Ot.prp. nr. 20 (2007-2008)

Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

Til innhaldsliste

8 Ein heilskapleg ressurskontroll

8.1 Kontroll og handheving

8.1.1 Innleiing

8.1.1.1 Generelt

Noreg rår over store ressursar og norske fiskarar fangstar i store havområde. Desse havområda er også blant dei mest produktive i verda. Å føre kontroll med haustingsaktivitetane – registrere uttak av fangst og førebyggje og avdekke brot på reglane som regulerer fiskeriaktivitetane – er ei samansett og krevjande oppgåve. I tillegg er størsteparten av bestandane i farvatn under norsk jurisdiksjon, bestandar vi deler og forvaltar i samarbeid med andre statar.

Dei viltlevande marine ressursane er fornybare men ikkje utømmelege. Desse ressursane ligg til fellesskapet i Noreg, jf. kapittel 4.3. Forvalta på ein god måte vil dei gje ei langsiktig positiv avkastning til fellesskapet og til næringsutøvarane. Det er difor viktig at ressursane vert forvalta på ein måte som gjer at næringa både på kort og lang sikt kan ha stabile rammevilkår, og at forvaltninga er ansvarleg og langsiktig berekraftig.

Ein ansvarleg og god ressurskontroll er med og sikrar at uttaket av viltlevande marine ressursar heile tida er i tråd med gjeldande reglar og i tråd med måla som er nemnde ovanfor. Det overordna målet med ressurskontrollarbeidet er såleis å få til ei ansvarleg ressursforvaltning og å leggje til rette for lik konkurranse i næringa både nasjonalt og internasjonalt. Ein truverdig og effektiv ressurskontroll er ein føresetnad for all forvaltning av viltlevande marine ressursar.

Regionalt og bilateralt samarbeid er dei seinare åra vorte stadig viktigare i ressurskontrollen. Dette har fleire årsaker. Fangsten vert ofte landa i andre land enn fartøyet sin flaggstat eller i andre land enn det landet der fangsten er teken. Vi deler bestandar med andre statar og i tillegg får andre statar kvotar i norsk økonomiske sone, slik vi får kvotar i andre lands økonomiske soner. Bestandar i internasjonalt farvatn vert forvalta av regionale fiskeriorganisasjonar, til dømes gjennom NEAFC og NAFO. I desse områda har det vore, og er framleis, eit problem at fartøy er flagga i statar som ikkje fører reell kontroll med aktiviteten til fartøya (fartøy med fordelsflagg (bekvemmelighetsflagg)). Desse fartøya fiskar eller medverkar såleis til fiske utanfor kvotane og rapporterer heller ikkje fangsten. Det dreiar seg om UUU-aktivitetar. Vi finn og døme på at fartøy frå medlemsstatar i fiskeriorganisasjonane driv eit til dels betydeleg urapportert fiske i konvensjonsområdet. Slikt fiske og aktivitetar knytt til slikt fiske kan på sikt truge den kommersielle verdien og den naturlege storleiken på fiskebestandane. Det vert samarbeidd internasjonalt på fleire område for å komme desse aktivitetane til livs, samstundes som Noreg gjennom å styrkje nasjonale kontrolltiltak og gjennom bilateralt arbeid søkjer å å redusere det urapporterte fisket som foregår på delte bestandar.

8.1.1.2 Tidslinja i ressurskontrollen

Alle aktivitetar i samband med haustinga kan plasserast på ei tidslinje. Tidslinja startar med at den som skal fiske vert tildelt dei nødvendige løyve og kvotar, skaffar seg fartøy og reiskapar og kunnskap om dei reglane som gjeld. Så vert sjølve fisket gjennomførd. Tradisjonelt reknar ein at fiskeoperasjonen er avslutta når fangsten er teken om bord i fiskefartøyet eller sett i lås eller steng. Etter dette følgjer aktivitetar for å oppfylle oppgåveplikter som til dømes føring av fangstdagbok og rapportering av fangstar.

Fangsten vert så transportert til land. Transporten kan skje i fleire ledd ved at fangsten vert lasta om til andre fartøy ein eller fleire gonger. I samband med dette kan det også hende at fangsten vert foredla. Når fisken vert landa utløyser det plikter for både mottakar og fiskar. Det gjeld uavhengig av om fangsten vert landa av fiskar eller av ein aktør som berre har transportert fisken. Omsetning av fisken er ikkje knytt til landing av fangsten, og kan skje på andre tidspunkt. Etter landing held tidslinja fram utover i verdikjeda under oppbevaring, produksjon, transport osb., fram til sal til konsumenten. Lengda av tidslinja varierer mellom ulike fiskeri. Mengda aktivitetar og talet på aktørar som utfører aktivitetane langs tidslinja varierer også og kan vere talrike.

All forvaltning av levande marine ressursar må innehalde eit element av kontroll for å sikre at måla med forvaltninga vert nådde og at regelverket vert følgt. Ressurskontrollen i Noreg og reglane for kontroll er bygde opp i tråd med den tidslinja som det er gjort greie for ovanfor. Styresmaktene utfører ressurskontroll langs heile denne tidslinja, frå før fartøya startar haustinga og heilt fram til eksport av fangsten. I samarbeid med styresmaktene i andre land kan det også utførast kontroll i utlandet. Det er nødvendig å gjennomføre kontrollar i så stor breidde for å sikre at ressursuttaket er i tråd med gjeldande reglar.

Ressurskontrollen er retta mot alle aktørane langs tidslinja. Først gjeld det fiskaren og haustinga som vert kontrollert på fleire vis både på sjø og land. Hovudmålet med ressurskontrollen er å sikre kontroll med ressursuttaket, medrekna at alt uttak frå bestandane vert registrert, og at aktørane rettar seg etter dei kontrollpliktene dei er pålagde. Kontrollen rettar seg også mot dei andre aktørane langs tidslinja. Desse kontrollane skal passe på at dei følgjer opp pliktene dei er pålagde knytt til den kontakten dei har med fangsten. Desse pliktene står ikkje i direkte samanheng med haustingsaktiviteten, men gjeld sjølvstendige plikter som å vege fangst, gje korrekte oppgåver over motteken fangst, o.a. Dette viser at det er trekt eit klart skilje mellom haustinga og dei etterfølgjande aktivitetane, samstundes som det syner at det er viktig å gjennomføre kontrollar hos andre aktørar enn fiskarane for å avdekkje ulovleg hausting eller manglande rapportering.

Det er etter gjeldande rett føresegner – retta mot aktørane og deira handlingar på ulike stader av tidslinja – i saltvassfiskelova, sonelova, fiskeforbodslova, deltakarlova, råfisklova, kjøparregistreringslova og svalbardlova. Det er eit element i alle desse lovene å leggje til rette for ein god ressurskontroll.

8.1.2 Tredelinga av ressurskontrollarbeidet

Fiskeridirektoratet har eit overordna ansvar for ressurskontrollarbeidet i Noreg. Etter saltvassfiskelova er det Fiskeridirektoratet som skal kontrollere at uttaket av viltlevande marine ressursar vert gjort på lovleg vis. Fiskeridirektoratet har eit ansvar for å kontrollere at uttak skjer innanfor gjevne løyve, på lovleg stad, til lovleg tid og med lovlege reiskapar. Vidare skal Fiskeridirektoratet sjå til at næringsaktørane oppfyller dei dokumentasjonspliktene dei er pålagde overfor styresmaktene når det gjeld rapportering av uttak og omsetning av viltlevande marine ressursar. Denne kontrollen skjer heilt frå fangstfeltet og til varene vert eksporterte. Fiskeridirektoratet driv også kontroll og overvaking på sjøen, men i mykje mindre omfang enn Kystvakta.

Det er Kystvakta som i hovudsak utfører kontrollen til havs. Kystvakta er gjennom kystvaktlova av 13. juni 1997 tillagd kontrolloppgåver, som delvis overlappar Fiskeridirektoratet sitt ansvarsområde. Kystvakta fører kontroll med at fartøya rettar seg etter reglar i eller i medhald av norske fiskerilover. Denne kontrollen omfattar både norske og utanlandske fartøy.

Salslaga har ansvar for å føre kontroll med at føresegnene i saltvassfiskelova vert følgde. Dette ansvaret er avgrensa til opplysningar som naturleg følgjer av verksemda til salslaga. Hovuddelen av salslaga sitt kontrollarbeid er å gjennomføre kvotekontroll, dvs. avrekning av fartøya sine kvotar og rapportering av fangstopplysningar til Fiskeridirektoratet. Salslaga har vidare ansvar for at føresegnene i råfisklova vert følgde.

Det er altså tre organ som står for gjennomføringa av kontrollen med uttaket av dei viltlevande marine ressursane, der Fiskeridirektoratet har eit overordna ansvar for ressurskontrollarbeidet.

Delinga mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta følgjer naturleg ved at Kystvakta driv si kontrollverksemd og operative verksemd på sjøen, medan Fiskeridirektoratet som hovudregel driv kontroll på land. Fiskeridirektoratet utfører noko kontroll på sjøen, først og fremst i indre farvatn.

Skiljet mellom kontrollverksemda til Kystvakta og Fiskeridirektoratet er ikkje regulert i gjeldande lovverk, men er avklara gjennom eit vedvarande samarbeid mellom dei to etatane. Fiskeridirektoratet har også eit utstrakt samarbeid med andre kontrolletatar, som Toll- og avgiftsdirektoratet og Skattedirektoratet i arbeidet med å kontrollere at aktørane i fiskerinæringa følgjer gjeldande reglar.

I forholdet mellom salslaga og Fiskeridirektoratet trengst det ei nærare utgreiing av salslaga si rolle i ressurskontrollen, utover rein kvotekontroll, jf. nedanfor i kapittel 8.1.9.

8.1.3 Ansvaret til Kystvakta

Saltvassfiskelova regulerer ikkje ansvaret Kystvakta har for ressurskontroll. Ei ny havressurslov vil likevel få noko å seie for oppgåvene til Kystvakta fordi havressurslova vil omfatte fleire ressursar enn saltvassfiskelova. Dette gjer at Kystvakta formelt sett vil få ansvar for kontroll med uttak av fleire ressursar enn i dag. Det vert ikkje gjort framlegg om materielle endringar i kystvaktlova i samband med framlegget til ny havressurslov.

Ansvaret Kystvakta har for ressurskontroll er regulert i kystvaktlova av 13. juni 1997. Kystvakta skal medverke til eit best mogleg og effektivt oppsyn med kystområda og havområda utanfor. Etter kystvaktlova § 8 skal kystvakta hevde norsk suverenitet og norske suverene rettar.

Nokre av dei viktigaste oppgåvene til Kystvakta etter kystvaktlova § 9, er å føre kontroll med at føresegnene i eller føresegner fastsette i medhald av saltvassfiskelova, fiskeforbodslova, matlova, sonelova, deltakarlova og isbjørnlova, vert følgde. Det same gjeld for føresegner som regulerer fiske og fangst i Svalbards indre farvatn og sjøterritorium.

Dei operasjonelle oppgåvene til Kystvakta i ressurskontrollen er i hovudsak kontroll av fiske- fangst- og omlastingsfartøy, både norske og utanlandske, i havområde innanfor norsk jurisdiksjon. Kontrollane av fiske- og fangstfartøy gjeld mellom anna fiskeriaktivitet, inkludert kvoteføresegner, samansetning av fangsten, tekniske reglar og områdeavgrensingar. På frakte- og omlastingsfartøy kontrollerer dei kvar fangsten kjem frå for å dokumentere at den er lovleg fanga.

Kystvakta utfører også viktige kontrolloppgåver i internasjonalt farvatn i Nordaustatlanteren, for å sjå til om reglane til NEAFC vert følgde, jf. fiskeforbodslova § 7.

Forsvaret fører også kontroll med ikkje-militære fartøy som går til norske hamner, jf. forskrift av 23. desember 1994 nr. 1130 om fremmede ikke-militære fartøyers anløp av og ferdsel i norsk territorialfarvann under fredsforhold. Med heimel i denne forskrifta kan framande ikkje-militære fartøy nektast tilgjenge til norsk indre farvatn når fiskefartøy planlegg stopp som ledd i fiske eller ilandføring av fangst som nemnt fiskeforbodslova § 8 første ledd.

Kystvakta kan såleis kontrollere norske og utanlandske fartøy i farvatn under norsk jurisdiksjon. Vidare kan Kystvakta på vegner av ein regional fiskeriorganisasjon kontrollere at norske fartøy og utanlandske fartøy følgjer reglane til denne organisasjonen. I tillegg kan Kystvakta med å vise til FN-avtalen om fiske på det opne hav inspisere og handheve tiltak overfor fartøy frå ein stat som er tilslutta FN-avtalen om fiske på det opne hav, jf. artikkel 20. nr 6. Kystvakta kan også kontrollere statslause fartøy som fiskar i internasjonalt farvatn. Det kan også gjerast avtale med ein flaggstat om slike tiltak. For å setje i verk sanksjonar mot slike fartøy, krevst det heimel i intern norsk rett.

Kystvaktpersonell har avgrensa politimynde når dei fører kontroll med at lovene som er nemnde i kystvaktlova § 9 vert følgde. Kystvaktlova kapittel 5 listar opp dei kontroll- og tvangstiltaka Kystvakta kan bruke. Dei kan stanse og undersøkje fartøy og faste innretningar og dei skal ha uhindra tilgang til desse når dei utfører kontroll med lovene nemnde i § 9. Fartøy som vert inspiserte skal gje kystvaktpersonellet tilgang til eller leggje fram, relevante opplysningar som nemnt i kystvaktlova § 29. Kystvakta kan også gje eit fartøy som er mistenkt for brot på desse reglane ordre om å gå til norsk hamn etter kystvaktslova § 25.

Kystvakta kan starte etterforsking når dei har mistanke om at lovene nemnde i kystvaktlova § 9 er brotne, jf. § 21, og dei kan ransake personar, fartøy og innretningar, jf. § 26.

8.1.4 Ansvaret til Fiskeridirektoratet – gjeldande rett

8.1.4.1 Innleiing

Ansvaret Fiskeridirektoratet har for ressurskontroll er knesett i saltvassfiskelova § 45 første ledd. Fiskeridirektoratet skal føre kontroll med at føresegnene fastsette i og i medhald av saltvassfiskelova, deltakarlova, sonelova, fiskeforbodslova, råfisklova og kjøparregistreringslova, vert følgde. Samla gjev dette Fiskeridirektoratet grovt sett ei plikt til å kontrollere at alle føresegner som gjeld fiskeria vert følgde.

Ser vi på tidslinja vi omtalte ovanfor så er innsatsen til Fiskeridirektoratet først og fremst retta mot kontroll frå fangsten vert landa og til dei etterfølgjande aktivitetane. Dette gjev også ei tenleg arbeidsdeling mellom Kystvakta og Fiskeridirektoratet.

8.1.4.2 Lovgrunnlaget for utføring av kontroll

Det er tvingande nødvendig for ein effektiv og god ressurskontroll at føresegnene i lova viser klart kven Fiskeridirektoratet kan kontrollere, kva område og opplysningar dei kan krevje tilgang til og kva plikter dei som vert kontrollerte har i samband med ein kontroll.

I gjeldande rett er dette knesett i saltvantsfiskelova § 45 andre ledd flg., jf. § 2 første ledd. Saltvassfiskelova gjeld for fiske og fangst, for dei som tek i mot eller transporterer fisk og for dei som mottek eller leverer forsynings- og støttetenester innanfor lovas verkeområde. Før verkeområdet vart endra i 2001, omfatta kontrollkompetansen til Fiskeridirektoratet berre sjølve fisket i sjøen og ikkje dei etterfølgjande aktivitetane. I dag vert det sett som både naturleg og nødvendig at Fiskeridirektoratet kan utføre kontroll retta mot omlasting, transport, oppbevaring osb. Den siste utvidinga av lovas saklege verkeområde vart gjort 22. desember 2006, då forsynings- og støttetenester vart inkluderte.

I saltvassfiskelova § 45 andre ledd er det opprekna kven Fiskeridirektoratet kan kontrollere og kva for stader dei kan krevje tilgang til. Fråsegna femner vidt, og gjev Fiskeridirektoratet kompetanse til å utøve kontroll overfor fartøy, reiarlagskontor og alle dei som ut frå ervervsformål rår over eller lagrar viltlevande marine ressursar, relevante dokument og opplysningar. Når Fiskeridirektoratet gjennomfører kontrollar skal dei såleis ha tilgang til alle relevante kontrollstader hos kontrollobjekta nemnde ovanfor. Dette inkluderer også tilgang til fisk som vert transportert på sjø, på land eller i lufta. Tilgangen gjeld anten fisken er fersk, frosen, foredla eller liknande, og uavhengig av om dei må bryte forseglingar eller tine fisken for å gjennomføre kontrollen.

Kontrollkompetansen til Fiskeridirektoratet er såleis svært vid. Kontrollkompetansen er i lova avgrensa med krav om at den som skal kontrollerast anten må rå over eller lagre viltlevande marine ressursar berekna for ervervsformål, eller at vedkommande sit inne med relevante dokument eller opplysningar om slik fisk. Dei som har fisk til privat bruk, kan Fiskeridirektoratet såleis ikkje kontrollere. For fartøy og reiarlagsrekneskap gjeld likevel ikkje slike avgrensingar av kontrollkompetansen. Det gjeld heller ikkje der det vert utført kontroll for å avdekke mogleg skjult næringsverksemd under dekke av fritidsfiske.

Saltvassfiskelova § 45 tredje ledd slår fast kva for opplysningar Fiskeridirektoratet kan krevje uhindra tilgang til hos dei kontrollobjekta som er opprekna i § 45 andre ledd. Føresegna gjev Fiskeridirektoratet tilgang til alle relevante opplysningar, uavhengig av korleis dei vert oppbevarde. Den ansvarlege på kontrollstaden, eller ein representant for han, skal hjelpe til med å finne dei opplysningar Fiskeridirektoratet spør etter og elles leggje fram alle relevante opplysningar og fortelje kvar slike opplysningar finst. Det er Fiskeridirektoratet og ikkje den som vert kontrollert, som avgjer kva opplysningar som er relevante.

Føresegnene ovanfor som gjev Fiskeridirektoratet kompetanse til å kontrollere objekt og opplysningar, pålegg samtidig dei som vert kontrollerte plikt til å gje kontrollstyresmaktene uhindra tilgang til stader og opplysningar. Med heimel i desse og andre føresegner er det i forskrifter vidare pålagt næringsutøvarane både på sjø og land plikter som skal medverke til at kontrollen med ressursuttaket vert best mogleg. Eksempel på dette er føring av fangstdagbok og utfylling av landings- og sluttsetel.

Når Fiskeridirektoratet utfører fysiske kontrollar, skal næringsaktørane gje direktoratet uhindra tilgang til både kontrollobjekt og relevante opplysningar. I uhindra tilgang ligg at verksemda som vert kontrollert utan opphald skal gje inspektørane til Fiskeridirektoratet tilgang til alle relevante stader og opplysningar hos dei som har fisk eller sit inne med opplysningar. Dei skal gje uhindra tilgang uavhengig av korleis opplysningane er lagra eller oppbevarde.

8.1.4.3 Kontroll før hausting startar

Det er i gjeldande regelverk stilt fleire ulike krav til fartøy, løyver og kvotar for å delta i ervervsmessig fiske og fangst. Ervervsløyve må vere på plass og fartøyet må vere godkjend og eigna og utrusta for dei ulike fiskeria. I dei regulerte fiskeria må ein ha konsesjon eller deltakarløyve og fartøyet eller reiarlaget må ha kvotar for det aktuelle fiskeslaget.

Ansvaret Fiskeridirektoratet har for ressurskontroll inneber også eit ansvar for kontroll med at krava som er nemnde ovanfor vert følgde.

Deltakarlova slår fast at det er forbode å drive fiske eller fangst utan ervervsløyve. Slikt ervervsløyve er nødvendig ved kjøp eller utskifting av fartøy. Det trengst ikkje nytt ervervsløyve når eigarsamansetjinga i selskapet som eig fartøyet vert endra, men slike endringar skal godkjennast. Ervervsløyve kan som hovudregel berre gjevast til den som har drive ervervsmessig fiske på eller med norsk fartøy i minst tre av dei siste fem åra, og framleis er knytt til fiskaryrket – det såkalla aktivitetskravet. Dette gjeld likevel ikkje for fartøy under 50 fot (15,68 meter).

Ervervsløyve er i mange tilfelle eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg vilkår. For å drive fiske, krevst det i dei fleste fiskeria også konsesjon eller deltakarløyve. Vidare må det i dei kvoteregulerte fiskeria vere ein kvote knytt til fartøyet.

Det ligg med andre ord fleire enkeltvedtak og løyve til grunn for det fiske eit fartøy og ein eigar har lov til å drive. Felles for desse løyva er at det i deltakarlova er stilt krav for å få og behalde løyva. Krava er knytte til grunnvilkåret i deltakarlova om at fiskeflåten skal vere eigd av aktive fiskarar.

Kontroll med at krava i deltakarlova er oppfylte, vert som hovudregel gjort når direktoratet handsamar søknader om ervervsløyve eller konsesjon/deltakarløyve. Kontrollen med at fartøyet har kvote på dei aktuelle fiskeslag, skjer i hovudsak ved landing og omsetning av fangsten. Dersom eit fartøy leverer kvoteregulert fisk som det ikkje er knytt ein kvote til, eller fartøyet alt har fiska opp kvoten sin, vert fangstverdien inndregen.

I enkelte fiskeri er det krav om at fiskefartøy skal framvisast for Fiskeridirektoratet for å kontrollere at fartøyet er eigna og utrusta for fiskeriet. Dette vert som hovudregel gjennomført ved stikkprøvekontroll.

I tillegg til krava nemnde ovanfor, må fartøya i mange tilfelle melde frå til Fiskeridirektoratet om utsegling før dei startar fisket, når dei avsluttar fisket, når dei passerer inn i ulike soner, ved omlasting o.a. Sjå nærare om dette i kapittel 8.2 tilrettelegging for kontroll.

8.1.4.4 Kontroll under hausting

Kystvakta har som nemnt ansvar for hovuddelen av ressurskontrollen på sjøen. Like fullt har Fiskeridirektoratet vid kompetanse og viktige kontrolloppgåver på sjøen, særleg knytt til indre farvatn. Kontrollen på sjøen kan skje før, under og etter hausting. Haustingsoperasjonen vert rekna som avslutta når fangsten er teken om bord i fiskefartøyet eller sett i lås eller steng. Som nemnt ovanfor, skal Fiskeridirektoratet ha uhindra tilgang til mellom anna fartøy og relevante opplysningar som er på fartøyet.

Ved kontroll kan Fiskeridirektoratet gje pålegg om å stanse fartøy for å undersøkje dei, jf. § 45 fjerde ledd. Denne kompetansen er ikkje avgrensa til berre fiskefartøy. Fiskeridirektoratet kan også påleggje andre fartøy som rår over eller transporterer fisk å stanse og undersøkje desse når dei transporterer fisk eller fiskeprodukt, eller har opplysningar om dette.

I tillegg til å påleggje å stanse fartøy, kan Fiskeridirektoratet påleggje den ansvarlege på fartøyet å trekkje reiskap, jf. § 45 fjerde ledd andre punktum. Denne heimelen er viktig for at Fiskeridirektoratet skal kunne kontrollere utforminga av reiskapar og at dei stemmer overeins med dei tekniske føresegnene. Vidare er heimelen viktig for å kunne kontrollere at reiskapane er utforma og plasserte slik at eventuelle bifangstreglar vert følgde. For å hindre at kontroll vert forseinka eller hindra, har Fiskeridirektoratet mynde til sjølv å trekkje reiskapar og fortøyingar under kontroll. Denne føresegna er særleg viktig ved kontroll av mindre reiskapar, som garn og teiner nær land.

Saltvassfiskelova § 45 fjerde ledd fjerde punktum gjev Fiskeridirektoratet heimel til å plombere reiskapar, rom og oppbevaringsstader for fisk, dokument, gjenstandar og opplysningar. Plombering sikrar gjennomføring av kontrollen og at den ansvarlege eller hans representant kan gjennomføre kontrollen på ein god måte. Vidare kan det sikre bevis når fartøyet må takast til kai før gjennomgang av fartøy og reiskapar kan starte.

Fiskeridirektoratet har rett til å plassere ut inspektørar og observatørar om bord på fartøy for å kontrollere verksemda, jf. § 45 femte ledd. I dag vert denne tilgangen nytta til å plassere inspektørar tilsette i overvakingstenesta for fiskefelt, på fiskefartøy.

Under kontroll på sjøen har aktørane ei generell plikt til å leggje til rette for og ikkje hindre kontroll frå Fiskeridirektoratet. Føresegna om at det ved kontroll skal gjevast uhindra tilgang til kontrollobjekt og kontrollopplysningar gjeld også ved kontroll på sjøen.

Ei av dei viktige pliktene ved fisket er utfylling av fangstdagbok. Vi gjennomgår desse reglane nærare nedanfor. Her skal det kort nemnast at fangstdagboka fyller viktige funksjonar – for det første i kontrollen med uttaket av ressursar, for det andre for å kontrollere at dei opplysningane som vert gjevne ved landing av fangst om mengde, art, fangststad, fangsttidspunkt o.a., er rette. Både Kystvakta og Fiskeridirektoratet legg særleg vekt på kontroll av fangstdagbok for verifisering av fangstopplysningar når dei utfører kontroll av fartøy på sjøen.

