St.meld. nr. 36 (2008-2009)

Det gode innkjøp

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative konsekvensar

11.1 Innleiing

Offentleg sektor gjorde innkjøp for ca. 272 milliardar i 2007. 1 At offentlege innkjøp vert gjennomførte på ein effektiv måte har derfor stor økonomisk innverknad. Lov om offentlige anskaffelser skal medverke til auka verdiskaping i samfunnet ved å sikre mest mogleg effektiv ressursbruk ved offentlege innkjøp. Målet med tiltaka i meldinga er å få meir profesjonelle offentlege innkjøp. Det vil føre til betre kvalitet, lågare prisar eller lågare ressursbruk i innkjøpsprosessen. Meir profesjonelle innkjøp vil føre til færre klager i KOFA og mindre kritikk frå Riksrevisjonen og kommunerevisjonen.

Regjeringa vil styrkje offentlege innkjøpsprosessar gjennom ei rekkje tiltak som skal heve kompetansen om offentlege innkjøp og bidra til meir formålstenleg organisering og forankring hos leiinga i offentlege verksemder. Meir aktiv bruk av ordninga med intern kontroll gir viktig informasjon til leiinga, og grunnlag for å setje i verk tiltak som kompetanseheving og forbetring av rutinar. Bruk av elektroniske løysingar i innkjøpsprosessen skal medverke til meir effektive offentlege innkjøp. Terskelverdiane er sett på eit nivå som skal gi god balanse mellom transaksjonskostnader forbundne med å følgje regelverket, og vinstar ved auka konkurranse. Regjeringa meiner tiltaka samla sett vil føre til meir profesjonelle offentlege innkjøp og betre ressursbruk.

11.2 Leiing, organisering og kompetanse om offentlege innkjøp

Regjeringa foreslår tiltak innanfor områda leiing, organisering og kompetanse om offentlege innkjøp. Det er vanskeleg å talfeste effekten av dei enkelte tiltaka. Når ein ser på den store økonomiske innverknaden offentlege innkjøp har, kan likevel sjølv marginale forbetringar ha stor økonomisk effekt. Riktig organisering, både internt og mellom offentlege verksemder kan gi betre utnytting av ressursane. Regjeringa vil, gjennom Difis arbeid, auke satsinga på deling av kompetanse og erfaring gjennom innkjøpsnettverk. Spørsmål om organisering av offentlege innkjøp heng nøye saman med kompetanse. Gjennom bevisst organisering av offentlege innkjøp i kvar enkelt verksemd, vil det verte tydelig kven som har behov for kompetanse om innkjøp i organisasjonen. Auka kompetanse kan føre til betre innkjøp og færre regelbrot, og i enkelte tilfelle lågare ressursbruk.

Standardisering og gjenbruk av dokument vil redusere ressursbruken ved offentlege innkjøp. Difis arbeid med å utarbeide dokumentmalar og sjekklister vil forenkle innkjøpsprosessen både for offentlege verksemder og leverandørar.

Meir profesjonelle innkjøpsprosessar vil gi betre etterleving av regelverket og styrkje konkurransen om offentlege innkjøp. Dette vil i si tid føre til lågare prisar, betre kvalitet, innovasjon mv. Ved å vere krevjande kundar er offentleg verksemder med på å styrkje næringslivets konkurranseevne. Auka konkurranse kan blant anna føre til lågare prisar. Ved ikkje å følgje regelverket sine prosedyrar og krav om konkurranse vil ikkje kontrakten bli tildelt den leverandøren som har det beste tilbodet i form av lågaste pris og best kvalitet. Det oppstår ein meirkostnad sett i forhold til om kontrakten vert tildelt etter ein open konkurranse.

Tiltaka som er omtalte i meldinga skal bidra til formålstenleg organisering og til å auke kompetansen om offentlege innkjøp, irekna kompetanse til å vurdere kva behov som skal dekkjast gjennom innkjøpet og korleis behovet best kan løysast. Dette vil redusere risikoen for feilinnkjøp som skuldast at innkjøparane ikkje klarer å definere sitt behov i tilstrekkeleg grad.

Tiltaka det er gjort framlegg om vil bli gjennomførte innanfor eksisterande budsjettrammer. Tiltaka for å styrkje kompetansen vil i stor grad gjerast gjennom arbeid i Difi. Direktoratet har oppretta ei eiga avdeling som arbeider med offentlege innkjøp. Avdelinga har 20 årsverk, der ca. 7 årsverk vert nytta til oppfølging av regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar. Tiltaka føreset likevel at kvar enkelt offentleg verksemd set av ressursar til å gjennomføre kompetansetiltak, etablere rutinar mv. Vidare utgreiingar det er gjort framlegg om, for eksempel om auka innkjøpssamarbeid mellom offentlege verksemder, skal gjennomførast i departementa og underliggjande etatar.

