Prop. 8 LS (2024–2025)

Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2019/1149

Til innhaldsliste

1 Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344

(Tekst som er relevant for EØS og for Sveits)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 46 og 48,

med tilvising til framlegget frå Europakommisjonen,

etter oversending av utkast til regelverksakt til dei nasjonale parlamenta,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,

med tilvising til fråsegn frå Regionutvalet2,

etter den ordinære regelverksprosedyren3 og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Fri rørsle for arbeidstakarar, etableringsfridom og fridom til å yte tenester er grunnleggjande prinsipp for den indre marknaden i Unionen og er forankra i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen (TVEU).

  • 2) I medhald av artikkel 3 i traktaten om Den europeiske unionen (TEU) skal Unionen arbeide for ein sosial marknadsøkonomi med høg konkurranseevne med vekt på full sysselsetjing og sosial framgang, og for å fremje sosial rettferd og sosialt vern, likestilling mellom kvinner og menn, solidaritet mellom generasjonane og kamp mot diskriminering. I medhald av artikkel 9 i TVEU skal Unionen ved fastsetjing og gjennomføring av politikken sin og verksemda si, ta omsyn til dei krava som er knytte til fremjing av eit høgt nivå for sysselsetjing, sikring av tilstrekkeleg sosial tryggleik, kamp mot sosial utestenging og fremjing av eit høgt nivå for utdanning, opplæring og helsevern.

  • 3) Den europeiske søyla for sosiale rettar vart kunngjord i fellesskap av Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen under toppmøtet om ein rettferdig arbeidsmarknad og vekst, som vart halde i Göteborg 17. november 2017. Under toppmøtet vart det lagt vekt på behovet for å vidareutvikle den sosiale dimensjonen i Unionen ved å setje menneska i sentrum, og for å fremje konvergens gjennom innsats på alle nivå, slik det vart stadfesta i konklusjonane frå møtet i Det europeiske rådet 14. og 15. desember 2017.

  • 4) I den felles fråsegna om dei lovgjevingsmessige prioriteringane i EU for 2018–2019 har Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen forplikta seg til å gjere tiltak for å styrkje den sosiale dimensjonen i Unionen ved å arbeide for ei betre koordinering av trygdeordningar, ved å verne arbeidstakarane mot helserisiko på arbeidsplassen, ved å sikre rettferdig handsaming for alle på arbeidsmarknaden i Unionen gjennom oppdaterte reglar for utsending av arbeidstakarar og ved ei endå betre handheving av unionsretten på tvers av landegrensene.

  • 5) For å verne rettane til mobile arbeidstakarar og fremje rettferdig konkurranse mellom føretak, særleg små og mellomstore føretak, er det særs viktig å betre handhevinga av unionsretten over landegrensene i område med høg arbeidskraftmobilitet og å kjempe mot misbruk.

  • 6) Det bør innførast ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt («styresmakta») som skal medverke til å styrkje ein rettferdig og tillitvekkjande indre marknad. Styresmakta bør ha klart definerte mål, med eit sterkt fokus på eit avgrensa oppgåvetal, for å sikre at tilgjengelege middel vert nytta mest mogleg effektivt på område der styresmakta kan tilføre størst mogleg tilleggsverdi. For å oppnå dette bør styresmakta hjelpe medlemsstatane og Kommisjonen med å styrkje tilgangen til informasjon, støtte etterleving og samarbeid mellom medlemsstatane med sikte på einsarta, verknadsfull og effektiv bruk og handheving av unionsretten når det gjeld arbeidskraftmobilitet i heile Unionen og koordinering av trygdeordningar i Unionen, og ho bør mekle ved og leggje til rette for å finne løysingar på eventuelle tvistar.

  • 7) Det er særs viktig at einskildpersonar og arbeidsgjevarar, særleg små og mellomstore føretak, får betre tilgang til informasjon om rettane og pliktene sine når det gjeld arbeidskraftmobilitet, fri rørsle for tenester og koordinering av trygdeordningar, slik at dei kan utnytte potensialet til den indre marknaden fullt ut.

  • 8) Styresmakta bør utføre verksemda si på områda for arbeidskraftmobilitet i heile Unionen og koordinering av trygdeordningane, medrekna fri rørsle for arbeidstakarar, utsending av arbeidstakarar og tenester med høg mobilitet. Ho bør òg styrkje samarbeidet mellom medlemsstatane når det gjeld kamp mot svart arbeid og andre situasjonar som set verkemåten til den indre marknaden i fare, til dømes postkasseselskap og falsk sjølvstendig næringsverksemd, utan at den kompetansen medlemsstatane har til å innføre nasjonale tiltak, vert påverka. Dersom styresmakta i samband med utføringa av verksemda si får kjennskap til mistenkelege avvik på område innanfor unionsretten, til dømes brot på arbeidsvilkåra eller helse- og tryggleiksreglane, eller utnytting av arbeidskraft, bør ho kunne rapportere dette til og samarbeide om dette med dei nasjonale styresmaktene i dei medlemsstatane som det gjeld, og eventuelt Kommisjonen og andre rette EU-organ.

  • 9) Verkeområdet for verksemda til styresmakta bør omfatte spesifikke unionsrettsakter som er oppførte i denne forordninga, og endringar av desse. Denne lista bør utvidast dersom det vert vedteke fleire unionsrettsakter om arbeidskraftmobilitet i heile Unionen.

  • 10) Styresmakta bør proaktivt medverke i den innsatsen som Unionen og medlemsstatane gjer på området arbeidskraftmobilitet i heile Unionen og koordinering av trygd, ved å utføre oppgåvene sine i fullt samarbeid med institusjonane og organa til Unionen og med medlemsstatane, og samstundes unngå dobbeltarbeid og fremje samverknad og komplementaritet.

  • 11) Styresmakta bør medverke til å leggje til rette for bruk og handheving av unionsretten innanfor ramma av denne forordninga, og støtte handhevinga av desse føresegnene i form av allment gjeldande tariffavtaler i samsvar med praksisen i medlemsstatane. For dette føremålet bør styresmakta opprette ein felles EU-nettstad som kan gje tilgang til alle relevante EU-nettstader, og til nasjonale nettstader som er skipa i samsvar med europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/67/EU4 og europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/54/EU5. Utan at det rører ved oppgåvene og verksemda til Den administrative kommisjonen for koordinering av trygdeordningar, som vart fastsett ved europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/20046 («Den administrative kommisjonen»), bør styresmakta òg medverke i koordineringa av trygdeordningar.

  • 12) I visse tilfelle er det vedteke sektorspesifikke unionsreglar for å møte spesifikke behov i visse sektorar, til dømes innanfor internasjonal transport, medrekna transport på veg og med jarnbane, sjøtransport, transport på innlandsvassvegar og lufttransport. Innanfor verkeområdet for denne forordninga bør styresmakta òg handtere arbeidskraftmobilitet over landegrensene og trygdespørsmål i samband med bruken av desse sektorspesifikke unionsreglane. Verkeområdet for verksemda til styresmakta, særleg spørsmålet om verksemda bør utvidast til å omfatte ytterlegare unionsrettsakter som dekkjer sektorspesifikke behov innanfor internasjonal transport, bør evaluerast jamleg og reviderast dersom det er føremålstenleg.

  • 13) Verksemda til styresmakta bør dekkje einskildpersonar som er omfatta av unionsretten innanfor verkeområdet til denne forordninga, mellom anna arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og arbeidssøkjarar. Slike einskildpersonar bør omfatte unionsborgarar og tredjelandsborgarar som har lovleg opphald i Unionen, til dømes utsende arbeidstakarar, personar som byter jobb innanfor same føretak, eller langtidsbusette, og familiemedlemmene deira, i samsvar med unionsrseglar som regulerer mobiliteten deira innanfor Unionen.

  • 14) Innføringa av styresmakta bør ikkje skape nye rettar eller plikter for einskildpersonar eller arbeidsgjevarar, medrekna marknadsdeltakarar eller frivillige organisasjonar, ettersom verksemda til styresmakta bør omfatte slike einskildpersonar og arbeidsgjevarar i den grad dei er omfatta av unionsretten innanfor verkeområdet for denne forordninga. Auka samarbeid om handheving bør ikkje leggje urimeleg store administrative byrder på mobile arbeidstakarar eller arbeidsgjevarar, særleg på små og mellomstore føretak, og bør heller ikkje motverke arbeidskraftmobilitet.

  • 15) For å sikre at einskildpersonar og arbeidsgjevarar skal kunne nyte godt av føremonene ved ein rettferdig og effektiv indre marknad, bør styresmakta støtte medlemsstatane i å fremje arbeidskraftmobilitet eller tenesteyting og rekruttering innanfor heile Unionen, medrekna tilgang til mobilitetstenester over landegrensene, til dømes matching av jobbar, praktikantplassar og lærlingplassar og mobilitetsordningar som «Din første EURES-jobb» eller ErasmusPRO. Styresmakta bør òg medverke til meir transparent informasjon, mellom anna om rettar og plikter som er fastsette i unionsretten, og tilgang til tenester for einskildpersonar og arbeidsgjevarar, i samarbeid med andre informasjonstenester i Unionen, til dømes «Ditt Europa – rådgjeving», og samstundes dra full nytte av og sikre samordning med portalen «Ditt Europa», som skal utgjere ryggrada i den felles digitale portalen som vart innført ved europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2018/17247.

  • 16) For dette føremålet bør styresmakta samarbeide med andre relevante initiativ og nettverk i Unionen, særleg Det europeiske nettverket av offentlege arbeidsformidlingar, nettverket European Enterprise, grensekontaktpunktet SOLVIT og Utvalet for arbeidstilsynsleiarar, saman med relevante nasjonale tenester som til dømes dei organa som fremjar lik handsaming og som støttar arbeidstakarar i Unionen og familiemedlemmene deira, som medlemsstatane har utpeikt i medhald av direktiv 2014/54/EU. Styresmakta bør erstatte Kommisjonen når det gjeld forvalting av Det europeiske samordningskontoret for arbeidsformidlingar (EURES), som vart innført ved europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/5898, medrekna fastsetjing av brukarbehov og forretningskrav til effektiviteten av EURES-portalen og tilhøyrande IT-tenester, men ikkje medrekna yting av IT og drift og utvikling av IT-infrastruktur, som framleis vil verte teke hand om av Kommisjonen.

  • 17) For å sikre rettferdig, enkel og effektiv bruk og handheving av unionsretten bør styresmakta støtte samarbeid og informasjonsutveksling til rett tid mellom medlemsstatane. Saman med anna personale bør nasjonale kontaktpersonar som arbeider i styresmakta, støtte medlemsstatane slik at dei kan etterleve samarbeidspliktene sine, framskunde informasjonsutvekslinga mellom dei gjennom framgangsmåtar som er utforma for å redusere forseinkingar, og sikre kontakten med andre nasjonale kontor, organ og kontaktpunkt som er skipa i medhald av unionsretten. Styresmakta bør oppmuntre til bruk av nyskapande tiltak for å få i stand eit effektivt og føremålstenleg samarbeid over landegrensene, medrekna verktøy for elektronisk datautveksling som til dømes systemet for elektronisk utveksling av trygdeopplysningar (EESSI) og informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI), og bør medverke til å fremje ytterlegare digitalisering og betre IT-verktøy for utveksling av meldingar mellom nasjonale styresmakter.

  • 18) For å auke medlemsstatane sin kapasitet til å sikre vern for personar som utøver retten sin til fri rørsle, og for å kjempe mot tverrnasjonale brot på unionsretten innanfor verkeområdet for denne forordninga, bør styresmakta støtte dei nasjonale styresmaktene i utføringa av samordna og felles tilsyn, mellom anna ved å leggje til rette for å gjennomføre tilsyn i samsvar med artikkel 10 i direktiv 2014/67/EU. Slike tilsyn bør utførast på oppmoding frå medlemsstatane, eller når dei gjev samtykke til det etter framlegg frå styresmakta. Styresmakta bør gje strategisk, logistisk og teknisk støtte til medlemsstatar som tek del i samordna eller felles tilsyn, og samstundes rette seg fullt ut etter krava til fortruleg handsaming. Tilsyna bør utførast etter avtale med den aktuelle medlemsstaten og innanfor den rettslege ramma for nasjonal lovgjeving eller praksis i medlemsstatane der tilsynet vert utført. Medlemsstatane bør følgje opp resultata av samordna og felles tilsyn i samsvar med nasjonal lovgjeving eller praksis.

  • 19) Samordna og felles tilsyn bør ikkje erstatte eller undergrave nasjonale kompetanseområde. Nasjonale styresmakter bør òg ta del fullt ut i tilsynsprosessen og ha alle fullmakter. Dersom fagforeiningar har ansvaret for tilsyn på nasjonalt plan, bør samordna og felles tilsyn utførast etter avtale med og i samarbeid med dei aktuelle partane i arbeidslivet.

  • 20) For å kunne kartleggje nye tendensar, utfordringar eller smutthol innanfor arbeidskraftmobilitet og koordinering av trygdeordningar bør styresmakta, i samarbeid med medlemsstatane og eventuelt med partane i arbeidslivet, opparbeide ein kapasitet for analyse og risikovurdering. Dette bør omfatte arbeidsmarknadsanalysar og -studiar, og dessutan fagfellevurderingar. Styresmakta bør overvake eventuell ubalanse når det gjeld kompetanse og flyt av arbeidskraft over landegrensene, mellom anna korleis slik ubalanse vil kunne verke inn på den territoriale samanhengen. Styresmakta bør òg støtte risikovurdering slik det er nemnt i artikkel 10 i direktiv 2014/67/EU. Styresmakta bør sikre at det er samverknad og komplementaritet med kontora, tenestene og nettverka i Unionen. Dette bør omfatte innhenting av synspunkt frå SOLVIT og liknande tenester om sektorspesifikke utfordringar og tilbakevendande problem som gjeld arbeidskraftmobilitet innanfor verkeområdet for denne forordninga. Styresmakta bør òg leggje til rette for og effektivisere den datainnsamlingsverksemda som er fastsett i unionsretten, innanfor verkeområdet for denne forordninga. Dette inneber ikkje innføring av nye rapporteringsplikter for medlemsstatane.

  • 21) For å styrkje kapasiteten til nasjonale styresmakter innanfor arbeidskraftmobilitet og koordinering av trygd, og for å betre den samordna bruken av unionsretten innanfor verkeområdet for denne forordninga, bør styresmakta syte for at nasjonale styresmakter får driftsstøtte, mellom anna ved å utarbeide praktiske retningslinjer og innføre opplærings- og samlæringsprogram, til dømes for at arbeidstilsyna skal kunne handtere utfordringar i form av falsk sjølvstendig næringsverksemd og misbruk som gjeld utsending av arbeidstakarar, og fremje felles hjelpeprosjekt, leggje til rette for utveksling av personale, til dømes slik det er nemnt i artikkel 8 i direktiv 2014/67/EU, og støtte medlemsstatane i å organisere haldningskampanjar der einskildpersonar og arbeidsgjevarar får informasjon om rettane og pliktene sine. Styresmakta bør fremje utveksling, formidling og innføring av god praksis og kunnskap, og fremje gjensidig forståing av ulike nasjonale system og praksisar.

