å overregulere så lenge haustinga vert innretta slik at den nasjonale kvoten ikkje vert overfiska, eller at fisket vert stoppa når den nasjonale kvoten er oppfiska. Vi kan heller ikkje sikre oss at kvotane faktisk ikkje vert overfiska då det kan avhenge av fleire faktorar enn tildeling av kvotar.
Andre ledd gjev departementet heimel til å fordele den nasjonale kvoten på ulike fartøy- eller reiskapsgrupper eller andre definerte grupper. Føresegna gjev departementet eit vidt rom til å opprette og endre inndelinga av grupper, og fordele den nasjonale kvoten på dei oppretta gruppene. Kriteria for å inndele i grupper er ikkje opprekna i lova, og forvaltninga står såleis rimeleg fritt til, innafor formålet med lova og dei omsyna lova byggjer på, å dele inn aktørane i ulike grupper og undergrupper. Dette er ikkje noko nytt, men er ei vidareføring av gjeldande rett. Vidare står styresmaktene fritt til å fordele den nasjonale kvoten ulikt mellom gruppene og endre fordelinga mellom gruppene for å fremme ei rekkje omsyn. Dette er nærare omtala i kapittel 6.2.3.
Det er både gjennom rettspraksis og forarbeid knytt til saltvassfiskelova slått fast at lovgjevar har meint at det skal vere høve til differensiering mellom dei ulike fartøygruppene, og at styresmaktene ved differensiering kan ta alle dei omsyn som ligg innanfor reguleringsføresegnene sine allminnelege formål, medrekna omsynet til befolkninga i kystdistrikta og næringsomsyn. Dette er såleis uomstridd og inneber at ein kan fordele nasjonal kvote etter andre ledd ulikt på ulike grupper med omsyn til blant anna ein differensiert flåte, sysselsetjing, regionale forhold og samfunnsøkonomisk lønsemd.
Gruppekvotane skal på same måte som nasjonal kvote fastsetjast for bestemte tidsrom og kan periodiserast. Dette følgjer av andre ledd andre punktum.
Tredje ledd første punktum gjev departementet heimel til å fastsetje distriktskvotar. Distriktskvoten kan fastsetjast som ein del av den nasjonale kvoten eller som ein del av kvoten til ei eller fleire fartøygrupper. Det kan setjast som vilkår for tildeling av distriktskvote at han skal leverast for tilverking ved landanlegg i bestemte distrikt. Dette er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 4 andre ledd. Distriktskvotar er nærare omtala i kapittel 6.2.5 og 6.7. Poenget er såleis å fastsetje at ein del av den nasjonale kvoten eller gruppekvoten kan komme landanlegga i bestemte område eller distrikt til gode. Det kan også fastsetjast kva for anlegg slik fangst skal landast til og krav til dette, til dømes slik at dei anlegga som fangsten skal landast til, må foredle fangsten.
Avhengig av kva distrikt eller type landanlegg ein ønskjer å fremme ved bruk av distriktskvotar, kan styresmaktene fastsetje i kva grad fartøya kan foredle fangsten om bord. Det kan også setjast vilkår knytt til kva for tilstand fangsten skal leverast i. Det kan til dømes setjast som vilkår at fangsten skal leverast fersk eller at det gjeld andre vilkår for foredlingsgraden. På same måte kan styresmaktene velje ut kva for distrikt eller anlegg som skal prioriterast for levering av distriktskvotar. Departementet kan etter tredje ledd andre punktum fastsetje nærare reglar om fordeling av og vilkår for utnytting av distriktskvoten.
Fjerde ledder nytt og gjev departementet heimel til å fastsetje at ein del av nasjonal kvote eller gruppekvoten for ei eller fleire fartøygrupper skal leverast til ein bestemt bruk eller i ein bestemt tilstand. Til liks med fastsetjing av distriktskvotar etter tredje ledd, kan styresmaktene for å sikre ei samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning, ha behov for å setje som vilkår for tildeling av kvote at fangsten vert levert slik at han kan brukast på ein bestemt måte på landanlegga. Det er ikkje noko krav at landanlegga faktisk nyttar fangsten på denne måten, men fangsten skal leverast slik at han kan brukast på ein bestemt måte.
Fjerde ledd gjev vidare departementet heimel til å fastsetje at ein del av nasjonal kvote eller gruppekvoten for ei eller fleire fartøygrupper, skal leverast i ein bestemt tilstand. Styresmaktene kan til dømes for å leggje til rette for verdiskaping, fastsetje at fangsten skal leverast fersk eller til konsum slik at det vert mogleg for landanlegga å utnytte dette på produktsida. Eit slikt vilkår kan kombinerast med vilkår om bruk eller tilstand.
Femte ledd er ei vidareføring av heimelen i saltvassfiskelova § 5 fjerde ledd andre punktum, som gjev styresmaktene heimel til å utelukke eller avgrense ei fartøygruppe sin kvotedel når fartøygruppa samla får ei rimeleg fangstordning i andre fiskeri. Denne føresegna bør nyttast med varsemd og berre når det er openbert at vedkommande gruppe får kompensasjon i andre fiskeri.
Til 12 Kvotar for fartøy
Første ledd vidarefører saltvassfiskelova § 5 første, tredje og fjerde ledd. Første ledd første punktum gjev departementet heimel til å fastsetje kvotar for enkeltfartøy målt i kvantum, individ, haustingsdøgn eller andre innsatsfaktorar på lik linje med fastsetjing av nasjonal kvote og gruppekvotar. Andre innsatsfaktorar kan til dømes vere tal på garn, tal og storleik på krokar og liknande. På same måte som for nasjonal kvote og gruppekvotar kan kvote til det enkelte fartøy avgrensast geografisk, jf. § 67.
Kvotar for enkeltfartøy kan fastsetjast som fartøykvotar, maksimalkvotar eller andre typar kvotar til fartøy. Føresegna reknar ikkje opp dei ulike kvotane som kan fastsetjast for fartøy. Det mest vanlege i dag er å fastsetje kvotar til fartøy som fartøykvotar eller maksimalkvotar. Departementet meiner det ikkje er nokon grunn til å avgrense styresmaktene sitt mynde til å gje kvotar til fartøy til berre desse to formene, og føresegna er difor generelt formulert og gjev departementet heimel til å fastsetje kvotar til fartøy på dei måtane som ein finn mest tenleg. Ved at det ikkje er rekna opp i lova kva for typar kvotar for enkeltfartøy som kan fastsetjast, vil føresegna vere utviklingsdyktig og gje heimel for nye typar kvotar til enkeltfartøy dersom det vert utvikla.
Når det er fastsett kvotar for enkeltfartøy betyr det ikkje at den som vert tildelt ein kvote, har rettskrav på å få fiske heile kvoten. Som vist i kapittel 6.2.4.4, er det tvert imot slik at ved fastsetjing av maksimalkvotar er summen av kvotar til kvart enkelt fartøy større enn gruppekvoten. Maksimalkvoten er då det største kvantumet eit fartøy kan fiske. Det er difor ingen garanti for at fartøya får ta ut heile dette kvantumet (maksimalkvoten), idet haustinga normalt vert stoppa når gruppekvoten er oppfiska. Denne reguleringsforma inneber såleis ein større eller mindre grad av konkurranse mellom fartøya om gruppekvoten. Det same gjeld der det er fastsett andre typar kvotar til enkeltfartøy som overstig gruppekvoten i reguleringsforskriftene.
Bruken av fartøykvotar har til formål at kvart enkelt fartøy i praksis – om ikkje i juridisk forstand – skal ha eit garantert kvantum i løpet av kvoteperioden. Ved fastsetjing av fartøykvotar er gruppekvoten fordelt med svært liten eller inga overregulering, og skal leggje til rette for at aktørane kan planleggje drifta ut frå at kvoten ligg fast i reguleringsperioden. Det er likevel slik at styresmaktene kan endre kvotane eller stoppe fisket også med verknad for dei som er regulert med fartøykvotar, dersom det skulle oppstå omstende som gjer det nødvendig. Ein fastsett kvote gjev såleis ikkje noko rettskrav på å få hauste denne kvoten.
Kvotane kan etter første ledd andre punktum fastsetjast for visse tidsrom eller per tur på lik linje med nasjonal kvote og gruppekvote. Første ledd andre punktum gjev også heimel til å fastsetje periodisering av kvotar på fartøynivå, innanfor det tidsrommet kvoten er fastsett for. Det mest vanlege er at kvotar vert fastsette for eitt kalenderår, men første ledd gjev heimel til å fastsetje kvotar for kortare eller lengre tidsrom enn det, dersom det er tenleg eller det av andre årsaker oppstår behov for det. Det kan såleis fastsetjast kvotar etter ein avvikande tolvmånaders syklus, eller for lengre periodar enn eitt år, når det er grunnlag for det i avtalar med andre statar om totalkvotar og dersom det er biologisk grunnlag for ei slik regulering. Såleis gjev lova også heimel til ulike former for kvotebank eller fleksibelt kvoteår på fartøynivå.
Vidare seier første ledd andre punktum at kvoten kan fastsetjast for ein bestand eller samla for fleire bestandar. Det mest vanlege ved kvoteregulering er å fastsetje kvotar for kvart enkelt fartøy for kvar enkelt bestand. Fangstane til fartøyet vert då avrekna dei ulike kvotane fartøyet har. Fartøy har som oftast kvotar i fleire fiskeri, men det har ikkje vore vanleg å regulere kvotane til eit fartøy samla. Eit unntak er den såkalla samlekvoten, som har vore brukt i kystfartøygruppa sitt fiske etter torsk, hyse og sei nord for 62°N. Denne modellen er nærare omtala i kapittel 6.2.4.3. Systemet er slik at storleiken på samlekvoten er lik summen av kvotane etter at desse er rekna om til same fiskeslag etter omrekningseiningar. Det gjev fartøya betre fleksibilitet med omsyn til kor mykje dei ønskjer å fiske av dei ulike fiskeslaga. Det kan likevel setjast ei øvre grense for kor mykje fartøyet kan fiske av dei ulike fiskeslaga. Det kan difor med heimel i første ledd andre punktum fastsetjast berekningsmodellar for korleis omrekninga mellom dei ulike fiskeslaga skal vere.
Etter andre ledd kan kvoten der verksemda er omfatta av deltakarlova, berre haustast med fartøy som det er gjeve ervervsløyve for, og som kan nyttast i haustingsverksemda etter reglane i deltakarlova. Denne føresegna er ny i høve til saltvassfiskelova, men inneber ikkje nokon realitetsendring i høve til gjeldande rett.
Deltakarlova regulerer kven som kan drive ervervsmessig fiske og fangst, jf. deltakarlova § 2. Havressurslova regulerer mellom anna fastsetjing av kvotar til fartøy som deltek i ervervsmessig fiske og fangst. Andre ledd vert såleis eit bindeledd mellom dei to lovene, ved å stille som vilkår for å hauste ein kvote, at eigaren har fått ervervsløyve for fartøyet og i tillegg stille som vilkår at fartøyet kan nyttast i haustingsverksemda i medhald av reglane i deltakarlova. Denne samanhengen har vore lagt til grunn i lang tid, men koplinga har ikkje vore gjort synleg på same måte tidlegare.
Det er etter deltakarlova ikkje tillate å drive ervervsmessig fiske og fangst med eit fartøy, utan at det er gjeve ervervsløyve for fartøyet jf. deltakarlova § 4. Etter deltakarlova kan det i tillegg stillast krav til at fartøyet har spesielle løyve for å delta i ulike haustingsverksemder. For ei rekkje fiske- og fangstverksemder er det krav om at det er knytt ein konsesjon til fartøyet, som til dømes ulike trålkonsesjonar eller ringnotkonsesjon. For andre fiske- og fangstverksemder er det krav om at det er knytt eit deltakarløyve til fartøyet.
Kvotar og haustingsrettar har etter saltvassfiskelova vore knytt til fartøy, og det følgjer såleis av systemet til saltvassfiskelova og deltakarlova at det berre kan tildelast kvotar til fartøy som lovleg kan hauste kvoten. Slik sett vert ein kvote tildelt både fartøy og eigar, gjennom at eigaren må kunne hauste kvoten lovleg etter deltakarlova. Dette systemet vert ført vidare i havressurslova og andre ledd gjer denne samanhengen heilt klar.
Etter tredje ledd kan kvote tildelast person eller fóretak når verksemda ikkje fell inn under deltakarlova. Deltakarlova gjeld for ervervsmessig fiske og fangst som skjer med fiske- og fangstfartøy. Hausting av viltlevande marine ressursar skjer i dag i all hovudsak med slike fartøy, men det kan utvikle seg nye haustingsverksemder der fartøyet ikkje har ein slik funksjon at verksemda fell inn under deltakarlova. Det kan vere dykking etter kråkebollar eller hausting av andre artar der fartøyet ikkje har ei sentral stilling i samband med haustinga. Det kan også vere uttak av ressursar i samband med marin bioprospektering, jf. § 9 og 10.
Når det gjeld tolkinga av kva som fell inn under omgrepet fiske og fangst i deltakarlova, har det først og fremst vore sikta til tradisjonell fiske- og fangstaktivitet. Ved utvikling av nye haustingsverksemder, må det gjerast ei konkret vurdering av om verksemda fell inn under deltakarlova. Det er i denne proposisjonen foreslått at deltakarlova skal utvidast til å gjelde all hausting av viltlevande marine ressursar.
Etter tredje ledd andre og tredje punktum kan det setjast vilkår om registrering i eige register for tildeling av kvote som nemnt i første punktum. Når haustingsverksemda vert driven frå anna innretning eller stad som ikkje er registrert i merkeregisteret, er det eit klart behov for styresmaktene å ha eit register over kven som kan hauste av ulike ressursar og kvar og kor mykje dei kan hauste osb. Departementet kan gje nærare føresegner om eit slikt register.
Til § 13 Kvotar til forsking, overvaking, undervisning og praktiske reiskapsforsøk
Paragrafen fører vidare saltvassfiskelova § 2 fjerde ledd om vitskaplege undersøkingar og praktiske fiskeforsøk, og gjev no ein klarare heimel til tildeling av kvotar til undervisningsinstitusjonar og praktiske reiskapsforsøk.
Etter første leddbokstav a kan kvotar tildelast forskingsinstitusjonar for fleire ulike formål. For det første er det behov for å tildele kvotar til tradisjonell havforsking. Men føresegna avgrensar ikkje forskingskvotar til desse formåla, og det kan tildelast kvotar til forsking der formåla er andre enn tradisjonell havforsking, til dømes marknadsforsking. Kvoten må likevel tildelast ein forskingsinstitusjon.
Etter første ledd bokstav b kan det tildelast kvotar til dei som får løyve til å gjennomføre praktiske reiskapsforsøk, fangstmetodar og liknande etter § 66. Det kan vere forskingsinstitusjonar, Fiskeridirektoratet eller private føretak. Føresegna må sjåast i samanheng med heimelen i § 66 til å gjere unntak frå føresegner fastsette i eller i medhald av havressurslova eller anna fiskerilovgjeving for å gjennomføre havforsking og reiskapsforsøk.
Etter første ledd bokstav ckan det tildelast kvotar til overvaking av fiskefelt. Overvakingstenesta sine aktivitetar for å finne ut om fiskefelt skal opnast eller stengast krev også kvotar og det er tenleg å ha ein klar heimel til dette.
Etter første ledd bokstav d kan kvotar tildelast offentleg godkjend undervisningsinstitusjon. Etter saltvassfiskelova vart undervisningsinstitusjonar tildelt kvotar i medhald av føresegna om praktiske fiskeforsøk. Det er tenleg at havressurslova no gjev ein klar heimel for tildeling av slike kvotar. Undervisningskvotane vert tildelte skular slik at dei kan gjennomføre praktisk undervisning og opplæring i fiske og fangst. Undervisningskvotane skal ikkje finansiere sjølve skuledrifta, men vere nødvendige for å gjennomføre undervisninga.
Ved utnytting av kvotar som nemnd i første ledd kan det etter andre leddnyttast eige fartøy eller leigd fartøy. Ved bruk av leigefartøy, er det eit vilkår at eigar har ervervsløyve for fartøyet når verksemda elles ville vere omfatta av deltakarlova. Når det gjeld forskings- og undervisningsinstitusjonane sine eigne fartøy, vert desse ikkje nytta til ervervsmessig fiske og fangst, og dei fell difor utanfor deltakarlova sitt område. Andre ledd stengjer difor ikkje for å gje kvotar til forskings- og undervisningsinstitusjonar sjølv om deira fartøy ikkje har ervervsløyve.
For ikkje-merkeregistrerte fartøy gjeld det avgrensingar i kva reiskapar dei kan hauste med, jf. § 22 første ledd. I tredje ledd er det difor gjort eit unntak for desse reiskapsavgrensingane for fartøy som vert tildelt kvote etter første ledd. Den praktiske verknaden av dette er at institusjonane slepp å søkje om unntak frå desse avgrensingane etter § 66 når dei nyttar fartøy som ikkje er merkeregistrerte.
Til § 14 Spesielle kvoteordningar
Paragrafen er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 5a. Ordlyden er noko forenkla, men det er ikkje gjort realitetsendringar i føresegna med omsyn til kva for kvoteordningar som kan fastsetjast og kva for fartøygrupper som skal omfattast. Det vert difor vist til tidlegare forarbeid, seinast Ot.prp. nr. 39 (2000 – 2001).
Kapittel 4 Gjennomføring av hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar
Til § 15 Ilandføringsplikt
Paragrafen er ei utviding i høve til saltvassfiskelova § 11 første og andre ledd og etablerer ei generell ilandføringsplikt for all fisk, medrekna skaldyr. Forslaget er drøfta i kapittel 7.1.
Første ledd første punktum etablerer ei generell plikt til å føre all fangst av fisk i land. Det er ei innskjerping samanlikna med saltvassfiskelova der hovudregelen i lova var ei plikt til å sleppe levedyktig fangst som var fanga i strid med føresegner i eller i medhald av lova, kombinert med ein heimel til å fastsetje ilandføringsplikt for død eller døyande fangst, der det i forskrift var fastsett ei ilandføringsplikt for dei fleste av dei kommersielt viktigaste artane.
Ei generell plikt til å føre all fangst i land er ein sentral og viktig regel for å medverke til at ein større del av fangstane vert registrerte og førte inn i kvoterekneskapen. Det vil også vere med på å redusere faren for at det reelle uttaket av fisk er høgare enn det som vert ført i land og registrert. Ei generell ilandføringsplikt er også viktig av omsyn til miljøet og bestandane.
Ilandføringsplikta i første ledd gjeld for alle som fiskar eller som har fangst om bord, anten det er fiske- eller fraktefartøy. Regelen er objektiv, gjeld for all fangst av fisk og skil ikkje mellom levedyktig og død eller døyande fangst. Eit forbod mot utkast uavhengig av om fangsten er levedyktig eller ikkje, gjev slik sett ein regel det er enkelt å halde seg til.
Når det vert innført ei generell ilandføringsplikt for fisk, må det seiast noko om når plikta oppstår. Når har fiskaren plikt til å føre fangsten i land? Det avgjerande er kva som er å rekne som «fangst». Når fisk er teken om bord i fartøyet vil det alltid vere fangst, og det er alltid plikt til å føre denne i land. Det same gjeld når fisken er teken ut av sjøen men ikkje om bord i fartøyet. I desse tilfella har fiskaren alltid plikt til å føre fisken i land.
Når fisken er skilt frå resten av bestanden og er i sjøen, oppstår det vanskelege grensedragingar. Når vert fisken til fangst slik at det ikkje lenger er lov å sleppe fangsten? Her vil avgjerda ofte vere skjønsmessig. Føresegna kan ikkje tolkast så strengt at fangst aldri kan sleppast når han er skilt frå bestanden. Det avgjerande ved vurderinga av fisk som er skilt frå resten av bestanden, men ikkje komen opp av sjøen, er om fisken er klart levedyktig eller ikkje. I desse tilfella kan ein altså ikkje unngå å vurdere om fisken er levedyktig eller ei. Sidan hovudregelen er at all fangst skal førast i land, må ein, om ein slepper fisk som er skilt frå bestanden men framleis i sjøen, vere rimeleg sikker på at fisken er levedyktig etter slepping. Den som haustar må såleis vere svært aktsam og leggje inn ein god tryggingsmargin for å vere sikker på at fisken er klart levedyktig ved slepping.
Dersom fangsten vert kasta ut etter at han er teken ut av sjøen, eller fisken ikkje overlever etter slepping, er det brot på ilandføringsplikta.
Ilandføringsplikta kan ikkje vere absolutt, og det er difor i første ledd andre punktumteke inn ein regel om at departementet i forskrift kan gjere unntak frå ilandføringsplikta. Når det er gjort unntak frå ilandføringsplikta kan slik fangst sleppast på sjøen eller kastast ut. Det kan også i ei slik forskrift fastsetjast at fangst skal sleppast på sjøen. Ein kan tenkje seg fleire tilfelle der det er tenleg å dispensere frå ilandføringsplikta. Det kan vere for å sleppe ut levedyktig fisk som er fanga i strid med føresegner fastsette i eller i medhald av lova, som småfisk som er teken i ruser og liknande, nise eller brugde som står levande i garn eller not, mv. Desse unntaka vil kunne differensierast slik at dei berre gjeld for ulovleg fangst teken med enkelte typar reiskapar.
Det kan vidare dispenserast frå ilandføringsplikta for fisk som ikkje kan nyttast kommersielt, som sjøpølse, ufisk, ulike typar bifangst i rekefisket med vidare, og som berre representerer unødvendig heft og kostnader for fartøya å føre i land.
Vidare vil unnataket kunne omfatte fangst som er skadd eller øydelagd når den kjem om bord, som til dømes fisk som delvis er eten opp medan han står i garn, eller som er vesentleg øydelagt under fangstoperasjonen. Slik fisk har ikkje kommersiell verdi, og medfører tvert om ein kostnad og eit praktisk problem dersom han skal førast i land. Unntaket vil såleis ikkje gjelde for fisk som berre har vanlege klemskadar og liknande som fører til ein viss reduksjon i pris.
Første ledd andre punktum gjev departementet kompetanse til å forby utkast av biologisk avfall. Dette er grunna i omsynet til å kunne ta vare på produkt som kan ha ein potensiell verdi eller hindre forsøpling som skjer ved utkast av spekk, slog og anna.
Andre ledd fastset at departementet kan fastsetje plikt til ilandføring av andre marine organismar, plantar, sjøpattedyr og sjøfugl. Dette er ofte uønskt «fangst» som det i mange høve vil vere tungvint og kostnadskrevjande å føre i land og som vil kunne vere vanskeleg eller uråd å omsetje. Likevel vil det kunne vere behov for å innføre krav til ilandføring også for slike ressursar. Dersom eit behov for ilandføring kjem av behovet for rapportering av slik fangst, kan eit alternativ til ilandføringsplikt vere å fastsetje rapporteringsreglar for slik bifangst.
Til § 16 Gjennomføring av hausting
Første ledd i paragrafen er ny, medan andre ledd erstattar delar av saltvassfiskelova § 4.
Første ledd set opp ei generell plikt til aktsemd ved hausting av levande marine ressursar. Første ledd må sjåast i samanheng med tilsvarande føresegner i naturmangfaldlova. Plikta retter seg mot den som utfører haustinga. Hausting og anna utnytting av levande marine ressursar skal etter denne føresegna skje så skånsamt som råd er. Dette er ei generell plikt til å opptre så skånsamt som mogleg for ikkje å påføre miljøet og ressursane unødig skade. Denne føresegna må såleis ikkje forvekslast med reglane om aktsemd i § 24, som har eit anna formål.
I gjennomføringa av haustingsverksemder vil det skje endringar i det marine miljø. Dette vil i dei langt fleste tilfella ikkje vere unødig skade, og plikta til aktsemd er ikkje meint å ramme denne typen aktivitet.
Utgangspunktet for forvaltninga av ressursane er at hausting skal skje så målretta som mogleg mot dei artane ein ønskjer å hauste, og samtidig sikre at bestandane kan produsere eit haustingsverdig overskot. I tillegg er det eit viktig formål i forvaltninga å sikre at det ikkje vert gjort unødig skade på miljø og andre artar enn målartar. Fleire av paragrafane i dette kapittelet skal medverke til å sikre at haustingsverksemder skjer så skånsamt som råd er, mellom anna gjennom krav til utforming av reiskapar, bifangstreglar, forbod mot hausting i visse område o.a. Det same gjeld områdereguleringar i medhald av § 19.
Andre ledd erstattar delar av saltvassfiskelova § 4 og gjev heimel til å regulere ei rekkje praktiske tilhøve rundt haustinga. Slike føresegner skal saman med andre føresegner i eller med heimel i lovas kapittel 4 medverke til eit tenleg haustingsmønster.
Departementet kan med heimel i denne føresegna fastsetje forskrifter om gjennomføring av hausting, mellom anna om tilhøve som er gjort greie for i bokstav a til g. Bruken av omgrepet «mellom anna» betyr at denne opprekninga ikkje skal vere uttømmande. Dersom det av andre årsaker er trong for å fastsetje forskrifter om gjennom føring av haustinga kan § 16 andre ledd gje heimel til slike forskrifter, utan at typetilfellet er omfatta av opplistinga i andre ledd. Opprekninga i bokstav a til g vil likevel gje tilvising til kva for typar forskrifter som kan fastsetjast, slik at liknande typar aktivitet kan regulerast med heimel i § 16. Vidare må formålet med forskriftene vere å regulere gjennomføringa av haustingsverksemder på ein tenleg og forsvarleg måte.
Med heimel i bokstav a kan det fastsetjast forskrifter om tidsrom for hausting og tidspunkt for utsegling. Dette er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav j og delar av § 4 første ledd bokstav b og h. Det vil variere mellom ulike fiskeri om det er trong for å fastsetje slike reglar, og slike reguleringar vil også kunne ha ulik grunngjeving.
Departementet kan fastsetje forskrifter om tidsrom for hausting. Det kan vere ulike reguleringar som fastsetjing av opningsdato for eit fiskeri eller fastsetjing av ulike periodar der det kan fiskast med den konsekvens at det er forbode å fiske i andre periodar. Tidsrom for hausting kan fastsetjast av ulike grunnar. For det første kan det vere biologiske årsaker. Det kan vere behov for å avgrense fisket til bestemte tider, til dømes ut frå omsynet til rekrutteringa til ein bestand, ut frå gyteperiodar eller fordi ein veit frå erfaring at det i ein periode er høg innblanding av fisk under minstemål. Vidare kan hausting av ein bestand i ein periode ha negativ innverknad på andre delar av økosystemet, slik at det av den grunn kan vere behov for å avgrense haustinga. For det andre kan det vere at ein av marknadsomsyn eller av omsyn til avtaket ønskjer å sikre at haustinga fell saman med gode marknads- og mottakstilhøve for fangsten. Forskrifter om tidsrom for hausting kan gjelde for heile fiskeri eller for nærare avgrensa geografiske område.
