St.meld. nr. 26 (2008-2009)

Om offentleg rettshjelp— Rett hjelp

Til innhaldsliste

3 Rettshjelpsordningar i andre land

3.1 Innleiing

I dette kapitlet er det gjort greie for det offentlege rettshjelpstilbodet i enkelte utvalte land.

Kostnadene til den norske rettshjelpsordninga kan ikkje utan vidare samanliknast med kostnader i andre land. Dette skuldast skilnader i regelverk og organisering. Den norske rettshjelpslova anviser i all hovudsak offentleg finansiert juridisk hjelp på det sivile rettsområdet. Dette skiljet blir ikkje gjort i alle andre land. I Finland er for eksempel mange av straffesakene ein del av rettshjelpsbudsjettet.

Tabell 3.1 viser kostnadene i sivile saker og straffesaker samla, sjå nedanfor.

Tabell 3.1 Europarådets oversikt over offentlige rettshjelpskostnader i sivile saker og straffesaker pr. innbyggjar i Noreg og andre utvalte land.1

Noreg32,4 €
Finland10,5 €
Sverige16,5 €
Danmark0,5 €
Nederland21,1 €
England og Wales56,2 €

1 European judicial systems Edition 2008 (data 2006): Efficiency and quality of justice, s. 34.

3.2 Finland

Finland gjennomførte ein større reform i rettshjelpsordninga i 2002. Eitt av måla var å gi fleire innbyggjarar rett til offentleg rettshjelp. Rettshjelpsordninga skulle utvidast frå å vere ein rett for dei fattige til òg å omfatte middelklassen. Inntektsgrensene vart heva, med ein tilsvarande auke i eigenbetalinga.

Dersom rettshjelpssøkjaren har ei forsikring som dekkjer juridisk hjelp i saka, blir det ikkje gitt offentleg betalt rettshjelp.

Dei om lag 60 offentlege rettshjelpskontora er berebjelkane i den finske rettshjelpsordninga. Dei fleste er lokaliserte i tilknyting til ein domstol. Mange av kontora har oppretta «filialar» eller «søsterkontor», som er mindre kontor i distrikta og som er bemanna ved behov. Det er tilsett ca. 460 personar i kontora, av dette er halvparten offentleg tilsette advokatar. Finland er delt i seks regionale rettshjelpsdistrikt, som er leia av ein regiondirektør. Direktørane har ansvaret for organiseringa av rettshjelpskontora i sitt distrikt, basert på budsjettrammer og føringar frå justisdepartementet (Oikeusministeriö). Heile rettshjelpsordninga er administrert av departementet.

Med enkelte få unntak skal alle saker utanfor rettargang behandlast av advokat ved eit offentleg rettshjelpskontor for at det offentlege skal dekkje hjelpa. I rettargang kan klienten nytte ein offentleg tilsett advokat, men står fritt til å velje privat advokat utanfor rettshjelpskontora, også då på det offentlege sin kostnad.

Dei offentlege rettshjelpskontora behandlar alle søknader om rettshjelp (både i og utanfor rettargang), med unntak av oppnemning av forsvarar i alvorlege straffesaker og oppnemning av bistandsadvokat. Klager over avslag på søknad om rettshjelp og fastsetjing av eigendel blir behandla av domstolane.

Rettshjelp blir, med nokre få unntak, gitt til alle typar juridiske spørsmål. Rettshjelp til saker som gjeld næringsforhold blir berre gitt i spesielle tilfelle. Det blir ikkje gitt rettshjelp i saker som er av lita betydning for søkjaren, der det er klart at det ikkje er proporsjonalitet mellom nytteverdien for søkjaren og det som kan oppnåast, eller der det vil vere prosessmisbruk å føre saka. Det blir maksimalt gitt offentleg betalt rettshjelp i 100 timar.

All rettshjelp er behovsprøvd, og det blir teke utgangspunkt i søkjaren si disponible inntekt etter frådrag. Det kan givast ei rekkje frådrag, for eksempel for skatt, nødvendige utgifter til bustad, pass av barn, barnebidrag mv. I tillegg blir det gitt frådrag for EUR 300 pr. barn. Inntektsgrensa for rettshjelp er EUR 1500 pr. månad for einslege og for par EUR 1300 pr. person. På dette nivået betaler ein 75 prosent av rettshjelpa sjølv i form av eigendel. Einslege med ei disponibel inntekt på EUR 700 eller meir skal òg betale ei rettshjelpsavgift på EUR 70. For personar som lever i parforhold går grensa ved EUR 600.

Kostnadene til den finske rettshjelpsordninga var til saman EUR 54,2 mill. i 2006.

