9 Bruk av elektroniske løysingar
9.1 Vinst ved bruk av elektroniske løysingar i innkjøpsprosessen
Regjeringa meiner auka bruk av elektroniske løysingar er viktig for å forbetre og effektivisere offentleg innkjøp. Bruk av elektroniske løysingar 1 kan redusere tidsbruken ved offentlege innkjøp, auke konkurransen og leggje til rette for innkjøp som er meir gjennomsiktige og lettare kan etterprøvast. Ved å bruke mindre tid og pengar på innkjøp frigjer ein ressursar som kan brukast til både fornying av offentleg sektor og meir velferd. Målet med å innføre elektroniske løysingar er å medverke til betre, enklare og sikrare innkjøp.
Ein viktig effekt av å ta i bruk e-handelsløysingar er at ein får sett fokus på innkjøp i verksemda og får eit verktøy til å forbetre styring og forenkle gjennomføring av offentlege innkjøp. Ein klar innkjøpsstrategi, tydelege ansvarsforhold og prinsipp for gjennomføringa av innkjøp aukar sjansane for verksemdene til å lukkast med innføring av e-handel. I ein slik gjennomgang bør verksemdene blant anna få fram oversikt over kva varer og tenester som vert kjøpte frå kva leverandørar, kostnader innanfor ulike vare- og tenestegrupper og kva avtaleforhold dei har med ulike leverandørar. Mange verksemder manglar denne oversikta, og innføring av elektronisk handel vil derfor vere med på å styrkje rutinane og kontrollen med innkjøpa.
Boks 9.1 Trondheim kommune
I fleire år har Trondheim kommune praktisert obligatorisk bruk av e-handel for kjøp på rammeavtalane. Katalogane ein bestiller frå, er å finne på det offentlege sin marknadsplass, Ehandel.no. Det var då den obligatoriske bruken vart sett i verk, at omsetninga via e-handel verkeleg tok seg opp. E-handel vart blant anna innført for å effektivisere innkjøpsprosessane, frigjere personell til primæroppgåvene, skape 100 prosent lojalitet til inngåtte rammeavtalar og skape gunstigare vilkår i leverandørmarknaden. Bruk av e-handel er eit verktøy for gjennomføring av kommunens innkjøpsstrategi.
No vert e-handel nytta av ca. 1 300 brukarar fordelte på 220 einingar i kommunen. Det er 36 leverandørar å handle med, og e-handelsomsetninga pr. år ligg no på ca. 270 millionar kroner. Det årlege ordretalet ligg på ca. 45 000.
Dei innkjøpsansvarlege har heile tida vore bevisste på å søkje forankring og engasjement i kommuneleiinga for bruk av e-handel spesielt og for innkjøpsverksemda generelt. Med visse mellomrom vert det rapportert til ulike leiingsfora. Også det politiske nivået har vore involvert. Styringssystemet for innkjøpsverksemda vart ISO-sertifisert 1. desember 2008.
Effektiviseringa som følgjer av elektronisk handel og auka lojalitet til inngåtte avtalar, gir kommunen ein styrkt forhandlingsposisjon. Det kjem til uttrykk når nye avtalar skal avløyse dei eksisterande. Prisene er reduserte med 20 – 30 prosent, og kostnadene knytte til handteringa av avtalane har gått ned med ca. 10 millionar kroner i året.
Ved bruk av e-handel kan ein oppnå vinst, blant anna gjennom ein bevisst innkjøpsstrategi og auka lojalitet til inngåtte avtalar og avtalevilkår. 2 I ei undersøking 3 av 19 offentlege verksemder, som sjølve meiner å ha god kontroll på sine innkjøp, viser enkelte eksempel at over 60 % av verksemdas innkjøp av rammeavtaleprodukt vart gjort hos andre leverandørar enn dei verksemda hadde avtale med. Bruk av e-handel gjer prosessen meir oversiktleg og gjennomsiktig, og aukar moglegheita for kontroll. Erfaringar frå blant anna Trondheim kommune viser at effektiviseringa som følgjer av e-handel og auka lojalitet til inngåtte avtalar, gir kommunen ein sterkare forhandlingsposisjon.