  • 22) Styresmakta bør utvikle samverknad mellom oppgåvene sine for å sikre rettferdig arbeidskraftmobilitet og kamp mot svart arbeid. For føremåla med denne forordninga tyder «kamp mot svart arbeid» å førebyggje, hindre og kjempe mot svart arbeid og å fremje innrapporteringa av dette. Med utgangspunkt i kunnskapen og arbeidsmetodane til den europeiske plattforma for å styrkje samarbeidet i kampen mot svart arbeid, som vart innført ved europaparlaments- og rådsavgjerd (EU) 2016/3449, bør styresmakta, med deltaking frå partane i arbeidslivet, skipe ei fast arbeidsgruppe som òg bør kallast ei plattform for å styrkje samarbeidet i kampen mot svart arbeid. Styresmakta bør syte for at overgangen vert god mellom den eksisterande verksemda til den plattforma som vart innført ved avgjerd (EU) 2016/344, og arbeidsgruppa innanfor styresmakta.

  • 23) Styresmakta bør ha ei meklarrolle. Medlemsstatane bør kunne vise enkeltståande tvistar til styresmakta for mekling dersom det ikkje var mogleg å løyse dei gjennom direkte kontakt og dialog. Mekling bør berre nyttast ved tvistar mellom medlemsstatar, medan einskildpersonar og arbeidsgjevarar som har vanskar med å utøve unionsrettane sine, framleis bør ha tilgang til dei nasjonale og unionsrettslege tenestene som er innførte for å handtere slike saker, til dømes SOLVIT-nettverket, som styresmakta bør vise slike saker til. SOLVIT-nettverket bør òg kunne vise saker til styresmakta for vurdering dersom problemet ikkje kan løysast på grunn av ulikskapar mellom nasjonale forvaltingar. Styresmakta bør utføre meklarrolla si utan at det rører ved kompetansen til Domstolen til Den europeiske unionen («Domstolen») når det gjeld tolkinga av unionsretten, og utan at det rører ved kompetansen til Den administrative kommisjonen.

  • 24) Den europeiske ramma for samverknadsevne (European Interoperability Framework – EIF) inneheld prinsipp og tilrådingar for betre styring av samverknadsevne og offentleg tenesteyting, for innføring av samarbeid mellom organisasjonar og over landegrenser, for tilpassing av prosessar til støtte for digital utveksling og for å sikre at både eksisterande og nytt regelverk støttar prinsippa for samverknadsevne. Den europeiske referansearkitekturen for samverknadsevne (European Interoperability Reference Architecture – EIRA) er ein allmenn struktur som omfattar prinsipp og retningslinjer for innføring av samverknadsløysingar slik det er omtala i europaparlaments- og rådsavgjerd (EU) 2015/224010. Både EIF og EIRA bør rettleie og støtte styresmakta i saker som gjeld samverknadsevne.

  • 25) Styresmakta bør arbeide for å gje betre tilgang til nettbasert informasjon og nettbaserte tenester for interessepartar i Unionen og nasjonale interessepartar, og lette informasjonsutvekslinga mellom dei. Difor bør styresmakta oppmuntre til bruk av digitale verktøy der dette er mogleg. I tillegg til IT-system og nettstader spelar digitale verktøy, til dømes regjeringsplattformer og databasar, ei stadig meir sentral rolle i marknaden for arbeidskraftmobilitet over landegrensene. Difor er slike verktøy nyttige for å gje enkel tilgang til relevant nettbasert informasjon og leggje til rette for at interessepartar i Unionen og nasjonale interessepartar kan utveksle informasjon om den grensekryssande verksemda si.

  • 26) Styresmakta bør syte for at nettstader og mobilapplikasjonar som vert utvikla med sikte på gjennomføring av dei oppgåvene som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med dei gjeldande unionskrava til tilgang. I medhald av europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2016/210211 skal medlemsstatane sikre at nettstadene til dei offentlege organa deira er tilgjengelege i samsvar med prinsippa om at dei skal kunne oppfattast og nyttast og vere forståelege og robuste, og at dei skal oppfylle krava i direktivet. Direktivet gjeld ikkje for nettstadene eller mobilapplikasjonane til institusjonar, organ, kontor og byrå i Unionen. Styresmakta bør likevel leggje vinn på å følgje dei prinsippa som er fastsette i direktivet.

  • 27) Styresmakta bør leiast og drivast i tråd med prinsippa i den felles fråsegna av 19. juli 2012 frå Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om desentraliserte byrå.

  • 28) Prinsippet om lik handsaming er eit grunnleggjande prinsipp i unionsretten. Det krev at likestilling mellom kvinner og menn skal sikrast på alle område, òg innanfor sysselsetjing, arbeid og løn. Alle partar bør arbeide for å oppnå ein jamn representasjon av kvinner og menn i styret og i gruppa av interessepartar. Styret bør òg setje seg føre å nå dette målet når det gjeld val av leiar og nestleiar.

  • 29) For å sikre at styresmakta fungerer effektivt, bør medlemsstatane og Kommisjonen vere representerte i styret. Europaparlamentet og bransjeovergripande organisasjonar for partane i arbeidslivet på unionsplan, med lik representasjon frå fagforeiningar og arbeidsgjevarorganisasjonar og med passande representasjon frå små og mellomstore føretak, kan òg oppnemne representantar til styret. Samansetnaden av styret, medrekna val av leiar og nestleiar, bør respektere prinsippa om jamn kjønnsfordeling, røynsle og kvalifikasjonar. For at styresmakta skal kunne fungere på ein effektiv og føremålstenleg måte, bør styret vedta eit årleg arbeidsprogram, utføre arbeidsoppgåvene sine i samband med budsjettet til styresmakta, vedta finansielle reglar for styresmakta, oppnemne ein dagleg leiar og innføre framgangsmåtar for avgjerder som leiaren skal ta når det gjeld driftsoppgåvene til styresmakta. Representantar frå tredjeland som nyttar unionsreglane innanfor verkeområdet for denne forordninga, bør kunne delta som observatørar på møta i styret.

  • 30) I unntakstilfelle, når det er naudsynt å oppretthalde eit høgast mogleg nivå for fortruleg handsaming, bør den uavhengige eksperten som er oppnemnd av Europaparlamentet, og representantane for dei bransjeovergripande organisasjonane for partane i arbeidslivet på unionsplan, ikkje delta i drøftingane til styret. Ei slik føresegn bør vere klart definert i sakshandsamingsreglane til styret og vere avgrensa til å gjelde for sensitive opplysningar om enkeltsaker, for å sikre at ei effektiv deltaking frå eksperten og representantane i arbeidet til styret ikkje vert avgrensa på urimeleg vis.

  • 31) Det bør oppnemnast ein dagleg leiar for å sikre den overordna forvaltinga av styresmakta og utføringa av oppgåvene som styresmakta får tildelt. Andre tilsette kan fungere som dagleg leiar dersom dette vert vurdert som naudsynt for å sikre den daglege forvaltinga av styresmakta, i samsvar med vedtektene til styresmakta, utan at det vert oppretta fleire leiande stillingar.

  • 32) Utan at det rører ved fullmaktene til Kommisjonen, bør styret og den daglege leiaren vere uavhengige når det gjeld utføringa av dei tildelte oppgåvene, og handle i ålmenta si interesse.

  • 33) Styresmakta bør byggje direkte på sakkunnskapen til dei relevante interessepartane på dei områda som er omfatta av verkeområdet for denne forordninga, gjennom ei særskild gruppe av interessepartar. Medlemmene bør representere partane i arbeidslivet på unionsplan og omfatte anerkjende sektorspesifikke partar i arbeidslivet i Unionen som representerer sektorar som er særleg opptekne av spørsmål om arbeidskraftmobilitet. Gruppa av interessepartar bør orienterast på førehand og kunne gje fråsegner til styresmakta, anten på oppmoding eller på eige initiativ. Når dei utfører verksemda si, skal gruppa av interessepartar ta tilbørleg omsyn til fråsegnene frå og nytte seg av kunnskapen til det rådgjevande utvalet for koordinering av trygdeordningar, som vart oppnemnt ved forordning (EF) nr. 883/2004, og det rådgjevande utvalet for fri rørsle for arbeidstakarar, som vart oppnemnt ved europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/201112.

  • 34) For å sikre at styresmakta fullt ut er sjølvstendig og uavhengig, bør ho få tildelt eit eige budsjett der inntektene kjem frå det allmenne budsjettet til Unionen, med eventuelle frivillige økonomiske bidrag frå medlemsstatane og eventuelle bidrag frå tredjeland som tek del i arbeidet til styresmakta. I tilbørleg grunngjevne unntakstilfelle bør styresmakta òg kunne få midlar gjennom delegeringsavtaler eller særlege tilskot, og kunne krevje betaling for publikasjonar og eventuelle tenester som ho yter.

  • 35) Omsetjingstenestene som er naudsynte for drifta av styresmakta, bør ytast av Omsetjingssenteret for organa til Den europeiske unionen (Omsetjingssenteret). Styresmakta bør samarbeide med Omsetjingssenteret for å utarbeide indikatorar for kvalitet, tidsrammer og fortruleg handsaming, identifisere tydeleg kva behov og prioriteringar styresmakta har og utarbeide klare og objektive framgangsmåtar for omsetjingsprosessen.

  • 36) Handsaming av personopplysningar innanfor ramma av denne forordninga bør utførast i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/67913 eller (EU) 2018/172514, alt etter kva som høver. Dette omfattar innføring av passande tekniske og organisatoriske tiltak for å oppfylle pliktene som vert pålagde ved desse forordningane, særleg tiltak som gjeld lovleg handsaming, trygg handsaming, framlegging av opplysningar og rettane til dei som vert registrerte.

  • 37) For å sikre klårleik i verksemda til styresmakta bør europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1049/200115 nyttast på styresmakta. Verksemda til styresmakta bør vere underlagd kontroll av Det europeiske ombodet i samsvar med artikkel 228 i TVEU.

  • 38) Europaparlaments- og rådsforordning (EU, Euratom) nr. 883/201316 bør nyttast på styresmakta, som bør slutte seg til den tverrinstitusjonelle avtala av 25. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet for den europeiske unionen og Kommisjonen for Dei europeiske fellesskapa om dei interne granskingane som vert gjorde av Det europeiske kontoret for motkjemping av svik (OLAF).

  • 39) Vertsmedlemsstaten til styresmakta bør syte for best moglege vilkår for å sikre at styresmakta fungerer på ein tilfredsstillande måte.

  • 40) For å sikre opne og klare arbeidsvilkår og lik handsaming av personale bør vedtektene for tenestemenn i Den europeiske unionen og tenestevilkåra for andre tilsette i Unionen, som er fastsette i rådsforordning (EØF, Euratom, EKSF) nr. 259/6817 (kalla høvesvis «vedtektene for tenestemenn» og «tenestevilkåra for andre tilsette»), nyttast på personalet til og den daglege leiaren for styresmakta, medrekna reglane for teieplikt eller andre tilsvarande plikter som gjeld fortruleg handsaming.

  • 41) Innanfor ramma av dei respektive kompetanseområda sine bør styresmakta samarbeide med byråa til Unionen, særleg dei som er skipa på området sysselsetjing og sosialpolitikk, og byggje på sakkunnskapen deira og dra mest mogleg nytte av synergieffektar: Den europeiske stiftinga for betring av leve- og arbeidsvilkåra (Eurofound), Det europeiske senteret for utvikling av yrkesretta opplæring (Cedefop), Det europeiske byrået for helse og tryggleik på arbeidsplassen (EU-OSHA) og Den europeiske opplæringsstiftinga (ETF), og dessutan med Den europeiske unionens byrå for politisamarbeid (Europol) og Den europeiske unionens byrå for strafferettsleg samarbeid (Eurojust) når det gjeld kamp mot organisert kriminalitet og menneskehandel. Eit slikt samarbeid bør sikre koordinering, fremje samverknad og hindre alle former for dobbeltarbeid innanfor verksemda.

  • 42) Når det gjeld koordinering av trygd, bør styresmakta og Den administrative kommisjonen samarbeide tett for å oppnå synergieffektar og unngå dobbeltarbeid.

  • 43) For å styrkje den driftsmessige dimensjonen ved verksemda til eksisterande organ på dei områda som er omfatta av verkeområdet for denne forordninga, bør styresmakta utføre oppgåvene til Det tekniske utvalet for fri rørsle for arbeidstakarar, som vart skipa i medhald av forordning (EU) nr. 492/2011, Ekspertutvalet for utsending av arbeidstakarar, som vart oppnemnt ved kommisjonsvedtak 2009/17/EF18, medrekna utveksling av opplysningar om administrativt samarbeid, hjelp i spørsmål om gjennomføring og handheving over landegrensene, og oppgåvene til den plattforma som vart innført ved avgjerd (EU) 2016/344. Straks styresmakta er vorten verksam, bør desse organa avviklast. Styret kan avgjere om det skal oppnemnast særskilde arbeidsgrupper eller ekspertpanel.

  • 44) Det rådgjevande utvalet for koordinering av trygdeordningar og Det rådgjevande utvalet for fri rørsle for arbeidstakarar utgjer eit forum for konsultasjonar mellom partane i arbeidslivet og regjeringsrepresentantar på nasjonalt plan. Styresmakta bør medverke i arbeidet deira og ta del i møta deira.

  • 45) For å spegle av den nye institusjonelle strukturen bør forordning (EF) 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 endrast, og avgjerd (EU) 2016/344 bør opphevast så snart styresmakta er verksam.

  • 46) Styresmakta bør respektere mangfaldet av nasjonale ordningar i arbeidsmarknadene og den uavhengige stillinga til partane i arbeidslivet, slik det uttrykkjeleg er sannkjent i TVEU. Deltaking i verksemda til styresmakta rører ikkje ved kompetanseområda, pliktene og ansvarsområda til medlemsstatane i medhald av mellom anna relevante og gjeldande konvensjonar frå Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), til dømes konvensjon nr. 81 om arbeidstilsyn i industri og handel, og ved medlemsstatane sine fullmakter til å regulere, mekle eller overvake nasjonale ordningar på arbeidsmarknadene, særleg for utøving av retten til kollektive forhandlingar og til å gjere kollektive tiltak.

  • 47) Ettersom måla for denne forordninga, som er å medverke, innanfor sitt verkeområde, til å sikre rettferdig arbeidskraftmobilitet i heile Unionen og å støtte medlemsstatane og Kommisjonen i å koordinere trygdeordningane i Unionen, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane utan samordning seg imellom, men heller – på grunn av den tverrnasjonale verksemda og behovet for auka samarbeid mellom medlemsstatane – betre kan nåast på unionsplan, kan Unionen vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i TEU. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne forordninga lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  • 48) Denne forordninga respekterer dei grunnleggjande rettane og rettar seg etter dei prinsippa som er anerkjende, særleg i pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar, slik det er anerkjent i artikkel 6 i TEU.