Kontrollkompetansen til Fiskeridirektoratet under hausting gjeld for norske og utanlandske fartøy i saltvassfiskelova sitt geografiske verkeområde.

8.1.4.5 Kontroll etter hausting

Ved og etter landing av fangsten rettar kontrollpliktene seg både mot dei som leverer fangsten, anten det er fiskarane sjølve eller transportørar, og mot landanlegga som mottakarar. Kontrollen som vert retta mot fiskar/leverandør og mottakar/kjøpar etter hausting og kontrollpliktene desse aktørane har, er knytte til kontroll av plikter aktørane har som skal sikre kontroll med ressursuttaket og at dette har skjedd i medhald av gjeldande regelverk og kvotar. Utfylling av fangstdagbok og landings- og sluttsetel er av dei viktigaste pliktene og hovudformålet er å dokumentere ressursuttaket. Desse pliktene er så sentrale i kontrollsamanheng at brot fører til sanksjonar, sjølv om brotet ikkje nødvendigvis inneber at sjølve ressursuttaket er i strid med reguleringsføresegner.

Heimlane i saltvassfiskelova § 45 som gjev Fiskeridirektoratet tilgang til fartøy, reiarlagskontor og alle som ut frå ervervsformål rår over eller lagrar fisk eller dokument om fisk, og tilsvarande tilgang til relevante opplysningar på desse stadene, gjeld både under hausting og etter at hausting er gjennomført. Framstillinga i dette avsnittet vil først og fremst rette seg mot kva plikter dei enkelte aktørane har etter haustinga.

Når fangsten er komen om bord i fiskefartøyet og før fangsten vert landa, er det stilt krav til at opplysningar om fangsten skal førast i ei fangstdagbok. Heimelen for ordninga er saltvassfiskelova § 9 første ledd, som gjev departementet kompetanse til å påleggje eigar og brukar av fiskefartøy plikt til å gje oppgåve til fiskeriadministrasjonen eller salslaga om ulike fangstopplysningar.

Plikta til å føre fangstdagbok gjeld for fartøy over 13 meter største lengde, jf. forskrift om oppgaveplikt for fiske- og fangstfartøy. Fartøy mellom 13 og 21 meter kan føre såkalla forenkla fangstdagbok. Enkelte større fartøy er i tillegg pålagde andre rapporteringsplikter. Plikta gjeld for norske og utanlandske fartøy som haustar i område under norsk jurisdiksjon.

Kjernen i kravet til å føre fangstdagbok, er at opplysningar om fangstområde, art og kvantum fortløpande skal førast inn i fangstdagboka. Dette gjeld både for forenkla og ordinær fangstdagbok. Fangstdagboka skal vere førd før fangsten vert landa.

Oppgåvene i fangstdagboka skal hindre at det vert landa fisk som ikkje vert registrert på landings- og sluttsetel. Fangstdagboka har i tillegg andre formål knytt til rapportering av uttak som vi ikkje går nærare inn på her.

Brot på reglane om føring av fangstdagbok utgjer i dag fleirtalet av dei sakene som vert avdekka gjennom kontrollverksemda. I dei fleste sakene er reaksjonen åtvaringar, men saker der fangstdagboka ikkje er førd eller der det er større avvik i kvantum, vert melde til politiet.

Det fremste verkemiddelet for å kontrollere og dokumentere ressursuttaket etter hausting er, ved sida av fangstdagbok, utfylling av landings- og sluttsetel. Bakgrunnen for innføringa av landingssetel er omtala i Ot.prp. nr. 92 (2000 – 2001). Heimelen for ordninga er saltvassfiskelova § 9a og råfisklova § 7. Ordninga vart sett i verk frå 1. februar 2003. Før innføringa av landingssetel, vart fisken registrert på setel når han vart omsett. Etter ei utvikling der stadig meir fisk vart landa utan å verte omsett, vart det innførd plikt til å registrere fangsten på setel ved landing. Tidslomma som oppstod ved at fangst ikkje vart registrert ved landing gjorde at fiskeristyresmaktene ikkje var godt nok oppdatert om fisket i sann tid, og dette svekka den generelle kontrollen med uttak frå havet. Innføringa av landingssetel har både ført til betre kontroll og meir oppdatert informasjon om ressursuttaket. Det gjer også den fortløpande daglege reguleringa av fiskeria enklare.

Forskrift om opplysningsplikt ved landing og omsetning av fisk §§ 4 og 5 pålegg såleis fiskar/den som landar og mottakar/kjøpar plikter ved landing av fisk. Det gjeld uavhengig av om fisken samstundes vert omsett. Landinga skal identifiserast med mellom anna art, produkttilstand, samansetning av storleik, vekt, kvantum, fangstdato, fangstfelt, reiskap og kvotetype. Fiskar og mottakar/kjøpar må begge skrive under landings- eller sluttsetelen før fiskar/den som landar fangsten forlet mottaksstaden. Setelen skal sendast til salslaget straks etter utfylling. Salslaga formidlar så desse opplysningane til Fiskeridirektoratet.

I forlenginga av dette skal mottakar føre landingsjournal med opplysningar om mottekne landingar og uttak av fisk frå kvar landing, slik at det vert enklare å kontrollere lageret til mottakaren. Det er vidare krav om at mottakar skal merke fisken, slik at han kan identifiserast i høve til rett landing.

Fiskeridirektoratet gjennomfører ikkje berre kontrollar mot fartøy og anlegg der fangsten vert landa. Kontrollane kan dekkje alle aktivitetar som følgjer etter haustinga og fram til konsument, uavhengig av kor mange eller kva slags aktivitetar det gjeld. Føresegnene i saltvassfiskelova § 45 gjeld som ovanfor nemnt også for denne type kontrollar.

Grovt sett kan dei ulike kontrollane til Fiskeridirektoratet etter landing av fisk skildrast slik:

All fangst skal vegast fortløpande under lossinga og det skal gjevast korrekte opplysingar på ein landings-/sluttsetel som både fiskar og mottakar pliktar å skrive under før fiskar forlèt staden. Desse reglane ligg til grunn for korleis dei enkelte kontrollane til Fiskeridirektoratet vert gjennomførde. Kontrollane etter hausting kan delast i to hovudgrupper, kontrollar under sjølve landinga av fisken, og kontrollar som gjennomførast etter at landinga er fullførd, såkalla etterfølgjande kontroll.

Under sjølve landinga kan det haldast tradisjonell landingskontroll, det vil seie at heile lossinga vert kontrollert og kvantumet samanlikna med det som er ført i fangstdagboka. I 2006 var det om lag 230 000 landingar av fangst i Noreg på meir enn 500 ulike stader. Det seier seg sjølv at det ikkje er mogleg å kontrollere så mange landingar. Fiskeridirektoratet utførte i 2006 om lag 3 000 kontrollar, av desse var om lag 2 400 knytt til landingar. Fartøya som skal kontrollerast vert valde ut blant anna etter ei vurdering av risiko for regelbrot. Fiskeridirektoratet har utvikla eigne verktøy for risikovurdering for å rette kontrollressursane mot dei tilfella der risikoen for lovbrot er størst.

Etterfølgjande kontroll skjer etter at landings-/sluttsetelen skal vere ferdig utfylt, det vil seie etter at fiskar har reist frå mottaksstaden. Også her skjer kontrollen etter at Fiskeridirektoratet har vurdert risikoen for lovbrot. Kontrollen kan skje ved å identifisere all fisk frå ei landing i mottaksbedrifta, til dømes inne i innfrysingsanlegget til ei bedrift som produserer rundfryst sild og makrell. Mengda fisk vert samanlikna med det som er ført på landings-/sluttsetelen. Dette er såleis ein rein kvantumskontroll.

Etterfølgjande kontroll kan også skje gjennom såkalla omsetningskontroll. Då vert alle opplysingar som finst i bedrifta og andre stader om kor mykje fisk som er produsert av ei bestemt bedrift i ein bestemt periode, kontrollerte. Mengda av ferdige produkt frå bedrifta vert kontrollert opp mot den mengda fisk som er gjeven opp på landings-/sluttsetlar i same periode. Formålet med slike kontrollar er å avdekkje om mengda ferdige produkt overstig det som kan produserast av dei kvanta fisk som er skrivne på landings- og sluttsetlane. Med andre ord skal desse kontrollane hindre og avdekkje svarte landingar. Omsetningskontroll er ei svært effektiv kontrollform som dekkjer større kvanta fisk mottekne over lengre periodar i den enkelte bedrifta. Som grunnlag for kontroll nyttar Fiskeridirektoratet alle tilgjengelege kjelder med opplysingar om mengde produkt og pengestraum, frå alle aktørar i verdikjeda, også dei som har med produkta å gjere etter at dei er ferdig produserte, som traderar, transportørar, engroslager osb.

Det har ein klart preventiv verknad at ingen aktørar kan vite når dei vert kontrollerte, ved at reglane om blant anna føring av fangstdagbok og landings- og sluttsetel vert følgde og at alt uttak av fisk vert korrekt registrert i begge desse dokumenta.

I tillegg til landingskontroll og etterfølgjande kontroll, driv Fiskeridirektoratet og Kystvakta også langsiktig kontrollarbeid, til dømes retta mot å overvake fiskeria i Barentshavet. Formålet er å nytte alle tilgjengelege kjelder og opplysingar om mengd fisk og fartøyrørsler for å kunne kome med truverdige utrekningar av kva som vert fiska i desse områda. I denne samanhengen er kontroll av norske aktørar som er involverte i handel med fisk frå utanlandske, og særleg russiske fartøy, viktig. Denne kontrollen mot norske aktørar liknar mykje på omsetningskontrollen når det gjeld kjelder til opplysingar, men utan at det vert samanlikna med setelførde kvanta. I tillegg er det utvikla nye internasjonale samarbeidsformer i arbeidet mot UUU-fiske. Dette er gjort nærare greie for i Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006).

Sporing av fangst

Det er i dag ikkje fastsett generelle reglar om krav til sporing av fangst etter utfylling av landings- og sluttsetel. Rett nok er det reglar om sporing i matlova knytt til mattryggleik o.a., men desse kan ikkje nyttast fullt ut i ressurskontrollen. Med sporing meiner vi her høve til å kunne følgje vareparti og heile tida å kunne spore produkt attende til ein landings- eller sluttsetel, både gjennom dokumentasjon og merking. Det skaper utfordringar i ressurskontrollarbeidet.

Næringa utviklar seg i retning av stadig større selskap og einingar. Eit selskap kan ha ei rekkje anlegg og det kan flyttast store mengder fisk og fiskevarer mellom einingane etter landing. Selskapsintern og annan transport innan Noreg krev etter gjeldande regelverk ikkje noko transportdokument etter saltvassfiskelova eller andre lover. Det er difor vanskeleg å kontrollere kvar slik fisk kjem frå eller er på veg, særleg ved selskapsintern transport. Vidare vert det vanskeleg å halde sikre omsetnings- og lagerkontrollar, fordi det kan vere umogleg å skaffe oversikt over intern transport av fisk. Dette gjer at det er vanskeleg å avdekkje svart omsetning av fisk.

Sett i samanheng med at Fiskeridirektoratet dei seinare åra i stadig større grad har gjennomført omsetningskontrollar, gjer manglande reglar om sporing av fangst kontrollarbeidet vanskelegare enn det bør vere. I tillegg ser vi no ei utvikling mot regionale sporingssystem som saman med reglar om hamnestatskontroll vil medverke til å redusere landing og omsetjing av ulovleg fanga fisk.

Sporing og merking av fangst er ikkje drøfta av havressurslovutvalet. Departementet har difor funne grunn til å sende eit forslag om slike reglar på høyring, sjå nedanfor i kapittel 8.1.7.

Registrering av mottakarar i første hand

Sidan råfisklova kom i 1951 har det vore lovfesta eit krav til godkjenning eller registrering av kjøparar av råfisk i første hand. Fram til 1998 var det salslaga som etter den dåverande råfisklova § 4 hadde kompetanse til å godkjenne kjøparar.

Frå 1998 kom det ei offentleg registreringsordning med heimel i kjøparregistreringslova av 24. juni 1994, der formålet var å etablere ei registreringsplikt og ei tilsynsordning med omsetningsledda i førstehandsomsetninga av fisk og fiskevarer. Gjennom ordninga fekk vi også ei sentral oversikt over kjøpargruppa, noko som hadde verdi for ressurskontrollen , jf. Ot.prp. nr. 62 (1993 – 94) om kjøparregistreringslova.

Kjøparregistreringslova og kjøparregistreringsforskrifta knesette eit forbod mot å kjøpe fisk i første hand utan å vere registrert som kjøpar hos Fiskeridirektoratet. Dei som fyller dei objektive krava som er sette for registrering, har eit rettskrav på å verte registrerte. Systemet gjev ei oversikt over kven som kan kjøpe fisk i første hand og kvar fangsten dei kjøper kan landast.

Det er i dag mykje fisk som vert landa utan at fangsten vert omsett. For å ha full oversikt over mottakarar av fisk ut frå omsynet til ressurskontrollen, er det difor nødvendig å vurdere om det skal stillast krav til registrering også for dei som tek i mot fisk utan å kjøpe han. Dette vart ikkje drøfta av havressurslovutvalet. Departementet har difor funne grunn til å sende eit forslag om slike reglar på høyring, sjå nedanfor i kapittel 8.1.7.

8.1.4.6 Særlege tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske

8.1.4.6.1 Innleiing

Fiskeristyresmaktene har i fleire år gjort ein stor innsats gjennom internasjonalt samarbeid for å stogge ulovleg, urapportert og uregulert fiske. I Barentshavet har særleg urapportert fiske vore eit problem. Arbeid med tiltak mot dette har vore ein integrert og viktig del av det norske ressurskontrollarbeidet. Denne innsatsen har synt at både Noreg og andre land treng å styrke dei nasjonale regelverka for å stogge dette fisket, og for å hindre at denne fisken vert landa i Europa, samtidig som det også er behov for stadig tettare internasjonalt samarbeid. Medan høvet til sanksjonar og handheving overfor fartøy som har fisk om bord har vore gode og effektive, har utviklinga og konkrete hendingar vist at både Noreg og andre land ikkje har hatt godt nok regelverk overfor fartøy som driv med UUU-fiske utanfor norsk jurisdiksjon. Dette var noko av årsaka til at regjeringa fremma ein lovproposisjon sommaren 2006 for å styrke lovverket i kampen mot UUU-fiske, jf. Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006).

Norsk fiskeripolitikk skal sikre ei langsiktig og berekraftig forvaltning av ressursane i havet for å verne næringsgrunnlaget for framtida. Det omfattande ulovlege overfisket på bestandar som Noreg forvaltar i fellesskap med andre statar er ei stor utfordring i arbeidet med å oppnå ei ansvarleg forvaltning. Overfisket føregår utanfor norsk fiskerijurisdiksjon, med fartøy som ikkje fører norsk flagg, og fangstane vert som oftast landa utanfor Noreg.

Det ulovlege fisket rammar likevel Noreg og norsk fiskerinæring, fordi 90 prosent av ressursane Noreg haustar på vandrar mellom norske og utanlandske eller internasjonale havområde. Fiskeridirektoratet reknar med at overfisket av norsk-arktisk torsk i Barentshavet ligg på om lag 78.000 – 100.000 tonn kvart år. Dette utgjer over 20 prosent av totalkvoten og har ein førstehandsverdi på ca. 1,5 – 2 milliardar kroner. Vidare er det rekna at det i 2005 vart fiska om lag 36.000 tonn hyse over totalkvoten. Det ulovlege uttaket fører utan tvil til press på ein viktig bestand og eit viktig marint økosystem. Det gjer arbeidet med regulering av lovleg fiske vanskelegare, og det gjev store tap for dei norske og utanlandske næringsaktørane som følgjer reglane og fiskar innanfor tildelte kvotar.

8.1.4.6.2 Nærare om definisjonen av ulovleg, urapportert og uregulert fiske

FAO vedtok i 1995 ein åtferdskodeks for ansvarleg fiske (Code of Conduct for Responsible Fisheries) som primært rettar seg mot ansvarleg forvaltning av fiskeressursane. FAOs fiskerikomité (COFI) har utarbeidd fire handlingsplanar knytte til åtferdskodeksen. Ein av desse er handlingsplanen om ulovleg, urapportert og uregulert fiske (International Plan of Action to Prevent, Deter and Eliminate Illegal, Unreported and Unregulated Fishing). Handlingsplanen definerer ulovleg, urapportert og uregulert fiske. I Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006) er dette omsett slik:

Ulovlig fiske er fiskeaktiviteter som er:

  • foretatt av et nasjonalt eller utenlandsk fartøy i havområder under en stats jurisdiksjon, uten tillatelse av den staten, eller i strid med statens lover og regler;

  • foretatt av fartøy som er flagget til stater som er medlem i en relevant regional fiskerforvaltningsorganisasjon, men som opererer i strid med bevarings- og forvaltningstiltak vedtatt av den organisasjonen og som statene er bundet av, eller relevante folkerettslige bestemmelser; eller

  • i strid med nasjonal lov eller internasjonale forpliktelser, inkludert forpliktelser for samarbeidsstater til en relevant regional fiskerforvaltningsorganisasjon.

Urapportert fisk er fiskeaktiviteter som:

  • ikke er rapportert, eller som er feilrapportert, til den relevante nasjonale myndighet, i strid med nasjonale lover og regler, eller

  • er foretatt i kompetanseområdet til en relevant regional fiskerforvaltningsorganisasjon og som ikke er rapportert, eller som er feilrapportert, i strid med organisasjonens rapporteringsprosedyrer.

Uregulert fiske er fiskeaktiviteter som er:

  • foretatt i konvensjonsområdet til relevant regional fiskerforvaltningsorganisasjon, av statsløse fartøy, eller av fartøy som er flagget til en stat som ikke er medlem av den relevante organisasjonen, eller av andre som driver med fiske, på en måte som ikke er i samsvar med eller som motvirker den organisasjonens forvaltningstiltak,

  • foretatt i områder eller på fiskebestander der det ikke foreligger anvendbare bevarings- eller forvaltningstiltak, når slike fiskeaktiviteter skjer på en måte som ikke er i samsvar med statenes folkerettslige ansvar for bevaring av de levende marine ressursene.

UUU-fiske omfatter alle aktiviteter som kan falle inn under en eller flere av disse kategoriene. Dette innebærer blant annet at UUU-fiske ikke nødvendigvis trenger å stride mot noen stats lovgivning. Betegnelsen gjelder ikke bare selve fisket, men kan inkludere alle aktiviteter som er knyttet til utøvelsen av fisket, omlasting, levering av støttetjenester osv.

I tillegg til sjølve fiskeaktiviteten fell omlasting, frakting, landing og omsetning av UUU-fangst inn under omgrepet UUU-aktivitetar. Det same gjeld levering av støtte- og forsyningstenester til fartøy involvert i UUU-aktivitet. Det omfattar også utrusting og bemanning av fartøy innblanda i slik verksemd og eigarskap til eller leige av slike fartøy. Slik sett kan all aktivitet i samband med eller som kan medverke til ulovleg, urapportert og uregulert fiske, vere omfatta av omgrepet UUU-aktivitetar.

8.1.4.6.3 Gjeldande rett

Når det gjeld handlingar utførte av norske fartøy er reglane i saltvassfiskelova, deltakarlova, råfisklova og kystvaktlova samla sett eit godt juridisk rammeverk for ressurskontrollen. For utanlandske fartøy som fiskar i område under norsk fiskerijurisdiksjon, er det også tilstrekkelege reglar i saltvassfiskelova, fiskeforbodslova og sonelova for å handheve føresegnene fastsette i eller i medhald av desse.

For å sikre at fartøy som fører norsk flagg ikkje deltek i uregulerte fiskeri i internasjonalt farvatn, er det i forskrift 4. mars 1998 om regulering av fiske i farvann utenfor noen stats fiskerijurisdiksjon og forskrift 2. mars 2007 om konsesjon for fiske i område utenfor norsk fiskerijurisdiksjon sett forbod mot at norske fartøy driv fiske i internasjonalt farvatn. Fiskeridirektoratet kan så gje løyve til fiske i internasjonalt farvatn i område som er underlagde ein regional forvaltningsorganisasjon, eller som er regulerte av avtalar som Noreg er part i. Formålet med forskriftene er å hindre at ein flåte med norske fartøy driv UUU-fiske i internasjonalt farvatn og å sikre at dei fiskeria i internasjonalt farvatn der Noreg har rett til å delta, vert handterte på ein høveleg måte. Formålet er vidare å ta vare på Noregs plikt til å samarbeide om forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane i internasjonalt farvatn slik dei er nedfelt i havrettskonvensjonen art. 118.

For fartøy som ikkje er norske og som ikkje har fiska i område under norsk fiskerijurisdiksjon, vil tiltaka måtte vere annleis enn for fartøy som har fiska i område under norsk fiskerijurisdiksjon. Dei folkerettslege instrumenta om kontroll med ressursuttaket kviler i stor grad på at flaggstaten til fartøya kontrollerer sine eigne fartøy og sanksjonerer mot brot ved overfiske i internasjonalt farvatn, jf. havrettskonvensjonen art. 94. Når overfiske likevel skjer i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon på bestandar som Noreg forvaltar i fellesskap med andre statar, og flaggstaten sin kontroll med fartøya sviktar, er det behov for parallelle kontrollsystem. Dette kan gjennomførast innanfor folkeretten sine rammer ved å etablere reglar for nasjonal hamnestatskontroll som reduserer høvet, også for fartøy som ikkje er norske, til å utøve ulovleg fiske. Havrettskonvensjonen art. 25 (2) omtalar statar sin rett til å fastsetje og handheve vilkår for fartøy sin tilgang til indre farvatn eller hamneanlegg.

Tiltaka vil då først og fremst rette seg mot å nekte desse fartøya tilgang til indre farvatn og norske hamner, nekte dei å lande, laste eller losse fangst og nekte dei støtte- og forsyningstenester. Formålet er å gjere det ulovlege fisket så lite lønsamt som mogleg, ved å hindre landingar av fangsten og såleis tvinge fartøya til å gå over store avstandar og bruke lang tid for å få landa den ulovlege fangsten. Det er det mest høvelege verkemidlet overfor fartøy som flaggstaten ikkje fører kontroll med eller sanksjonerer mot. Reglane retta mot fartøy som ikkje er norske, finst i første rekkje i fiskeforbodslova §§ 8 og 9.

For å styrkje dei norske reglane på dette området, vart det 30. juni 2006 fremma ein proposisjon med forslag om lovendringar på dette området, Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006). Lovforslaget vart behandla av Stortinget i desember 2006 og sett i kraft 22. desember 2006.

Eit viktig mål for forslaga i Ot.prp. nr 98, er å ramme fiskeriaktivitet på norske bestandar, i område utanfor norsk jurisdiksjon og utanfor regulerte rammer. Dette kan gjelde fiske som er ulovleg etter annan stat si lov, men som likevel ikkje vert sanksjonert mot i praksis. Det kan også gjelde fiske som er urapportert og uregulert, men som ikkje er ulovleg etter flaggstaten sine lover fordi flaggstaten ikkje tek flaggstatsansvaret alvorleg. Regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar sine lister over fartøy som er med på UUU-aktivitetar vil omfatte mellom anna dei fartøya som fiskar utan å ha ein kvote, eller som medvite fiskar langt meir enn fastsett kvote, det vil seie fartøy utan eit legitimert rettsgrunnlag.

Om bakgrunnen for lovforslaget heiter det i Ot.prp. nr. 98:

Det er på denne bakgrunn behov for bestemmelser som gir myndighetene anledning til å iverksette slike tiltak mot fartøy som er involvert i UUU-fiske. Målet er på sikt å forhindre landing av fisk som er fanget utenfor ansvarlig bærekraftig forvaltning. De tiltak som blir foreslått anses som nødvendige, men er neppe tilstrekkelige i seg selv til å oppnå denne målsettingen. Fisk fanget utenfor ansvarlige kvoter vil fremdeles kunne finne veien inn i markedet gjennom ilandføring i utenlandske havner hvor kontrollen er mindre rigid, med påfølgende frakt for eksempel til lands. Denne utfordringen må møtes med andre virkemidler.

Norge har gjennom folkerettslige avtaler og politiske målsetninger forpliktet seg til å jobbe for en bærekraftig forvaltning av de marine ressurser. Regjeringen vil være pådriver for at andre relevante stater vedtar tilsvarende regelverk som det som foreslås her, slik at antallet mulige landingssteder for fartøy som er involvert i UUU-fiske reduseres, både i Norge og i andre land. Dette vil komme de lovlydige fiskerne til gode, beskytte fiskebestandenes reproduksjonsevne og bidra til at konsumentene kan stole på at den fisken de kjøper er en etisk god vare, høstet innenfor forsvarlige rammer. Det er nødvendig at nasjonale tiltak står i forhold til de anbefalinger Norge fremmer overfor andre stater og i regionale og globale organisasjoner, og at norsk regelverk sikrer det nødvendige hjemmelgrunnlag for disse.