Reglane i kapittel 3 i lova gjev i tillegg heimel til periodisering av nasjonale kvotar, gruppekvotar og kvotar på fartøynivå.
Departementet kan etter bokstav a vidare fastsetje forskrifter om tidspunkt for utsegling. Det kan mellom anna vere aktuelt i sesongfiskeri, og kan anten fastsetjast frå år til år, eller meir permanent. Fastsetjing av tidspunkt for utsegling kan også vere nødvendig av omsyn til regulering og kontroll, for å ha oversikt over kor mange fartøy som faktisk tek del i eit fiskeri. Det vert då mellom anna enklare å handtere ei eventuell overregulering mot slutten av eit fiskeri.
Med heimel i bokstav b kan det fastsetjast kor mange fartøy frå ulike grupper som kan hauste i eit område samtidig. Dette er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav i og l. Av omsyn til haustingsmønster og gjennomføring av haustinga i geografisk avgrensa område, kan det vere nødvendig å setje grense for kor mange fartøy frå ulike grupper som kan hauste i eit område. Slike reguleringar medverkar til å redusere risikoen for konflikt mellom fartøy og risikoen for reiskapskollisjonar, anten dei haustar av same eller ulike ressursar og anten dei haustar med same type reiskap eller ikkje. Reguleringane vil såleis ofte ha karakter av ordensreglar som legg til rette for praktisk gjennomføring av haustinga. Reguleringar etter bokstav b kan fastsetjast i kombinasjon med havdeling etter § 32.
Med heimel i bokstav c kan det fastsetjast forskrifter om forbod mot hausting i visse område, av visse artar eller med visse reiskapar. Dette er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav b, f, g og h. Føresegna gjev heimel til mellombels og meir kortvarige forbod mot hausting som mellom anna kan ha bakgrunn i omsynet til yngelinnblanding. Føresegna gjev også heimel til meir sesongbaserte eller årlege stengingar som kan ha bakgrunn i omsynet til bestanden eller i omsynet til eit godt haustingsmønster. Det kan mellom anna vere biologiske omsyn eller omsyn til innblanding av fisk under minstemål.
I tillegg til forbod mot hausting i visse område, gjev bokstav c også heimel til å fastsetje forbod mot hausting av visse artar. Til dømes har det dei seinare åra av omsyn til bestanden vore forbode å fiske lodde i Barentshavet. Slike forbod kan også gjelde forbod mot hausting av visse artar i visse område dersom tilhøva tilseier det.
Vidare gjev bokstav c også heimel til å fastsetje forbod mot hausting med visse reiskapar. Tradisjonelt har det med heimel i tilsvarande føresegner i saltvassfiskelova til dømes vore fastsett forbod mot fiske etter torsk og hyse med not. Grunngjevinga er at reiskapen medverkar til eit uheldig haustingsmønster eller av andre grunnar bør vere forbode.
Alternativa i bokstav c kan kombinerast slik at forbod til dømes kan gjelde visse reiskapar i visse område eller ved hausting av visse artar i visse område.
Etter bokstav d kan det fastsetjast reglar om utforming, merking, bruk og røkting av reiskapar og andre innretningar som vert nytta i samband med haustinga. Dette er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav d, f og p og § 23
Føresegna gjev for det første heimel for å gje reglar om utforming og merking av reiskapar.
Det finnst i dag ei rekkje reglar om utforming av reiskapar som skal sikre at reiskapane «vel ut» og sorterer fangst på ein ønska måte, såkalla seleksjon. Det kan til dømes vere reglar om minste tillatne maskevidde og reglar om bruk av skiljerist som til dømes skal hindre at ein tek fisk under minstemål og andre artar enn målarten. Føresegna gjev også heimel til reglar om utforming av andre innretningar som vert nytta i haustinga. Det kan til dømes vere reglar om rundstroppar og korleis desse skal monterast. Omgrepet «andre innretningar» skal femne vidt og kunne fange opp utvikling i reiskapar og utstyr framover.
Det er også fastsett reglar om korleis reiskapar skal merkast i det tekniske regelverket. Det er nødvendig av omsyn til forvaltning og kontroll at det er heimel for å påby merking av reiskapar, slik at reiskapane kan knytast til ein eigar og slik at ein ved kontroll kan finne kvar reiskapane er. Påbod om merking kan rette seg mot merking av sjølve reiskapane eller innretningar som er festa til reiskapane. Reglar om merking har også samanheng med føresengene om tap av reiskapar i § 17 og forbodet mot å etterlate gjenstandar i sjøen i § 28. Bokstav d vil også gje heimel for å merke reiskapar med sensorar som skal gjere reiskapane enklare å ha kontroll med og finne.
Føresegna gjev for det andre heimel til å gje reglar om bruk og røkting av reiskapar og andre innretningar som vert nytta i samband med hausting. Det er særleg reglar om bruk og røktig av garn som er aktuelle å gje med heimel i denne føresegna. Reglar om røkting av reiskapar skal hindre at det vert drive med større mengd reiskapar enn det ein klarar å røkte på ein forsvarleg måte. Med heimel i denne føresegna kan det mellom anna fastsetjast kor stor mengde reiskapar fiskarane kan ha og kor ofte reiskapane skal røktast. Det kan vidare fastsetjast reglar om korleis reiskapane skal brukast.
Etter bokstav e kan det fastsetjast reglar om største eller minste tillatne storleik på individ, og at det berre eller for ein del skal haustast hann- eller hoindivid. Føresegna er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav c, men inneber også ei utviding av kompetansen i høve til å fastsetje reglar om hausting av hann- eller hoindivid. Heimel til å fastsetje største tillatne vekt eller mål er også ny, då saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav c berre gjev heimel til å fastsetje minstemål og minstevekt.
Det er tenleg å fastsetje reglar om minstemål eller minstevekt for å verne yngel og dei minste individa av ein art. Slike reglar rettar haustinga mot dei vaksne individa, noko som i dei aller fleste tilfella er den mest forsvarlege måten å hauste på. For enkelte artar kan det likevel også vere tenleg å fastsetje reglar om største storleik for å redusere presset på dei største individa og gjennom det oppnå ei betre samansetning av ein bestand.
Heimelen til å fastsetje reglar om minstemål er eit viktig verkemiddel for å få til eit tenleg haustingsmønster. Det er fastsett minstemål for dei fleste artar der det vert drive hausting av noko omfang.
Bokstav e gjev for det andre heimel til å regulere og fordele haustinga på hann- og hoindivid til beste for utvikling av bestanden. Slike reguleringar har vore aktuelle for krabbe og krepsdyr. Til dømes har reguleringa av kongekrabbe til no vore basert på at det berre skal haustast hannkrabbar.
Det vil i svært mange haustingsverksemder vere nødvendig å gje reglar for å avgrense bifangst av andre artar enn målarten, og bokstav f gjev heimel til å gje reglar om tillaten bifangst. Dette er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav e.
Når det ikkje er gjeve reglar om bifangst og direktefiske av arten er forbode, er det ikkje tillate å ha bifangst av arten. Likevel vil det i dei fleste tilfelle vere slik at forvaltninga har fastsett ein høgaste tillaten bifangstprosent når det er gjeve føresegner om bifangst. Slik sett er reglar om høgste tillatne bifangst ei avgrensing av kor stor bifangstprosent det kan vere. Dersom ein art overstig 50 % av fangsten, vert dette aldri rekna som bifangst, dersom anna ikkje er fastsett i forskrift. Som døme kan det nemnast at det etter utøvingsforskrifta § 42 bokstav a) er tillate å ha 70 prosent innblanding av andre artar ved fiske etter sjøkreps i Skagerrak.
Grunngjevinga for å gje reglar om bifangst er at det ofte er nødvendig for å unngå at bifangsten vert ei uheldig belastning på artar som erfaringsvis vert tekne som bifangst. Bifangstreglar kan som nemnt i kapittel 7.2 fastsetjast anten i dei årlege reguleringsforskriftene eller i utøvingsforskrifta som er av meir permanent karakter.
Dersom ikkje anna er sagt, gjeld bifangstreglane per hal. Bifangst kan avgrensast og bereknast som ein prosentdel av den totale fangsten anten i kvart hal, om bord til ei kvar tid, ved avslutning av fiske eller ved landing. Dersom ikkje anna er sagt, skal bifangst reknast i kvantum. Det kan også reknast på andre måtar, som tal på individ.
Det vert i fleire fiskeri sett av kvotar til dekning av bifangst for ulike grupper for å sikre at bifangsten ikkje fører til at nasjonal kvote vert overfiska.
Bifangst utover dei nivåa som er fastsette anten i reguleringsforskriftene eller utøvingsforskrifta, skal inndragast i medhald av § 54. Det er berre prosentdelen ut over tillaten bifangst som kan inndragast, men dersom ein art det berre er tillate å hauste som bifangst utgjer meir enn 50 prosent av den totale fangsten, er dette i praksis eit ulovleg direktefiske, og skal leie til at heile verdien av den ulovlege fangsten skal inndragast. Her har ikkje haustaren krav på å behalde det han lovleg kunne ha teke som bifangst. Dersom bifangsten var under 50 prosent av den totale fangsten men over tillaten bifangst, har fiskaren krav på å få behalde det han lovleg kunne ta som bifangst.
Etter bokstav g kan det gjevast reglar om utforming og bruk av haustingsreiskapar for å redusere skadeverknader på andre artar enn målartar. Føresegna er ny og i motsetning til reglar om bifangst etter bokstav f, gjev bokstav g heimel for å gje reglar for å redusere risikoen for skadar på andre artar enn målartane. Dette kan vere skade på artar som sjøfugl, sjøpattedyr, havskilpadder og anna. Desse artane ligg utanfor det tekniske formålet med reiskapane – det er ikkje meininga at haustarane skal få desse artane i fangsten, heller ikkje som bifangst. Dette er i dei fleste tilfelle også artar som haustaren ikkje ønskjer og som han ikkje kan omsetje. Det er difor ikkje naturleg å regulere dette saman med bifangstføresegnene.
Bakgrunnen for å gje slike reglar er at ein må sjå til at dei haustingsmetodane og dei reiskapane haustarane nyttar ikkje skal gje unødvendige negative verknader på dei ressursane som ikkje vert hausta eller dei leveområda haustinga skjer i.
Til § 17 Tap av reiskapar
Føresegna er ny og fastset ei generell plikt til å sokne etter reiskapar for den som mistar eller må kutte reiskapar. Det er i dag i utøvingsforskrifta fastsett krav til røkting og meldeplikt ved tap av garn. Departementet meiner det trengst ei generelle føresegn som pålegg fiskarane plikter ved tap av reiskapar.
Det er uheldig av fleire grunnar med reiskapar som vert ståande att i sjøen eller liggjande på havbotnen. Garn som står att i sjøen, såkalla «spøkelsesgarn», kan stå og fiske i ei årrekkje og kan gje eit stort uregistrert uttak av viltlevande marine ressursar. Reiskapar som vert etterlatne kan også vere til skade på andre måtar, og dei kan skade sårbare område. Vidare kan miste reiskapar vere eit problem for andre fiskarar, ved at dei øydelegg reiskapane eller i verste fall leier til at andre misser reiskapane sine. Miste eller etterlatne reiskapar kan også reknast som ureining. Det er difor tenleg at havressurslova pålegg den som misser eller må kutte reiskapar ei plikt til å sokne etter denne, og ei slik plikt er fastsett i første ledd første punktum.
I enkelte høve kan det likevel vere grunnlag for unntak frå ei slik generell plikt til å sokne etter reiskapar. Det kan til dømes vere i dei tilfella der reiskapane er kutta på grunn av uver og det vil setje fartøy og mannskap i fare å sokne etter dei tapte reiskapane. Likeins kan ein tenkje seg andre tilfelle der det bør gjerast unntak frå plikta til å sokne. Departementet kan difor etter første ledd andre punktum i forskrift gjere unntak frå plikta til å sokne.
Like viktig som å sokne etter tapt reiskap er det at styresmaktene får registrert kvar reiskapar vert mist. Difor kan departementet etter andre ledd fastsetje forskrift om rapportering ved tap av reiskapar eller funn av tapte reiskapar. Slike registreringar vil vere nyttige både for Fiskeridirektoratets årlege garnopprydding, for styresmaktene ved vurdering av om ein skal forby enkelte reiskapstypar i område der det vert mist mange reiskapar og for fiskarane sjølve, for å kunne styre unna eller vere særleg aktsame i slike område.
Til § 18 Forbod mot bruk av sprengstoff o.a.
Paragrafen vidarefører saltvassfiskelova § 24 og innfører i tillegg eit forbod mot bruk av gift ved hausting av viltlevande marine ressursar.
Første ledd forbyr bruk av sprengstoff, skytevåpen og gift ved hausting. Forbodet i første ledd gjeld også før haustinga startar, slik at det er forbode til dømes å bruke sprengstoff for å skremme fisk inn i bestemte område, not eller steng. Forbodet mot å ha sprengstoff om bord i fiskefartøy som er på veg til fiskefeltet eller på veg til og frå fiskefeltet, jf. saltvassfiskelova 24 første ledd andre punktum er ikkje vidareført i havressurslova. Dersom det av omsyn til tryggleiken om bord i fartøya er nødvendig med forbod mot oppbevaring av sprengstoff, bør dette fastsetjast i anna regelverk som gjeld tryggleiken til sjøs.
Forbodet mot bruk av gift vert innført for å bringe lova i samsvar med FAOs åtferdskodeks for ansvarleg fiskeri.
Andre ledd tillet bruk av sprengstoff og skytevåpen ved hausting av sjøpattedyr og større bruskfisk. Sprengstoff vil vere nødvendig ved hausting av sjøpattedyr, medan skytevåpen vil vere nødvendig ved hausting av større bruskfisk. I begge høve er bruk av desse haustingsmetodane nødvendige av omsyn til dyrevelferd og ei raskast mogleg avliving. Departementet kan etter andre ledd andre punktum gje nærare reglar for å sikre at avliving av sjøpattedyr og større bruskfisk skjer i samsvar med forsvarlege avlivingsmetodar.
Til § 19 Marine beskytta område
Paragrafen er ny og gjev heimel til å opprette marine beskytta område der hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar er heilt eller delvis forbode. Dersom visse haustingsverksemder eller anna utnytting ikkje vil vere i strid med formålet med å opprette eit beskytta område, bør det gjerast unntak for slik hausting. Vernetiltaka bør såleis ikkje gå lengre enn formålet med å opprette området.
Naturmangfaldlova vil innehalde reglar om vern av område i sjø, der formålet vil vere å innføre eit varig og generelt vern mot all verksemd som vil ha verknad for miljøet og verneverdiane i eit område. Avhengig av vernetypen, vil vern med heimel i naturmangfaldlova i større eller mindre grad påverke hausting av viltlevande marine ressursar i verneområda.
Med heimel i saltvassfiskelova har det i lang tid vore sett i verk ulike avgrensingar eller forbod mot hausting i ulike område. Dette har anten vore fastsett i årlege reguleringsforskrifter eller i forskrifter av meir varig karakter. Fleire av avgrensingane i årlege forskrifter vert førde vidare frå år til år, slik at dei har ein meir varig karakter.
Med heimel i saltvassfiskelova er det mellom anna i utøvingsforskrifta § 66 oppretta fem marine beskytta område for å skjerme korallrev. I desse områda er det forbode å drive fiske med reiskapar som vert slept etter fartøy og kan komme nær botnen. Vidare er det i forskrifta eit særskild krav til aktsemd ved fiske i nærleiken av kjende førekomstar at korallrev. Det er forbode å øydeleggje korallrev med vilje.
Det er med heimel i saltvassfiskelova fastsett ei forskrift om vern av sårbare habitat i internasjonalt farvatn som gjeld for norske fartøy innanfor nærare definerte område i internasjonalt farvatn. Dette er ei oppfølging av eit tilsvarande vedtak i NEAFC som Noreg var pådrivar for.
Havressurslovutvalet har foreslått at det vert innført ein særleg heimel til meir langsiktige områdereguleringar ved sida av dei årlege reguleringane, slik at ein kan avgrense eller forby verksemd innanfor det saklege, det stadlege og det personelle området for lova for å beskytte delar av eller heile marine økosystem.
Departementet er samd i dette og meiner havressurslova bør innehalde ein heimel til å opprette ulike former for marine beskytta område. Marine beskytta område vert som vist ovanfor allereie sett som eit nyttig reiskap i forvaltninga av viltlevande marine ressursar, både for å skjerme gyte- og rekrutteringsområde og for å skjerme naturområde som har ein verdi i seg sjølve, som korallrev, frå påverknad frå haustingsverksemder. Når ein no foreslår ein eigen heimel for dette i lova, vert det heilt klart at styresmaktene har mynde til å innføre slike område, også der det ikkje er av omsyn til vern av ressursane.
Dette vil difor vere ei vidareføring av eit system som har vore praktisert i lang tid, der fiskeristyresmaktene av omsyn til ei berekraftig og ansvarleg ressurs- og havforvaltning har innført ulike reguleringar for å avgrense eller forby ulike haustingsverksemder i ulike område. Det syner at ein i moderne ressursforvaltning er avhengig av eit breitt spekter av verkemiddel i forvaltninga. Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om innføring av ein slik heimel, støttar forslaget. Departementet ser at det kan vere rett at heimelen til å fastsetje forskrifter om marine beskytta område vert lagt til Kongen, på same måte som vedtak om vern etter lov 19. juni 1970 om naturvern ligg til Kongen.
Første punktum gjev såleis Kongen heimel til å opprette marine beskytta område der hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar er forbode.
Innføring av marine beskytta område etter denne føresegna gjeld tiltak av meir langsiktig karakter, i motsetnad til stenging av område som ledd i årlege reguleringar eller for kortare tidsrom, til dømes av omsyn til innslag av yngel eller bifangst på eit fangstfelt, jf. § 16 andre ledd. Marine beskytta område kan ikkje erstatte kortsiktige tiltak som opning og stenging av felt, vanlege reiskapsreglar og liknande. Det er likevel ikkje slik at tiltak med heimel i denne lova skal vere varige. Innføring av marine beskytta område kan både vere varige og tidsavgrensa, avhengig av kva formålet med vernet er.
Område som kan beskyttast mot ulike haustingsformer og prospektering etter denne føresegna, kan vere viktige gyte- og rekrutteringsområde og marine habitat som djuphavsfjell, korallrev og område som av andre grunnar er sårbare og verneverdige. Vernet av korallrev gjennom forbod mot haustingsaktivitetar og anna utnytting av viltlevande marine ressursar, vil såleis ha heimel i denne føresegna.
Vidare kan det med heimel i denne føresegna opprettas referanseområde, til dømes for forskings- og overvakingsformål, der det er behov for å avgrense hausting heilt eller delvis for å samanlikne status og utvikling med tilsvarande område der haustinga ikkje er avgrensa. Eit anna døme er oppretting av referanseområde i høve til taretråling.
Eit område kan beskyttast av omsyn til enkelte bestandar, av omsyn til botnhabitat eller av omsyn til den generelle tilstanden i eit område. Avgrensinga av eit beskytta område kan knytast til vassoverflata, vassøyla eller havbotnen.
Dersom haustingsverksemd og anna utnytting ikkje vil vere i strid med formålet med det beskytta området, kan det gjerast unntak for slik aktivitet. Det er viktig at avgrensinga i haustinga ikkje skal vere meir omfattande enn det formålet med det beskytta område krev. Det betyr at pelagisk fiske kan tillatast i område som er verna av omsyn til botnhabitat. Det same gjeld ved bruk av konvensjonelle reiskapar som garn og jukse, når det ikkje er fare for skade ved tap av reiskapar eller liknande.
Til § 20 Forbod mot hausting med trål og andre reiskapar i visse område
Føresegna vidarefører saltvassfiskelova §§ 8 og 8a.
Etter første ledd er det forbode å hauste med trål innanfor territorialgrensa ved det norske fastlandet. Territorialfarvatna utanfor Svalbard og Jan Mayen er ikkje omfatta av forbodet. Det er gjort unntak for hausting med taretrål, reketrål og krepsetrål.
Formålet med forbodet i første ledd er todelt. For det første skal forbodet leggje til rette for at mindre fartøy kan fiske i kystnære farvatn og på kystnære bestandar utan å måtte konkurrere med trålfartøy som har større effektivitet og er mindre stadbundne. For det andre skal trålforbodet beskytte ressursane og økosystema i grunnare farvatn mot hausting med trål.
Etter første ledd andre punktum kan departementet gjere unntak frå forbodet i første punktum. I motsetning til tilsvarande føresegn i saltvassfiskelova gjer første ledd andre punktum det mogleg å gje dispensasjon frå trålforbodet også innanfor 4 nautiske mil frå grunnlinjene. Etter saltvassfiskelova har det vore gjort unntak frå trålforbodet for å skaffe råstoff for fersk levering i Noreg eller for å skaffe fangst som skal foredlast ved anlegg i Noreg. Eit unntak frå trålforbodet med heimel i første ledd andre punktum er ikkje til hinder for at det vert fastsett reglar for bruk av trål innanfor territorialgrensa. Ved vurderinga av om det skal dispenserast frå trålforbodet for nærare fastsette haustingsverksemder eller i nærare bestemte område, skal det særleg leggjast vekt på kva for ressurs- og miljøkonsekvensar ein dispensasjon vil få.
Vidare kan departementet etter første ledd andre punktum også fastsetje kva som er å rekne som trål etter denne paragrafen. Trål er som hovudregel ein aktiv reiskap som vert trekt langs botnen eller i vassmassane for å oppsøkje fangsten. Utvikling av reiskapar og fangstmetodar kan gjere det nødvendig å fastsetje kva som skal reknast som trål etter denne paragrafen og såleis vere forbode å nytte innanfor territorialfarvatnet. Denne vurderinga kan gjerast uavhengig av reglane i deltakarlova.
Etter andre ledd kan departementet fastsetje forbod mot hausting for andre fartøy eller reiskapsgrupper innanfor grunnlinjene, innanfor ein viss avstand frå grunnlinjene eller innanfor fastsette posisjonar. Heimelen gjeld såleis andre fartøy enn dei som fiskar med trål.
Bakgrunnen for at heimelen i saltvassfiskelova § 8a vart innført i 2000 var konflikt mellom mindre kystfartøy som haustar i kystnære farvatn og større fartøy som ikkje haustar med trål, og omsynet til vern av ressursane. Formålet med føresegna er på same måte som første ledd todelt. Til dømes kan det for å verne lokale bestandar fastsetjast forbod mot bruk av snurrevad i nærare bestemte område.
Det kan fastsetjast ulike føresegner etter kor store fartøya er, for ulike reiskapstypar og for ulike delar av kysten. På same måte kan forbod i medhald av andre ledd gjelde for kortare periodar eller for heile året. Slike forbod kan også kombinerast.
Til § 21 Forbod mot hausting i område som er påverka etter ureining
Føresegna er ny og gjev departementet heimel til å forby eller avgrense hausting i område eller av artar som kan vere påverka av ureining.
Omgrepet ureining er nærare definert i lov 13. mars 1981 om vern mot forurensninger og om avfall § 6.
Departementet kan med heimel i denne føresegna heilt forby hausting i eit område eller avgrense haustinga. Vilkåret er at området eller artane kan vere påverka av ureining. I dette ligg det eit krav til at det skal vere sannsynleg at det ligg føre påverking frå ureining.
Ei slik avgrensing etter denne føresegna kan gjelde på ubestemt tid eller vere knytt til bestemte periodar då ureininga er størst. Vidare kan det fastsetjast eit totalt forbod mot hausting, det kan vere kvantumsavgrensingar i haustinga eller det kan vere avgrensingar i kva for artar som kan haustast i eit område.
Det finnst ein tilsvarande heimel i matlova § 12 der Kongen i forskrift kan fastsetje forbod mot fiske og fangst. Departementet meiner likevel det er tenleg å ha ein tilsvarande heimel i havressurslova. Vidare vil havressurslova i motsetning til matlova gje heimel til å forby hausting av ressursar som ikkje vert nytta som næringsmiddel.
Til § 22 Sports og rekreasjonsfiske (fritidsfiske)
Paragrafen er ei vidareføring av reiskapsavgrensingane i saltvassfiskelova § 4a første ledd. Forslaget er drøfta i kapittel 7.3. Reiskapsavgrensingane i saltvassfiskelova retta seg mot fiskarar som ikkje står i fiskarmanntalet. Dette gav ei rekkje vanskelege grensedragingar, og for å gjere regelverket enklare, rettar § 22 seg mot fartøy som ikkje står i merkeregisteret og mot hausting som skjer frå land. Departementet meiner det vil treffe betre når formålet er å regulere fritidsfiske. Koplinga til merkeregistrert fartøy gjer at føresegna regulerer fritidsfiske og anna hausting der det ikkje er nødvendig med ervervsløyve etter deltakarlova, jf. deltakarlova § 3.
Første ledd avgrensar kva for reiskapar dei som driv hausting frå fartøy som ikkje er merkeregistrert eller som driv hausting frå land, kan nytte. Avgrensinga inneber forbod mot å drive hausting med andre reiskapar eller med større reiskapsmengde enn den som er lista opp i første ledd. Dei reiskapane som er lista opp i bokstav a til e kan kombinerast ved fiske frå eit fartøy som ikkje er merkeregistrert. Reiskapsavgrensingane gjeld for fartøyet, uavhengig av kor mange personar som er om bord i fartøyet.
Føresegna omfattar hausting frå land eller frå fartøy som ikkje er merkeregistrert. Fiskarar som står i fiskarmanntalet er omfatta av reiskapsavgrensingane når dei driv hausting frå fartøy som ikkje er merkeregistrert eller frå land. For fiske av fiskeslag som nokon er tildelt kvote av, gjeld i tillegg § 23 første ledd tredje punktum, som set forbod mot omsetning av desse fiskeslaga som fritidsfangst. Ein slik regel er nødvendig for å hindre omgåing av reglane sidan dei no rettar seg mot fartøy som ikkje er merkeregistrerte i staden for mot ikkje-manntalsførde fiskarar.
Konsekvensen av det er at yrkesfiskarar som tek med turistar på sjøen med eit merkeregistrert fartøy må ha kvote fisken kan reknast av på dersom fiskeslaget er kvoteregulert.
Ein person som driv hausting med fleire fartøy som ikkje er merkeregistrerte, eller både frå land og frå slikt fartøy, kan etter første ledd andre punktum ikkje hauste med fleire reiskapar enn dei som er lista opp i føresegna.