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

KAPITTEL I

PRINSIPP

Artikkel 1

Innføring, mål og verkeområde

  • 1. Ved denne forordninga vert det innført ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt («styresmakta»).

  • 2. Styresmakta skal hjelpe medlemsstatane og Kommisjonen til effektivt å nytte og handheve unionsretten som gjeld arbeidskraftmobilitet i Unionen, og til å koordinere trygdeordningar i Unionen. Styresmakta skal handle innanfor verkeområdet for unionsrettsaktene som er oppførte i nr. 4, medrekna alle direktiv, forordningar, vedtak og avgjerder som byggjer på desse rettsaktene, og innanfor verkeområdet for alle andre rettsleg bindande unionsrettsakter som pålegg styresmakta oppgåver.

  • 3. Denne forordninga skal ikkje på nokon måte røre ved utøvinga av dei grunnleggjande rettane som er anerkjende i medlemsstatane og på unionsplan, medrekna retten eller fridommen til å streike eller gjere andre tiltak som er omfatta av særlege arbeidsmarknadsordningar i medlemsstatane, i samsvar med nasjonal lovgjeving eller praksis. Forordninga rører heller ikkje ved retten til å forhandle fram, inngå og handheve tariffavtaler eller til å gjere kollektive tiltak i samsvar med nasjonal lovgjeving eller praksis.

  • 4. Verkeområdet for verksemda til styresmakta skal omfatte følgjande unionsrettsakter, medrekna alle framtidige endringar av dei:

    • a) Europaparlaments- og rådsdirektiv 96/71/EF19.

    • b) Direktiv 2014/67/EU.

    • c) Forordning (EF) nr. 883/2004 og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 987/200920, medrekna føresegnene i rådsforordning (EØF) nr. 1408/7121 og (EØF) nr. 574/7222 i den grad dei framleis er gjeldande, europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1231/201023 og rådsforordning (EF) nr. 859/200324 om utviding av føresegnene i forordning (EØF) nr. 1408/71 og (EØF) nr. 574/72 til å omfatte tredjelandsborgarar som ikkje allereie er omfatta av desse forordningane utelukkande på grunn av nasjonaliteten sin.

    • d) Forordning (EU) nr. 492/2011.

    • e) Direktiv 2014/54/EU.

    • f) Forordning (EU) 2016/589.

    • g) Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 561/200625.

    • h) Europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/22/EF26.

    • i) Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1071/200927.

  • 5. Verkeområdet for verksemda til styresmakta skal omfatte dei føresegnene i denne forordninga som gjeld samarbeid mellom medlemsstatane i kampen mot svart arbeid.

  • 6. Denne forordninga skal respektere kompetanseområda til medlemsstatane med omsyn til bruk og handheving av dei unionsrettsaktene som er oppførte i nr. 4.

    Ho skal ikkje røre ved dei rettane eller pliktene som einskildpersonar eller arbeidsgjevarar har i medhald av unionsretten eller nasjonal rett eller praksis, eller ved dei rettane og pliktene som nasjonale styresmakter har i medhald av unionsretten eller nasjonal lovgjeving eller praksis, og heller ikkje ved den uavhengige stillinga til partane i arbeidslivet slik det er anerkjent i TVEU.

    Denne forordninga rører ikkje ved eksisterande bilaterale avtaler og administrative samarbeidsordningar mellom medlemsstatane, særleg dei som gjeld samordna og felles tilsyn.

Artikkel 2

Mål

Måla for styresmakta skal vere å medverke til å sikre rettferdig arbeidskraftmobilitet i heile Unionen og å hjelpe medlemsstatane og Kommisjonen med koordinering av trygdeordningar i Unionen. For dette føremålet og innanfor verkeområdet i medhald av artikkel 1 skal styresmakta

  • a) lette tilgangen til informasjon om rettar og plikter som gjeld arbeidskraftmobilitet i heile Unionen, og tilgangen til relevante tenester,

  • b) leggje til rette for og styrkje samarbeidet mellom medlemsstatane når det gjeld handheving av relevant unionsrett i heile Unionen, medrekna tilrettelegging av samordna og felles tilsyn,

  • c) mekle og medverke til å finne løysingar ved eventuelle tverrnasjonale tvistar mellom medlemsstatane, og

  • d) støtte samarbeidet mellom medlemsstatane når det gjeld kampen mot svart arbeid.

Artikkel 3

Rettsleg status

  • 1. Styresmakta skal vere eit EU-organ med status som juridisk person.

  • 2. Styresmakta skal i kvar medlemsstat ha den mest vidtgåande retts- og handleevna som vert tillagt juridiske personar i medhald av deira nasjonale rett. Ho kan særleg skaffe seg og avhende lausøyre og fast eigedom og vere part i rettssaker.

KAPITTEL II

OPPGÅVENE TIL STYRESMAKTA

Artikkel 4

Oppgåvene til styresmakta

For å nå måla sine skal styresmaka utføre følgjande oppgåver:

  • a) Lette tilgangen til informasjon og koordinere EURES i samsvar med artikkel 5 og 6.

  • b) Leggje til rette for samarbeid og informasjonsutveksling mellom medlemsstatane med sikte på einsarta, effektiv og føremålstenleg bruk og handheving av relevant unionsrett, i samsvar med artikkel 7.

  • c) Koordinere og støtte samordna og felles tilsyn, i samsvar med artikkel 8 og 9.

  • d) Utføre analysar og risikovurdering av spørsmål som gjeld arbeidskraftmobilitet over landegrensene, i samsvar med artikkel 10.

  • e) Støtte medlemsstatane med kapasitetsbygging når det gjeld effektiv bruk og handheving av relevant unionsrett, i samsvar med artikkel 11.

  • f) Støtte medlemsstatane i kampen mot svart arbeid, i samsvar med artikkel 12.

  • g) Mekle i tvistar mellom medlemsstatar om bruken av relevant unionsrett, i samsvar med artikkel 13.

Artikkel 5

Informasjon om arbeidskraftmobilitet

Styresmakta skal betre tilgjenget, kvaliteten og tilgangen til den generelle informasjonen som vert gjeve til einskildpersonar, arbeidsgjevarar og organisasjonane til partane i arbeidslivet om kva rettar og plikter som følgjer av dei unionsrettsaktene som er oppførte i artikkel 1 nr. 4, med sikte på å leggje til rette for arbeidskraftmobilitet i heile Unionen. For dette føremålet skal styresmakta

  • a) medverke til at det vert gjeve relevant informasjon om rettane og pliktene til einskildpersonar i situasjonar med arbeidskraftmobilitet over landegrensene, mellom anna gjennom ein felles nettstad for heile Unionen som fungerer som ein fellesportal for tilgang til informasjonskjelder og -tenester på unionsplan og nasjonalt plan på alle offisielle språk i Unionen, og som vart innført ved forordning (EU) 2018/1724,

  • b) støtte medlemsstatane i bruken av forordning (EU) 2016/589,

  • c) støtte medlemsstatane i å etterleve pliktene som gjeld tilgang til og spreiing av informasjon om fri rørsle for arbeidstakarar, særleg slik det er fastsett i artikkel 6 i direktiv 2014/54/EU og i artikkel 22 i forordning (EU) 2016/589, om koordinering av trygd slik det er fastsett i artikkel 74 nr. 4 og 5 i forordning (EF) nr. 883/2004, og om utsending av arbeidstakarar slik det er fastsett i artikkel 5 i direktiv 2014/67/EU, mellom anna gjennom tilvisingar til nasjonale informasjonskjelder som til dømes dei felles offisielle nettstadene,

  • d) støtte medlemsstatane i å gjere relevante nasjonale informasjonskjelder og -tenester meir nøyaktige, fullstendige og brukarvennlege, i samsvar med dei kvalitetskriteria som er fastsette i forordning (EU) 2018/1724,

  • e) støtte medlemsstatane i å forenkle formidlinga av informasjon og tenester til einskildpersonar og arbeidsgjevarar om arbeidskraftmobilitet over landegrensene på frivillig grunnlag,

  • f) leggje til rette for samarbeid mellom rette organ som er utpeikte i samsvar med direktiv 2014/54/EU, for å gje informasjon, rettleiing og hjelp til einskildpersonar og arbeidsgjevarar på området arbeidskraftmobilitet i den indre marknaden.

Artikkel 6

Koordinering av EURES

For å støtte medlemsstatane i å yte tenester til einskildpersonar og arbeidsgjevarar gjennom EURES, til dømes ved matching over landegrensene av ledige jobbar, praktikantplassar og lærlingplassar ved bruk av CV, og såleis leggje til rette for mobilitet over heile Unionen, skal styresmakta forvalte det europeiske samordningskontoret til EURES, som vart skipa i medhald av artikkel 7 i forordning (EU) 2016/589.

Under forvaltinga til styresmakta skal Det europeiske samordningskontoret oppfylle pliktene sine i samsvar med artikkel 8 i forordning (EU) 2016/589, bortsett frå den tekniske drifta og utviklinga av EURES-portalen og tilhøyrande IT-tenester, som framleis skal forvaltast av Kommisjonen. Styresmakta skal, under ansvarsområdet til den daglege leiaren slik det er fastsett i artikkel 22 nr. 4 bokstav n) i denne forordninga, sikre at denne verksemda fullt ut oppfyller krava i dei gjeldande personvernreglane, medrekna kravet om å oppnemne eit personvernombod, i samsvar med artikkel 36 i denne forordninga.

Artikkel 7

Samarbeid og informasjonsutveksling mellom medlemsstatane

  • 1. Styresmakta skal leggje til rette for samarbeid og påskunde informasjonsutvekslinga mellom medlemsstatane og medverke til at dei faktisk etterlever samarbeidspliktene sine, òg når det gjeld informasjonsutveksling, slik det er definert i unionsretten innanfor verkeområdet for denne forordninga.

    For dette føremålet skal styresmakta særleg

    • a) på oppmoding frå ein eller fleire medlemsstatar, støtte nasjonale styresmakter i å identifisere relevante kontaktpunkt hjå nasjonale styresmakter i andre medlemsstatar,

    • b) på oppmoding frå ein eller fleire medlemsstatar, leggje til rette for oppfølging av spørsmål frå og informasjonsutveksling mellom nasjonale styresmakter ved å gje logistisk og teknisk støtte, medrekna omsetjings- og tolketenester, og gjennom informasjonsutveksling om statusen til ulike saker,

    • c) fremje, dele og medverke til å spreie beste praksis mellom medlemsstatar,

    • d) på oppmoding frå ein eller fleire medlemsstatar og når det er relevant, leggje til rette for og støtte handhevingsprosedyrar over landegrensene for sanksjonar og bøter, innanfor verkeområdet for denne forordninga i samsvar med artikkel 1,

    • e) leggje fram rapportar for Kommisjonen to gonger i året om uavklarte spørsmål medlemsstatane imellom og vurdere om desse eventuelt skal gå til mekling i samsvar med artikkel 13 nr. 2.

  • 2. På oppmoding frå ein eller fleire medlemsstatar og i utføringa av oppgåvene sine skal styresmakta leggje fram informasjon til støtte for den aktuelle medlemsstaten med omsyn til effektiv bruk av dei unionsrettsaktene som høyrer inn under kompetanseområdet til styresmakta.

  • 3. Styresmakta skal fremje bruken av elektroniske verktøy og framgangsmåtar for utveksling av meldingar mellom nasjonale styresmakter, medrekna informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI-systemet).

  • 4. Styresmakta skal oppmuntre til bruk av nyskapande tiltak for å fremje eit effektivt og føremålstenleg samarbeid over landegrensene, og skal fremje ein mogleg bruk av ordningar for elektronisk utveksling og databasar mellom medlemsstatane for å lette tilgangen til data i sanntid og lettare avdekkje svik, og ho kan føreslå moglege betringar i bruken av desse ordningane og databasane. Styresmakta skal leggje fram for Kommisjonen rapportar med sikte på å vidareutvikle ordningar for elektronisk utveksling og databasar.

Artikkel 8

Koordinering av og støtte til samordna og felles tilsyn

  • 1. På oppmoding frå ein eller fleire medlemsstatar skal styresmakta koordinere og støtte samordna eller felles tilsyn på dei områda som ligg innanfor kompetanseområdet til styresmakta. Styresmakta kan òg, på eige initiativ, føreslå for styresmaktene i dei medlemsstatane som det gjeld, at dei kan utføre samordna eller felles tilsyn.

    Samordna og felles tilsyn skal finne stad etter avtale mellom dei medlemsstatane som det gjeld.

    Organisasjonane til partane i arbeidslivet på nasjonalt plan kan leggje fram saker for styresmakta.

  • 2. I denne forordninga tyder

    • a) «samordna tilsyn» tilsyn som vert utført i to eller fleire medlemsstatar til same tid, som gjeld relaterte saker, der kvar nasjonale styresmakt er verksam på sitt eige territorium, med støtte frå personalet til styresmakta når det er føremålstenleg,

    • b) «felles tilsyn» tilsyn som vert utført i ein medlemsstat, med deltaking frå dei nasjonale styresmaktene i ein eller fleire medlemsstatar, med støtte frå personalet til styresmakta når det er føremålstenleg.

  • 3. I samsvar med prinsippet om lojalt samarbeid skal medlemsstatane leggje vinn på å delta i samordna eller felles tilsyn.

    Eit samordna eller felles tilsyn skal godkjennast på førehand av alle dei deltakande medlemsstatane, og avtala om slik godkjenning skal meldast gjennom dei nasjonale kontaktpersonane som er utpeikte i medhald av artikkel 32.

    Dersom ein eller fleire medlemsstatar tek avgjerd om å ikkje delta i det samordna eller felles tilsynet, skal dei nasjonale styresmaktene i dei andre medlemsstatane utføre dette tilsynet berre i dei deltakande medlemsstatane. Medlemsstatar som tek avgjerd om å ikkje delta, skal handsame opplysningar om eit slikt tilsyn fortruleg.

  • 4. Styresmakta skal innføre og vedta nærmare reglar for å sikre føremålstenleg oppfølging når ein medlemsstat tek avgjerd om å ikkje delta i eit samordna eller felles tilsyn.

    I slike tilfelle skal medlemsstaten skriftleg og utan unødig opphald melde frå til styresmakta og dei andre medlemsstatane som det gjeld, òg elektronisk, og grunngje avgjerda si, og eventuelt melde frå om kva tiltak han har planar om å gjere for å løyse saka og, straks dette er kjent, om resultata av desse tiltaka. Styresmakta kan føreslå at medlemsstatane som ikkje har delteke i eit samordna eller felles tilsyn, skal utføre sitt eige tilsyn på frivillig grunnlag.

  • 5. Medlemsstatane og styresmakta skal handsame opplysningar om planlagde tilsyn fortruleg i høve til tredjepartar.