Havressurslovutvalet gjer framlegg om ein heimel for å kunne gje reglar om tiltak som undergrev forvaltningstiltak, jf. nedanfor. Reglane som er foreslått i Ot.prp. nr 98, kunne difor også ha heimel i framlegget til føresegn i havressurslova. Dette vert kommentert på følgjande måte i Ot.prp. nr. 98:

Regjeringen anser på grunnlag av Norges folkerettslige forpliktelser som omhandlet i dette kapittel, samt at problemet med utstrakt fiske ut over anbefalte kvoter på torsk i Barentshavet er så akutt og så omfattende, at innføring av bestemmelser som foreslått ikke kan utstå til behandlingen av ny havressurslov. Det er derfor valgt å fremme en separat proposisjon om disse delene av forslaget.

De tiltak som foreslås er rammebestemmelser og medfører i seg selv ikke konkrete tiltak. Forslag til utfylling og gjennomføring av bestemmelsene i forskrifts form vil etter sitt innhold bli hørt og utredet for administrative og økonomiske konsekvenser i tråd med vanlig forvaltningspraksis om høring av forskrifter.

Forslaga til styrka heimlar i Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006) gjeld tiltak i hamn, tiltak i havområde under norsk jurisdiksjon og forbod mot omlasting og støttetenester til og frå norske fartøy. Nedanfor er eit oversyn over sentrale delar av desse reglane.

Forbod mot landing av fisk

For fartøy som ikkje er norsk, og som har UUU-fangst om bord, kan styresmaktene etter fiskeforbodslova § 8 første ledd bokstav b og c forby at fangsten vert landa i norsk hamn. Fartøy kan blant anna nektast landing dersom fangsten består av fisk frå ein bestand av felles interesse med andre statar, som ikkje er regulert i fellesskap, eller som er underlagd norsk regulering. Fartøy kan vidare nektast landing dersom fangsten er teken i strid med eit ønska beskatnings- eller fiskemønster, inneber at forsvarlege totalkvotar for det aktuelle fiske- eller dyreslaget vert overskridne eller er i strid med internasjonale avtalar. Forbodet gjeld uavhengig av om fangsten er teken i eller utanfor norsk fiskerijurisdiksjon. Fiskeforbodslova gjev også føresegner om fiskerioppsyn, kontroll og handheving.

Nekting av tilgang til norsk indre farvatn

Fiskefartøy kan samtidig nektast tilgang til norsk indre farvatn når fartøyet har fangst om bord i strid med dei ovannemnde føresegnene, jf. forskrift om fremmede ikke-militære fartøyers anløp av og ferdsel i norsk territorialfarvann under fredsforhold, § 12.

Fartøy som ikkje er norske og som tek del i UUU-fiske, men som ikkje har UUU-fanga fisk om bord, var det før lovendringa 22. desember 2006 ei utfordring å sanksjonere mot når dei vart nytta i ein kombinasjon av lovleg verksemd i norske område og UUU-fiske utanfor norske område. Det var behov for klarare heimlar for å nekte desse å kome til hamn, å lande fangst og nekte støttetenester, uavhengig av om fartøyet i augneblinken har UUU-fanga fisk om bord. Endringane vart vedtekne som ny § 8 første ledd bokstav d og § 9 i fiskeforbodslova. Lovforslaget er utførleg omtala i Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006), og vi vil difor berre skissere hovudtrekka i føresegnene her.

Tiltak i hamn mot fartøy som ikkje er norsk

Etter fiskeforbodslova § 8 første ledd bokstav b og c kan styresmaktene nekte landing av fangstar med UUU-fisk. Å bevise at fangsten er ulovleg, kan vere ei betydeleg utfordring for norske og andre lands kontrollstyresmakter. Dette er grunnlaget for at reglar om hamnestatskontroll tek utgangspunkt i at flaggstaten skal stadfeste at fisken er lovleg fanga, jf. meir om hamnestatskontroll nedanfor.

Det er difor teke inn ein heimel i fiskeforbodslova § 8 første ledd bokstav d som gjer at styresmaktene kan nekte eit fartøy å lande fisk dersom flaggstaten ikkje kan stadfeste at «fangsten ikke er tatt som ledd i fiskeriaktiviteter som er i strid med et ønsket beskatnings- eller fiskemønster, eller som er i strid med regler om fiskeriaktiviteter som er avtalt med fremmed land». Føresegna vil hjelpe til å hindre at UUU-fisk kjem inn i marknaden i konkurranse med lovleg fanga fisk. I tillegg sikrar føresegna utveksling av relevant informasjon om landingar mellom flaggstat og hamnestat. Det er vesentleg for kvoteavrekninga.

Etter fiskeforbodslova § 9 første ledd bokstav a kan styresmaktene gje forskrift om forbod mot landing av fisk, omlasting eller foredling av fisk i norsk hamn med fartøy som har teke del i eller hjelpt til med fiske som er vesentleg i strid med eit ønska beskatnings- eller fiskerimønster, eller som er vesentleg i strid med fiskereglar som er avtala med annan stat. Forbodet kan rettast både mot dei aktuelle fartøya og mot dei som hjelper fartøyet med tenester og mottak i hamn. Forbodet vil rette seg mot sjølve fartøyet, slik at tiltaket ikkje blir oppheva dersom fartøyet skifter eigar.

For å hindre at eigarane med enkle grep kan kome seg unna tiltak med heimel i § 9 første ledd bokstav a, kan tiltak også rettast mot andre fartøy i reiarlaget sin flåte. Dette vil hindre at eigaren set inn nye fartøy i UUU-verksemda, eller sel det svartelista fartøyet, for å gå klar av sanksjonar.

For å hindre at fartøy som driv UUU-fiske nyttar norske hamner som basar, samstundes som fisken vert lasta om i internasjonalt farvatn, kan styresmaktene i tillegg til forbod mot landing og omlasting av fangsten, også forby hamnetenester og forsynings- og støttetenester til og frå fartøyet, jf. fiskeforbodslova § 9 første ledd bokstav c. Dette vil typisk vere tenester som bunkers, proviant, reparasjonar osb. Slikt forbod kan rettast mot fartøy som er eller vert underlagde forbod som nemnt i § 9 første ledd bokstav a og b.

Tiltak i havområde under norsk jurisdiksjon

Styresmaktene kan forby alle former for omlasting til og frå norske fartøy i område under norsk fiskerijurisdiksjon. I tillegg kan styresmaktene forby forsynings- og støttetenester til og frå fartøy som er underlagde forbod som nemnt i fiskeforbodslova § 9 første ledd bokstav a og b i fiskeforbodslova sitt verkeområde, jf. § 9 første ledd bokstav d, slik at desse forboda kan følgje fartøya også utanfor hamn. Noko anna ville gjere at fartøya lett kunne omgå tiltaka ovanfor. Om verkeområde for denne føresegna, viser vi til Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006) side 8 og 13 – 14, jf også § 9 andre ledd.

Forbod mot omlasting og støttetenester frå norske fartøy

Det er viktig å hindre at norske fartøy deltek i eller hjelper til med UUU-aktivitet. Difor vart det samstundes med endringane i fiskeforbodslova vedteke endringar i saltvassfiskelova som gjer at det kan fastsetjast forskrifter som forbyr omlasting av fisk og fiskeprodukt og alle former for støttetenester med norske fartøy innanfor saltvassfiskelova sitt verkeområde. Eit slik forbod vil rette seg mot norsk samhandling med UUU-fartøy, og vil også kunne gjelde for norske fartøy i internasjonalt farvatn og område under andre statar sin fiskerijurisdiksjon, i tillegg til område under norsk fiskerijurisdiksjon.

Særleg om hamnestatskontroll

Reglane om kontroll med ressursuttaket er som nemnt ovanfor tilfredsstillande når det gjeld norske fartøy og fartøy som ikkje er norske og som fiskar i farvatn under norsk fiskerijurisdiksjon. Ulovleg, urapportert og uregulert fiske skjer med fartøy som ikkje fører norsk flagg og fangstane vert landa utanfor Noreg. Som nemnt påverkar det likevel norske fiskeri i betydeleg grad.

Fiskeforbodslova § 8 første ledd bokstav d gjev styresmaktene heimel til å fastsetje forskrifter om at ein skal kunne nekte fartøy å lande fangst dersom fartøyet sin flaggstat ikkje stadfester at fisken er lovleg fanga, jf. nærare om dette i Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006).

Noreg har teke initiativ til å etablere eit europeisk regime for hamnestatskontroll i regi av NEAFC. Dette tok til å gjelde 1. mai 2007.

Reglane vil vere med på å sikre at berre lovleg fanga fisk vert landa i europeiske hamner. Målet er å gjere det så vanskeleg som mogleg å få landa den ulovlege fisken, og dermed fjerne lønsemda for dei som er involvert i slikt fiske.

I følgje hamnestatskontrollregimet pliktar hamnestaten å kontrollere 15 prosent av dei landingane som fell inn under reglane om hamnestatskontroll. Kontrollen skal omfatte overvaking av heile landinga og sikre at alle opplysningane som vert gjevne, er korrekte. Formålet er mellom anna å hindre at det vert gjevne urette opplysningar i førehandsmeldingane samanlikna med det som faktisk vert landa.

Reglane om hamnestatskontroll vil vere til stor hjelp i arbeidet med å hindre landingar av ulovleg fanga fisk. Informasjonen om slike landingar i NEAFC-landa skal samlast i NEAFC-sekretariatet, slik at desse opplysningane er tilgjengelege og opne.

8.1.5 Forslaget frå havressurslovutvalet

Forslaget frå utvalet inneber i hovudsak å føre vidare gjeldande rett og gjeldande kontrollføresegner.

Utvalet foreslår at kontroll- og handhevingskompetansen til Fiskeridirektoratet i samsvar med gjeldande lover skal leggjast til grunn for heile verkeområdet til havressurslova. Det inneber at Fiskeridirektoratet ikkje berre kan føre kontroll med sjølve haustinga, men også med etterfølgjande aktivitetar, anten det er på sjøen eller etter landing av fangsten. Det går fram av forslaget frå utvalet til § 1 – 2 andre ledd, der det er opplista kva lova gjeld – i tillegg til utnytting av dei levande marine ressursane. Gjennom å utvide det personelle verkeområdet foreslår utvalet at det kan førast kontroll med utanlandske fartøy i farvatn utanfor nokon stats jurisdiksjon som flaggstaten ikkje fører kontroll med, jf. ovanfor i kapittel 3 om verkeområdet for lova.

Utvalet foreslår at det vert gjeve ei generell føresegn i lova om at departementet kan fastsetje forskrifter om regulering av aktivitetar som undergrev forvaltningstiltak. Utvalet peikar på at det ikkje berre er ulovleg, urapportert og uregulert haustingsverksemd i internasjonalt farvatn som kan svekke effekten av nasjonale og internasjonale forvaltningsvedtak, men også aktivitet som direkte eller indirekte støttar eller legg til rette for at slik hausting kan føregå. Utvalet uttalar at:

Det er et økende behov for å kunne regulere virksomhet som gjør det mulig å undergrave nasjonale og internasjonale ressursforvaltningstiltak. Utvalget legger til grunn at den rett og plikt til å regulere virksomhet som er tilknyttet den økonomiske utnyttelsen av de viltlevende marine ressurser Norge råder over og som virker inn på utnyttelsen av disse, også omfatter levering av støttetjenester og tilrettelegging av omsetning av slike ressurser. Dette er lagt til grunn for så vidt gjelder myndighetenes kontrollkompetanse i tilknytning til ressursutnyttelsen, men må også gjelde adgangen til å regulere selve virksomheten.

Utvalget går derfor inn for at den nye havressursloven inneholder hjemmel til å hindre norske leveringer av støttetjenester til utenlandsk høstingsvirksomhet som drives i strid med norske eller samarbeidende kyststaters ressursforvaltningsinteresser innenfor regionalt samarbeid. Bestemmelsen er tatt inn i lovutkastet § 2 – 9.

Dette forslaget må også sjåast i samanheng med forslaget om at havressurslova skal gjelde for fartøy som det er rimeleg grunn til å tru er statslaust eller som flaggstaten ikkje fører kontroll med.

Utvalet foreslår vidare at Fiskeridirektoratet får lov til å opprette eit register med opplysningar til bruk for kontrollformål i tillegg til det eksisterande registeret for satellittdata. Forslaget til heimel er så vidt at det også kan gje grunnlag for oppretting av ytterlegare register for andre typar data som vert oversendt gjennom elektronisk sporing eller meldingsordningar. Utan ein slik heimel, vil Fiskeridirektoratet vere avhengig av løyve frå Datatilsynet for oppretting av slike register.

8.1.6 Høyringsfråsegner

Fiskeridirektoratet, Norges Fiskarlag, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, og Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd har levert høyringssvar om ressurskontroll.

Høyringsinstansane støttar i hovudtrekk forslaga frå utvalet, som inneber ei vidareføring av gjeldande rett. Norges Fiskarlag er oppteke av at styresmaktene kan utføre ressurskontroll på ein fornuftig og god måte, men vil like fullt «advare mot en situasjon der fiskerinæringen underlegges andre regler for rettsbeskyttelse enn andre næringer.»

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening skriv at ein i utforminga av kontrollføresegner også må ta omsyn til at anna regelverk kan innskrenke utanforståande sin tilgang til enkelte område, av omsyn til sikring eller hygiene. Det vert og peika på at Fiskeridirektoratet ved gjennomføring av kontrollar må ta tilstrekkeleg omsyn til slike tilhøve.

Fiskeridirektoratet har skrive ein omfattande merknad. I høve til si eiga rolle i ressurskontrollarbeidet, uttalar Fiskeridirektoratet om gjeldande rett at «denne rollen omfatter slik Fiskeridirektoratet oppfatter den også det overordnede faglige ansvaret for den ressurskontroll som utøves i Norge. Utvalget har ikke drøftet denne siden av Fiskeridirektoratets kontrolloppgave. Siden utvalget forslag ikke endrer noe på kontrolloppgavenes omfang legger direktoratet til grunn samme forståelse av sin rolle som nevnt ovenfor. »

I høve til kontroll av utanlandske fangstar skriv Fiskeridirektoratet mellom anna:

Ressurskontrollen har utviklet seg de senere årene og foregår ikke lengre bare direkte i Norge eller alene rettet mot at norske aktører overholder norske regler. Arbeidet rettes nå også mot å kontrollere om for eksempel inngåtte kvoteavtaler overholdes. Fokuset mot det russiske overfisket i Barentshavet har avdekket at det finnes aktører, for eksempel tradere av fisk, i Norge som på forskjellige måter er involvert i handel med fisk fanget av russiske fartøy. … Det saklige virkeområdet for saltvannsfiskeloven omfatter ikke fisk som ikke kommer inn under norske regler i det hele tatt, for eksempel faller utenfor salgslagenes enerett til omsetning eller norske regler om omlasting. I følge legalitetsprinsippet kan det ikke drives kontroll hos tradere rettet for eksempel bare mot fisk som ikke landes eller omsettes i Norge eller er lastet om i norske farvann.

Fiskeridirektoratet understrekar at kontroll av slike fangstar og transaksjonar kan gje styresmaktene opplysningar av stor verdi knytt til å dokumentere overfiske. Som eksempel på slike opplysningar nemner direktoratet opplysningar om mengda fisk ein norsk trader omset og kva opphav fisken har. Dette vil betre analysane av den samla fiskeriaktiviteten. Fiskeridirektoratet foreslår difor at deira kontrollansvar vert utvida til å også omfatte denne type kontrollar. Det inneber at det saklege område for lova må utvidast i samsvar med dette.

I tillegg syner Fiskeridirektoratet til at det trengst heimlar for å innføre reglar om regulering av verksemd som undergrev forvaltningstiltak.

Ressurskontroll er i dag ikkje berre retta mot sjølve haustingsaktiviteten, men også mot etterfølgjande aktivitetar etter at fisken er fanga og landa. For å gje Fiskeridirektoratet tilstrekkeleg kontrollkompetanse i høve til etterfølgjande aktivitetar, syner dei til at det trengst endringar i det saklege verkeområde for lova, også for å kunne påleggje dei ønska kontrollobjekta plikter i samband med kontroll. Fiskeridirektoratet strekar under verdien av «å ha et virkeområde på kontrollsiden som dekker alle de aktuelle etterfølgende aktivitetene som skjer langs en tidslinje uansett hvor lang linjen er eller hvor mange og hva slags aktiviteter som knytter seg til fisken.» Det er gjort nærare greie for dette i kapittel 3.1, sakleg verkeområde.

Sporing

Fiskeridirektoratet har gjeve ei omfattande fråsegn om sporing av fangst som verkemiddel i ressurskontrollen, og trongen for reglar for å stille krav til sporing etter at fisken er landa. Dei syner til at eksisterande reglar om sporing av fangst ikkje sporar fangsten attende til landings- og sluttsetel. I kontrollsamanheng er dette eit kjernedokument, men etter gjeldande rett er det heller ikkje heimel til å fastsetje eintydige krav til merking av fisk og krav til kva dokument som skal følgje fangsten for å gje ein best mogleg ressurskontroll. Dette gjer i følgje Fiskeridirektoratet ressurskontrollen vanskelegare enn han bør vere. Dei meiner difor det bør innførast reglar om sporing i havressurslova.

Når det gjeld krav til korleis fisken skal sporast, legg Fiskeridirektoratet vekt på at fisken klart må kunne sporast attende til landings- og sluttsetlar, og at næringsaktørane også må kunne påleggjast å oppbevare sporingsdokument ei tid etter at transport, sal, o.a skjedde. Dette er nærare gjennomgått i kapittel 8.1.7 nedanfor.

Kjøparregistrering

Fiskeridirektoratet har merknader til systemet med registrering av førstehandskjøparar av råfisk. I dag er det krav om at dei som skal kjøpe fisk i første hand må registrere seg hos Fiskeridirektoratet. Dei seinare åra har det vorte meir vanleg at fisk vert landa utan at han samstundes vert omsett. Fram til no har det ikkje vore fleire anlegg som berre har teke i mot fisk enn at Fiskeridirektoratet og salslaga har hatt oversikt over desse anlegga. Salslaga krev mellom anna at mottaksanlegg må registrerast hos dei. Fiskeridirektoratet meiner det no bør vurderast å innføre krav om registrering av alle som skal ta i mot fisk i første hand, uavhengig av om dei kjøper fisken.

Fiskeridirektoratet meiner at det i ressurskontrollen gjeld å ha oversikt over kva aktørar som har lov til å ta i mot fangst og kvar dei har lov til å ta i mot fangsten. Konsekvensen av dette bør samstundes vere at landing og mottak av fangst andre stader, er forbode.

Fiskeridirektoratet meiner reglar om ei slik registreringsplikt av fleire årsaker bør liggje i havressurslova. For det første vil ordninga vere med å styrke ressurskontrollen. Vidare inneber det at kontroll- og sanksjonsheimlane i lova også kan nyttast i høve til slik registrering, og at ein kan bruke reglar i havressurslova om tilrettelegging for kontroll i samband med ordninga. Dette er nærare gjennomgått i kapittel 8.1.7 nedanfor.

Brot på andre statars reglar eller brot på internasjonale avtalar

Arbeidet med ein best mogleg ressurskontroll krev samarbeid på tvers av landegrenser. Vidare er det spørsmål om korleis fangst som er teken i strid med andre statar sine reglar eller i strid med internasjonale avtalar, skal vurderast.

Gjeldande reglar i saltvassfiskelova og fiskeforbodslova og forslaga til reglane om hamnestatskontroll i Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006), rettar seg mot å forby landing av fangst, forbod mot å la fartøy kome til hamn, forbod mot støttetenester o.a.

Fiskeridirektoratet viser til at:

Gjennom de omfattende kontroller av svart russisk fisk som de senere år er gjennomført av Fiskeridirektoratet har en ved flere tilfeller avdekket at norske aktører deltar aktivt på mange plan med å muliggjøre videre salg av den svarte fisken. Aktiviteten kan skje innad i Norge eller via datterselskaper eller utenlandske selskaper de er medeiere i utenfor norsk jurisdiksjonsområde, men gjerne slik at norsk aktør sitter i Norge og styrer prosessen. Det norske bidraget kan være knyttet til handel, transport, dokumentfalsk f. eks for å lage ny opprinnelse for fisken for å skjule kvotejuks samt omgjøring fra et fiskeslag til et annet. Det oppleves som svært utilfredsstillende sett fra norsk ståsted, men like mye ovenfor den fornærmede stat, at norske myndigheter ikke kan påtale og straffe de norske aktører som muliggjør omsetningen av svart fisk i tredjeland.

Direktoratet peikar på at føresegna i straffelova § 317 vil dekke nokre av dei tilfella som er skildra ovanfor, men at svært mange av desse aktivitetane er lovlege etter gjeldande rett. Fiskeridirektoratet foreslår difor at det vert teke inn ei føresegn i havressurslova som gjer det ulovleg å importere, eksportere, transportere eller på nokon måte ha i si varetekt levande marine artar som er hausta, handsama, transporterte, selde eller mottekne i strid med nokon stats reglar eller internasjonale avtalar ein er part i.

Andre forslag

Fiskeridirektoratet gjer framlegg om ei rekkje andre konkrete endringar i kontrollføresegnene. Det gjeld høvelege presiseringar av gjeldande kontrollføresegner, og inneber ikkje betydeleg utviding av kontrollkompetansen deira. Departementet finn difor ikkje grunn til å gå inn på desse merknadane her. Der forslaga er tekne til følgje, er endringa kommentert i merknader til dei enkelte føresegnene, jf. nedanfor i kapittel 12.

8.1.7 Tilleggshøyring av spørsmål som utvalet ikkje vurderte

Fiskeridirektoratet har i høyringsfråsegnene til havressurslova foreslått at ein i lova gjev reglar om sporing av fangst og registrering av førstehandsmottakarar for å få til ein best mogleg ressurskontroll. Departementet vurderte forslaga slik at dei burde følgjast opp, og sende dei difor på høyring.

8.1.7.1 Sporing av fangst

I høyringsnotatet rådde departementet til å innføre ein heimel for å påleggje alle som tek i mot, transporterer, oppbevarer, produserer eller omset fisk eller fiskeprodukt, å gje opplysningar om produkta og deira opphav til styresmaktene og/eller ha slike opplysningar tilgjengelege.

Departementet sa følgjande i høyringsnotatet om bakgrunnen for forslaget:

Sporing og/eller merking av produkt er ikkje vurdert eller omtala i NOU 2005: 10. Fiskeridirektoratet har like fullt i si høyringsfråsegn gjeve omfattande merknader når det gjeld sporing av fangst som eit verkemiddel i ressurskontrollen. Det vert vist til at «norsk fiskerilovgivning har naturlig nok historisk fokusert hovedsakelig på selve utøvelsen av fisket. Etter at sluttseddel er skrevet mellom fisker og kjøper, hjemler fiskerilovgivningen i dag ikke pålegg for påfølgende operasjoner eller aktører ut over det å gi tilgang til den informasjon de måtte besitte. Dette innebærer således at fiskeriforvaltningen ikke kan pålegge verken den enkelte produksjonsbedrift, transportledd, tradere eller senere kjøpere å dokumentere hvor et fiskeparti kommer fra eller går til.»

Fiskeridirektoratet syner til at eksisterande reglar om sporing av fangst ikkje sporar fangsten attende til landings- og sluttsetel, som i kontrollsamanheng er eit kjernedokument. Det er etter gjeldande rett heller ikkje heimel for å fastsetje eintydige krav til merking av fisk og krav til kva dokument som skal følgje fangsten for å gje ein best mogleg ressurskontroll. Vanskane dette kan skape i ressurskontrollarbeidet vert av Fiskeridirektoratet omtala på følgjande måte: «Fiskeridirektoratet har de senere år i stadig større grad gjennomført omsetningskontroller. En omsetningskontroll er en kontroll av kjøp og salg i bedriften avgrenset av en lagertelling i hver ende, med en måned til flere år mellom de to tellingene. Dokumentkontrollen baseres på revisorbekreftede dokumenter. Sett i sammenheng med eksempelet over kan en tenke seg tilfeller der fisken som er gjenstand for en omsetningskontroll er spredd på mange mottak og lager, f.eks 5 steder. Det må da gjennomføres lagertelling i hver ende av kontrollperioden på alle fem mottak/lager på samme tidspunkt. … Imidlertid kan selv enkeltstående lagerkontroller være vanskelig å gjennomføre når fisken er spredd geografisk og en mangler sporingsmuligheter og sanksjoner som kan nyttes når fisken ikke er merket og følges av dokumenter. En ser et behov for andre måter å dokumentere/spore fisken på.»

Fiskeridirektoratet syner til at eksisterande dokumentasjonskrav etter anna regelverk som oftast følgjer fisken og inneber at fisken ofte kan sporast attende til mottakar ved landing. Problemet er at fisken ofte ikkje kan sporast attende til landings- og sluttsetlar, som er fiskeristyresmaktene sitt sentrale kontrollpunkt. Fiskeridirektoratet uttalar vidare: «Eksisterende regelverk ser ut til å gi en tilfredsstillende mulighet til sporing, kontroll og sanksjon inntil landingstidspunktet. Etter landingstidspunktet har en ikke den samme mulighet til å spore fisken. Dette innvirker på kontrollene og resultatet av disse, og medfører sånn sett en slags forskjellsbehandling i næringen. I henhold til prinsippet om horisontal kontroll ønsker Fiskeridirektoratet å ha mulighet til å kontrollere og sanksjonere langs hele næringsveien for fisken fra hav til konsument i Norge eller til utlandet.»