Boks 9.2 Helse Vest
I 2006 etablerte Helse Vest RHF eit prosjekt med eit tredelt mål:
prosessane knytte til bestilling skulle verte meir effektive
Verkemidlet for meir effektive bestillingsprosessar vart bruk av e-handel over den offentlege marknadsplassen, Ehandel.no. Målet var blant anna å få ned feilprosenten. Internasjonale undersøkingar frå private og offentlege sjukehus viste feil i kvar tredje bestilling. Helse Vest antok at dette òg var representativt for dei. Etter to år er feilprosentdelen knytt til bestilling monaleg redusert.
prisane på produkta skulle ein prøve å frå redusert
Gjennom større grad av lojalitet til inngåtte avtalar ved bruk av e-handel, sette Helse Vest seg som mål å få ned prisnivået på dei produkta dei kjøpte inn. Bruk av e-handel førte òg til meir effektiv ordrehandtering hos leverandøren. Helse Vest opplever at fleire og fleire leverandørar reduserer prisane sine som ei direkte følgje av at elektronisk handel er teke i bruk. Prisreduksjonen varierer frå mellom 2 og 7 %.
prosessvinst skulle hentast ved i gjennomsnitt å bruke fem minuttar mindre pr. bestilling.
I tillegg til tidsbruk omfattar målet òg lojalitetsgrad til inngåtte avtalar. Målet var 90 prosent av det samla volumet over e-handel. At Helse Vest ikkje sette 100 prosent skuldast at det er enkelte kjøp som ikkje kan gjerast elektronisk. Dei har førebels nådd opp i 80 prosent. Resultatet er mogleg å måle ved at alle varelinjer i katalogane er knytte til eit aktivt kontraktnummer.
For å lukkast med prosjektet er det lagt stor vekt på forankring i den øvste leiinga for det regionale helseføretaket. Det vert jamleg rapportert til dei styrande organa, og temaet er på dagsordenen i styret i det regionale helseføretaket minst ein gong pr. halvår.
Bruk av elektroniske løysingar fører òg til vinstar i form av redusert ressursbruk ved fakturahandtering, blant anna gjennom auka gjenbruk av data og færre feil. Denne vinsten vil auke med graden av integrasjon mellom system for ordrehandtering, fakturahandtering og økonomistyring. Når varer og tenester vert tinga elektronisk gjennom oppdragsgivarens eigne løysingar, flyttar ein fokuset for godkjenningsprosessen frå etterhandskontroll av faktura til førehandskontroll av bestilling og attestasjon ved levering av dei tinga produkta. Ved slik førehandskontroll reduserer ein tidsbruk og kostnader knytte til fakturahandtering ved at mottekne fakturaer kan godkjennast automatisk.
Boks 9.3 Bruk av e-handel i Bærum kommune
«Det er ikke bare det at prosessen kan gjøres med øket fleksibilitet, men elektronisk handel åpner også opp for å øke kvaliteten i innkjøpsarbeidet. Istedenfor å måtte gjøre alle bestillinger mens det var folk som kunne ta telefonen hos leverandøren og når arbeidsbelastningen kanskje er størst, kan ansatte nå foreta sine bestillinger i stille perioder. På denne måten får de brukt tiden bedre til tjenesteytelse som jo er primæroppgaven.
Innkjøpene blir også kvalitativt bedre ved at de får mer tid til å sikre at det rette behovet vert dekket. Elektronisk handel oppleves som effektivt. Som husøkonomen på et av våre bo- og behandlingssentre sier: «Ved bruk av maler reduseres tiden jeg bruker på søk blant 1000-vis av varer og priser. I tillegg blir jeg tryggere på at jeg kjøper rammeavtaleprodukt til rett pris».
Kjelde: Knut Arve Orten Lie, Avdelingssjef Innkjøpsavdelinga i Bærum kommune, 12. januar 2009
9.2 Status og vidare arbeid
Vinsten ved bruk av elektroniske løysingar vert størst i dei tilfelle der heile eller delar av informasjonen kan gjenbrukast i fleire ledd av innkjøpsprosessen. Denne kan delast i tre hovuddelar:
Konkurransegjennomføring: Alle aktivitetane fram til leverandør, produktsortiment og avtalevilkår vert avtalte.