Etter andre ledd kan departementet gjere unntak frå reiskapsavgrensingane for landnot. Landnot er i utgangspunkt ulovleg å bruke for fritidsfiskarar, men vert enkelte stadar nytta i eit tradisjonelt fiske. Det er difor trong for å kunne dispensere frå forbodet mot å fiske med not, jf. også heimelen til å dispensere frå omsetningsgrensa i § 23 andre ledd.
Det har i høyringa kome framlegg om at styresmaktene bør ha heimel til å innføre strengare reiskapsavgrensingar enn hovudregelen i første ledd. Grunngjevinga er at det er klare skilnader i ressurssituasjonen langs kysten, og at det difor kan vere trong for å differensiere reiskapsavgrensingane for fritidsfiskarar. Departementet er samd i at det i lova bør vere heimel til å gje slike reglar som eit ledd i reguleringar og tiltak for å verne og byggje opp bestandar som er under press. Tredje ledd gjev såleis departementet heimel til å fastsetje strengare reiskapsavgrensingar for dei som er omfatta av første ledd. Kompetansen til å fastsetje strengare reglar gjeld berre for nærare bestemte område. Dette kan til dømes vere delar av Skagerrakkysten, eller det kan vere nord for 62°N. Slike reiskapsavgrensingar må vere grunna i omsynet til forvaltning av dei ulike bestandane og kan vere eitt av fleire verkemiddel for å verne eller byggje opp ein bestand.
Tredje ledd gjev departementet heimel til å fastsetje kvantums- og områdeavgrensingar for dei som er omfatta av første ledd. Denne kompetansen kan nyttast dersom det er særlege grunnar til å verne enkelte bestandar mot hausting i enkelte område gjennom å forby eller avgrense uttak av bestanden, i staden for eller i tillegg til strengare reiskapsreguleringar. Det kan til dømes skje gjennom stenging av område, eller ved å fastsetje avgrensingar i det kvantum som kan haustast eller omsetjast.
Fjerde ledd viser til særreglane som gjeld for utanlandske rettssubjekt etter fiskeforbodslova § 3. Denne føresegna forbyr den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar å fiske eller fangste i Norges territorialfarvatn. Dette forbodet gjeld tilsvarande i Noregs økonomiske sone, med mindre det er gjeve løyve til utnytting i medhald av sonelova § 3 andre ledd. Det er gjort unntak for sportsfiske med handreiskap. Sal av slik fangst er forbode.
Femte ledd er ei utviding av rapporteringsreglane samanlikna med gjeldande rett og gjev heimel til å påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske å gje opplysningar om haustinga til styresmaktene for statistikkformål. Når desse landar eller omset fangsten, er dei pliktige til å fylle ut landings- og sluttsetel. Føresegna rettar seg difor mot hausting der fisken ikkje vert seld. Det vert med jamne mellomrom retta fokus mot fritidsfiske og omfanget av dette. For å skaffe seg tilstrekkelig statistikkgrunnlag kan det vere behov for å påleggje eit utval av personar eller verksemder å gje opplysningar om denne haustinga.
Femte ledd andre punktum gjev heimel til å påleggje alle eller eit utval av dei som driv verksemd eller anlegg der slik hausting som nemnt i første punktum vert drive frå, å gje opplysningar om fangsten. Det kan vere ulike former for verksemder, som overnattingsstader med båtutleige o.a. Det kan i mange høve vere enklare å påleggje dei anlegga som har større delar av næringsinntektene frå tilrettelegging for utøving av sports- og rekreasjonsfiske ei slik rapporteringsplikt i staden for den einskilde utøvar. I tillegg vil det ut frå statistikkformål vere interessant å registrere mengda av fisk som vert teken med utgangspunkt i slike verksemder.
Femte ledd gjev berre heimel til rapportering til statistikkføremål og er såleis ikkje meint som ei kontrollføresegn.
Sjette ledd seier at dei andre føresegnene fastsette i eller i medhald av lova gjeld så langt dei høver. Det inneber at dei føresegnene som openbert ikkje rettar seg mot sports- og rekreasjonsfiske, ikkje skal gjelde for slikt fiske.
Til § 23 Omsetningsgrense for sports- og rekreasjonsfiske
Føresegna er ny og set ei grense for kor mykje fangst som kan omsettast frå fartøy som ikkje er merkeregistrert per år og er ei ytterlegare avgrensing av fritidsfiske i tillegg til reiskapsreglane. Ein person eller eit fóretak kan ikkje omsete fangst som er teken med eit ikkje-merkeregistrert fartøy for meir enn den summen som er fastsett i meirverdiavgiftslova § 28 første ledd første punktum. Det er i dag 50.000 kroner i eit kalenderår. Det same gjeld dersom fleire personar eller føretak omset fangst som er hausta med same fartøy. Den siste avgrensinga har samanheng med at reiskapsavgrensingane gjeld per fartøy, uavhengig av kor mange personar som haustar frå fartøyet.
Omsetningsgrensa heng saman med kva som vert rekna som ervervsmessig fiske etter deltakarlova § 3 og krava for å bli ført i fiskarmanntalet, jf. forskrift om føring av manntal for fiskarar, fangstmenn o.a. § 4. Ei slik grense tek vare på omsynet til allmentas rett til fiske i havet til matauk, sports- og rekreasjonsformål, samstundes som det vert gjort ei klar avgrensing mot fiske som næringsverksemd.
Den som eig eit merkeregistrert fartøy kan ikkje omsette fangst frå ikkje-merkeregistrert fartøy for fiskeslag som han er tildelt kvote av etter § 12. Årsaka er at fiskarar som har merkeregistrerte fartøy og som er tildelt kvote, ikkje skal kunne nytte fartøy som ikkje er merkeregistrerte til å fiske ein ekstra del i tillegg til kvoten. Dette gjeld for alle som har eigardelar i eit merkeregistrert fartøy som er tildelt kvotar etter § 12, uavhengig av kor liten eigardelen er. Det er såleis ikkje noko vilkår at ein person eig meir enn 50 prosent av eit merkeregistrert fartøy for å verte omfatta av føresegna.
Kapittel 5 Orden på haustingsfelt, erstatning, lokale reguleringar og utval
Til § 24 Reglar om aktsemd
Paragrafen erstattar saltvassfiskelova §§ 14, 15 og 17, og gjev reglar om aktsam framferd på haustingsfelt. Brot på aktsemdsreglane kan medføre erstatnings- og/eller straffansvar.
Plikta til å vere aktsam gjeld for «den som kjem til haustingsfelt» og omfattar såleis alle typar fartøy, sjøfly og annan ferdsel til sjøs, uavhengig av om vedkomande driv hausting eller ikkje, innanfor ramma av reglane for det personelle verkeområdet for lova i § 5. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett, jf. Rt. 1995 side 189 og Rt. 1996 side 376, om at reglane om aktsemd etter saltvassfiskelova gjeld for alle som kjem til eit fiskefelt.
Første ledd gjev ein generell regel om plikt til aktsam framferd på, ved framkomst til og ved ferdsel frå haustingsfelt der reiskapar er sette ut. Alle pliktar etter føresegna å gjere seg kjende med kvar reiskapar er sette ut. Haustingsfelt omfattar også sjøområde der det vert drive hausting utan at fartøy er til stades, for eksempel der det er sett ut garn eller der det vert hausta frå land. Manøvrering i område der reiskapar er sette ut, må såleis skje på slik måte at fartøyførar kan skaffe seg oversikt over reiskapar som er sette ut.
Etter første ledd andre punktum må alle fare fram slik at haustingsreiskapar ikkje vert skada eller utsette for fare for skade. Ordlyden «fare fram» gjeld i utgangspunktet alle handlingar på og i nærleiken av feltet, slik at første ledd andre punktum ikkje berre gjeld for ferdsel på eller ved feltet, men også i høve til til dømes setjing, sleping eller trekking av reiskapar. Omgrepet «utsett for fare» er meint å fange opp situasjonar der skade har vore sannsynleg, men der skipper eller andre har klart å unngå skade gjennom avverjande handlingar. Erstatnings- og/eller straffansvar kan såleis gjerast gjeldande alt ved at den uforsvarlege framferda medfører fare.
Andre ledd fastset forbod mot å hindre eller øydeleggje for haustinga med skyting, støy eller anna utilbørleg framferd. Omgrepet «anna utilbørleg framferd» er meint å omfatte andre handlingar som til dømes øydeleggjing av fangstutstyr, sperring av sund, røykleggjing eller å leggje seg mellom fartøyet og potensiell fangst.
Demonstrasjon mot kvalfangsten frå fartøy, der det mellom anna har vore brukt vasskanonar, vart i Rt. 1996 side 376 rekna som ei handling som hemma fangstmoglegheitene til ei kvalskute etter tilsvarande føresegn i saltvassfiskelova § 14 andre ledd. Straffeføresegna i lova her vil ramme både forsettlege og aktlause handlingar som inneber brot på denne føresegna.
Bruken av omgrepet «utilbørleg» inneber at forbodet likevel ikkje vil ramme uskuldig framferd som tilfeldigvis hindrar haustinga.
Tredje ledd gjev departementet heimel til å gje nærare reglar om manøvrering av fartøy og framferd på haustingsfelt. Slike forskrifter vil anten kunne gjevast for å regulere haustingsverksemd mellom fleire som driv hausting, eller generelt for vanleg ferdsel på haustingsfeltet, når slik ferdsel har noko å seie for utnytting av dei viltlevande marine ressursane som er omfatta av lova. Heimelen kan og nyttast til å gje regler om korleis fartøy som nyttar same eller ulike typar haustingsreiskapar skal fare fram i høve til kvarandre, med tanke på å unngå skade. Det kan til dømes vere reglar om utsetjing av snurpenot, hausting med landnot eller sleping av drivgarnslenke. Slike reglar vil då kome i staden for dei føresegnene i saltvassfiskelova som ikkje vert foreslått ført vidare som eigne lovføresegner.
Til § 25 Forkastregelen
Paragrafen tilsvarar saltvassfiskelova § 15 tredje ledd og § 16.
Første leddinneheld den såkalla forkastregelen, som inneber at den som først tek til å setje ut reiskapane sine og held fram med det utan uvanleg opphald, har rett til det havområdet som reiskapane krev eller vil femne om. Ordlyden «krev eller vil femne om» inneber at reiskapar som vert trekte, slik som trål og snurrevad, har einerett til dei områda som dei vert trekte gjennom. Eineretten gjeld ikkje berre overfor andre yrkesfiskarar, men og overfor andre som ferdast i det området som reiskapane vil femne om. Det følgjer av rettspraksis at forkastregelen gjeld alle som set ut reiskapar, også fiskarar som fiskar med handsnøre, utan omsyn til om dei er yrkesfiskarar eller ikkje.
Det er heller ingen avgrensingar i storleiken på havområdet som kan femnast om av reiskapane og dermed gje fiskar einerett til området under haustinga, så lenge reiskapane er sette utan uvanleg opphald. Heile sund og fjordar der det vert sett steng, kan difor omfattast av forkastretten dersom stengsettinga ikkje medfører utilbørleg fortrengsel eller ulempe for andre, jf.§ 27.
Einerett vert vunnen først når reiskapane er sette ut, slik at ordre frå skippar, fløytesignal eller tende fiskelys før reiskapane går i sjøen, ikkje er avgjerande. Dette følgjer av rettspraksis, som stadig vil vere relevant fordi regelen er ei vidareføring av føresegn i saltvassfiskelova. Eineretten til området er likevel avhengig av at reiskapane er sette ut «utan uvanleg opphald». Kva for tidsbruk som kan reknast som «utan uvanleg opphald», vil ein måtte vurdere konkret under dei rådande tilhøve.
Andre leddslår fast eit unntak frå eineretten etter første ledd, ved at fartøy som tek til å setje ut reiskapane sine samtidig, har lik rett. I desse høva vil dei ha einerett saman til området som reiskapane vil krevje eller femne om overfor andre som kjem til feltet, men lik rett til området overfor kvarandre. Fartøya er likevel kvar for seg pliktig til å fare fram slik at reiskapar ikkje vert skadde eller utsette for fare, jf. § 24 første ledd andre punktum. Det er også særskilde reglar for trål og snurrevad etter § 26, og det vil kunne verte gjeve særskilde reglar for framferd i forskrift fastsett i medhald av § 24 tredje ledd.
Forutan reiskapane vil vêr- og straumtilhøve verke inn på og fastsetje omfanget av forkastretten. I eit vêrhardt område må dei som kjem til seinare halde lenger avstand enn andre stader. Sett i samanheng med aktsemdsplikta etter § 24, inneber dette at den som ikkje allereie har sett ut reiskapar på feltet eller som er på veg mot det området reiskapane femner om, har ansvaret for at kollisjonar på og mellom reiskapane vert unngått.
Tredje ledder ein vikepliktsregel, og er ei forlenging og presisering av den einerett til havområdet som reiskapane krev etter forkastregelen i første ledd. Føresegna slår difor fast at den som ikkje har reiskapar ute, på oppmoding skal flytte dersom han ligg i vegen for den som har teke til å hauste eller går i gong med å setje ut reiskapane sine. Plikt til etter oppmoding å flytte seg frå dei områda som reiskapane vil krevje, er særleg aktuell ved hausting med aktive reiskapar som trål, snurrevad og ringnot. Plikta vil gjelde alle utan utsette reiskapar, som er i vegen i det området som reiskapane krev.
Til § 26 Hausting med trål eller snurrevad
Paragrafen tilsvarar saltvassfiskelova § 21.
Trål og snurrevad er plasskrevjande aktive reiskapar som vert trekte under vatn, og som lett kan føre til kollisjon med andre utsette reiskapar. Første leddgjev difor ein hovudregel om forbod mot å hauste med trål eller snurrevad nærare enn ei nautisk mil (1852 meter) frå utsett fiske- eller fangstreiskapar eller merke for slike reiskapar, og frå fartøy som driv garn- eller linefiske. For dei to første alternativa gjeld forbodet i høve til utsett reiskap, medan det for alternativet «fartøy som driv garn- eller linefiske» ikkje er eit vilkår at reiskapane er sette ut, så lenge fartøya kan reknast for å vere i gong med garn- eller linefiske. Føresegna gjeld der det er tillete for trål og snurrevad å hauste saman med andre reiskapstypar etter dei reglane som er eller måtte verte fastsette om havdeling. Årsaka til at det ikkje gjeld eit forbod mot hausting med trål eller snurrevad nærare enn ei nautisk mil frå fartøy som driv fiske med andre passive reiskapar, som til dømes juksa eller ruser, er at det her ikkje er like stor risiko for kollisjon mellom reiskapar, som under utsetting av garn eller line.
Etter andre leddkan departementet fastsetje at tryggleiksavstanden skal vere kortare enn ei nautisk mil, eller ikkje skal gjelde for bestemte fiskeri med trål eller snurrevad. Dette kan til dømes vere trålfiske etter reke eller fiske med pelagisk trål. Det er uttalt i Ot.prp. nr. 85 (1981 – 82) på side 32 at fartøy med slike reiskapar under vanlege tilhøve berre treng 1000 meter som tryggleiksavstand, sjølv i mørke og under vanskelege straumtilhøve.
Tredje leddslår fast at forbodet etter første ledd ikkje gjeld der havdeling er gjennomført etter § 32. I slike høve vil det vere opp til det lokale utvalet å fastsetje utøvingsreglar for fisket, medrekna havdeling og tryggleiksavstand. Gjennomføringa av fisket vil i slike område skje til fastsette tider eller innanfor fastsette område, slik at det kan vere grunnlag for ein kortare tryggleiksavstand. Det vil normalt også vere tilsynspersonar til stades, som gjennom rettleiing vil overvake tryggleiken og faren for reiskapskollisjonar.
Til § 27 Lås- og stengsetjing
Paragrafen tilsvarar saltvassfiskelova § 25.
Første leddgjev alle som haustar med not rett til å fortøye slepekast i land når det skjer i rimeleg avstand frå hus der det bur folk eller hytte som er i bruk, og når dette kan skje utan utilbørleg fortrengsle eller ulempe for andre. Føresegna gjev altså notfiskaren ein lovfesta rett i samsvar med dei lange tradisjonane i dette fisket.
Retten gjeld uavhengig av privat eigedomsrett til grunnen. Dette er bakgrunnen for vilkåret om at fortøying skal gjerast i rimeleg avstand frå hus der det bur folk eller hytte som er i bruk, og utan utilbørleg fortrengsle eller ulempe for andre. I Ot.prp. nr. 85 (1981 – 82) s. 33 vert det sagt: «Avstanden må være så stor at det ikke kan forventes noen sjenanse. Videre må stengsetting ikke hindre vanlig ferdsel eller aktivitet som utøves av beboerne». Med «hus der det bur folk eller hytte som er bruk» vert det sikta til bygning som ein må vente kan verte nytta i den tid slepekastet vert liggjande. For hytter vil ein dermed kunne ta omsyn til kva for tid på året det er.
Andre leddinneheld eit generelt forbod mot å drive fiske nærare enn 100 meter og å ferdast nærare enn 20 meter frå slepekast eller steng som er fortøydd i land eller oppankra på annan måte. Andre ledd gjeld altså både steng som er fortøydd i medhald av reglane i første ledd og vanleg stengsett fangst.
Stengsetjing inneber at villfisk vert stengd inne i ei avgrensa bukt eller liknande med tanke på fiske i samsvar med forkastregelen for dei som har sett ut stenget, eller at fisk vert oppbevart mellombels i merdar eller liknande innretningar i sjøen med tanke på seinare sal som villfisk. Fôring eller anna behandling av villfisk i steng eller slepekast vil falle inn under definisjonen av akvakultur, jf. Ot.prp. nr. 61 (2004 – 2005) om lov om akvakultur s. 54. Konsesjonskrav for akvakultur er etter lova ikkje meint å ramme mellombels oppbevaring i steng eller slepekast med tanke på seinare omsetning av fangsten som villfisk, og akvakulturlova vil difor ha unntaksordningar for slik oppbevaring. Verksemda vil vere omfatta av matlova.
Etter tredje leddkan departementet fastsetje forskrifter om sleping og stengsetjing av fisk i sjøen, medrekna oppbevaring av fisk og opning av steng, for å hindre at fangsten får skade, vert kvalitetsforringa eller at fangsten ureinar eller vert ureina av omgjevnadene.
Til § 28 Forbod mot å etterlate gjenstandar i sjøen
Paragrafen tilsvarar saltvassfiskelova § 26.
Første leddfastset forbod mot å kaste eller unødvendig etterlate reiskapar, fortøyingar og andre gjenstandar i sjøen eller på botnen som kan skade marint liv, hemme gjennomføring av hausting, skade haustingsreiskapar eller setje fartøy i fare.
Med «unødvendig etterlate» vert særskilt tenkt på unødvendig etterlating av garn og andre fastståande reiskapar. Slik etterlating vil alltid vere unødvendig når reiskapar, fortøyingar eller andre utsette gjenstandar ikkje vert skjøtta av haustar, eller har eit destruktivt formål. Vurderinga må byggje på ei streng aktsemdsnorm, der det skal lite til for at slik etterlating vert vurdert som unødvendig. Føresegna krev likevel at dei etterletne reiskapane, fortøyinga eller gjenstanden må ha ei viss reell eller potensiell skadeevne i området overfor viltlevande marine ressursar, den generelle utøvinga av hausting eller sjøtryggleiken.
Den som har etterlete reiskapar o.a. i strid med første ledd, pliktar å rydde opp og fjerne gjenstandane, jf. andre ledd. Fiskeridirektoratet kan gje pålegg om rydding og fjerning. Slikt pålegg vil vere eit enkeltvedtak etter forvaltingslova § 2 b. Forureiningslova § 7 fjerde ledd og § 37 inneheld også heimel for slike pålegg og svalbardmiljølova § 64 har reglar om opprydding. Departementet kan etter § 16 andre ledd bokstav d gje reglar om merking av reiskapar. Slike reglar vil vere viktige for å kunne gje pålegg etter andre ledd andre punktum til eigaren av reiskapane.
Tredje leddgjev Fiskeridirektoratet heimel til å engasjere nødvendig personell, utstyr og tenester for å rydde området for dei ansvarleg si rekning og risiko, dersom dei ansvarlege ikkje etterkjem pålegg om opprydding. Slike tiltak kan setjast i verk sjølv om pålegg vert påklaga, dersom klagen ikkje vert gjeven oppsettande verknad. Forureiningslova § 74 gjev tilsvarande heimel. Utgifter til slik opprydding vil vere tvangsgrunnlag for utlegg, jf.tredje ledd andre punktum.
Til § 29 Berging av reiskapar og fangst
Paragrafen tilsvarar saltvassfiskelova §§ 29 – 32.
Alle føresegner i § 29 gjeld berging av fangst, reiskapar og anna utstyr som vert nytta i fiskeriverksemd. Berging av sjølve fartøyet vert regulert i sjølova kap. 16. Dette gjeld også berging av fartøy under 15 meter, jf. sjølova § 441 b).
Første leddfastset ei opplysningsplikt for den som bergar bortdrivne, tapte eller etterlatne reiskapar, lettbåt og anna utstyr. Melding skal gjevast til eigaren så snart som mogeleg, som normalt må oppfattast som ved første praktiske høve. Etter første ledd andre punktum kan departementet fastsetje forskrift om rapportering ved berging av reiskap, mellom anna om kven melding skal gjevast til. Det vil vere viktig å gje føresegner om at opplysningar skal gjevast til offentleg styresmakt, slik at det kan registrerast kvar reiskapar er miste.
Andre leddinneheld sjølve regelen om bergeløn for tapte reiskapar o.a. Bergeløna skal fastsetjast i samsvar med sedvane eller til det som er å rekne som rimeleg. Bergeløn for reiskapar, lettbåt og anna utstyr kan likevel ikkje setjast høgare enn verdien av det berga, jf. andre ledd tredje punktum, og det vil difor i dei fleste tilfelle vere bruksverdien som må leggjast til grunn. I og med at det er sedvane og det som er rimeleg som skal leggjast til grunn, vil momenta i sjølova § 446 ikkje vere særskild relevante for utmålinga. Er berga reiskapar utan verdi på grunn av den tilstanden reiskapane er i, vil det heller ikkje vere grunnlag for bergeløn. Dette samsvarar med sjølova § 445 første ledd.
Bergeløna kan fastsetjast gjennom avtale mellom partane eller ved domstolane.
Etter rettspraksis har ein ikkje rett til bergeløn før det har oppstått ein bergingssituasjon. Ein bergingssituasjon vil normalt ha oppstått når eigar eller brukar ikkje lenger har kontroll over reiskapane eller utstyret, og det er urimeleg farefullt eller umogeleg å gjenvinne kontrollen utan hjelp. I tillegg bør berginga ha som formål å yte hjelp, jf. sjølova § 441. I RG. 1962 side 521 legg Hålogaland lagmannsrett til grunn at ei garnlenkje måtte vere lausgjord frå fartøyet før det hadde oppstått ein bergingssituasjon.
Tredje leddregulerer retten til berga fangst. Av reint praktiske grunnar bør slik fangst også i framtida tilkome bergaren, slik regelen har vore. Dersom verdien av denne fangsten er monaleg større enn den bergeløna som partane vert samde om etter andre ledd eller som vert fastsett av ein domstol, kan bergeløna heilt eller delvis falle bort. Dette vil med andre ord krevje ei vurdering av kva som er rimeleg i situasjonen.
Fjerde leddfastslår at eigar ikkje kan krevje dei berga reiskapane o.a. utlevert før bergeløn og kostnader er dekte. Bergaren har altså ein retensjonsrett for å sikre sitt krav på bergeløn og dekking av kostnader i samanheng med berginga. Dersom det låg føre ein avtale med eigaren om berging, vil ein kunne fremje krav i samsvar med reglane i kap. 16 i sjølova. På same måte pliktar bergaren å utlevere det som er berga når bergeløn og kostnader er dekte. Det er no slått fast i fjerde ledd andre punktum.
Saltvassfiskelova fritok eigaren tidlegare frå plikt til å løyse inn det som vert berga. Departementet gjer framlegg om ikkje å føre vidare denne regelen, men heller kopiere regelen i sjølova § 444 andre ledd bokstav c om at eigaren har plikt til å godta tilbakelevering når det er rimeleg at bergaren krev dette etter at det som er berga er trygt sikra, jf. fjerde ledd tredje punktum. Dette er ein regel som inneber ei betre løysing av dei kryssande omsyn som kan gjere seg gjeldande, idet utgangspunktet klart bør vere at eigaren har plikt til å ta mot det som er berga.
Femte leddgjev departementet heimel til å fastsetje utfyllande forskrifter om berging. Heimelen kan nyttast til å utfylle føresegnene i lovparagrafen, mellom anna om til kven og korleis melding om berging skal skje, og utmålings- og bortfallsreglar av bergeløn.
Til § 30 Erstatningsansvar
Paragrafen fører vidare saltvassfiskelova §§ 42 – 43.
Førsteledd slår fast at alle som valdar skade på reiskapar som er sette ut i sjøen for fangst, pliktar utan omsyn til skuld å erstatte skaden ein påfører reiskapen. Ansvaret omfattar også tap av fangst og tap som følgje av avbrekk i haustinga (følgjetap).
Føresegna fastset eit objektivt ansvar for skadevaldar. Ansvar vil såleis oppstå, sjølv om skadevaldar ikkje har vore aktlaus. Skadelidne treng difor berre å bevise adekvat årsakssamanheng mellom handlinga som valdar skaden og den skaden (det økonomiske tapet) som har skjedd. Dette objektive ansvaret gjeld i høve til alle typar utsette reiskapar, og omfattar også skadar som skjer under setjing og trekking.
Reiskapar som er om bord på eit fartøy, på land, eller i merdar og liknande er ikkje omfatta av denne regelen om objektivt ansvar. Det same gjeld skade på fartøyet eller på mannskapet om bord. Reiskapar fartøyet har om bord, som vert skada som følgje av kollisjon med anna fartøy, er ikkje omfatta når fiskefartøyet er undervegs for å starte eit fiske. Ved slike skadetilfelle gjeld sjølova og vanlege erstatningsrettslege reglar, jf. RG. 1960 side 252.
Den objektive erstatningsplikta gjeld ikkje berre for fiskefartøy, men for alle fartøy og for andre typar verksemder som kan tenkjast å gjere skade på utsette reiskapar, jf. bruken av uttrykket «alle». Den som har ansvaret for skrap som ligg att på botnen, er såleis ansvarleg på objektivt grunnlag for skade som dette måtte påføre reiskapar seinare.