Når det gjeld krav til korleis fisken skal sporast, legg Fiskeridirektoratet vekt på at reglar om sporing må innebere at fisken klårt må kunne sporast attende til landings- og sluttsetlar, og at næringsaktørane også må kunne påleggjast å oppbevare sporingsdokument ei tid etter at transport, omsetning, o.a skjedde. Det vert også peikt på at det kan vere aktuelt i ei forskrift om sporing å stille krav om at opphavet til fisken går fram både av emballasjen og dokumenta som følgjer fisken. Kravet til dokumentasjon må også gjelde inne i ei verksemd, slik at all fisk som vert transportert eller lagra separat frå eit hovudmottak kan sporast attende til landing og den setelen som då vart fylt ut.

Departementet slutta seg i høyringsnotatet til forslaget frå Fiskeridirektoratet. Det er viktig at ressurskontrollen ikkje berre vert retta mot sjølve haustinga, men også mot dei etterfølgjande aktivitetane. Departementet viste vidare til at:

I dag vert uttaket av fangst godt dokumentert gjennom fangstdagbok og landings- og sluttsetlar med påfølgjande fangstrapportering og kvoteavrekning. Opplysningane i desse dokumenta er kontrollerbare i høve til ei rekke faktorar, som når, kven, kor, kva som vart fangsta o.a. Fangstdagboka og landings- og sluttsetel er såleis dei sentrale dokumenta for fiskeriforvaltninga i ressurskontrollsamanheng. I tillegg til landings- og sluttsetlar, er det krav til at mottakar skal halde ein landingsjournal, der landingsopplysningar vert loggført. Ut over dette er det i dag ikkje krav til å dokumentere opphavet til fisken etter landing, før fisken eventuelt vert eksportert. Slik sett kan ein seie at det er strengare krav til dokumentasjon frå aktørane på sjøen enn aktørane på land.

I kontrollsamanheng får dette fleire konsekvensar. For det første er det vanskeleg å utføre omsetnings- og lagerkontrollar ved selskap eller einingar som har fleire anlegg eller lager. Det kan vere vanskeleg eller umogleg å skaffe sikker kunnskap og oversikt over kor mykje fisk som er transportert mellom dei forskjellige stadene og kor fisken kjem i frå. For det andre er det ved kontroll av kjøretøy som vert gjennomført i samarbeid med andre etatar vanskeleg å avdekke omsetning av svart fisk, av di det ikkje er krav til sporingsdokument ved transport av fisk internt i Noreg. For det tredje gjer dette det generelt vanskeleg å kunne spore fisk på forskjellige stadium i verdikjeda attende til landinga og til om fangsten er lovleg fiska. I høve til den siste konsekvensen bør det nemnast at om fisken er lovleg fanga, er noko som ikkje berre opptar styresmaktene, men som i større og større grad opptar konsumentane både i Noreg og i Europa elles.

Mangelen på krav til sporing gjer det etter departementet sitt syn meir vanskeleg enn det bør vere å kontrollere opphavet til fisken etter landing. Det gjeld for det første kontroll av sjølve fisken, og at han er følgd av sporingsdokument eller er gjeven eit identitetsmerke som kan sporast attende til landing. For det andre gjeld det kontroll av dokument som handlar om fisken, og at desse dokumenta inneheld opplysningar om fisken som kan sporast attende til landing. Når fisken kan sporast attende til landing uansett kvar i verdikjeda ein utfører kontroll, vert det monaleg enklare for fiskeristyresmaktene å kontrollere om fisken er lovleg fanga, anten det gjeld norskfanga eller utanlandsk fanga fisk.

Departementet meiner det er naudsynt for ein best mogleg ressurskontroll, at styresmaktene kan utføre effektive kontrollar langs heile tidslina, frå hausting til konsument. Sporing kan vere eit viktig verkemiddel for å oppnå dette.

Departementet er samd i forslaget frå Fiskeridirektoratet, og meiner ein no både som følgje av utviklinga i kontrollarbeidet og i organiseringa på landsida bør leggje til rette for å innføre styrka rapporteringskrav gjennom krav til sporing og merking av fisk.

Hovudinnhaldet i reglar om slik sporing og merking vart omtala slik:

Ved utvikling av reglar om sporing og dokumentasjon, vil opplysningsplikta for dei som mottek, oppbevarer eller omset fisk vere den same, i den forstand at fisken heile tida skal kunne førast attende til ein landings- eller sluttsetel. Vidare må all dokumentasjon om fisken ha identifikasjonsfaktorar som gjer at den kan sporast attende til landings- og sluttsetlar. Dei same krava har gjeldt for fisker og mottakar sidan reglar om utfylling av bryggjesetel vart innført. Det er vidare naturleg å setje krav til at aktørane oppbevarer sporingsdokumenta ei stund etter at dei har overlete fisken til andre.

8.1.7.2 Registrering av mottakarar i første hand

Departementet foreslo i høyringsnotatet ein heimel til å påleggje alle mottakarar av fisk i første hand å vere registrerte som mottakar hos Fiskeridirektoratet.

Departementet uttalte følgjande i høyringsnotatet om bakgrunnen for forslaget:

Vilkåra for registrering som førstehandskjøpar, er at kjøpar eig eller leiger eit anlegg som er godkjent etter føresegnene i eller i medhald av matlova og at kjøpar overheld salslaget sine forretningsreglar. Systemet har såleis gjeve ei oversikt over kven som kan kjøpe fisk i første hand og kvar fangsten dei kjøper kan verte landa.

Fiskeridirektoratet viser i si høyringsfråsegn til at det dei seinare åra har vorte meir vanleg at fisk vert landa utan at den samstundes vert omsett. Fram til no har det ikkje vore fleire anlegg som berre har teke i mot fisk enn at Fiskeridirektoratet og salslaga har hatt oversikt over desse anlegga. Salslaga stiller mellom anna krav om at mottaksanlegg må registrerast hos dei.

Det er Mattilsynet som godkjenner anlegg for landing av fisk etter kvalitetsforskrift for fisk og fiskevarer. Dersom det vert gjort endingar i krava som er stilt for å få godkjent eit anlegg, vil det få konsekvensar for ressurskontrollen. Slike endringar kan nemleg ha som ein konsekvens at fisk kan landast på langt fleire stader enn etter gjeldande reglar.

Fiskeridirektoratet uttaler følgjande om korleis ein kan bøte på ein slik situasjon dersom den skulle oppstå: «Fra et ressurskontrollsynspunkt dreier det seg først og fremst om å ha en oversikt over hvilke aktører som har lov til å lande og ta i mot fangst og hvor de har lov til å utføre disse handlingene. Landing og mottak av fangst andre steder må altså være forbudt.»

Fiskeridirektoratet foreslår at «en [må] altså ha en registreringsplikt for alle som skal ta i mot fangst når den landes. … Registreringen må inneholde opplysninger om hvor aktiviteten skal skje og om den bare omfatter mottak eller om fisken skal kjøpes eller begge deler. »

Fiskeridirektoratet meiner reglar om ei slik registreringsplikt av fleire årsaker bør liggje i havressurslova. For det første vil ordninga bidra til å styrke ressurskontrollen. Vidare vil dette innebere at lova sine kontroll- og sanksjonsheimlar også kan nyttast i høve til slik registrering, og at ein kan bruke reglar i havressurslova om tilretteleging for kontroll i samband med ordninga.

Fiskeridirektoratet syner til at forslaget på same måte som kjøparregistreringslova, byggjer på at eit rettssubjekt skal ha ein rett til å verte registrert dersom dei fyller vilkåra som er sett i lov og forskrift. Fiskeridirektoratet foreslår at det skal vere forbode å losse fisk til andre enn dei som er registrerte og at det skal vere forbode å losse fisk andre stader enn dei som er nemnt i registeret. Dei peiker på at desse vilkåra er grunnleggjande for å oppnå oversikt ikkje berre over aktørane, men over kor det er lov å lande fisk.

Departementet slutta seg i høyringsnotatet til forslaget frå Fiskeridirektoratet. I grunngjevinga viste departementet til at:

Kjøparregistreringslova gjev ein oversikt over kven som kan kjøpe fisk i første hand og kor dei kan ta i mot denne. Ein oversikt over alle mottakarar av fisk i første hand, ikkje berre førstehandskjøparar, vil bidra til å styrke ressurskontrollen. Departementet meiner derfor det er naudsynt å vurdere om det skal stillast krav til registrering også for førstehandsmottakarar av fisk.

Departementet peika på at det er auken i kvantum fisk som vert landa utan å verte seld som var grunnlaget for å innføre krav om å skrive setel både ved landing og omsetning av fisk og at det difor ikkje er unaturleg å vurdere å innføre like krav til registrering for dei som kjøper og tek imot fisk.

I omtalen av krava eller vilkåra for å verte registrert, la departementet vekt på at dei ikkje lenger bør vere knytt opp mot anna regelverk:

Fleire ulike saker dei seinare åra har vist at det kan vere grunnlag for å stille eigne krav til dei anlegga der det er tillate å ta i mot fisk, og ikkje la det vere knytt opp mot at kjøpar skal disponere eit anlegg godkjent av Mattilsynet. Det er fleire årsaker til dette. For det første meiner departementet det ikkje er hensiktsmessig at eit sentralt vilkår for registrering er sett som dynamiske standardar i anna lovverk. Dersom krava for å verte godkjend som anlegg for mottak av fisk etter kvalitetsforskrift for fisk og fiskevarer vert endra, vil dette kunne få store følgjer for kven som kvalifiserer for registrering som førstehandskjøparar. Departementet er av den oppfatning at ein derfor bør stille eigne krav til registrering som kjøpar eller mottakar, uavhengig av kva krav som stillest i anna regelverk.

I forlenginga av dette meiner departementet for det andre at det bør vurderast om det skal vere eit vilkår for å verte registrert som mottakar, at ein registrert mottakar berre kan ta i mot fangsten på ein eller fleire angjevne stadar. Dersom kvalitetsforskrift for fisk og fiskevarer vert endra slik at det i framtida vert mogleg å ta i mot fangst på stader der det ikkje er eit fast anlegg, vil det ikkje vere mogleg å utføre tilstrekkeleg kontroll ved landing av fangst ettersom styresmaktene ikkje vil ha nokon oversikt over kor landingane skal eller kan skje. Eit vilkår for registrering om at mottakar berre kan ta i mot fisk på nærare angjevne stader, vil då gjere ressurskontrollen enklare.

Departementet drøfta forholdet mellom kjøparregistrering og mottakarregistrering og kom til at kjøparregistreringslova burde opphevast, medan det materielle innhaldet vart ført vidare i eller i medhald av havressurslova.

8.1.7.3 Høyringsfråsegner

8.1.7.3.1 Sporing

Alle dei som har sendt høyringsfråsegn støttar innføringa av heimel for å kunne gje forskrift om sporing.

Miljøverndepartementet meiner forslaget vil gjere det lettare å drive kontroll også med omsetning av fisk og fiskeprodukt og gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt frå fiskeri som vert forvalta på ein ansvarleg måte.

Fiskeridirektoratet sluttar seg til forslaget til heimel for sporing i havressurslova og viser til at også utviklinga internasjonalt går i retning av fokus på sporing som eit viktig verktøy i kampen mot UUU-fiske, og at sporing difor ikkje vert avgrensa til Noreg i framtida. Nasjonale krav til sporing av fisk fanga av norske fartøy og fisk landa i Noreg må difor dekkje eventuelle internasjonale standardar som kan kome på dette området. I den samanheng uttalar Fiskeridirektoratet at utførsle og innførsle av fisk fell utanfor slike krav til sporing så lenge fisken ikkje er om bord på transportmiddel som er underlagt norsk jurisdiksjon, men at det må kunne stillast krav til dette med heimel i lov om innførsle- og utførsleregulering av 6. juni 1997. Fiskeridirektoratet legg til grunn at føresegnene i denne lova er tilstrekkelege for å kunne implementere eventuelle framtidige krav om sporing ved kryssing av landegrenser.

Fiskeridirektoratet peikar på at sporingssystem må innehalde opplysningar som stadfestar at fisken er hausta lovleg på alle måtar, ikkje berre at dei ulike bestandane er berekraftig forvalta. Fiskeridirektoratet uttalar vidare at:

Det må i et slikt perspektiv også nevnes at et system for sporing ikke kan bli fullstendig uten at det sikres mot at det benyttes henvisninger til falske sedler eller det henvises til for mye fisk til en ekte seddel.

Når det gjeld utviklinga av sporingssystem peikar Fiskeridirektoratet på:

Med tanke på hvor viktig verktøy sporing kan bli i ressurskontrollen er det nødvendig at myndighetene gjennom et nært samarbeid med næringen oppnår en god fremdrift i det videre arbeidet på dette området. Klare målsettinger på et tidlig tidspunkt er viktig.

Fiskeridirektoratet viser til at ein del selskap handterer både oppdretta fisk og villfanga fisk, inkludert villfanga fisk som er fora opp. Direktoratet meiner at bedriftene av kontrollomsyn må kunne skilje mellom desse typane fisk gjennom eit sporingssystem.

Norges Fiskarlag sluttar seg til departementet sitt forslag om ein lovheimel som ein ytterlegare reiskap for å sikre god ressurskontroll, og peikar på at sporing av fangst også kan vere eit sentralt verkemiddel i reglane som NEAFC nyleg vedtok om hamnestatskontroll.

Norges Fiskarlag er samd i at ein legg opp til å byggje på, eller dra nytte av, eksisterande system, slik at det ikkje vert nødvendig å etablere parallelle system og peikar vidare på at:

Utvikling av sporing som virkemiddel i ressurskontrollarbeidet må, slik departementet også påpeker, skje i et nært samarbeid med næringa, og det må være ei klar målsetting å utvikle tiltak og system som er kostnadseffektive for alle parter.

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) støttar forslaget om ein heimel for å krevje sporing utover i verdikjeda for å styrkje ressurskontrollen. FHL er samstundes oppteken av at krava som vert innførte er praktiske og lar seg implementere i næringa, utan at kostnadane gjer at næringa misser konkurransekraft. FHL uttalar vidare:

Vi legger til grunn at Norge har en sterkere ressurskontroll og at vi har en mer transparent forvaltning enn mange av våre konkurrenter. Det er kjent i norsk fiskerinæring og i miljøbevegelsen at illegalt fisket fisk ofte hvitvaskes ved at dette råstoffet blandes sammen med legalt fisket fisk. Dette skjer i stor grad i land med dårligere kontrollrutiner, og mindre transparent forvaltning enn den norske. Eksport av norsk råstoff er i seg selv derfor en utfordring for ressurskontrollen.

FHL er oppteken av at dei reglane som vert innførde i havressurslova, også vert innførde i andre land som har foredling og omsetning av sjømat. FHL peikar vidare på at krava som vert innførde må ta omsyn til at vi har ein differensiert næringsstruktur, og at det sentrale må vere målet om å kunne spore fangst attende til landings- og sluttsetlar. Krava må difor leggjast på eit enkelt og kostnadseffektivt nivå, og det er ikkje praktisk å gjennomføre sporing på eit alt for detaljert nivå. FHL er bekymra for at krava til sporing vert for detaljerte dersom kvar enkelt fisk gjennom heile verdikjeda skal kunne sporast attende til ein landings- eller sluttsetel, og ber om at kravet til sporing vert lagt på «batch-nivå»(større grupper/sendingar), der ein «batch»(gruppe/sending) må kunne innehalde fleire leveransar som er identifiserte på setelnivå. Kravet til at produkta skal kunne sporast attende til setelnivå, vil då etter FHL si meining vere oppfylt.

Norges Råfisklag, Skagerakfisk og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag støttar forslaget. Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag peikar på at:

Det norske systemet for omsetning av fisk i første hånd, hjemlet i råfiskloven, er i seg selv et svært godt system for å sikre at all fisk som landes blir registrert og at fangst blir avregnet mot kvoter. Landings- og sluttseddelen er kjernedokumentene i denne prosessen. Landings- og sluttseddeldata følger imidlertid i dag ikke fisken videre. … For vår del vil vi også framheve at landings- og sluttseddeldata inneholder mye markedsinformasjon som blir mer og mer etterspurt, og ikke minst at landings- og sluttseddelen i seg selv er en dokumentasjon på lovlig fangst. … Sporing må etableres på en måte som både sikrer tilstrekkelig informasjon for markeds- og kontrollformål, men uten at næringen påføres store ekstrakostnader.

8.1.7.3.2 Registrering av førstehandsmottakarar

Alle dei som har gjeve høyringsfråsegn støttar innføringa av heimel for ei registreringsordning for mottakarar av råfisk i første hand.

Fiskeridirektoratet sluttar seg til forslaget og understrekar at det av omsyn til ressurskontrollen er viktig å kunne avgrense dei stadene der ein registrert mottakar kan ta i mot fisk og at det er viktig å ha oversikt over desse stadene. Fiskeridirektoratet peikar på at det også må gå fram av regelverket at det er forbode for dei som landar fisk å lande til andre enn registrerte mottakarar. Fiskeridirektoratet meiner at praksisen med at det normalt ikkje kan registrerast meir enn ein kjøpar på kvart anlegg må førast vidare.

Norges Fiskarlag seier at det er behov for å sjå nærare på regelverk og praktisering av ei registreringsplikt knytt til mellom anna mottaksstasjonar, pakkestasjonar og overtaking av eigen fangst og liknande.

FHL sluttar seg til at det vert etablert ei registreringsordning for mottak av fisk, og peikar på at auka bruk av mobile mottak og landingar på stader som ikkje er registrerte kan by på utfordringar for ressurskontrollen.

Norges Råfisklag, Skagerakfisk og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag støttar forslaget.

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag understrekar spesielt departementet si vurdering om at det bør stillast eigne krav til registrering, uavhengig av reglar som finnst i anna regelverk.

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag stiller spørsmål ved om alle kjøparar automatisk skal definerast som mottakarar, og peikar på at det i dag er ei rekkje registrerte kjøparar som har dispensasjon frå kravet om at dei skal disponere eit anlegg. Dette er traderar som kjøper fisk frå nøytrale fryseanlegg, og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag legg til grunn at desse ikkje skal misse kjøpargodkjenninga.

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag peikar vidare på at departementet sitt forslag kan innebere at ein kjøpar kan ta i mot fisk som mottakar for seinare omsetning, og at lageret til kjøparen då vil innehalde både fisk han har kjøpt sjølv og fisk han tek vare på for andre. Dette kan gje grunnlag for samanblanding av fangst og aukar behovet for kontroll. Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag uttalar at:

Etter vår vurdering vil dette være en uheldig utvikling, både fordi det øker kontrollbehovet, øker den økonomiske risikoen for fiskerne (fisk for lagring blandes sammen med kjøpernes egen) og gjør førstehåndsomsetningen mer ressurskrevende enn nødvendig. Vår konklusjon er at de som registreres både som kjøpere og som mottakere (kjøpere med egne mottaksanlegg) må kjøpe fisken ved landing. … Ønsker en kjøper i tillegg å drive et nøytralt mottaksanlegg, må dette organiseres i eget selskap og det må, slik vi har gjort, kunne stilles bestemte godkjenningskrav for å sikre tilstrekkelig avstand i forhold til virksomheten som kjøper.

8.1.8 Vurderingane til departementet

8.1.8.1 Generelt

Havressurslovutvalet foreslår i hovudsak å vidareføre gjeldande reglar for ressurskontroll i havressurslova. Departementet er samd i dette, sidan gjeldande reglar i all hovudsak gjev Fiskeridirektoratet tilstrekkeleg kompetanse til å drive ein god ressurskontroll. Departementet meiner i tillegg det er viktig å styrkje reglane knytte til ressurskontroll på nokre viktige område, og gjer difor framlegg om nye kontrollheimlar, mellom anna knytte til UUU-aktivitetar, sporing, mottakarregistrering og salslaga sin kontrollkompetanse.

Kapittelet om ressurskontroll i havressurslova må også sjåast i samanheng med endringane i fiskeforbodslova §§ 8 og 9 og saltvassfiskelova §§ 1, 2 og 4 som vart vedtekne ved lov av 22. desember 2006. Departementet foreslår at reglane som særleg gjeld tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske vert samla i eit eige kapittel 8 i lova.

Føresegnene som omhandlar ressurskontroll er inntekne i havressurslova kapittel 6, 7 og 8. Det er gjort nokre endringar i dei eksisterande kontrollføresegnene, i tillegg til det som er omtala her. Desse endringane vert omtala i merknadene til dei einskilde føresegnene. Reglane om ressurskontroll må også sjåast i samanheng med føresegnene om tilrettelegging for kontroll, jf. nedanfor i kapittel 8.2.

Kontrollreglane i havressurslova gjev Fiskeridirektoratet dei nødvendige verktøya for å utføre ein effektiv ressurskontroll og dei pålegg aktørane i hovudsak dei nødvendige pliktene. Ressurskontrollreglane er utvikla over tid, og gjev Fiskeridirektoratet kompetanse til å føre kontroll ikkje berre med sjølve haustinga, men også med dei etterfølgjande aktivitetane fram til eksport av produkta. Departementet går difor ikkje nærare inn på kontrollkompetansen til Fiskeridirektoratet og kontrollpliktene til aktørane, men syner til gjennomgangen av gjeldande rett ovanfor. Vi vil likevel presisere at kontrollansvaret til Fiskeridirektoratet omfattar heile det utvida verkeområdet til lova, slik det går fram av § 44, jf. § 3.

Dei seinare åra har det vore ei rask utvikling i det internasjonale og regionale samarbeidet om ressurskontroll og kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske generelt. Det skaper behov for å styrke dei nasjonale heimlane for tiltak mot slik verksemd. Dette var bakgrunnen for endringane i fiskeforbodslova og saltvassfiskelova som vart vedtekne 22. desember 2006. Reglar om tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske er nærare omtala nedanfor.

I høyringsfråsegna skriv Norges Fiskarlag at det ikkje skal vere strengare kontrolltiltak overfor aktørane i fiskerinæringa enn i andre næringar. Det same har vore sagt frå tid til annan i den fiskeripolitiske debatten. Debattantane peikar samstundes på at det er viktig med ein god ressurskontroll, særleg når det gjeld ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

Departementet meiner det er å snu saka på hovudet å hevde at aktørane i fiskerinæringa ikkje skal kontrollerast strengare enn aktørar i andre næringar. Tvert i mot meiner departementet det faktisk er fleire grunnar til at fiskerinæringa bør kontrollerast strengare enn andre næringar. For det første lever og haustar fiskarane av overskotet frå ressursar som ligg til fellesskapet i Noreg, jf. kapittel 4.3. Alt uttak av viltlevande marine ressursar dreiar seg såleis om at private rettssubjekt haustar av ressursar som tilhøyrer fellesskapet og ikkje den einskilde fiskar eller fiskarfellesskapet. Retten til å hauste av desse ressursane, har fiskarane fått gjennom vedtak gjort av styresmaktene, og mengda dei kan hauste er ofte avgrensa i form av kvotar. For det andre er fiskarane avhengige av at desse ressursane vert forvalta slik at dei gjev eit høgast mogleg langsiktig utbytte. For det tredje er ei rekkje fiskeri i dag lukka, og i mange grupper overstig kapasiteten i flåten ressursgrunnlaget. Dei tre nemnde argumenta er grunngjevinga både for reguleringa og for at det er viktig med ein effektiv og god ressurskontroll.

Departementet vil peike på at dette også har å gjere med internasjonalt samarbeid om ressurskontroll. Noreg har dei seinare åra arbeidd intensivt internasjonalt for å få bukt med det ulovlege fisket. Skal vi få internasjonal tilslutning i kampen mot ulovleg fiske er det viktig at vår nasjonale kontroll er best mogleg.

Departementet meiner difor det er reelle og gode grunnar til at det er effektive og gode kontrolltiltak i fiskerinæringa og at aktørane i fiskerinæringa bør finne seg i å verte kontrollerte strengare og pålagde meir omfattande kontroll- og opplysningsplikter enn aktørar i andre næringar. Det er like fullt viktig å peike på at dei allmenne reglane som sikrar norske borgarar rettstryggleik ligg i botnen for dei forvaltnings- og strafferegima som vert etablerte, på lik linje med andre område i samfunnslivet.

Vi vil også leggje til at kontrollnivået for kontrollar på sjøen, ved landing og etter landing, ikkje er særleg høgt, og ein svært liten del av landingane i Noreg vert fysisk kontrollerte. Men kombinert med gjeldande rapporteringskrav, påbod om kontrollutstyr, reiskapsreglar osb., gjev dagens regime etter departementet si oppfatning ein tilfredsstillande ressurskontroll. Viktig i så måte er det også at Fiskeridirektoratet brukar risikovurderingsverktøy ved utveljing av kontrollobjekt. Slik kan dei rette kontrollen mot dei objekta der det er mest sannsynleg at det kan vere snakk om lovbrot og der konsekvensane av lovbrot er størst.

