Prop. 70 L (2011–2012)

Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven (kystfiskeutvalet)

Til innhaldsliste

7 Forslaga frå kystfiskeutvalet

7.1 Innleiing

Kystfiskeutvalet har i NOU 2008: 5 kapittel 11 gjeve ei samla framstilling av forslaga sine. Innstillinga og framlegga frå kystfiskeutvalet er samrøystes.

Ein vesentleg del av framlegget frå utvalet er at dei konkrete tiltaka som utvalet foreslår, skal gjennomførast i ei eiga lov om retten til fisket i havet utanfor Finnmark, jf. nedanfor i kapittel 7.6.

Utvalet har fremma ei rekkje forslag. I dette kapitlet vert forslaga frå utvalet presentert samla slik at samanhengen mellom dei kjem godt fram.

Utvalet har i NOU 2008: 5 til dels omfattande vurderingar av dei ulike forslaga. Ettersom vurderingane til utvalet av den folkerettslege og sedvanerettslege rettstilstanden er omtala nedanfor i kapittel 10 og 11, vert dette berre i avgrensa grad omtala her. Det er likevel tenleg å omtale utvalet sine generelle vurderingar av korleis staten sine folkerettslege plikter kan konkretiserast og kva som er omfanget av staten si rettsplikt etter folkeretten. Dette har utvalet drøfta i NOU 2008: 5 kapittel 11.7 og 11.8.

Fiskeri- og kystdepartementet drøftar forslaga frå utvalet nedanfor i kapittel 12, slik at departementet i dette kapitlet berre set opp ei oversikt over forslaga utan at dei vert vurderte. På same måte vert det lagt fram eit oversyn over forslaga frå samerettsutvalet i kapittel 8.

Forslaga frå kystfiskeutvalet kan delast i fire ulike kategoriar: kollektive rettar, individuelle rettar, medråderett og økonomiske tilskot og ordningar. I tillegg kjem framlegg om eit system for anerkjenning av eksisterande privatrettslege rettar i kyst- og fjordområda utanfor Finnmark.

Det kan gjerne diskuterast om noko er ein kollektiv eller individuell rett. Det kjem av at nokre av forslaga til utvalet kan seiast å vere ein individuell rett som er avleia av den kollektive retten, eller at nokre av forslaga kan kallast både ein kollektiv rett og ein individuell rett. Det er likevel tenleg med ei slik inndeling for å få til ei mest mogleg lettfatteleg framstilling av forslaga frå utvalet.

7.2 Utvalet sine vurderingar av folkeretten

Dei generelle vurderingane utvalet gjer av Noreg sine folkerettslege plikter overfor samane som minoritet og urfolk er gjengjevne og drøfta nedanfor i kapittel 10. Det er likevel tenleg å referere nokre av dei vurderingane utvalet gjer på bakgrunn av deira generelle vurderingar av folkeretten. Utvalet uttalar mellom anna følgjande i kapittel 11.7:

«I utredningen kapittel 8 er det påvist at den norske stat har en rettsplikt til å gi samene reelle muligheter til å sikre og utvikle sin kultur. For sjøsamene er fiske i fjorder og kystfarvann avgjørende for bosetningen i de samiske lokalsamfunn og for videreføring av den sjøsamiske kulturen. Statens rettsplikt medfører derfor en rett til fiske i havet som gir grunnlag for bosetning. Det er denne bosetning som er bestemmende for rettens omfang.
Denne retten bygger i første rekke på FNs menneskerettskonvensjon av 1966 om sivile og politiske rettigheter. Og denne konvensjonen er en del av norsk lovgivning etter menneskerettsloven av 1999 med forrang fremfor annen lov.
Denne lovgivning gir en rett for samene som urfolk og minoritet.»

Utvalet viser så til at sterke grunnar tilseier at det vert gjennomført ei lik forvaltning for fiskeria i Finnmark. Det inneber i følgje utvalet at alle fiskarar og deira lokalsamfunn i fylket har dei fordelane som følgjer av det sterke sjøsamiske elementet i fylket. Utvalet grunngjev dette vidare slik:

«Til fordel for denne likestilling taler dels at de historiske rettigheter er felles for alle fiskere langs kysten i Finnmark, dels at det er praktisk vanskelig å foreta et skille mellom samiske og ikke-samiske områder, dels at Sametinget og Finnmark fylkesting ønsker en likestilling i dette rettsspørsmålet, og dels at en annen løsning ville føre til betydelige politiske motsetninger.»

Når det gjeld omfanget av rettskravet etter folkeretten legg utvalet til grunn at det sentrale er at retten skal gje grunnlag for busetjing, fordi det er eit vilkår for kulturen. Utvalet held fram at:

«Det er i samhandling mellom mennesker at det oppstår kultur. Det er i samhandling mellom samer at det skapes samisk kultur. Det er i samhandling mellom samer ved fjord og kyst at den sjøsamiske kultur videreføres og utvikles. Denne samhandling forutsetter at det er lokalsamfunn der samene bor og har sin virksomhet.»

Utvalet seier at desse lokalsamfunna er avgjerande for at samane skal kunne dyrke kulturen sin, og at om desse lokalsamfunna forsvinn vil også den sjøsamiske kulturen vere borte i løpet av kort tid. Utvalet viser så til at FNs konvensjon om sivile og politiske rettar pålegg staten eit ansvar for at samane skal kunne dyrke kulturen sin, og at denne konvensjonen gjennom menneskerettslova er ein del av norsk lovgjeving. Det inneber ifølgje utvalet at staten har eit ansvar for at dei samiske lokalsamfunna kan leve.

Utvalet uttalar på den bakgrunn at retten til fiske må ha eit omfang som «gir et realistisk grunnlag for en livskraftig bosetning i de samiske fjord og kystsamfunn».

Utvalet held fram at:

«Dette gir en retningslinje for hvilke endringer som må kreves i det gjeldende forvaltningssystemet. De endringer som vil være aktuelle, er slike som gir bedre vilkår for fjord- og kystfisket i de samiske områder. Når prinsippet om likestilling av fiskerne i Finnmark skal gjennomføres – at det ikke skal skje forskjellsbehandling på etnisk grunnlag – må disse bedre vilkår utformes for fylket rent allment.»

Utvalet seier vidare at retten til fiske må ha eit omfang som gjev slike moglegheiter til fiske og ei slik inntekt at målet om busetjing vert nådd. Men det er ikkje berre fiskeria som er avgjerande for busetjinga i kystsamfunnet og utvalet peiker på at det neppe kan krevjast at fisket langs kysten av Finnmark skal ha eit slik omfang at kystflåten åleine kan garantere ei stabil busetjing. Utvalet understrekar likevel at:

«Endringene i fiskeriforvaltningen – sammen med statlig ressurstilførsel – må på denne bakgrunn være så vidt store at fortsatt bosetning, minst på det nåværende nivå, fremtrer som mest sannsynlig. Ellers ville man åpent godta en videre nedgang med endelig kulturutvisking som snarlig resultat. Tatt i betraktning den nedgang i folketall som har funnet sted langs kysten, også i tiden etter 1972 da Norge ratifiserte konvensjonen av 1966, vil utvalget mene at staten har en plikt til å bruke virkemidler som direkte reverserer utviklingen. Under enhver omstendighet må det kreves en nyorientering av en slik styrke at det medfører en vesentlig bedring av vilkårene i fiskeriene for samene og andre langs kysten.»