Ein må likevel sjå føresegna i første ledd i samanheng med føresegna i andre ledd, som inneheld ein lempingsregel om erstatningsutmålinga dersom skadevaldar kan bevise at han er utan skuld i skaden. Bruken av uttrykket «godtgjer» inneber likevel at det må gjerast svært sannsynleg at skaden skuldast eit hendeleg uhell eller årsaker skadevaldaren ikkje kan lastast for. Denne lempingsregelen er meint å vere uttømmande, og andre lempingsreglar i lov eller som måtte følgje av ulovfesta prinsipp, kjem såleis ikkje til bruk.
Tredje leddgjev ein særskild bevisregel om årsakssamanheng ved skade på drivande eller fastståande reiskapar, når trål- og snurrevadfiskarar samtidig har tråla eller drive snurrevadfiske på feltet. Etter denne føresegna har trål- og snurrevadfiskarar bevisbøra for at dei ikkje er årsak til skaden. Føresegna i tredje ledd er altså eit unnatak frå den vanlege regelen om at skadelidne må føre bevis for årsakssamanhengen.
Grunngjevinga for denne føresegna, som også gjeld etter dei tidlegare reglane, er at trål og snurrevad er reiskapar som kan ha stor skadeevne. Ein har difor funne at trål- og snurrevadfartøy er nærare enn skadelidne til å bere risikoen for å bevise årsakssamanhengen. Dette må vi og sjå i høve til regelen i § 26, jf. tidlegare saltvassfiskelova § 21, om tryggleiksavstand på ei nautisk mil for trål og snurrevad til utsett fiske- og fangstreiskapar, merke for slike reiskapar eller fartøy som driv garn- eller linefiske. Føresegna gjeld både når det er uklart kven av fleire trålarar som er årsak til skaden, og når det er uklart kva som er årsaka til skaden. Dersom det vert fremma erstatningskrav mot fleire trålarar, vil desse etter same bevisbørføresegn kunne verte solidarisk ansvarlege, sjå lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 5 – 3.
Saltvassfiskelova § 43 tok tidlegare eit atterhald, ved at omvendt bevisbør ikkje gjaldt dersom «omstendighetene avgjort taler mot at slikt bevis blir krevd». Departementet har ikkje gjort framlegg om å vidareføre dette atterhaldet, då det er vanskeleg å sjå nokon stor skilnad på krav om bevis for at ein ikkje er skuld i skaden eller krav om bevis for omstende som avgjort talar mot å krevje slikt bevis. I praksis vil atterhaldet frå saltvassfiskelova § 43 difor ikkje ha særleg verdi.
Til § 31 Panterett til sikring av erstatningskrav
Paragrafen fører vidare saltvassfiskelova § 44.
Første leddførste punktum slår fast at den som har krav på skadeerstatning etter denne lova, eller etter andre reglar dersom kravet oppstår som følgje av samanstøyt mellom haustingsfartøy, hjelpefartøy eller fartøy som fører fangst, har panterett i fartøya, reiskapane og fangsten til skadevaldaren. Slik panterett inneber prioritetssikring av kravet, og kan også motivere til raskare oppfylling av uteståande krav på erstatning.
Det følgjer av første ledd andre punktum at reglane om sjøpant i lov 24. juni 1994 nr. 39 (sjølova) kap. 3 gjeld tilsvarande for fartøya, reiskapane og fangsten til skadevaldaren, og i medhald av tredje punktum vil kravet med omsyn til prioritet vere likestilt med dei krava som er nemnt i sjølova § 51 første ledd nr. 4.
Etter andre leddførste punktum fell panterett i fangst bort når fangsten er omsett.
Saltvassfiskelova § 44 andre ledd hadde tilsvarande regel, men med tillegg om at kravshavaren i staden får panterett i salssummen. Formålet med dette har vore å unngå tredjepartskonfliktar. Departementet ser tillegget om panterett i salssummen som ein lite formålstenleg regel, og gjer framlegg om at denne vert sløyfa. I staden er det teke inn ein regel i andre ledd andre punktum om at den som utan samtykke frå kravshavaren selde fangst som det var slik panterett i, vert personleg ansvarleg for kravet. Den som sel fangsten, vil i praksis også vere den som eig fartøy og fangst eller vere ein nærståande til denne personen eller føretaket, og dermed stå svært nær til det opphavlege kravet. Det opphavlege kravet vil likevel ikkje falle bort. Ansvaret for den som sel fangsten bør likevel ikkje gjelde lenger enn verdien av fangsten, jf. tredje punktum om at ansvaret ikkje gjeld for den summen som han godtgjer at pantet ikkje kunne ha dekt. Dette er tilsvarande løysing som etter sjølova § 63 om sjøpanterett i last som vert utlevert.
Til § 32 Lokale reguleringar og utval
Paragrafen kjem saman med havressurslova § 33 til erstatning for saltvassfiskelova §§ 33 – 37. Paragrafen inneber ei utviding då Fiskeridirektoratet no får kompetanse til å fastsetje lokale forskrifter i tråd med opprekninga i bokstav a til d, og ikkje berre i dei høva der det er oppretta utval. Reglane om lokale fiskerioppsyn vert ikkje ført vidare.
Første leddgjev departementet kompetanse til å opprette utvalsområde der Fiskeridirektoratet eller utval oppnemnde av Fiskeridirektoratet heimel til å fastsetje lokale forskrifter med verknad berre innanfor eit avgrensa område. I første ledd bokstav a til d er det lista opp kva det kan fastsetjast forskrifter om. Det kan vere aktuelt også å delegere forskrifts- og oppnemningskompetansen vidare til Fiskeridirektoratets regionkontor, som då anten sjølve gjev slike lokale forskrifter eller delegerer forskriftskompetansen vidare etter å ha oppnemnt eit lokalt utval.
Formålet med lokale utval og lokale forskrifter er å gje reglar for gjennomføring av fiskeri eller anna hausting, der dei som gjev reglane har særleg praktisk innsikt i dei lokale forholda. Dette kan gjelde fartøy- og reiskapsgrupper i området, haustingsmønster, geografi og sesongvariasjonar. Denne framgangsmåten har tradisjonelt vore nytta i kystnære sesongfiskeri, for å sikre ei formålstenleg avvikling og regulere lokale konkurrerande interesser.
Det er dermed ikkje ressursforvalting som primært er formålet med dei lokale reguleringane, men ei formålstenleg og sikker gjennomføring av aktiviteten innanfor eit avgrensa område. Kompetansen i medhald av første ledd er av den grunn sakleg avgrensa til havdeling og tryggleiksavstand mellom ulike reiskapsgrupper, utplassering og merking av reiskap, tidspunkt for utsigling og liknande, og om melde- og oppgåveplikt til Fiskeridirektoratet for å delta i haustinga i slike område. etter første ledd andre punktum kan Fiskeridirektoratet fastsetje lokale forskrifter som nemnd i første punktum også utanfor utvalsområde.
Det følgjer av andre ledd at lokale organisasjonar vil ha forslagsrett både ved fastsetjing av lokale forskrifter og ved oppnemning av utval, slik at omsynet til brukarmedverknad vert teke vare på. Denne forslagsretten vil sikre lokal medverknad på utforminga av lokale forskrifter, sjølv når forskriftene vert fastsette av Fiskeridirektoratet eller regionkontoret. Retten vil vidare sikre at eventuelle lokale utval får ein formålstenleg representasjon. Eit sentralt poeng med dei lokale utvala er nettopp at lokale næringsutøvarar sjølv kan finne løysingar på konfliktar mellom reiskaps- og fartøygrupper.
Denne forslagsretten inneber inga rettsleg plikt for Fiskeridirektoratet til å følgje framsette forslag. Det ligg likevel i premissane for ordninga at lokal forankring og påverknad skal sikrast ved å opprette lokale utval eller å fastsetje lokale forskrifter, så langt det er tilrådeleg eller praktisk lèt seg gjere.
Til § 33 Tilsynspersonar
Paragrafen erstattar saman med havressurslova § 32 saltvassfiskelova §§ 33 – 37.
Føresegna viser til utvalsområde oppretta i medhald av § 32, og gjev Fiskeridirektoratet fullmakt til å utnemne lokale tilsynspersonar i slike utvalsområde. Dersom kompetansen etter § 32 vert delegert til eit regionkontor, er det naturleg at kompetansen til å oppnemne tilsynspersonar også vert delegert.
Oppgåvene til tilsynspersonane er å prøve å hindre brot på føresegnene fastsette i eller i medhald av lova, og å medverke til ro og orden på haustingsfeltet. Dette skal gjerast gjennom vegleiing og eventuelt åtvaring. Ut over dette gjev lova tilsynspersonane ingen formelle fullmakter til å handheve lova. Det vil ikkje vere eit brot på lova dersom ein person ikkje følgjer slik vegleiing eller ikkje rettar seg etter ei åtvaring. Praksis viser likevel at ordninga med rettleiing og åtvaring etter langvarig sedvane stort sett vert respektert av fiskarar ute på feltet.
I tillegg til reglar om lokale utval og oppsynspersonar, inneheld saltvassfiskelova kapittel VII også reglar om lokalt fiskerioppsyn som kan gjevast politi- og påtalemynde og om særskilte rettargangsreglar for dei periodane slikt lokalt fiskerioppsyn er sett. Havressurslovutvalet gjer framlegg om at desse reglane ikkje vert førte vidare, då utvalet ser det slik at det ikkje lenger er trong for eigne oppsyn i tillegg til det arbeidet som vert utført av Fiskeridirektoratets vanlege personell. Departementet er samd i dette.
I unntakstilfelle kan politimynde etter § 20 i lov av 4. august 1995 om politiet gjevast til personar utanom politiet. Denne heimelen vil kunne nyttast, dersom utviklinga viser at det igjen vert nødvendig å etablere særskilte oppsyn med politimynde i avgrensa område, til dømes under sesongfiskeri.
Kapittel 6 Tilrettelegging for kontroll
Fleire av føresegnene i dette kapittelet pålegg ulike aktørar å gje opplysningar til styresmaktene. Sjølv om det her vert lagt vekt på kva desse opplysningane har å seie for å få til ein best mogleg ressurskontroll, er det også klart at opplysningane vert nytta og er viktige for statistikk og forsking for å leggje til rette for ei best mogleg forvaltning av fisket. Opplysningane som er samla inn med heimel i føresegnene i dette kapittelet skal difor også kunne nyttast av styresmaktene til slike formål.
Til § 34 Plikt til å leggje til rette for kontroll om bord i fartøy
Paragrafen erstattar saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstavane p til s. I tillegg gjev bokstav c heimel for å stille krav til merking av fangst. Dette er ei utviding i høve til gjeldande reglar i saltvassfiskelova. Forslaga er drøfta i kapittel 8.2.
Formålet med forbod eller påbod med heimel i denne føresegna er å leggje til rette for kontroll om bord på fartøy og redusere høvet til å skjule hausting i strid med gjeldande reglar. Av desse grunnane er det nødvendig å gje reglar om kva reiskapar eller utstyr som skal og kan brukast, korleis reiskapane skal oppbevarast om bord, krav til merking av fangst, krav til teikningar og kalibreringstabellar over rom og tankar der fangst vert oppbevart, krav til oversikt over korleis fisk skal stuast og krav til korleis fangst skal stuast.
Heimlane til å gje reglar for å leggje til rette for kontroll er generelt utforma. Departementet legg til grunn at dei er fleksible i høve til nye krav som kan aktualiserast, så framt det gjeld krav til å ha, bruke eller oppbevare utstyr og reiskapar, og krav til dokument om oppbevaringsstader, oppbevaring og merking av fangsten. Departementet meiner det er lite tenleg å vedta spesifikke heimlar for ulike pålegg. Slik har det delvis vore med tilsvarande heimlar i saltvassfiskelova, og departementet har valt å gå bort frå denne løysinga.
Bokstav a gjev departementet heimel til å gje forbod og påbod om å ha om bord eller bruke reiskapar. Det inneber at det mellom anna kan fastsetjast reglar om forbod mot å ha bestemte typar haustingsreiskapar om bord når det vert hausta i visse område eller med visse typar reiskapar. Til dømes kan det fastsetjast forbod mot å ha om bord trål med mindre maskevidde enn det som er tillate i ulike område.
Bokstav b gjev departementet heimel til å gje reglar om korleis reiskapar skal oppbevarast om bord i fartøyet når dei ikkje er i bruk. Formålet er å sikre at reiskapane ikkje enkelt kan takast i bruk, og er eit mindre gjennomgripande tiltak enn å forby å ha reiskapen om bord i det heile etter bokstav a. Reglane kan til dømes innebere at det vert stilt krav til at reiskapane skal vere demonterte og stua vekk.
Det kan med heimel i bokstav c fastsetjast forbod og påbod om bruken av utstyr som kan nyttast til sortering, oppmaling, utkast eller dumping o.a. av fangst. Slike reglar kan hindre såkalla high-grading og oppmaling og utkast av mindre verdifull fisk eller fisk under minstemål. I alle høve vil slike reglar gjere det lettare å kontrollere om forbod mot utkast, reglar om minstemål osb. vert haldne.
Bruk av utstyr som på ulike måtar rapporterer om fartøyets aktivitet vert eit stadig viktigare verkemiddel i ressursforvaltninga og bokstav d gjev difor heimel til å fastsetje påbod om å ha eller bruke utstyr som overvaker og rapporterer om aktiviteten til fartøyet, som til dømes satelittsporingsutstyr og ferdskrivar. Dette er utstyr som mellom anna kan hjelpe til med å kontrollere gjennomføringa av haustingsoperasjonen eller haustingskvantumet o.a. I tillegg til satellittsporingsutstyr og ferdskrivar, som er særskilt nemnt, gjev bokstav d også heimel til påbod om elektronisk fangstdagbok og andre elektroniske rapporteringssystem. Heimelen til å gje pålegg om utstyr som rapporterer aktiviteten til fartøyet er generelt utforma for i framtida å kunne gje heimel til pålegg om bruk av nye typar utstyr som styresmaktene finn nødvendige av omsyn til ressurskontrollen eller for å gjere det vanskelegare å skjule ulovleg hausting. Bokstav d gjev heimel til å gje pålegg om utstyr, uavhengig av om kontrollen skal skje på fartøyet eller ved overføring av opplysningar til Fiskeridirektoratet eller anna kontrollorgan.
Bokstav e gjev departementet heimel til å gje pålegg om at fartøy skal ha godkjende teikningar av oppbevaringsstader om bord og av fartøyet elles. Heimelen kan nyttast til å gje pålegg om at fartøy skal ha teikningar om bord som viser rom og tankar der fisk og anna vert oppbevart. Vidare kan heimelen nyttast til å gje pålegg om at fartøy skal ha ulike kalibreringsdokument om bord, som til dømes kalibreringsdokument for tankar o.a. Godkjende dokument som viser volum av tankar eller rom er til stor hjelp for å kunne anslå mengda av fangst om bord i fartøyet og hjelper til med å gjere ressurskontrollen på sjøen og ved landing meir effektiv. Det kan også vere tenleg å påby at fartøyet skal ha godkjende teikningar av heile fartøyet om bord, for lettare å kunne avdekkje rom der fangst kan lagrast.
Bokstav f gjev heimel til å gje pålegg om at fartøy skal ha oversikt over korleis fangsten er stua, det vil seie ha ei oppteikning over korleis fangsten faktisk er plassert i lasterom, med oversikt over ulike artar, produkttilstand, storleik osb. Bokstav f gjev også heimel til å gje pålegg om korleis fangsten skal stuast.
Bokstav f gjev i tillegg heimel til å gje pålegg om korleis fangsten skal merkast. Ved merking av produkt vert stort sett kommersielle nemningar av produkttilstanden brukte, og ved kontroll må ein då opne emballasje for å fastslå kva slags produkt det er. Når ein skal fastslå om korrekt omrekningsfaktor er nytta, kan bruk av kommersielle nemningar skape forvirring dersom dei ikkje er dei same som nemningane som vert nytta i omrekningsfaktorane i kvotekontrollen.
Vidare er merking viktig ved samanlikning av produsert mengde og fangst ført i fangstdagbok. Det er difor behov for å kunne gje reglar om korleis fangsten skal merkast, inkludert kva nemningar og kategoriar som skal brukast. Det vil gjere det mykje enklare å samanhalde desse opplysningane med opplysningar i fangstdagbøker og anna fangstrapportering. Det kan vere opplysningar om fangstdato, innfrysingsdato, fangstområde, art, produkttilstand osb. Ved å stille slike krav vert det også vanskelegare å skilje fangsten frå fiskefartøyet, noko som er viktig i hamnestatskontrollen. I NEAFC sine kontrollreglar er det krav om at fangsten skal merkast og kva for opplysningar som skal følgje med fangsten, og desse krava vil kunne innførast for havressurslova sitt verkeområde med heimel i bokstav f. Heimelen til krav om merking inneber også eit krav om at opplysningane som fangsten er merka med, skal vere korrekte. Difor kan det reagerast mot urett merking.
Bokstav g gjev heimel til å gje pålegg om bruk av utstyr og dokumentasjon om bord som sikrar kontroll med det kvantum som vert hausta. Det kan til dømes vere vekter og andre innretningar som registrerer og lagrar vekt eller kvantum som kjem om bord i fartøyet.
Til § 35 Plikt til å innhente informasjon
Paragrafen erstattar saltvassfiskelova § 9 andre ledd og gjev departementet heimel til å gje pålegg om å lytte på bestemte radiofrekvensar til bestemte tider, og heimel til å gje pålegg om at næringsaktørane må skaffe seg og bruke anna kommunikasjonsutstyr for å ta i mot meldingar frå styresmaktene. Plikta til å lytte på radio er absolutt når slike føresegner er gjevne. Fiskarane kan såleis ikkje hevde at dei ikkje har fått med seg ulike meldingar.
Årsaka til at det er behov for å gje pålegg om å lytte på radio og ta imot meldingar gjennom anna kommunikasjonsutstyr, er at endringar i reguleringane ofte vert gjort på svært kort varsel, til dømes ved stans i fisket når gruppe- eller totalkvoten er fiska opp. Desse vedtaka er det nødvendig å setje i verk raskt, og forvaltninga må difor sikre seg at informasjonen når ut til dei som driv den haustinga det gjeld.
Plikta til å lytte på bestemte radiofrekvensar til bestemte tider er godt innarbeidd og fungerer godt, og denne plikta kan førast vidare med heimel i denne føresegna. Meldingane vert no også lagde ut på Fiskeridirektoratet sine internettsider. Formidling av meldingar på denne måten eller ved andre former for moderne kommunikasjonsteknologi kan i framtida verte hovudforma for sending av meldingar frå styresmaktene og etter kvart erstatte meldingstenesta i radioen. Det er difor tenleg at lova gjev heimel for å kunne påleggje næringsaktørane både å skaffe seg slikt utstyr og plikt til å følgje med på slike meldingar på lik linje med plikta til å lytte på radio.
Ulike kommunikasjonskanalar kan også kombinerast, og ulike krav kan gjelde for ulike fartøygrupper. Uavhengig av kva for kommunikasjonskanal som vert nytta er det viktig å streke under at næringsaktørane si plikt til å innhente informasjon er absolutt. Det sikrar at reguleringsendringar og andre meldingar vert kjende straks og ingen skal kunne hevde at dei ikkje visste om meldingane.
Til § 36 Opplysningspliktene til haustaren (fangstdagbok o.a.)
Paragrafen erstattar heimelen til å gje reglar om fangstdagbok i saltvassfiskelova § 9 første ledd.
Første ledd gjev departementet heimel til å påleggje eigar eller brukar av fartøy å føre fangstdagbok og gje nærare opplysningar om korleis ho skal førast, kva for opplysningar ho skal innehalde og om oppbevaring og innsending av fangstdagbok.
Fangstdagboka er ein viktig reiskap i ressurskontrollen og plikta til å føre fangstdagbok er difor sentral i kontrollsamanheng. I motsetnad til saltvassfiskelova § 9 første ledd som reknar opp kva for opplysningar som skal førast i fangstdagboka, heiter det i første ledd at styresmaktene kan gje nærare reglar om kva opplysningar fangstdagboka skal innehalde og korleis ho skal førast. Årsaka er at behovet for opplysningar frå fangsdagboka kan endre seg over tid. Det er difor meir tenleg at styresmaktene kan bestemme kva opplysningar som skal inn i fangstdagboka ut frå kontrollbehovet til ei kvar tid. Med heimel i denne føresegna kan det gjevast heimel om at fangstdagbok skal førast på skjema gitt ut av Fiskeridirektoratet eller på annan måte, til dømes at fangstdagboka skal førast elektronisk. Det vil då også vere nødvendig å gje pålegg om bruk av slikt utstyr med heimel i § 34 bokstav d.
Krava til å føre fangstdagbok og kva for opplysningar som skal med i fangstdagboka kan fastsetjast ulikt for ulike fartøygrupper.
Andre ledd gjev departementet heimel til å påleggje eigar eller brukar av fartøy å gje andre opplysningar om hausting og produksjon enn det som er omfatta av første ledd. Ved kontroll av fartøy som driv produksjon om bord vert produksjonsjournalar og anna nytta i kontrollen, og det er difor viktig å kunne kontrollere slike opplysningar opp mot fangstdagbok og annan dokumentasjon. Vidare kan det påleggjast å gje opplysningar når det er gjort unntak frå ilandføringsplikta etter § 15 første ledd andre punktum.
Kva for opplysningar eigar eller brukar av fartøy kan påleggjast å gje, er avgrensa av at det må vere opplysningar om hausting og produksjon av fangst, og at formålet for styresmaktene må vere grunna i ressurskontrollen.
Til § 37 Omlasting, skifte av haustingsområde og avslutning av hausting
Første ledd fører vidare og utvidar heimelen i saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav u til å regulere omlasting. Forslaget er drøfta i kapittel 8.2. Denne heimelen vart innført i 2006 som eit av fleire tiltak for å styrkje regelverket i kampen mot UUU-fiske, jf. Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006). Saltvassfiskelova hadde før denne lovendringa ikkje nokon heimel til å forby eller gje nærare reglar om omlasting. Pålegg om melding ved skifte av haustingsområde o.a. har vore gjevne i medhald av sonelova og svalbardlova, men havressurslova vil no ha ein meir omfattande heimel til å regulere omlastingsaktivitet.
Etter første ledd kan departementet av kontrollomsyn forby eller fastsetje nærare reglar om omlasting. Departementet meiner det er behov for ein generell heimel i lova til å forby eller regulere omlasting av omsyn til ein best mogleg ressurskontroll. Reglar som regulerer når, kvar og korleis omlasting kan skje, kan vere til stor hjelp for styresmaktene i tilrettelegginga av ressurskontrollen. Denne heimelen må vi også sjå i samanheng med den generelle utviklinga av nye reglar for å styrke ressurskontrollen, ikkje minst gjeld det i kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske.
Med omlasting meiner vi her overføring av fangst frå eit fartøy til eit anna, uavhengig av om nokon av fartøya sjølv har hausta fangsten. Det inneber at føresegna omfattar omlasting frå fiskefartøy til fiskefartøy, frå fiskefartøy til fraktefartøy, frå fraktefartøy til fraktefartøy og frå fraktefartøy til fiskefartøy. Likeins vert overføring mellom andre flytande installasjonar enn fartøy rekna som omlasting. Overføring til lås eller steng er unnteke frå dette. Pålegg etter første ledd kan rette seg mot alle desse aktørane, både den som gjev i frå seg og den som tek i mot fangst.
Det vert rekna som omlasting sjølv om fangsten ikkje vert omsett samtidig med overføringa mellom fartøy.
Omlasting kan etter denne føresegna avgrensast til å gå føre seg i bestemte område eller på bestemte stader, til dømes ei eller fleire bestemte hamner (designated ports) og til bestemte tider, slik at det er mogleg å kontrollere omlastinga. Dette kan vere hamner som fiskeristyresmaktene har peika ut til omlasting, eller hamn som vert peika ut i ei konkret sak. Det kan gjevast pålegg om at det skal meldast frå innan fastsette fristar før omlasting kan starte. Pliktene i første ledd kan verte retta både mot avgjevande og mottakande fartøy. Desse reglane gjer at styresmaktene kan kontrollere og ha oversikt over omlastingar på ein meir effektiv måte enn i dag.
Andre ledd er ei vidareføring og utviding av saltvassfiskelova § 9 andre ledd og gjev departementet heimel til å gje reglar knytt til melding om skifte av haustingsområde og avslutning av hausting, og pålegg om framstilling for kontroll. Departementet kan såleis påleggje den som tek til å hauste, skifter haustingsområde eller avsluttar hausting å melde frå om dette innan bestemte fristar og framstille seg for kontroll på nærare fastsett stad. Mellom anna kan det gjevast pålegg når eit fartøy avsluttar haustinga i eitt område for å fortsette å hauste i eit anna område. Det kan hindre at fangst teken i eitt område vert registrert i eit anna område der fartøyet til dømes har kvote igjen. Melding om avslutning av hausting kombinert med kravet om at fartøyet varslar styresmaktene før mottak av fangst etter første ledd, gjer det lettare å førebu ressurskontrollen. Heimelen til å påleggje førehandsvarsel om avslutning av haustinga må sjåast i samanheng med heimelen til å påleggje den som tek i mot fangst å melde frå om når og kvar mottak av fangst skal skje, jf. § 39 fjerde ledd.
Til § 38 Registrering som mottakar og kjøpar av fangst i første hand
Paragrafen erstattar lov om registrering som kjøpar i første hand av råfisk mv. av 24. juni 1994, og innfører i tillegg heimel til å påleggje registreringsplikt for mottakarar av fangst i første hand. Forslaget er drøfta i kapittel 8.1.
Første punktum gjev departementet heimel til å gje reglar om at den som tek i mot fangst som vert lossa eller omlasta frå fartøy skal vere registrert som mottakar hos Fiskeridirektoratet. Slik registreringsplikt kan såleis påleggjast alle som tek i mot fangst som vert lossa frå fartøy, uavhengig av om lossing skjer til eit anlegg eller ein stad på land, om lossing skjer til eit anna fartøy (omlasting), eller om lossing skjer til oppbevaring i sjø. Vidare kan slik registreringsplikt påleggjast sjølv om eit føretak landar fangsten til seg sjølv.
Første punktum gjev vidare departementet heimel til å vidareføre kjøparregistreringsordninga, og påleggje alle som vil kjøpe fangst i første hand registreringsplikt. Registrering av mottakarar og kjøparar i første hand vil vere eit viktig verkemiddel i ressurskontrollarbeidet, og vil gje styresmaktene ei god oversikt over kven som er aktørar i næringa på landsida, slik ulike register gjev oversikt over aktørane og kvotane på fartøysida.