Artikkel 9

Ordningar for samordna og felles tilsyn

  • 1. I ei avtale om utføring av samordna eller felles tilsyn mellom deltakande medlemsstatar og styresmakta skal det fastsetjast vilkår for korleis tilsynet skal utførast, medrekna verkeområdet for og føremålet med tilsynet og, dersom det er relevant, eventuelle ordningar som gjeld deltaking frå personalet til styresmakta. Avtala kan innehalde føresegner som gjer det mogleg å gjennomføre samordna eller felles tilsyn på kort varsel, straks dei er vedtekne og planlagde. Styresmakta skal utarbeide ein avtalemal i samsvar med unionsretten og med nasjonal lovgjeving eller praksis.

  • 2. Samordna og felles tilsyn skal utførast i samsvar med lovgjevinga eller praksisen i medlemsstaten der tilsynet finn stad. All oppfølging av slike tilsyn skal utførast i samsvar med lovgjevinga eller praksisen i den medlemsstaten som det gjeld.

  • 3. Samordna og felles tilsyn skal utførast på ein driftsmessig effektiv måte. For dette føremålet skal medlemsstatane i tilsynsavtala gje tenestemenn frå ein annan medlemsstat som tek del i slike tilsyn, ei passande rolle og stilling, i samsvar med lovgjevinga eller praksisen i medlemsstaten der tilsynet vert utført.

  • 4. Styresmakta skal gje medlemsstatar som utfører samordna eller felles tilsyn, støtte når det gjeld omgrep, logistikk og teknikk, og eventuelt juridisk sakkunnskap, medrekna omsetjings- og tolketenester, dersom desse medlemsstatane ber om det.

  • 5. Personale frå styresmakta kan delta som observatørar og yte logistisk støtte ved tilsynet, og kan delta i eit samordna eller felles tilsyn utan å ha avtala dette på førehand med medlemsstaten der tilsynet skal utførast, i samsvar med lovgjevinga eller praksisen til medlemsstaten.

  • 6. Den medlemsstatsstyresmakta som utfører eit samordna eller felles tilsyn, skal seinast seks månader etter at tilsynet er avslutta, rapportere til styresmakta om resultatet av tilsynet i den aktuelle medlemsstaten og om den overordna driftsmessige gjennomføringa av det samordna eller felles tilsynet.

  • 7. Dei opplysningane som vert innsamla under samordna eller felles tilsyn, skal kunne nyttast som prov i rettssaker i dei medlemsstatane som det gjeld, i samsvar med lovgjevinga eller praksisen i den aktuelle medlemsstaten.

  • 8. Opplysningar om samordna og felles tilsyn som vert koordinerte av styresmakta, og opplysningar som medlemsstatane og styresmakta gjev slik det er nemnt i artikkel 8 nr. 2 og 3, skal takast med i rapportane som skal sendast over til styret to gonger i året. Slike rapportar skal òg sendast til gruppa av interessepartar, med sensitive opplysningar tilbørleg redigerte. Ein årleg rapport om dei tilsyna som styresmakta støttar, skal takast med i den årlege verksemdsrapporten til styresmakta.

  • 9. Dersom styresmakta under samordna eller felles tilsyn eller under verksemda si elles får mistanke om avvik i bruken av unionsretten, kan ho, der det høver, rapportere om desse moglege avvika til den medlemsstaten som det gjeld, og til Kommisjonen.

Artikkel 10

Analysar og risikovurdering av arbeidskraftmobilitet

  • 1. Styresmakta skal, i samarbeid med medlemsstatane og eventuelt med partane i arbeidslivet, vurdere risikoar og utføre analysar om arbeidskraftmobilitet og koordinering av trygd i heile Unionen. Risikovurderinga og analysearbeidet skal omfatte emne som til dømes ubalanse i arbeidsmarknaden, sektorspesifikke utfordringar og tilbakevendande problem, og styresmakta kan òg leggje vekt på grundige analysar og studiar for å granske spesifikke spørsmål. Når ho utfører risikovurderinga si og analysearbeidet sitt, skal styresmakta i størst mogleg grad nytte relevante og oppdaterte statistiske opplysningar som finst tilgjengelege frå eksisterande granskingar, og sikre komplementaritet med og støtte seg på sakkunnskapen frå byråa eller tenestene til Unionen og frå nasjonale styresmakter, byrå eller tenester, mellom anna når det gjeld svik, utnytting, diskriminering, kompetanseprognosar og helse og tryggleik på arbeidsplassen.

  • 2. Styresmakta skal leggje til rette for fagfellevurderingar mellom medlemsstatar som gjev samtykke til å delta, for å

    • a) undersøkje eventuelle spørsmål, vanskar og særlege problem som kan oppstå når det gjeld gjennomføringa og den praktiske bruken av unionsretten innanfor kompetanseområdet til styresmakta, og når det gjeld den praktiske handhevinga,

    • b) gjere ytinga av tenester til einskildpersonar og føretak meir einskapleg,

    • c) betre kunnskapen og den felles forståinga av ulike system og praksisar, og vurdere kor effektive ulike politiske tiltak er, mellom anna førebyggjande og avskrekkande tiltak.

  • 3. Dersom det er utført risikovurdering eller ein annan type analysearbeid, skal styresmakta rapportere resultata sine til Kommisjonen og direkte til dei medlemsstatane som det gjeld, og føreslå moglege tiltak for å bøte på dei veikskapane som er påviste.

    Styresmakta skal òg ta med eit samandrag av resultata sine i dei årlege rapportane til Europaparlamentet og Kommisjonen.

  • 4. Når det er føremålstenleg, skal styresmakta samle inn statistiske opplysningar som medlemsstatane har utarbeidd og sendt over, på dei områda av unionsretten som ligg innanfor kompetanseområdet til styresmakta. Når ho gjer dette, skal styresmakta ta sikte på å forenkle den aktuelle datainnsamlinga si på desse områda, for å unngå at data vert samla inn fleire gonger. Der det er relevant, skal artikkel 15 nyttast. Styresmakta skal samarbeide med Kommisjonen (Eurostat) og dele resultata av datainnsamlinga si der det er føremålstenleg.

Artikkel 11

Støtte til kapasitetsbygging

Styresmakta skal støtte medlemsstatane i kapasitetsbygging som skal fremje ei einsarta handheving av unionsretten på alle område som er oppførte i artikkel 1. Styresmakta skal særleg utføre følgjande oppgåver:

  • a) I samarbeid med nasjonale styresmakter og eventuelt med partane i arbeidslivet utarbeide felles ikkje-bindande retningslinjer til bruk for medlemsstatane og partane i arbeidslivet, medrekna rettleiing for tilsyn i saker med ein grensekryssande dimensjon, og utarbeide felles definisjonar og omgrep på grunnlag av relevant arbeid på nasjonalt plan og unionsplan.

  • b) Fremje og støtte innbyrdes hjelp, anten i form av gjensidige aktivitetar eller gruppearbeid, i tillegg til utveksling av personale og utplasseringsordningar mellom nasjonale styresmakter.

  • c) Fremje utveksling og formidling av røynsler og god praksis, medrekna døme på samarbeid mellom dei relevante nasjonale styresmaktene.

  • d) Utarbeide sektorspesifikke og sektorovergripande opplæringsprogram, mellom anna for arbeidstilsyn, og målretta opplæringsmateriale, mellom anna i form av nettbaserte læringsmetodar.

  • e) Fremje haldningskampanjar, mellom anna kampanjar for å informere einskildpersonar og arbeidsgjevarar, særleg små og mellomstore føretak, om rettane og pliktene deira og om kva som er mogleg for dei å gjere.

Artikkel 12

Europeisk plattform for å styrkje samarbeidet i kampen mot svart arbeid

  • 1. Den europeiske plattforma for å styrkje samarbeidet i kampen mot svart arbeid («plattforma»), som vart innført i samsvar med artikkel 16 nr. 2, skal støtte verksemda til styresmakta i kampen mot svart arbeid ved å

    • a) styrkje samarbeidet mellom dei relevante styresmaktene i medlemsstatane og andre aktuelle aktørar for å kjempe meir føremålstenleg og effektivt mot svart arbeid i ulike former og mot feilrapportert arbeid i samband med dette, medrekna falsk sjølvstendig verksemd,

    • b) betre den evna som ulike relevante styresmakter og aktørar i medlemsstatane har til å kjempe mot svart arbeid når det gjeld dei grensekryssande aspekta ved dette, og på den måten medverke til like konkurransevilkår,

    • c) gjere ålmenta meir medviten om problemstillingar i samband med svart arbeid og om kor viktig det er å setje i verk eigna tiltak straks, og i tillegg oppmuntre medlemsstatane til å trappe opp innsatsen sin i kampen mot svart arbeid,

    • d) utføre dei oppgåvene som er oppførte i vedlegget.

  • 2. Plattforma skal oppmuntre til samarbeid mellom medlemsstatane ved å

    • a) utveksle beste praksis og informasjon,

    • b) utvikle sakkunnskap og analysar, og samstundes unngå dobbeltarbeid,

    • c) oppmuntre til og leggje til rette for nyskapande framgangsmåtar for å få i stand eit effektivt og føremålstenleg samarbeid over landegrensene, og for å evaluere røynsler,

    • d) medverke til ei overgripande innsikt i spørsmål som gjeld svart arbeid.

  • 3. Plattforma skal vere samansett av

    • a) ein representant på høgt nivå, oppnemnd av kvar medlemsstat,

    • b) ein representant for Kommisjonen,

    • c) opptil fire representantar for bransjeovergripande organisasjonar for partane i arbeidslivet på unionsplan, som er utpeikte av desse organisasjonane og har lik representasjon frå høvesvis fagforeinings- og arbeidsgjevarorganisasjonane.

  • 4. Følgjande interessepartar kan delta på møta til plattforma som observatørar, og det skal takast tilbørleg omsyn til innspela deira:

    • a) Opptil 14 representantar for organisasjonane til partane i arbeidslivet i sektorar med høg førekomst av svart arbeid, som er utpeikte av desse organisasjonane og har lik representasjon frå høvesvis fagforeinings- og arbeidsgjevarorganisasjonane.

    • b) Ein representant kvar for høvesvis Eurofound, EU-OSHA og ILO.

    • c) Ein representant for kvart tredjeland i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

    • Andre observatørar enn dei som er nemnde i første leddet, kan inviterast til å delta på møta til plattforma, og det skal takast tilbørleg omsyn til innspela deira.

    Plattforma skal leiast av ein representant for styresmakta.

Artikkel 13

Mekling mellom medlemsstatar

  • 1. Styresmakta kan leggje til rette for å løyse eventuelle tvistar mellom to eller fleire medlemsstatar om enkeltsaker som gjeld bruken av unionsretten på område som er omfatta av denne forordninga, utan at det rører ved fullmaktene til Domstolen. Føremålet med slik mekling skal vere å sameine ulike synspunkt mellom medlemsstatar som er part i tvisten, og å vedta ei ikkje-bindande fråsegn.

  • 2. Dersom det ikkje er mogleg å løyse ein tvist ved direkte kontakt og dialog mellom dei medlemsstatane som er part i tvisten, skal styresmakta innleie ein meklingsprosedyre på oppmoding frå ein eller fleire av dei medlemsstatane det gjeld. Styresmakta kan òg på eige initiativ føreslå at det vert innleidd ein meklingsprosedyre. Meklinga skal finne stad berre dersom alle medlemsstatane som er part i tvisten, er samde om det.

  • 3. Det første stadiet i meklinga skal gjennomførast mellom dei medlemsstatane som er part i tvisten, og ein meklar, som skal vedta ei ikkje-bindande fråsegn etter felles avtale. Ekspertar frå medlemsstatane, Kommisjonen og styresmakta kan delta som rådgjevarar i det første stadiet i meklinga.

  • 4. Dersom det første stadiet i meklinga ikkje fører fram til noka løysing, skal styresmakta innleie eit andre stadium i meklinga overfor meklingsutvalet, så framt alle medlemsstatane som er part i tvisten, er samde om det.

  • 5. Meklingsutvalet er samansett av ekspertar frå andre medlemsstatar enn dei som er part i tvisten, og skal prøve å sameine synspunkta til dei medlemsstatane som er part i tvisten, og skal kome fram til ei ikkje-bindande fråsegn. Ekspertar frå Kommisjonen og styresmakta kan delta som rådgjevarar i det andre stadiet i meklinga.

  • 6. Styret skal vedta sakshandsamingsreglar for meklinga, medrekna samarbeidsordningar og oppnemning av meklarar, gjeldande fristar, medverknad frå ekspertar frå medlemsstatane, Kommisjonen og styresmakta, og høve for meklingsutvalet til å delta i panel som består av fleire medlemmer.

  • 7. Det skal vere frivillig for medlemsstatar som er part i tvisten, å delta i begge meklingsstadia. Dersom ein slik medlemsstat tek avgjerd om å ikkje delta i meklinga, skal han melde frå skriftleg til styresmakta og dei andre medlemsstatane som er part i tvisten, òg elektronisk, og grunngje avgjerda si, innan den fristen som er fastsett i sakshandsamingsreglane som er nemnde i nr. 6.

  • 8. Når dei legg fram ei sak for mekling, skal medlemsstatane syte for at alle personopplysningar som gjeld saka, er anonymiserte på ein slik måte at det ikkje eller ikkje lenger er mogleg å identifisere den registrerte personen. Styresmakta skal ikkje på noko tidspunkt under meklinga handsame personopplysningar om einskildpersonar som saka omfattar.

  • 9. Saker som er under rettshandsaming på nasjonalt plan eller på unionsplan, kan ikkje takast opp til mekling av styresmakta. Dersom det vert teke rettslege steg under meklinga, skal meklingsprosedyren stansast.

  • 10. Mekling skal ikkje røre ved kompetanseområdet til Den administrative kommisjonen, medrekna alle avgjerder som han tek. Meklinga skal ta omsyn til alle relevante avgjerder som Den administrative kommisjonen tek.

  • 11. Dersom ein tvist heilt eller delvis dreier seg om spørsmål om trygd, skal styresmakta melde frå til Den administrative kommisjonen.

    For å sikre godt samarbeid, koordinere verksemda etter felles avtale og unngå dobbeltarbeid i meklingssaker som omfattar både trygde- og arbeidsrettsspørsmål, skal Den administrative kommisjonen og styresmakta inngå ei samarbeidsavtale.

    På oppmoding frå Den administrative kommisjonen og etter avtale med medlemsstatane som er part i tvisten, skal styresmakta vise trygdespørsmål vidare til Den administrative kommisjonen i medhald av artikkel 74a nr. 2 i forordning (EF) nr. 883/2004. Mekling som ikkje gjeld trygdespørsmål, kan halde fram.

    På oppmoding frå ein medlemsstat som er part i tvisten, skal styresmakta vise spørsmål som gjeld koordinering av trygd, vidare til Den administrative kommisjonen. Tilvisinga kan gjerast når som helst i meklingsprosessen. Mekling som ikkje gjeld trygdespørsmål, kan halde fram.

  • 12. Innan tre månader etter at den ikkje-bindande fråsegna er vedteken, skal dei medlemsstatane som er part i tvisten, melde frå til styresmakta om kva tiltak dei har gjort for å følgje opp fråsegna, eller dersom dei ikkje har gjort tiltak, om kvifor dei ikkje har gjort dette.