Ordrehandtering: Alle aktivitetar knytte til å bestille varer og tenester frå leverandør til denne leverandøren har gjennomført leveransen i samsvar med kontrakt.
Faktura og betaling: Alle aktivitetar knytte til handtering av faktura og betaling for mottekne varer og tenester.
Regjeringa vil sikre eit breitt tilbod for elektroniske løysingar som dekkjer alle dei tre fasane. Difi skal vere ein pådrivar for å auke bruken av elektronisk handel. Dei inngår rammeavtalar som gjer det enklare å bruke elektroniske løysingar og dei gir rettleiing til offentlege verksemder. Noreg var tidleg ute med tilrettelegging for elektronisk kunngjering av konkurransar om offentlege innkjøp (Doffin) og elektroniske ordrehandtering (Ehandel.no). Frå slutten av 2006 er Ehandel.no utvida til å dekkje fakturahandtering og frå 2008 omfattar tenestetilbodet også verktøy for elektronisk gjennomføring av offentlege anbodskonkurransar.
Elektronisk konkurransegjennomføring
Alle kunngjeringar som skal offentleggjerast etter reglane om offentlege innkjøp, skal kunngjerast på Doffin, og eventuelt vidaresendast frå Doffin til den europeiske kunngjeringsdatabasen TED. Avtalen om drift og utvikling av Doffin vert forvalta av Difi.
Alle kunngjeringar i Doffin skjer elektronisk. Gjennom tenestetilbodet i Doffin kan oppdragsgivarar leggje ved konkurransegrunnlaget og lage profilar som gjer det mogleg å gjenbruke informasjon frå tidlegare konkurransar. Fordi oversending av kunngjeringar frå Doffin til TED skjer elektronisk, har Noreg kunna redusere EØS-tidsfristane i regelverket for innlevering av tilbod med sju dagar.
I europeisk samanheng er den norske løysinga med elektronisk kunngjering i Doffin rangert høgt. I ei undersøking 4 Kommisjonen har gjennomført er Noreg rangert i høgaste kategori i ei vurdering av elektronisk system, funksjonalitet og effektiv bruk av systemet.
Ved at alle kunngjeringar skjer gjennom éin sentral database er det enkelt for dei offentlege verksemdene å kunngjere. Det er òg lett for næringslivet å få oversikt over konkurransane offentlege verksemder lyser ut i Doffin.
Ei effektiv og brukarvennleg kunngjeringsløysing er viktig for å sikre god konkurranse og gjennomsiktig framgangsmåte i innkjøpsprosessen. Regjeringa er oppteken av å halde fram med vidareutviklinga av tenestetilbodet i Doffin. Særleg vil det verte lagt vekt på å auke prosentdelen kunngjeringar av konkurransar under nasjonal terskelverdi. I tillegg vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet be Difi gjennomgå kunngjeringsskjemaa med tanke på forenkling og ytterlegare rettleiing til brukarane av Doffin.
For å gjere det enklare å gjennomføre konkurransar elektronisk, har Fornyings- og administrasjonsdepartementet og KS inngått ein rammeavtale om elektronisk konkurransegjennomføringsverktøy (KGV). Rammeavtalen kan nyttast av ei rekkje offentlege verksemder. Tenestetilbodet er ein del av Ehandel.no, og verktøyet kan brukast både til papirlaus innhenting av tilbod ved mindre innkjøp, og til fullelektronisk gjennomføring av større innkjøp. Verktøyet opnar blant anna for elektronisk innlevering av tilbod, enkel handtering av elektroniske signaturar og gjennomføring av elektroniske auksjonar.