Det kan fastsetjast vilkår for registrering. Slike vilkår må vere sakleg avgrensa til formålet med registreringsordninga. På lik linje med gjeldande kjøparregistreringsordning skal det vere objektive krav til registrering, slik at dei som fyller dei fastsette vilkåra, har eit rettskrav på å verte registrerte. Vilkåra for registrering skal fastsetjast i forskrift. Det skal vere vilkår som er nødvendige av omsynet til ressurskontrollen eller for å ha oversikt over dei som tek imot eller kjøper fisk i første hand. Det kan såleis ikkje fastsetjast vilkår for registrering som til dømes har til formål å påverke strukturen på mottakssida eller som har andre næringspolitiske formål.
Det kan berre registrerast ein mottakar ved eitt anlegg eller på ein stad, slik at vedkommande er ansvarleg for at all fangst som vert landa der vert registrert på landingssetel. Dersom fleire kjøparar er registrerte på same staden må dei få fangsten frå vedkommande som er mottakar, og fangstane som dei ulike aktørane kjøper må vere klart skilde frå kvarandre, slik at det er enkelt å dokumentere kvar fangsten frå dei ulike landingane vert seld.
I gjeldande kjøparregistreringsforskrift er det eit vilkår for registrering at kjøpar disponerer eller har avtale med eit anlegg som er godkjent etter matlova § 7. Som drøfta i kapittel 8.1.8.4, meiner departementet det er tenleg at vilkåra for registrering er uttømmande regulerte i eige regelverk. Det er eit spørsmål om det skal vere eit vilkår for registrering at mottakar eller kjøpar disponerer eit eige landanlegg, så lenge mottaksstaden er godkjent av Mattilsynet. Departementet meiner at det ikkje er nødvendig ut frå ressurskontrollen at mottak av fangst skal skje på eit landanlegg godkjent etter reglane i matlova. Dessutan gjer utviklinga i mottaksstrukturen at det fleire stader er vanskeleg for den minste flåten å lande fangst til slike anlegg. Likevel treng styresmaktene å vite kvar mottak av fisk skjer. Det kan difor setjast vilkår om at mottak av fangst kan skje på ein eller fleire nærare bestemte stader. Det kan vere eit godkjent anlegg, eller det kan vere meir provisoriske anlegg der fisken vert landa og så frakta til eit foredlingsanlegg. Det kan også fastsetjast at eit rettssubjekt kan motta fangst på fleire stader. Kor mange stader kvart rettssubjekt skal kunne ta imot fangst må avgjerast når forskrifta om registrering skal utformast.
Når fangst vert landa til eit anna fartøy vil det vere vanskeleg for Fiskeridirektoratet å føre kontroll med landinga dersom det kan skje kvar som helst. Det kan difor stillast krav om at mottak og kjøp av fangst på sjøen skal skje på nærare fastsette stader, til dømes i ei hamn eller ved ei kai. Det kan også vere eit krav for å verte registrert at mottakar har ei godkjend vekt på den staden der mottak skal skje, slik at vegeplikta ved utfylling av landingssetel vert følgd, jf. forskrift om opplysningsplikt ved landing og omsetning av fangst § 7.
For å verte registrert som kjøpar i første hand kan det setjast som vilkår at kjøpar til ei kvar tid er orientert om og følgjer salslagas forretningsreglar og sals- og omsetningsføresegner, og at kjøpar stiller den bankgarantien eller tilsvarande sikkerheit som salslaget krev.
Til § 39 Landings- og sluttsetel og førehandsvarsel om landing
Paragrafen fører vidare saltvassfiskelova §§ 9 og 9a og råfisklova § 7, men i staden for å gje ein heimel til å fastsetje slike reglar i forskrift, følgjer no plikta til å gje fangstopplysningar på landings- eller sluttsetel direkte i lova. Departementet meiner dette er av dei viktigaste pliktene aktørane i næringa har for å sikre at haustinga er i tråd med gjeldande reglar og kvotar. For å understreke dette vert desse pliktene no sette opp direkte i lova. Nærare reglar om landings- og sluttsetlar er gjevne i forskrift om opplysningsplikt ved landing og omsetning av fisk, som også regulerer nærare kva for opplysningar som skal førast på setlane.
Plikt til å gje opplysningar ved landing og omsetning i første hand gjeld alle viltlevande marine ressursar, jf. § 3, og er såleis ikkje avgrensa til dei artane som er omfatta av salslaga sin omsetningsrett, jf. forskrift om førstehandsomsetning av råfisk.
Første ledd gjev pålegg om utfylling av landingssetel. Pålegget rettar seg både mot eigar og brukar av haustings- eller transportfartøy, og den som tek imot fangst. Såleis er plikta lik for dei som gjev frå seg og dei som tek i mot fangsten. Omgrepet «den som tek imot fangst» inkluderer alle som tek imot fangst, anten dei skal transportere, oppbevare eller foredle fangsten, eller om dei av andre årsaker eller på andre måtar tek imot fangst. Plikta inneber at desse skal skrive ut ein landingssetel med korrekte opplysningar om fangsten. Plikta til gje opplysningar om fangsten gjeld uavhengig av om fangsten vert landa ved eit anlegg på land, til eit anna fartøy eller til oppbevaring i sjø. Poenget er at det oppstår ei opplysningsplikt når fangsten vert overført frå eit fartøy til ein annan stad, uavhengig av kva og kvar det er. Såleis gjeld plikta til å fylle ut landingssetel i alle tilfelle der fangsten vert landa, sjølv om han tidlegare har vorte landa, til dømes til eit transportfartøy. Ved landing av fangst frå norske fartøy i utlandet, gjeld plikta til å fylle ut landingssetel berre for det norske fartøyet.
Andre ledd gjev pålegg om utfylling av sluttsetel. På same måte som første ledd første punktum rettar plikta seg både mot eigar og brukar av haustings- eller transportfartøy og den som kjøper fangsten i første hand. Plikta inneber at dei skal skrive ut ein sluttsetel med korrekte opplysningar om fangsten som vert omsett. Plikta til å gje opplysningar om fangsten gjeld i alle tilfelle der fangsten vert omsett i første hand, uavhengig av om det skjer på sjøen eller ved landing, og uavhengig av om fangsten vert flytta fysisk i samband med omsetninga.
I dei aller fleste tilfella vil sluttsetel verte fylt ut når fiskaren sel fangsten til ein kjøpar, og i dei fleste tilfelle skjer dette samtidig med landing av fangsten. Haustar og kjøpar vil då fylle ut ein sluttsetel. Dei må berre fylle ut ein setel og har såleis i slikt tilfelle ikkje plikt til å fylle ut landingssetel i tillegg til sluttsetelen.
Når det skal vurderast kva som er å rekne som omsetning i første hand, er det naturleg å sjå på kva som er førstehandsomsetning etter råfisklova. Difor skal det reknast som førstehandsomsetning når fangst vert landa frå utanlandsk fartøy, sjølv om fangsten tidlegare har vore omsett på sjøen, jf. råfisklova § 2 og råfiskforskrifta § 1.
Alle som er omfatta av plikta til å gje opplysningar etter første og andre ledd, har eit sjølvstendig ansvar for at opplysningane som vert gjevne er korrekte. Det gjeld til dømes opplysningar om art, kvantum, produkttilstand, samansetning av fangsten osb. Dette ansvaret må likevel avgrensast til dei opplysningane som partane kan kjenne til og kontrollere. Til dømes vil det vere vanskeleg for ein mottakar å stadfeste opplysningar om kvar fangsten er teken. Slike opplysningar fell difor i dei fleste høve utanfor det mottakaren kan haldast ansvarleg for.
Saltvassfiskelova gav ikkje heimel til å gje føresegner knytte til omsetning av fangsten, og råfisklova § 7 måtte difor nyttast som heimel for reglane om landings- og sluttsetlar ved sida av saltvassfiskelova. Sidan havressurslova også omfattar omsetning av fangst, jf. § 3 andre ledd, vil det ikkje lenger vere nødvendig å bruke råfisklova § 7 som heimel for desse reglane. Departementet finn det tenleg at alle desse reglane har heimel i same lov, mellom anna av omsyn til sanksjonar mot brot på reglane.
Etter tredje ledd kan departementet gje nærare reglar om omfanget av pliktene i første og andre ledd, mellom anna om korleis setele skal førast og kva for opplysningar setelen skal innehalde. Vidare kan departementet gje nærare reglar om korleis setlane skal oppbevarast og korleis dei skal sendast til salslaga eller styresmaktene. Kva for opplysningar styresmaktene treng av omsyn til ressurskontrollen, kan endre seg og det er difor tenleg at departementet kan gje slike reglar i forskrift. Det same gjeld reglar om kven som skal sende inn slike opplysningar og når og korleis dei skal sendast inn. Mellom anna kan det fastsetjast at overføring av slike opplysningar skal skje elektronisk, jf. § 43.
Fjerde ledd gjev heimel til å påleggje dei som er nemnde i første og andre ledd plikt til å opplyse styresmaktene om kvar, korleis og når landing av fangst skal skje og kva for opplysningar eit førehandsvarsel skal innehalde. Med landing reknast alle dei tilfella som er omfatta av første ledd.
Slike pålegg kan rette seg mot dei som skal lande fangst, til dømes ved å gje førehandsmelding om landing av fangst knytt til landingsstad, art, kvantum, fangstområde osb. På same måte kan pålegg om å gje slik melding rette seg mot dei som tek imot fangst.
Pålegga overfor desse aktørane har bakgrunn i omsynet til ein best mogleg ressurskontroll. Førehandsmeldingar gjev Fiskeridirektoratet betre grunnlag for å kunne bestemme om landinga skal kontrollerast og gjer det lettare å gjennomføre kontrollen fordi inspektørane kan komme til anlegget før landinga tek til. For å sikre at inspektørane rekk fram til anlegget i tide, kan det fastsetjast at førehandsvarsel må sendast ei viss tid før fangsten kan landast. Når eit slikt krav vert stilt må styresmaktene ta omsyn til kva som er eit rimeleg krav for ulike flåtegrupper og i ulike fiskeri.
Til § 40 Plikt til å sikre opplysningar om fangst
Paragrafens fører vidare delar av saltvassfiskelova § 9a.
Etter denne føresegna kan departementet gje pålegg om bruk av utstyr og dokumentasjon som er nødvendig for å sikre kontroll med dei kvanta som vert tekne imot, transportert, oppbevart, produsert eller omsett. Dette gjeld krav til utstyr til kontroll av kvantum (til dømes ulike vekter), krav til korleis fangsten skal oppbevarast og skiljast frå annan fangst, krav til oversikt over korleis fangsten er lagra osb. Med heimel denne føresegna kan det også stillast krav til dokumentasjon som sikrar kontroll med fangst som vert teken ut av lager o.a., slik at det til ei kvar tid kan dokumenterast kva som er på ein nærare definert stad, som til dømes eit lager. Andre ledd gjev heimel til å stille krav om lagerjournalar o.a. Krava som er fastsetet i landings- og sluttsetelforskrifta til journalføring hos mottakar og sporing og merking internt hos mottakar vil såleis vere fastsett med heimel i denne føresegna.
Krav om å ha og å bruke utstyr skal vere grunna i omsynet til ein effektiv ressurskontroll, og leggje til rette for at det som er levert kan kontrollerast opp mot opplysningar om kva som er levert og opplysningar i fangstdagbok. Det mest sentrale kravet til den som tek imot fangst, er kravet til å ha tenleg utstyr for å vege fangsten, noko som er nødvendig for korrekt utfylling av landings- og sluttsetel.
Føresegna rettar seg mot alle som tek imot, transporterer, oppbevarer, produserer eller omset viltlevande marine ressursar.
Departementet kan etter andre punktum også gje reglar om korleis fisk o.a. skal oppbevarast når det er nødvendig av omsyn til ressurskontrollen.
Føresegna har ei generell utforming, og gjev departementet heimel til å gje nye pålegg slik at kontrollmetodane kan følgje utviklinga av ny teknologi og nytt utstyr, utan at det vil vere behov for hyppige lovendringar.
Til § 41 Sporing
Føresegna er ny. Forslaget er drøfta i kapittel 8.1.8.4. Føresegna gjev heimel til å påleggje alle dei som haustar, tek i mot, oppbevarer, produserer eller omset viltlevande marine ressursar å dokumentere dei opplysningar som er nødvendige for at det heile tida skal vere mogleg å spore fangsten tilbake til ein fangst registrert på landings- eller sluttsetel. Reglar om sporing med heimel i denne føresegna må vere grunna i omsynet til ressurskontroll. Såleis kan det ikkje av andre omsyn gjevast reglar om sporing med heimel i første ledd. Dette formålet er også førande for kva for type sporingsopplysningar det er naturleg å krevje.
Sporing vil vere eitt av fleire verkemiddel for å få til ein best mogleg ressurskontroll og for å kunne utføre kontrollar langs heile den tidslinja fangsten følgjer frå hausting og fram til sal til forbrukar.
Sporingssystema må utviklast over tid, og det må utgreiast kor detaljerte opplysningane treng å vere og kven krava skal rette seg mot. Det er difor viktig at heimelen til å gje reglar om sporing er så fleksibel at han kan gje heimel til dei løysingane som vert valde.
Departementet kan påleggje at fangst skal kunne sporast attende til ein landings- eller sluttsetel. Dette er eit langsiktig mål og det kan vere at ein i førstninga vil innføre system der fangsten ikkje vert spora attende til setlane, men til eit mottaksanlegg eller eit anna punkt som kan identifiserast. Føresegna gjev også heimel til slike løysingar sjølv om det ikkje er nemnt særskilt i lovteksten.
Til § 42 Omrekningsfaktorar
Første ledd erstattar saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav t medan andre ledd er nytt. Forslaget er drøfta i kapittel 8.2. Alle kvotar som vert fastsette i tonn, vert fastsette i såkalla «rund vekt». Det er det fisken veg før han vert sløgd og hovudkappa. I mange haustingsverksemder vert fisken sløgd, hovudkappa og foredla på annan måte før landing og omsetning av fangsten. Vekta som skal førast på landings- og sluttsetlane, er produktvekta fisken har ved landing eller omsetning.
For å avrekne korrekt kvantum på kvoten vert det difor nytta ein omrekningsfaktor for å finne kva rund vekt produkta representerer, og etter første ledd kan departementet fastsetje forskrifter om omrekningsfaktorar frå tilverka eller landa fangst til rund vekt, og mellom ulike grader av tilverking. I tillegg er det i fleire fiskeri behov for å gjere eit standardisert trekk i høve til mengda vatn i fangsten. Slike vasstrekkstandardar er også ein omrekningsfaktor som kan fastsetjast med heimel i denne føresegna.
Bruk av omrekningsfaktorar har to hovudformål. For det første er det viktig for å få ein rett statistikk over uttaket frå dei ulike bestandane.
Endå viktigare er det å nytte omrekningsfaktorane i kontrollsamanheng, der dei fastsette omrekningsfaktorane skal leggjast til grunn ved kvoteavrekninga og den kontrollen som skjer av fartøya sine uttak. I dag vert som nemnt mykje fisk landa meir eller mindre foredla, og då er omrekningsfaktorar fastsette i forskrift nødvendige for å kunne sanksjonere mot brot på kvotereglane.
I samband med ressurskontrollen er det også viktig å fastsetje omrekningsfaktorar som skal nyttas før fangst er landa. Både på norske og utanlandske fartøy vert fangsten i større eller mindre grad foredla om bord. Fastsette omrekningsfaktorar skal difor nyttast ved kontroll av kvantum om bord opp mot fangstdagboka. Ved kontroll av fartøy på sjøen skal dei fastsette omrekningsfaktorane leggjast til grunn. Utanlandske fartøy som fiskar i farvatn under norsk jurisdiksjon, men som ikkje landar fangsten i Noreg, skal sende fangstrapportar til Fiskeridirektoratet. Fangsten vert avrekna på flaggstaten sin kvote i Noregs økonomiske sone, og slik avrekning skal skje i omrekna rund vekt.
Omrekningsfaktorar vert fastsette på grunnlag av observasjonar og praktiske forsøk og undersøkingar, der formålet er å finne fram til ein mest mogleg korrekt omrekningsfaktor. Då vil det vere nødvendig å ta prøver av fangsten om bord på fartøy og i produksjonsanlegg, dvs på kommersielle aktivitetar. Andre ledd slår fast at eigar og brukar av haustingsfartøy og produksjonsanlegg har plikt til å samarbeide når Fiskeridirektoratet ønskjer å hente inn prøver for dette formålet.
Til § 43 Bruk av elektronisk utstyr og programvare
Paragrafen er ny og gjev departementet heimel til å gje pålegg om bruk av bestemt elektronisk utstyr og programvare for registrering og overføring av opplysningar som nemnt i dette kapitlet. Føresegna gjev ikkje heimel til å påleggje sjølvstendige kontrollplikter, men heimel for bruk av utstyr og programvare der det er fastsett plikter i eller med heimel i andre føresegner i kapittel 6.
Heimelen er generell og gjeld alle typar registrering og overføring og alle typar opplysningar nemnt i dette kapittelet. For å effektivisere forvaltningas mottak og behandling av slike kontrollopplysningar er det ofte behov for å standardisere format og liknande som skal nyttast ved overføring av opplysningar, og korleis opplysningar skal registrerast og overførast. Ved utvikling av nye system som gjer ressurskontrollen meir effektiv, kan slikt utstyr påleggjast brukt med heimel i første ledd.
Likevel er det nokre sentrale område som peikar seg ut. Føresegna gjev heimel til at departementet kan påleggje bruk av nærare bestemt elektronisk utstyr for registrering og overføring av fangstdagbokopplysningar, jf. § 36. Det er grunn til å tru at elektronisk fangstdagbok kan verte innført i løpet av nokre år, og det er difor viktig å ha heimel til å kunne gje reglar om slik dagbok. Føresegna gjev heimel til å kunne påleggje kva elektronisk utstyr som skal brukast ved overføring av opplysningar, mellom anna til å påleggje bruk av standardar for overføring av opplysningar. Dette er nødvendig for å sikre at opplysningane vert overførte i format som gjer at dei kan takast i mot og brukast på ein enklast og best mogleg måte, både i kontroll- og statistikksamanheng. Kva krav det er nødvendig og sakleg grunn til å stille til overføring av opplysningar kan fastsetjast ulikt for ulike fartøygrupper, jf.§ 67.
Føresegna gjev vidare heimel til å gje pålegg om å bruke nærare bestemt elektronisk utstyr for registrering og overføring av opplysningar knytt til landing og omsetning av fangst, og førehandsmelding om landing, jf. § 39. Dette kan leggje til rette for standardiserte format for overføring av slike opplysningar, og dette vil lette overføringa og foredlinga av opplysningane, og såleis føre til betre kontroll- og statistikkopplysningar.
Føresegna gjev også heimel til å gje pålegg om å bruke nærare bestemt utstyr for registrering og overføring av opplysningar knytt til sporing og andre opplysningar om korleis fangsten vert teken i mot, oppbevart, produsert o.a., jf. § 41.
Føresegna gjev også heimel til å påleggje bruk av utstyr til sending av ulike typar opplysningar frå fartøy til styresmaktene, jf. § 34. Det kan vere sending av posisjonsopplysningar automatisk (satellittsporing), og det kan vere sending av opplysningar frå Bluebox som vert nytta i kvalfangst.
Kostnadene til innkjøp, installasjon og bruk av utstyr som nemnt i denne føresegna skal berast av brukaren. Departementet finn at det ikkje er nødvendig med ein eigen heimel som regulerer dette. I eit pålegg om bruk av bestemt elektronisk utstyr ligg det også at dette er noko brukaren sjølv må skaffe seg og dekkje kostnadene ved. Det same gjeld andre typar pålegg frå styresmaktene, særleg når det gjeld utstyr brukaren vil eige sjølv. Brukaren kan likevel påleggjast å dekkje kostnadene knytt til utstyr som ikkje vil vere hans eigedom, men som han er pålagd å nytte. Slikt pålegg er i dag gjeve når det gjeld kostnader knytt til satellittsporing.
Kostnadene knytt til bruk kan vere kostnadene ved sjølve kommunikasjonen. Dette er også kostnader brukaren sjølv må bere.
Kapittel 7 kontroll og handheving
Forslaga her er drøfta i kapittel 8.1.
Til § 44 Kontrollansvaret til Fiskeridirektoratet
Paragrafen erstattar saltvassfiskelova § 45 første ledd, og slår fast at det er Fiskeridirektoratet som har ansvar for å kontrollere at reglar fastsette i eller i medhald av lova og andre lover knytt til deltaking i, leiting etter og uttak, omsetning, produksjon og innførsle og utførsle av viltlevande marine ressursar vert følgde.
Fiskeridirektoratet sitt ansvar for kontroll av innførsle og utførsle er ei utviding samanlikna med gjeldande rett, og er grunna i behovet for å gje reglar knytte til innførsle og utførsle av omsyn til ressurskontrollen. Dette er nærare omtala i kapittel 8.1.8.4. I tillegg er det eit behov for å kunne kontrollere at reglane om utførselskvote for fisk vert følgde.
Føresegna reknar ikkje opp dei lovene som Fiskeridirektoratet skal føre kontroll med, men nemner tematisk kva regelverk som er omfatta av kontrollkompetansen. Dei lovene som vil vere omfatta i tillegg til havressurslova er mellom anna deltakarlova, sonelova, fiskeforbodslova, råfisklova, lov om innførsle- og utførsleregulering og forskrifter gjevne i medhald av desse lovene. Dersom det kjem nye fiskerirelaterte lover på desse områda, vil dei også vere omfatta av Fiskeridirektoratet sin kontrollkompetanse fordi § 44 er generelt utforma.
Samtidig inneber denne tematiske opprekninga av kva Fiskeridirektoratet skal føre kontroll med også ei avgrensing av Fiskeridirektoratet sin kontrollkompetanse. Fiskeridirektoratet kan til dømes ikkje krevje uhindra tilgang til eit anlegg dersom formålet til dømes er kontroll av reglane i arbeidsmiljølova.
Til § 45 Samarbeid ved kontroll
Føresegna er ny, og er meint å knesetje ei generell plikt for dei som vert kontrollerte i samsvar med føresegner gjevne i eller i medhald av lova eller anna fiskerilovgjeving, til å samarbeide med kontrollstyresmaktene.
Plikta for aktørane til å samarbeide ved kontrollar er grunnleggjande for ein effektiv og god ressurskontroll, og plikta til å samarbeide er difor nærare spesifisert i §§ 46 flg. Departementet ser samarbeidsplikta som så grunnleggjande at det er behov for ei eiga føresegn som pålegg alle dei som vert kontrollerte ei generell plikt til å samarbeide med dei styresmaktene som fører kontroll med ressurslovgjevinga, også der dette ikkje er teke inn i dei enkelte kontrollføresegnene. Ein aktør kan såleis ikkje nekte å samarbeide med Fiskeridirektoratet eller Kystvakta under kontroll ved å vise til at dette ikkje går fram av lova.
Samarbeidsplikta omfattar å gje uhindra og direkte tilgang til dei stader og opplysningar som er relevante for kontrollen. Samarbeidsplikta inneber vidare å gje slik tilgang der dei må forstå kva kontrollørane ønskjer, sjølv om staden eller opplysningane osb. ikkje vert eintydig identifiserte av kontrollørane.
Samarbeidsplikta inneber at den som vert kontrollert skal medverke til at kontrollen vert så god som mogleg, og at kontrollørane får eit tilstrekkeleg grunnlag for gjennomføringa av kontroll.
Siste del av føresegna er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 9 andre ledd og pålegg dei som skal eller vert kontrollerte å svare på oppkalling på radio eller anna kommunikasjonsutstyr. Dersom fartøy ikkje svarar på oppkalling kan det vere grunn til å tru at fartøyet driv eller har drive ulovleg verksemd og at det ikkje svarar fordi det prøver å skaffe seg tid til å skjule ulovleg reiskap eller andre spor etter ulovleg hausting. Det vert då vanskeleg å skaffe bevis for den ulovlege verksemda. Det er difor viktig at det å ikkje svare på oppkalling er ei ulovleg handling i seg sjølv som det kan sanksjonerast mot.
Til § 46 Gjennomføring av kontroll
Føresegna er i hovudsak ei vidareføring av saltvassfiskelova § 45 andre ledd flg., og kneset mot kven, kva, kvar og korleis Fiskeridirektoratet kan utføre kontrollar. Samtidig vert pliktene til dei som vert kontrollerte fastsette. § 46 er bygd opp slik at første ledd gjev oversikt over kva stader Fiskeridirektoratet skal ha uhindra og direkte tilgang til, medan andre ledd gjev oversikt over kva for opplysningar Fiskeridirektoratet skal ha tilgang til på desse stadene og hos desse personane. Tredje ledd reknar opp plikter for dei som vert kontrollerte og kva dei må akseptere i samband med kontroll. Fjerde og femte ledd gjev Fiskeridirektoratet kompetanse til å utføre nærare bestemte handlingar ved kontroll, medan sjette ledd slår fast at politiet skal yte Fiskeridirektoratet nødvendig hjelp og vern under kontroll. Kompetansen til Fiskeridirektoratet etter fjerde ledd vert utvida samanlikna med reglane i saltvassfiskelova, jf. nedanfor.
Føresegna må sjåast i samanheng med § 44 og med det saklege, stadlege og personelle verkeområdet for lova. Fiskeridirektoratet kan drive kontroll i høve til opplistinga i § 44, og slik kontroll kan utførast overfor alle som vert omfatta av det personelle verkeområdet for lova og i heile det geografiske verkeområdet.
Første ledd listar opp kva stader Fiskeridirektoratet kan utføre kontroll, og gjev saman med andre ledd styresmaktene vidtrekkande tilgang til å kontrollere stader og opplysningar.
Første ledd slår fast at Fiskeridirektoratet skal ha tilgang til fartøy, reiarlagskontor, fiskemottak og hos alle andre som i ervervssamanheng rår over, transporterer, oppbevarer, produserer eller på andre måtar handterer viltlevande marine ressursar. Dette omfattar såleis alle som på ein eller annan måte handterer eller har tilgang til viltlevande marine ressursar og på dei stadene dei har fangst eller opplysningar om fangst. Det er ikkje eit krav at den som vert kontrollert skal eige eller ha eigd fangsten. Fiskeridirektoratet skal på desse stadene ha tilgang til stader der relevante dokument og opplysningar om viltlevande marine ressursar er.
Med fartøy meiner ein i første ledd både fiskefartøy, transportfartøy og andre fartøy det er nødvendig å ha tilgang til ved gjennomføring av kontroll.
Vidare kan det førast kontroll hos aktørar som rår over eller lagrar relevante dokument og opplysningar om viltlevande marine ressursar. Dette vil vere dokument og opplysningar som er relevante i forhold til kontrolloppgåver som ligg innanfor Fiskeridirektoratet sitt kontrollansvar etter § 44. Det kan såleis førast kontroll også hos dei som ikkje rår over eller handterer fangst. Kravet er at kontrollobjekta må lagre relevante dokument eller opplysningar. Det er ikkje avgjerande korleis opplysningar vert lagra. Fiskeridirektoratet skal på desse stadene ha tilgang til stader der relevante dokument og opplysningar om viltlevande marine ressursar er. Etter første ledd skal til dømes Fiskeridirektoratet sitt personale ha tilgang til lokala til eit tradingselskap eller ein agent som oppbevarer dokument og opplysningar om viltlevande marine ressursar.