  • 13. Styresmakta skal melde frå til Kommisjonen to gonger i året om resultatet av dei meklingssakene som ho har gjennomført, og om saker som ho ikkje har gått vidare med.

Artikkel 14

Samarbeid med byrå og spesialiserte organ

Styresmakta skal i all verksemda si ta sikte på å sikre samarbeid, unngå overlapping og fremje samverknad og komplementaritet med andre desentraliserte byrå og spesialiserte organ i Unionen, til dømes Den administrative kommisjonen. For dette føremålet kan styresmakta inngå samarbeidsavtaler med relevante byrå i Unionen, til dømes Cedefop, Eurofound, EU-OSHA, ETF, Europol og Eurojust.

Artikkel 15

Samverknadsevne og informasjonsutveksling

Styresmakta skal samordne, utarbeide og nytte rammer for samverknadsevne for å sikre informasjonsutveksling både mellom medlemsstatane og med styresmakta. Desse rammene for samverknadsevne skal byggje på og støttast av den europeiske ramma for samverknadsevne og av den europeiske referansearkitekturen for samverknadsevne, som er nemnd i avgjerd (EU) 2015/2240.

KAPITTEL III

ORGANISASJONEN TIL STYRESMAKTA

Artikkel 16

Administrasjons- og forvaltingsstruktur

  • 1. Administrasjons- og forvaltingsstrukturen til styresmakta skal omfatte

    • a) eit styre,

    • b) ein dagleg leiar,

    • c) ei gruppe av interessepartar.

  • 2. Styresmakta kan oppnemne arbeidsgrupper eller ekspertpanel med representantar frå medlemsstatane eller frå Kommisjonen, eller eksterne ekspertar etter ein utveljingsprosedyre, eller ein kombinasjon av dette, for å utføre dei spesifikke oppgåvene sine eller på særskilde politikkområde. Ho skal innføre plattforma som er nemnd i artikkel 12, som ei fast arbeidsgruppe, og oppnemne meklingsutvalet som er nemnt i artikkel 13.

    Møteføresegnene til slike arbeidsgrupper og panel skal fastsetjast av styresmakta etter at ho har rådført seg med Kommisjonen.

Artikkel 17

Samansetnaden av styret

  • 1. Styret skal vere samansett av

    • a) in medlem frå kvar medlemsstat,

    • b) to medlemmer som representerer Kommisjonen,

    • c) ein uavhengig ekspert som er oppnemnd av Europaparlamentet,

    • d) fire medlemmer som representerer bransjeovergripande organisasjonar for partane i arbeidslivet på unionsplan, som har lik representasjon frå høvesvis fagforeinings- og arbeidsgjevarorganisasjonane.

    Berre dei medlemmene som er nemnde i bokstav a) og b) i første leddet, skal ha røysterett.

  • 2. Kvar styremedlem skal ha ein varamedlem. Ved fråvær skal medlemmen representerast av varamedlemmen.

  • 3. Medlemmene som er nemnde i bokstav a) i nr. 1 første leddet, og varamedlemmene deira, skal oppnemnast av medlemsstaten sin.

    Kommisjonen skal oppnemne dei medlemmene som er nemnde i bokstav b) i nr. 1 første leddet.

    Europakommisjonen skal oppnemne den eksperten som er nemnd i bokstav c) i nr. 1 første leddet.

    Dei bransjeovergripande organisasjonane til partane i arbeidslivet på unionsplan skal oppnemne representantane sine, og Europaparlamentet skal oppnemne sin uavhengige ekspert, etter å ha kontrollert at det ikkje ligg føre nokon interessekonflikt.

    Styremedlemmene og varamedlemmene deira skal oppnemnast på grunnlag av kunnskapen sin på dei områda som er nemnde i artikkel 1, samstundes som det vert teke omsyn til relevant kompetanse innanfor leiarskap, forvalting og budsjettering.

    For å sikre kontinuitet i arbeidet til styret skal alle partar som er representerte, leggje vinn på å avgrense utskiftinga av styrerepresentantar. Alle partar skal arbeide for å oppnå ein jamn representasjon av kvinner og menn i styret.

  • 4. Når dei tek på seg vervet sitt, skal kvar medlem og varamedlem underteikne ei skriftleg fråsegn om at han eller ho ikkje er del i nokon interessekonflikt. Kvar medlem og varamedlem skal ajourføre fråsegna si ved endringar i omstende som gjeld eventuelle interessekonfliktar. Styresmakta skal offentleggjere fråsegnene og ajourføringar av dei på nettstaden sin.

  • 5. Mandatperioden til medlemmer og varamedlemmer skal vare i fire år. Denne mandatperioden skal kunne lengjast.

  • 6. Representantar frå tredjeland som nyttar unionsretten på område som denne forordninga omfattar, kan delta i møta og drøftingane til styret som observatørar.

  • 7. Ein representant frå Eurofound, ein representant frå EU-OSHA, ein representant frå Cedefop og ein representant for Den europeiske opplæringsstiftinga kan inviterast til å delta på møta til styret for å gjere byråa meir effektive og betre samverknaden mellom dei.

Artikkel 18

Arbeidsoppgåvene til styret

  • 1. Styret skal særleg utføre følgjande oppgåver:

    • a) Utarbeide dei strategiske retningslinjene for og føre tilsyn med verksemda til styresmakta.

    • b) Vedta det årlege budsjettet til styresmakta med eit fleirtal på to tredelar av alle medlemmer med røysterett, og utføre andre arbeidsoppgåver som er knytte til styresmakta sitt budsjett i medhald av kapittel IV.

    • c) Vurdere og vedta den konsoliderte årlege verksemdsrapporten om verksemda til styresmakta, medrekna ei oversikt over utførte oppgåver, og kvart år innan 1. juli sende over rapporten til Europaparlamentet, Rådet, Kommisjonen og Revisjonsretten og offentleggjere den konsoliderte årlege verksemdsrapporten.

    • d) Vedta dei finansielle reglane som skal gjelde for styresmakta i samsvar med artikkel 29.

    • e) Vedta ein strategi mot svik som står i høve til risikoane for svik, der det vert teke omsyn til kostnadene og føremonene ved dei tiltaka som skal gjennomførast.

    • f) Vedta reglar for å førebyggje og forvalte interessekonfliktar mellom medlemmer og uavhengige ekspertar, mellom medlemmer av gruppa av interessepartar og mellom arbeidsgruppene og panela til styresmakta som er nemnde i artikkel 16 nr. 2, og mellom utsende nasjonale ekspertar og anna personale som ikkje er tilsette av styresmakta, slik det er nemnt i artikkel 33, og kvart år offentleggjere fråsegner om interessene til styremedlemmene på nettstaden sin.

    • g) Vedta og jamleg ajourføre dei kommunikasjons- og formidlingsplanane som er nemnde i artikkel 36 nr. 3, på grunnlag av ein behovsanalyse.

    • h) Vedta møteføresegnene sine.

    • i) Vedta sakshandsamingsreglane for mekling i medhald av artikkel 13.

    • j) Oppnemne arbeidsgrupper og ekspertpanel i medhald av artikkel 16 nr. 2 og vedta møteføresegnene deira.

    • k) I samsvar med nr. 2 og med omsyn til personalet til styresmakta, utøve dei fullmaktene som vedtektene for tenestemenn gjev tilsetjingsstyresmakta, og den fullmakta som tenestevilkåra for andre tilsette gjev den styresmakta som har kompetanse til å inngå arbeidsavtaler («fullmakta til tilsetjingsstyresmakta»).

    • l) Vedta gjennomføringsreglar for å setje i verk vedtektene for tenestemenn og tenestevilkåra for andre tilsette i samsvar med artikkel 110 i vedtektene for tenestemenn.

    • m) Opprette ein funksjon for internrevisjon der det er føremålstenleg,

    • n) Oppnemne den daglege leiaren og eventuelt utvide mandatperioden hans eller hennar, eller avsetje han eller henne i samsvar med artikkel 31.

    • o) Oppnemne ein rekneskapsførar som skal vere underlagd vedtektene for tenestemenn og tenestevilkåra for andre tilsette, og som skal vere fullt ut uavhengig i utføringa av pliktene sine.

    • p) Fastsetje framgangsmåten for utveljing av medlemmer av og varamedlemmer til gruppa av interessepartar, som er fastsett i samsvar med artikkel 23, og oppnemne desse medlemmene og varamedlemmene.

    • q) Sikre ei tilstrekkeleg oppfølging av funn og tilrådingar frå interne eller eksterne revisjonsrapportar og evalueringar, og frå granskingar som OLAF har utført.

    • r) Ta alle avgjerder om oppnemning av og eventuelle endringar i styresmakta sine interne utval eller andre organ, samstundes som det vert teke omsyn til kva behov styresmakta har når det gjeld verksemd, og til god økonomistyring.

    • s) Godkjenne styresmakta sitt utkast til det felles programdokumentet som er nemnt i artikkel 24, før dokumentet vert lagt fram for Kommisjonen til fråsegn.

    • t) Etter å ha motteke fråsegna frå Kommisjonen, vedta styresmakta sitt felles programdokument med eit fleirtal på to tredelar av alle styremedlemmer som har røysterett, og i samsvar med artikkel 24.

  • 2. I samsvar med artikkel 110 i vedtektene for tenestemenn skal styret ta ei avgjerd på grunnlag av artikkel 2 nr. 1 i dei nemnde vedtektene og artikkel 6 i tenestevilkåra for andre tilsette, om at dei relevante fullmaktene til tilsetjingsstyresmakta vert delegerte til den daglege leiaren, og om at det vert fastsett vilkår for når denne delegeringa av fullmakt kan kallast tilbake. Den daglege leiaren kan delegere desse fullmaktene vidare.

  • 3. Dersom særlege omstende krev det, kan styret gjere unntak og mellombels kalle tilbake delegeringa til den daglege leiaren av tilsetjingsstyresmakta sine fullmakter og av dei fullmaktene som den daglege leiaren har delegert vidare, og utøve desse fullmaktene sjølv eller delegere dei til eit av medlemmene sine eller til ein annan tilsett enn den daglege leiaren.

Artikkel 19

Leiaren for styret

  • 1. Styret skal velje ein leiar og ein nestleiar blant medlemmene som har røysterett, og skal leggje vinn på å oppnå ei jamn kjønnsfordeling. Leiaren og nestleiaren skal veljast med eit fleirtal på to tredelar av alle styremedlemmer som har røysterett.

    Dersom ei første avrøysting ikkje fører til fleirtal på to tredelar, skal det haldast ei andre avrøysting der leiaren og nestleiaren skal veljast med vanleg fleirtal blant dei styremedlemmene som har røysterett.

    Nestleiaren skal automatisk erstatte leiaren dersom han eller ho ikkje har høve til å utføre pliktene sine.

  • 2. Mandatperioden til leiaren og nestleiaren skal vare i tre år. Mandatperioden kan lengjast in gong. Men dersom medlemskapen deira i styret vert avslutta under mandatperioden deira, vert mandatet deira avslutta automatisk på dette tidspunktet.

Artikkel 20

Møta i styret

  • 1. Leiaren skal kalle inn til møta i styret.

  • 2. Leiaren skal organisere drøftingane i samsvar med sakene på dagsordenen. Medlemmene som er nemnde i bokstav c) og d) i artikkel 17 nr. 1 første leddet, skal ikkje delta i drøftingar av spørsmål som gjeld sensitive opplysningar om enkeltsaker, slik det er oppført i møteføresegnene til styret.

  • 3. Den daglege leiaren for styresmakta skal delta i drøftingane utan røysterett.

  • 4. Styret skal halde minst to ordinære møte kvart år. I tillegg skal styret møtast på oppmoding frå leiaren, på oppmoding frå Kommisjonen eller på oppmoding frå minst ein tredel av medlemmene.

  • 5. Styret skal kalle inn til møte med gruppa av interessepartar minst ein gong i året.

  • 6. Styret kan invitere andre personar eller organisasjonar til å delta i møta sine som observatør, medrekna medlemmer av gruppa av interessepartar, dersom synspunkta deira kan vere av interesse.

  • 7. Så framt møteføresegnene tillèt det, kan styremedlemmene og varamedlemmene deira få hjelp av rådgjevarar eller ekspertar under møta sine.

  • 8. Styresmakta skal ha ansvaret for sekretariatet for styret.

Artikkel 21

Røystereglane til styret

  • 1. Utan at det rører ved artikkel 18 nr. 1 bokstav b) og t), artikkel 19 nr. 1 og artikkel 31 nr. 8 skal styret ta avgjerdene sine med fleirtal blant dei røysteføre medlemmene sine.

  • 2. Kvar medlem med røysterett skal ha éi røyst. Dersom ein røystefør medlem ikkje er til stades, har varamedlemmen røysterett.

  • 3. Den daglege leiaren for styresmakta skal delta i drøftingane utan røysterett.

  • 4. I møteføresegnene til styret skal det fastsetjast nærmare røystereglar, særleg om vilkåra for at ein medlem kan handle på vegner av ein annan medlem, og vilkåra for bruk av skriftleg røysting.

Artikkel 22

Ansvarsområda til den daglege leiaren

  • 1. Den daglege leiaren skal ha ansvaret for forvaltinga av styresmakta og leggje vinn på å sikre ei jamn kjønnsfordeling i styret. Den daglege leiaren er ansvarleg overfor styret.

  • 2. Den daglege leiaren skal på oppmoding rapportere til Europaparlamentet om utføringa av pliktene sine. Rådet kan oppmode den daglege leiaren til å rapportere om utføringa av pliktene sine.

  • 3. Den daglege leiaren skal vere juridisk representant for styresmakta.

  • 4. Den daglege leiaren skal ha ansvaret for å gjennomføre dei oppgåvene som er pålagde styresmakta ved denne forordninga, særleg

    • a) den daglege forvaltinga av styresmakta,

    • b) å gjennomføre avgjerdene som styret tek,

    • c) å utarbeide utkastet til det felles programdokumentet og sende det over til styret for godkjenning,

    • d) å gjennomføre det felles programdokumentet og gje styret ein rapport om gjennomføringa,

    • e) å utarbeide utkastet til den konsoliderte årsrapporten om verksemda til styresmakta og leggje det fram for styret til vurdering og godkjenning,

    • f) å utarbeide ein handlingsplan for å følgje opp konklusjonane frå interne eller eksterne revisjonsrapportar og evalueringar i tillegg til granskingar som vert gjorde av OLAF, og å sende over ein statusrapport til Kommisjonen to gonger i året og jamleg til styret,

    • g) å verne dei økonomiske interessene til Unionen ved å setje i verk førebyggjande tiltak mot svik, korrupsjon og alle andre former for ulovleg verksemd gjennom effektive kontrollar, utan at det rører ved den fullmakta OLAF har til å utføre granskingar og, dersom det vert påvist avvik, ved å krevje tilbakebetaling av midlar som er utbetalte på urettkome vis, og eventuelt ved å innføre sanksjonar, medrekna økonomiske sanksjonar, som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot,

    • h) å utarbeide ein strategi mot svik for styresmakta og leggje han fram for styret til godkjenning,

    • i) å utarbeide eit utkast til finansielle reglar for styresmakta og leggje det fram for styret,

    • j) å utarbeide eit utkast til oversikt over styresmakta sine inntekter og utgifter som ein del av det felles programdokumentet, og å gjennomføre budsjettet til styresmakta,

    • k) å ta avgjerder om forvalting av menneskelege ressursar, i samsvar med den avgjerda som er nemnd i artikkel 18 nr. 2,

    • l) å ta avgjerder om dei interne strukturane til styresmakta, medrekna eventuell delegering av oppgåver som kan omfatte den daglege leiinga av styresmakta og eventuelle endringar av desse, samstundes som det vert teke omsyn til dei behova som er knytte til verksemda til styresmakta og til god budsjettstyring,

    • m) når det er relevant, å samarbeide med byråa i Unionen og inngå samarbeidsavtaler med dei,

    • n) å gjennomføre dei tiltaka som styret har fastsett for korleis styresmakta skal nytte forordning (EU) 2018/1725,

    • o) å melde frå til styret om innlegg frå gruppa av interessepartar.