For nærare presentasjon av den finske ordninga, sjå kapittel 4 og Finland-rapporten.

3.3 Sverige

Etter ein lovrevisjon i 1997 vart den offentlege rettshjelpsordninga i Sverige gjort subsidiær private rettshjelpsforsikringar. Som hovudregel blir det ikkje gitt offentleg betalt rettshjelp dersom søkjaren har eller burde ha teikna rettshjelpsforsikring. Forsikringsordningane er svært godt utbygde i Sverige, og ein reknar med at om lag 90 prosent av befolkninga er sikra rettshjelp anten via forsikringsordningar eller gjennom den offentlege rettshjelpsordninga.

Grunnvilkåra for bruk av rettshjelpsordninga er at søkjaren sitt behov for juridisk hjelp ikkje kan dekkjast på annan måte enn ved offentleg rettshjelp og at art og betydning av saka og omstenda elles gjer det rimeleg at staten medverkar til å dekkje kostnadene. Rettshjelp blir som hovudregel berre gitt til privatpersonar.

Før søkjaren kan få innvilga ordinær rettshjelp, må vedkommande sjølv betale for inntil to timar rådgiving hos advokat til ein fast timepris på SEK 1320. Timeprisen kan halverast dersom det ligg føre særlege grunnar for dette, for eksempel at søkjaren si årlege inntekt ligg under SEK 75 000. Dersom problemet ikkje blir løyst i løpet av denne konsultasjonen, kan det søkjast om ytterlegare rettshjelp. Søknader om hjelp utanfor rettargang blir behandla av Rättshjälpsmyndigheten, som er eit forvaltningsorgan underlagt Domstolsverket. Søknad om hjelp på sakførselsstadiet blir behandla av domstolen.

Det skal normalt ikkje innvilgast hjelp ut over 100 timar. I unntakstilfelle kan grensa overskridast dersom det ligg føre samtykkje frå Rättshjälpsmyndigheten eller domstolen.

I utgangspunktet kan det givast hjelp i alle saker som ikkje er uttrykkeleg unnatekne i lova. Eksempel på sakstypar som er unnatekne er gjeldssanering, utfylling av søknader, sjølvmelding, tinglysing og oppstilling av testament og gåvedisposisjonar. For saker om økonomiske verdiar på under eit halvt «prisbasbelopp» skal det ikkje givast rettshjelp. Prisbasbeloppet er gjenstand for årleg regulering og var i 2007 SEK 40 300. 1 For enkelte sakstypar må det liggje føre særlege grunnar for at rettshjelp skal innvilgast. Dette gjeld saker om skilsmisse, barnefordeling, skatt og i saker som skal behandlast i utlandet. Det same gjeld for næringsdrivande. Eit eventuelt ansvar for motparten sine sakskostnader vil som hovudregel ikkje bli dekt gjennom rettshjelpsordninga.

All hjelp er behovsprøvd. For å komme inn under ordninga må søkjaren si disponible inntekt ikkje overstige SEK 260 000. For å komme fram til den disponible inntekta, blir det teke utgangspunkt i vedkommande si skattbare inntekt. Deretter blir det gjort frådrag på SEK 15 000 pr. barn som er forsytt av søkjaren, med eit tak på SEK 75 000. Halvparten av søkjaren sin eventuelle formue som overstig SEK 50 000 blir lagt til inntekta. Dersom søkjaren har gjeld som overstig inntektene, kan dei årlege avdraga ut over SEK 5000 trekkjast frå. Formue og gjeld knytt til eigen bustad som søkjaren sjølv bur i skal ikkje medreknast.

Klienten må betale ein del av advokatsalæret som eigendel. Delen varierer mellom 2 og 40 prosent, avhengig av vedkommande sin økonomiske situasjon på søknadstidspunktet. Det nedste trinnet gjeld for dei som har ei disponibel inntekt mindre enn SEK 50 000. Deretter blir klienten belasta trinnvis i tiprosents intervall, opp til 40 prosent for dei med disponibel inntekt over SEK 200 000.

Kostnadene til rettshjelp etter den svenske rettshjelpslova var i 2006 SEK 157,7 mill. Men også andre regelverk gir rett til offentleg betalt juridisk hjelp på det sivilrettslege området. Kostnadene til rettshjelp etter lov om offentligt biträde (1996:1620), som heimlar offentleg betalt rettshjelp i ei rekkje saker mot forvaltninga, var SEK 81 mill. I tillegg vart det nytta SEK 127,7 mill. til rettshjelp i saker om utlendingsrett.