Når det gjeld samane sitt behov for kultursikring og kulturutvikling, drøftar utvalet det i NOU 2008: 5 kapittel 11.9, og uttalar mellom anna følgjande:

«Det sjøsamiske fisket har vært kjennetegnet av et hjemmefiske, der det benyttes små båter og passive redskaper. Fisket har ofte vært utøvd i kombinasjon med andre næringer. Flåtestrukturen i Finnmark er betydelig endret de siste årene. Antallet registrerte båter er halvert fra 1990 og frem til i dag, og det er først og fremst antallet mindre båter som er redusert.
Det rettighetsregimet som ble innført i 1990, hadde som konsekvens at de som fisket lite, opplevde en betydelig innskrenking av sin tidligere frie adgang til fiskeriene. Det nye systemet ga premieringer til en generell tidligere innsats i fisket, og taperne ble dermed de som fisket med små båter og de som fisket lite.
For de som driver et småskalafiske, med små båter og passive redskaper, er de nære fiskeressursene avgjørende for et lønnsomt fiske. Den nedgangen som har funnet sted i ressurstilgangen i flere av fjordene de senere årene, har derfor rammet de som fisker med små båter og passive redskaper i særlig grad.»

Utvalet oppsummerer med at konsekvensane av reguleringstiltaka dei siste tiåra har vore ein nedgang i talet på fiskarar og fartøy, og at denne nedgangen har vore størst blant dei som har fiska lite og med små båtar. Dette har i følgje utvalet i stor grad ramma sjøsamiske samfunn i fjord- og kystområda i Finnmark og denne situasjonen aktualiserer trongen for tiltak innanfor fiskeria til sikring og vidareutvikling av den sjøsamiske kulturen.

7.3 Om omgrepet «rett»

I Kystfiskeutvalet si utgreiing står omgrepa «rett» og «rettar» sentralt. Utvalet nyttar omgrepa om den retten folk i Finnmark har til å fiske i kyst- og fjordområda i Finnmark uavhengig av kva for rettar dei har etter gjeldande fiskerireguleringar eller deltakarreguleringar.

Dei viltlevande marine ressursane vert ofte omtala som fellesskapet sine ressursar. I havressurslova § 2, heiter det at dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.

Dette er ikkje eit uttrykk for statleg eigedomsrett i juridisk forstand, men understrekar ansvaret staten har for å forvalte desse felles ressursane til beste for fellesskapet. Denne retten til ressursane er nærare omtala i Ot.prp. nr. 20 (2007–2008) kapittel 4.3. Denne føresegna i havressurslova var ei kodifisering av ei rekkje liknande utsegner frå næringskomiteen i Stortinget dei ti siste åra.

Kystfiskeutvalet var ikkje kjend med framlegget til havressurslov, men dei legg dei same grunnprinsippa til grunn med omsyn til kven som har retten til ressursane. Utvalet meiner at dette ikkje står i motstrid til ein rett nokon kan ha til å fiske, og dei uttalar i kapittel 11.4 følgjande om dette:

«Den fisken som Norge har adgang til å disponere i henhold til internasjonale overenskomster, blir ofte omtalt som en «nasjonal ressurs». Utvalget har ofte møtt uttrykket i betydningen av at dette er fellesskapets ressurs som de nasjonale myndigheter må fordele på best mulig måte ut fra et likhetsprinsipp. Men i den grad utvalget finner en «rett til fiske» uavhengig av myndighetenes fordeling, vil dette gi en rett til fiske til særlige grupper av fiskere og følgelig innebære en modifikasjon av denne vanlige forståelsen av fisk i havet som en «nasjonal ressurs».»

Utvalet omtalar såleis retten til fiske uavhengig av både fellesskapet sin rett til ressursane og uavhengig av dei rettane reguleringane gjev. Utvalet uttalar difor at:

«Selv om all rett til fiske må gjennomføres innenfor det samlede nasjonale fangstkvantum, står retten til fiske i en annen stilling overfor de nærmere reguleringer innenfor dette fangstvolum. Fiskerne i Finnmark har et rettskrav så langt dette er begrunnet i den historiske bruk og internasjonal rett, og statens forvaltning må tilpasses fiskernes rettskrav. Statens praksis med kvoter og andre tildelinger kan ikke legge begrensninger på disse rettskrav, men må sørge for å gjennomføre disse.»

Om forholdet til eksisterande reguleringar og fordeling uttalar utvalet:

«Det er forvaltningsregler og forvaltningspraksis som må vike der det blir motstrid mellom fiskernes rettskrav og statens forvaltning.
Dette må presiseres noe nærmere. Staten – eller annen myndighet etter delegasjon – kan gi regler om hvordan fisket skal skje. Slike regler må alle fiskere tilpasse seg selv om de har en rett til fiske. Men forvaltningen må godta retten så langt den rekker, selv om denne retten kan komme i konflikt med de ordinære fiskerireguleringer.»

Om dei fordelingsmessige konsekvensane uttalar utvalet:

«Dette vil etter utvalgets konklusjoner om rettens omfang kunne gi fiskere i Finnmark rett til en større del av landets fiskeressurser. Det er mulig at fiskere i enkelte områder utenfor Finnmark kan påvise et tilsvarende eller liknende rettskrav som det utvalget fastslår for Finnmarks kyst- og fjordfiskere. Det vises her til Samerettsutvalgets innstilling i NOU 2007: 13 og NOU 2007: 14. Men en slik geografisk utvidelse ligger utenfor dette utvalgs mandat å undersøke.
Hvis fiskernes rettskrav ikke blir oppfylt fra statens side, vil fiskerne, individuelt og ved sine organisasjoner, kunne fremme kravet ved domstolene. Men utvalget går ikke nærmere inn på de spørsmål som vil kunne melde seg i den anledning. Utvalgets oppgave er å undersøke hvilken rett til fiske som foreligger. Utvalget forutsetter at staten oppfyller sine forpliktelser.»

7.4 Kollektive rettar

7.4.1 Retten til fiske

Hovudkonklusjonen til utvalet er at det eksisterer ein rett for folk som er busette ved fjordane og langs kysten i Finnmark til å fiske i havet utanfor Finnmark. Utvalet meiner denne retten er grunna i folkeretten og i sedvanerett og at folk i dette området såleis på historisk grunnlag har ein rett til fiske. Denne retten skal gje grunnlag for busetjing, fordi dette er eit viktig vilkår for å oppretthalde sjøsamisk kultur. Når busetjing i lokalsamfunna er målet, må det ifølgje utvalet leggjast til grunn at ein rett til fiske må ha eit omfang som gjev grunnlag for fleire fiskarar og meir aktivitet. Det krev større fangstmoglegheiter, og retten til fiske må difor ha eit omfang som gjev både slik tilgang til fiske og slike inntekter at målet om busetjing vert nådd.

Forslaget om retten til å fiske er slik utvalet framstiller det ein kollektiv rett – ein rett som skal gjelde for alle som bur i desse områda. Etter utvalet si meining er ein konsekvens av å ha ein slik rett at han må kunne gjerast gjeldande overfor fiskeristyresmaktene, og det er ifølgje utvalet ei viktig side ved å ha ein slik rett. Utvalet foreslår at denne retten vert lovfesta i framlegget til finnmarksfiskelov.