Boks 9.4 Innkjøpssamarbeid og frivillig kunngjering
Bodø kommune er vertskommune for ei innkjøpsordning som kommunane Fauske, Saltdal Sørfold, Beiarn, Hamarøy, Gildeskål og Meløy er vorte einige om drive dei neste ti åra. Totalt kjøper kommunane for ca. 1 milliard kroner, ein stor del av dette er innkjøp under 500 000 kroner. Innkjøpssamarbeidet har etablert ein elektronisk leverandørdatabase der alle kommunane legg ut informasjon om konkurransar under den nasjonale terskelverdien på 500 000 kroner.
Dette betyr at alle næringsverksemder i området kan registrere seg i forhold til kategori, og automatisk få informasjon om anbodskonkurransar som vert gjennomførte i regionen. Ordninga kan bidra til auka konkurranse om innkjøp under nasjonal terskelverdi, og til å stimulere det lokale næringslivet til utvikling. Alle får lik sjanse til å konkurrere på tvers av kommunegrensene.
Den elektroniske leverandørdatabasen er viktig for at næringslivet skal kunne konkurrere om desse oppdraga.
I april 2009 hadde 75 offentlege verksemder teke i bruk rammeavtalen for elektronisk konkurransegjennomføring. Erfaringane med bruken av konkurransegjennomføringsverktøyet så langt er at det medverkar til at innkjøpssprosessane vert meir gjennomsiktige og lettare å etterprøve. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil gjennom Difi intensivere informasjons- og rettleiingsarbeid for å auke bruken vesentleg.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har òg gitt Difi i oppdrag å utgreie og foreslå ordning for oppretting av eit fellesregister for leverandørinformasjon. Gjenbruk av informasjon og dokumentasjon som er samla éin stad, vil bidra til redusert administrasjon og tidsbruk knytt til reglane om innlevering av pliktige opplysningar, som kontroll av skatteattestar, HMS-attestar, miljøsertifiseringar, tryggleikssertifiseringar mv. Opprettinga av eit slikt register vil forenkle prosessen med innhenting av informasjon i samband med levering av tilbod til offentleg sektor.
Elektronisk ordrehandtering
Ehandel.no er eit viktig verkemiddel for å auke bruken av elektronisk handel i offentleg sektor. E-handelsplattforma er eit tenestetilbod for etablering og vedlikehald av elektroniske produktkatalogar, formidling av elektroniske handelsmeldingar mellom kjøparar og seljarar, integrasjon med interne systemløysingar hos oppdragsgivarar og leverandørar, og tilhøyrande støttetenester.
Omfanget av elektronisk ordrehandtering på Ehandel.no har vore aukande sidan etableringa av tenestetilbodet i 2002, og vart i 2008 på ca. 2,2 milliardar kroner. Veksten i 2008 var på ca. 15 prosent. Tenestetilbod på Ehandel.no er i kontinuerleg utvikling. Difi gjennomfører våren 2009 konkurranse for å få på plass ny e-handelsplattform. Ein viktig del av konkurransen er å finne løysingar som gjer det enklare for både oppdragsgivarar og leverandørar å bruke e-handel. Målet er at ei slik løysing skal gi oppdragsgivarar tilgang til ein enkel nettbutikk for bestillingar ved mindre innkjøp. Ein tek òg sikte på å etablere forretningsmodellar som gir oppdragsgivarar og leverandørar lågare kostnader for å komme i gang enn ved dagens løysing. Gjennom forenklingar i løysinga og forbetra rettleiing skal det bli enklare òg for mindre verksemder å bruke Ehandel.no.
Løysingane på Ehandel.no er eit viktig verkemiddel for å auke bruken av e-handel i offentleg sektor, men verksemdene kan òg ha eigne løysingar som medverkar til å oppfylle regjeringas mål om betre og meir effektive innkjøpsprosessar. Regjeringa har ikkje tilstrekkeleg informasjon om bruken av andre løysingar enn tilbodet på ehandel.no og vil sørgje for betre måling av det totale omfanget av e-handelsløysingar som vert nytta mellom næringslivet og offentlege verksemder.