3.4 Danmark

Den danske rettshjelpsordninga skil mellom hjelp i og utanfor rettargang. Hjelp utanfor rettargang («retshjælp») blir ytt trinnvist. På trinn 1 blir det gitt grunnleggjande munnleg rådgiving. På trinn 2 blir det gitt rådgiving og skriftleg hjelp, for eksempel til utforming av brev og søknader (under dette søknad om fri sakførsel), prosesskrift, oppstilling av enkle testament og ektepakter og hjelp i form av deltaking i møter. Rådgivinga på trinn 1 er gratis. Hjelp på trinn 2 vart i 2008 honorert med DKK 870 inkludert meirverdiavgift pr. sak. Hjelp på trinn 3 blir gitt dersom det er oppstått tvist og advokaten meiner det er rimelege utsikter til å nå ei minneleg løysing innanfor dei økonomiske rammene som er sett for hjelpa. (DKK 1980 inkludert meirverdiavgift).

Rettshjelp innanfor rettargang («fri proces») omfattar blant anna dekning av advokatsalær, fritak for rettsgebyr og fritak for eventuelt ansvar for sakskostnader. Det blir vanlegvis gitt offentleg hjelp også ved ankebehandling dersom søkjaren har vunne fram heilt eller delvis i førsteinstans og saka er anka av motparten.

Kompetansen til å innvilge fri proces er delt mellom domstolane og Justisministeriet. Domstolane tek hand om søknader om advokathjelp i saker om for eksempel ekteskap, samværs- og foreldrerett. Andre saker blir behandla av Justisministeriet ved Civilstyrelsen. For hjelp utanfor rettargang trengst ingen søknad på førehand.

Alle har krav på gratis rettshjelp på trinn 1. Hjelpa blir i hovudsak gitt av frivillige advokatvaktordningar og rettshjelpskontor. Rettshjelp på trinn 2 og 3 blir gitt av privatpraktiserande advokatar, såframt saksforholdet ikkje er uttrykkeleg unnateke i lova. Unntak er gjort for sikta eller tiltalte i straffesaker, spørsmål som hovudsakleg er av næringskarakter, saker om gjeldssanering og saker som er til behandling hos ei forvaltningsstyresmakt eller ei offentleg godkjent klagenemnd.

Hjelp til sak som skal behandlast av domstolane blir, med nokre få avgrensingar, gitt i alle sakstypar. Rettshjelpa er likevel subsidiær private forsikringsordningar. Det blir dessutan ført kontroll med om det er rimeleg at det offentlege dekkjer kostnadene. Det blir då sett på kor viktig saka er for søkjaren, utsiktene til å nå fram med saka, verdien av tvistegjenstanden, venta storleik på sakskostnadene, og høvet til å få behandla tvisten i ei offentleg godkjent nemnd. I saker om oppseiing av husleigeforhold, tilsetjingsforhold og i saker om personskadeserstatning vil det utgangspunktet vere rimeleg å innvilge fri sakførsel. Det skal berre unntaksvis innvilgast fri sakførsel i saker med utspring i søkjaren si ervervsverksemd og til saksøkjar i injuriesaker. Det skal ikkje givast fri sakførsel til saksøkjar i saker om endring av dom eller avtale om kor barnet skal bu fast eller om foreldreansvar. Ved søknad til Justisministeriet kan det innvilgast fri sakførsel ut over desse avgrensingane om saka blir vurdert til å vere av prinsipiell karakter eller har offentleg interesse, eller dersom den har vesentleg betydning for søkjaren sitt sosiale forhold eller ervervsforhold.

Med unntak av hjelp på trinn 1, er all rettshjelp behovsprøvd. Inntektsgrensa var i 2008 DKK 256 000 for einslege, og for ektefellar og sambuarar DKK 325 000 samanlagt. Inntektsgrensa aukar med DKK 44 000 for kvart barn under 18 år som anten bur hos søkjar eller som er forsytt av denne. I saker for domstolen kan det dispenserast frå inntektsgrensene dersom søkjaren har eit spesielt behov for hjelp eller omkostningane ved saka ser ut til å bli ekstraordinært store. Inntektsgrensene blir regulerte årleg.

Søkjaren betaler ikkje eigendel for rettshjelp på trinn 1. På trinn 2 blir det betalt ein eigendel på 25 prosent av det saka kostar. På trinn 3 må klienten betale 50 prosent av kostnadene. Det blir ikkje betalt eigendel for fri sakførsel.