Det betyr, slik utvalet ser det, at den kollektive retten må gjennomførast ved individuelle kvotar eller løyve til å fiske, særleg når styresmaktene må fastsetje restriksjonar eller reguleringar av dei ulike fiskeria av omsyn til ressursane. Ein konsekvens er då at det kan vere nødvendig å gjennomføre den kollektive retten gjennom individuelle rettar. Kva for innhald utvalet legg i den individuelle retten er omtala nedanfor i kapittel 7.7.

7.4.1.1 Skade på fisket

Retten til fiske gjer det etter utvalet sitt syn mogleg med erstatning ved skade på fisket. Ifølgje utvalet vil inngrep i retten til å fiske kunne skje ved at annan aktivitet legg beslag på fiskefelta eller at det skjer forureining på fiskefelta. Utvalet peiker på at det til dømes kan etablerast oppdrettsanlegg på gode fiskeplassar.

Utvalet peiker på at det rettsvernet som retten til fiske gjev, i første rekkje vil bestå av rettsreglar om god saksbehandling for plassering av oppdrettsanlegg og kontroll med skipsfarten. Utvalet held likevel fram at vernet for fiskarane vidare vil liggje i om det er mogleg å få erstatning ved skade på fiske.

Utvalet foreslår at Finnmark fiskeriforvaltning, jf. 7.5.1 og 7.5.2, kan opptre på vegner av dei skadelidne, og at det vil vere mest aktuelt med erstatning for «skade, tap eller ulempe som følge av at en forurensning hindrer eller vanskeliggjør utøving av allemannsrett i næring. Fiske vil være en slik rett.»

Utvalet framhevar at sjølv om Finnmark fiskeriforvaltning opptrer på vegner av dei skadelidne fiskarane, vil det ikkje hindre den enkelte fiskar i å gå til søksmål.

7.4.2 Den geografiske retten – fjordretten

Utvalet har to hovudkonklusjonar når det gjeld kollektive rettar. I tillegg til retten til fiske, meiner utvalet at det eksisterer ein særleg rett til fiske i fjordane for dei som bur ved desse. Dette kallar utvalet for «fjordretten».

Utvalet fastslår at folk som er busette ved fjordane i Finnmark har hatt ei særstilling til fiske i kvar enkelte fjord gjennom tidene. Utvalet seier at «såfremt denne historiske bruken blir sett i sammenheng med samenes urfolks- og minoritetsrett, er rettsstillingen klar».

Denne retten, som utvalet kallar fjordretten, er todelt. For det første fastslår retten at dei som bur ved ein fjord har rett til å fiske i sin «heimefjord», og for det andre at denne retten er eksklusiv. Det betyr at andre kan nektast å fiske i desse områda.

Fjordretten skal i første rekkje sikre det lokale småskalafisket, og i utgangspunktet gje dei lokale fiskarane kollektivt ein einerett til fiske i desse områda. Utvalet meiner vidare at fjordretten skal vere allmenn og ikkje avgrensa til særlege fiskeartar eller særskilde periodar.

Etablering av ein fjordrett reiser fleire spørsmål, mellom anna kvar grensene for området som vert omfatta av retten skal gå, og i kva tilfelle andre enn dei som er omfatta av fjordretten skal få fiske i området. Utvalet peiker i kapittel 11.11 på at:

«Fjordretten kan utformes mer eller mindre absolutt. Når det blir opprettet en regional fiskeriregulering, er det naturlig å la denne få en viss funksjon ved vurdering av rekkevidden av retten. Utvalget mener det bør være opp til dette styringsorganet å bestemme grensen for den enkelte fjord med sikte på fjordretten. Utvalget vil videre foreslå at styret for det regionale forvaltningsorganet kan åpne for at fiske også kan utøves av andre. Det kan være personer som har en sterk tilknytning til den enkelte fjord uten å være bosatt der. Det kan videre tenkes at det i enkeltfjorder bor så få fiskere, at det kan være rimelig at også andre slipper til. En samlet vurdering av ressurssituasjonen i fjorden kan også tilsi at fjorden åpnes for andre enn fjordfiskere.»

Utvalet legg såleis til grunn at det lokale fiskeriforvaltningsorganet skal avgjere kvar grensene for fjordretten går i dei ulike områda og regulere om, og i kva for omfang, andre enn dei som fjordretten gjeld for kan fiske i det området som er omfatta av fjordretten. I tillegg legg utvalet opp til at det lokale fiskeriforvaltningsorganet skal avgjere kven andre enn dei som er busette ved fjorden som er omfatta av retten til å fiske i den enkelte fjorden.

7.5 Medråderetten

7.5.1 Innleiing

Utvalet foreslår fleire tiltak for å sikre samisk deltaking i fiskerireguleringane. Hovudgrepet er forslaget om å opprette eit eige organ – Finnmark fiskeriforvaltning. Dette organet skal få overført viktige delar av den fiskerireguleringa som i dag vert utøvd av Fiskeri- og kystdepartementet, jf. nedanfor i kapittel 7.5.2.

Utvalet legg betydeleg vekt på kva for innverknad Sametinget skal ha i reguleringa av dei viltlevande marine ressursane. Utvalet har vurdert spørsmålet om medråderett for samane, slik han er nedfelt i ILO-konvensjonen sine føresegner om medråderett.

Utvalet meiner at medråderetten og lokal deltaking kan utformast på ulike måtar, men at Sametinget, som det representative organet for samane, må ta del i utarbeidinga av reguleringane og gjennomføringa av retten til fiske for fiskarane i Finnmark.

Utvalet foreslår at Finnmark fiskeriforvaltning skal organiserast med eit eige styre og at styret skal vere samansett av representantar frå Finnmark fylkesting og Sametinget. Utvalet foreslår at styret, som med styret for Finnmarkseigedomen, skal vere samansett av tre representantar frå kvart av desse organa. Utvalet peiker på at folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar er eit vesentleg grunnlag for den retten til fiske som skal komme alle fiskarar i Finnmark til gode. Det er samane som «tek dei andre med» og skapar den felles retten. Det må også reflekterast i styringa av Finnmark fiskeriforvaltning. Det vert også peika på at det har vore mykje strid kring samansetjinga av styret i Finnmarkseigedomen, og når dette no er løyst, er det tenleg å velje same mønster for Finnmark fiskeriforvaltning.

7.5.2 Finnmark fiskeriforvaltning

Utvalet har vurdert kva for forvaltningsoppgåver som bør leggjast til Finnmark fiskeriforvaltning. Utvalet finn vidare at med så stor overføring av myndigheit som utvalet vil foreslå, er det overføring til fylkesnivå som står fram som det mest tenlege. Utvalet føreset likevel at det nye regionale organet hentar inn og brukar kunnskap og synspunkt i lokalsamfunna. Utvalet foreslår at Finnmark fiskeriforvaltning skal vere eit eige rettssubjekt.

Finnmark fiskeriforvaltning skal forvalte fiskeressursane i havet utanfor Finnmark ut til fire nautiske mil utanfor grunnlinjene. Dette området kallar utvalet Finnmarkssona. Det skal leggjast særleg vekt på å styrkje fjordfisket og fiske med mindre fartøy og passive reiskapar i dette området.

