2 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 319/2023 av 8. desember 2023 om endring av vedlegg V (Fri rørsle for arbeidstakarar) og VI (Trygd) og protokoll 31 (om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane) til EØS-avtala
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla EØS-avtala, særleg artikkel 86 og 98,
og ut frå desse synsmåtane:
-
1) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/3441 skal takast inn i EØS-avtala.
-
2) Forordning (EU) 2019/1149 opphevar, med verknad frå 1. august 2021, europaparlaments- og rådsavgjerd (EU) 2016/3442, som er teken inn i EØS-avtala og følgjeleg skal opphevast i EØS-avtala.
-
3) Vedlegg V og VI og protokoll 31 til EØS-avtala bør difor endrast –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I vedlegg V til EØS-avtala vert det gjort følgjande endringar:
-
1. I nr. 2 (europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011) skal nytt strekpunkt lyde:
-
«– 32019 R 1149: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 (EUT L 186 av 11.7.2019, s. 21).»
-
-
2. I nr. 9 (europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589) vert følgjande lagt til:
«, endret ved:
-
– 32019 R 1149: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 (EUT L 186 av 11.7.2019, s. 21).»
-
-
3. Etter nr. 10zv (Kommisjonens gjennomføringsbeslutning (EU) 2022/1949) vert følgjande lagt til:
-
«11. 32019 R 1149: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344 (EUT L 186 av 11.7.2019, s. 21).
For føremåla med denne avtala skal føresegnene i forordninga lesast med følgjande tilpassingar:
-
a) Når det gjeld EFTA-statane, skal tilvisingar til unionsretten forståast som tilvisingar til EØS-avtala.
-
b) Utan at det rører ved føresegnene i protokoll 1 til EØS-avtala, og med mindre anna er fastsett i denne avtala, skal orda ‘medlemsstat(ar)’ og ‘nasjonale styresmakter’ omfatte, i tillegg til tydinga dei har i forordninga, høvesvis EFTA-statane og deira nasjonale styresmakter.
-
c) I artikkel 1 nr. 2 og artikkel 2 skal orda ‘og EFTAs overvakingsorgan’ leggjast til etter ordet ‘Kommisjonen’.
-
d) I artikkel 7 nr. 1 bokstav e) og artikkel 13 nr. 13 skal orda ‘eller, når det gjeld EFTA-statane, EFTAs overvakingsorgan’ leggjast til etter ordet ‘Kommisjonen’.
-
e) I artikkel 9 nr. 9 og artikkel 10 nr. 3 første leddet skal orda ‘eller, når det gjeld EFTA-statane, til EFTAs overvakingsorgan’ leggjast til etter ordet ‘Kommisjonen’.
-
f) I artikkel 12, etter nr. 3, skal nytt nummer lyde:
-
‘3a. EFTA-statane skal delta fullt ut i plattforma og skal der ha dei same rettane og pliktene som medlemsstatane i EU, bortsett frå røysterett.’
-
-
g) I artikkel 13:
-
i) i nr. 1 skal orda ‘og EFTA-domstolen’ leggjast til etter ordet ‘Domstolen’,
-
ii) i nr. 3, 5 og 6 skal orda ‘, EFTAs overvakingsorgan, når ein eller fleire av EFTA-statane er involvert,’ leggjast til etter ordet ‘Kommisjonen’.
-
-
h) I artikkel 16 nr. 2, etter første leddet første punktumet, skal nytt punktum lyde: ‘Styresmakta kan invitere representantar for EFTAs overvakingsorgan til arbeidsgruppene og ekspertpanela som observatørar.’.
-
i) I artikkel 17, etter nr. 1, skal nytt nummer lyde:
-
‘1a. EFTA-statane og EFTAs overvakingsorgan skal delta fullt ut i styret og skal der ha dei same rettane og pliktene som høvesvis medlemsstatane i EU og Kommisjonen, bortsett frå røysterett.’
-
-
j) I artikkel 26 skal nytt nummer lyde:
-
‘5. EFTA-statane skal ta del i det tilskotet frå Unionen som er nemnd i nr. 3 bokstav a). For dette føremålet skal dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i og protokoll 32 til EØS-avtala, nyttast tilsvarande med naudsynte endringar.’
-
-
k) I artikkel 30 skal nye ledd lyde:
‘Som eit unntak frå artikkel 12 nr. 2 bokstav a) og artikkel 82 nr. 3 bokstav a) i tenestevilkåra for andre tilsette i Den europeiske unionen kan borgarar frå EFTA-statane som har fulle borgarrettar, tilsetjast på kontrakt i medhald av fullmakta til tilsetjingsstyresmakta.
Som eit unntak frå artikkel 12 nr. 2 bokstav e), artikkel 82 nr. 3 bokstav e) og artikkel 85 nr. 3 i tenestevilkåra for andre tilsette i Den europeiske unionen skal styresmakta, med omsyn til personalet sitt, rekne dei språka som er nemnde i artikkel 129 nr. 1 i EØS-avtala, som språk i Unionen som er nemnde i artikkel 55 nr. 1 i traktaten om Den europeiske unionen.’
-
l) I artikkel 32, etter nr. 1, skal nytt nummer lyde:
-
‘1a. Ein EFTA-stat kan peike ut den nasjonale kontaktpersonen til ein annan EFTA-stat eller ein medlemsstat i EU som sin nasjonale kontaktperson.’
-
-
m) I artikkel 34 skal følgjande leggjast til:
‘EFTA-statane skal gje styresmakta og personalet hennar privilegium og immunitet tilsvarande dei som er omtala i protokoll 7 om privilegia og immuniteten til Den europeiske unionen.’»
-
-
Artikkel 2
I EØS-avtala vedlegg VI nr. 1 (europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/2004) skal nytt strekpunkt lyde:
-
«– 32019 R 1149: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 (EUT L 186 av 11.7.2019, s. 21).»
Artikkel 3
Teksta i andre strekpunktet i artikkel 15 nr. 9 i protokoll 31 til EØS-avtala (europaparlaments- og rådsavgjerd (EU) 2016/344) vert oppheva.
Artikkel 4
Teksta til forordning (EU) 2019/1149 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 5
Denne avgjerda tek til å gjelde 9. desember 2023, på det vilkåret at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn3.
Artikkel 6
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 8. desember 2023.
For EØS-komiteen
Pascal Schafhauser
Formann
Felles fråsegn frå avtalepartane i samband med avgjerd nr. 319/2023 som innlemmar europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 i EØS-avtala
Partane erkjenner at innlemminga av denne rettsakta ikkje rører ved den direkte bruken av protokoll 7 om privilegia og immuniteten til Den europeiske unionen på borgarar frå EFTA-statane på territoriet til kvar einskild medlemsstat i Den europeiske unionen, i samsvar med artikkel 11 i den nemnde protokollen.