8.1.8.2 Særleg om ulovleg, urapportert og uregulert fiske

Ressurskontrollarbeidet er i stadig utvikling, både nasjonalt og internasjonalt. Særleg internasjonalt har det dei seinare åra vore ein markant framgang i samarbeidet om konkrete tiltak i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Nye verkemiddel som sporing og hamnestatskontroll er under utvikling eller allereie på plass. Dette, kombinert med at dei aktørane som driv med ulovleg fiske stadig finn nye metodar i verksemda si, gjer det nødvendig å utvikle det tilhøyrande regelverket for å kunne møte dette med effektive mottiltak.

I tråd med dette er det no vedteke fleire nye heimlar for tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske i fiskeforbodslova og saltvassfiskelova, jf. Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006). Dei sikrar dei mest sentrale heimlane for å gje forskrifter om forbod mot ulovleg, urapportert og uregulert fiskeriaktivitet.

Dei vedtekne lovendringane bygde på eit forslag frå havressurslovutvalet om ei generell føresegn som gav heimel for regulering av verksemd som undergrev forvaltningstiltak. Departementet meiner det i tillegg til dei vedtekne lovendringane framleis er behov for ei generell føresegn som gjev heimel for å fastsetje ytterlegare reglar for å kunne forby fleire former for slik aktivitet.

Departementet meiner det er fornuftig å samle føresegnene som gjeld tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske i havressurslova. Departementet går difor inn for at føresegnene om tiltak mot slik aktivitet i fiskeforbodslova §§ 8 og 9, vert flytta til havressurslova, og tekne inn i eit eige kapittel som gjeld særlege tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Føresegnene i Ot.prp. nr 98 vert såleis vidareført i havressurslova, og dekkjer sentrale tiltak retta mot fartøy som tek del i UUU-aktivitetar.

Det er etter departementet si vurdering behov for ei generell føresegn som for å motverke ulovleg, urapportert og uregulert fiske gjev heimel til å forby verksemd som kan vere med på å undergrave forvaltningstiltak og som kan vere retta mot aktørane som er involverte i UUU-aktivitetar på andre måtar. Det kan mellom anna vere både norske og utanlandske rettssubjekt, selskap eller personar, som på ulike måtar er involverte i slike aktivitetar. Etter departementet si meining er det ikkje akseptabelt at norske rettssubjekt medverkar til eller tener på aktivitetar knytt til ulovleg fiske.

Det er viktig at reglane retta mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske ikkje berre gjeld sjølve fiskeoperasjonen og fartøyet som har fisken om bord, men alle aktivitetar som støttar opp under eller medverkar til slik aktivitet. Etter kvart som fleire typar aktivitet vert forbodne i fleire land, vil det utvikle seg nye former for ulovlege aktivitetar. Departementet meiner difor det er viktig at havressurslova gjev heimel til å forby ulike typar verksemd og aktivitetar når behovet for dette oppstår.

Utviklinga internasjonalt syner at merksemda no også vert retta mot statane sine eigne borgarar etter fleire år med fokus på fartøy med fordelsflagg. Dette er i tråd med FAOs handlingsplan mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Denne planen oppmodar alle statar til å setje i verk tiltak for å unngå at deira borgarar støttar eller involverer seg direkte i aktivitetar som undergrev dei forvaltningstiltaka som er sette i verk. Til dømes vedtok den regionale forvaltningsorganisasjonen Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis (CCAMLR) i 2006 reglar for å fremme lovlydnad blant borgarane i medlemsstatane. Partane i CCAMLR, Noreg er ein av dei, vedtok såleis i 2006 at medlemsstatane innan 2009 skal etablere og gjennomføre kontrolltiltak, mellom anna for å avdekkje om personar under deira jurisdiksjon er involverte i aktivitetar knytt til ulovleg, urapportert og uregulert fiske, og i så fall reagere mot dette. Føresetnaden for dette er at det vert vedteke nasjonale reglar som rammar slike handlingar på ein måte som gjer at det kan sanksjonerast mot dei. Tilsvarande reglar er utarbeidde i Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT), der Noreg også er med. Det er grunn til å tru at liknande reglar vil verte vedtekne i andre regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar.

Ei føresegn i havressurslova som skal gje heimel til å forby verksemd som kan vere med på å undergrave forvaltningstiltak må difor også kunne gjelde i slike tilfelle. Ho må også kunne gjelde alle tiltak som det i dag er semje om i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar.

Departementet foreslår difor ein heimel til å kunne forby verksemd som kan vere med på å undergrave nasjonale forvaltningstiltak og tiltak frå internasjonale og regionale fiskeriorganisasjonar, i § 52. Slike forbod kan rette seg mot aktivitetar i farvatn under norsk jurisdiksjon, på det norske fastland, i internasjonalt farvatn og i område under andre statar sin jurisdiksjon i forhold til dei rettssubjekt som vert omfatta av verkeområdet til lova. Det er viktig at denne føresegna er generell og ikkje kasuistisk, slik at ein kan setje i verk tiltak mot nye typar aktivitetar etter kvart som det vert behov for det, når andre aktivitetar vert stoppa. Det er grunn til å tru at dei aktørane som er involverte i UUU-aktivitetar stadig vil søkje nye måtar å drive desse aktivitetane på for å unngå sanksjonar. Lovgrunnlaget må difor vere utforma slik at nye tiltak kan fastsetjast ved forskrift utan at ein treng å gå vegen om lovendring.

Nokre typiske tilfelle er:

Eigarskap til eller kjøp av fartøy

Sjølv om ei rekkje UUU-fartøy har fordelsflagg, er det i mange tilfelle fiskeriselskap i den vestlege verda som eig fartøya via stråselskap og som haustar profitten av UUU-aktivitetane. Det kan vere aktuelt med reglar både for å redusere talet på fartøy som er involverte i slike aktivitetar og for å unngå at UUU-fartøya omgår tiltak retta mot fartøyet ved å selje fartøyet til nye eigarar som ikkje kjenner til at fartøyet har tiltak retta mot seg.

Finansiering av fartøy

Reglane i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane går i dag i langt større grad enn tidligare ut på å ramme alle sider av UUU-aktivitetane. Det er aukande oppslutning internasjonalt om tiltak som gjer det vanskeleg å finansiere UUU-fiske ved til dømes å forby finansiering av fiskefartøy som er svartelista av ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon, eller finansiering av fartøy som ikkje har noko driftsgrunnlag innanfor regulerte fiskeri.

Leige og operatørverksemd

Ei rekkje regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar har vedteke reglar som pålegg partane å forby borgarane sine å leige eller operere fartøy når det er konstatert at fartøyet tek del i UUU-aktivitetar.

Utrusting og bemanning av fartøy

Etter gjeldande rett er det avgrensa høve til å nekte norske borgarar å ta del i UUU-fiske som kaptein eller mannskap på utanlandske fartøy. Mannskap om bord på slike fiskefartøy som med vitande og vilje medverkar til eit ulovleg fiske har i dag ikkje noko sjølvstendig ansvar for dette.

Innanlands omsetning av fangst

Den offentlege debatten om UUU-fiske den seinare tida har synleggjort at det strir mot den allminnelege rettsoppfatninga at ulovleg fanga fisk hamnar i norske fiskediskar utan at norske styresmakter kan gjere noko med det når fisken først er komen inn i landet. Regelen det vert gjort framlegg om her vil også kunne nyttast til å gje reglar om innanlands omsetning. I tillegg kan departementet forby omsetning av slik fangst med heimel i § 53 første ledd andre punktum. Føresetnaden for at slike reglar skal kunne nyttast er at det kjem på plass effektive sporingssystem som gjer det mogleg for den enkelte aktør å vite om fisken er lovleg fanga. Det vil også vere forbode å omsette ulovleg fanga fisk etter reglane i § 53 for fangstar som fell innanfor havressurslova sitt verkeområde.

Lista over og utgreiinga om dei enkelte områda er ikkje uttømmande.

8.1.8.3 Flagging av fartøy

Internasjonale avtalar forpliktar Noreg til ikkje å gje flagget sitt til fiskefartøy så lenge fartøya er svartelista. Det er viktig med ein heimel for slike forhold for å unngå at fartøya finn smotthol i dei internasjonale reglane ved å flagge mellombels via ein ansvarleg flaggstat slik at tiltaka kan opphevast, før dei på ny set i gang med ulovleg fiske. Det er heller ikkje i samsvar med norske interesser at den norske fiskeflåten består av fartøy med UUU-historikk.

Det vert difor gjort framlegg om ein slik heimel i sjølova, sjå kapittel 11 nedanfor.

8.1.8.4 Forholdet til lov om innførsle- og utførsleregulering

Fisk som er ulovleg fanga, til dømes i Barentshavet, kan verte landa og foredla i utlandet og så importert til Noreg og seld til norske forbrukarar som ferdige produkt i konkurranse med lovleg fanga fisk. Dette er svært lite heldig. Departementet har på bakgrunn av eit forslag frå Fiskeridirektoratet vurdert om det er tenleg med ein heimel i havressurslova for å forby å importere, eksportere, transportere og omsetje fisk som er hausta i strid med nokon statar sitt regelverk eller er i strid med internasjonal avtale som Noreg er part i.

Departementet ser at mykje talar for reglar her, for å hindre at slike produkt vert selde i Noreg og for å hindre at norske aktørar har noko med desse produkta å gjere, også i andre land, jf. ovanfor. Det er lite tilfredsstillande både for styresmaktene og for lovlydige næringsaktørar at ein ikkje kan gripe inn overfor norske selskap når ein sikkert veit at fisken er ulovleg fanga.

Departementet meiner det difor er tenleg å vurdere reglar som set vilkår for import av fisk for å sikre at han er lovleg fanga.

For nokre få artar er det laga reglar som legg ansvar for at fangsten er lovleg ikkje berre på haustarane, men også dei som importerer og eksporterer slike produkt. Eit døme på det er reglane for import og eksport o.a. av patagonisk tannfisk. Med heimel i lov om innførsle- og utførsleregulering av 6. juni 1997, er det i forskrift innført forbod mot å importere og reeksportere patagonisk tannfisk dersom det ikkje følgjer eit fangstdokument med, som viser at fangsten er teken i samsvar med regelverket til CCAMLR, eller at fangsten er teken utanfor CCAMLR-området. Likeins er det krav til fangsdokumentasjon for norske fartøy som fiskar patagonisk tannfisk. Desse reglane skal sikre at det ikkje vert importert eller reeksportert ulovleg fanga patagonisk tannfisk frå Noreg. Alle statar som er medlem i CCAMLR pliktar å ha slike interne reglar. Desse reglane skal hindre at ulovleg fanga patagonisk tannfisk vert importert til og seld i medlemslanda.

Departementet meiner det bør vurderast å innføre forbod mot import av fleire artar av fisk som ikkje er følgd av fangstdokumentasjon. Tilsvarande reglar vert no vurderte i EU. Departementet ser det som mest tenleg at dette i tilfelle vert gjort i forskrift med heimel i lov om innførsle- og utførsleregulering, fordi det er sjølve kryssinga av landegrenser ein ønskjer å stanse. Dette kan skje samtidig med at ein utviklar internasjonale eller regionale sporingssystem for fisk. Likeins kan det stillast krav om fangstdokumentasjon ved eksport av fisk frå Noreg. Departementet vil starte arbeidet med slike forskrifter.

Om ein til dømes innfører krav til fangstdokumentasjon for norsk arktisk torsk, vil det innebere at det vert mykje vanskelegare å omsetje ulovleg fanga torsk i den norske marknaden. Dersom same kravet til fangstdokumentasjon vert innført i heile NEAFC-området, vil det føre til at det vert vanskeleg å importere ulovleg fangst til store delar av Europa. Det vil etter kvart gjere det ulovlege fisket mindre lønsamt.

8.1.8.5 Særleg om sporing

Som sagt ovanfor er det viktig at vi ikkje rettar ressurskontrollen berre mot sjølve haustinga, men også mot dei etterfølgjande aktivitetane som produksjon, transport, omsetning osb. Dokumentasjonen av dei etterfølgjande aktivitetane er, som vist i departementet sitt høyringsnotat, ikkje så god som han kunne ha vore, og dette svekkjer særleg større omsetnings- og lagerkontrollar.

For å få til ein best mogleg ressurskontroll, er det nødvendig at styresmaktene kan utføre effektive kontrollar langs heile tidslinja. Sporing kan vere eitt av fleire viktige verkemiddel for å oppnå dette. Departementet meiner difor at havressurslova, som ei moderne og framtidsretta ressursforvaltningslov, må ha heimel for å innføre reglar om sporing og merking av viltlevande marine ressursar. Ein slik heimel vil stå i samanheng med heimlar i anna lovverk som kan implementere krav til sporing ved innførsle og utførsle av fisk og fiskevarer. Dette heng i hop med at det er ein omfattande internasjonal handel med fisk. Dersom krav til sporing vert eit vilkår ved import og eksport av fisk, vil det – kombinert med reglar om hamnestatskontroll – gjere det mykje vanskelegare å lande og omsetje ulovleg fanga fisk over landegrenser. Det er teken inn ein heimel for sporing i § 41.

Det er arbeid i gang, blant anna i EU, med å utvikle slike reglar tufta på avtalar mellom statar. På den måten vil ikkje krav til sporing og kostnadane det fører med seg verte ei ulempe i konkurransen slik nokre av høyringsinstansane er inne på. Tvert i mot vil det innebere at vi gjennom systema våre kan dokumentere at fisk landa i Noreg er hausta innanfor kvote og kan sporast attende til landing og til dei gjeldande kvotane.

Det må nemnast at det allereie eksisterer fleire regelverk som set krav til sporing i ulike former. Felles for desse reglane er at dei ikkje sporar fisken attende til landings- eller sluttsetel. Dette gjer at Fiskeridirektoratet ikkje kan få like stort utbytte av slike sporingsopplysningar som dei kan få med eigne reglar tufta på ressurskontroll. Det trengst difor eigne reglar om sporing ut frå omsynet til ressurskontrollen. Dette er alle høyringsinstansane einige i.

Målet med reglar om sporing og dokumentasjon er at dei som tek i mot, tek vare på eller omset fisk har same opplysningsplikt på den måten at fisken heile tida skal kunne førast tilbake til ein landings- eller sluttsetel. All dokumentasjon om fisken skal innehalde identifikasjonsfaktorar som gjer at han kan sporast til landings- og sluttsetlar. Dette målet må vi like fullt sjå i samanheng med kva som er tenlege løysingar no og i framtida.

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) er blant dei som i høyringa har stilt spørsmål om kor detaljerte sporingsopplysningane skal vere. FHL er uroleg for at næringa får unødig store kostnader dersom sporingssystema er for detaljerte. Departementet vil på den andre sida peike på at manglande system for sporing og dokumentasjon kan vere ei ulempe for næringa når slike krav vert stilte frå viktige marknader for norsk fisk.

Sporingssystema må utviklast over tid og det må utgreiast kor detaljerte opplysningane treng å vere. Utviklinga av sporing som eit verktøy i ressurskontrollen er i startfasen og det er viktig at forvaltninga og næringa saman kjem fram til system som er praktiske og gjev tilfredsstillande sporingsopplysningar. Dei tilgjengelege teknologiske løysingane og strukturen i næringa er viktige faktorar når sporingssystema skal formast. Departementet meiner difor det ikkje er tenleg at vi signaliserer her kor detaljerte sporingsopplysningane skal vere eller korleis systemet skal leggjast opp.

Departementet vil, som vi gjorde i høyringsnotatet, understreke at det inneber kostnader både for næringa og forvaltninga å utvikle slike system. Departementet meiner det er naturleg at spørsmåla om kor store kostnadane vert og kva andre konsekvensar innføring av krav til sporing får, vert utgreidde og høyrde i samband med forskriftene om sporing.

I arbeidet med sporingssystemet må vi sjå om vi kan byggje på eller dra nytte av allereie eksisterande system, slik at det ikkje unødig vert etablert nesten parallelle system. Det er viktig for kostnadssida og dessutan er det ikkje ønskjeleg å påleggje næringa å gje same opplysningar i fleire system.

8.1.8.6 Særleg om mottakarregistrering

Kjøparregistreringsordninga gjev oss oversikt over kven som kan kjøpe fisk i første hand og kvar dei kan ta imot fisken. Det er i dag mykje fisk som vert landa utan at han vert seld. Ei oversikt over alle mottakarar av fisk i første hand, ikkje berre førstehandskjøparar, vil styrke ressurskontrollen. Departementet meiner difor at det i havressurslova bør vere ein heimel for å krevje registrering også av førstehandsmottakarar av fisk. Det er teken inn ein heimel til mottakarregistrering i § 38.

Omsynet til ressurskontrollen var ikkje hovudføremålet med kjøparregistreringslova. Likevel har systemet med registrering av alle førstehandskjøparar vore svært viktig for ressurskontrollarbeidet, særleg i høve til reglane om utfylling av landings- og sluttsetlar. Omsynet til ressurskontrollen er etter departementet si meining hovudargumentet for å innføre ei registreringsordning for alle som mottek fangst, fordi styresmaktene då får oversikt over alle som kan ta imot fisk i første hand og kvar dei kan ta imot fisken.

Auken i kvantum fisk som vart landa utan samstundes å verte seld, var grunnlaget for å innføre krav om å skrive setel både ved landing og omsetning av fisk. Det er difor ikkje unaturleg å vurdere å innføre like krav til registrering for dei som kjøper og mottek fisk.

I den gjeldande kjøparregistreringsordninga har kjøparane eit rettskrav på å verte registrerte dersom dei fyller dei objektive vilkåra som vert sette til registrering. Departementet meiner at det same må gjelde ved registrering av mottakarar. Departementet meiner at vilkåra for å verte registrert skal gå direkte fram av ei registreringsforskrift, og ikkje vere knytt opp mot vilkår i anna regelverk.

Det bør etter departementet sitt syn vurderast om det i reglane for registrering av mottakarar skal vere eit vilkår at ein registrert mottakar berre kan ta imot fangsten på ein eller fleire bestemte stader. Eit slikt vilkår vil gjere ressurskontrollen mykje enklare. Fangst som vert omlasta til eit fraktefartøy vil også vere underlagd plikt til mottakarregistrering. Av omsyn til ressurskontrollen bør det vurderast om ein skal krevje at landing av fangst frå fiskefartøy til fraktefartøy skal skje i ei hamn eller andre stader nær land, der Fiskeridirektoratet kan kome til og kontrollere utan større vanskar. Reint formelt må dei verksemdene som ønskjer å ta imot fisk med fraktefartøy, opplyse om og få godkjent, dei stadene der dei vil ta imot fangst frå fiskefartøy. Dersom det vert stilt slike krav, vert det forbode å ta imot fangst på fraktefartøy andre stader enn dei som er godkjende av Fiskeridirektoratet. Departementet meiner at dette må vurderast når forskrifta om mottakarregistrering skal utformast.

Ein av høyringsinstansane har peika på at det kan skape kontrollutfordringar dersom eit firma kan vere både mottakar og kjøpar på same anlegg. Det kan føre til samanblanding av fisk. Det er uheldig for ressurskontrollen og det er uheldig for fiskarane som skal ha betalt for fangsten sin.

Departementet meiner krava for å verte registrert som kjøpar og mottakar i hovudsak bør vere dei same. Spørsmålet er så om det skal vere tillate med fleire registrerte mottakarar og kjøparar på same anlegg, og om eitt rettssubjekt både skal kunne ta imot og kjøpe fisk på same anlegg. I gjeldande kjøparregistreringsforskrift er det fastsett at det berre kan vere ein registrert kjøpar ved kvart anlegg, jf. forskrifta § 3 første ledd bokstav b. Det er gjeve dispensasjon frå dette kravet for traderar som kjøper fisk som vert landa på nøytrale fryselagre.

Departementet meiner det berre skal vere tillate å registrere ein mottakar på kvart anlegg eller stad til same tid, samstundes som eit firma både kan ta imot og kjøpe fisk på same stad eller anlegg. Når det gjeld landing av fangst, er det viktig i kontrollsamanheng at berre ein aktør kan ta imot fisk på kvart anlegg, slik at mottakaren har ansvaret for at all fangst som vert landa, vert førd på landingssetel. Når andre aktørar så kjøper fangsten, kan ein samanhalde den fangsten mottakaren har motteke med det han har sendt frå seg til kjøparen.

Departementet meiner samstundes det bør vere tillate for fleire kjøparar å vere registrerte på same anlegg eller same stad, så lenge fangsten er tydeleg merka med kven som er kjøpar og fangstane til dei ulike verksemdene er klart skilde frå kvarandre. Dersom det er fare for samanblanding av fangstar, kan det nektast registrering av meir enn ein kjøpar på eitt anlegg. Vidare kan Fiskeridirektoratet stille vilkår for å sikre at fangstane kjøpte i første hand av dei ulike aktørane klart kan skiljast frå kvarandre. Dette er opp til Fiskeridirektoratet sitt faglege skjøn. Når fisken så vert seld til førstehandkjøparar, anten dei er registrert på anlegget eller er traderar, vil kontrollen kunne rettast mot mottakaren og kjøparane gjennom å samanlikne kvantum på sluttsetlane med landingssetlane. Det vil som nemnt berre vere ein av kjøparane som kan stå som mottakar av fangsten ved anlegget. I mange tilfelle vi dette likevel leie til at det berre er ein aktør som er registrert ved eit anlegg fordi ei verksemd både mottek og kjøper fangsten. For dei nøytrale mottaka vil situasjonen vere at både mottaksfirmaet og kjøparane er registrerte på same anlegg, og at kjøparane ikkje sjølve tek imot fangst på det nøytrale mottaket.

Departementet meiner at heimelen til å vere registrert som kjøpar og mottakar høyrer naturleg heime i havressurslova. Departementet foreslår difor at reglane om krav til registrering av mottakarar og kjøparar vert samla i havressurslova § 38 og at kjøparregistreringslova vert oppheva som eiga lov.

Med ei slik ordning vil ein framleis ha ei tilsynsordning med omsetningsledda i førstehandsomsetninga av fisk og fiskevarer og ein sikrar at kjøparane overheld salslaga sine salsvilkår.

Departementet foreslår på denne bakgrunn å fastsetje heimel i havressurslova for å gje nærare føresegner om registreringsplikt for kjøparar og mottakarar i forskrift. Utforminga av dei nærare reglane vert høyrde når forskrifta skal fastsetjast.

8.1.9 Ansvaret til salslaga

8.1.9.1 Bakgrunn

Fiskesalslaga har i nyare tid fått ei stadig viktigare rolle i ressurskontrollarbeidet. Både styresmaktene og salslaga sjølve har sett fokus på salslagas ansvar, oppgåver og potensial i ressurskontrollarbeidet. Dette er naturleg i og med at omsetning av all kommersielt viktig råfisk i første hand i Noreg skjer gjennom eller med godkjenning av salslaga. Ein god ressurskontroll og ei langsiktig forvaltning av ressursane er ein av føresetnadane for eksistensen til salslaga. I salslaga har dei god kunnskap om dei utfordringane styresmaktene og fiskarane står overfor i den daglege forvaltninga av fiskeressursane og kontrollen med uttaket. Salslaga har sidan 1990 hatt eit generelt ansvar for å delta i ressurskontrollarbeidet.

I samband med ny havressurslov er det naturleg å drøfte kva for rolle og ansvar salslaga skal ha i ressurskontrollarbeidet i framtida. Dersom salslaga skal ha ressurskontrolloppgåver, må heimlane i lova gjerast klarare enn dei er i dag, slik at føresegnene gjev salslaga mynde til å gjennomføre kontrolloppgåvene dei allereie er pålagde.

I praksis varierer salslaga sin ressursbruk i kontrollarbeid mykje. Fiskeridirektoratet har i «Prosjekt salgslag/Fiskeridirektoratet» kartlagt salslagas praksis og ressursbruk til ressurs- og omsetningskontroll. Salslaga er svært ulike – i geografisk utbreiing og i økonomisk styrke – og omfanget av kontrollarbeidet og midlar avsett til dette, varierer mykje. Salslaga brukte i 2005 til saman 12,65 årsverk på ressurs- og omsetningskontroll. Det utgjer totalt 9,5 prosent av årsverka i salslaga. Hovuddelen av ressursane bruker salslaga på kvoteavrekning og kvotekontroll. Dei ulike salslaga brukar mellom 3 prosent og 19 prosent av årsverka sine til ressurskontroll.

8.1.9.2 Gjeldande rett

Den viktigaste oppgåva til salslaga i ressurskontrollarbeidet er kvotekontroll og inndraging av fangst ut over kvote og ulovlege fangstar, jf. saltvassfiskelova § 7. Kvotekontrollen inneber at dei har eit ansvar for å halde oversikt over kor mykje fartøya har fiska av kvotane sine. Det er naturleg at salslaga utfører kvotekontrollen, fordi dei i samband med omsetninga av råfisk får ei rekkje opplysningar om fangsten. I tillegg skal salslaga ha opplysningar om alle fangstar som vert landa i Noreg gjennom landingssetlane. Salslaga kontrollerer landings- og omsetningsopplysningar mot kvoteopplysningar, løyver til å delta i fisket o.a. Når nokon fiskar meir enn kvotane sine, skal salslaga vedta inndraging av denne fangsten. Salslaga overfører jamleg fangstopplysningane til Fiskeridirektoratet.