Styret for Finnmark fiskeriforvaltning skal difor kunne fastsetje reglar for fartøystorleik og for reiskapsbruk innanfor Finnmarkssona. Utvalet konkluderer med at Finnmark fiskeriforvaltning må få ein eigen administrasjon og at styret må avgjere i kva grad organet skal søkje tilknyting til den fiskerifaglege kompetansen som i dag er i Fiskeridirektoratet. Utvalet framhevar samstundes at reguleringane må gjennomførast i samarbeid med dei som har ansvaret for forvaltninga utanfor fire nautiske mil utanfor grunnlinjene.

7.5.2.1 Tilførsle av kapital eller kvotar

Utvalet fastslår i kapittel 11.15.2 at:

«All den stund staten har en rettslig forpliktelse til å styrke de sjøsamiske lokalsamfunn, må man kunne forvente at staten yter en vesentlig startkapital. Det er fastsatt i § 8 at staten skal tilføre Finnmark fiskeriforvaltning så store ressurser, i form av kapital, fartøykvoter eller andre fisketillatelser, at det materielle grunnlaget for sjøsamisk kultur i Finnmark blir sikret.»

7.5.2.2 Etablering av eit ressursselskap

Utvalet meiner at Finnmark fiskeriforvaltning skal kunne erverve kvotar og leige desse ut. Det kan, etter utvalet si meining, vere vanskeleg å sameine med utøvinga av forvaltningsmyndigheit. Avhengig av omfanget i den økonomiske verksemda meiner kystfiskeutvalet at Finnmark fiskeriforvaltning sjølv må vurdere om det er trong for å opprette eit ressursselskap som skal drive med utleige av kvotar.

7.5.3 Disponering av kvotar og løyve

Utvalet ser det som vesentleg at Finnmark fiskeriforvaltning også kan disponere over kvotar og andre løyve for på den måten å kunne styre eit større fangstvolum til fjord- og kystflåten i Finnmark. Utvalet foreslår difor i kapittel 11.15.2 at:

«Det blir fastsatt i lovutkastet at styret kan disponere over fartøykvoter eller andre fisketillatelser som Finnmark fiskeriforvaltning har fått tildelt fra staten.»

Vidare foreslår utvalet at:

«Styret kan også erverve kvoter eller andre tillatelser for midler som Finnmark fiskeriforvaltning har fått tildelt eller opptjent.»

Kvotar eller løyve som Finnmark fiskeriforvaltning har fått tildelt eller har erverva, skal dei kunne disponere over ved at:

«Styret kan for et begrenset tidsrom overføre, mot eller uten vederlag, kvoter eller andre tillatelser som Finnmark fiskeriforvaltning disponerer.
Utvalget anser det som et meget viktig punkt i sitt forslag at dette organet – Finnmark fiskeriforvaltning – kan erverve kvoter og tillatelser fra staten og deretter fordele disse med sikte på å fremme bosetningen ved fjord og langs kyst.»

Utvalet meiner at ved overføring av kvotar frå Finnmark fiskeriforvaltning kan det stillast allmenne eller nærare stadfesta vilkår for levering av fangst i Finnmark.

Utvalet har vurdert om dei nye deltakarløyva som skal tildelast fiskarar i Finnmark skal kunne omsetjast. Utvalet tilrår at dei nye løyva som vert tildelte fjord- og kystflåten i Finnmark, ikkje skal kunne omsetjast. Når løyvet ikkje lenger vert nytta, skal det tilfalle Finnmark fiskeriforvaltning, som igjen kan tildele det til andre fiskarar i Finnmark. Denne regelen skal ikkje gjelde for eksisterande deltakarløyve, slik at det vil vere ein skilnad på vanlege deltakarløyve og løyve i medhald av lovframlegget § 2.

7.5.4 Regulering av reiskapsbruk

Høvet til å regulere reiskapsbruk har som vist i vedlegg 1 vore sentralt i tidlegare utgreiingar om samisk fiskeri. Dette har vore sett som eit verkemiddel for å styrkje deltakinga i lokalt fiske frå mindre fartøy. Kystfiskeutvalet peiker på at samerettsutvalet meiner det er tilstrekkelege heimlar til å innføre reglar om reiskapsbruk, til dømes ved å forby fiske med enkelte reiskapar i fjordane, men at heimlane ikkje har vore nytta i tilstrekkeleg grad.

Kystfiskeutvalet peiker på at det på utvalet sine høyringsmøte i Finnmark har vore retta sterk kritikk mot at fartøy med aktive reiskapar har tilgang til å fiske i fjordane. Særleg har snurrevadfiske og seisnurping innanfor grunnlinene vore nemnt som ein mogleg grunn til dårleg tilgjengelegheit av fisk i fjordane i Finnmark. Utvalet legg i kapittel 11.17 til grunn at:

«[B]ehovet for å begrense bruken av enkelte redskaper i fjorder og kystnære farvann vil kunne variere fra område til område og over tid. Utvalget har imidlertid ikke materiale eller kompetanse til å kunne gi konkrete tilrådninger om bruken av ulike redskapstyper i fiskeriene i Finnmarkssonen. På denne bakgrunn foreslår utvalget at Finnmark fiskeriforvaltning gis myndighet til å treffe bindende vedtak om redskapsbruk i Finnmarkssonen».

Finnmark fiskeriforvaltning skal såleis kunne fastsetje reglar om reiskap i Finnmarkssona. Utvalet foreslår vidare at Finnmark fiskeriforvaltning skal kunne gje føresegner om totalfreding eller avgrensing i bruk av reiskapar, område og tidsperiodar.

Utvalet meiner at fjordane står i ei særstilling og at ein regel som forbyr bruk av aktive reiskapar innanfor fjordgrensene vil kunne betre vilkåra for fjordfiske med passive reiskapar og mindre fartøy. Utvalet konkluderer likevel med at:

«Ettersom Finnmark fiskeriforvaltning er gitt myndighet til å trekke fjordgrensene og avgjøre om andre enn de som bor ved fjorden i konkrete tilfeller skal kunne fiske der, mener utvalget at Finnmark fiskeriforvaltning også skal ha myndighet til å regulere redskapsbruken i fjordene.»

7.6 Forslaget til ei eiga lov om retten til fiske i havet utanfor Finnmark

Kystfiskeutvalet meiner at fjord- og kystfiske i sjøsamiske område bør styrkast både gjennom lovfesting av ein rett til å fiske og ved endringar i gjeldande fiskerireguleringar. Utvalet har kome med ei rekkje forslag om tiltak og rettsreglar om retten til fisket i havet utanfor Finnmark. Utvalet har drøfta om forslaga bør samlast i ei eiga lov om retten til fiske i havet utanfor Finnmark. Utvalet meiner dette er vesentleg, og grunngjev det slik:

«Utvalget foreslår at retten til fiske for folk bosatt ved fjordene og langs kysten i Finnmark blir fastslått som et rettslig prinsipp. Utvalget vil foreslå følgende allmenne bestemmelse i loven, som er tatt inn i utkastet § 2:
«Folk bosatt ved fjordene og langs kysten i Finnmark har på grunnlag av historisk bruk og folkerettens regler om urfolk og minoriteter rett til fiske i havet utenfor Finnmark.»
Dette er et kjernepunkt i utvalgets utredning. Utvalget mener det er viktig å fastslå dette rettsprinsippet selv om denne retten til fiske må begrenses i den grad hensynet til naturressursene krever det.
Bestemmelsen vil ha den reelle betydning at den understreker et rettskrav for folk i Finnmark overfor fiskeriforvaltningen.»

