Prop. 8 LS (2024–2025)

Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2019/1149

Til innhaldsliste

A Forslag
til lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova)

§ 1 Gjennomføring av forordning (EU) 2019/1149

EØS-avtala vedlegg V nr. 11 (forordning (EU) 2019/1149 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344) gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtala og avtala elles.

§ 2 Forskrifter

Departementet kan gi forskrift om kva for forvaltningsorgan som er ansvarleg for ulike oppgåver etter forordning (EU) 2019/1149, og om ansvarsfordelinga mellom dei.

§ 3 Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, blir følgjande endringar gjorde i andre lover:

1. I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal § 1-3 a fyrste ledd lyde:

EØS-avtalen vedlegg VI nr. 1 (forordning (EF) nr. 883/2004 om koordinering av trygdeordninger, som endret ved forordning (EF) nr. 988/2009, forordning (EU) nr. 1244/2010, forordning (EU) nr. 465/2012, forordning (EU) nr. 1224/2012, forordning (EU) nr. 517/2013, forordning (EU) nr. 1372/2013, forordning (EU) nr. 1368/2014, forordning (EU) 2017/492 og forordning (EU) 2019/1149) (trygdeforordningen) gjelder som lov med de tilpasningene som følger av vedlegg VI, protokoll 1 og avtalen for øvrig.

2. I lov 14. desember 2012 nr. 81 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS mv. skal § 1 lyde:

§ 1.

EØS-avtalen vedlegg V nr. 2 (forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar, som endra ved forordning (EU) 2016/589 og forordning (EU) 2019/1149) og vedlegg V nr. 9 (forordning (EU) 2016/589 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, som endra ved forordning (EU) 2019/1149) gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles.

§ 4 Iverksetjing

Lova tek til å gjelde straks.

Til forsida
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.