Saltvassfiskelova § 45 a fastslår at salslaga skal utføre kontroll med at saltvassfiskelova med tilhøyrande forskrifter vert følgde. Kontrollen skal avgrensast til opplysningar som naturleg følgjer av salslagas verksemd etter råfisklova, særleg gjennom kontroll med at fangstuttak og landa fangst er i samsvar med forskrifter og føresegner om reguleringar og kvotar.

I Ot.prp. nr. 92 (2000 – 2001) om endringar i saltvassfiskelova og råfisklova (kontrolltiltak) har departementet ei prinsipiell vurdering av om salslaga skal ha eit sjølvstendig kontrollansvar:

Det medgis at det er et prinsipielt spørsmål hvor langt salgslagene, som er eid av fiskerne selv, skal ha et selvstendig kontrollansvar. Departementet anser det nå imidlertid for riktig at dette blir fastslått i loven, ikke bare ut fra den rent praktisk nødvendige sammenhengen med de bestemmelsene som er foreslått her, men også idet det prinsipielle synspunktet må være at hensynet til en forsvarlig ressurskontroll må gå foran andre innvendinger som måtte kunne reises mot et slikt kontrollsystem. Hensynet til en forsvarlig ressurskontroll er en overordnet samfunnsinteresse, og det må være åpenbart at det apparat salgslagene har bygget opp og de muligheter som salgslagene har til å utføre kontroll, må nyttes til å støtte opp under denne samfunnsinteressen.

Lovgjevar tok såleis positivt stilling til at salslaga skal ha eit sjølvstendig kontrollansvar ut frå at ein forsvarleg og best mogleg ressurskontroll er ei overordna samfunnsinteresse. Det vart også lagt vekt på det apparatet salslaga har bygd opp og dei opplysningane dei får i samband med førstehandsomsetninga. Fiskar og mottakar/kjøpar pliktar å gje opp alle relevante opplysningar til salslaget på setel ved landing og førstehandsomsetning av fisk.

I tillegg har salslaga eit sjølvstendig ansvar for å kontrollere at føresegnene i råfisklova vert følgde. Råfisklova § 7 fastslår at salslaga skal føre kontroll med at råfisklova med tilhøyrande forskrifter vert følgde. Kontrollen skal også omfatte fangst som vert landa utan å verte omsett. Salslaga skal såleis føre kontroll med fangstuttaket og omsetninga til og med førstehandsomsetninga.

Føresegnene i saltvassfiskelova § 45 a og råfisklova § 7 gjev, som sitatet ovanfor viser, salslaga eit sjølvstendig ansvar for kontroll. Men føresegnene gjev ikkje salslaga tilsvarande kompetanse til å kunne krevje tilgang til relevante opplysningar frå fiskar og kjøpar/mottakar. Vidare konkretiserer føresegnene heller ikkje kva plikter dei som vert kontrollerte har til å gje opplysningar til salslaga ved kontroll.

I Ot.prp. nr. 92 (2000 – 2001) drøfta departementet desse spørsmåla knytt til saltvassfiskelova § 45a, men kom til at dette måtte vurderast nærare:

Fiskeridirektoratet har i sin høringsuttalelse også stilt spørsmål om ikke det bør tas inn i saltvannsfiskeloven § 45 a en henvisning til § 45, for å definere salgslagenes rettigheter ved utøvelsen av kontroll. Departementet finner dette vanskelig, i og med at fastsetting av slike rammer for salgslagenes virksomhet ikke var en del av høringsforslaget, ut over et forslag om hjemmel i § 45 a annet ledd til å fastsette forskrifter om salgslagenes kontroll og om rapporterings- og kontrollrutiner. Selv om departementet ser det slik at salgslagene skal ha et selvstendig ansvar for å utføre kontroll, i motsetning til den tidligere plikten til å medvirke i kontrollen, innebærer ikke det at rammene for kontrollvirksomheten nødvendigvis må være sammenfallende med de tilsvarende rammene for Fiskeridirektoratet. Disse rammene må vurderes nærmere, ut fra hva som er en naturlig rollefordeling mellom direktoratet og salgslaget.

Ressurskontrollansvaret til salslaga og kva som skulle liggje i dette, vart altså ikkje nærare fastsett. Føresegnene i saltvassfiskelova § 45 a har likevel vore viktige prinsipielt sett. Dei har framheva at salslaga har viktige oppgåver i ressurskontrollarbeidet og at styresmaktene har ønskt å utvide desse oppgåvene ut over vanleg kvotekontroll. Føresegnene har også medverka til at fleire av salslaga sjølve har utvikla sitt eige ressurskontrollarbeid til å verte noko meir enn kvotekontroll.

Gjennom råfisklova og råfiskforskrifta er det oppretta eit monopol som gjer at dei fiskeslaga som er opprekna i råfiskforskrifta ikkje kan omsetjast, tilverkast eller utførast utan å vere selde gjennom, eller med godkjenning av, eit salslag. Med dette følgjer også eit ansvar for at fangstar som er omfatta av eineretten vert omsette i tråd med gjevne omsetningsføresegner, og at all fisk omfatta av eineretten faktisk vert omsett gjennom salslaga og ikkje på måtar der ressursuttak eller omsetning ikkje vert registrert, jf. råfisklova § 7. Kontrollen med at omsetningsreglane vert følgde, vert av salslaga kalla omsetningskontroll. Som regel er det dei same opplysningane salslaga kontrollerer i omsetningskontroll som dei Fiskeridirektoratet kontrollerer i ressurskontroll.

Opplysningane salslaga får gjennom landings- og sluttsetel vert såleis kontrollerte med omsyn både til omsetningsmonopolet og kvoteavrekninga, medan forvaltningas kontroll skjer med utgangspunkt i at uttaket av fiskeressursane skal avreknast og vere i tråd med kvotar og tekniske reguleringar. Føremålet med kontrollane vil i dei langt fleste tilfelle vere det same; å sikre at kvoteføresegner og anna regelverk vert følgde.

8.1.9.3 Tilleggshøyring om styrking av kontrollheimlane til salslaga

Havressurslovutvalet foreslo å vidareføre gjeldande rett når det gjeld ansvaret til salslaga i ressurskontrollen. Departementet er samd i at det sjølvstendige ansvaret til salslaga i ressurskontrollen skal førast vidare, men meiner at salslaga må setjast betre i stand til å utføre operativ kontroll. Departementet meinte difor det var behov for å styrke kontrollheimlane til salslaga og sende ut eit høyringsnotat om denne saka.

Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd og Fiskeridirektoratet har i høyringsfråsegnene til NOU 2005: 10, kommentert kontrollansvaret til salslaga. Begge peikar på at salslaga har, og også i framtida bør ha, ei viktig rolle i det samla ressurskontrollarbeidet.

Departementet foreslo difor i høyringsnotatet å ta inn ei føresegn i havressurslova og råfisklova som gjev salslaga kompetanse til å krevje uhindra tilgang til leverandørens fartøy og merd og kjøparens og mottakarens lager og rekneskap i samband med ressurskontroll.

Departementet vurderte spørsmålet om kontrollansvaret til salgslaga slik i høyringsnotatet:

Når det gjeld salslaga sine oppgåver i samband med kvotekontrollen, meiner departementet at desse bør førast vidare slik det er i dag. Dette er oppgåver som salslaga løyser på ein effektiv og god måte, og ordninga bør difor fortsette. Ordninga gjev også oversikt over landa art, kvantum og pris på ein og same stad – noko som er ein stor fordel i kontrollsamanheng. Det er like fullt naudsynt med nokre klargjeringar i forhold til salslaga si plikt til å gje kvoteopplysningar til Fiskeridirektoratet.

Hovudspørsmålet er kva rolle og ansvar ein ønskjer at salslaga skal ha i ressurskontrollarbeidet ut over kvotekontrollen. Alternativa kan graderast frå at salslaga ikkje skal ha noko ansvar i ressurskontrollarbeidet i det heile tatt, at ansvaret skal avgrensast til berre å utføre kvotekontroll, at ansvaret skal oppretthaldast slik det er i dag, til at salslaga sitt kontrollansvar skal utvidast. Føresegnene i havressurslova må utformast etter kva for eit alternativ som vert valt.

Dersom salslaga sitt ansvar i ressurskontrollarbeidet skal førast vidare slik det er i dag, vil det også være trong for å gjere føresegnene om dette klårare, slik at dei gjev salslaga kompetanse til å oppfylle og gjennomføre kontrolloppgåvene sine.

Dersom salslaga skal ha ressurskontrolloppgåver utover kvotekontroll, vil det difor vere naudsynt å presisere grensene for salslaga sitt kontrollarbeid i lova, inkludert kva opplysningar dei kan krevje i samband med ressurskontrollarbeidet. Ei slik presisering er ein føresetnad for at salslaga kan utføre ressurskontrolloppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte.

Departementet vil understreke at salslaga har ei svært viktig rolle i det samla ressurskontrollarbeidet og meiner salslaga har eit større potensiale for å utføre ressurskontrolloppgåver enn det som vert utnytta i dag. Dette gjeld mellom anna i forhold til kontroll på anlegg og ved landing og omsetning av fisk. Salslaga har ein unik posisjon med omsyn til å ha oversikt over fiskemønster, kor fangstar vert landa og omsett, og til kva produkt fisken vert brukt. Vidare har dei god oversikt over kva utfordringar både fiskarane og landanlegga står overfor. Samla gjev dette salslaga ein oversikt og konkret kunnskap som er verdifull i ressurskontrollarbeidet og som bør nyttast betre enn i dag. Salslaga har i tillegg ei eiga interesse for å utføre kontroll på anlegg og ved landing og omsetning av fisk for å sjå til at fisk vert omsatt i tråd med råfisklova og salslaga sine føresegner. Brot på reguleringsføresegner vil ofte også tyde på bort på omsetningsføresegner.

Departementet meiner det prinsipielt er viktig at salslaga skal ha eit sjølvstendig kontrollansvar for å nytte sin kunnskap til den samfunnsinteressa som ressurskontrollen er. Spørsmålet er kva innhald dette kan ha og når salslaga kan utføre kontroll.

Salslaga sitt ansvar for ressurskontroll er i dag avgrensa til dei opplysningane som naturleg følgjer av salslagas verksemd. Havressurslovutvalet sitt forslag inneber ei vidareføring av gjeldande rett. Kontrollen skal være avgrensa til dei opplysningar som naturleg følgjer av salslaga si verksemd etter råfisklova, særleg kontroll med at fangstuttak og landa fangst er i samsvar med føresegner fastsett i medhald av havressurslova er overhalde. Departementet meiner dette er ei hensiktsmessig avgrensing av salslaga sitt ressurskontrollansvar.

Departementet meiner samstundes det er naudsynt å gje føresegner som gjev salslaga heimel til å utføre kontrollar på fartøy og anlegg, og føresegner som pålegg kontrollsubjekta å gje salslaget tilgang til opplysningar. Samla vil dette i praksis innebere at salslaga vert satt i stand til faktisk å utføre dei oppgåvene salslaga alt har. Samanlikna med gjeldande rett vil dette i praksis gje salslaga sitt kontrollansvar eit meir reelt innhald enn kva tilfellet er i dag.

Om salslaga finn brot på føresegnene i eller i medhald av havressurslova ved gjennomføring av ressurskontroll, er det Fiskeridirektoratet, påtalemakta eller domstolane som skal avgjere kva reaksjonar brot på føresegnene skal få. Salslaga si oppgåve vil vere å gjennomføre kontroll, avdekke lovbrot og så overlate saka til myndigheitene. Salslaga skal såleis ikkje ha kompetanse til å fatte vedtak som følgje av brot på havressurslova. Dette gjeld likevel ikkje vedtak om inndraging av fangst ut over kvote.

Når salslaga utfører ressurskontroll, utfører dei offentlege forvaltningsoppgåver og departementet og direktoratet vil ha instruksjonsmyndigheit over salslaga i forhold til desse oppgåvene.

Departementet var medvite om at eit forslag om føresegner som gjev salslaga kompetanse til å utføre kontrollar på fartøy og anlegg og tilgang til mellom anna rekneskapsopplysningar, ville verte omdiskutert. Departementet drøfta difor dette, og uttalte:

Salslaga er private organisasjonar, eigd av fiskarane. Når dei skal utføre offentlege ressurskontrolloppgåver, vil det kunne kome innvendingar frå fleire hald. Dette gjeld særleg i forhold til å gje den tilgang til opplysningar hos fiskar eller kjøpar/mottakar som salslaga vil få ved utføring av kontroll.

Det er i dag lite kontroversielt at salslaga skal ha eit kontrollansvar, særleg i forhold til kvotekontrolloppgåver. Lovgjevar har tidligare teken stilling til at salslaga skal utøve offentlege kontrolloppgåver sjølv om dei er private organisasjonar, jf fråsegnene i ot.prp. nr. 92 (2000 – 2001) som er sitert ovanfor. Departementet vil peike på at det ikkje er uvanleg gjennom lover å gje private organisasjonar myndigheit til å utføre offentlege kontrolloppgåver.

Innvendingane kan gjelde kva for kompetanse og oppgåver salslaga konkret skal ha ved utøving av ressurskontroll. Dette har samanheng med at salslaga er private organisasjonar eigd av fiskarane, og at fleire salslag gjennom eigne dotterselskap eig heile eller delar av verksemd som er knytt til omsetning og produksjon av fisk. Det kan difor hevdast at salslaga ikkje vil vere uhilda ved utføring av enkelte typar kontrollar, samt at det kan vere ei fare for misbruk av innhenta opplysningar i dei tilfeller kor salslaga gjennom dotterselskap er involvert i fiskerinæringa. Samla leier dette til spørsmål om salslaga ikkje bør ha kompetanse til å utføre ressurskontroll som gjev dei tilgang til visse typar opplysningar.

Salslaga si verksemd som ikkje direkte er organisering av førstehandsomsetninga skal etter råfisklova skje gjennom dotterselskap. Tidlegare var det ikkje eit slik skilje mellom dei lovfesta primæroppgåvene til salslaga og forretningsdrift. Då denne innskrenkinga i den ålmenne næringsfridomen for salslaga vart gjort, var grunngjevinga at det ville kunne gje grunnlag for eit meir ordna skilje mellom forretningsdrift og dei lovfesta oppgåvene til salslaga, jf Ot.prp. nr. 61 (1991 – 92). Det vart og lagt vekt på at dette skiljet ville kunne gje salslaga betre spelerom til å fylle sine primæroppgåver. Såleis kan det seiast å vere avstand mellom organiseringa av førstehandsomsetninga og anna forretningsdrift.

Det har like fullt frå landindustrien og deira medlemsorganisasjonar tidlegare kome innvendingar mot at salslaga skal kunne kontrollere sine eigne verksemder. Dei har peika på at det vil kunne skade ein uhilda kontroll, at dei som kontrollerer har eigarpartar i dei selskapa som vert kontrollerte. Det vert også synt til at offentleg kontroll må utøvast av nøytrale organ, og at so ikkje vil vere tilfelle når salslaga som kontrollorgan er involvert i fiskerinæringa gjennom dotterselskap.

Salslaga sjølve ønskjer ut frå fleire omsyn både å kunne delta i næringsverksemd gjennom dotterselskap og å kunne utføre ressurskontrolloppgåver. Salslaga ser kontrollverksemd som ein naturleg og viktig del av sine oppgåver, og er opptekne av å styrke denne i framtida.

Departementet ser salslaga sine argument om at det er teneleg ut frå fleire omsyn å kunne delta i næringsverksemd gjennom dotterselskap. Departementet har tiltru til og erfaring med at salslaga utfører sine offentlege oppgåver på ein uhilda og god måte. Dette gjeld også ressurskontroll- og omsetningskontrolloppgåver. Det skal understrekast at salslaga har vorte stadig meir profesjonelle som forvaltningsorgan i takt med at dei utfører stadig fleire oppgåver på vegne av myndigheitene. Dei to største salslaga har også etablert eigne kontrollavdelingar som skal vere uavhengige av resten av organisasjonen, slik at ressurs- og omsetningskontrollen skal vere mest mogleg uhilda. Vidare er ein forsvarleg og best mogleg ressurskontroll ei overordna samfunnsinteresse, som det også er i fiskarane og fiskekjøparane si eigen interesse vert best mogleg.

Det er også viktig at allereie oppbygde system vert nytta i dette arbeidet. Det gjeld ikkje minst for salslaga, som både har eit apparat og mykje verdifull kunnskap som bør nyttast i ressurskontrollarbeidet.

For å få full nytte av dette, må salslagas kompetanse til å utføre kontroll gjevast eit konkret og teneleg innhald. Departementet meiner på denne bakgrunn at § 12 – 5 må utformast slik at salslaga ved utføring av ressurskontroll kan krevje tilgang til fartøy, merdar og kjøpars lager og rekneskapsmateriale. Likeeins må det etablerast ei plikt for dei som vert kontrollerte å utlevere slike opplysningar til salslaga.

8.1.9.4 Høyringsfråsegner

Høyringsfråsegnene er delte i synet på kontrollansvaret til salslaga. Norges Fiskarlag, Norges Råfisklag, Vest-Norges Fiskesalslag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, Rogaland Fiskesalgslag, Skagerakfisk og Fiskeridirektoratet støttar forslaget frå departementet, medan Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Finansdepartementet og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening av ulike årsaker går i mot forslaget.

Fiskeridirektoratet viser til at dei i høyringsfråsegna til havressurslova har peika på at ansvaret til salslaga for ressurskontroll etter saltvassfiskelova må følgjast opp med nødvendige heimlar for gjennomføring av kontroll.

Salslaga peikar i sine høyringsfråsegner på at det er viktig for salslaga å ha kompetanse til å kunne utøve faktisk kontroll for å avdekkje feil i fangst- eller omsetningsopplysningar og at dei har tilgang til slike opplysningar som nemnt i forslaget.

Norges Fiskarlag framhevar at:

Fiskerene og samfunnet har felles interesse og nytte i en forsvarlig og best mulig ressurskontroll, og at salgslagenes store kompetanse, totaloversikt og oppbygde system bør kunne benyttes i denne kontrollen. Norges Fiskarlag viser til at salgslagene selv er av den oppfatning at innsyn i mottakers regnskaper er en forutsetning for at omsetningskontrollen de også er pålagt etter § 7 i råfiskloven kan bli reell. Fiskarlaget støtter denne oppfatning.

Norges Fiskarlag legg til grunn at statens kontrollør vert trekt inn i kontrollarbeidet ved å få eit særleg ansvar for revisjon av salslaga sine kontrollsystem.

Dei høyringsinstansane som går i mot forslaget, har i hovudsak lagt vekt på at salslaga driv eiga verksemd gjennom dotterselskap. Fornyings- og administrasjonsdepartementettrur såleis at:

en hjemmel for innsyn som foreslått vil gi rollekonflikter der salgslagene selv driver virksomhet utenfor enerettsområdet. Når offentlig kontroll utføres av en aktør som står i et ervervsmessig konkurranseforhold til kontrollobjektet, vil det vanskelig kunne opprettholdes et tillitsforhold til kontrollinstansen.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet meiner vidare at dei kontrollheimlane som er foreslått kan føre til at kontrollobjekta isolerer aktivitetane som er gjenstand for kontroll i eigne selskap, og at forslaget difor kan auke kostnadane ved foredling av fisk.

Finansdepartementet peikar på at å overlate kontrolloppgåver til aktørar som samstundes har kommersielle interesser, gjev uheldige rollekonfliktar som så langt som råd er bør unngåast. Dei skriv vidare at:

I fiskeri- og landbrukssektoren er slike rollekonflikter langt på vei institusjonalisert gjennom markedsreguleringssystemet, omsetningsloven, råfiskloven og unntak fra konkurranseloven.

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening uttalar at «hva gjelder salgslagenes oppgave i ressurssammenheng, er det intet som tilsier noe behov for at lagene skal få ubegrenset tilgang til kjøpernes regnskaper mm. … FHL finner det helt urimelig at et salgslag som selv driver salg/eksport skal kunne gå igjennom konkurrentenes regnskap og således finne ut f.eks. hvilke kunder de har i Danmark og hvilke priser og betingelser de selger til. … FHL mener videre det vil skape uklarhet og unødig ressursbruk at både Fiskeridirektoratet og flere salgslag faktisk samtidig skal ha rett til å gjennomgå en bedrifts bøker i tillegg til politiet.»

Dei høyringsinstansane som er negative til å styrke kontrollkompetansen til salslaga, har alle fremma alternative løysingar.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet «ber om a det i forbindelse med foreliggende forslag blir utarbeidet alternative løsninger, som blant annet innebærer at kontrollen foretas av et nøytralt offentlig organ, i de tilfelle hvor salgslagene etter høringsforslaget ville få tilgang på regnskaper som omfatter virksomhet som står i et ervervsmessig konkurranseforhold til salgslagenes datterselskaper.»

Finansdepartementet konkluderer med at «tungtveiende prinsipielle hensyn [tilsier likevel] at det bør foretas en konkret vurdering av alternative reguleringsformer basert på at de aktuelle kontrolloppgaver utføres av offentlige myndigheter. Det foreliggende høringsnotat gir ikke grunnlag for å forkaste et slikt alternativ. Først når et slikt alternativ er vurdert, kan det foretas en konkret avveiing av ulike hensyn som grunnlag for en endelig beslutning.»

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening «fastholder følgelig at det må være mer enn tilstrekkelig at kun Fiskeridirektoratet gies en slik utvidet kontrolladgang som det legges opp til i havressursloven.»

8.1.9.5 Vurderingane til departementet

8.1.9.5.1 Generelt

Havressurslovutvalet har som nemnt foreslått å vidareføre gjeldande rett når det gjeld salslaga sitt ansvar for ressurskontrollen. I dette ligg ei prinsipiell vurdering av at salslaga saman med Fiskeridirektoratet og Kystvakta skal ha eit sjølvstendig ansvar for ressurskontrollen. Departementet er samd i denne vurderinga, og foreslo difor i høyringsnotatet referert ovanfor at heimlane for denne kontrollen i havressurslova vert gjort klarare, slik at dei gjev salslaga kompetanse til å oppfylle og gjennomføre alle kontrolloppgåvene dei har vore pålagde i lengre tid.

Dei høyringsinstansane som går imot forslaget legg vekt på at salslaga kan drive verksemd i dotterselskap som ikkje er direkte knytt til organiseringa av førstehandsomsetninga, jf. råfisklova § 3 andre ledd nr. 4. Dette gjer, i følgje desse høyringsinstansane, at salslaga sine dotterselskap kan få innsyn i opplysningar om pris- og marknadsforhold som kan gje eit utilsikta konkurransefortrinn. Det vert også peika på at kontrolloppgåvene til salslaga representerer ei uheldig rolleblanding.

Hovudoppgåva til salslaga er å regulere førstehandsomsetninga av råfisk. Gjennom denne aktiviteten kjem det fram ei rekkje opplysningar som er viktige i ressurskontrollen. Plikta til å gje slike opplysningar til salslaga er mellom anna nedfelt i landings- og sluttsetelforskrifta, og er ein viktig del av kvote- og ressurskontrollen. Gjennom reguleringa av omsetninga i første hand får salslaga i dag oppgjeve prisar, kvantum, produkttilstand og liknande.

Lovgjevar har sidan 1990 understreka at salslaga har eit ansvar for ressurskontrollen. Seinast i 2001 understreka lovgjevar at salslaga skal ha eit sjølvstendig kontrollansvar, jf. Ot.prp. nr. 92 (2001 – 2002). Forslaget som departementet har fremma no er berre ei oppfølgjing av lovendringa i 2001, då salslaga sitt kontrollansvar vart utvida frå eit medverkingsansvar til eit sjølvstendig ansvar, for å gje salslaga heimlar til å utføre dei oppgåvene dei har vore pålagde sidan 1990.

Departementet vil undertreke at sjølv om ressurskontroll ikkje er salslaga si primære oppgåve, har dei ei svært viktig rolle i det samla ressurskontrollarbeidet. Departementet vil også understreke at dei har eit større potensial for å utføre ressurskontrolloppgåver enn det som vert utnytta i dag. Departementet vil difor at salslaga vert sette i stand til å utføre kontrollar og at kontrollsubjekta pliktar å gje salslaga slike kontrollopplysningar som går fram av føresegna i lova. Salslaga sitt kontrollansvar og kompetanse skal vere avgrensa til dei opplysningar som naturleg følgjer av verksemda til salslaga etter råfisklova.

Ressurskontrollarbeidet i Noreg er bygd opp med ein kvotekontroll som salslaga i dag utfører, og operativ kontroll basert på risikovurderingar. Det norske systemet, der fangst vert omsett gjennom salslag i første hand, gjev ei unik registrering av kvantum, art, kvoteområde og pris som gjer dette til eit godt verktøy i kontrollsamanheng.

Salslaga har ofte minst like god informasjon om slike opplysningar i sann tid som styresmaktene og kan peike ut aktuelle kontrollsituasjonar. Fleire av salslaga driv i dag såleis kaikontrollar, både for å sikre at kvantumsopplysningar er rette og for å kontrollere at omsetningssystemet vert følgt.