Utvalet meiner såleis at lovfestinga har ein verdi både for å fastslå grunnlaget for retten og innhaldet i den. Det ser vidare ut som at utvalet meiner lovfesting i seg sjølv har ein stor symbolsk og prinsipiell verdi. Utvalet peiker på at det er viktig å ha ein rett, og at dette gjeld folk si oppfatning av rettferd. Fjord- og kystbefolkninga har fiska i havet til alle tider, og utvalet held fram at utsegner på utvalet sine høyringsmøte nettopp har gått i retning av at «dette oppleves som folkets gamle rett». Ifølgje utvalet er det difor viktig at dette no vert klart slege fast i lova.

Lovutkastet gjer det klart at retten skal gjelde for alle folkegrupper i Finnmark, og ikkje berre samane. Om dette uttalar utvalet:

«Gjennom dette rettsfellesskap som loven fastslår for samer og den øvrige befolkning, oppnår alle som er bosatt ved fjordene og langs kysten i fylket, de rettsfordeler som er en følge av den samiske bosetning i fylket.»

I lovutkastet er retten til fiske som nemnt teken inn i § 2, medan fjordretten er slegen fast i § 3. Utvalet foreslår vidare at Finnmarkssona og Finnmark fiskeriforvaltning skal etablerast gjennom lovutkastet § 7.

7.7 Individuelle rettar

7.7.1 Vurderingane til utvalet av individuelle rettar

Retten til å fiske er ifølgje utvalet ikkje berre ein kollektiv rett til å fiske i eit område. Dei som bur i kystområda i Finnmark har ifølgje utvalet eit rettskrav på ein rett til fiske som gjev grunnlag for busetjing, fordi dette er eit grunnlag for å oppretthalde ein kultur som er skapt gjennom generasjonar.

Utvalet viser til at det kan vere motstrid mellom økonomi og flåtestruktur på den eine sida og kulturvern på den andre sida, og uttalar at når det er motsetnad mellom verknaden av økonomiske tiltak og tiltak for å sikre kulturvern, vil retten til å fiske krevje prioritet framfor kulturvernet.

Utvalet seier vidare at ein neppe kan krevje av staten at «fisket langs kysten i Finnmark skal ha en slik størrelse at kystflåten alene kan garantere en stabil bosetning uansett de lokale muligheter for utdanning, for arbeid for ektefeller, for annen næringsvirksomhet, for kulturtilbud, for infrastruktur osv.»

Utvalet peiker også på at det er vanskeleg å garantere på førehand korleis ulike omleggingar av kvoteordningar og andre tiltak innan fiskeriforvaltninga vil verke. Utvalet konkluderer i kapittel 11.8 med at:

«Endringene i fiskeriforvaltningen – sammen med statlig ressurstilførsel – må på denne bakgrunn være så vidt store at fortsatt bosetning, minst på det nåværende nivå, fremtrer som mest sannsynlig. Ellers ville man åpent godta en videre nedgang med endelig kulturutvisking som snarlig resultat. Tatt i betraktning den nedgang i folketall som har funnet sted langs kysten, også i tiden etter 1972 da Norge ratifiserte konvensjonen av 1966, vil utvalget mene at staten har en plikt til å bruke virkemidler som direkte reverserer utviklingen. Under enhver omstendighet må det kreves en nyorientering av en slik styrke at det medfører en vesentlig bedring av vilkårene i fiskeriene for samene og andre langs kysten.»

Forslaga frå kystfiskeutvalet om kollektive rettar er difor følgde av individuelle rettar for den som er omfatta av den kollektive retten. Dei individuelle rettane deler utvalet i:

  • retten til å fiske til eige forbruk og eige hushald

  • retten til fritidsfiske for omsetning

  • retten til å starte som fiskar

  • retten til å drive fiske for å skaffe seg grunnlag for eit hushald, anten åleine eller saman med anna inntekt

Når det gjeld gjennomføring av retten, peiker utvalet på at dette av omsyn til ressurssituasjonen kan gjennomførast ved konsesjonar, deltakarløyve eller andre løyve med tilhøyrande kvotar. Ved fastsetjing av slike løyve og tildeling av kvotar, foreslår utvalet at det skal leggjast vekt på at det materielle grunnlaget for samisk kultur og annan kystkultur i Finnmark vert sikra.

Ein sentral del av framlegget er at det skal vere ein rett til å drive fiske for å skaffe seg grunnlag for eit hushald, anten åleine eller saman med anna inntekt. Det vert difor eit grunnleggjande spørsmål kva for krav til inntekt dette set. Utvalet går ikkje særleg inn på det, men har lagt til grunn at det skal vere ei minimumsinntekt frå fiske som må vere akseptabel per 2007, vel vitande om at samfunnet sine krav til inntekt kan endre seg over tid. Utvalet uttalar i kapittel 11.13.2 følgjande:

«Det blir likevel et grunnleggende spørsmål for utvalget om en skal legge til grunn at disse fiskere skal klare seg med mindre inntekter enn øvrige fiskere. Alternativt kan en tenke seg at en legger opp til en minimumsinntekt fra fiske som må være akseptabel per 2007, vel vitende om at også dette er en dynamisk størrelse som vil kunne endre seg over tid, og hvor en da er avhengig av å fiske mer, dvs. med færre fiskere på et gitt kvantum.
Utvalget har her i sitt lovforslag lagt til grunn det andre alternativ med en henvisning i lovmerknadene til en rimelig inntekt for yrkesfiskere.»

Utvalet legg såleis til grunn at utviklinga kan leie til at kravet til inntekt påverkar talet på fiskarar.

Når det gjeld dei som skal drive fiske som næring, anten åleine eller i kombinasjon med anna næring, legg utvalet til grunn at desse personane må fylle vilkåra for å stå i fiskarmanntalet, anten på blad A eller blad B, og at det bør gjerast endringar i reglane om fiskarmanntalet for å gjere det enklare for personar i Finnmark å oppfylle desse krava. Utvalet foreslår at reglane for opptak på blad A i fiskarmanntalet vert einsarta, og at alle fiskarar i Finnmark får høve til å tene minst 5 G frå anna verksemd.

Ein konsekvens av dette er at dei som skal drive med fiske må ha fiske anten som hovudyrke eller deltidsyrke, og at det er fastsett krav til kor stor inntekt ein samtidig kan ha frå anna næring. I motsetnad til samerettsutvalet, har ikkje kystfiskeutvalet sett eit behov for å utvide grensa for inntekt frå anna verksemd ut over 5 G.

7.7.2 Spørsmålet om fritt fiske for mindre fartøy

Utvalet peiker på at det tidlegare har vore foreslått tiltak for å styrkje fiske med passive reiskapar frå små fartøy i sjøsamiske område, mellom anna fritt fiske for dei minste fartøya. Utvalet har vurdert desse tidlegare forslaga. Grunnlaget for å vurdere spørsmålet om fritt fiske er ifølgje utvalet mellom anna at:

«Utøvelsen av fiske i sjøsamiske områder har i stor grad vært kjennetegnet av fiske med passive redskaper og fra mindre fartøyer. Dette fisket har først og fremst vært et hjemmefiske som i betydelig utstrekning har vært basert på ressurstilgang i de nære kystfarvann. Fisket er derfor sårbart for svingninger i ressurssituasjonen. Et hjemmefiske er samtidig enklere å kombinere med andre næringer, og således mer fleksibelt i forhold til at fiskerne kan ha inntekt fra annet arbeid i perioder av året hvor fisken er vanskelig tilgjengelig.»