Fiskeridirektoratet skal ha tilgang til alle desse stadene i kontrollsamanheng, men tilgangen er avgrensa til dei som rår over eller lagrar viltlevande marine ressursar eller relevante dokument og opplysningar i ervervssamanheng. Det er viktig å peike på at tilgangen til stader og opplysningar vil måtte stå tilbake der det er motstrid med anna regelverk som skal beskytte legitime interesser. Fiskeridirektoratet kan såleis ikkje krevje tilgang til stader som til dømes advokatkontor og redaksjonslokale ved gjennomføring av ressurskontroll.
Det skal leggjast ei liberal tolking til grunn i vurderinga av kva ein skal leggje i ordet «ervervssamanheng». Om føretaket er meirverdiavgiftspliktig, jf. meirverdiavgiftslova § 28 første ledd første punktum, er ikkje avgjerande, og representerer ikkje den nedre grensa for kven Fiskeridirektoratet kan kontrollere. Til dømes vil personar som sel fisk svart, falle inn under ervervssamanheng. Ei tenleg tolking av ervervssamanheng vert då at det omfattar dei som omset levande marine ressursar, eller driv uttak med sikte på omsetning. Fiskeridirektoratet kan utføre kontrollar overfor dei og skal ha slik tilgang til stader og opplysningar som opprekna i § 46.
I somme tilfelle kan det vere tvil om nokon driv med omsetning eller med sikte på omsetning. I slike tilfelle må Fiskeridirektoratet bevise at det er seld levande marine ressursar, eller at dei hadde til formål å gjere det. Det er i ei slik vurdering tilstrekkeleg at det er sannsynlegovervekt for at ein aktør driv med eller med sikte på omsetning.
Det er to viktige unntak frå denne hovudregelen. Avgrensinga av kontrollkompetansen til ervervssamanheng gjeld ikkje ved kontroll av fartøy, jf. første ledd første punktum samanlikna med første ledd andre punktum. Såleis kan Fiskeridirektoratet føre kontroll med fartøy uavhengig av om det vert drive hausting frå eit merkeregistrert fartøy eller ikkje. Grunngjevinga for dette er at det også i høve til fritidsfiskarar er nødvendig å føre kontroll mellom anna knytt til reglar om reiskapsbruk og reiskapsavgrensingar, til dømes krav til merking av reiskap, djupneavgrensingar o.a. Det same gjeld ved kontroll av ressursar som er svært strengt regulerte, til dømes hummar.
Eit anna unntak frå avgrensinga av kontrollkompetansen gjeld pålegg om rapporteringsplikt for fritidsfiskarar eller dei som driv anlegg eller verksemd slik hausting vert drive frå, jf. § 22 femte ledd. Denne rapporteringsplikta vil også kunne gjelde for dei som ikkje omset fangsten, og Fiskeridirektoratet må kunne kontrollere om rapporteringsplikta vert følgd. Dette er presisert i første ledd siste punktum.
Andre ledd reknar opp kva for opplysningar Fiskeridirektoratet skal ha tilgang til på stader som nemnde i første ledd. Fiskeridirektoratet skal ha tilgang til rekneskap, relevante dokument, gjenstandar og opplysningar hos alle som er nemnde i første ledd. I dette ligg at Fiskeridirektoratet skal ha tilgang til dokument og andre gjenstandar der opplysningar er lagra slik som i vekter, ulike former for arkiv, datamaskiner og liknande. Fiskeridirektoratet kan krevje tilgang til relevante dokument, gjenstandar og opplysningar. I mange tilfelle kan det vere vanskeleg å avgjere kva som er relevant før ein kjenner innhaldet. Informasjon er ofte lagra elektronisk og mengda kan vere så stor at vi må ta i bruk elektroniske søkjeverktøy for å finne relevant informasjon. Elektronisk søkeverktøy omfattar også verktøy for å kunne speilkopiere eller speile informasjonen på serverar eller maskiner i verksemda. Ved avgjerd om kva som er relevant dokument, gjenstand og opplysning, skal det difor leggjast ei liberal tolking til grunn. Det er Fiskeridirektoratet som avgjer kva som er relevant i det enkelte tilfellet. Dei som vert kontrollerte kan såleis ikkje nekte tilgang til dokument, gjenstandar og opplysningar fordi dei ikkje finn det relevant for fiskeristyresmaktene.
Fiskeridirektoratet skal ha tilgang til opplysningar om produksjonsmetodar og utbyttegrad knytt til råstoff. Dette er svært relevante kontrollopplysningar og verksemda som vert kontrollert kan ikkje nekte å gje Fiskeridirektoratet tilgang til slike opplysningar, sjølv om verksemda reknar slike opplysningar som forretningsløyndomar. Opplysningane vil for Fiskeridirektoratet sine tenestemenn vere omfatta av teieplikta i forvaltningslova § 13 første ledd nummer 2. Såleis kan Fiskeridirektoratet seinare nekte innsyn i slike opplysningar etter reglane i offentleglova.
Første og andre ledd set til saman opp ei plikt for den som vert kontrollert til å gje Fiskeridirektoratet uhindra og direkte tilgang til stader og opplysningar. Dette kneset ei absolutt plikt til utan opphald å opne anlegg og relevante område for kontroll, jf. også samarbeidsplikta i § 45. Uttrykket «uhindra og direkte tilgang» er ei presisering i høve til føresegna i saltvassfiskelova § 45, men er ikkje noko realitetsendring i høve til gjeldande rett. Grunngjevinga for endringa er å gjere dette heilt klart for aktørane i næringa.
Personell frå Fiskeridirektoratet skal legitimere seg når dei krev å kome inn på eit anlegg eller område. Når personell har legitimert seg gjeld plikta til å gje uhindra og direkte tilgang alle som er til stades i verksemda. Plikta til å gje uhindra og direkte tilgang til stader og opplysningar som er nemnt i første og andre ledd er ikkje avgrensa til ansvarshavande eller hans representant. Dette inneber at tilsette på fartøy eller reiarlagskontor pliktar å gje Fiskeridirektoratet stadleg tilgang, sjølv om skipper eller direktør ikkje er til stades. Denne plikta gjeld også for vaktpersonell som ikkje er tilsette i verksemda. Denne plikta må likevel sjåast i samanheng med pliktene til ansvarshavande i tredje ledd.
I høve til dei nye sikringsreglane som gjeld for å oppnå status som godkjent hamn, ISPS-koden, inneber plikta til å gje Fiskeridirektoratet uhindra og direkte tilgang at Fiskeridirektoratet også skal ha slik tilgang når det gjeld ytre sperringar. For å gjennomføre ein effektiv kontroll er det ofte nødvendig å komme til fartøy der det er aktivitet, så raskt som mogleg. Dersom ein må vente på å sleppe inn gjennom ytre hindringar, er det ei hindring og eit brot på føresetnaden om at Fiskeridirektoratet skal ha uhindra tilgang til desse anlegga. Departementet legg difor til grunn at offentlege styresmakter som utfører lovpålagde kontrolloppgåver, uavhengig av ISPS-koden, skal ha uhindra tilgang til hamneterminalar.
Når Fiskeridirektoratet kontrollerer stader der fangst vert landa eller produksjon skjer, vil kontrollørane ofte opphalde seg på stader der verksemda av omsyn til hygiene og produkttryggleik har særlege krav til klede o.a. Slike krav må også Fiskeridirektoratet sine kontrollørar følgje under kontrollen, og dei kan nektast tilgang til anlegg eller delar av anlegg utan påbodne klede o.a. Dette gjeld likevel ikkje utan unntak. Dersom det er fare for at bevis vert fjerna eller øydelagde, må Fiskeridirektoratet kunne ta seg inn for å sikre bevis, utan å følgje krav til klede.
Verksemda som vert kontrollert bør på den andre sida ha tilgjengelege klede og anna utstyr som Fiskeridirektoratet kan nytte under kontroll. Dette er ein del av verksemda si plikt til å medverke ved gjennomføring av kontroll. I nokre tilfelle kan ei verksemd mellombels vere tom for slikt utstyr. Dersom grunnen er at andre besøkande eller kontrollørar frå andre etatar har brukt utstyret, og verksemda ikkje har rokke å reingjere eller kjøpe inn nytt utstyr, vil det ikkje nødvendigvis vere eit brot på bistandsplikta. Av den grunn bør Fiskeridirektoratet sine kontrollørar sjølve alltid ha med seg utstyr for å kunne gjennomføre kontrollar.
I tredje ledd vert det presisert at ansvarshavande eller representant for han har plikt til å gje tilgang til og leggje fram dei gjenstandar, opplysningar og dokument som Fiskeridirektoratet krev.
I motsetnad til plikta til å gje uhindra og direkte tilgang til anlegg og relevante område, er plikta til å leggje fram gjenstandar, opplysningar og dokument avgrensa til ansvarshavande eller representant for han. Tilgang til gjenstandar, opplysningar og dokument kan vere avgrensa, slik at ikkje alle i ei verksemd kan hjelpe Fiskeridirektoratet her. Dette må også sjåast i samanheng med at det er ansvarshavande eller representant for han som skal underteikne kontrollrapporten som vert sett opp.
Plikta til å leggje fram dokument, gjenstandar og opplysningar er formulert vidt og ansvarshavande eller representant for han pliktar å leggje fram slike når han gjennom kontrolløren sine spørsmål må forstå kva det vert spurt etter, sjølv om dokumentet eller gjenstanden ikkje er eintydig identifisert.
Kven som skal reknast som ansvarshavande eller representant for han kan variere mellom verksemdene. Departementet meiner representant for ansvarshavande vil kunne vere dei tilsette som i virket sitt har tilgang til gjenstandar, opplysningar eller dokument.
Fiskeridirektoratet kan ved kontroll kopiere relevante dokument og opplysningar, uavhengig av korleis eller på kva medium desse er lagra. Det følgjer av at ansvarshavande etter tredje ledd første punktum har ei plikt til å stadfeste kopiar av relevante dokument, gjenstandar og opplysningar. Fiskeridirektoratet kan bestemme kva for måte dei ønskjer å kopiere på, anten ved å ta elektroniske kopiar eller kopiere på annan måte.
I enkelte tilfelle legg ansvarshavande med vilje fram feil opplysningar for å hindre at regelbrot vert oppdaga under kontrollen. Etter saltvassfiskelova § 45 er det ikkje noko eksplisitt krav om at dei framlagde opplysningane skal vere korrekte. Det er viktig at dei dokumenta og opplysningane som ansvarshavande legg fram er korrekte, og departementet foreslår at eit krav til dette vert teke inn som ei presisering i tredje ledd.
Etter tredje ledd andre punktum, skal det setjast opp ein kontrollrapport av Fiskeridirektoratet sin kontrollør når kontrollen er gjennomført. Rapporten skal som regel setjast opp på staden. Ein slik rapport skal også setjast opp når kontrollen av ulike årsaker vert avbroten før han er fullført. Ansvarshavande eller hans representant skal skrive under rapporten. Samtidig har han rett til å føre sine eigne merknader på rapporten, til dømes å kome med innvendingar, klargjeringar eller tilleggsopplysningar. Det kan til dømes vere innvendingar mot måten kontrollen er gjennomført på, innvendingar mot framstillinga av faktum i rapporten eller andre tilhøve ansvarshavande ønskjer å klargjere. Underteikning av rapporten betyr ikkje at vedkommande innrømmer skuld eller er samd i framstillinga i rapporten. Dette er ein ordensregel, meint for å sikre notoritet rundt kontrollen.
Fjerde ledd gjev Fiskeridirektoratet fullmakt til å påleggje fartøy å stanse, å trekkje reiskapar og stanse pågåande aktivitetar om bord i eit fartøy eller på land. Pålegg om å stanse pågåande aktivitetar er ei utviding i høve til heimelen i saltvassfiskelova § 45 fjerde ledd, som gav kompetanse til å stanse fiske og fangst. Fjerde ledd gjev heimel til å stanse hausting, omlasting, landing og andre aktivitetar som det er nødvendig å stanse av omsyn til gjennomføring av kontroll. Dette må også sjåast i samanheng med føresegnene om heimelen til regulering av omlasting i § 37 første ledd.
Å trekkje reiskapar omfattar her også mynde til å gje pålegg om å trekkje fastståande reiskapar. Av ulike årsaker er det i nokre tilfelle nødvendig for Fiskeridirektoratet sjølv å trekkje reiskapar. Døme på dette er kontroll av maskevidde eller andre tekniske krav, eller at reiskapane ikkje er merka slik at ein ikkje kan få tak i eigaren.
Fjerde ledd andre punktum er ny og gjev Fiskeridirektoratet fullmakt til å påleggje andre transportmidlar enn fartøy å stanse. Føresegna gjev Fiskeridirektoratet fullmakt til å stanse transportar med fisk på land. Fiskeridirektoratet har lenge hatt kompetanse til å stanse fiskefartøy i ressurskontrollen, og påleggje desse å trekke reiskapen. Ressurskontrollen har utvikla seg frå å berre gjelde haustinga til å gjelde alle aktivitetane langs tidslinja som er skildra i kapittel 8.1.1.2. Difor er det naturleg at kontrollheimlane vert endra i tråd med dette, slik at kontrollfullmaktene er like for aktørane både på sjøen og på land. Konkrete saker dei seinare åra har også vist at kontrollar retta mot transportleddet kan bety mykje for å avsløre svart omsetning av fisk. Kompetanse til å kontrollere transport av fangst på land, vert sett på som viktig for å få ein best mogleg og kostnadseffektiv kontroll. Dette vil også kunne vere eit godt verktøy i kampen mot UUU-fiske, der etterfølgjande kontroll har mykje å seie. Utan heimel til å stanse transportmiddel på land, er Fiskeridirektoratet avhengig av å vere ved anlegget samtidig som traileren, eller følgje etter traileren til han kjem fram til eit anlegg. Vidare kan vi lettare avsløre fisk som forsvinn undervegs gjennom ei fullmakt til å stanse transportmiddel. Det vil også gjere det enklare å kontrollere fisk som er på veg ut av landet. Departementet meiner fullmakta til å stanse slike transportmiddel er langt mindre inngripande enn den kompetansen Fiskeridirektoratet allereie har til å stanse fartøy og påleggje fiskaren å trekkje reiskapen.
Etter § 46 sjette ledd skal politiet å yte Fiskeridirektoratet nødvendig hjelp og vern ved gjennomføring av kontroll. Departementet vil peike på at Fiskeridirektoratet ofte vil ha behov for å stanse transportmiddel på kort varsel. Vidare kan det, særleg i distrikta, vere vanskeleg for det lokale politiet å prioritere å hjelpe Fiskeridirektoratet i samband med kontroll. Difor vil kontrollar av transportmiddel i mange tilfelle ikkje kunne gjennomførast med hjelp av politiet.
Eit pålegg etter fjerde ledd kan berre gjevast når, og kan berre gjelde så lenge, det er nødvendig av omsyn til gjennomføring av ressurskontroll. Til dømes omfattar kompetansen pålegg om å stanse innsetjing eller uttak frå eit lager eller annan stad, og å stanse flytting av fisk i eit lokale for å få oversikt over fisken ved gjennomføring av kontroll. Pålegg om stans i aktivitet vil berre gjelde for den tida det tek å gjennomføre kontroll.
Pålegg til å stanse transportmiddel etter fjerde ledd andre punktum skal praktiserast strengt, og det er ein føresetnad at transportmiddel berre vert stansa om Fiskeridirektoratet etter ei risikovurdering finn grunn til å kontrollere transportmiddelet. Fullmakta skal såleis ikkje nyttast som ei blankofullmakt til å stanse alle transportmiddel. Når det er sagt har Fiskeridirektoratet sine inspektørar erfaring med kontrollsituasjonar frå kontroll om bord i fartøy eller på anlegg, der dei ofte må stanse pågåande aktivitetar.
Etter fjerde ledd tredje punktum kan Fiskeridirektoratet plombere reiskapar og oppbevaringsstader for dokument, gjenstandar og opplysningar, og oppbevaringsstader for viltlevande marine ressursar. Plombering kan mellom anna vere grunna i omsynet til å sikre bevis og til gjennomføring av kontroll, til dømes der kontrollen vert avbroten og skal halde fram seinare. Det er då viktig å sikre at kontrollstaden ikkje vert manipulert under eit slikt avbrot.
Femte ledd er ei ny føresegn og gjev Fiskeridirektoratet kompetanse til å opne emballasje og ta prøver av produksjon, mellom anna tine fryst vare under utføring av kontroll av om opplysningar som står i fangstdagbok og andre dokument er rette. Slike kontrollar vil ofte føre til at dei produkta som vert kontrollerte vert øydelagde eller ikkje kan omsettast, og det er difor tenleg at ein slik heimel går klart fram av lova. Dersom eigaren eller andre vert påførte utgifter som følgje av slik kontroll, har dei etter femte ledd andre punktum ikkje krav på at utgiftene vert refunderte av styresmaktene.
Sjette leddfastset at politiet skal yte Fiskeridirektoratet nødvendig hjelp og vern under utføring av kontroll. Ei slik plikt finst også for andre kontrolletatar, jf. mellom anna tollova av 10. juni 1966 § 20.
Til § 47 Utplassering av inspektørar og observatørar
Paragrafen er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 45 femte og åttande ledd. Første ledd gjev Fiskeridirektoratet heimel til å plassere inspektørar og observatørar på haustingsfartøy, og gjev styresmaktene høve til å vere tilstades om bord på fartøya både for kortare og lengre periodar i samband med ressurskontroll. Inspektørane skal ha kost og losji for fartøyet si rekning, og dei skal ha tilgang til og utan vederlag kunne nytte radioen til fartøyet og anna kommunikasjonsutstyr.
Ein inspektør har om bord alle dei fullmakter Fiskeridirektoratet har etter føresegnene i kapittel 7 og har såleis kompetanse til mellom anna å drive kontroll, gje pålegg og gjennomføre produksjonsprøver o.a. Inspektøren skal utføre oppgåvene sine på ein slik måte at det ikkje unødig forstyrrar eller hindrar drifta av fartøyet.
Ein observatør vil ikkje ha kontrollfullmakter etter kapittel 7, og har ein annan funksjon om bord på fartøyet. Han skal følgje med på kva som skjer om bord på fartøyet og gje rapport om dette til styresmaktene i etterkant.
Etter andre ledd bokstav a kan departementet fastsetje forskrift om oppgåvene til observatøren, medrekna korleis skipsføraren skal innrette seg i høve til ein observatør.
Etter andre ledd bokstav bkan departementet gje forskrift om kva fartøygrupper og kor mange fartøy som skal ha inspektørar eller observatørar om bord og korleis fartøya skal veljast ut. Føresegna gjev departementet vide fullmakter til å fastsetje slike reglar. Fiskeristyresmaktene vil ut frå risikovurdering og overordna prioritering av kontrollressursane fastsetje dei reglane som gjev ein mest mogleg effektiv utnytting av kontrollressursane. Utveljinga av fartøy kan likeins skje etter dei kriteria styresmaktene gjev for å utnytte inspektørane og observatørane best mogleg. I mange tilfelle krev internasjonale avtalar eller reglane til regionale fiskeriorganisasjonar observatørar på fartøy som driv hausting i visse område. Til dømes er det ved fiske etter patagonisk tannfisk i Antarktis eit krav om observatørar på alle fartøy, jf. reglane til CCAMLR.
I dei aller fleste tilfelle vert berre nokre av fartøya i ei gruppe pålagde å ha inspektør eller observatør om bord. Sjølv om risikovurderingar vert meir nytta, vil kriteria for utveljing av fartøy i mange høve vere slik at det er tilfeldig kva for fartøy som vert valde ut, til dømes gjennom loddtrekning. Det vil då verke urimeleg dersom fartøyet sjølv må dekkje alle kostnadene ved kontrollen. Difor kan departementet etter andre ledd bokstav c fastsetje forskrift om at kostnadene ved inspektør- og observatørordninga skal fordelast på alle deltakande fartøy i ei nærare definert fartøygruppe. Korleis ei fartøygruppe skal definerast i høve til denne føresegna, er opp til styresmaktene å bestemme, og det må ikkje nødvendigvis samsvare med fartøygrupper fastsette etter kapittel 3.
Hovudregelen er såleis at det kan fastsetjast at kostnadene til inspektørar og observatørar skal dekkjast av alle deltakande fartøy i ei gruppe. I enkelte høve kan dette av ulike årsaker verke urimeleg og departementet kan difor bestemme at kostnadene i særlege tilfelle heilt eller delvis skal berast av enkeltfartøy.
For å sikre at dei som vert pålagde å betale for inspektørar eller observatørar betalar det dei pliktar, kan departementet etter andre ledd bokstav dfastsetje forskrift om at dei som ikkje betalar, kan nektast å delta i vedkommande haustingsverksemd. Dette gjeld både i dei tilfella der kostnadene er berekna på førehand, til dømes før sesongbaserte fiskeri, og i dei tilfella der fartøy ikkje har betalt gamle krav, til dømes frå fjorårets fiske.
Krav mot fartøy om dekning av utgifter til inspektørar og kontrollørar etter andre ledd bokstav c, er etter tredje ledd tvangsgrunnlag for utlegg.
Til § 48 Kontrolloppgåvene til salslaga
Paragrafen er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 45 a, men kompetansen til salslaga ved utføring av kontroll er utvida i forhold til § 45 a.
Første ledd fastslår kontrolloppgåvene til salslaga og at salslaga har eit sjølvstendig ansvar for ressurskontrollen. Salslaga skal føre kontroll med at føresegner fastsette i eller i medhald av havressurslova, vert følgde. Føresegna pålegg såleis salslaga ei plikt til å føre kontroll. Omfanget av kontrollplikta er drøfta i kapittel 8.1.9.
Hovudoppgåva til salslaga er å organisere førstehandsomsetninga av råfisk etter råfisklova, og det er difor naturleg at kontrolloppgåvene til salslaga er avgrensa til opplysningar som naturleg følgjer av verksemda deira etter råfisklova. Dette er fastsett i første ledd andre punktum der kontroll med fangstuttak og landa fangst er framheva som særleg viktige kontrolloppgåver for salslaga. Dette inneber at det er opplysningar som vert gjevne eller er nødvendige å kontrollere i samband med landing og førstehandsomsetning av fisk, som fell innanfor salslaga sitt kontrollansvar.
Første ledd tredje punktum gjev departementet heimel til å påleggje salslaga å føre kontroll med fangstar som ikkje fell inn under salslaga sin omsetningsrett. Det kan vere både kvoteavrekning og fangstrapportering og andre former for kontroll. Det kan vere tenleg at salslaga gjennom sine system fører kontroll med uttaket av ein ressurs sjølv om retten til førstehandsomsetning av arten ikkje ligg til salslaga. Slik heimel er nødvendig fordi salslaga ikkje er underlagde alminneleg instruksjonsmynde frå departementet.
Andre ledd gjev ei positiv opprekning av kvar og kva salslaga kan krevje tilgang til ved utføring av ressurskontroll som nemnt i første ledd. Såleis kan salslaga ikkje krevje å få utføre kontroll på stader eller få opplysningar som ikkje er rekna opp her. Andre ledd fortel såleis både kva salslaga kan kontrollere og kva dei ikkje har krav på å kontrollere. Dersom salslaga ved utføring av kontroll ønskjer tilgang til stader eller opplysningar som ikkje er nemnde i andre ledd, har den som vert kontrollert ikkje plikt til å gje tilgang.
Når salslaga driv ressurskontroll skal dei etter andre ledd ha uhindra tilgang til haustings- og transportfartøy og til kjøparens eller mottakarens kontor, lager og produksjonsanlegg. Det same gjeld når fangst vert overført frå eller til steng eller merd. Salslaga skal såleis ha tilgang til dei som er involverte i landing eller førstehandsomsetning av fangst. Det er kontroll av desse aktørane som har klarast samanheng med verksemda til salslaga etter råfisklova. For å kunne gjennomføre kontroll på stadene nemnde i andre ledd første og andre punktum, er det nødvendig å ha tilgang til relevante kontrollopplysningar. I andre ledd tredje punktum er det opprekna kva for kontrollopplysningar salslaga skal ha uhindra tilgang til. Det gjeld fangstdagboka til fartøyet, landingsjournalen til mottaket eller kjøparen, landings- og sluttsetlar og rekneskap. Når salslaget utfører ein kontroll, er det som offentleg styresmakt, og som offentleg styresmakt er salslaget underlagt teieplikt om forretningsløyndomar med tilhøyrande reglar om straff om pliktene vert brotne. Det gjeld óg bruk av slik informasjon i eiga næring.
Tilgangen til stader og opplysningar er nødvendig for å kunne sjekke om det er fangst igjen i fartøyet, at levert kvantum stemmer med oppgjeve kvantum på slutsetel og i fangstdagbok, og om det vert levert kvantum som ikkje er ført på landings- eller sluttsetlar. Tilgang til rekneskapen både til fartøy og kjøpar/mottakar, er viktig for å kunne undersøkje om det er motteke betaling for fisk eller gjeve andre vederlag som ikkje stemmer med det kvantum som er ført på landings- eller slutsetel.
Salslaga skal ha tilgang til fartøy, mottak og kjøparar og opplysningar i samband med eller etter landing av fisk. Heimelen skal ikkje tolkast så vidt at salslaga skal ha tilgang til f.eks. fartøy under utøving av fiske. Tilgangen er avgrensa til landings- og omsetningskontroll.
Tredje ledd pålegg dei som er nemnde i andre ledd å samarbeide med salslaga ved kontroll og gje dei tilgang til dei stader og opplysningar som er nemnde i andre ledd. Denne samarbeidsplikta er nødvendig for at salslaga skal kunne utføre kontrolloppgåvene sine på ein god måte.
Etter fjerde ledd kan departementet fastsetje forskrift om gjennomføring av kontroll etter denne paragrafen, og om rapporterings- og kontrollrutinar. Opplysningar om vidaresal og kundar må reknast som meir konkurransesensitive enn opplysningar om omsetninga i første hand. Departementet vil i dei nærare føresegnene for kontrollverksemda ta sikte på å skape rutinar for å sikre at slik informasjon ikkje vert nytta til andre formål enn det dei er innhenta for. Departementet finn også grunn til å stille krav til organiseringa av kontrollarbeidet i dei tilfella der salslaget driv konkurrerande verksemd. Her vil departementet setje krav til organisering av kontrolleiningane for å sikre uavhengig handheving, god og dokumenterbar gjennomføring av kontrollane, vern av forretningsløyndomar og at rapporteringspliktene til Fiskeridirektoratet vert haldne.