Departementet vil understreke at styresmaktene dei seinare åra har ført ein aktiv kamp både politisk og praktisk for å kome ulovleg fiske til livs, særleg i nærområda våre. Det ulovlege fisket rammar heile næringa og kystsamfunna. Som ei følgje av dette har løyvingane til det ressurskontrollarbeidet Fiskeridirektoratet og Kystvakta driv, auka dei seinare åra. Arbeidet kan styrkast ytterlegare ved å nytte den ressursen salslaga representerer på beste måte.

Gjennom reglane om hamnestatskontroll i NEAFC krevst det no at ein større del av landingane skal kontrollerast fysisk. Dette utfordrar det norske kontrollapparatet, som mellom anna på grunn av registrerings- og førstehandsomsetningssystemet, har kunna hatt ein heller låg frekvens av fysiske kontrollar med landingar. Eit auka krav til fysisk kontroll av landingar stiller krav til ein meir kostnadseffektiv bruk av ressursane i det samla kontrollarbeidet i Fiskeridirektoratet. Departementet meiner difor det vil vere tenleg å kunne inkludere også dei kaikontrollane salslaga allereie utfører i det samla talet på fysiske kontrollar av landingar, og på andre måtar å kunne nytte den ressursen salslaga er i kontrollarbeidet.

Ein høyringsinstans viser til at tungtvegande prinsipielle omsyn talar for at det vert vurdert om desse kontrolloppgåvene bør utførast av offentlege styresmakter. Departementet meiner som nemnt lovgjevar ved fleire høve heilt sidan 1990 har bestemt at salslaga faktisk skal delta i kontrollarbeidet på ein slik måte som skissert i departementet sitt høyringsnotat. Dei viktige og prinsipielle vurderingane er såleis allereie gjort. Fleire av salslaga har også delteke i ressurskontrollarbeidet ved å gjennomføre eigne ressurskontrollar ved landing av fangst, eller ved å delta saman med Fiskeridirektoratet.

Departementet drøfta likevel i høyringsnotatet moglege negative følgjer av salslaga sine kontrolloppgåver og retten deira til å drive forretningsverksemd i dotterselskap. Departementet ser at denne retten for salslaga reiser prinsipielle problemstillingar. Samstundes meiner departementet at frykta for at salslaga skal misbruke informasjon innhenta ved kontroll er mykje overdriven. Når salslaget utfører ein kontroll er det som offentleg styresmakt, og som offentleg styresmakt er salslaget underlagt teieplikt om forretningsløyndomar med tilhøyrande reglar om straff om pliktene vert brotne. Dette gjeld òg bruk av slik informasjon i eiga næring.

Departementet vil peike på at det er Fiskeridirektoratet som har og skal ha hovudansvaret for ressurskontrollen i Noreg. Forslaget om å styrke salslaga sin kontrollkompetanse inneber ikkje at dei skal overta oppgåver frå Fiskeridirektoratet, men at dei skal setjast i stand til å utføre dei oppgåvene lovgjevar tidlegare har pålagt dei. Slik sett kan ikkje departementet sjå at det er grunnlag for å vurdere alternative reguleringsformer basert på at dei aktuelle kontrolloppgåvene vert utførde av offentlege styresmakter, slik ein høyringsinstans foreslår. Kontrolloppgåvene vert tekne hand om av ei offentleg styresmakt, men salslaga skal i tillegg kunne utføre slik kontroll.

Departementet kan ikkje sjå at faren for misbruk av kontrollopplysningar er overhengande, slik mellom anna Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening gjev uttrykk for. Salslaga har allereie gjennom sluttsetlane tilgang til kva prisar dei ulike kjøparane betaler, utan at det vert hevda at desse opplysningane vert misbrukte. Like fullt meiner departementet det ikkje er heldig at det vert stilt spørsmål ved habiliteten til salslaga som kontrollorgan. Opplysningar om vidaresal og kundar må reknast som meir konkurransesensitive enn opplysningar om omsetnaden i første hand. Departementet vil i dei nærare føresegnene for kontrollverksemda ta sikte på å skape rutinar for å sikre at slik informasjon ikkje vert nytta til andre formål enn det dei er innhenta for. Vi viser vidare til at dei to største salslaga har organisert kontrolleiningane sine slik at dei skal vere uavhengige av resten av organisasjonen. Departementet vil peike på at dette kan vere ei fornuftig løysning også for dei andre salslaga, og det kan medverke til at kontrolleiningane til alle salslaga vert rekna som uavhengige. Ei slik løysing kan likevel vere problematisk å få til i praksis for dei minste salslaga, som ikkje har så mange tilsette.

På den andre sida er det viktig å få fram at Fiskeridirektoratet og salslaga gjennom eit prosjekt nyleg har samarbeidd for å betre og effektivisere ressurskontrollen salslaga og Fiskeridirektoratet imellom. Prosjektet har gjeve grunnlag for betre samarbeid og rutinebeskrivingar, og inneber også ei tettare oppfølgjing av salslaga som offentleg kontrollinstans. Departementet meiner dette vil vere ein styrke ved at salslaga vert rekna som uavhengige og sjølvstendige aktørar i ressurskontrollen.

Departementet vil òg peike på at salslaga samla legg ned betydelege ressursar i kontrollarbeidet, knytt til både fysiske kontrollar, kvoteavrekning og oppbygging og vedlikehald av datasystem for registrering av fangstar. Salslaga sjølve framhevar at god ressursforvaltning og god ressurskontroll er grunnleggjande føresetnader for verksemda fiskarane og salslaga driv. Det same gjer fiskarane. Dersom ein skulle kome til at salslaga ikkje lenger skal utføre ressurskontroll, reknar departementet med at det får konsekvensar i form av krav om auka offentleg innsats. Departementet viser til at salslaga brukar mange årsverk til ressurskontroll, og dei to største laga har fast tilsette kontrollørar som gjennomfører mange landingskontrollar. Vert dette avvikla vil det heilt klart svekkje den nasjonale innsatsen på ressurskontrollområdet.

Departementet meiner på denne bakgrunn at salslaga skal gjevast kompetanse til å få tilgang til fartøy og landanlegg og tilgang til relevante kontrollopplysningar, samstundes som kontrollsubjekta får plikt til å gje slik tilgang og slike opplysningar. Departementet vil likevel stille krav til organiseringa av kontrollarbeidet i dei tilfella der salslaga driv konkurrerande verksemd.

For å sikre at det ikkje vert stilt spørsmål ved misbruk av kontrollopplysningar for dei salslaga som driv konkurrerande verksemd i dotterselskap, må dei salslaga som driv konkurrerande verksemd organisere kontrolleiningane sine slik at dei er uavhengige av resten av organisasjonen. Dette gjeld likevel berre for dei som ønskjer å drive kontroll av rekneskapsopplysningar som ein del av kontrollverksemda. For dei salslaga som ikkje vil drive denne type kontroll, er det ikkje nødvendig å opprette uavhengige kontrolleiningar for å føre vidare den kvotekontrollen salsaga utfører i dag. Kravet til å organisere kontrollverksemda som ovanfor nemnt gjeld vidare berre for dei salslaga som faktisk driv konkurrerande verksemd gjennom dotterselskap.

I vurderinga av kva som skal reknast som konkurrerande verksemd, skal det leggjast ei vid tolking til grunn, og det vil vere opp til departementet å fastleggje kva som skal reknast som konkurrerande verksemd dersom det oppstår spørsmål om dette.

Kompetansen til å utøve kontrolloppgåver inneber også at salslaga er underlagde instruksjonsmynde frå styresmaktene på dette området og at utføringa av desse oppgåvene må følgjast opp tettare enn i dag. Departementet finn det tenleg å gje nærare forskrifter om dette. Her vil departementet setje krav til organisering av kontrolleininga for å sikre uavhengig handheving, god og dokumenterbar gjennomføring av kontrollane, vern av forretningsløyndomar og at rapporteringspliktene til Fiskeridirektoratet vert haldne.

Forslaget til føresegn er teke inn i § 48 andre, tredje og fjerde ledd, som også samsvarar med forslaget til ny føresegn i råfisklova § 7, jf. nedanfor.

8.1.9.5.2 Forholdet til råfisklova § 7

Salslaga skal etter råfisklova § 7 føre kontroll med at føresegnene fastsette i eller i medhald av råfisklova vert følgde. Kontrollen omfattar også råfisk som vert landa utan at fisken vert omsett. Plikta til å kontrollere at føresegnene i råfisklova vert følgde heng saman med omsetningsmonopolet salslaga har med heimel i råfisklova. Slik kontroll vert av salslaga ofte kalla for omsetningskontroll.

Råfisklova § 7 kom inn i lova i 1990. Grunngjevinga i forarbeida (Ot. prp. nr. 81 (1988 – 89)), syner at styresmaktene var mest opptekne av kva salslaga kunne bidra med ved kontroll av om reguleringar og liknande vart følgde.

Like fullt gjev føresegna salslaga eit vidare ansvar. Dei skal sjå til at omsetningssystemet vert følgt, ved at råfisk vert omsett gjennom salslaga og at omsetninga skjer i tråd med råfisklova, råfiskforskrifta og salslaga sine forretningsreglar. Departementet meiner salslagas ansvar for å kontrollere at føresegnene i eller i medhald av råfisklova § 7 vert følgde, skal førast vidare.

Lik saltvassfiskelova § 45a gjev ikkje råfisklova § 7 salslaga tilstrekkeleg heimel til å gjennomføre dei kontrolloppgåvene dei er pålagde. Departementet vil difor foreslå at råfisklova § 7 vert endra slik at salslaga får heimel til gjennomføre dei kontrollane dei allereie er pålagde.

Nokre av høyringsinstansane har særleg vore kritiske til at salslaga skulle få kompetanse til å kontrollere at desse føresegnene vert haldne, særleg gjeld det minstepris. Departementet vil peike på at dei opplysningane salslaga kontrollerer vil i dei aller fleste tilfelle vere dei same, anten dei gjennomfører ressurskontroll etter saltvassfiskelova eller omsetningskontroll etter råfisklova. Ved kontrollar finn ein ofte brot på begge typar reglar. Omsetningskontroll og ressurskontroll heng såleis nært saman.

Departementet vil peike på at omsetningsmonopolet og den registreringa av fangst som skjer gjennom salslaga, gjev fiskeristyresmaktene ei unik oversikt over landa og omsett fisk og verdien i første hand. Dette systemet er avhengig av ein effektiv omsetningskontroll for å sikre at enkelte ikkje undergrev det. Departementet meiner difor det er nødvendig at salslaga også har heimel til å gjennomføre kontroll med at råfisklova og føresegner fastsette i medhald av denne, vert følgde. Noko av det viktigaste med omsetningskontrollen er nettopp å kontrollere at dei økonomiske føresegnene fastsette i eller i medhald av råfisklova, vert følgde. Denne kontrollen kan salslaga ikkje utøve fullt ut, utan tilgang til sentrale kontrollopplysningar hos kjøpar og seljar.

Departementet meiner at drøftinga ovanfor i høve til ressurskontroll også gjeld for omsetningskontroll. Råfisklova § 7 må såleis endrast for å gje salslaga kompetanse til å gjennomføre omsetningskontrollar slik dei er pålagde i føresegna.

Departementet meiner at føresegner som gjev salslaga heimel til å utføre omsetningskontrollar på fartøy og anlegg og føresegner som pålegg kontrollsubjekta å gje salslaget tilgang til opplysningar, bør gjelde for dei same objekt, stader og opplysningar som for salslaga sine ressurskontrolloppgåver. På same måte skal kontroll av rekneskapsopplysningar vere underlagde dei same restriksjonar som for kontroll etter havressurslova § 48. Forslaget til føresegn i råfisklova § 7 andre og tredje ledd, samsvarar difor med forslaget til føresegn i havressurslova § 48 andre, tredje og fjerde ledd.

8.1.9.5.3 Særleg om overføring av fangstopplysningar

Fiskeridirektoratet fører oversikt over fartøya sine kvotar og rettar, medan salslaga registrerer all fangst som vert landa og ført på landings- og sluttsetel, og avreknar fangsten fartøya sine kvotar.

Registrering av all fangst som vert landa og omsett er ein viktig del av ressurskontrollen. Registreringa av fangstdata og overføringa av desse opplysningane til Fiskeridirektoratet, er ein grunnleggjande føresetnad for ein korrekt fangststatistikk. Overføring av fangstopplysningar frå salslaga til Fiskeridirektoratet er i dag berre regulert i avtalar mellom salslaga og Fiskeridirektoratet. Det er ikkje fastsett noko plikt i lov eller forskrift for salslaga til å rapportere fangstopplysningar. Pliktene for fiskar og kjøpar eller mottakar av fisk til å gje opplysningar om fangsten, er derimot regulerte i landings- og sluttsetelforskrifta.

Departementet meiner at salslaga sitt ansvar for å formidle fangstopplysningar til Fiskeridirektoratet bør regulerast i lov eller forskrift. Dette er ei viktig offentleg oppgåve som salslaga utfører for styresmaktene, og det er ikkje tilfredsstillande at denne oppgåva berre er regulert i gamle avtalar, slik det er i dag.

Ved lov- eller forskriftsfesting kan ein regulere desse oppgåvene på ein tenleg måte og ein kan også ta omsyn til at Fiskeridirektoratet må kunne føre tilsyn med om salslaga oppfyller pliktene sine til rapportering av slike opplysningar. Ei lov eller forskriftsfesting vil gjere salslaga sine oppgåver på dette området meir synlege.

Departementet meiner det er tilstrekkeleg om salslaga si rapporteringsplikt vert fastsett i forskrift. Det vert gjort framlegg om heimel for slik forskrift i § 48 fjerde ledd.

8.2 Enkelte tekniske reglar med kontrollformål

8.2.1 Innleiing

For å forvalte dei levande ressursane i havet på ein tenleg måte, er det i saltvassfiskelova fastsett ei rekkje reglar av ulik karakter, knytt til regulering av ressursuttaket. For å medverke til at haustinga skjer i samsvar med gjeldande reglar, og for å gjere ressurskontrollen betre og meir effektiv, kan departementet etter saltvassfiskelova § 4 første ledd gje føresegner som påbyr eller forbyr bestemte reiskapstypar, teknisk utstyr og krav til dokumentasjon av ulikt slag. Vidare kan departementet gje påbod om plikt for næringsutøvarane til å skaffe seg informasjon og ta i mot og sende meldingar til styresmaktene.

Slike føresegner handlar om krav som skal leggje til rette for kontroll og redusere faren for at nokon kan skjule regelbrot. Ovanfor i kapittel 8.1 gjekk vi gjennom pliktene dei ulike aktørane har i samband med kontroll før, under og etter hausting. Vidare er det gitt tekniske reglar om korleis haustinga skal gjennomførast for å sikre eit berekraftig ressursuttak og eit tenleg haustingsmønster.

8.2.2 Forbod mot å ha visse typar reiskapar og utstyr

Departementet kan med heimel i saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav m gje nærare reglar om forbod mot å ha visse typar reiskapar om bord i fiskefartøy eller reglar om korleis enkelte typar reiskapar skal oppbevarast om bord.

Det er ikkje i medhald av § 4 første ledd bokstav m fastsett eit slikt forbod mot å ha om bord reiskapar som ikkje lovleg kan nyttast i det området fartøyet er i. Det betyr likevel ikkje at det ikkje finst reglar om kva type reiskapar dei ulike fartøya kan fiske med. Til dømes er det reglar om kva reiskapar som er tillatne og forbodne å fiske med i ulike område og reglar om korleis reiskapar det er forbode å fiske med, skal oppbevarast om bord på fiskefartøy, jf. nedanfor.

Hovudårsaka til at det ikkje er gjeve slikt forbod i medhald av § 4, er at ein del fartøy på same tur fiskar i ulike område, og med ulike reiskapar. Forbod mot å ha om bord utstyr som ikkje er lovleg i eitt område kunne føre til at fartøy måtte gå til land for å hente andre reiskapar i samband med skifte av område. Eit eksempel er fiske med stormaska trål nord og sør for 64°N, der maskevidda er 120 millimeter sør for grensa og 135 millimeter nord for grensa.

Reglar om kva reiskapar som er tillatne eller forbodne i ulike fiskeri og i ulike område, krav til utforming av reiskapar og reglar om maskevidde o.a., finn ein i utøvingsforskrifta. Når det gjeld forbod mot å ha ulike typar reiskapar om bord, er utgangspunktet i forskrifta § 13 at det er forbode å ha på dekk reiskapar og utstyr som ikkje oppfyller krava for det fiskeriet ein til ei kvar tid driv. Likevel kan delar av slike reiskapar oppbevarast på dekk når dei ikkje lettvint kan takast i bruk. Sentrale delar av ein trål skal til dømes vere frådelt resten av reiskapen, stua vekk, dekt av presenning og surra. Hovudformålet med denne føresegna er å hindre at ulovlege reiskapar lett kan takast i bruk under hausting.

Etter gjeldande rett kan departementet vidare med heimel i saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav p gje reglar som forbyr eller regulerer bruken av bestemte typar utstyr som kan nyttast til sortering, oppmaling eller dumping av fisk eller foredla fangst. Slike reglar kan vere viktige for å hindre eller gjere det vanskeleg med såkalla «high grading», dvs. utsortering og dumping av fangst med mindre verdi. Det er hittil berre gjeve reglar som forbyr bruk av sorteringsinnretningar om bord i fartøy som fiskar sild og makrell. For fiske av desse fiskeslaga er det også fastsett nærare krav til innretningar som er nødvendige for avsiling av vatn. I andre fiskeri er det ikkje innført slike reglar.

8.2.3 Påbod om kontrollutstyr (satellittsporing o.a.)

I medhald av saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav s kan departementet gje reglar om plikt til å ha og bruke bestemt utstyr for kontroll, rapportering og fastsetjing av posisjon, dvs. overføring av posisjonsopplysningar. Denne heimelen kom inn i lova i 1998 og er heimelen for føresegner om satellittsporing, jf. Ot.prp. nr. 58 (1997 – 98). Det er i forskrift 7. april 1999 om satellittbasert overvåkning av fiske- og fangstfartøys aktivitet innført plikt til å ha om bord godkjent utstyr som automatisk sender opplysingar om posisjonen, kursen og farten til fartøyet ein gong kvar time. Plikta gjeld no for norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter uavhengig av om dei er i farvatn under norsk jurisdiksjon, annan stats jurisdiksjon eller på det opne hav. Ved fiske i internasjonalt farvatn, gjeld plikta for alle norske fartøy, uavhengig av storleik. For fartøy som fiskar i EU-sona, gjeld kravet om satellittsporing for fartøy over 15 meter. I fiskerisona ved Jan Mayen og fiskevernsona ved Svalbard er det fastsett forskrifter om sporing for norske og utanlandske fartøy etter sonelova og svalbardlova. Utanlandske fartøy over 24 meter som har løyve til å fiske i Noregs økonomiske sone, er også underlagde krav om satellittsporing.

Bakgrunnen for innføringa av krav til slikt posisjoneringsutstyr, var at det kunne gjere ressurskontrollen monaleg meir effektiv, og gje Kystvakta og Fiskeridirektoratet verdfulle opplysningar om kvar fartøya er og kvar dei er på veg. Opplysingane vert nytta til blant anna kontrollformål og forsking, og gjev eit mykje betre bilete av fangstaktiviteten enn det styresmaktene kan skaffe seg på annan måte. Satellittsporing kan mellom anna gje indikasjonar på om fartøy har fiska lovleg eller ikkje.

I kvalfangsten er det utvikla eit eige ferdskrivarsystem (blue-box) som alle kvalfangstfartøy med heimel i saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav s er pålagde å ha. Systemet har mellom anna sterkt redusert behovet for inspektørar om bord i desse fartøya.

Opplysingane vert sende til Fiskeridirektoratet og vert lagra i eit eige register oppretta med heimel i saltvassfiskelova § 45 sjuande ledd.

Departementet kan fastsetje nærare reglar om registrering og bruk av opplysningar i registeret. Slike reglar er gjevne i forskrift om register for lagring av opplysningar innsamla ved bruk av satellittsporingsutstyr på fiskefartøy.

Registeret vart oppretta for bruk av Fiskeridirektoratet og Kystvakta i kontrollsamanheng, og det er berre desse to som har full tilgang til registeret. Registeret kan også nyttast til å oppfylle Noreg sine internasjonale plikter om overvaking og kontroll o.a. I forskrift er det vidare fastsett reglar om i kva tilfelle opplysningar kan utleverast til andre. Opplysningar kan etter forskrifta mellom anna utleverast til politi- og påtalemakt til bruk i straffesak, til statistikkformål i anonymisert samanheng og til Havforskingsinstituttet i forskingssamanheng. Opplysningane vert også formidla til Hovudredningssentralen til bruk ved redningsoperasjonar.

8.2.4 Krav til å ha tekniske dokument og teikningar, krav til stuing

Departementet kan med heimel i saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav q gje reglar om plikt til å ha godkjende kalibreringsdokument, lasteromteikningar og stuingsoversyn om bord.

Det er i forskrift gjeve pålegg om å ha godkjende kalibreringsdokument om bord i fartøy som er utstyrt med isvatn- eller RSW-tankar. Formålet er å gjere det mogleg å nytte peiling av tankane som eit ledd i kontrollen. Dette er særleg viktig ved kontroll av utanlandske fartøy på havet, fordi desse ofte ikkje landar fangstane sine i Noreg.

Fartøy over 24 meter med vanlege lasterom for føring av fersk eller fryst fangst har plikt til å ha kontrollerte teikningar av lasterom om bord ved hausting i farvatn under norsk jurisdiksjon. Dersom fartøyet deltek i fiske i det nordvestlege Atlanterhav (NAFO-området) eller i EU-farvatn, gjeld dette kravet for fartøy over 17 meter.

Etter saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav q kan det også innførast plikt til å føre stuingsoversyn. Det er ikkje gjeve slike reglar i dag.

Etter saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav r, kan departementet gje reglar som pålegg fartøy separat stuing og sortering. Ein har prøvd å innføre slike krav fleire gonger, men framlegga har ikkje vorte vedtekne grunna uavklara spørsmål kring tryggleik og sjødyktigheit. Krav til separat stuing og sortering kan ha store fordelar ved kontroll av lasta til fartøy på sjøen.

8.2.5 Plikt til å innhente informasjon

Etter saltvassfiskelova § 9 andre ledd kan departementet påleggje dei som deltek i fiske og fangst å lytte på bestemte radiofrekvensar til bestemte tider for å få meldingar om reguleringar og når dei vert sette i verk. Departementet kan gje nærare reglar om kunngjering av slike meldingar og påleggje fiskarar å svare på oppkalling på radio. Det er viktig å peike på at plikta til å lytte på radio og halde seg oppdatert om endringar i reguleringane er absolutt, slik at fiskarar ikkje kan hevde at dei ikkje har fått med seg meldingane.

8.2.6 Reglar om melding ved start og avslutning av hausting og framstilling for kontroll

Med heimel i sonelova og svalbardlova, er det fastsett reglar om melding om start av fiske, fangstmeldingar, omlastingsmeldingar, melding om hamnestopp, melding om avslutning av fisket og melding om framstilling for kontroll for utanlandske fiske- og fangstfartøy. Desse reglane gjeld når desse fartøya skal fiske i Noregs økonomiske sone, fiskevernsona ved Svalbard, i Svalbards territorialfarvatn eller indre farvatn og i fiskerisona ved Jan Mayen.

Med unntak av plikt til å sende melding om framstilling for kontroll, gjeld tilsvarande reglar også for norske fartøy som fiskar i fiskevernsona ved Svalbard og Svalbards territorialfarvatn og indre farvatn.

Med heimel i saltvassfiskelova § 9 er det vidare fastsett reglar om rapporteringsplikt for norske fartøy med torsketrålløyve som kan tilverke fangst til filet om bord, for norske fartøy som omlastar i farvatn under norsk jurisdiksjon, i internasjonalt farvatn og i andre land sine soner, og for norske fartøy som er omfatta av reglane om hamnestatskontroll. På same måte som forskriftene som er fastsette med heimel i sonelova og svalbardlova, inneheld denne forskrifta krav om rapportering ved start og avslutning av fiske, omlasting, hamnestopp og rapportering om fangst.

Krav til innhald i dei aktuelle meldingane kan variere avhengig av kvar det vert fiska, kva slags fiskeslag det gjeld o.a. Til dømes skal utanlandske fartøy som fiskar i Noregs økonomiske sone sør for 62°N sende melding om fiskestart tidlegast 12 timar før innsegling i sona, men seinast 1 time før innsegling i sona. Fartøy som skal fiske i Noregs økonomiske sone nord for 62°N, i fiskevernsona ved Svalbard og i Svalbards territorialfarvatn eller indre farvatn skal sende melding om fiskestart tidlegast 24 timar og seinast 12 timar før fiske startar. Fartøy som skal fiske i fiskerisona ved Jan Mayen skal sende melding om fiskestart tidlegast 12 timar og seinast 6 timar før fisket startar. Når det gjeld plikta til å melde seg for kontroll, skal alle utanlandske fartøy som fiskar i Noregs økonomiske sone nord for 62°N, i fiskevernsona ved Svalbard og i Svalbards territorialfarvatn og indre farvatn melde seg for kontroll ved eit av fleire fastsette kontrollpunkt ved avslutning av fisket. Plikta til å melde seg for kontroll er ikkje sett i kraft for fiskevernsona ved Svalbard eller for Svalbards territorialfarvatn og indre farvatn. Sør for 62°N er det berre fartøy som har lisens til å fiske etter sild eller makrell som er pålagde å framstille seg for kontroll i eit av fleire kontrollområdar. Ved fiske i fiskerisona ved Jan Mayen er det ikkje fastsett plikt til å framstille seg for kontroll.