Elektronisk fakturahandtering
Det vert kvart år sendt svært mange fakturaer frå privat sektor til staten, og frå staten til privatpersonar. SSØ gjennomførte i november 2007 ei kartlegging av organiseringa av fakturabehandlinga i statlege verksemder, som blant anna viste følgjande:
Talet på inngåande fakturaer i statlege verksemder er om lag 3,2 millionar årleg
63 prosent av verksemdene nyttar eit elektronisk fakturabehandlingssystem
Av dei som nyttar elektroniske fakturabehandlingssystem, svarer ti prosent at det vil skje ein overgang til elektronisk faktura (skanning ikkje medrekna) i 2008
78 prosent av verksemdene svarte at dei har planar om overgang til elektronisk faktura (skanning ikkje medrekna).
SSØ handterer ca. 25 % av det totale volumet av dette, og SSØ saman med DSS dekkjer omlag 30 %. For statlege verksemder med under 100 tilsette er prosentdelen som bruker SSØ eller DSS på mellom 90 og 100, høgast for dei mellom 20 og 49 tilsette.
Det er gjennomført ein samfunnsøkonomisk analyse som viser ein noverdi av ei slik reform på 1,1 mrd kr i eit 10-årig perspektiv for dei statlege verksemdene. For leverandørane viser analysen ein positiv noverdi berekna til om lag 178 mill. kr i eit 10-årig perspektiv. Vidare viser analysen at ein vil kunne oppnå vesentlege ikkje-verdsette nytteverknader både i staten og i næringslivet.
Vinsten ville bli vesentleg høgare, dersom det vart ei felles løysing for e-faktura for heile offentleg sektor.
Regjeringa nedsette våren 2007 ei arbeidsgruppe som har utgreidd innføring av elektronisk faktura (e-faktura) i staten.
Arbeidsgruppa foreslo følgjande hovudstrategi for innfasing av obligatorisk e-faktura i staten, med utgangspunkt i at «staten» er definert som alle verksemder som er del av staten som juridisk person med helseføretaka i tillegg:
Innan 1. juli 2010 skal staten vere i stand til å motta elektronisk faktura på fastsett standardformat.
Innan 1. juli 2012 skal alle løysingar for skanning av papirfaktura vere fasa ut i staten.
Innan 1. juli 2012 skal alle verksemder sende elektronisk faktura til staten på fastsett standardformat.
Elektronisk faktura som vert handtert i staten skal baserast på ein felles, obligatorisk standard.
For å gjennomføre strategien, tilrådde arbeidsgruppa at det vert gjennomført følgjande tiltak:
Fastsetjing av obligatorisk offentleg standard for e-faktura basert på den opnestandarden (NESUBL). Ifølgje arbeidsgruppa hastar dette punktet mest.
Endring i økonomireglementet for staten med tilhøyrande spesifikasjonar, som vil medføre pålegg om å kunne motta e-faktura i alle statlege verksemder omfatta av reglementet innan gitt frist.
Styreinstruks til dei Regionale Helseføretaka (RHF) som gir pålegg om å kunne motta e-faktura på alle sjukehus i landet.
Ein eigen særlov om elektronisk faktura som vil påleggje bedrifter å sende e-faktura påfastsett format til statlege oppdragsgivarar.
Rapporten frå arbeidsgruppa, den såkalla «AGFA-rapporten», vart send på ei brei høyring av Fornyings- og administrasjonsdepartementet sommaren 2008, med svarfrist i slutten av september. Det kom inn 84 til dels omfattande høyringssvar frå næringslivet, næringslivets organisasjonar og offentlege verksemder.
Det er brei tilslutning til dei fleste av forslaga i rapporten, men det synest klart at dei føreslåtte tidsfristane ikkje let seg realisere. Vidare trengst det ei nærmare utgreiing av regelverksforankring av eventuelt pålegg til næringslivet, og kva økonomiske konsekvensar eit slikt pålegg vil ha for verksemdene. Eit stort fleirtal av høyringsinstansane, inkludert dei kommunane og fylkeskommunar som har uttalt seg, meiner at ordninga må gjelde heile offentleg sektor.
Regjeringa ser innføring av elektronisk faktura som eit godt og konkret fornyingstiltak med store samfunnsøkonomiske fordelar. På bakgrunn av dei omfattande og positive høyringsfråsegnene har ein eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet, og ønskjer å komme i gang med arbeidet snarast mogleg.