Det er foreslått vidare utgreiing om oppretting av universitets- eller høgskoletilbod. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om behov for løyvingar dersom det vert aktuelt å opprette eit nytt undervisningstilbod.

11.3 Bruk av elektroniske løysingar

Innføring av e-handel føreset ein gjennomgang av interne rutinar og fullmakter i organisasjonen. Verksemdene får dermed betre oversikt over innkjøpa. Det gir grunnlag for betre styring av innkjøp og styrkt forhandlingsgrunnlag ved nye avtaleinngåingar, og i sin tur lågare prisar eller betre kvalitet på innkjøpa. Bruk av elektroniske verktøy gir òg moglegheiter for meir gjenbruk av data, noko som gir effektiviseringsvinstar ved offentlege innkjøp. Ein viser til omtale av døme på innsparingar ved innføring av e-handel i kapittel 10. Ein viser òg til analysen som SSØ har gjennomført om bruk av elektroniske prosessar ved offentlege innkjøp. 2 For ei middels verksemd anslår SSØ årlege prosessvinstar på 2 800 000 kroner. I tillegg bereknar ein vinstar ved auka lojalitet til rammeavtalar og betre prisar til 300 000 kroner.

Analysen frå SSØ anslår at for ei middels stor verksemd ligg investeringskostnadene på ca. 3 millionar kroner fordelte på 2 – 3 år, av desse utgjer interne ressursar over halvparten. Årlege driftskostnader er berekna til 100 000 kroner.

Totalt for heile offentleg sektor bereknar ein nytten av elektroniske innkjøp (elektronisk faktura blir halden utanfor dette anslaget) til ca. 5,6 mil­liar­dar kroner og kostnadene til ca. 2 milliardar kroner.

Som det går fram av kapittel 9 om bruk av elektroniske løysingar, tek regjeringa sikte på at ny løysing for Ehandel.no vil redusere kostnadene for å komme i gang med e-handel. Men konkurransen om ny løysing er ikkje avslutta, derfor er det for tidleg å anslå moglege innsparingar ved ny løysing.

Tiltaket om jamlege målingar om bruk av elektroniske løysingar vil bli dekt innanfor departementet sine rammer.

Oppretting av eit leverandørregister vil truleg gi ytterlegare innsparingar ved innhenting og levering av dokument ved offentlege innkjøpsprosessar. Dei økonomiske og administrative konsekvensane ved etablering av eit slikt register vil bli vurderte i utgreiingane som Difi gjennomfører.

11.4 Terskelverdien for offentlege innkjøp

Nivået på nasjonal terskelverdi i regelverket om offentlege innkjøp har innverknad både på kostnadene innkjøparar har ved å følgje regelverket, leverandørar har ved å levere tilbod og for gevinstane gjennomføring av konkurransar etter regelverket gir. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har fått gjennomført ei utgreiing av nivået på terskelverdien.

Berekningane i rapporten til Asplan Viak anslår at innsparingane i transaksjonskostnadene og den negative konkurranseeffekten ved å heve terskelverdien frå 200 000 kroner til 500 000 kroner har vore av same omfang. Ei ytterlegare heving av terskelverdien for plikt til kunngjering, til for eksempel 800 000 kroner, vil i følgje rapporten gi negative konsekvensar for konkurransen som er større enn innsparingane i transaksjonskostnader. Sjå elles nærmare omtale av utgreiinga av terskelverdien i kapittel 10.

Terskelverdi er sett på eit nivå som skal gi god balanse mellom transaksjonskostnader forbundne med å følgje regelverket, og vinst ved auka konkurranse. Oppretthalding av dagens terskelverdi på 500 000 kroner vil derfor ikkje ha nye økonomiske eller administrative konsekvensar.

Fotnotar

1.

SSB: Offentlege innkjøp 2007.

2.

Samfunnsøkonomisk analyse av sentrale tiltak for å øke den offentlige bruken av elektroniske prosesser i innkjøps- og betalingsprosesser, Senter for statlig økonomistyring 15. november 2006. Estimerte verknader av elektroniske innkjøp for den enkelte verksemda er berekna i kapittel 3.2.2.

Til forsida