Prop. 8 LS (2024–2025)

Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2019/1149

Til innhaldsliste

5 Samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd

5.1 Innlemming av forordninga i EØS-avtala

For at ei rettsakt skal bli folkerettsleg bindande for Noreg, må den innlemmast i EØS-avtala. Ved EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 av 8. desember 2023 blei forordning (EU) 2019/1149 vedteke innlemma i EØS-avtala. Avgjerda er teken med atterhald om Stortinget sitt samtykke. Innlemming føreset derfor at Stortinget samtykkjer til at forordninga skal bli ein del av EØS-avtala.

5.2 EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023

EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 av 8. desember 2023 endrar EØS-avtala vedlegg V (Fri rørsle for arbeidstakarar) og VI (Trygd) og protokoll 31 (om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane). Avgjerda inneheld ei fortale og seks artiklar.

Fortalen angir at ELA-forordninga skal takast inn i EØS-avtala, og kva vedlegg og kva protokoll som skal endrast. Vidare angir fortalen at forordninga opphevar, med verknad frå 1. august 2021, europaparlaments- og rådsavgjerd (EU) 2016/344 som er teken inn i EØS-avtala, og følgjeleg skal opphevast i EØS-avtala.

Artikkel 1 angir kva endringar som blir gjort i EØS-avtala vedlegg V.

Artikkel 2 fastset ei endring i EØS-avtala vedlegg VI nr. 1.

Artikkel 3 angir at teksten i andre strekpunktet i artikkel 15 nr. 9 i protokoll 31 til EØS-avtala (europaparlaments- og rådsavgjerd (EU) 2016/344) blir oppheva.

Artikkel 4 angir at teksten til forordning (EU) 2019/1149 på islandsk og norsk, som vil bli kunngjord i EØS-tilleggjet til Tidend for Den europeiske unionen, skal bli gyldig.

Artikkel 5 fastset at avgjerda skal ta til å gjelde 9. desember 2023 på det vilkåret at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn.

Artikkel 6 fastset at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tilleggjet til Tidend for Den europeiske unionen.

5.3 Gjennomføring i norsk rett

Departementet foreslår at ELA-forordninga blir gjennomførd i norsk rett ved særskild gjennomføringslov som inneheld ei innkorporasjonsføresegn. Det er samtidig behov for endringar i folketrygdlova og EØS-arbeidstakarlova fordi ELA-forordninga endrar forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589.

5.4 Departementet si vurdering

Når Stortinget gir sitt samtykke kan Noreg delta fullt ut i aktivitetane til ELA. Departementet vurderer at slik full deltaking vil kunne bidra til ein meir samordna og effektiv innsats mot grenseoverskridande arbeidslivskriminalitet. Departementet viser i denne samanhengen òg til Arbeidstilsynet sitt høyringsinnspel. Arbeidstilsynet si erfaring er at ELA bidrar til betre og styrkt samarbeid mellom tilsynsstyresmakter i EU sine medlemsstatar, til auka kunnskap om arbeidsmobilitet og dei utfordringane som følgjer med slik mobilitet. Arbeidslivskriminalitet og useriøsitet er ofte grensekryssande. Gjennom ELA sin mange arbeidsgrupper og ulike aktivitetar blir arenaer etablerte for utveksling av erfaringar, der tilsynsstyresmaktene diskuterer prioritering av (risiko)bransjar for tilsyn og rettleiing, tilsynsmetodikk og tilsynsverktøy, analysearbeid og korleis dei best mogeleg kan samarbeide over landegrensene.

Departementet meiner at Noreg ved full deltaking i ELA dessutan kan nyttiggjere seg av felles kunnskap, betre informasjonsflyt og støtte ved tilsyn som blir gjennomført saman med andre statar. Samtidig skal ELA bidra til meir effektiv og rettferdig arbeidsmobilitet i den indre marknaden, blant anna gjennom EURES. Det er mangel på arbeidskraft i mange bransjar i heile Europa. Noreg deltek allereie aktivt i mange av dei europeiske samarbeidsarenaene som no er blitt ein del av ELA, medrekna plattforma mot svart arbeid og EURES-samarbeidet. Departementet meiner at det er viktig at Noreg framleis deltek i desse, og at dette blir styrkt gjennom full deltaking i ELA. I tillegg deltek Noreg i ulike forum som gjeld trygdekoordinering som òg vil ha eit omfattande samarbeid med ELA. Noregs deltaking i desse foruma vil også styrkjast gjennom full deltaking i ELA.

Til forsida