Regjeringa vil innføre eit felles standardformat for elektronisk faktura og ønskjer at ein skal ta i bruk elektronisk faktura i heile offentleg sektor. Når det gjeld kva slags fakturaer som skal omfattast, går regjeringa inn for å ta med alle typar faktura og betalingskrav, ikkje berre mva-pliktige fakturaer som foreslått i AGFA-rapporten. Det må vurderast nærmare korleis pålegg til næringslivet om bruk av elektronisk faktura skal forankrast. Rapporten foreslo ein eigen særlov, og det skal i løpet av 2009 avklarast i ei eiga utgreiing om dette er den best eigna reguleringsforma.
Regjeringa går inn for å etablere ein web-portal for bruk av verksemder som enno ikkje har ei elektronisk løysing. I motsetning til forslaget i AGFA-rapporten om å avgrense denne til eit lite utval verksemder, går ein inn for at denne kan nyttast av dei som har behov for det. Web-portalen skal vere tilpassa krav om universell utforming.
Framdriftsplan for arbeidet er:
Avgjerd gjennom økonomiregelverket som pålegg statlege verksemder å vere i stand til å ta imot elektronisk faktura på fastsett standardformat (NESUBL) innan 1. juli 2011.
Gjennom forskriftsregulering tek regjeringa sikte på å påleggje norske kommunar og fylkeskommunar å bruke same standardformat som staten innan 1. juli 2012.
I ei eiga utgreiing i løpet av 2009 komme fram til innhald i og forankring av pålegget til næringslivet. Dette skal skje i dialog med næringslivet sine organisasjonar. Dette bør skje frå 1. juli 2012, men endeleg tidspunkt skal vurderast gjennom utgreiinga om regelverksforankring.
Etablere ein eigen webfaktura-portal for verksemder som ikkje har etablert eigne løysingar for dette i god tid før eit eventuelt pålegg.
Kravet om å sende fakturaer elektronisk skal gjelde for betalingskrav generelt. Nærmare vurdering av eventuelle unntak frå dette skal gjerast i samband med utgreiinga om regelverksforankring.
Framleis auka bruk av elektroniske løysingar
Mykje har skjedd dei siste åra, og Noreg ligg langt framme på mange felt når det gjeld e-handel, og særleg i forhold til elektronisk kunngjering og ordrehandtering. At EU-kommisjonen har gitt Noreg i oppdrag å leie eit prosjekt som skal forenkle innkjøp på tvers av landegrensene, viser òg dette. Sjå nærmare omtale i boks nr. 9.5. Regjeringa har høge ambisjonar om å auke bruken av elektronisk løysingar i innkjøpsprosessen. Gjennom etableringa av Difi integrerer ein no arbeidet med e-handel i det heilskaplege arbeidet med å heve kompetansen om offentlege innkjøp. Dette vil òg styrkje Difis rolle som pådrivar for å auke bruken av e-handel i offentleg sektor. Regjeringa legg òg stor vekt på kontinuerleg forbetring av tenestetilbodet på Doffin og marknadsplassen Ehandel.no. Vidare vil arbeidet i PEPPOL-prosjektet kunne gi grunnlag for å forbetre norske e-handelsløysingar.
For å betre kunne følgje utviklinga i bruken av elektroniske løysingar, vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet òg gjennomføre jamlege målingar av e-handel i offentleg sektor som omfattar dei tre fasane som nemnt ovanfor. Målet er blant anna å få oversikt over kva e-handelsløysingar offentlege verksemder eventuelt bruker, og eventuelle hindringar for auka bruk.
Boks 9.5 PEPPOL
PEPPOL (Pan-European Public Procurement Online) er eit stort europeisk pilotprosjekt med 14 konsortiedeltakarar frå åtte land. Prosjektet har eit budsjett på 19,6 millionar EURO, finansiert 50 % av EU og 50 % av deltakarane sjølve. Noreg, ved Difi, har koordineringsansvaret på vegner av konsortiet overfor Kommisjonen. Prosjektet starta opp 1. mai 2008 og vert avslutta i 2011.
