St.meld. nr. 26 (2008-2009)

Om offentleg rettshjelp— Rett hjelp

Til innhaldsliste

12 Samordning med rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles

12.1 Innleiing

Rettshjelpstilboda utanfor rettshjelpslova fordeler seg dels på sakstypar som rettshjelpslova òg dekkjer, dels på sakstypar som ikkje er prioriterte i lova. Tilboda blir gitt også til innbyggjarar som ikkje tilfredsstillar dei økonomiske krava i rettshjelpslova. Rettshjelpslova byggjer på eit uttrykt prinsipp om at rettshjelpstilboda etter lova først trer i funksjon etter at alternative tilbod er forsøkt utnytta (subsidiaritetsprinsippet). Samtidig står dei andre ukommersielle tilboda i stor grad fritt til å avvise saker som er omfatta av ordningane i rettshjelpslova.

Konklusjonen i både DIFI-rapporten og Finland-rapporten er at det totale rådgivings- og konfliktløysingstilbodet utanfor rettshjelpslova er variert og omfattande både når det gjeld sakstilbod og talet på saker som blir behandla.

Det er på det reine at det blir brukt betydelege offentlege beløp også på rettshjelpstilboda utanfor rettshjelpsordninga. Departementet meiner at det er behov for betre samordning og koordinering mellom rettshjelpstilboda i og utanfor rettshjelpslova. Ei slik betra samordning vil kunne ha fleire positive effektar. Først og fremst vil det gi ei betre og meir effektiv utnytting av dei økonomiske midlane som blir brukte. Vidare meiner departementet at gjeldande system gjer det vanskeleg for mange å finne fram i dei tilboda som finst for å få nødvendig hjelp. Mange innbyggjarar opplever at dei bruker uforholdsmessig mykje tid på å finne fram til eit eigna tilbod for å løyse sitt juridiske problem. For andre medverkar det uoversiktlege systemet i dag til at terskelen for å søkje hjelp kan opplevast for høg slik at dei gir opp. Dessutan kan ei betre samordning medverke til at fleire får hjelp på ein meir effektiv måte, fordi sakene raskare blir kanaliserte dit dei høyrer heime.

I DIFI-rapporten s. 93 flg. er det peikt på at det er behov for ei betre samordning av dei offentlege tenestene og at brukarane av rettshjelpsordninga får eit meir heilskapleg tilbod. Det blir òg vist til at dei undersøkingane som er gjort gir grunn til å tru at dei enkelte rådgivings- og konfliktløysingsorgana fungerer tilfredsstillande innanfor sine område, men at det er enkelte saksområde og brukargrupper som i dag ikkje blir tekne godt nok vare på.

Finland-rapporten punkt 9.7 trekkjer i samme retning:

«Både i Finland og Norge ivaretar rettshjelpen utenfor rettshjelplovene viktige funksjoner i det samlede ukommersielle rettshjelptilbudet. Den fanger opp en langt større del av det udekkede rettshjelpbehovet enn ordningene i rettshjelplovene. Begge land anvender betydelige statlige midler på dem. Tiltakene bør kartlegges og gjennomgås mer inngående, for å finne frem til en god strategi for utvikling, arbeidsdeling og samarbeid mellom de to delene av rettshjelptilbudet.»

Professor Jon T. Johnsen påpeiker òg at gjeldande rettshjelpsordning ikkje har ei klar funksjonsfordeling mellom tiltaka innanfor og utanfor rettshjelpsordninga og konkluderer med at koordineringa mellom rettshjelpstilboda klart kan betrast. 1

12.2 Oversikt over samordningstiltak

I denne meldinga er omtalt fleire moglege tiltak som vil kunne medverke til å nå målsetjinga om ei betre samordning og koordinering av rettshjelpstilboda:

  • Som ledd i ei slik betra koordinering vil departementet vurdere om advokatane og rettshjelparane som deltek i førstelinjetenesta (sjå kapittel 5) skal ha plikt til å informere om andre rådgivings- og konfliktløysingstilbod under førstegongskonsultasjonen. Dersom advokaten eller rettshjelparen meiner at saka er best eigna til å finne løysinga si ein annan stad, skal vedkommande vise klientane dit. Dette føreset at advokatane i førstelinjetenesta har god kunnskap om det samla rådgivings- og konfliktløysingstilbodet i samfunnet. I dette ligg òg ei plikt til å vurdere om mekling kan vere føremålstenleg, og i så fall til å tilrå aktuelle meklingsordningar. Slik vil førstelinjetenesta kunne medverke til å utnytte potensialet i dei andre rådgivings- og konfliktløysingstilboda.

  • Førstelinjetenesta vil vidare kunne vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å kartleggje rettshjelpsbehovet. Gjennom registrering av førespurnadene til førstelinjetilbodet, vil ein få eit betre bilete av kva juridiske problem folk flest har.

  • Departementet meiner det i større utstrekning enn i dag bør stimulerast til bruk av advokatmekling, for eksempel i barnefordelingssaker der meklinga ved familievernkontora ikkje fører fram. I kapittel 11 om barnefordelingssaker er det drøfta om det bør etablerast ordningar som gjer det enklare enn i dag å få dekt utgifter til advokatmekling, under dette utgifter til advokatmeklaren og eventuelt òg utgifter til sakkunnig som deltek under meklinga. Tilgang til sakkunne utanfor domstolane vil kunne verke prosessdempande, jf. 11.4.3.1.

  • Departementet tek i kapittel 10 sikte på at det blir innført ei generell føresegn om at det som hovudregel skal gjerast ei konkret vurdering av om det er rimeleg og nødvendig at rettshjelp blir innvilga på det offentlege sin kostnad. Føremålet med føresegna er å etablere ein silingsmekanisme som gjer det mogleg å avslå søknad om rettshjelp i saker der det ikkje vil framstå som rimeleg at det blir gitt offentleg betalt rettshjelp. Fleire forhold skal kunne leggjast vekt på i ei slik vurdering, under dette utsiktene til å få saka løyst ved mekling, forlik eller alternative rådgivings- og konfliktløysingstilbod. Slik vil rettshjelpslova stille sterkare krav til kunnskap om og samordning av det samla rådgivings- og konfliktløysingstilbodet hos dei aktørane som har/blir gitt kompetanse til å avgjere søknader om rettshjelp.

Departementet meiner det kan vere behov for ytterlegare tiltak som medverkar til å styrkje samordninga og koordineringa mellom dei tilboda som blir gitt etter rettshjelpslova og rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles i samfunnet. Dette vil det vere nødvendig å komme tilbake til etter at den nye rettshjelpsordninga har verka ei tid.

Fotnotar

1.

Finland-rapporten punkt 9.7.

Til forsida