Tilråding
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2019/1149.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova) og vedtak om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2019/1149 i samsvar med eit vedlagt forslag.