Utvalet peiker på at fiske med mindre fartøy som nyttar passive reiskapar er viktig for sjøsamisk busetjing og kultur, fordi flåtegruppa under 10 meter er viktig i sjøsamiske område. I tillegg meiner utvalet at desse fartøya i liten grad kan haldast ansvarlege for overfiske og dei strenge reguleringane som vart innførde som følgje av ressurskrisa.

Utvalet meiner likevel at omfanget av eit fritt fiske for mindre fartøy må kunne regulerast og skriv at:

«De skadevirkninger et fritt fiske kan tenkes å få for fiskeressursene, vil kunne avhjelpes ved at fiskerimyndighetene gis en adgang til å regulere omfanget av det frie fisket.»

Kystfiskeutvalet har ei omfattande vurdering av moglegheitene for eit fritt fiske for mindre fartøy som fiskar med passive reiskapar. Utvalet ser grunnar som kan tale for eit slikt fritt fiske, men ser samstundes også sterke innvendingar mot ein regel om fritt fiske og meiner det på sikt ikkje kan la seg gjere, særleg av omsyn til dei lokale bestandane i fjordane.

Utvalet peiker vidare på at eit fritt fiske for fartøy under 10 eller 11 meter vil kunne føre til eit overfiske av desse fartøya sin del av den nasjonale kvoten. Utvalet uttalar i kapittel 11.12.2 at:

«Et slikt «overfiske» må naturligvis kompenseres med mindre fisk i andre flåtegrupper, ettersom norske fiskerimyndigheter har forpliktet seg til å holde totalkvotene innen de rammer som er avtalt i norsk-russiske fiskerikommisjon (torsk og hyse). Slike raske endringer i sesongen mellom ulike flåtegrupper i kystfiske vil være vanskelig innen et system som er bygget opp på faste og stabile kvoteandeler over tid.»

Utvalet konkluderer etter ei lengre utgreiing med at «utvalget har vanskelig for å se at «fritt fiske» i betydningen ubegrenset kvantum, er en hensiktsmessig løsning.» Utvalet har difor vurdert om det er andre løysingar som vil vere betre for dei minste fartøya enn fritt fiske.

7.7.3 Framlegg om gjennomføring av individuelle rettar

Utvalet har kome med fleire framlegg om forvaltningsmessig gjennomføring av retten til fiske.

Utvalet peiker på at det både innanfor lukka gruppe (av utvalet omtalt som gruppe I) og open gruppe (av utvalet omtalt som gruppe II) vil vere mogleg å fastsetje særlege vilkår som gjer det enklare å få delta i fisket. På same måte kan det gjerast enklare å vere fritidsfiskar/ikkje manntalsført fiskar med høve til eit visst sal. Utvalet meiner såleis at retten til fiske har implikasjonar for dei som fiskar i gruppe I, gruppe II og for fritidsfiske.

I staden for å foreslå ei ordning med fritt fiske for mindre fartøy har utvalet i kapittel 11.12.3 foreslått at det vert:

«en friere adgang i form av deltakelse og en plikt for staten til å sørge for at hver av de tre gruppene har kvoter (såfremt dette er mulig av ressursmessige hensyn), noe som gir retten til fiske et praktisk innhold.»

Dei konkrete forslaga til utvalet for å sikre dette er:

  • garantert minimumskvantum til fartøy i gruppe II

  • minimumskvote for fartøy under 10 meter

  • lemping av vilkåra for å verte registrerte på blad A i fiskarmanntalet

  • fleire deltakarløyve i gruppe I i Finnmark/opprykk til eit høgare kvantum

  • endring i reglane om kor mykje fisk fritidsfiskarar kan omsetje

  • tiltak for å styrkje rekruttering til fjord- og kystfiske

Samanhengen mellom desse framlegga til forvaltningsmessig gjennomføring av retten til fiske er for det første at deltakinga og fiske i gruppe II skal styrkast. Det skal gjerast ved at det vert etablert eit garantert minimumskvantum for fiskarar i gruppe II som ikkje kan reduserast ved nedgang i bestanden. Vidare skal moglegheita for å kunne fiske i gruppe II styrkast gjennom lemping av vilkåra for å verte registrert på blad A i fiskarmanntalet.

Vidare gjer utvalet framlegg om at dei mest aktive fiskarane i gruppe II skal kunne rykkje opp til eit kvantum tilsvarande det kvantum som er i gruppe I. Ettersom utvalet meiner at det ikkje skal vere mogleg å omsetje eit slikt deltakarløyve, er det ikkje heilt presist å kalle dette for opprykk til gruppe I, slik utvalet har gjort. Det er meir korrekt å kalle dette for opprykk til eit høgare kvantum. Nedanfor vel departementet likevel å framstille forslaga frå utvalet med dei nemningane dei sjølve har valt, men ein bør då ha i mente at utvalet eigentleg ikkje gjer framlegg om fleire deltakarløyve i gruppe I juridisk sett.

7.7.3.1 Garantert minimumskvantum i gruppe II

Utvalet meiner at staten må syte for at kvotane til gruppe II-fiskarar i Finnmark er så store at dei kan gje grunnlag for ein leveveg, anten åleine som hovudyrke eller som eit attåtyrke. Utvalet uttalar at «hvor store kvotene da til en hver tid må være vil i stor grad være et skjønnsspørsmål.»

Utvalet meiner at per 2007 er det liten tvil om at torskekvotar i gruppe II og eit fritt fiske etter hyse og sei tilfredsstiller eit slikt krav. Utvalet peiker i kapittel 11.12.3 på at:

«Dette vil imidlertid kunne endre seg og det kan på et senere tidspunkt være aktuelt å fastlegge garanterte minimumskvoter for Gruppe II fiskere i Finnmark.»

Kor store kvotane i gruppe II for finnmarksfiskarar skal vere må ifølgje utvalet avgjerast etter ei samla vurdering av fangstmoglegheitene i gruppa og ut frå kvar eit kvantum eventuelt skal hentast frå. Utvalet peiker på at i høve til reguleringane i 2007 vil eit fartøy mellom 8 og 10 meter kunne få ei fangstinntekt på om lag 400 000 kroner frå torskekvoten. I tillegg kjem fangstinntekter frå sei, hyse og kongekrabbe, og utvalet oppsummerer med at:

«Det betyr at der hvor fisken er tilgjengelig, er det absolutt mulighet for å overleve i gruppe II. Det må imidlertid utvises forsiktighet med å generalisere ut fra disse resultatene, ettersom refordelingen et annet år kan være helt forskjellig, avhengig av hvor mange som er i gruppe II og hvordan selve fisket arter seg (innsig og vær).»

Utvalet oppsummerer med at alle registrerte fiskarar i Finnmark vil ha krav på ein slik minimumskvote.