  • 5. Den daglege leiaren skal avgjere om det er naudsynt å utplassere ein eller fleire tilsette i ein eller fleire medlemsstatar, og om det er naudsynt å opprette eit sambandskontor i Brussel for å fremje samarbeidet mellom styresmakta og dei relevante institusjonane og organa til Unionen. Før den daglege leiaren avgjer om det skal opprettast eit lokalt kontor eller eit sambandskontor, skal det innhentast samtykke på førehand frå Kommisjonen, styret og medlemsstaten der kontoret skal plasserast. Avgjerda skal fastsetje omfanget av den verksemda som skal utførast av kontoret, på ein slik måte at unaudsynlege kostnader og overlapping av oppgåvene til styresmakta kan unngåast. Det kan krevjast ei vertsstatsavtale med medlemsstaten der det lokale kontoret eller sambandskontoret skal opprettast.

Artikkel 23

Gruppa av interessepartar

  • 1. For å leggje til rette for samråd med dei interessepartane det gjeld, og for å dra nytte av sakkunnskapen deira på område som er omfatta av denne forordninga, skal det opprettast ei gruppe av interessepartar. Gruppa av interessepartar skal vere knytt til styresmakta og ha ein rådgjevande funksjon.

  • 2. Gruppa av interessepartar skal orienterast på førehand og kan gje fråsegner til styresmakta, anten på oppmoding frå styresmakta eller på eige initiativ, om

    • a) spørsmål om bruk og handheving av unionsretten på dei områda som denne forordninga omfattar, mellom anna om analysar og risikovurdering av arbeidskraftmobilitet over landegrensene, slik det er nemnt i artikkel 10,

    • b) utkastet til den konsoliderte årlege verksemdsrapporten om verksemda til styresmakta, som er nemnt i artikkel 18,

    • c) utkastet til det felles programdokumentet som er nemnt i artikkel 24.

  • 3. Gruppa av interessepartar skal leiast av den daglege leiaren og møtast minst to gonger i året etter initiativ frå den daglege leiaren eller på oppmoding frå Kommisjonen.

  • 4. Gruppa av interessepartar skal vere samansett av to representantar for Kommisjonen og ti representantar for partane i arbeidslivet på unionsplan, med lik representasjon frå fagforeiningar og arbeidsgjevarorganisasjonar, medrekna anerkjende sektorspesifikke partar i arbeidslivet i Unionen som representerer sektorar som er særleg opptekne av spørsmål om arbeidskraftmobilitet.

  • 5. Medlemmene av gruppa av interessepartar og varamedlemmene deira skal utpeikast av organisasjonane sine og oppnemnast av styret. Varamedlemmene skal oppnemnast av styret på dei same vilkåra som medlemmene, og skal automatisk erstatte alle medlemmer som ikkje er til stades. Det skal i størst mogleg grad leggjast vekt på å oppnå ei høveleg fordeling mellom kjønna og ein tilstrekkeleg representasjon av små og mellomstore føretak.

  • 6. Styresmakta skal ha ansvaret for sekretariatet for gruppa av interessepartar. Gruppa av interessepartar skal vedta møteføresegnene sine med eit fleirtal på to tredelar av alle medlemmer som har røysterett. Møteføresegnene skal godkjennast av styret.

  • 7. Gruppa av interessepartar kan invitere ekspertar eller representantar for relevante internasjonale organisasjonar til møta sine.

  • 8. Styresmakta skal offentleggjere fråsegnene, råda og tilrådingane frå gruppa av interessepartar og resultata av samråda deira, bortsett frå i tilfelle som krev fortruleg handsaming.

KAPITTEL IV

FASTSETJING AV OG STRUKTUR FOR BUDSJETTET TIL STYRESMAKTA

AVSNITT 1

Det felles programdokumentet til styresmakta

Artikkel 24

Årleg og fleirårig programplanlegging

  • 1. Den daglege leiaren skal kvart år utarbeide eit utkast til eit felles programdokument som særleg skal omfatte fleirårig og årleg programplanlegging i samsvar med delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1271/201328, samstundes som det vert teke omsyn til retningslinjene frå Kommisjonen og eventuelle andre råd frå gruppa av interessepartar.

  • 2. Styret skal innan 30. november kvart år vedta utkastet til det felles programdokumentet som er nemnt i nr. 1. Styret skal sende utkastet over til Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen innan 31. januar året etter, saman med eventuelle nyare ajourførte versjonar av dette dokumentet.

    Det felles programdokumentet vert endeleg etter at det allmenne budsjettet til Unionen er endeleg vedteke, og skal tilpassast i samsvar med dette dersom det er naudsynt.

  • 3. Det årlege arbeidsprogrammet skal innehalde nærmare mål og forventa resultat, medrekna resultatindikatorar. Det skal òg innehalde ei omtale av kva tiltak som skal finansierast, og eit overslag over dei økonomiske og menneskelege ressursane som skal tildelast kvart tiltak. Det årlege arbeidsprogrammet skal vere i samsvar med det fleirårige arbeidsprogrammet som er nemnt i nr. 4. Det skal gjerast klart i programmet kva oppgåver som er vortne tilførte, endra eller fjerna jamført med det førre rekneskapsåret. Styret skal endre det vedtekne årlege arbeidsprogrammet når styresmakta har fått ei ny oppgåve innanfor verkeområdet for denne forordninga.

    Eventuelle større endringar i arbeidsprogrammet skal vedtakast etter den same framgangsmåten som for det opprinnelege arbeidsprogrammet. Styret kan delegere fullmakta til å gjere ikkje-vesentlege endringar i det årlege arbeidsprogrammet til den daglege leiaren.

  • 4. Det fleirårige arbeidsprogrammet skal fastsetje den overordna strategiske programplanlegginga, medrekna mål, forventa resultat og resultatindikatorar. Det skal òg for kvar verksemd vise kva rettleiande økonomiske og menneskelege ressursar som vert rekna som naudsynte for å nå dei fastsette måla.

    Den strategiske programplanlegginga skal ajourførast når det er føremålstenleg, særleg for å ta omsyn til resultata av den evalueringa som er nemnd i artikkel 40.

Artikkel 25

Fastsetjing av budsjettet

  • 1. Den daglege leiaren skal kvart år utarbeide eit mellombels utkast til overslag over inntektene og utgiftene til styresmakta i det komande rekneskapsåret, medrekna ei stillingsoversikt, og sende det over til styret.

  • 2. Det mellombels utkastet til overslag skal byggje på måla og dei forventa resultata i det årlege programdokumentet som er nemnt i artikkel 24 nr. 3, og skal ta omsyn til dei økonomiske ressursane som er naudsynte for å nå desse måla og forventa resultata, i samsvar med prinsippet om resultatbasert budsjettering.

  • 3. På grunnlag av det mellombels utkastet til overslag skal styret vedta eit utkast til overslag over inntektene til styresmakta i det komande rekneskapsåret, og skal sende det over til Kommisjonen innan 31. januar kvart år.

  • 4. Kommisjonen skal sende utkastet til overslag over til budsjettstyresmakta saman med framlegget til det allmenne budsjettet til Unionen. Utkastet til overslag skal òg gjerast tilgjengeleg for styresmakta.

  • 5. På grunnlag av utkastet til overslag skal Kommisjonen i framlegget til det allmenne budsjettet til Unionen føre opp det overslaget som han reknar som naudsynt med tanke på stillingsoversikta og det bidraget som skal ytast over det allmenne budsjettet, og leggje dette fram for budsjettstyresmakta i samsvar med artikkel 313 og 314 i TEUV.

  • 6. Budsjettstyresmakta skal godkjenne løyvingane til bidraget frå Unionens allmenne budsjett til styresmakta.

  • 7. Budsjettstyresmakta skal vedta stillingsoversikta til styresmakta.

  • 8. Budsjettet til styresmakta skal vedtakast av styret. Budsjettet vert endeleg etter at det allmenne budsjettet til Unionen er endeleg vedteke, og skal tilpassast i samsvar med dette dersom det er naudsynt.

  • 9. Delegert forordning (EU) nr. 1271/2013 skal nyttast på eventuelle byggjeprosjekt som kan få store konsekvensar for budsjettet til styresmakta.

AVSNITT 2

Framlegging, gjennomføring og kontroll av budsjettet til styresmakta

Artikkel 26

Strukturen til budsjettet

  • 1. For kvart rekneskapsår skal det utarbeidast overslag over alle inntektene og utgiftene til styresmakta, og desse skal førast opp i budsjettet til styresmakta. Rekneskapsåret skal svare til kalenderåret.

  • 2. Inntektene og utgiftene i budsjettet til styresmakta skal vere i balanse.

  • 3. Utan at det rører ved andre ressursar, skal inntektene til styresmakta omfatte

    • a) eit tilskot frå Unionen, som vert ført opp i det allmenne budsjettet til Unionen,

    • b) eventuelle frivillige økonomiske bidrag frå medlemsstatane,

    • c) eventuelle bidrag frå tredjeland som tek del i arbeidet til styresmakta, slik det er fastsett i artikkel 42,

    • d) eventuell finansiering frå Unionen i form av delegeringsavtaler eller særlege tilskot i samsvar med styresmakta sine finansielle reglar som er nemnde i artikkel 29, og med føresegnene i dei relevante instrumenta som gjennomfører politikken til Unionen,

    • e) betaling for publikasjonar og andre tenester som styresmakta leverer.

  • 4. Utgiftene til styresmakta skal omfatte løner til personalet og utgifter til administrasjon, infrastruktur og drift.

Artikkel 27

Gjennomføring av budsjettet

  • 1. Den daglege leiaren skal gjennomføre budsjettet til styresmakta.

  • 2. Den daglege leiaren skal kvart år sende budsjettstyresmakta alle opplysningar om resultata av framgangsmåtane for evaluering.

Artikkel 28

Avlegging av rekneskap, og ansvarsfridom

  • 1. Rekneskapsføraren til styresmakta skal sende den mellombels rekneskapen for rekneskapsåret (år N) til Kommisjonen sin rekneskapsførar og til Revisjonsretten innan 1. mars i det komande rekneskapsåret (år N + 1).

  • 2. Rekneskapsføraren for styresmakta skal òg syte for at rekneskapsføraren til Kommisjonen får dei rekneskapsopplysningane som krevst av omsyn til konsolidering, på den måten og i det formatet som den sistnemnde krev, innan 1. mars i år N + 1.

  • 3. Styresmakta skal sende rapporten om budsjett- og økonomistyringa for år N til Europaparlamentet, Rådet, Kommisjonen og Revisjonsretten innan 31. mars i år N + 1.

  • 4. Etter å ha motteke merknadene frå Revisjonsretten til styresmakta sin mellombels rekneskap for år N, skal rekneskapsføraren til styresmakta utarbeide den endelege rekneskapen til styresmakta på eige ansvar. Den daglege leiaren skal leggje rekneskapen fram for styret til fråsegn.

  • 5. Styret skal gje ei fråsegn om den endelege rekneskapen til styresmakta for år N.

  • 6. Rekneskapsføraren til styresmakta skal innan 1. juli i år N + 1 sende den endelege rekneskapen for år N til Europaparlamentet, Rådet, Kommisjonen og Revisjonsretten, saman med fråsegna frå styret.

  • 7. Ei lenkje til dei sidene på nettstaden som inneheld den endelege rekneskapen for styresmakta, skal offentleggjerast i Tidend for Den europeiske unionen innan 15. november i år N + 1.

  • 8. Den daglege leiaren skal innan 30. september i år N + 1 sende Revisjonsretten eit svar om merknadene som er gjorde i årsrapporten. Den daglege leiaren skal òg sende dette svaret til styret og til Kommisjonen.

  • 9. Den daglege leiaren skal leggje fram for Europaparlamentet, på oppmoding frå dette, alle opplysningar som er naudsynte for at framgangsmåten for melding av ansvarsfridom for år N skal kunne gjennomførast på ein tilfredsstillande måte, i samsvar med artikkel 261 nr. 3 i europaparlaments- og rådsforordning (EU, Euratom) 2018/104629.

  • 10. Innan 15. mai år N + 2 skal Europaparlamentet på oppmoding frå Rådet, som tek avgjerda si med kvalifisert fleirtal, gje den daglege leiaren ansvarsfridom med omsyn til gjennomføringa av budsjettet for år N.

Artikkel 29

Finansielle reglar

Dei finansielle reglane som skal gjelde for styresmakta, skal vedtakast av styret etter samråd med Kommisjonen. Dei skal ikkje avvike frå delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1271/2013, med mindre drifta av styresmakta særleg krev dette og Kommisjonen har gjeve samtykke til det på førehand.

KAPITTEL V

PERSONALE

Artikkel 30

Allmenn føresegn

Vedtektene for tenestemenn og tenestevilkåra for andre tilsette, og reglane som er vedtekne etter avtale mellom institusjonane til Unionen for å setje i verk dei nemnde vedtektene og tenestevilkåra, skal gjelde for personalet til styresmakta.

Artikkel 31

Dagleg leiar

  • 1. Den daglege leiaren skal tilsetjast i ei stilling som mellombels tilsett av styresmakta, i samsvar med artikkel 2 bokstav a) i vedtektene for tenestemenn.

  • 2. Den daglege leiaren skal oppnemnast av styret frå ei liste over kandidatar som Kommisjonen har lagt fram etter ein open og oversiktleg utveljingsprosess. Den utvalde kandidaten skal oppmodast til å gje ei fråsegn til Europaparlamentet og til å svare på spørsmål frå medlemmene av Parlamentet. Denne utvekslinga av synspunkt skal ikkje føre til at oppnemninga vert unødig forseinka.

  • 3. Når avtala med den daglege leiaren vert inngått, skal styresmakta representerast av styreleiaren.

  • 4. Mandatperioden til den daglege leiaren skal vare i fem år. Før utgangen av denne perioden skal Kommisjonen gjere ei vurdering som tek omsyn til ei evaluering av det arbeidet som den daglege leiaren har utført, og av dei framtidige oppgåvene og utfordringane til styresmakta.

