Prop. 70 L (2011–2012)

Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven (kystfiskeutvalet)

Til innhaldsliste

6 Forholdet mellom kystfiskeutvalet og samerettsutvalet

6.1 Kystfiskeutvalet

6.1.1 Innleiing

Kystfiskeutvalet vart oppnemnt som følgje av eit oppmodingsvedtak i Stortinget i samband med behandlinga av finnmarksloven (oppmodingsvedtak nr. 420 (2004–2005)). Stortinget oppmoda regjeringa om å lage ei utgreiing om samar og andre sin rett til fiske i havet utanfor Finnmark, og fremme ei oppfølgjande sak for Stortinget. Mandatet til kystfiskeutvalet, som vart fastsett ved kongeleg resolusjon 30. juni 2006, vart difor geografisk avgrensa til fiske utanfor Finnmark.

Kystfiskeutvalet har i si utgreiing teke utgangspunkt i og halde seg til dette. Utvalet poengterer fleire stader at forslaga dei kjem med gjeld fiske i kyst- og fjordområde i Finnmark, og at dei ikkje har undersøkt eller vurdert tilhøve i andre samiske bruksområde. Kystfiskeutvalet har likevel kommentert avgrensinga mot samiske bruksområde frå Troms fylke og sørover, og kopla utgreiinga si opp mot utgreiinga til samerettsutvalet II. I kapittel 2.4.2 skriv utvalet mellom anna:

«Avgrensningen mot Samerettsutvalgets arbeid med å utrede rettigheter til land og vann i samiske bruksområder fra Troms og sørover er særlig sentral. Likhetstrekk mellom sjøsamiske samfunn i Finnmark og i fylkene Troms og Nordland kunne tale for å foreslå tiltak med et geografisk virkeområde også utenfor Finnmark fylke. Ettersom Samerettsutvalgets utredning i NOU 2007: 13 og NOU 2007: 14 ikke er avgrenset til rettsforholdene på land, men også omfatter saltvannsområder, vil Kystfiskeutvalget for Finnmark likevel begrense sin utredning og sine forslag til å omfatte kyst- og fjordområder i Finnmark fylke.»

Kystfiskeutvalet uttalar fleire stader at forslaga til ordningar for Finnmark også kan gjerast gjeldande utanfor fylkesgrensa. Mellom anna heiter det i kapittel 8.14 at:

«Men en fellesordning for folk i Finnmark er samtidig en særordning for Finnmark som fylke. Dette er et distriktspolitisk spørsmål. Det vil ikke lenger være en motsetning mellom samiske og norske interesser, men eventuelt mellom Finnmark og resten av landet. Denne motsetning vil imidlertid kunne reduseres ved at også den øvrige kystbefolkning i landet får prioritet til fiske i sine fjorder og kystnære havområder. Det peker mot løsninger som gir utvalgets forslag virkning også utenfor Finnmark når forholdene er av liknende historisk og kulturell karakter.»

6.1.2 Vurderingane til kystfiskeutvalet

Kystfiskeutvalet drøftar i kapittel 11.26 konsekvensane av at mandatet deira er avgrensa til å greie ut retten til fiske i havet utanfor Finnmark. Dei konstaterer at dette inneber ei avgrensing av oppdraget, samtidig som dei viser til at fjord- og kystfiske er ei viktig næring i sjøsamiske område, ikkje berre i Finnmark, men også i delar av Troms og Nordland.

Kystfiskeutvalet viser så til at samerettsutvalet har tolka sitt mandat slik at det også omfattar spørsmål om saltvassfiske. Kystfiskeutvalet viser deretter til at dei i mandatet sitt vart pålagde å ha kontakt med samerettsutvalet. I tråd med dette har det vore omfattande kontakt mellom dei to utvala, og moglege tiltak har også vore diskutert mellom utvala. Kystfiskeutvalet viser også til at det har vore utstrekt uformell kontakt mellom utvala, særleg mellom leiarane og sekretariata.

Kystfiskeutvalet viser så til at dei i tråd med mandatet ikkje har gjort konkrete vurderingar av tilhøva i Nordland og Troms, og dei har heller ikkje fremma forslag som vil få rettsverknad for desse områda. Men utvalet reknar med at framlegga dei kjem med også kan vere aktuelle for andre sjøsamiske område, og uttalar at:

«Selv om Kystfiskeutvalgets mandat er begrenset til fjorder i og kystområder utenfor Finnmark, og utvalget derfor ikke kommer med noen tilrådninger for områder utenfor, vil utvalget likevel anta at forholdene i sjøsamiske områder i Nordland og Troms neppe er vesentlig forskjellige fra forholdene i Finnmark. De løsninger som foreslås for Finnmark, vil derfor trolig kunne være aktuelle også for sjøsamiske områder, eventuelt med tilgrensende områder ellers i landet.»

Kystfiskeutvalet peiker også på at det er ei sakleg overlapping mellom mandata til kystfiskeutvalet og samerettsutvalet, sjølv om det ikkje er noko geografisk samanfall. Kystfiskeutvalet viser vidare til at enkelte spørsmål er behandla av begge utvala, og avsluttar med at det i det vidare arbeidet kan vere gunstig å sjå utgreiingane og tilrådingane om kyst- og fjordfiske frå dei to utvala i samanheng.

6.2 Samerettsutvalet

6.2.1 Innleiing

Mandatet til samerettsutvalet, som vart fastsett ved kongeleg resolusjon 1. juni 2001, er geografisk avgrensa til samiske bruksområde sør for Finnmark fylke.

Samerettsutvalet har i kapittel 22.5.1.1. drøfta forholdet mellom vurderingane til samerettsutvalet og utgreiinga og framlegga frå kystfiskeutvalet. Samerettsutvalet peiker på at dei i mandatet er bedne om å «utrede og komme med forslag til hvordan man skal trygge den samiske befolknings muligheter til å utnytte naturressursene i sine bruksområder».