7.7.3.2 Minimumskvote for fartøy under 10 meter

Utvalet viser til at det i mandatet er bedt om å greie ut og vurdere minimumskvote for fartøy under 10 meter. Utvalet legg til grunn at ein minimumskvote etter normal forståing av omgrepet vil innebere eit garantert minstekvantum for fartøya i gruppa under 10 meter. Det vil ifølgje utvalet leie til at denne flåten, som er viktig for sysselsetjing og busetjing i fjordane og langs kysten, vert skjerma mot verknadene av ein eventuell nedgang i den nasjonale kvoten.

Utvalet uttalar i kapittel 11.23 at:

«Etter utvalgets oppfatning vil lovutkastet § 2 innebære at det etableres en minimumskvote. Denne kvoten tilkommer ikke fartøyene i Finnmark, slik det henstilles om i stortingsvedtaket, men vil gjelde for folk i motsetning til for fartøyer, nemlig enhver som er bosatt i Finnmark og som ønsker å fiske.»

Utvalet strekar vidare under at dei avgrensingane som er sette opp gjennom ordningane med fartøyregister og fiskarmanntal framleis vil gjelde. Utvalet peiker på at retten til å begynne som fiskar i næring inneber ein rett til det fangstkvantumet som må til for å kunne etablere seg som fiskar. Det kvantumet må ifølgje utvalet etter ei tid tilpassast slik at det kan gjere det mogleg å etablere seg som yrkesfiskar, anten åleine eller i kombinasjon med anna næring. Utvalet konkluderer med at:

«Folk bosatt i Finnmark vil ha et rettskrav overfor fiskerimyndighetene for at dette blir gjennomført innenfor rammen av den til enhver tid gjeldende TAC. Alle registrerte fiskere i Finnmark vil etter dette ha en garantert minimumskvote.»

7.7.3.3 Lemping av vilkåra for å vere registrert på blad A i fiskarmanntalet

Utvalet peiker på at det allereie er gode ordningar for å etablere seg som attåtyrkesfiskar i verkeområdet for samisk utviklingsfond. Utvalet meiner at desse reglane bør gjelde for alle kommunane i Finnmark, og ikkje berre dei som er omfatta av samisk utviklingsfond. Utvalet foreslår ikkje endringar i dei eksisterande grensene for å stå på blad A i dette området.

7.7.3.4 Fleire deltakarløyve i gruppe I i Finnmark

Utvalet meiner at tildeling av fleire deltakarløyve i Finnmark kan løysast på ulike måtar.

Eit alternativ er ei opprykksordning frå gruppe II, der det vert mogleg for dei mest aktive i gruppe II å rykke opp til gruppe I. Vidare er det mogleg å etablere ei rekrutteringsordning slik at eit visst tal fiskarar per år får høve til å gå direkte inn i gruppe I utan å måtte kjøpe eit fartøy med tilhøyrande deltakarløyve. Utvalet nemner som ei siste moglegheit at Finnmark fiskeriforvaltning kan kjøpe inn fartøy med tilhøyrande deltakarløyve til bruk i Finnmark.

Når det gjeld etableringa av ei rekrutteringsordning til gruppe I, peiker utvalet på at talet på fiskarar som vert rekrutterte inn til gruppe I, må vere tilstrekkeleg til at retten til fiske vert effektivt overhalden. Dei som er interesserte må ifølgje utvalet rangerast og gradvis sleppast inn i gruppe I så snart som mogleg. Utvalet viser i kapittel 11.13.4 til tidlegare ordningar med «opprykk» frå gruppe II til gruppe I og uttalar at:

«En tilsvarende mulighet vil man kunne benytte for eksisterende kyst- og fjordfiskere som er bosatt i Finnmark og som kan dokumentere en viss aktivitet i en nærmere definert periode. Dette kan enten gjøres som et engangstiltak eller gjennom en mer suksessiv innfasing.»

Utvalet tek ikkje stilling til kor mange deltakarløyve som bør opprettast, men «det ligger i sakens natur at skal man få noen effekt av tiltaket, bør det være et betydelig antall.» Utvalet strekar også under at «all den stund fiskerne fra Finnmark vil ha en rett til å bli eneyrkesfisker, må det antall som slippes inn være tilstrekkelig til at retten blir effektiv».

Utvalet meiner vidare at det ikkje bør vere mogleg å selje slike deltakarløyve, og at deltakarløyvet går attende til Finnmark fiskeriforvaltning når nokon sluttar å fiske.

Utvalet peiker på at forholdet mellom gamle og nye deltakarløyve kan få nokre økonomiske verknader og uttalar at den føreslegne ordninga vil kunne gjere det vanskelegare for nye rettshavarar å få bankfinansiering. Utvalet meiner det kan kompenserast ved at Finnmark fiskeriforvaltning får høve til å garantere for kjøp av fartøy som er basert på det nye deltakarløyvet.

7.7.3.5 Endring i reglane om omsetning av fangst frå fritidsfiskarar

I dag kan fiskarar som ikkje står i fiskarmanntalet levere 1000 kilo torsk for omsetning årleg (redusert frå 2000 til 1000 kilo frå og med 2011 som ein del av kysttorskvernet). Dette er fastsett som ein del av reguleringane for å verne eller avgrense fisket av kysttorsk. Utvalet meiner det er ei plikt for staten å sikre fritidsfiskarar ein viss kvote slik at dei kan fiske både til eige konsum og til eit visst sal.

Utvalet foreslår at denne kvoten vert heva til 3000 kilo. Utvalet peiker på at dette er sentralt for mange i Finnmark, særleg for å oppretthalde ein identitet som fiskar og som sjøsame. Utvalet ser likevel ut til å leggje til grunn at det vil vere behov for å avgrense fritidsfiskarane sin rett til å fiske til meir enn matauk. Utvalet uttalar såleis i kapittel 11.12.3 at:

«Hvis fisket i Finnmark organiseres som foreslått av Kystfiskeutvalget, vil det i stor grad bli opp til styret i Finnmark fiskeriforvaltning å avgjøre hvor fritt fisket til enhver tid kan foregå. I prinsippet blir dette en avveining av hvor mange fiskere som skal slippes løs på en begrenset kvoteavsetning, alternativt hvordan nytildelte/nyinnkjøpte kvoter skal fordeles. Dette er et spørsmål som etter utvalgets mening må delegeres til styret i Finnmark fiskeriforvaltning og hvor utvalget bare kan angi hva som er målsettingen for hele fiskeriregimet som her er foreslått.»

7.7.3.6 Rekruttering

Utvalet ser det som vesentleg at det vert sett i verk kraftige tiltak for å styrkje rekrutteringa til fjord- og kystfiske, og foreslår difor at alle som bur i fjord- eller kystområde i Finnmark vil ha eit rettskrav på å fiske eit volum som gjev økonomisk grunnlag for å starte som fiskar. Dette fangstvolum må tilpassast slik at det vil vere mogleg med overgang til å ha fiske som levebrød.

Utvalet viser vidare til at Finnmark fiskeriforvaltning kan disponere eigne kvotar til rekruttering og til dømes opprette særskilde tidsavgrensa rekrutteringskvotar «som ungdom kan ha med seg, enten som mannskap på annens båt eller alene».