Det kan også fastsetjast forskrift om det nærare samarbeidet mellom Fiskeridirektoratet og salslaga i kontrollarbeidet, og instruksar til salslaga om utøving av kontrollarbeidet. Fjerde ledd gjev også heimel for å påleggje salslaga å formidle fangsopplysningar til styresmaktene.
Til § 49 Utveksling av opplysningar mellom kontrollstyresmakter o.a.
Paragrafen er ny, og er ein særleg regel om unntak frå teieplikta ved utveksling av opplysningar mellom kontrollstyresmakter. Opplysningane vil likevel vere underlagde alminneleg teieplikt i høve til allmenta.
Første ledd gjev personell i Fiskeri- og kystdepartementet og personell i Fiskeridirektoratet lov til å gje andre kontrollstyresmakter, politi og påtalemakt kontrollopplysningar og liknande utan hinder av teieplikt. På same måte er det fastsett i andre ledd at teieplikt ikkje er til hinder for at andre kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt gjev Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet ulike kontrollopplysningar.
Kompetansen til å gje slike opplysningar er både etter første og andre ledd avgrensa til opplysningar som har naturleg samanheng med oppgåvene til Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet etter havressurslova, men det kan vere opplysningar som er gjevne med heimel i andre lover, som til dømes deltakarlova. Bakgrunnen for føresegna er at ulike føresegner om teieplikt for personell i ulike etatar kan innebere ei unødig hindring i samarbeidet om ressurskontroll. I ressurskontrollarbeidet vil Fiskeridirektoratet ofte ha behov for å utveksle slike opplysningar, og departementet meiner difor at det trengst ei føresegn som gjev unntak frå teieplikta for Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet og andre kontrollstyresmakter for å kunne utveksle relevante kontrollopplysningar innanfor lova sitt verkeområde.
Første og andre ledd gjev Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet og andre kontrollstyresmakter rett til å gje slike opplysningar til andre kontrollstyresmakter, men det er inga opplysningsplikt. Denne retten gjeld alle typar opplysningar, også informasjon frå satellittsporingsregisteret og andre kontrollregister.
Tredje ledd gjev heimel til å fastsetje nærare føresegner om utveksling av opplysningar etter denne paragrafen, mellom anna om kva typar opplysningar som skal utvekslast og kva for styresmakter som skal kunne utveksle opplysningar med Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet. Sidan føresegna også gjeld etatar som er underlagde andre departement, er det naturleg at kompetansen til å gje forskrifter etter denne paragrafen vert lagt til Kongen.
Kapittel 8 Tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske
Til § 50 Forbod mot ilandføring av fangst
Paragrafen er ei vidareføring av føresegnene i fiskeforbodslova § 8, med unntak av § 8 første ledd bokstav a. Ved å ta desse føresegnene inn i havressurslova, vil dei gjelde i heile det stadlege, saklege og personelle området for lova.
Kompetansen til å fastsetje forskrifter etter fiskeforbodslova § 8 er lagt til Kongen. Delegeringsforskrift 20. august 1993 nr. 813 gjev Fiskeri- og kystdepartementet fullmakt til å utøve den makta som ligg til Kongen i fiskeforbodslova § 8. Departementet meiner det no vil vere meir tenleg og i tråd med systemet i resten av lova om kompetansen til å fastsetje forskrifter etter § 50 vert lagt direkte til departementet. Vi kan heller ikkje sjå at dette inneber noka realitetsendring.
Første ledd gjev heimel til å vedta forbod mot ilandføring av fangst med fartøy som ikkje er norsk. Vidare gjev paragrafen heimel til å vedta forbod mot ilandføring av fangst med fartøy som ikkje er disponert av norsk statsborgar eller nokon som ikkje er likestilt med norsk statsborgar. Bakgrunnen for føresegnene er å sikre ei ansvarleg forvaltning av fiskeressursar i område utanfor norsk jurisdiksjon og fiskeressursar som migrerer mellom norske soner og andre statar sine soner eller internasjonalt farvatn. Bakgrunnen for føresegnene er nærare omtalt i Ot.prp. nr. 61 (1991 – 92) og Ot. prp. nr. 90 (1992 – 93). Situasjonar der det kan vedtakast forbod mot ilandføring av fangst er lista opp i bokstav a til c.
Første ledd bokstav a erstattar fiskeforbodslova § 8 første ledd bokstav b. Etter første ledd bokstav a kan det vedtakast forbod mot ilandføring av fangst når fangsten består av fangst frå ein bestand av felles interesse med andre statar, men som ikkje vert forvalta felles.
Fellesbestandar er bestandar som vandrar mellom ulike land sine soner og internasjonalt farvatn, og som Noreg forvaltar saman med andre statar. Norsk arktisk torsk, norsk vårgytande sild, nordsjøsild, makrell og kolmule er døme på slike bestandar. Statane som er kyststatar til dei ulike fellesbestandane, prøver å verte samde om fordelinga og reguleringstiltak for bestandane. Dersom det ikkje vert semje om fordeling og forvaltning av ein bestand, kan det av omsyn til ei forsvarleg ressursforvaltning vere behov for å forby utanlandske fartøy å lande fangstar i Noreg av bestandar som det ikkje er felles regulering av. Det same gjeld ved utanlandske fartøy sitt fiske i internasjonalt farvatn på bestandar som det er reguleringstiltak for i Noreg, men der det ikkje er semje om forvaltningstiltak i internasjonalt farvatn.
Første ledd bokstav b erstattar fiskeforbodslova § 8 første ledd bokstav c. Etter første ledd bokstav b kan det vedtakast forbod mot ilandføring når fangsten er teken i strid med eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, fører til overfiske av forsvarlege totalkvotar eller er i strid med internasjonale avtalar. Føresegna i første ledd bokstav b rettar seg i første rekkje mot fangst teken utanfor norske jurisdiksjonsområde.
Det første alternativet, at fangsten er teken i strid med eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, rettar seg for det første mot verksemd som er i strid med nasjonale reguleringar fastsette av flaggstaten til fartøyet eller den staten som har jurisdiksjon over det området der fangsten er teken. Dette omfattar alle typar reguleringsføresegner, både kvoteføresegner og tekniske reglar. Det avgjerande etter det første alternativet, er om fangsten er teken i strid med nasjonale reglar, og vurderinga er såleis objektiv.
For det andre inneber dette alternativet at norske vurderingar av eit beskatnings- eller fiskemønster kan leggjast til grunn ved ulike vurderingar, og avvike frå andre statars vurderingar. Til dømes kan det vedtakast forbod mot ilandføring av fangst av fisk under ein viss storleik, sjølv om dette er i tråd med dei nasjonale reglane fartøyet er underlagt. Det kan likevel ikkje vedtakast forbod som inneber at utanlandske fartøy vert behandla strengare enn dei reglane som gjeld for norske fartøy.
Det andre alternativet, at fangsten fører til overfiske av forsvarlege totalkvotar, rettar seg mot dei tilfella der det er fastsett ein totalkvote som fastset kor stort uttaket skal vere. Dersom eit utanlandsk fartøy ikkje har kvote eller løyve til å fiske på ein bestand i flaggstaten eller den staten som har jurisdiksjon i området der fisken er fanga, er det ikkje opp til norske styresmakter å hindre slik verksemd. Likevel er det viktig å hindre at slik fangst vert landa i Noreg.
Det tredje alternativet, at fangsten er i strid med internasjonale avtalar, rettar seg mot dei tilfella der det er kyststatsavtalar eller regionale avtalar om forvaltning av ein bestand. Fangst som er i strid med internasjonale avtalar vil i dei fleste høve også vere i strid med ulike kvotereguleringar, men alternativet skal ta vare på eventuelle tilfelle som ikkje fell inn under det andre alternativet.
Første ledd bokstav c erstattar fiskeforbodslova § 8 første ledd bokstav d, som vart endra ved lov av 22. desember 2006. Departementet viser til Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006) kapittel 6.1, der føresegna er kommentert. Desse kommentarane gjeld fullt ut for første ledd bokstav c.
Til § 51 Tiltak mot dei som driv eller medverkar til ulovleg, urapportert og uregulert fiske
Paragrafen er med unntak av første ledd bokstav f ei vidareføring av fiskeforbodslova § 9 som vart vedteken ved lov av 22. desember 2006. Departementet viser til Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006) kapittel 6.1, der føresegna er kommentert. Desse kommentarane gjeld fullt ut for § 52.
Første ledd bokstav a til d er ei vidareføring av fiskeforbodslova § 9 første ledd bokstav a til d, og departementet viser til merknadane til desse i Ot. prp. nr. 98 (2005 – 2006).
Første ledd bokstav e er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav v som vart vedteken 22. desember 2006, og departementet viser til merknadane til denne i Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006).
Første ledd bokstav e inneheld vidare ei utviding i forhold til saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav v. Opphavleg gav føresegna heimel til å forby forsynings- og støttetenester til og frå anna fartøy med norsk fartøy, når det er innført forbod mot fartøyet etter føresegnene i fiskeforbodslova § 9, no § 51 bokstav a til d. Det er også gjeve heimel til å forby støttetenester i hamn. Departementet meiner at det i tillegg er trong for å kunne forby forsynings- eller støttetenester frå norske aktørar på havet når dette vert utført på andre måtar enn med fartøy. Til dømes kan det vedtakast forbod mot at norske aktørar leverer støttetenester, som til dømes byte av mannskap med helikopter. Føresegna i første ledd bokstav e gjev såleis heimel for å forby forsynings- og støttetenester frå norske aktørar på sjøen, uavhengig av om dei nyttar fartøy eller anna transportmiddel eller anna innretning.
Første ledd bokstav f er ei vidareføring av fiskeforbodslova § 9 første ledd bokstav e, og departementet viser til merknadane til denne i Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006).
Andre ledd er ei vidareføring av fiskforbodslova § 9 andre ledd og departementet viser til merknadane til denne i Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006).
Til § 52 Forbod mot verksemd som kan undergrave forvaltningstiltak
Paragrafen er ny og er ein generell heimel for styresmaktene til å kunne fastsetje forskrifter innanfor verkeområdet til lova om forbod mot aktivitetar som kan vere med å undergrave forvaltningstiltak. Forslaget er omtala i kapittel 8.1.8.2.
Føresegna skal kunne nyttast til å setje i verk tiltak mot aktørar som er involverte i ulovleg, urapportert og uregulert fiske på andre måtar enn dei aktivitetane som kan forbydast med heimel i §§ 50 og 51. Det kan vere ulike tiltak retta mot både norske og utanlandske rettssubjekt, anten det er føretak eller personar, som på ulike måtar er involverte i slike aktivitetar.
Føresegna gjev heimel til å forby aktivitetar som kan medverke til å undergrave nasjonale og internasjonale forvaltningstiltak. Nasjonale forvaltningstiltak vil i hovudsak regulerast og handhevast med heimel i andre føresegner i lova, så det viktigaste området for føresegna vil vere tiltak knytte til forvaltningsreglar fastsette for internasjonalt farvatn av regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar og i andre land sine soner. Ved fastsetjing av forskrifter med forbod mot ein aktivitet, vil tiltaka måtte liggje innanfor lovas verkeområde. Departementet meiner at den viktigaste funksjonen til føresegna vil vere i høve til aktivitetar som kjem etter sjølve fiskeoperasjonen, men som medverkar til at fisket kan gjennomførast og fangsten omsetjast. Likevel er det viktig å peike på at forbod retta mot fartøy og aktørar involverte i fartøy eller fiske, kan vedtakast med heimel i denne føresegna.
Det er viktig at reglane retta mot UUU-fiske ikkje berre gjeld sjølve fiskeoperasjonen og fartøyet som har fisken om bord, men alle aktivitetar som støttar opp under eller medverkar til slik aktivitet. Det kan vere nødvendig med tiltak i høve til ei rekkje verksemder, mellom anna i samband med leige eller kjøp av fartøy, utrusting og bemanning av fartøy, gjennomføring av fisket og omlasting og landing og omsetning av fangst. Etter kvart som fleire typar aktivitetar vert forbodne i fleire land, vil det utvikle seg nye former for ulovleg aktivitet. Det er difor etter departementet sitt syn viktig at havressurslova gjev heimel til å forby ulike typar tiltak når behovet for dette måtte oppstå. Det er ei omfattande opplisting med eksempel på moglege tiltak i kapittel 8.1.8.2.
Paragrafen skal såleis sikre at havressurslova er tilstrekkeleg fleksibel og at ein slepp å vedta lovendringar når det vert avdekka nye former for UUU-aktivitetar.
Når departementet kan forby aktivitetar som kan medverke til å undergrave forvaltningstiltak, kan dei også gjere det mindre, fastsetje reguleringar av ulike aktivitetar for å hindre UUU-verksemd.
Kapittel 9 Fangst som er hausta eller levert i strid med lova
Til § 53 Forbod mot omsetning
Paragrafen tilsvarar saltvassfiskelova § 12 første ledd.
Første punktumfastset eit forbod mot å ta i mot eller omsetje fangst som er hausta eller levert i strid med føresegner fastsette i eller i medhald av lova. Forbodet rettar seg ikkje berre mot haustar, som vil vere den som sel eller leverer fangsten, men mot alle som tek i mot, kjøper eller på annan måte medverkar til omsetning av ulovleg fangst. Mottak skal her omfatte alle former for levering, medrekna gåver utan vederlag og mottak med sikte på oppbevaring. Oppbevaring vil også omfatte dei situasjonane der mottakar ikkje er til stades, men der det likevel er gjeve tilgang til lager eller anna lokale eigna til oppbevaring.
Formålet med forbodet er å motverke omsetjing av ulovleg fangst, ved at mottakar har eit sjølvstendig ansvar for å vere aktsam med omsyn til om fangsten er lovleg eller ikkje. Når det er forbode å omsetje ulovleg fangst vil det også motverke ulovleg hausting. Føresegna har dermed både i effekt og formål sterke likskapstrekk med straffelova § 317 om heleri og kvitvasking. Departementet meiner likevel det er viktig at havressurslova har ein eigen paragraf som set eit klart og utvitydig forbod mot å ta imot eller omsetje fangst som er hausta i strid med føresegner fastsette i eller i medhald av lova.
Det er ikkje eit vilkår at fangsten må stamme frå ei straffbar handling for å kunne rammast av omsetningsforbodet etter § 53. Fiskarens subjektive tilhøve er utan interesse for vurderinga av mottakars eller kjøpars situasjon.
Forbodet i første punktum gjeld fangst som er hausta eller levert i strid med føresegner fastsette i eller i medhald av lova. Den offentlege debatten om UUU-fiske den seinare tida har synleggjort at det strir mot den allmenne rettsoppfatninga at ulovleg fanga fisk hamnar i norske fiskediskar utan at norske styresmakter kan gjere noko med det når fisken først er komen inn i landet. Det er difor teke inn ein heimel i første ledd andre punktum til å fastsetje forbod mot omsetjing av fangst ved brot på føresegner om sporing, rapportering og andre verksemder som kan vere med på å undergrave nasjonale og internasjonale forvaltningstiltak. Første ledd andre punktum kan også nyttast til å gje reglar om innanlands omsetning. Føresetnaden for at slike reglar skal kunne nyttast er at det kjem på plass effektive sporingssystem som gjer det mogleg for den enkelte aktør å vite om fisken er lovleg fanga. Departementet kan etter første ledd andre punktum i forskrift fastsetje forbod mot å ta imot eller omsette fangst ved brot på føresener som er fastsette i eller i medhald av § 3 40, 41 og 52.
Når slik hausting i strid med lova først har skjedd, må fangsten likevel kunne takast inn på lager og omsetjast. Det følgjer difor av andre leddat dette er tillete når det er gjort vedtak i medhald av § 54 eller når Fiskeridirektoratet eller salslaget har samtykt. Dersom fangsten fell inn under salslaga sin omsetningsrett, skal slik fangst omsettast gjennom salslaga på vanleg måte. Løyve til omsetning av ulovleg fangst kan elles og vere avhengig av reglane for beslag o.a.
Desse reglane er ei vidareføring av gjeldande rett. Saltvassfiskelova § 12 andre ledd har i tillegg ei fullmakt til å forby import av fangst teken utanfor området for norsk fiskerijurisdiksjon, «i den tid det er forbudt å omsette fangst etter denne paragraf». Dette leddet er ikkje lenger praktisk etter at importforbod og andre importreguleringar med kontrollmessig grunngjeving no vert fastsette med heimel i lov av 6. juni 1997 om innførsle- og utførsleregulering. Det er difor ikkje gjort framlegg om å føre vidare dette leddet.
Til § 54 Fangst som er hausta eller levert i strid med lova
Paragrafen er ei vidareføring av saltvassfiskelova §§ 7 og 11 tredje ledd. Forslaget er drøfta i kapittel 7.4.
Første ledd slår fast at fangst eller verdien av fangst hausta i strid med føresegner i eller i medhald av havressurslova og deltakarlova går til det salslaget som har retten til å omsetje fangsten.
Føresegna gjev heimel til inndraging ved fangst ut over kvote, ved brot på tekniske reguleringar som reiskapsreglar, bifangst osb., ved brot på reglar om stenging av område, kort sagt ved brot på alle reglar om hausting i havressurslova og deltakarlova.
Føresegna slår vidare fast at fangst eller verdien av fangst levert i strid med føresegner i eller i medhald av havressurslova og deltakarlova går til det salslaget som har retten til å omsetje fangsten. Dette omfattar til dømes fangst som er teken i strid med konsesjonen til fartøyet eller dersom haustar ikkje har løyve til å hauste eller ikkje har løyve til å hauste med spesielle reiskapar. Det omfattar vidare fangst som er levert i strid med føresegnene i lova, som der fangsten vert registrert levert på eit anna fartøy enn det som har teke fangsten, jf. også Ot.prp. nr. 92 (2000 – 2001) kapittel 3.3.6. der dette er omtala. Første ledd omfattar brot på opplysningsplikter ved levering av fangst, og kan nyttast når det er skrive feil fiskeslag, produkttilstand, kvantum o.a. på landings- og sluttsetlar.
Det er den delen av fangsten som er hausta eller levert i strid med føresegnene i eller i medhald av lova eller deltakarlova, haustar ikkje har krav på å behalde. Om fangsten inneheld både lovleg og ulovleg fisk, er det den ulovlege delen av fangsten som skal inndragast. Ved brot på bifangstføresegner er det som regel den ulovlege bifangsten som skal inndragast. Dersom «bifangsten» utgjer meir enn 50 prosent av fangsten, skal dette reknast som direkte fiske, og i dei tilfelle det ikkje er lovleg å drive direktefiske på vedkommande art, skal heile verdien av den ulovleg fiska arten inndragast. Bifangstreglane er drøfta i kapittel 7.2.
Det er både fangst og verdien av fangst som kan inndragast etter første ledd. Det vanlege er at verdien av fangsten vert inndregen og at fangsten vert omsett gjennom salslaget på vanleg måte, jf. merknadane til § 53. I tillegg kan salslaget inndra fangsten og sjølv realisere verdien av den.
Første ledd andre punktum presiserer at fangst eller verdien av fangst tilfell vedkommande salslag utan omsyn til om tilfellet medfører straffansvar. Dette understrekar at administrativ inndraging etter denne føresegna ikkje er ein pønal reaksjon, men ein konsekvens av at haustar som følgje av at han har brote reglar knytt til haustinga ikkje har krav på å behalde den ulovlege fangsten. Det er likevel eit krav om at det må vere klart meir sannsynleg at vilkåra for administrativ inndraging er oppfylte, jf. nedanfor om andre ledd.
Andre ledd gjev departementet kompetanse til å gje reglar om handsaming av saker etter første ledd, reglar om fastsetjing av verdi, reglar om vederlag for ilandføring av fangst og reglar om kva salslaga kan bruke midlane til. I dag er det fastsett slike reglar i forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar.
Departementet meiner det er naturleg å føre vidare gjeldande ordning der salslaga gjer vedtak om inndraging av fangst over kvote, medan Fiskeridirektoratet gjer vedtak i alle andre saker om administrativ inndraging. Det vil no måtte gjevast nærare reglar om dette i forskrift med heimel i andre ledd. Det same gjeld reglane om vederlag for ilandføring av ulovleg fangst. Denne regelen er viktig for å motverke ulovleg utkast og medverke til at all fangst vert ført i land. Departementet meiner at det i vurderinga av om det er grunnlag for å gje vederlag, skal leggjast til grunn om det var sannsynleg at den ulovlege fangsten ikkje var tilsikta. Med andre ord legg ein eit vanleg sivilrettsleg beviskrav til grunn. Dersom ein finn at det kan vere tenleg å delegere kompetanse til å gjere vedtak i fleire typar saker til salslaga enn berre fangst over kvote, vil det måtte fastsetjast i forskrift med heimel i denne føresegna.
Det er i dag ikkje reglar om fastsetjing av verdien av inndregen fangst. Det vanlege er å setje verdien til omsetningsverdien, og dette er i dei aller fleste tilfelle heilt uproblematisk. Likevel meiner departementet at det er mest tenleg å ha heimel for å kunne gje nærare reglar om fastsetjing av verdi i dei tilfella det skulle vere behov for det.
Når det gjeld bruken av inndregne midlar, vil departementet føre vidare og innskjerpe gjeldande reglar om dette, jf. omtalen i kapittel 7.4.4.5.
Tredje ledd slår fast at endeleg vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg og at verdien av fangsten kan krevjast inn ved motrekning i seinare fangstoppgjer. Endeleg vedtak inneber at høvet til klage må vere uttømt eller ikkje brukt.
Vidare gjev tredje ledd andre punktum heimel til å fastsetje i forskrift at fangstverdien kan haldast tilbake når haustaren er varsla av den som har vedtakskompetanse at fangsten kan verte inndregen. Dette vert i praksis gjort i fleire saker i dag, og kan vere vesentleg for å sikre at verdien av ulovleg fangst vert innkravd i alle saker.
Kapittel 10 Avgifter, register og plikt til å gje opplysningar om drifta av fartøy
Til § 55 Kontrollavgift
Paragrafen er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 46 om kontrollavgift. Forslaget er drøfta i kapittel 4.6.
Vi syner til Ot.prp. nr. 3 (2004 – 2005) og Innst. O. nr 32 (2004 – 2005) om bakgrunnen for paragrafen og korleis han skal praktiserast.
Til § 56 Register
Paragrafen inneber ei utviding av heimelen i saltvassfiskelova § 45 sjuande ledd, som gjev Fiskeridirektoratet heimel til å opprette eit register for satellittdata, jf. kapittel 8.2 der satellittsporing er omtalt.
Første ledd gjev Fiskeridirektoratet heimel til å opprette register for lagring og bruk av informasjon direktoratet får gjennom ulike opplysningsplikter og meldingsordningar næringsaktørane er pålagde. Det er opplysningar som er innhenta i medhald av føresegnene i havressurslova, som til dømes landings- og sluttsetelopplysningar og satellittsporingsopplysningar.
Opplysningar som næringsaktørane er pålagde å sende styresmaktene i ulike samanhengar og register der slike opplysningar vert lagra, vert stadig viktigare for styresmaktene i samband med kontroll, ressursforvaltning og forsking. Opplysningspliktene har heimel i andre føresegner i lova, og første ledd gjev berre heimel for å opprette ulike register og kan ikkje nyttast som ein sjølvstendig heimel for å påleggje opplysningsplikter.
Samanstilling av ulike typar informasjon og opplysningar frå ulike register, vert stadig viktigare for styresmaktene i ressurskontrollarbeidet. Difor får Fiskeridirektoratet i andre ledd heimel til å opprette register for lagring, føring og bruk av opplysningar henta inn gjennom ulike opplysningsplikter kombinert med opplysningar henta inn frå andre kjelder. Heimelen til å opprette slike register er avgrensa til å gjelde register til kontrollformål.
Kjeldene til informasjon i eit slikt register kan vere ulike opplysningar henta inn gjennom opplysningsplikter eller meldingsordningar og opplysningar innhenta frå andre kjelder enn aktørane sjølve, som til dømes Fiskeridirektoratet og andre kontrollinstansar sin kontrollinformasjon, som inspeksjonsrapportar og liknande.
Fiskeridirektoratet organiserer i dag kontrollverksemda si mellom anna ved bruk av såkalla risikovurderingar, der kontrollen vert retta mot område der risikoen for lovbrot vert vurdert å vere størst. Dette krev ein betre dokumentasjon av bruken av kontrollressursar. Risikovurderingar føreset også at ulike opplysningar vert samanstilte i eit register. Eit slikt register er heilt nødvendig for å kunne bruke kontrollressursane til Fiskeridirektoratet på ein best mogleg måte. Bruk av registeropplysningar til kontrollformål er svært viktig, både ved utveljing av kontrollobjekt og i etterkant ved registrering av kontrollresultat.
Etter personopplysningslovas system må lova gje heimel til å opprette, føre og bruke registeret, jf. personopplysningslova § 8 første ledd og § 9 første ledd bokstav b. Behandlinga av personopplysningar skal skje i samsvar med dei alminnelege reglane i personopplysningslova. Sidan registra har heimel i havressurslova, krevst det ikkje konsesjon frå Datatilsynet, jf. personopplysningslova § 38 fjerde ledd.
Etter tredje ledd kan departementet fastsetje nærare reglar om registrering og bruk av opplysningar i register oppretta med heimel i første og andre ledd. Medan opplysningar i satellittsporingsregisteret opphavleg berre skulle nyttast til kontrollformål og til dei formål som var nedfelt i avtalar med andre land, har desse opplysningane etter kvart vorte stadig meir verdifulle til forskings- og forvaltningsformål. Til dømes har satellittsporingsdata stor verdi i vurderinga av om eit område skal stengjast for ein bestemt type aktivitet. Departementet meiner det er tenleg at det kan fastsetjast i forskrift at satellittsporingsdata og anna framleis kan nyttast til andre formål enn berre kontrollformål, slik at desse opplysningane kan nyttast til andre forvaltnings- og forskingsformål. Det same gjeld for opplysningar i andre register, så lenge omsyna i personopplysningslova vert tekne vare på og opplysningane vert anonymiserte.
Til § 57 Plikt til å gje opplysningar om drifta av fartøy
Føresegna fører vidare heimelen til å krevje rekneskap for drifta av fartøyet i saltvassfiskelova § 9 første ledd. Denne plikta er viktig for å føre vidare dei årlege lønsemdsundersøkingane til Fiskeridirektoratet.