6.2.2 Vurderingane til samerettsutvalet

Samerettsutvalet viser til at mandatet deira ikkje har nokon konkrete referansar til fisket i havet, men at det ikkje er gjort noko eksplisitt unntak for samiske bruksområde i saltvatn. Samstundes peiker utvalet på at kyst- og fjordfiske har vore og framleis er ei viktig samisk næring, og at dette ikkje berre gjeld i Finnmark, men også i Troms og delar av Nordland. Samerettsutvalet konkluderer difor med at dei har oppfatta mandatet slik at det omfattar saltvassfiske, og at dette heng godt saman med korleis samerettsutvalet I oppfatta sitt mandat i NOU 1997: 4.

På same måte som kystfiskeutvalet peiker samerettsutvalet på at dette fører til ei viss sakleg overlapping mellom dei to utgreiingane. Samerettsutvalet peiker likevel på at dette ikkje er til hinder for at samerettsutvalet også tek opp ulike spørsmål knytt til kyst- og fjordfiske.

Samerettsutvalet peiker på at det ikkje er nokon geografisk overlapping mellom samerettsutvalet sitt mandatområde, som er knytt til samiske bruksområde frå og med Troms fylke og sørover, og kystfiskeutvalet, som er geografisk avgrensa til Finnmark.

Samerettsutvalet meiner likevel at desse utgreiingane må sjåast i samanheng, og uttalar at:

«Det ville imidlertid gi dårlig mening å avgrense det geografiske virkeområdet for eventuelle forslag fra Samerettsutvalget for å styrke kyst- og fjordfiske i sjøsamiske områder, slik at de ikke også omfatter Finnmark. De sjøsamiske fiskeriinteressene står særlig sterkt i dette fylket.»

Samerettsutvalet uttalar vidare at dei på grunn av avgrensingane i mandatet ikkje har gjort konkrete vurderingar av tilhøve i dei kyst- og fjordsamiske områda i Finnmark, eller fremma konkrete forslag på bakgrunn av slike vurderingar. Utvalet held fram at dei i hovudsak har halde sine vurderingar på eit meir generelt plan, der dei folkerettslege pliktene til staten mellom anna har stått sentralt. Samerettsutvalet peiker på at det har vore kontakt mellom samerettsutvalet og kystfiskeutvalet, og at det har vore uformell kontakt mellom leiarane og sekretariata for dei to utvala.

Samerettsutvalet viser i kapittel 22.5.1.2 at dei ikkje har gjort framlegg om konkrete lovendringar knytt til sjøsamisk kyst- og fjordfiske, mellom anna fordi utvalet har hatt mangesidige oppgåver og fordi dei ikkje hadde ei samansetning som «gir grunnlag for dypdykk i det relativt kompliserte regelverket og forvaltningsregimet for utnyttelsen av saltvannsfisk og andre marine ressurser».

Som vist nedanfor i kapittel 8 har samerettsutvalet likevel kome med ei rekkje vurderingar og konkrete forslag knytt til kyst- og fjordfiske i sjøsamiske område. Samerettsutvalet viser til at desse spørsmåla også vert vurderte av kystfiskeutvalet og uttalar såleis i kapittel 22.5.1.2:

«Samerettsutvalget er imidlertid gjennom den kontakten en har hatt med Kystfiskeutvalget for Finnmark kjent med at mange av de spørsmålene som vil bli omtalt i det følgende, vil bli grundig og bredt vurdert i Kystfiskeutvalgets utredning. Dette utvalget er dessuten spesielt oppnevnt for å utrede spørsmålet om samers og andres rettigheter til fiske i saltvann, og har også en sammensetning som gjenspeiler at dette er utvalgets oppdrag.»

Samerettsutvalet legg likevel i kapittel 22.5.1.2 til grunn at sjølv om kystfiskeutvalet si utgreiing er avgrensa til Finnmark, «må det antas at forholdene her neppe er vesentlig anderledes enn i sjøsamiske områder fra og med Troms fylke og sørover». Samerettutvalet konkluderer difor med at:

«De løsninger det er aktuelt å foreslå for Finnmark, vil derfor trolig også være aktuelle for sjøsamiske områder ellers i landet, for eksempel ved at det her innføres parallelle ordninger som i Finnmark eller ved at det innføres ordninger som gjelder for alle sjøsamiske kyst- og fjordområder i Norge.»

6.3 Samordning av høyringane

Utgreiinga frå samerettsutvalet, NOU 2007: 13, vart sendt på høyring av Justisdepartementet 15. februar 2008 og høyringsfristen vart sett til 15. februar 2009. Det vart i høyringsbrevet opplyst at det seinare kunne verte fastsett særlege høyringsfristar for enkelte delar av utgreiinga.

Utgreiinga frå kystfiskeutvalet, NOU 2008: 5, vart send på høyring 10. april 2008 og høyringsfristen vart sett til 1. desember 2008. Det vart samtidig bedt om at dei høyringsinstansane som ville gje høyringssvar til kapittel 22, «fiskerikapittelet», i samerettsutvalet si utgreiing, sende det til Fiskeri- og kystdepartementet innan 1. desember 2008.

Justisdepartementet sende 17. april 2008 eit brev til høyringsinstansane til NOU 2007: 13, der dei gjorde merksam på at høyringssvar til samerettsutvalets synspunkt og vurderingar kring sjøsamisk kyst- og fjordfiske i kapittel 22, måtte sendast Fiskeri- og kystdepartementet innan 1. desember 2008.

Slik vart det lagt til rette for ei felles oppfølging av desse utgreiingane i tilfelle det vart sett som tenleg.

Til forsida