7.8 Økonomiske ordningar

Utvalet meiner framlegga om rettar og endringar i regelverk ovanfor ikkje er tilstrekkelege for å sikre det materielle grunnlaget for samisk kultur, og at det difor må opprettast fleire støtte- og tilskotsordningar. Utvalet meiner at den sjøsamiske kulturen no er i ein kritisk situasjon og uttalar at staten no har eit høve, truleg det siste, til å rette opp ein del av skadeverknadene av ein politikk som har vore negativ for sjøsamane. Utvalet uttalar difor i kapittel 12.28:

«En betydelig tilførsel av kapital til Finnmark fiskeriforvaltning er en nøkkelfaktor. Utvalgets forslag knyttet til retten til fiske og endringer i fiskerireguleringene vil være viktige skritt i riktig retning. Men ressursene til Finnmark fiskeriforvaltning vil være et hovedelement for å nå målet om kultursikring og kulturutvikling. Den ønskede aktivitet vil være kostbar for myndighetene.
Det må et krafttak til.»

Når det gjeld framlegg til konkrete økonomiske ordningar uttalar utvalet i kapittel 11.13.7 at:

«Selv om det er en sentral målsetting i norsk fiskerinæring i dag å redusere antallet båter, er det fortsatt legitimt å bidra til økt virksomhet innen fiske i det som er definert som fjordsamiske områder. Gitt bankstrukturen i Finnmark og de begrensede muligheter som ligger i å stille boligen som sikkerhet for lån, vil offentlige lån og støtteordninger fortsatt spille en vesentlig rolle ved flåteutvikling i fjordstrøkene.»

Utvalet meiner det betyr at låne- og støtteordningane i samisk utviklingsfond/Innovasjon Noreg må aukast, og at ein i første omgang bør konsentrere seg om fartøy under 11 meter i gruppe I og II. Det er ikkje foreslått kva for økonomiske rammer dette bør ha.

Utvalet meiner støtte til etablering av mottaksstasjonar langs kysten av Finnmark og i fjordane er eit viktig tiltak for å bidra til å sikre sjøsamisk kultur. Utvalet meiner at:

«Finnmark fiskeriforvaltning må kunne bidra økonomisk til etablering av slike anlegg, og eventuelt også selv eie og drive mottaksanlegg for råstoffleveranser fra lokal fjord- og kystflåte. Slik virksomhet krever imidlertid at Finnmark fiskeriforvaltning blir tilført tilstrekkelig kapital fra staten.»

Utvalet meiner vidare at det er viktig med tiltak for å sikre jamnare levering av råstoff til fiskeindustrien i fylket og peiker i samband med det på at det er viktig med leveringsplikter for den store kystflåten og trålflåten.

7.9 Andre forslag

7.9.1 Kongekrabbe

Kystfiskeutvalet er positivt til dei forslaga regjeringa har sett fram i St.meld. nr. 40 (2006–2007) og meiner forslaget om ein områderett for alle fartøy under 11 meter bør prøvast ut.

7.9.2 Anadrome laksefisk

Retten til å fiske laks i saltvatn er regulert i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefiske og innlandsfisk mv.

Kystfiskeutvalet peiker på at laksefiske i sjø og elvar utgjer grunnlaget for fleire kulturar, og dersom det må innførast avgrensingar i fisket for å sikre laksen, er det sportsfisket som må regulerast. Utvalet viser til at avvegingane knytt til å realisere rolla til laksefisket som kulturberar og overlevinga til villaksen, er komplekse. Utvalet understrekar at det er viktig at Sametinget vert sikra direkte innverknad gjennom konsultasjonsordninga.

Utvalet foreslår også at Finnmark fiskeriforvaltning får ei rolle i Samarbeidsrådet i lakseforvaltninga.

7.9.3 Oppdrett

I dag er det etter utvalet si meining få fordelar med omsyn til arbeidsplassar, lokale innkjøp og lokalt eigarskap knytt til oppdrettsverksemd. På den andre sida er ulempene for kommunen knytt til oppdrettsverksemd, betydeleg. Utvalet foreslår difor at:

«Det bør etter utvalgets mening vurderes om det skal innføres en årlig arealleieavgift som går direkte til den kommunen hvor anlegget er etablert. Innføring av en slik avgift i kombinasjon med at muligheten til å flytte virksomheten ut av kommunen begrenses, antar utvalget vil være hensiktsmessig.»

Utvalet understrekar vidare at Finnmark fiskeriforvaltning må ha ei sterk stemme ved lokaliseringa av oppdrett og at det bør vurderast om Finnmark fiskeriforvaltning bør ha kompetanse til å fremje motsegn i plansaker.

7.9.4 Tilhøvet til moglege eksisterande private rettar

Utvalet strekar under at deira forslag ikkje tek sikte på å gripe inn i særlege rettar som kan eksistere til spesielle fiskeplassar eller andre meir avgrensa område. Dei peiker vidare på at det ikkje har vore mogleg å undersøkje nærare om det eksisterer slike rettar i dei enkelte fjordane og i kystfarvatn, og at det er eit spørsmål om i kva grad utvalet skal gjere framlegg til avklaring av slike moglege rettar.

Utvalet uttalar at spørsmålet om særlege rettar, bruksrettar og eigedomsrettar for befolkninga langs kysten var sterkt framme i samanheng med fiskerigrensesaka mot Storbritannia, og at staten gjorde gjeldande at det hadde vore utvikla slike rettar til særlege område frå gammalt av. Dei viser likevel til at slike rettar har vore lite framme i norsk rettspraksis.

Det er domstolane som i dag må avgjere krav frå ein fiskar eller ei gruppe av fiskarar om dei har ein særrett til eit område. Utvalet har vurdert om ei klarlegging av slike rettar er så viktig at det krev ein enklare veg for dei fiskarane som meiner dei kan dokumentere slike krav.

Utvalet viser til at samerettsutvalet foreslår ei ordning med ein kommisjon og ein særdomstol etter mønster av finnmarkslova, og at desse organa skal ha mynde til å avklare rettar som gjeld sjøområde i havet sør for Finnmark.

Dei uttalar i kapittel 11.25 at:

«Det blir av Samerettsutvalget lagt avgjørende vekt på hensynet til prinsipielt å likebehandle samiske rettigheter til fast eiendom og i vassdrag med eventuelle rettigheter i saltvann. Men i motsetning til det som gjelder på land i Finnmark, vil det i dette forslag være en forutsetning for at kommisjonen skal tre i funksjon, at det fremmes krav om at rettigheter må bli utredet. Etablering av ordninger for anerkjennelse av rettigheter i saltvann er også foreslått i utkast til nordisk samekonvensjon artikkel 38 jf. 35.»

Kystfiskeutvalet understrekar at eit vilkår for undersøking og avgjerder er at det vert framsett krav knytt til eit nærare bestemt område frå ein fiskar eller ei gruppe av fiskarar. Utvalet har kome til at desse oppgåvene bør leggjast til Finnmarkskommisjonen. Dei understrekar at kommisjonen ikkje skal ta sjølvstendige initiativ, men berre tre i funksjon dersom det vert fremma krav om rettar. Utvalet meiner vidare at eventuelle tvistar etter utgreiing frå Finnmarkskommisjonen bør behandlast av dei alminnelege domstolane.

Utvalet peiker på at dersom Finnmarkskommisjonen skal få desse oppgåvene, krev det særlege saksbehandlingsreglar, men at dei ikkje har kome med framlegg til slike reglar.

Til forsida