  • 5. Styret kan, samstundes som det vert teke omsyn til vurderinga som er nemnd i nr. 4, lengje mandatperioden til den daglege leiaren in gong og med høgst fem år.

  • 6. Dersom mandatperioden til ein dagleg leiar er vorten lengd i medhald av nr. 5, kan denne leiaren ikkje delta i ein ny utveljingsprosess for den same stillinga ved utgangen av den samla perioden.

  • 7. Den daglege leiaren kan avsetjast berre dersom styret har teke avgjerd om det. I avgjerda si skal styret ta omsyn til Kommisjonen si vurdering av arbeidet som den daglege leiaren har utført, slik det er nemnt i nr. 4.

  • 8. Styret skal ta avgjerdene sine om oppnemning, lenging av mandatperioden eller avsetjing av den daglege leiaren med to tredels fleirtal blant dei medlemmene som har røysterett.

Artikkel 32

Nasjonale kontaktpersonar

  • 1. Kvar medlemsstat skal oppnemne ein nasjonal kontaktperson til nasjonal ekspert som vert utsend til styresmakta, og som skal arbeide ved hovudkontoret i medhald av artikkel 33.

  • 2. Dei nasjonale kontaktpersonane skal medverke i utføringa av oppgåvene til styresmakta, og mellom anna leggje til rette for samarbeid og informasjonsutveksling slik det er fastsett i artikkel 7, og støtte og koordinering av tilsyn slik det er fastsett i artikkel 8. Dei skal òg fungere som nasjonale kontaktpunkt for spørsmål frå og om medlemsstatane sine, anten ved å svare direkte på slike spørsmål eller ved å samarbeide med dei nasjonale forvaltingane sine.

  • 3. Dei nasjonale kontaktpersonane skal ha rett til å be om og motta alle relevante opplysningar frå medlemsstatane sine, slik det er fastsett i denne forordninga, samstundes som dei fullt ut respekterer nasjonal lovgjeving eller praksis i medlemsstatane sine, særleg med omsyn til personvern og reglar om fortruleg handsaming.

Artikkel 33

Utsende nasjonale ekspertar og anna personale

  • 1. I tillegg til dei nasjonale kontaktpersonane kan styresmakta nytte andre utsende nasjonale ekspertar eller anna personale som ikkje er tilsette av styresmakta, på andre område av verksemda si.

  • 2. Styret skal vedta ei avgjerd om reglar for utsending av nasjonale ekspertar, medrekna nasjonale kontaktpersonar.

KAPITTEL VI

ALLMENNE FØRESEGNER OG SLUTTFØRESEGNER

Artikkel 34

Privilegium og immunitet

Protokoll nr. 7 om privilegia og immuniteten til Den europeiske unionen skal nyttast på styresmakta og personalet hennar.

Artikkel 35

Språkordning

  • 1. Føresegnene som er fastsette i rådsforordning nr. 130, skal nyttast på styresmakta.

  • 2. Omsetjingstenestene som er naudsynte for arbeidet til styresmakta, skal leverast av Omsetjingssenteret.

Artikkel 36

Innsyn, vern av personopplysningar og kommunikasjon

  • 1. Forordning (EF) nr. 1049/2001 skal nyttast på dokument som styresmakta rår over. Styret skal innan seks månader etter det første møtet sitt vedta nærmare reglar for bruken av forordning (EF) nr. 1049/2001.

  • 2. Styret skal fastsetje tiltak for å oppfylle dei pliktene som er fastsette i forordning (EU) 2018/1725, særleg dei som gjeld oppnemning av eit personvernombod i styresmakta, og dei som gjeld lovleg handsaming av data, trygg handsaming, framlegging av opplysningar og rettane til dei som vert registrerte.

  • 3. Styresmakta kan på eige initiativ ta del i kommunikasjonsverksemd innanfor sitt kompetanseområde. Tildelinga av ressursar til kommunikasjonsverksemd skal ikkje ha negativ innverknad på ei effektiv utføring av dei oppgåvene som er nemnde i artikkel 4. Kommunikasjonsverksemda skal utførast i samsvar med dei relevante kommunikasjons- og formidlingsplanane som styret har vedteke.

Artikkel 37

Kamp mot svik

  • 1. For å fremje kampen mot svik, korrupsjon og anna ulovleg verksemd i medhald av europaparlaments- og rådsforordning (EU, Euratom) nr. 883/2013 skal styresmakta innan seks månader frå datoen då ho er vorten verksam, tiltre den tverrinstitusjonelle avtala av 25. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet for Den europeiske unionen og Kommisjonen for Dei europeiske fellesskapa om interne granskingar som vert gjorde av Det europeiske kontoret for motkjemping av svik (OLAF), og vedta eigna føresegner som skal nyttast på alle tilsette i styresmakta, ved å nytte malen som er oppført i vedlegget til den nemnde avtala.

  • 2. På grunnlag av dokument og kontrollar på staden skal Revisjonsretten ha fullmakt til å revidere alle tilskotsmottakarar, leverandørar og underleverandørar som har motteke unionsmidlar frå styresmakta.

  • 3. OLAF kan utføre granskingar, mellom anna kontrollar og inspeksjonar på staden, for å avdekkje tilfelle av svik, korrupsjon eller anna ulovleg verksemd som påverkar dei økonomiske interessene til Unionen, i samband med ei tilskotsavtale eller ein kontrakt som er finansiert av styresmakta, i samsvar med dei føresegnene og framgangsmåtane som er fastsette i rådsforordning (Euratom, EC) nr. 2185/9631.

  • 4. Utan at det rører ved nr. 1, 2 og 3, skal styresmakta sine samarbeidsavtaler med tredjeland og internasjonale organisasjonar, kontraktar, tilskotsavtaler og tilskotsavgjerder innehalde føresegner som uttrykkjeleg gjev Kommisjonen, Revisjonsretten og OLAF fullmakt til å utføre slike revisjonar og granskingar i samsvar med dei høvesvise kompetanseområda deira.

Artikkel 38

Tryggleiksreglar for vern av graderte og av sensitive ikkje-graderte opplysningar

Styresmakta skal vedta tryggleiksreglar som svarar til tryggleiksreglane til Kommisjonen for vern av graderte EU-opplysningar (EUCI) og sensitive ikkje-graderte opplysningar slik det er fastsett i avgjerd (EU, Euratom) 2015/44332 og (EU, Euratom) 2015/44433. Tryggleiksreglane til styresmakta skal mellom anna omfatte føresegner om utveksling, handsaming og lagring av slike opplysningar.

Artikkel 39

Ansvar

  • 1. Ansvaret til styresmakta når det gjeld kontraktstilhøve, skal vere underlagt den lova som gjeld for den aktuelle kontrakten.

  • 2. Domstolen skal ha domsmakt til å ta avgjerd i medhald av ein valdgiftsklausul i ein kontrakt som styresmakta har inngått.

  • 3. I tilfelle av ansvar utanfor kontraktstilhøve skal styresmakta, i samsvar med dei allmenne prinsippa som er felles for lovgjevinga i medlemsstatane, erstatte alle skadar som er valda av avdelingane eller personalet til styresmakta under utføringa av arbeidet deira.

  • 4. Domstolen skal ha domsmakt til å avgjere tvistar om erstatning for skadar slik det er nemnt i artikkel 3.

  • 5. Det personlege ansvaret dei tilsette har overfor styresmakta, skal vere underlagt dei relevante føresegnene som er fastsette i vedtektene for tenestemenn og i tenestevilkåra for andre tilsette.

Artikkel 40

Evaluering og revisjon

  • 1. Innan 1. august 2024 og deretter kvart femte år skal Kommisjonen vurdere resultata til styresmakta med omsyn til måla, mandatet og oppgåvene hennar. Ved evalueringa skal det særleg takast stilling til røynslene frå meklingsprosedyren i medhald av artikkel 13. Det skal òg vurderast om det er behov for å endre mandatet til styresmakta og verkeområdet for verksemda hennar, mellom anna ved å utvide verkeområdet til å omfatte sektorspesifikke behov, og dei økonomiske følgjene av slike endringar, samstundes som det vert teke omsyn til det arbeidet som byråa til Unionen utfører på desse områda. Ved evalueringa skal det òg undersøkjast om det på området sysselsetjing og sosialpolitikk kan finnast ytterlegare synergieffektar og forenklingar saman med desse byråa. Dersom det er føremålstenleg, kan Kommisjonen på grunnlag av evalueringa gjere framlegg til regelverk for å revidere verkeområdet for denne forordninga.

  • 2. Dersom Kommisjonen vurderer det slik at det ikkje lenger finst grunnlag for å vidareføre styresmakta med omsyn til måla, mandatet og oppgåvene hennar, kan han gjere framlegg om at denne forordninga vert endra eller oppheva.

  • 3. Kommisjonen skal rapportere til Europaparlamentet, Rådet og styret om resultata av evalueringa. Resultata av evalueringa skal offentleggjerast.

Artikkel 41

Administrative granskingar

Verksemda til styresmakta skal vere underlagd granskingar som Det europeiske ombodet utfører i samsvar med artikkel 228 i TVEU.

Artikkel 42

Samarbeid med tredjeland og internasjonale organisasjonar

  • 1. I den grad det er naudsynt for å nå dei måla som er fastsette i denne forordninga, og utan at det rører ved kompetansen til medlemsstatane og institusjonane til Unionen, kan styresmakta samarbeide med dei rette styresmaktene i tredjeland og med internasjonale organisasjonar.

    For dette føremålet kan styresmakta, med atterhald for godkjenning frå styret og Kommisjonen, innføre samarbeidsordningar med dei rette styresmaktene i tredjeland og med internasjonale organisasjonar. Desse ordningane skal ikkje medføre rettslege plikter for Unionen eller medlemsstatane.

  • 2. Styresmakta skal vere open for deltaking frå tredjeland som har inngått avtaler med Unionen om dette.

    I medhald av dei relevante føresegnene i dei avtalene som er nemnde i første leddet, skal det utarbeidast ordningar der det særleg vert fastsett kva art og omfang deltakinga frå desse tredjelanda skal ha i arbeidet til styresmakta, og korleis deltakinga skal finne stad, mellom anna føresegner om deltaking i initiativ som styresmakta utfører, om finansielle bidrag og om personale. Når det gjeld personalspørsmål, skal desse ordningane under alle omstende vere i samsvar med vedtektene for tenestemenn.

  • 3. Kommisjonen skal innføre ei eigna samarbeidsordning med den daglege leiaren for styresmakta for å sikre at styresmakta driv verksemda si innanfor mandatet sitt og det eksisterande institusjonelle rammeverket.

Artikkel 43

Vertsstatsavtale og driftsvilkår

  • 1. Dei naudsynte ordningane for lokale som skal stillast til rådvelde for styresmakta i vertsmedlemsstaten, og til dei særlege reglane i vertsmedlemsstaten som skal nyttast på den daglege leiaren, styremedlemmene og personalet og familiane deira, skal fastsetjast i ei vertsstatsavtale mellom styresmakta og medlemsstaten der styresmakta har hovudkontoret sitt; denne avtala skal inngåast etter godkjenning frå styret og seinast 1. august 2021.

  • 2. Vertsmedlemsstaten til styresmakta skal syte for best moglege vilkår for at styresmakta skal fungere på ein smidig og effektiv måte, medrekna eit fleirspråkleg skuletilbod med europeisk innhald og passande transportsamband.

Artikkel 44

Innleiing av verksemda til styresmakta

  • 1. Styresmakta skal innleie verksemda si med kapasitet til å gjennomføre sitt eige budsjett frå 1. august 2021.

  • 2. Kommisjonen skal ha ansvaret for innføringa og den innleiande drifta av styresmakta inntil styresmakta sjølv er vorten verksam. For dette føremålet gjeld følgjande:

    • a) Inntil den daglege leiaren tek til i stillinga si etter at han eller ho er oppnemnd av styret i samsvar med artikkel 31, kan Kommisjonen peike ut ein tenestemann i Kommisjonen som skal fungere mellombels som dagleg leiar og utføre oppgåvene til den daglege leiaren.

    • b) Som unntak frå artikkel 18 nr. 1 bokstav k) og inntil det vert teke avgjerd slik det er nemnt i artikkel 18 nr. 2, skal den mellombels utpeikte daglege leiaren utøve fullmakta til tilsetjingsstyresmakta.

    • c) Kommisjonen kan tilby hjelp til styresmakta, særleg ved å sende ut tenestemenn frå Kommisjonen som kan utføre verksemda til styresmakta under leiing av den mellombels utpeikte daglege leiaren eller av den daglege leiaren.

    • d) Den mellombels utpeikte daglege leiaren kan godkjenne alle utbetalingar som er omfatta av løyvingane i budsjettet til styresmaka, etter at dei er godkjende av styret, og kan inngå kontraktar, mellom anna personalkontraktar, etter at stillingsoversikta til styresmakta er vedteken.

Artikkel 45

Endringar av forordning (EF) nr. 883/2004

I forordning (EF) nr. 883/2004 vert det gjort følgjande endringar:

  • 1) I artikkel 1 skal ny bokstav lyde:

    • «na) «Den europeiske arbeidsmarkedsmyndigheten» organet som er opprettet ved europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149(*) og omhandlet i artikkel 74a,

      (*) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344 (EUT L 186 av 11.7.2019, s. 21).»

  • 2) Ny artikkel skal lyde:

    «Artikkel 74a

    Den europeiske arbeidsmarkedsmyndigheten

    • 1. Uten at det berører Den administrative kommisjonens oppgaver og virksomhet skal Den europeiske arbeidsmarkedsmyndigheten støtte anvendelsen av denne forordningen i samsvar med myndighetens oppgaver som fastsatt i forordning (EU) 2019/1149. Den administrative kommisjonen skal samarbeide med Den europeiske arbeidsmarkedsmyndigheten for å koordinere virksomheten etter felles avtale og unngå enhver overlapping. For dette formålet skal den inngå en samarbeidsavtale med Den europeiske arbeidsmarkedsmyndigheten.

    • 2. Den administrative kommisjonen kan anmode Den europeiske arbeidsmarkedsmyndigheten om å henvise trygdesaker som er underlagt en meglingsprosedyre, i samsvar med artikkel 13 nr. 11 tredje leddet i forordning (EU) 2019/1149.»

Artikkel 46

Endringar av forordning (EU) nr. 492/2011

I forordning (EU) nr. 492/2011 vert det gjort følgjande endringar:

  • 1) I artikkel 26 skal nytt ledd lyde:

    «Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta, som er innført ved europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149(*), skal delta i møta i Det rådgjevande utvalet som observatør og tilby teknisk hjelp og sakkunnskap når det er relevant.

    (*) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344 (EUT L 186 av 11.7.2019, s. 21).»

  • 2) Artikkel 29–34 vert oppheva med verknad frå datoen då styresmakta vert verksam, i samsvar med artikkel 44 nr. 1 i denne forordninga.

  • 3) Artikkel 35 skal lyde:

    «Artikkel 35

    Dei møteføresegnene som gjaldt for Det rådgjevande utvalet 8. november 1968, skal framleis nyttast.»