Føresegna gjev vidare heimel til å gje forskrift som pålegg eigar eller brukar av haustingsfartøy å gje andre opplysningar om drifta av fartøyet til Fiskeridirektoratet. For å utvikle forvaltningsstrategiar og for å leggje til rette for ei best mogleg forvaltning av ressursane, treng direktoratet data om arbeidskraftforbruk, drivstofforbruk, tidsforbruk i ulike fiskeri mv.
Slike opplysningar vert også samla inn i dag, men det er tenleg at havressurslova gjev ein klar heimel for innsamling av slike opplysningar. Dette er opplysningar som vert brukte både av forvaltninga og av ulike forskingsinstitusjonar. Ved utlevering og bruk av data som ikkje er anonymiserte, er det ein føresetnad at opplysningane er omfatta av teieplikt.
Kapittel 11 Tvangsmulkt og lovbrotsgebyr
Forslaga her er drøfta i kapittel 9.
Til § 58 Tvangsmulkt
Paragrafen er ny, då saltvassfiskelova ikkje inneheldt heimel til å påleggje tvangsmulkt.
Første ledd gjev departementet heimel til å påleggje tvangsmulkt for å sikre at føresegner fastsette i eller i medhald av lova vert følgde. Tvangsmulkt er eit middel for å tvinge fram at nokon rettar seg etter ei plikt. Omgrepet «føresegner fastsette i eller i medhald av lova» inneber at plikter fastsette i lov, forskrift eller i enkeltvedtak med heimel i lova, kan søkjast oppfylte gjennom å påleggje tvangsmulkt. Formålet med tvangsmulkt er såleis ikkje straff for eit lovbrot som har skjedd, men å tvinge fram at ei plikt vert oppfylt. Tvangsmulkta sluttar difor å løpe når plikta er oppfylt.
Tvangsmulkt kan nyttast i forhold til alle føresegner i havressurslova der det vert vurdert som eit tenleg middel. Departementet vil som særleg aktuelle eksempel peike på at tvangsmulkt kan nyttast for å tvinge fram gjennomføring av pålegg etter § 28 om forbod mot å etterlate gjenstandar i sjøen, eller § 43 om plikt til bruk av elektronisk utstyr og programvare.
Pålegg av tvangsmulkt er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Andre ledd fastset at tvangsmulkta er ei løpande mulkt. Vidare fastset andre ledd når tvangsmulkta tek til å løpe. Tvangsmulkta går frå ein særskild fastsett frist for oppfylling av pålegg, dersom denne fristen har gått ut utan at pålegget er oppfylt. Det er altså eit vilkår for tvangsmulkt at den pålegget rettar seg mot, har fått ein frist for oppfylling av pålegget før mulkta tek til å løpe. Fristen må vere rimeleg, slik at den pålegget rettar seg mot har eit reelt høve til å unngå tvangsmulkta ved å oppfylle pålegget. Dette heng saman med at formålet med tvangsmulkt er å sikre at nokon rettar seg etter pålegg. På same måte sluttar tvangsmulkta å løpe når pålegget er oppfylt.
Etter andre ledd andre punktum, kan departementet i særlege tilfelle redusere eller fråfalle oppsamla tvangsmulkt. Omgrepet «særlege tilfelle» viser at det ikkje skal vere kurant å redusere eller fråfalle oppsamla tvangsmulkt. Kva som vil vere særlege tilfelle, må vurderast konkret i kvar enkelt sak, men slik departementet ser det, kan ein vanskeleg sjå at det ligg føre eit særleg tilfelle dersom pålegget ikkje er etterlevd. Ei avgjerd om å fråfalle eller ikkje fråfalle tvangsmulkt er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Etter tredje ledd kan departementet i forskrift fastsetje nærare reglar om fastsetjing, gjennomføring og kva tid tvangsmulkta skal gjelde for. Det kan vidare fastsetjast forskrift om rente og tilleggsgebyr dersom tvangsmulkta ikkje vert betalt ved forfall.
Fjerde ledd fastslår at tvangsmulkt kan krevjast inn gjennom salslaget ved motrekning i fangstoppgjer.
Til § 59 Lovbrotsgebyr
Paragrafen er ny, men deltakarlova har sidan 2004 hatt heimel til å påleggje lovbrotsgebyr for brot på fiskerilovgjevinga. Såleis har det vore heimel for å påleggje lovbrotsgebyr for brot på føresegner i eller i medhald av saltvassfiskelova. Heimelen har ikkje vore nytta til å gje nærare reglar om lovbrotsgebyr ved brot på reglar i eller i medhald av saltvassfiskelova. Det utvida verkeområdet for havressurslova utvidar også det moglege området for bruk av lovbrotsgebyr.
Første ledd gjev departementet heimel til å påleggje den som aktlaust eller med vilje bryt føresegner i eller i medhald av lova, eit lovbrotsgebyr. Eit lovbrotsgebyr vert karakterisert ved at forvaltninga pålegg eit rettssubjekt å betale ein pengesum til det offentlege som følgje av at rettssubjektet eller nokon han svarar for, har brote ein handlingsnorm fastsett i eller i medhald av havressurslova.
Pålegg av lovbrotsgebyr er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.
På lik linje med føresegnene i §§ 60 – 63 om straffansvar, er kravet til skuld for å påleggje lovbrotsgebyr aktlaust eller forsettleg brot på føresegner i eller i medhald av lova.
Lovbrotsgebyr er ein del av det samla sanksjonssystemet i havressurslova, og departementet har i kapittel 9.7.4 drøfta i kva tilfelle ein ser for seg at bruk av eit slikt gebyr kan vere eit tenleg verkemiddel. Lovbrotsgebyr har eit pønalt formål. Departementet meiner det vil sikre tilstrekkeleg etterleving av reglane dersom dei mindre alvorlege brota på rapporteringspliktene vert sanksjonerte med lovbrotsgebyr. Det dreiar seg om saker av mindre omfang og med mindre avvik i rapporteringane frå fartøy eller mottak.
Saker som eignar seg for lovbrotsgebyr er til dømes tilfelle der det dreiar seg om mindre kvantum, der det berre er avvik i rapporteringane, og der aktørane ikkje tidlegare har vore involverte i alvorlege liknande saker. I slike høve er det opp til forvaltninga sitt skjøn å avgjere om sakene er av ein slik karakter at dei kan avgjerast med eit lovbrotsgebyr. I dette ligg at forvaltningspraksis må vere konsekvent og leggje til grunn det som vil sikre at reglane vert haldne og respekterte.
I saker som ikkje berre gjeld mangelfull utfylling eller rapportering, men der rapportering eller opplysningar ikkje er gjevne i det heile, vil det normalt ikkje vere tilstrekkeleg med eit lovbrotsgebyr. Ved manglande føring av fangstdagbok, men der fangsten er innmeld til salslag eller styresmakter, kan det likevel i enkelte tilfelle tenkjast at lovbrotsgebyr er ein tenleg reaksjon.
Første ledd andre punktum gjev heimel til å påleggje lovbrotsgebyr etter faste satsar eller utmålte i det enkelte tilfelle.
Når lovbrotsgebyr vert nytta, vil nivået på gebyret vere viktig for om reaksjonen er tilstrekkeleg for å sikre ei god nok etterleving av regelverket. Det må samtidig vere rimeleg samsvar mellom lovbrot og reaksjon.
Det vil difor ofte vere lite tenleg å påleggje lovbrotsgebyr etter faste satsar, og det mest tenlege vil i dei fleste saker vere å utmåle lovbrotsgebyret konkret i kvart enkelt tilfelle. Dei lovbrot som kan sanksjonerast med lovbrotsgebyr gjeld saker der vinninga eller den potensielle vinninga kan variere mykje. Forvaltninga må kunne fastsetje eit slikt gebyr individuelt frå sak til sak.
Første ledd tredje punktum fastset nokre sentrale moment departementet kan ta omsyn til ved fastsetjing av lovbrotsgebyr, men denne opprekninga er ikkje uttømmande. Såleis kan forvaltninga ved fastsetjing av lovbrotsgebyr ta omsyn til fortenesta som den ansvarlege har hatt ved lovbrotet og ekstra kostnader som kontrolltiltak og behandling av saka har ført med seg. Vidare kan det leggjast vekt på vinninga eller den potensielle vinninga ved lovbrotet, kor alvorleg lovbrotet er, om det gjeld fleire brot av same type, eller berre eit enkelt brot. Graden av skuld vil også telje med ved fastsetjing av lovbrotsgebyr. Oppsummert kan forvaltninga leggje vekt på lovbrotets omfang og verknad, oppnådd forteneste ved lovbrotet og den skuld som er utvist.
Etter andre ledd kan departementet i forskrift gje nærare reglar om fastsetjing av lovbrotsgebyr. Det kan vidare fastsetjast forskrift om rente og tilleggsgebyr dersom lovbrotsgebyret ikkje vert betalt ved forfall.
Tredje ledd bestemmer at endeleg vedtak om lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg. Det same følgjer av tvangsfullføringslova § 7 – 2 bokstav e. Lovbrotsgebyr kan difor inndrivast utan søksmål og dom. Tredje ledd fastslår også at lovbrotsgebyr kan krevjast inn gjennom salslaget ved motrekning i fangstoppgjer og at domstolane kan prøve storleiken på gebyret.
Fjerde ledd slår fast at lovbrotsgebyr og straff etter kapittel 12 ikkje kan nyttast mot same lovbrot.
Kapittel 12 Straffansvar
Føresegnene i dette kapitlet er nye og forslaga er drøfta i kapittel 9. Saltvassfiskelova hadde i § 53 ei generell føresegn som slo fast at brot på reglar i eller i medhald av lova kunne straffast. Departementet har kome til at straffeføresegnene bør liste opp kva for lovbrot som skal vere straffbare. Denne opplistinga er gjort i §§ 60 – 63. Dette er likevel i hovudtrekk ei vidareføring av gjeldande rett med omsyn til kva for lovbrot som bør kunne straffast.
§§ 60 – 63 slår fast at både aktlause og forsettlege brot på reglane i havressurslova er straffbare. Grunngjevinga for dette er at brot på reglane i havressurslova kan vere alvorlege i seg sjølv, utan at det er utvist til dømes grov aktløyse. Det er mellom anna lagt til grunn av Høgsterett i fleire saker om brot på reglane om føring av fangstdagbok, til dømes i Rt. 1994 side 1607 og Rt. 2002 side 383. Eit berande element har vore at formålet med reglane, som er omsynet til ressurskontroll, tilseier at aktsemdsnorma er streng.
Det er såleis gjennomgåande svært viktig at føresegnene fastsette i eller i medhald av havressurslova vert følgde og at lovbrot får følgjer. Departementet vil i høve til brot på reglane fastsette i eller i medhald av havressurslova ta utgangspunkt i at ei rekkje av normene i eller i medhald av lova vert brotne aktlaust. Rettspraksis viser at dette er følgt, slik at aktlause lovbrot har vorte straffa. Departementet meiner det er nødvendig for at straffeføresegnene i lova skal kunne fylle formålet sitt. Brot på reglane fastsette i eller i medhald av havressurslova, vil kunne gje ein stor ulovleg gevinst. Det er difor nødvendig at aktlause brot på kvoteføresegner, tekniske reguleringar, rapporterings- og opplysningsplikter, skal kunne straffast. Departementet ser det difor som tenleg at heimelen til sanksjonar slik han er nedfelt i saltvassfiskelova vert ført vidare i havressurslova, slik at også aktlause lovbrot vert ramma. Graden av skuld kan vidare vere eit moment i straffutmålinga.
Straffansvaret etter §§ 60 – 63 rettar seg mot alle som med vilje eller aktlaust bryt føresegner fastsette i eller med heimel i lova, og er såleis ikkje avgrensa til nokre særskilte aktørar.
Det bør for ordens skuld også nemnast her at sjølv om det berre er brot på dei føresegnene som er lista opp i §§ 60 – 63 som no er kriminaliserte, så vil det likevel kunne verte reagert på brot på andre føresegner i lova ved å påleggje eit lovbrotsgebyr.
Til § 60 Brot på reguleringsføresegner
Føresegna rettar seg mot brot på reglar fastsette i eller i medhald av dei reguleringsføresegnene som er lista opp. Føresegna rettar seg primært mot dei som haustar viltlevande marine ressursar eller som driv bioprospektering, men rettar seg også mot andre i høve til medverknad eller der plikter rettar seg mot andre enn haustaren.
Til § 61 Brot på reglar om gjennomføring av hausting og orden på haustingsfelt
Føresegna rettar seg mot brot på reglar fastsette i eller i medhald av dei reglane om gjennomføring av hausting og orden på haustingsfelt som er lista opp. I høve til gjennomføring av hausting, rettar føresegna seg primært mot dei som haustar viltlevande marine ressursar.
Når det gjeld brot på reglar om orden på haustingsfelt, jf. § 24, er det annleis. Reglane om orden på haustingsfelt gjeld alle som ferdast i slike område, både fiskarar og andre. Plikta til å vere aktsam i § 24 første ledd gjeld for «den som kjem til haustingsfelt» og omfattar såleis alle typar fartøy, sjøfly og annan ferdsel til sjøs, uavhengig av om vedkomande driv hausting eller ikkje, innanfor ramma av reglane for det personelle verkeområdet for lova i § 5. Det er også slått fast i rettspraksis, jf.Rt. 1996 side 376.
Dei fleste reglane om orden på haustingsfelt er ikkje omfatta av straffansvar. Når det gjeld føresegnene i §§ 25 – 29 meiner departementet dette er saker mellom private partar der reglane om erstatning er meir tenleg. Rettspraksis syner også at næringa har sett det som ein tenleg framgangsmåte. I tillegg kan departementet påleggje lovbrotsgebyr for brot på desse reglane.
Til § 62 Brot på reglar som skal leggje til rette for kontroll
Føresegna rettar seg mot brot på reglar fastsette i eller i medhald av dei reglane om tilrettelegging for kontroll som er lista opp. Desse reglane rettar seg mot dei som haustar viltlevande marine ressursar, dei som tek i mot fangst på sjø og land og dei som transporterer omset, produserer eller oppbevarer fangst.
Til § 63 Brot på reglar om kontroll og handheving
Føresegna rettar seg mot brot på reglar fastsette i eller i medhald av dei reglane om kontroll og handheving som er lista opp. Reglane rettar seg mot plikter næringsaktørane har for å leggje til rette for kontroll, og gjeld både for aktørar på sjø og på land på same måte som i § 62.
Til § 64 Fellesføresegner om straff
Paragrafen er ny og inneheld fellesføresegner om straff.
Første ledd fastset ei høgre strafferamme på inntil 3 år for dei mest alvorlege lovbrota, grove lovbrot. Skuldkravet er her heva til lovbrot som er gjort med grov aktløyse eller med vilje. I vurderinga av om lovbrotet er grovt, skal det særleg leggjast vekt på om den økonomiske eller potensielle økonomiske gevinsten ved lovbrotet er stor, om lovbrotet har skjedd systematisk og over tid og lovbrotet har skjedd gjennom, eller som ein del av, organisert verksemd.
Det kan vere tenleg med ei nærare forklaring på skilnaden mellom lovbrot som har skjedd systematisk og over tid, og lovbrot som har skjedd gjennom eller som ein del av organisert verksemd. Lovbrot som skjer systematisk og over tid, er til dømes når eit fartøy og eit landanlegg samarbeider over lengre tid, og ved fleire landingar, om å unnta landingane frå registrering, eller registrere kvoteregulert fisk som ikkje-regulert fisk, eller andre former for ulovlege handlingar. I slike tilfelle vil både fiskar og mottakar kunne verte omfatta av den strengare strafferamma. Dette vil også vere organisert verksemd. Men ein kan dessutan tenkje seg at eit landanlegg kjøper fisk frå mange fartøy, og det berre vert samarbeidd om ulovlege handlingar ved ei eller eit fåtal landingar frå same fartøy. I slike høve er det vanskeleg å seie at fiskaren systematisk og over tid har brote lova. Det er i slike høve landanlegget som har brote reglane systematisk og over tid. Men kan det bevisast at fiskaren var medveten om at landanlegget dreiv på denne måten og at fiskaren såleis deltok i eit organisert opplegg frå landanlegget si side, meiner departementet at også fiskaren må seiast å delta i organisert verksemd og verte omfatta av den strengare strafferamma. Grunngjevinga er at fiskaren i dette tilfellet gjer det mogleg for landanlegget å gjennomføre ei organisert verksemd, sjølv om fiskaren berre leverer i strid med regelverket eit fåtal gonger.
Andre ledd er ein særregel om straff for mannskap, og er ei endring samanlikna med reglane i saltvassfiskelova. Føresegna er drøfta i kapittel 9.7.1.3. Når straffansvar etter §§ 60 – 63 kan gjerast gjeldande mot fartøyføraren for ei handling nokon av mannskapet står for, kan den underordna berre straffast dersom han har brote føresegner med vilje.
Vanlegvis vert straffansvar retta mot fartøyføraren og reiaren og andre ledd gjev heimel til eit unntak frå hovudregelen. Særregelen i andre ledd er såleis ikkje meint å svekkje fartøyføraren sitt ansvar. Vidare er det slik at i dei tilfella der straffansvar ikkje kan gjerast gjeldande mot fartøyføraren for ei handling mannskapet står for, kan straffansvar sjølvsagt gjerast gjeldande mot mannskapet etter §§ 60 – 63.
Føresegna i andre ledd bestemmer at mannskapsmedlemmene «kan» straffast. Det syner at det er ein grunnleggjande skilnad på straffansvar retta mot fartøyførar og reiar og straffansvar retta mot mannskap i desse tilfella. Det vert gjeve ein skjønsmessig kompetanse til å vurdere om mannskapsmedlemmene skal straffast. Vidare er det eit krav at mannskapsmedlemmene sitt lovbrot skal vere forsettleg.
I vurderinga av om mannskapsmedlemmene skal straffast, skal det særleg takast omsyn til den preventive verknaden av straffa, kor grovt lovbrotet er og om vedkommande har eller kunne ha oppnådd ein fordel ved lovbrotet. Opprekninga tilsvarar føresegnene i straffelova § 48b bokstav a, b og e.
Tredje ledd slår fast at dersom utanlandsk fartøy utanfor sjøterritoriet har brote føresegner som nemnt i §§ 60 – 63, kan fengselsstraff ikkje nyttast. Det kan heller ikkje påleggjast subsidiær fengselsstraff i tilfelle bot ikkje vert betalt. Dette følgjer av havrettskonvensjonen art. 73. nr. 3.
Etter tredje ledd tredje punktum kan fengselsstraff likevel nyttast dersom det følgjer av avtale med annan stat. Slik avtale kan til dømes innehalde føresegner om gjensidig rett til å utøve jurisdiksjon overfor den andre parten sine fartøy også utanfor område under nasjonal jurisdiksjon. Fengselsstraff kan vidare nyttast når fartøyet er statslaust. Spørsmål knytt til nasjonalitet og rett til å føre ein stats flagg, er mellom anna omhandla i havrettskonvensjonen art. 91 og 92.
Fjerde ledd slår fast at fartøyføraren kan vedta førelegg på vegner av oppdragsgjevaren. Dette omfattar også andre reaksjonar enn straff som eit førelegg kan vise til, og gjeld førelegg retta både mot person og mot føretak.
Etter fjerde ledd andre punktum kan oppdragsgjevaren påleggjast straff i sak som vert reist mot fartøyføraren. Straffesak mot oppdragsgjevaren kan fremmast utan at vedkommande sjølv er til stades, men dette må ikkje vere i strid med allmenne rettsprinsipp.
Femte ledd første punktum fastset at forsøk og medverknad skal straffast på same måte som brot. Det gjeld ikkje alltid for mannskap, jf. andre ledd.
Til § 65 Inndraging
Paragrafen er ei vidareføring av saltvassfiskelova § 54 men inneber også ei utviding av di andre ledd gjev heimel til inndraging overfor landanlegg.
Første ledd gjev heimel til inndraging av fisk o.a., reiskap, gjenstand, eigedom, anlegg eller fartøy som er brukt ved brotet. Dette gjeld utan omsyn til kven som er eigar. Føresegna gjev heimel til inndraging både overfor fiskarar, transportørar, mottakarar og kjøparar av fangst. I staden for tingen kan verdien heilt eller delvis inndragast hos den skuldige eller den det er handla på vegner av, eller hos eigaren. I dei fleste tilfelle vil det vere mest praktisk å inndra verdien av fangst mv. i staden for sjølve tingen.
Etter andre ledd kan det fastsetjast at panterett og andre rettar i ting som vert inndregne, heilt eller delvis fell bort. Føresegnene i straffelova § 37 c gjeld tilsvarande.
Tredje ledd seier at når lovleg og ulovleg fangst er blanda saman, kan heile fangsten inndragast.
Kapittel 12 Allmenne føresegner og ikraftsetjing
Til § 66 Havforsking og praktiske reiskapsforsøk
Paragrafen fører vidare saltvassfiskelova § 2 fjerde ledd og må sjåast i samanheng med § 13 Kvotar til forsking, overvaking, undervisning og praktiske reiskapsforsøk.
Første ledd gjev heimel til å dispensere frå føresegner fastsette i eller i medhald av lova når det er nødvendig for havforsking eller praktiske reiskapsforsøk. Det kan vere dispensasjon frå maskevidde og minstemål, områdestengingar og liknande. Såleis vil mellom anna overvakingstenesta for fiskefelt få dei dispensasjonane dei treng for verksemda si med heimel i første ledd.
Etter andre ledd kan departementet fastsetje kva som skal reknast som havforsking og praktiske forsøk etter denne føresegna.
Til § 67 Forskrifter
Paragrafen er ny og gjev ein generell kompetanse til å gje forskrifter til gjennomføring av lova. Føresegna fastset at forskrifter fastsette i medhald av lova kan differensierast for ulike fartøy- og reiskapsgrupper, ulike område, artar eller tider på året og for ulike typar verksemder.
Reguleringane, reiskapsreglane, rapporteringspliktene osb. må tilpassast dei ulike tilhøva og dei ulike problemstillingane som oppstår for dei ulike gruppene, område osb. For å gjere dette heilt klart er det teke inn ei eiga føresegn om dette i lova.
Til § 68 Forskrifter etter saltvassfiskelova o.a.
Føresegna er ny og er teken inn av lovtekniske omsyn. Forskrifter fastsette med heimel i saltvassfiskelova og kjøparregistreringslova gjeld etter at havressurslova tek til å gjelde, og forskrifter med heimel i havressurslova må uttrykkjeleg oppheve forskrifter fastsette med heimel i desse lovene. Om det ikkje vert gjort, vil ei ny forskrift likevel gå føre ei gammal forskrift når dei regulerer same tilhøve.
Til § 69 Ikraftsetjing
Føresegna fastset at lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. 1. juli 2008 eller 1. januar 2009 kan vere aktuelle tidspunkt å setje lova i kraft frå.
Departementet har førebels ikkje teke stilling til om føresegnene bør setjast i verk til ulik tid, men gjer i første ledd andre punktum framlegg om at lova skal gje heimel til ei slik løysing.
Til § 70 Endring i andre lover
Framlegget til endring i andre lover er drøfta i kapittel 11. Endringane i andre lover er i hovudsak ein konsekvens av at det saklege området for havressurslova vert utvida til å gjelde alle viltlevande marine ressursar. Departementet meiner ein naturleg konsekvens av utvidinga er at det same vert gjort med anna fiskerilovgjeving. Vidare vert tilvisingar til saltvassfiskelova i fleire lover erstatta med tilvising til havressurslova.
Nr. 1 gjeld råfisklova. Til liks med saltvassfiskelova gjeld råfisklova for fisk, og kva for fiskeslag som er omfatta av dei ulike salslaga sin omsetningsrett, går fram av forskrift 29. juni 1990 om førstehandsomsetning av råfisk. Etter kvart som andre viltelvande ressursar vert utnytta kommersielt, bør råfisklova mellom anna av omsyn til ressurskontrollen, gje heimel til å leggje omsetning av slike artar til salslaga, og det er difor gjort framlegg om ei ny føresegn i § 1 tredje ledd om at Kongen kan bestemme at lova også skal gjelde for andre viltlevande ressursar.
Departementet har gjort framlegg om å stykje salslaga sitt kontrollansvar. Dette er drøfta i kapittel 8.1.9.5.2. Det er gjort framlegg om nye føresegner i § 7 andre og tredje ledd. Føresegnene tilsvarar havressurslova § 48, og ein viser til merknadene til denne.
Nr. 2 gjeld kontinentalsokkellova. Botnfaste artar er i dag omfatta av denne lova. Havressurslova skal omfatte alle viltlevande marine ressursar og det er difor naturleg at kontinentalsokkellova vert endra i tråd med dette, for å hindre ei dobbel regulering av botnfaste artar. Endringa er tatt inn i ei ny føresegn i § 1 tredje ledd. Som ein konsekvens av dette, vert det foreslått at § 2 tredje ledd som regulerer tang og tare, vert oppheva.
Nr. 3 gjeld fiskeforbodslova. Som ein konsekvens av havressurslova sitt saklege verkeområde, vert det gjort framlegg om at fiskeriforbodslova § 1 vert endra slik at ho omfattar alle viltlevande marine ressursar. Denne endringa må også takast inn i § 3 første og tredje ledd.
Departementet gjer framlegg om at heimlane for tiltak mot UUU-aktivitetar vert samla i havressurslova. Dett er drøfta i kapittel 8.1.4.6. Føresegnene i § 8 første ledd bokstav b, c, d, andre og tredje ledd og § 9vert difor oppheva.
Nr. 4 gjeld sonelova. Som ein konsekvens av havressurslova sitt saklege verkeområde, vert det gjort framlegg om at sonelova §§ 3 og 4 vert endra slik at ho omfattar alle viltlevande marine ressursar.
Som ein konsekvens av at føresegnene om straffansvar for underordna mannskap vert endra med havressurslova, må også reglane i sonelova § 8 fjerde ledd endrast slik at det er samanheng mellom desse føresegnene i havressurslova og sonelova.
Nr. 6 gjeld sjølova. Det er i dag ikkje heimel i lov til å nekte fartøy registrering i norsk ordinært skipsregister eller i norsk internasjonalt skipsregister på grunnlag av at dei er førde opp på svartelister. Det er sjølova som regulerer registreringsvilkår for skip og det vert gjort framlegg om at ein slik heimel vert tatt inn i sjølova § 16 siste ledd. Det vert då innført ein heimel til å fastsetje forskrift om å nekte fartøy rett til å verte registrert i norsk skipsregister dersom dei er svartelista.
Nr. 8 gjeld deltakarlova. Departementet gjer framlegg om at det saklege verkeområdet til lova vert utvida til å gjelde all hausting av viltlevande marine ressursar i tråd med verkeområdet til havressurslova, slik at deltaking i nye haustingsverksemder kan regulerast i deltakarlova. I tråd med dette vert det gjort framlegg om endringar i §§ 2, 3 og 4.