Prop. 8 LS (2024–2025)

Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2019/1149

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Innleiing

Mandatet til ELA gjeld fleire EU-rettsakter som er tekne inn i EØS-avtala og gjennomførd i norsk rett, jf. punkt 2.1.2. Den nasjonale reguleringa har blant anna noko å seie for kva norske forvaltningsorgan som vil få oppgåver i samanheng med ELA-forordninga. Ei kort oppsummering av gjeldande rett og praksis på ELA-forordningas område fylgjer nedanfor. Ein breiare omtale er gitt i høyringsnotatet punkt 4.

3.2 Regelverket for utsending av arbeidstakarar

Mandatet til ELA gjeld regelverket for utsendte arbeidstakarar, som er gjennomført i norsk rett i arbeidsmiljølova §§ 1-7 og 18-11, og i forskrift 16. desember 2005 nr. 1566 om utsendte arbeidstakarar (utsendingsforskrifta). Med utsending av arbeidstakarar meinast situasjonen der ein arbeidstakar vert send av sin arbeidsgivar frå ein medlemsstat til ein annan i samband med midlertidig tenesteyting. Utsendingsregelverket fastset kva av vertslandet sine reglar om løns- og arbeidsvilkår som skal gjelde for utsende arbeidstakarar i samband med tenesteytinga. Reglane om utsending av arbeidstakarar er sentrale i arbeidet for å motverke arbeidslivskriminalitet og forskjellsbehandling mellom utanlandske og norske arbeidstakarar.

Arbeidstilsynet fører etter arbeidsmiljølova § 18-1 tilsyn med reglane i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter. Dette inkluderer utsendingsforskrifta. Havindustritilsynet og Luftfartstilsynet fører tilsyn med desse reglane innanfor områda sine, det vil seie innanfor petroleumsverksemda og for flygande personell i sivil luftfart.

3.3 Trygdekoordinering

Mandatet til ELA omfattar vidare trygdeforordninga. Kompetansen til å fastsetje reglar på trygdeområdet er ikkje overført frå nasjonalstatane til EU. Reglane i forordninga opnar derfor ikkje for harmonisering av nasjonalstatane si trygdelovgjeving, men berre for ei koordinering mellom trygdesystema. Denne forordninga har blant anna reglar som bestemmer kva stat si trygdelovgjeving som skal gjelde for EØS-statsborgarar som flytter innanfor EU/EØS for å arbeide (reglar om lovval), og reglar om utrekning av pensjon. Formålet med koordineringsføresegnene står i fortalen til trygdeforordninga:

Reglene om koordinering av de enkelte medlemsstaters sosiale trygdeordninger er en del av den frie bevegeligheten for personer, og skal bidra til å bedre arbeidstakernes levestandard og arbeidsvilkår.

Trygdeforordninga og gjennomføringsforordninga er gjort til del av norsk rett ved folketrygdlova § 1-3 a om gjennomføring av trygdeforordninga og gjennomføringsforordninga (tidlegare forskrift 22. juni 2012 nr. 585 om inkorporasjon av trygdeforordningane i EØS-avtala). Forordningane 859/2003 og 1231/2010 som også blir omfatta av verkeområdet til ELA er likevel ikkje teke inn i EØS-avtala, og blir ikkje vidare omtalt.

I Noreg er det Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet som har hovudansvaret for den praktiske bruken av trygdekoordineringsforordningane.

3.4 Fri rørsle av arbeidstakarar

ELA sitt mandat omfattar òg regelverket om fri rørsle av arbeidstakarar. Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle av arbeidskraft innanfor Unionen (EØS-arbeidstakarforordninga) er gjennomført i norsk lov i EØS-arbeidstakarlova § 1. EØS-arbeidstakarforordninga gir rettigheiter til arbeidstakarar som nyttar sin rett til fri rørsle. Hovudformålet er å sikre at arbeidstakarar handsamast likt med nasjonale borgarar under opphaldet i ein EØS-stat, når det gjeld sysselsetjing, løn og andre arbeidsvilkår.