8.2.7 Omrekningsfaktorar

Etter saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav t kan departementet fastsetje omrekningsfaktorar for berekning av rund vekt for fangst som vert landa, produsert, oppbevart eller transportert. Denne heimelen vart vedteken i 2001, og det er gjort nærare greie for bakgrunnen for lovendringa i Ot.prp. nr. 92 (2000 – 2001). Før den tid vart det fastsett omrekningsfaktorar i reguleringsforskriftene, men desse var då knytt til berekninga av kvoten til fartøya og ikkje dei aktivitetane som skjer etter fisket.

Lovendringa i 2001 innebar difor to ting; heimelen for å kunne gje omrekningsfaktorar vart klarare og omrekningsfaktorane skulle brukast ikkje berre ved fangsting, men også ved kontroll ved landing, produksjon, transport o.a. Slik vart omrekningsfaktorane styrka som eit viktig verkemiddel i ressurskontrollen.

Omrekningsfaktorar har i lang tid også vore brukt i statistikksamanheng for å berekne uttak av fisk. Etter at mange av dei viktigaste fiskeria er kvoteregulerte, har det vorte behov for å nytte omrekningsfaktorar også i samband med sjølve kvoteavrekninga og for å sikre at fartøya ikkje overfiskar kvotane sine. Kvotar og uttak av fisk vert fastsette i rund vekt, medan fangsten ofte vert landa meir eller mindre foredla. For å berekne ressursuttaket er det såleis nødvendig å kunne rekne om frå det kvantum produktvekt fartøya leverer til kvantum rund vekt.

I denne samanheng er reglane om vasstrekk ved landing av pelagisk råstoff også ein omrekningsfaktor. Det er i forskrift fastsett eit standardisert vasstrekk på 2 % som skal trekkast ifrå etter veging av fangsten. Kvoten til fartøyet vert belasta med det kvantumet ein står igjen med etter vasstrekket.

For å få ei mest mogleg korrekt registrering av uttaket, er det viktig at omrekningsfaktorane speglar av det reelle utbyttet ved dei ulike produkta som vert leverte. Det har kome fram at det er behov for revisjon av omrekningsfaktorar for kvitfisk og å utvikle faktorar for produkt som i dag ikkje er dekka av eksisterande omrekningsfaktorar. Fiskeridirektoratet går no igjennom dette. Noko av behovet for endringar av gjeldande omrekningsfaktorar skriv seg frå saker avdekte under kontrollar der det viser seg at det vert produsert enkelte filetprodukt om bord i fabrikkfartøy som det ikkje finst offisielle omrekningsfaktorar for. Dette kjem heller ikkje fram ved føring av fangstdagbok eller landings- og sluttsetlar. Sidan det ikkje finst faktorar for produkta, baserer føringa av desse dokumenta seg på produkt som ikkje er i samsvar med det som faktisk vert produsert. Då vert ikkje kvoteavrekninga korrekt i høve til det som faktisk vert hausta rekna i rundvekt. I tillegg er det behov for å gå gjennom forskriftene og omrekningsfaktorane på grunnlag av fleire rettssaker der spørsmål knytt til omrekningsfaktorar har vore sentralt. Når det gjeld kvitfisk er det også eit behov for å utarbeide standardar om vasstrekk på lik linje med pelagisk sektor.

8.2.8 Regulering av omlasting

Etter saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav u kan det innanfor saltvassfiskelova sitt verkeområde gjevast forskrifter om omlasting. Føresegna var ein del av lovendringane som vart vedtekne i desember 2006, jf. Ot.prp. nr. 98 (2005 – 2006).

I fiskeforbodslova § 5 første ledd er det fastsett forbod mot omlasting, tilverking og pakking av fisk og fiskeprodukt for fartøy som ikkje er norsk. Forbodet gjeld fangst både frå norske og utanlandske fartøy, jf. fiskeforbodslova § 5 første ledd. Føresegnene i fiskeforbodslova gjeld i norsk territorialfarvatn, men ikkje territorialfarvatnet ved Svalbard, jf. fiskeforbodslova § 1. Føresegnene i fiskeforbodslova gjeld også i Noregs økonomiske sone, jf. sonelova § 3.

I territorialfarvatnet er det såleis ikkje tillate å laste om til utanlandsk fartøy. Departementet kan dispensere frå dette forbodet i akutte situasjonar som havari eller liknande. For norskfanga fisk kan departementet gjere unntak frå forbodet mot omlasting, tilverking og pakking når omsynet til avsetningsforholda tilseier det, og omsynet til produksjonen ved foredlingsanlegga i land ikkje talar imot.

Forbodet mot omlasting, tilverking og pakking av fangst i Noregs økonomiske sone gjeld likevel ikkje omlasting til norske fartøy, fartøy frå medlemsstatar i EU, Russland, Færøyane, Grønland, Island og fartøy frå NEAFC-samarbeidsland.

Det er med heimel i saltvassfiskelova, sonelova og svalbardlova fastsett krav om rapportering av omlasting for utanlandske fartøy. Dette gjeld omlasting i Noregs økonomiske sone, fiskerisona ved Jan Mayen og fiskevernsona, territorialfarvatnet og det indre farvatnet ved Svalbard. Ved omlasting skal det fartøy omlastinga skjer frå melde frå om omlastinga seinast 24 timar før omlastinga startar. Det fartøy som har motteke fangst skal straks og seinast 1 time etter at omlastinga er avslutta sende melding om omlastinga.

Reguleringsforskriftene inneheld føresegner om at kvart fiskefartøy berre kan fiske og lande sine kvotar. I dette ligg at det er forbode å laste om fangst frå fiskefartøy til fiskefartøy. Forbodet er grunna i omsynet til ressurskontroll og kvoteavrekning. Forbodet mot å ta i mot fangst gjeld ikkje for fiskefartøy med fabrikk om bord når fiskereiskapen er plombert.

8.2.9 Forslaget frå havressurslovutvalet

Utvalet peikar på at heimlane til å gje forskrifter som nemnt ovanfor er viktige for ressurskontrollen og foreslår at dei vert førde vidare.

Når det gjeld heimelen for påbod om kontrollutstyr (satellittsporing o.a.) peikar utvalet på at det er under utvikling programvare for automatisk sending også av andre pliktige opplysingar i form av rapportar frå fartøya. Dei viser til at ein tilsvarande heimel som i saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav s vil vere viktig når slike program er ferdig utvikla og klare til utplassering, og at slike opplysingar representerer eit viktig verktøy i kontrollsamanheng og vil utviklast vidare over tid og gje endå større effekt. Utvalet viser vidare til at utviklinga går i retning av at større og større delar av flåten vert underlagd same plikt, og at det kan tenkjast at slik plikt kan innførast overfor reine omlastingsfartøy.

Når det gjeld heimel for plikt til å påleggje skilt stuing og sortering uttalar utvalet at heimelen bør førast vidare, men ikkje nyttast dersom slike krav vil gå ut over stabiliteten og tryggleiken til fartøyet.

Utvalet skriv følgjande om plikta til å skaffe seg informasjon:

Utvalget mener at bestemmelsen bør videreføres for å tydeliggjøre yrkesutøvers ansvar for å holde seg oppdatert innenfor de høstingsvirksomheter som bedrives til enhver tid, og overtredelse av bestemmelsen i seg selv vil kunne medføre straffansvar. Lovens forutsetning om at meldinger om reguleringer gis til bestemte frekvenser til fastsatte tider vil videre være til hjelp for yrkesutøveren i å holde seg oppdatert, og regelen gis derved for en stor del av hensyn til yrkesutøveren selv. Utvalget ønsker videre at loven skal kunne ta høyde for fremtidig utvikling i kommunikasjonsteknologi. I lovforslaget § 7 – 6 foreslås derfor at hjemmelen også omfatter plikt til å anskaffe og bruke annet kommunikasjonsutstyr.

Utvalget ønsker også å videreføre plikten etter saltvannsfiskeloven § 9 annet ledd tredje punktum til å lytte på og besvare anrop på radiotelefon. En slik plikt er viktig å lovfeste for at fartøy ikke skal unndra seg, forsinke eller på annen måte vanskeliggjøre gjennomføringen av kontroll eller generelle pålegg som Kystvakten eller annen myndighet anviser.

Utvalet foreslår at Fiskeridirektoratet får løyve til å opprette register over kontrolldata i tillegg til registeret over satellittdata. Utvalet uttalar vidare at:

En slik hjemmel bør også kunne åpne for etablering av ytterligere registre for andre typer data som oversendes via satellittsporingssystemet. Uten egen lovhjemmel for å opprette slike registre vil en være avhengig av konsesjon fra Datatilsynet. Registeret over satellittdata er en hensiktsmessig modell som sikrer en god og tilpasset regulering spesielt gjennom muligheten til å gi egne forskrifter om registeret og bruken av opplysningene.

Når det gjeld reglar om omlasting, skriv utvalet:

Saltvannsfiskelovens virkeområde omfatter omlasting ved kontroll av omsetning av fisk, og utvidelsen av virkeområde i henhold til Ot.prp. nr. 92 (2001 – 2002) ble således utelukkende gjort med tanke på kontrollformål. Utvalgets forslag til virkeområde for ny havressurslov omfatter omlasting for å kontrollere at høsting er i samsvar med bestemmelser fastsatt i eller i medhold av loven. Innenfor det foreslåtte virkeområdet kan det derfor gis hjemmel til å regulere når, hvor og hvordan omlasting skal skje, samt å gi melding om forestående eller utført omlasting. Slik hjemmel har ikke eksistert for norske fartøy etter saltvannsfiskeloven. Muligheten til å gi regler om når, hvor og hvordan omlasting skal skje vil sikre at kontrollen kan rettes inn mot de fastsatte steder og tider for omlasting av fangst. Omlasting som skjer utenom fastsatte steder og tider, uten at det er inngitt melding eller som på annen måte ikke skjer på foreskrevet måte, vil således i seg selv utgjøre en overtredelse.

Det finnes heller ingen generell plikt til å melde havneanløp til Fiskeridirektoratet, eller til å fremstille seg for kontroll på eller innenfor bestemte posisjoner (designated ports), og samtidig oppgi hvor stor fangst en har om bord. For mottakere på land finnes i dag hjemmel til å pålegge enhver som skal motta fangst å gi melding om anløp på forhånd. Pålegg kan gis for et tidsrom av maksimalt 3 måneder om gangen. Hjemmelen brukes i dag under en del sesonghøsting. Det finnes imidlertid ikke hjemmel til å pålegge at opplysninger om kvantum som skal losses inkluderes i meldingen. Meldeplikten gjør det likevel lettere å prioritere i den daglige gjennomføringen av kontrollen.

Som ledd i pålagte konsesjonsvilkår, praktiseres i dag likevel et pålegg om meldeplikt for fabrikktrålerne. Tang- og taretrålere er også pålagt slik meldeplikt med hjemmel i kontinentalsokkelloven § 2 tredje ledd ved skifte av tarefelt eller avslutning av høstingen på feltet etter forskrift 13. juli 1995 nr. 642 om høsting av tang og tare § 10 annet ledd. I forhold til fabrikktrålerne, har det fra tid til annen fremkommet kritikk mot påleggene, som stort sett går på at tidsfristene er for korte. I det daglige blir det gjort endringer i meldeplikten slik at melding lar seg gjennomføre uten større problemer, på en måte som samtidig gjør det mulig å drive en effektiv kontroll.

Utvalet konkluderer etter denne drøftinga med at det er behov for ein generell heimel til å regulere eller forby omlasting av kontrollårsaker. Dei uttalar vidare:

Det er kontroll- og ressursmessige grunner til at det er ønskelig med regulering av omlasting, og slik regulering skal ikke fastsettes av markedsmessige hensyn. Adgangen til omlasting vil for eksempel kunne begrenses, slik at omlasting bare kan skje i visse områder til bestemte tider. Dette vil bidra til at kontrollen kan rettes inn mot de fastsatte kontrollsoner. Videre bør det være adgang til å pålegge høster eller omlaster å melde fra om forestående eller utført omlasting, og gjennom slik melding redegjøre for omlastet mengde og fangstens sammensetning. Dette er viktig for å sammenholde høstingsfartøyets fangstdagbok med det som ilandføres av omlastingsfartøyet. En slik hjemmel gir også mulighet til å regulere norske fartøys omlasting, eller omlasting fra utenlandske fartøy i fiskerisonen utenfor Jan Mayen eller fiskevernsonen utenfor Svalbard dersom forskriftene uttrykkelig fastslår at de skal gjelde der.

Videre bør det være generell hjemmel til å pålegge den som skifter høstingsområde eller avslutter høstingen å gi melding om endringen i status for aktiviteten innen fastsatte frister. En slik plikt til å melde havneanløp, skifting av høstingsfelt eller avslutting av høsting, og samtidig oppgi hvor mye fangst som er om bord, er til stor hjelp for å prioritere i den daglige gjennomføringen av kontrollen.

Det vil også være til stor hjelp for myndighetene å kunne pålegge fartøy å fremstille seg på eller innenfor bestemte posisjoner eller lande ved bestemte mottak (designated ports) for å kunne kontrollere ilandført fangst effektivt på felles steder.

8.2.10 Høyringsfråsegner

Fiskeridirektoratet og Norges Fiskarlag er dei einaste som har kome med høyringsfråsegn til forslaget til ovannemnde reglar om tilrettelegging for kontroll.

Når det gjeld føresegnene som gjev heimel for å påleggje fartøy å ha elektronisk utstyr og programvare og bruke dette til formidling av opplysningar til styresmaktene, uttalar Fiskeridirektoratet at «bruk av slik programvare medfører kostnader, ikke bare til anskaffelse, men også til selve kommunikasjonen på samme måte som satellittsporingen. Det bør tas høyde for å kunne pålegge også slike kostnader dekket av den som pålegges plikten til å gi opplysningene.»

Fiskeridirektoratet foreslår at det vert fastsett ei eiga føresegn som gjev departementet kompetanse til å fastsetje føresegner om bruk av elektronisk utstyr og programvare for registrering og overføring av opplysningar til styresmaktene. Dei foreslår vidare at det vert fastsett ei eiga føresegn som gjev departementet kompetanse til å gje føresegner om at den som får pålegg om å bruke bestemt utstyr, sjølv skal dekkje kostnadane ved å skaffe, installere og bruke utstyret.

Fiskeridirektoratet peikar på at løyve til å opprette register etter utvalet sitt forslag, skal omfatte dei opplysningane som Fiskeridirektoratet mottek med heimel i opplysningsplikter aktørane er pålagde i eller i medhald av lova, men meiner dette må kome tydelegare fram i lovteksten. Fiskeridirektoratet viser vidare til at det er stadig større behov for oversikt over detaljopplysningar for å få ein effektiv ressurskontroll, og at ein database med slike opplysningar vil falle inn under reglane i personopplysningslova.

Når det gjeld omrekningsfaktorar peikar Fiskeridirektoratet på at det i næringa finst kommersielle namn på ulike produkt som skil seg frå dei forvaltninga brukar i samband med omrekningsfaktorane. Dei meiner difor at forarbeida bør understreke at styresmaktene ved praktisering av omrekningsfaktorane tek utgangspunkt i dei produktnamna som er fastsette i regelverket. Dei understrekar vidare at reglane ikkje kan forståast slik at fangsten må vere landa før ein kan nytte omrekningsfaktorar, men at omrekningsfaktorar også skal nyttast ved føring av fangstdagbok og andre rapporteringar til styresmaktene. Dette gjeld både for norske og utanlandske fartøy.

Norges Fiskarlag har forståing for at det trengst generelle heimlar slik at ein slepp å endre lova kvar gong det oppstår eit nytt kontrollbehov, men ber om at pliktene til å leggje til rette for kontroll vert gjort noko meir konkrete.

Når det gjeld plikta til å føre fangstdagbok viser Norges Fiskarlag til at det er det reguleringstiltaket som har skapt flest problem mellom fiskarane og styresmaktene, og fiskarlaget skeptisk til at ordninga skal utvidast til å gjelde alle levande marine ressursar. I dei tilfella der det er pliktig innmelding av fangst til eit kontrollorgan, meiner dei difor det bør takast stilling til om det framleis er behov for fangstdagbok, og ber om at ordninga med forenkla fangstdagbok vert evaluert. Norges Fiskarlag har vidare omfattande merknader til sanksjonar ved brot på reglane om fangstdagbok, jf. kap 9.6.2.

Norges Fiskarlag meiner at føresegna om omrekningsfaktorar bør innehalde nærare retningsliner om korleis faktorane skal fastsetjast og korleis dei skal brukast. Dei peikar på at det i dag er uklare tilhøve rundt bruken av omrekningsfaktorar, og at det verserer saker for retten om dette.

8.2.11 Vurderingane til departementet

Departementet meiner det er viktig for styresmaktene å kunne setje ulike krav til utstyr og rapporteringar o.a. Det er eit verkemiddel for å gjere ressurskontrollen enklare og meir effektiv, og det hjelper styresmaktene til å målrette kontrollarbeidet mest mogleg. Departementet er difor samd med utvalet i at det er viktig å føre vidare heimlane til å gje føresegner som set påbod om eller forbod mot bestemte reiskapstypar, teknisk utstyr, dokumentasjon av ulikt slag og gjev påbod om plikt for næringsutøvarane til å skaffe seg informasjon og ta i mot meldingar frå styresmaktene. Slike heimlar er gjevne i havressurslova kapittel 6 og § 56.

Heimlane i saltvassfiskelova § 4 første ledd som gjev heimel til å fastsetje slike forbod og påbod for å leggje til rette for kontrollarbeidet, har kasuistiske opprekningar av kva departementet kan gje forskrifter om. Departementet har valt å gje heimlane i havressurslova ei meir generell utforming, der formålet med dei ulike forboda og påboda står sentralt. Såleis kan departementet gjennom forskrifter vedta ulike krav for å leggje til rette for kontroll og hindre at lovbrot vert skjult, etter ei vurdering av kva som til ei kvar tid er tenleg. Det vil innebere at heimlane kan nyttast til å innføre nye krav som ein ikkje nødvendigvis hadde i tankane ved innføringa av heimelen, så lenge dei krava som vert sette ligg innanfor formålet med føresegna. Med ei slik utforming vert det ikkje behov for stadige endringar av lova etter kvart som ny teknologi og nye kontrollkrav vert utvikla.

På dei områda der det er forskrifter, vil desse verte vidareførde i medhald av havressurslova. Det er etter departementet sitt syn også viktig å behalde dei heimlane som enno ikkje er tekne i bruk for at det skal vere mogleg å innføre krav for ytterlegare å styrke ressurskontrollen. Det er samtidig viktig å peike på at krava som vert fastsette for å leggje til rette for ressurskontrollen ikkje må formast slik at dei legg unødige hindringar i vegen for utøvinga av næringsverksemda.

Departementet er ikkje samd med Norges Fiskarlag i at det er grunn til å vurdere om ordninga med fangstdagbok skal avviklast i dei fiskeria der det er pliktig innmelding av fangst. Departementet meiner fangstdagboka har ein heilt sentral funksjon i ressurskontrollen, både ved kontroll på sjøen og ved kontroll under og etter landing av fangst. Det er difor eit klart behov for å føre vidare heimelen til å påleggje føring av fangstdagbok, uavhengig av eventuelle krav til innmelding av fangst.

Når det gjeld Fiskeridirektoratet sine merknader knytt til kostnader ved installering og bruk av programvare og utstyr, mellom anna for å sende posisjons- og kontrollopplysningar til styresmaktene, meiner departementet desse kostnadane i stor grad bør berast av næringsaktørane sjølve. Departementet meiner det ikkje er behov for ein eigen heimel for det. Det følgjer allereie av at styresmaktene kan gje pålegg om bruk av utstyr og programvare.

Særleg om register

Opplysningar som næringsaktørane er pålagde å sende styresmaktene i ulike samanhengar og register som lagrar slike opplysningar, vert stadig viktigare for styresmaktene både i samband med kontroll, ressursforvaltning og forsking. Det er difor behov for ein heimel til å opprette register for lagring og bruk av ulike opplysningar til ulike formål. Det er foreslått ein heimel om oppretting av register i havressurslova § 56. Departementet meiner det er tenleg at opplysningane oppretta med heimel i første ledd som før kan nyttast til ulike formål for å leggje til rette for ei best mogleg forvaltning av ressursane.

Fiskeridirektoratet organiserer i dag kontrollverksemda si mellom anna ved bruk av såkalla risikovurderingar, der kontrollen vert retta mot område der risikoen for lovbrot vert vurdert å vere størst. Dette krev også ein betre dokumentasjon av bruken av kontrollressursar. Risikovurderingar krev at ulike opplysningar vert samanstilte i eit register. Det er både opplysningar innhenta gjennom opplysningsplikter fastsette i eller i medhald av lova og opplysningar innhenta frå andre kjelder, som til dømes resultat av utførde kontrollar. Det kan også gjelde opplysningar henta frå andre av Fiskeridirektoratet sine register.

Eit slikt sentralt kontrollregister er heilt nødvendig for å kunne bruke Fiskeridirektoratet sine kontrollressursar på ein best mogleg måte. Departementet vil presisere at ein slik kontrolldatabase berre skal nyttast til kontrollformål. Havressurslova § 56 andre ledd vil gje heimel for oppretting av eit slikt register.

Utlevering av opplysningar til andre kontrolletatar er foreslått regulert av ei eiga føresegn, jf. § 49.

Særleg om merking

Korkje saltvassfiskelova eller lovforslaget frå utvalet fastset heimel for å gje pålegg om korleis fangsten skal merkast – til dømes kva fartøy som har fiska fangsten, produkttilstand og innfrysingsdato. Dette er opplysningar som i stor grad vert førde på produkta allereie i dag og dei er verdfulle i ressurskontrollen. Såleis har kontrollar avdekt fleire tilfelle der fisk er merka med falske opplysningar om fartøy, fisken er merka om eller ikkje merka i det heile.

Departementet meiner difor det er tenleg å kunne setje standardiserte krav for korleis fangsten skal merkast. Det vil medverke til å betre hamnestatskontrollen, der det er vesentleg å dokumentere tilknytinga mellom fisken og fiskefartøyet. Samstundes stiller NEAFC-reglane om hamnestatskontroll spesifikke krav til merking av fangsten. Vidare vil ressurskontrollen på sjøen kunne verte lettare ved standardisert merking av fangsten. Saman med heimelen til å gje reglar om sporing, jf. § 41, vil reglar om merking av fangsten vere eit viktig verktøy i kampen mot ulovleg fiske. Departementet foreslår at heimel til å kunne påleggje merking av fangst vert teken inn i § 34 bokstav f.

Særleg om omlasting

Etter saltvassfiskelova kan departementet regulere omlasting av fangst til og frå fartøy innanfor saltvassfiskelova sitt verkeområde. Denne heimelen vart innført ved styrkinga av ressurskontrollheimlane 22. desember 2006. For norske fartøy kan det fastsetjast reglar om omlasting på det opne hav og i andre statar sine farvatn. Vidare er det i medhald av fiskeforbodslova og sonelova knesett eit generelt forbod mot å laste om fangst frå utanlandske fartøy i norsk territorialfarvatn og Noregs økonomiske sone.

Departementet meiner det trengst ein generell regel i havressurslova for å kunne regulere eller forby omlasting av omsyn til ressurskontrollen, og det er foreslått ei slik føresegn i § 37 første ledd. Dette vil vere ei vidareføring og utviding av føresegna i saltvassfiskelova § 4 første ledd bokstav u. Når styresmaktene kan forby omlasting, kan dei også setje vilkår for at omlasting kan skje. Forslaget til føresegn inneber vidare at det ikkje vert trekt eit skilje mellom norske og utanlandske fartøy, og forbod eller vilkår kan rette seg mot både norske og utanlandske fartøy. Til dømes kan det av omsyn til ressurskontrollen, vere tenleg å tillate omlasting på nokon bestemte stader i dei indre farvatna. Då vil styresmaktene ha betre oversikt over omlastinga enn når ho skjer i internasjonalt farvatn eller i soner der det etter forskrift er tillate med omlasting. Departementet vil understreke at forbod mot eller vilkår knytt til omlasting grunna i marknadsforhold, ikkje skal kunne vedtakast etter denne føresegna.

Reglar som regulerer når, kvar og korleis omlasting kan skje kan vere til stor hjelp for styresmaktene i tilrettelegginga av ressurskontrollen. Denne heimelen må vi også sjå i samanheng med den generelle utviklinga av nye reglar for å styrkje ressurskontrollen, ikkje minst i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Departementet er samd i forslaget frå utvalet om at dette vert fastsett som ei fullmaktsføresegn.

Til forsida