Målet med prosjektet er å gjere det like enkelt for leverandørar å levere tilbod og drive handel med offentlege oppdragsgivarar i andre EU-land, som det er i leverandørens eige heimland. Dette skal gjerast ved at leverandørane kan bruke sin nasjonale elektroniske signatur, ved gjenbruk av firmainformasjon og attestar for enkelt å kunne kvalifisere seg i konkurransar, nytte standardiserte produktbeskrivingar i form av elektroniske katalogar, og høve til å motta ordre og sende faktura elektronisk på tvers av landegrensene. Formålet er ikkje å lage eit nytt europeisk system, men å knyte saman dei nasjonale systema i medlemslanda slik at informasjon kan flyte på tvers av landegrensene.
Dei norske interessene knytte til deltaking i PEPPOL-prosjektet, er å medverke til at det vert etablert robuste løysingar for elektronisk handel som stimulerer til auka konkurranse om norske offentlege innkjøp og som aukar norske leverandørars konkurranseevne på ein europeisk marknad. Vidare skal det gjennom prosjektdeltakinga sikrast at den norske satsinga på offentleg elektronisk handel er i samsvar med tilsvarande satsing i EU. Norske erfaringar og interesser skal òg varetakast i EUs satsing på e-handel. Prosjektet skal dessutan bidra til at det vert laga standardar for elektronisk handel som er tilpassa offentleg sektor sine behov. PEPPOL-prosjektet er òg ein viktig arena for læring og nettverksbygging med dei beste offentlege innkjøpsorganisasjonane og e-handelsbrukarane i Europa, som òg kan gi grunnlag for å forbetre norske e-handelsløysingar.
Regjeringas tiltak
Tiltak: 9.1Regjeringa vil vidareutvikle tenestetilbodet på Ehandel.nofor å medverke til auka bruk av elektroniske løysingar i innkjøpsprosessen.
Tiltak 9.2 Regjeringa vil vidareutvikle Doffin for å forenkle kunngjeringsskjemaa og for å auke prosentdelen av kunngjeringar under nasjonal terskelverdi.
Tiltak 9.3: Regjeringa vil foreslå løysing for oppretting av leverandørregisterfor å forenkle innkjøpsprosessen for leverandørar og oppdragsgivarar.
Tiltak 9.4: Regjeringa vil styrkje datagrunnlaget om bruk av elektroniske verktøy i innkjøpsprosessen og vil gjennomføre jamlege målingar i offentleg sektorfor å få betre grunnlag for å følgje opp arbeidet med e-handel i offentleg sektor.
Tiltak 9.5: Regjeringa vil arbeide for å redusere hindringar for e-handel over landegrensene gjennom Difis arbeid i PEPPOL-prosjektet.
Tiltak 9.6: Regjeringa vil innføre eit felles standardformat for elektronisk faktura og ønskjer at elektronisk faktura skal takast i bruk i heile offentleg sektor.
Fotnotar
Omgrepet «elektroniske løysingar» i offentlege innkjøp vert her nytta som eit samleomgrep på ulik programvare for gjennomføring av elektroniske forretningsprosessar mellom oppdragsgivarar og leverandørar (elektronisk handel/e-handel). Løysingar for elektronisk handel (e-handelsløysingar) vil typisk understøtte elektronisk konkurransegjennomføring, elektronisk ordrehandtering og/eller elektronisk fakturahandtering.
Jf. «Samfunnsøkonomisk analyse av sentrale tiltak for å øke den offentlige bruken av elektroniske prosesser i innkjøps- og betalingsprosesser» frå Senter for statleg økonomistyring (SSØ) 2006, der SSØ i kapittel 3.2 bereknar vinstar for den enkelte verksemda ved innføring av ehandel.
«Markedsplassen ehandel.no – Erfaringer fra etableringsprosjektet», januar 2003. www.ehandel.no/data/file/file_136.pdf
Electronic Transmission of Procurement Notice for publication – Final Report Volume III July 2007.