Domstolane utarbeider lister over advokatar som tilbyr hjelp i rettshjelpssaker utanfor rettargang. Listene ligg tilgjengelege for publikum på ulike offentlege stader. Justisministeriet utarbeider lister over advokatar som tilbyr hjelp til fri sakførsel. Den domstolen som skal behandle saka utnemner så advokat etter ei turnusordning.

Kostnadene til den danske rettshjelpsordninga var til saman DKK 374,3 mill. i 2006.

3.5 Nederland

I Nederland blir det tilbode rettshjelp både gjennom offentlege rettshjelpskontor og frå private advokatar. Dei fleste vender seg til dei offentlege kontora, anten via ei telefonteneste eller ved personleg oppmøte. Dei offentlege kontora tilbyr ein førstegongskonsultasjon på inntil ein time. Kontora sine tenester er gratis og tilgjengelege for alle.

Dersom klienten ikkje får løyst problemet ved dei offentlege kontora, kan vedkommande visast til ein privat advokat i geografisk nærleik, som har erfaring med det rettsområdet saka gjeld. Det kan òg visast til meklar. Advokatar som mottek slike saker er godkjende på førehand av rettshjelpsstyresmaktene. Bruk av den offentlege førstelinjetenesta er ikkje obligatorisk – klienten kan vende seg direkte til advokat. Advokatane kan gi inntil tre timars hjelp såframt saka har utsikter til å kunne løysast innanfor ei slik tidsramme og klienten si månadlege skattepliktige inntekt ikkje overstig visse grenser. For einslege utan barn er grensa EUR 1558. Er klienten gift, kan paret si samla inntekt ikkje overstige EUR 2191. Sistnemnde grense gjeld òg for einslege med barn. Dersom saka gjeld økonomiske verdiar, må desse utgjere minimum EUR 90. Klienten betaler ei avgift på EUR 13,5 for hjelp på dette nivået.

Hjelp ut over tre timar kan ikkje givast utan at advokaten på vegner av klienten søkjer om løyve frå rettshjelpsstyresmaktene. Søknaden kan innvilgast dersom ein vurderer klienten til ikkje å vere i stand til å løyse problemet utan advokathjelp og det ikkje tidlegare er gitt hjelp i same sak. Dersom saka gjeld økonomiske verdiar, må desse utgjere minimum EUR 180. Elles blir det ikkje stilt krav til arten av saka. Blir søknaden innvilga, blir omfanget av rettshjelpa avgrensa til eit visst tal timar, avhengig av kva saka gjeld. Det skal betalast ein eigendel av hjelpa. Eigendelen har fem ulike storleikar og varierer mellom EUR 94 og EUR 705. Det lægste nivået blir betalt av einslege personar med inntekt EUR 0-16 200 pr. månad og gifte personar der paret har ei samla inntekt på EUR 0-22 500. Dei høgste eigendelane blir betalt av einslege med inntekt EUR 19 301-22 900 og gifte personar der paret har ei samla inntekt på EUR 27 301–32 400. Einslege personar med barn blir vurderte på same måten som gifte. Når inntekta overstig maksimalgrensene, vil søknaden bli avslått. Søkjaren sin formue må ikkje overstige EUR 20 315. Denne grensa aukar med EUR 2715 pr. barn som søkjaren forsyter, og til EUR 26 892 om søkjaren er 65 år eller eldre. Ca. 49 prosent av den vaksne befolkninga i landet tilfredsstiller dei økonomiske vilkåra i rettshjelpsordninga.

Kostnadene med den nederlandske rettshjelpsordninga var til saman EUR 398 mill. i 2006.

3.6 England og Wales

I England og Wales blir offentleg betalt rettshjelp tilbydd av privatpraktiserande advokatar og advokatfirma og av «Not for Profit»-organisasjonar (velgjerande organisasjonar). «Not for Profit»-sektoren inkluderer ei rekkje ulike organisasjonar og rådgivingssenter, frå nokre svært store til andre små og lokale. Organisasjonane som tilbyr rettshjelp består av ulønna medarbeidarar.

Rettshjelpsordninga er administrert av Legal Services Commission (LSC). LSC er eit uavhengig organ som er ansvarleg for rettshjelp i både sivile saker og straffesaker. LSC avgjer søknader om offentleg betalt rettshjelp i sivile saker, både i og utanfor rettargang. Enkeltpersonar kan ikkje sjølve søkje om rettshjelp. Søknaden må fremjast gjennom advokat eller organisasjon/rådgivingssenter, som må vere godkjente og ha eigne kontraktar med LSC. Når søknaden blir godkjent, får advokaten eller rådgivingskontoret utskrive eit rettshjelpssertifikat. Alle sertifikat er undergitt avgrensingar, ved at det for eksempel er tillate arbeid inntil ei viss kostnadsramme eller advokaten sitt arbeid er avgrensa til berre å gjelde for visse stadium i prosessen. Når dei fastsette grensene er nådde, kan dei ikkje overskridast utan godkjenning frå LSC.