  • 4) Artikkel 39 skal lyde:

    «Artikkel 39

    Administrasjonsutgiftene til Det rådgjevande utvalet skal førast opp i det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen, i den delen som gjeld Kommisjonen.»

Artikkel 47

Endringar av forordning (EU) 2016/589

I forordning (EU) 2016/589 vert det gjort følgjande endringar:

  • 1) I artikkel 1 vert det gjort følgjande endringar:

    • a) Bokstav a) skal lyde:

      • «a) organisering av EURES-nettverket mellom Kommisjonen, Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta og medlemsstatane,»

    • b) Bokstav b) skal lyde:

      • «b) samarbeid mellom Kommisjonen, Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta og medlemsstatane om å utveksle relevante tilgjengelege data om ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar,»

    • c) Bokstav f) skal lyde:

      • «f) fremjing av EURES-nettverket på unionsplan gjennom effektive kommunikasjonstiltak frå Kommisjonen, Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta og medlemsstatane.»

  • 2) I nr. 3 skal nytt nummer lyde:

    • «(8) «Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta» det organet som er skipa i medhald av europaparlaments- og rådsforordning (EU 2019/1149(*)

      (*) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344 (EUT L 186 av 11.7.2019, s. 21).»

  • 3) I artikkel 4 skal nr. 2 lyde:

    • «2. Personar med nedsett funksjonsevne skal vere sikra tilgang til opplysningane i EURES-portalen og til støttetenester som er tilgjengelege på nasjonalt plan. Kommisjonen, Det europeiske samordningskontoret og EURES-medlemmene og -partnarane skal fastsetje korleis dette skal sikrast med omsyn til dei respektive pliktene dei har.»

  • 4) I artikkel 7 nr. 1 vert det gjort følgjande endringar:

    • a) Bokstav a) skal lyde:

      • «a) Eit europeisk samordningskontor som skal skipast under Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta, og som skal ha ansvar for å hjelpe EURES-nettverket med å utføre verksemda si.»

    • b) Ny bokstav skal lyde:

      • «e) Kommisjonen.»

  • 5) I artikkel 8 vert det gjort følgjande endringar:

    • a) I nr. 1 vert det gjort følgjande endringar:

      • i) Den innleiande teksta skal lyde:

        «Det europeiske samordningskontoret skal hjelpe EURES-nettverket med å utføre verksemda si, særleg ved å utvikle og gjennomføre følgjande, i nært samarbeid med dei nasjonale samordningskontora og Kommisjonen:»

      • ii) I bokstav a) skal punkt i) lyde:

        • «i) som systemeigar av EURES-portalen og tilhøyrande IT-tenester, ein definisjon av behova til brukarane og driftskrava som skal sendast over til Kommisjonen med tanke på drift og utvikling av portalen, medrekna system og framgangsmåtar for utveksling av ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar, underlagsdokument og andre opplysningar, i samarbeid med andre relevante tenester, nettverk eller initiativ for informasjon og rådgjeving i Unionen,»

    • b) Nr. 2 skal lyde:

      • «2. Det europeiske samordningskontoret skal forvaltast av Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta. Det europeiske samordningskontoret skal ha ein jamleg dialog med representantar for partane i arbeidslivet på unionsplan.»

    • c) Nr. 3 skal lyde:

      • «3. Det europeiske samordningskontoret skal utarbeide dei fleirårige arbeidsprogramma sine i samråd med den samordningsgruppa som er nemnd i artikkel 14, og med Kommisjonen.

  • 6) I artikkel 9 nr. 2 skal bokstav b) lyde:

    • «b) å samarbeide med Kommisjonen, Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta og medlemsstatane om arbeidsformidling innanfor den ramma som er fastsett i kapittel III,».

  • 7) I artikkel 14 skal nr. 1 lyde:

    • «1. Samordningsgruppa skal vere samansett av representantar på høveleg nivå ved Kommisjonen, Det europeiske samordningskontoret og dei nasjonale samordningskontora.»

  • 8) I artikkel 16 skal nr. 6 lyde:

    • «6. Medlemsstatane skal, saman med Kommisjonen og Det europeiske samordningskontoret, alltid undersøkje om det er mogleg å prioritere EU-borgarar ved tilsetjing i ledige stillingar, med sikte på å oppnå jamvekt mellom tilbod og etterspurnad på arbeidsmarknaden i Unionen. Medlemsstatane kan vedta dei tiltaka som er naudsynte for dette føremålet.»

  • 9) I artikkel 19 skal nr. 1 lyde:

    • «1. Medlemsstatane skal samarbeide med kvarandre, med Kommisjonen og med Det europeiske samordningskontoret når det gjeld samverknad mellom nasjonale system og den europeiske klassifiseringa som er utarbeidd av Kommisjonen. Kommisjonen skal melde frå til medlemsstatane om utviklinga av den europeiske klassifiseringa.»

  • 10) Artikkel 29 skal lyde:

    «Artikkel 29

    Utveksling av opplysningar om straumar og mønster

    Kommisjonen og medlemsstatane skal overvake og offentleggjere opplysningar om straumar og mønster i arbeidskraftmobiliteten i Unionen på grunnlag av rapportar frå Den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta, ved bruk av statistikk frå Eurostat og tilgjengelege nasjonale data.»

Artikkel 48

Oppheving

Avgjerd (EU) 2016/344 vert oppheva med verknad frå datoen då styresmakta vert verksam i samsvar med artikkel 44 nr. 1 i denne forordninga.

Tilvisingar til den oppheva avgjerda skal forståast som tilvisingar til denne forordninga.

Artikkel 49

Ikraftsetjing

Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel 20. juni 2019.

For Europaparlamentet

A. TAJANI

President

For Rådet

G. CIAMBA

Formann

VEDLEGG

VERKSEMDA TIL PLATTFORMA SOM ER INNFØRT I SAMSVAR MED ARTIKKEL 16 NR. 2

For å støtte måla til styresmakta når det gjeld kampen mot svart arbeid, skal plattforma særleg ta sikte på

  • 1) å betre kunnskapen om svart arbeid, mellom anna om årsaker, regionale skilnader og grensekryssande aspekt ved dette, ved hjelp av felles definisjonar og omgrep, kunnskapsbaserte måleverktøy og fremjing av samanliknande analysar, og å utvikle ei gjensidig forståing av ulike system og praksisar for å kjempe mot svart arbeid og analysere kor effektiviteten av politiske tiltak, mellom anna førebyggjande tiltak og sanksjonar,

  • 2) å leggje til rette for og evaluere ulike former for samarbeid mellom medlemsstatane, og eventuelt tredjeland, til dømes gjennom utveksling av personale, bruk av databasar, felles aktivitetar og felles opplæring, og innføre eit system for informasjonsutveksling med sikte på administrativt samarbeid ved bruk av ein særskild modul for svart arbeid innanfor IMI-systemet,

  • 3) å innføre verktøy, til dømes ein kunnskapsbank, for å effektivt å kunne dele informasjon og røynsler, og utarbeide retningslinjer for handheving, handbøker for god praksis, felles prinsipp for tilsyn for å kjempe mot svart arbeid og felles aktivitetar som til dømes europeiske kampanjar, og å evaluere røynslene med slike verktøy,

  • 4) å utarbeide eit program for gjensidig læring for å identifisere god praksis på alle område som er relevante i kampen mot svart arbeid, og organisere fagfellevurderingar for å følgje framgangen i kampen mot svart arbeid i dei medlemsstatane som vel å delta i slike vurderingar,

  • 5) å utveksle dei røynslene som nasjonale styresmakter har med bruk av unionsretten i kampen mot svart arbeid.

Fotnotar

1.

TEU C 440 av 6.12.2018, s. 128.

2.

TEU C 461 av 21.12.2018, s. 16.

3.

Haldning frå Europaparlamentet av 16. april 2019 (enno ikkje offentleggjord i TEU) og rådsavgjerd av 13. juni 2019.

4.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/67/EU av 15. mai 2014 om håndheving av direktiv 96/71/EF om utsending av arbeidstakere i forbindelse med tjenesteyting, og om endring av forordning (EU) nr. 1024/2012 om forvaltningssamarbeid gjennom informasjonssystemet for det indre marked («IMI-forordningen») (TEU L 159 av 28.5.2014, s. 11).

5.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/54/EU av 16. april 2014 om tiltak for å lette utøvelsen av arbeidstakeres rettigheter i forbindelse med fri bevegelighet for arbeidstakere (TEU L 128 av 30.4.2014, s. 8).

6.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/2004 av 29. april 2004 om koordinering av trygdeordninger (TEU L 166 av 30.4.2004, s. 1).

7.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2018/1724 av 2. oktober 2018 om opprettelse av en felles digital portal for å gi tilgang til opplysninger, prosedyrer og støtte- og problemløsingstjenester, og om endring av forordning (EU) nr. 1024/2012 (TEU L 295 av 21.11.2018, s. 1).

8.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/2013 (TEU L 107 av 22.4.2016, s. 1).

9.

Europaparlaments- og rådsavgjerd (EU) 2016/344 av 9. mars 2016 om etablering av ei europeisk plattform for å styrkje samarbeidet i kampen mot svart arbeid (TEU L 65 av 11.3.2016, s. 12).

10.

Europaparlaments- og rådsbeslutning (EU) 2015/2240 av 25. november 2015 om innføring av et program om samvirkingsløsninger og felles rammer for europeiske offentlige forvaltninger, foretak og borgere (ISA2-programmet) som et middel til å modernisere den offentlige sektor (TEU L 318 av 4.12.2015, s. 1).

11.

Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2016/2102 av 26. oktober 2016 om tilgjengeligheten av offentlige organers nettsteder og mobilapplikasjoner (TEU L 327 av 2.12.2016, s. 1).

12.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen (TEU L 141 av 27.5.2011, s. 1).

13.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679 av 27. april 2016 om vern av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger samt om oppheving av direktiv 95/46/EF (generell personvernforordning) (TEU L 119 av 4.5.2016, s. 1).

14.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2018/1725 av 23. oktober 2018 om vern av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger i Unionens institusjoner, organer, kontorer og byråer og om fri utveksling av slike opplysninger samt om oppheving av forordning (EF) nr. 45/2001 og beslutning nr. 1247/2002/EF (EUT L 295 av 21.11.2018, s. 39).

15.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1049/2001 av 30. mai 2001 om offentlig tilgang til Europaparlamentets, Rådets og Kommisjonens dokumenter (TEU L 145 av 31.5.2001, s. 43).

16.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU, Euratom) nr. 883/2013 av 11. september 2013 om undersøkelser som foretas av Det europeiske kontor for bedrageribekjempelse (OLAF) og om oppheving av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1073/1999 og rådsforordning (Euratom) nr. 1074/1999 (TEU L 248 av 18.9.2013, s. 1).

17.

TEF L 56 av 4.3.1968, s. 1.

18.

Kommisjonsbeslutning 2009/17/EF av 19. desember 2008 om nedsettelse av en ekspertkomité for utsending av arbeidstakere (TEU L 8 av 13.1.2009, s. 26).

19.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 96/71/EF av 16. desember 1996 om utsending av arbeidstakere i forbindelse med tjenesteyting (TEF L 18 av 21.1.1997, s. 1).

20.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 987/2009 av 16. september 2009 om fastsettelse av nærmere regler for gjennomføring av forordning (EF) nr. 883/2004 om koordinering av trygdeordninger (TEU L 284 av 30.10.2009, s. 1).

21.

Rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 av 14. juni 1971 om anvendelse av trygdeordninger på arbeidstakere, selvstendig næringsdrivende og deres familiemedlemmer som flytter innenfor Fellesskapet (TEF L 149 av 5.7.1971, s. 2).

22.

Rådsforordning (EØF) nr. 574/72 av 21. mars 1972 om regler for gjennomføring av forordning (EØF) nr. 1408/71 om anvendelse av trygdeordninger på arbeidstakere, selvstendig næringsdrivende og deres familiemedlemmer som flytter innenfor Fellesskapet (TEF L 74 av 27.3.1972, s. 1).

23.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1231/2010 av 24. november 2010 om utvidelse av forordning (EF) nr. 883/2004 og forordning (EF) nr. 987/2009 til å omfatte tredjelandsborgere som ikke allerede er omfattet av disse forordningene utelukkende på grunn av sin nasjonalitet (TEU L 344 av 29.12.2010, s. 1).

24.

Rådsforordning (EF) nr. 859/2003 av 14. mai 2003 om utvidelse av bestemmelsene i forordning (EØF) nr. 1408/71 og forordning (EØF) nr. 574/72 til å omfatte tredjelandsborgere som ikke allerede er omfattet av disse bestemmelsene utelukkende på grunn av sin nasjonalitet (TEU L 124 av 20.5.2003, s. 1).

25.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 561/2006 av 15. mars 2006 om harmonisering av visse bestemmelser på det sosiale området innen veitransport og om endring av rådsforordning (EØF) nr. 3821/85 og (EF) nr. 2135/98 samt om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 3820/85 (TEU L 102 av 11.4.2006, s. 1).

26.

Europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2006/22 av 15. mars 2006 om minstekrav for gjennomføring av rådsforordning (EØF) nr. 3820/85 og (EØF) nr. 3821/85 om bestemmelser på det sosiale området innen veitransport og om oppheving av rådsdirektiv 88/599/EØF (TEU L 102 av 11.4.2006, s. 35).

27.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1071/2009 av 21. oktober 2009 om innføring av felles regler med hensyn til vilkårene som må oppfylles for å utøve yrket som transportør på vei, og om oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF (TEU L 300 av 14.11.2009, s. 51).

28.

Delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1271/2013 av 30. september 2013 om det finansielle rammereglement for organene nevnt i artikkel 208 i europaparlaments- og rådsforordning (EU, Euratom) nr. 966/2012 (TEU L 328 av 7.12.2013, s. 42).

29.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU, Euratom) 2018/1046 av 18. juli 2018 om finansielle regler for Unionens alminnelige budsjett, om endring av forordning (EU) nr. 1296/2013, (EU) nr. 1301/2013, (EU) nr. 1303/2013, (EU) nr. 1304/2013, (EU) nr. 1309/2013, (EU) nr. 1316/2013, (EU) nr. 223/2014, (EU) nr. 283/2014 og beslutning nr. 541/2014/EU og om oppheving av forordning (EU, Euratom) nr. 966/2012 (TEU L 193 av 30.7.2018, s. 1).

30.

Forordning nr. 1 av 15. april 1958 om fastsettelse av reglene for bruk av språk for Det europeiske økonomiske fellesskap (TEF 17 av 6.10.1958, s. 385).

31.

Rådsforordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å verne De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter (TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2).

32.

Kommisjonsbeslutning (EU, Euratom) 2015/443 av 13. mars 2015 om sikkerhet i Kommisjonen (TEU L 72 av 17.3.2015, s. 41).

33.

Kommisjonsbeslutning (EU, Euratom) 2015/444 av 13. mars 2015 om sikkerhetsregler for vern av graderte EU-opplysninger (TEU L 72 av 17.3.2015, s. 53).

Til forsida