Prop. 8 LS (2024–2025)

Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2019/1149

Til innhaldsliste

7 Merknadar til dei enkelte lovføresegnene

Til § 1

Føresegna slår fast at forordning (EU) 2019/1149 blir norsk lov, med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til EØS-avtala og EØS-avtala elles. Føresegna inneber at forordning (EU) 2019/1149 gjeld som norsk lov.

Til § 2

Føresegna gir departementet heimel til å gi nærmare forskrifter om kva nasjonale forvaltningsorgan som er ansvarleg for ulike oppgåver etter forordning (EU) 2019/1149, og ansvarsfordelinga mellom dei. Eit døme på slik forskriftsregulering vil vere kva forvaltningsorgan som skal vere ansvarleg styresmakt til å følgje opp særlege deler av forordninga, inkludert kva oppgåver forvaltningsorganet skal ha i den samanheng.

Til § 3

Føresegna inneber endringar i to andre lover.

Når det gjeld folketrygdlova § 1-3 a, inneber endringa at forordning (EU) 2019/1149 blir føydd til i lista over forordningar som endrar trygdeforordninga i folketrygdlova § 1-3 a fyrste ledd.

Når det gjeld EØS-arbeidstakarlova § 1, inneber endringa at forordning (EU) 2019/1149 blir føydd til i lista over forordningar som endrar EØS-arbeidstakarforordninga og EURES-forordninga i EØS-arbeidstakarlova § 1.

Til § 4

Føresegna inneber at lova tek til å gjelde straks. Om vurderinga knytt til iverksetjingstidspunkt blir det vist til punkt 4.5.3.

Til forsida
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.