Før LSC avgjer om det skal ytast rettshjelp i ei konkret sak, vil dei vanlegvis vurdere om det finst alternative finansieringsordningar for saka, som for eksempel såkalla «no win, no fee»-avtaler (avtaler om honorar på vilkår). Som hovudregel gjeld eit subsidiaritetsprinsipp også i forhold til rettshjelpsforsikringar og andre forsikringsordningar.

LSC driv òg ein nasjonal juridisk rådgivingstelefon og webside (Community Legal Advice Helpline). Innbyggjarane kan kontakte rådgivingstenesta pr. telefon for å be om råd, eller dei kan nytte rådgivingstenesta si heimeside for å finne ein advokat eller laste ned informasjonsbrosjyrar om alminnelege problem.

Det engelske systemet har ei relativt avansert ordning for å avgjere kva sakstypar som kan dekkjast. Nokre saksområde er prioriterte i rettshjelpslova (Access to Justice Act 1999). Dei prioriterte områda er saker som gjeld velferd for barn og saker som gjeld direkte trussel mot liv og fridom for den enkelte. Nokre sakstypar er unnatekne frå rettshjelpsordninga. Det er saker med utspring i forretningsdrift, om skade på eigedom, personskadeerstatning, injurie- og ærekrenkingssaker, grensetvistar, oppretting av testament og saker om stiftelsar og legat.

Ved avgjerda av om ein søknad skal innvilgast skjer òg ei konkret vurdering der fleire faktorar kan takast i betraktning. Saka må ha rimelege utsikter til å føre fram, kostnadene ved rettshjelpa blir målt opp mot nytten av å føre saka, kor viktig saka er, LSCs tilgjengelege midlar, andre tilgjengelege rettshjelpstilbod, handlingar hos søkjaren (for eksempel om det er søkjaren som har framprovosert saka) og den offentlege interesse saka har mv.

For å vurdere om dei økonomiske vilkåra for rettshjelp er oppfylte, reknar ein først ut søkjaren si bruttoinntekt. Denne må ikkje overstige £ 2435 pr. månad. Alle inntekter blir tekne med, bortsett frå enkelte offentlege ytingar. Det blir teke omsyn til om søkjaren har forsytaransvar for barn ved at bruttogrensa blir sett høgare for dei som har fem barn eller fleire. Etter å ha fastsett bruttoinntekta, blir søkjaren si disponible inntekt rekna ut. Kva som er disponibel inntekt blir avgjort etter frådrag for blant anna skatt, bidrag til tidlegare ektefelle, utgifter til pass av barn, bustadutgifter mv. Også søkjaren sin formue blir teken i betraktning. Alle aktiva blir tekne med i utrekninga, også verdifulle gjenstandar. Søkjaren må betale ein eigendel utrekna etter vedkommande sin økonomiske situasjon.

Dersom søkjaren har ei disponibel inntekt pr. månad på under £ 290 og dessutan ein disponibel formue på under £ 3000, kan vedkommande få rettshjelp utan eigendel. Søkjarar med månadleg disponibel inntekt mellom £ 290 og £ 672, eller ein disponibel formue mellom £ 3000 og £ 8000, kan innvilgast rettshjelp mot betaling av eigendel. LSC kan i enkelte tilfelle gi dispensasjon frå desse vilkåra.

Søkjaren kan bli ansvarleg for motparten sine sakskostnader og godtgjeringar til sakkunnige vitne og andre utlegg. Det er mogleg å teikne forsikring som dekkjer desse utgiftene.

Eit sentralt trekk ved den engelske ordninga er at søkjaren pliktar å betale tilbake alle eller delar av rettshjelpskostnadene dersom vedkommande vinn fram. Poenget er å setje den parten som mottek rettshjelp i same stilling som ein som betaler rettshjelpa sjølv. Ein part som vinn fram, pliktar å betale alle uteståande sakskostnader som ikkje blir dekte av motparten. Når saka er endeleg avgjort, skal LSC krevje tilbakebetaling frå søkjar så langt det er mogleg. LSC tek omsyn til eventuelle eigendelar betalt av søkjar, og eventuelle kostnader som er dekte av motparten.

Kostnadene til rettshjelpsordninga i England og Wales var til saman £ 1980 mill i 2006/2007.

Fotnotar

1.

Statistiska centralbyrån, www.scb.se.

Til forsida