ELA skal òg hjelpe med å auka arbeidsmobiliteten over landegrensene. EØS-arbeidstakarforordninga sine reglar om arbeidsformidling fylgjer av kapitel II og er revidert og erstatta av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 2016/589 (EURES-forordninga), sjå Prop. 141 LS (2019–2020). EURES-forordninga har føresegner om Det europeiske nettverket for arbeidsformidling, EURES. Noreg har delteke i EURES-samarbeidet sidan 1994, og deltakinga blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, der det Nasjonale koordineringskontoret for EURES er plassert. Hovudmålet til EURES er å bidra til ein meir velfungerande europeisk arbeidsmarknad gjennom auka samhandling og integrering av arbeidsmarknadene i EØS-statane. EURES fremjar frivillig geografisk mobilitet og yrkesmobilitet mellom statane på eit likeverdig grunnlag i samsvar med nasjonal lovgjeving og EØS-retten. Gjennom EURES-nettverket er det enklare for arbeidsgivarar å rekruttere etterspurd arbeidskraft, og lettare for arbeidstakarar å finne ny jobb i ein annan EØS-stat og i Sveits.

3.5 Sosiale føresegner innan vegtransport

Mandatet til ELA omfattar dernest regelverket om sosiale føresegner innan vegtransport, som inkluderer fleire direktiv og forordningar.

Direktiv (EU) 2020/1057 fastset særreglar for utsending av sjåførar i vegtransportsektoren. Direktivet blei gjennomført i norsk rett i november 2023 i forskrift om utsende arbeidstakarar §§ 1 andre ledd og 14a til 14e. Det overordna målet for direktivet er å skape ein effektiv og sosialt ansvarleg vegtransportsektor gjennom på den eine sida å sikre tilfredsstillande arbeidsvilkår og sosialt vern for sjåførar, og på den andre sida å sikre passande forretningsvilkår og rettferdig konkurranse for vegtransportverksemdene. Bakgrunnen er blant anna at arbeidsoppdraga til sjåførane gjennomgåande har kortare varigheit og ein meir mobil karakter enn dei typiske utsendingsoppdraga. Det blir vist til høyringsnotatet punkt 4.5.1 for nærmare omtale av dette.

Forordningane (EF) nr. 561/2006 og (EU) nr. 165/2014 har reglar om køyre- og kviletid for førarar av køyretøy i gods- og persontransport på veg og om bruk av fartsskrivar for registrering og kontroll av køyre- og kviletida. Formålet er å harmonisere konkurransevilkåra og betre arbeidsvilkåra og trafikktryggleiken. Forordningane er gjennomført i norsk rett gjennom forskrift 2. juli 2007 nr. 877 om køyre- og kviletid og fartsskrivar for vegtransport i EØS (køyre- og kviletidsforskrifta). Statens vegvesen og politiet er kontrolletatar etter forskriftene. Det vises elles til høyringsnotatet punkt 4.5.2.

Direktiv 2006/22/EF stiller minstekrav til gjennomføring av kontroll av køyre- og kviletidsreglane. Det vises elles til høyringsnotatet punkt 4.5.3.

Forordning (EF) nr. 1071/2009 er ein del av EU si såkalla vegpakke, som forutan denne forordninga også består av forordningane (EF) 1072/2009 og (EF) 1073/2009. Forordning (EF) nr. 1071/2009 gir reglar om tilgjenge til yrket som vegtransportør for buss og godstransport. Forordninga er gjennomført ved forskrift 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskrifta) § 1a. Statens vegvesen og politiet er kontrolletatar etter forskrifta. Det blir samtidig opna for at departementet kan gi kontrollfullmakt til tilsetje i andre offentlege organ. Elles viser departementet til høyringsnotatet punkt 4.5.4.

3.6 Plattforma mot svart arbeid

EU etablerte i 2016 ei europeisk plattform for å styrke innsatsen til medlemsstatane mot svart arbeid (undeclared work). Plattforma blei innlemma i EØS-avtala same år.

I plattforma deltek ein representant frå kvar av medlemsstatane, ein representant frå Kommisjonen og fire representantar frå hovudorganisasjonane i arbeidslivet på EU-nivå. Arbeidstilsynet deltek som norsk observatør. Representantar frå partane i arbeidslivet på EU-bransjenivå, Den internasjonale arbeidsorganiasjonen – International Labour Organisation (ILO) og Eurofound deltek også som observatørar.

Formålet med plattforma er å førebyggje, avskrekke og nedkjempe svart og uformelt arbeid, samt å fremje og oppmuntre til at arbeid blir innrapportert til styremaktene. Plattforma skal hjelpe til med meir effektiv oppfølging på EU-nivå og frå nasjonale styremakter, samtidig som dei respektive nasjonale styresmaktene sin kompetanse og framgangsmåte skal respekterast. Arbeidet er no etablert som ei formell arbeidsgruppe i ELA, og skal blant anna hjelpe til å styrke samarbeid og kapasiteten hos relevante styresmakter, samt auke merksemda til publikum om forhold knytt til svart og uformelt arbeid.

Til forsida