St.meld. nr. 36 (2008-2009)

Det gode innkjøp

Til innhaldsliste

8 Kompetanse

8.1 Behov for kompetanse om offentlege innkjøp

Tilstrekkeleg kompetanse er ein føresetnad for å gjere gode og riktige offentlege innkjøp. Verksemda må ha tilstrekkeleg bestillarkompetanse for å kunne definere kva ein treng og for å vurdere kva for innkjøpsmetode som er mest formålstenleg. Vidare er det nødvendig med kunnskap om innkjøpsfaget, leverandørmarknaden og regelverket om offentlege innkjøp.

Behovet for kompetanse heng nøye saman med organisering av innkjøpsverksemda. Er ansvaret for innkjøp desentralisert i organisasjonen, kan det vere behov for kompetanse hos mange personar i verksemda. I rapporten frå kartlegginga av brot på regelverk vert dette poengtert: « manglende ressurser kombinert med desentralisert innkjøpsfunksjon byr på store utfordringer». Undersøkinga som Difi har gjennomført blant 13 statlege etatar tyder òg på at det er ei utfordring å ha oversikt over kven som har kompetanse nå det er mange personar som arbeider med innkjøp.

Det vil òg vere ulike behov for dei forskjellige innkjøpsfunksjonane i verksemda. Behovet hos personar som berre gjennomfører bestillingar under inngåtte rammeavtalar, er eit anna enn hos personar som gjennomfører heile konkurransar og inngår kontraktar med leverandørar. Leiarar vil ha behov for meir overordna kompetanse om organisering av innkjøpsverksemda, kontroll mv.

Kartlegginga av brot på regelverket peiker på manglande kompetanse som ei av årsakene til regelbrot, jf. kapittel 4.5. Det er særleg kunnskap om regelverket som vert framheva. Samtidig peiker rapporten på at fleire meiner at regelverkskompetanse er overfokusert på kostnad av innkjøps­faget. Arbeidsgruppa som har arbeidt med organisering av offentleg innkjøp meiner mange offentlege verk­semder har svak innkjøpsfagleg kompetanse.

8.2 Eksisterande kompetansetilbod om offentlege innkjøp

Det eksisterer allereie eit visst rettleiings- og kurstilbod om offentlege innkjøp i offentleg regi. I tillegg finst fleire private tilbod for kurs og rådgiving om offentlege innkjøp. Det er likevel enkelte område der private aktørar har få insitament til å utvikle tilbod. Dette gjeld for eksempel gjenbruk av og spreiing av kompetanse og erfaringar, utarbei­ding av malar og liknande, som det er samfunns­økonomisk lønnsamt å utnytte på ein betre måte. Blant rettleiingstilbod i offentleg regi vil regjeringa særleg peike på opprettinga av Difi.

Difi

Regjeringa oppretta Difi 1. januar 2008. Ei viktig oppgåve for direktoratet er å leggje til rette for samfunnsnyttige, kostnadseffektive og kvalitetsretta innkjøp. Difi har tre hovudoppgåver på innkjøpsområdet:

  • Bidra til kompetanseheving og informasjonsspreiing om offentlege innkjøp.

  • Bidra til auka bruk av elektroniske verktøy ved offentlege innkjøp.

  • Oppfølging av regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar på oppdrag frå Miljøverndepartementet.

Gjennom etableringa av direktoratet har regjeringa styrkt rettleiingstilbodet om offentlege innkjøp vesentleg. Difi arbeider blant anna med etablering og vidareutvikling av innkjøpsnettverk, og skal leggje til rette for erfarings- og kunnskaps­deling om offentlege innkjøp. Dei skal òg arbeide med utvikling av malar, sjekklister og anna rettleiingsmateriell som kan forbetre innkjøpsprosessen. Gjennom styrking av det nettbaserte informasjons- og kommunikasjonstilbodet om offentlege innkjøp skal Difi spreie informasjon og nyttige hjelpemidel til offentlege verksemder.

DepKjøp

Servicesenteret for departementa (DSS) skal yte departementa tenester innanfor offentlege innkjøp, blant anna ved å inngå fellesavtalar på område der det er rasjonelt, effektivt og formålstenleg.

DepKjøp gir råd og rettleiing om offentlege innkjøp og tilbyr opplæring til departementa. Dette inneber både rett forståing og bruk av regelverket og innkjøpsfagleg assistanse ved konkrete innkjøp. Vidare inngår DepKjøp fellesavtalar for departementa innanfor ei rekkje område, blant anna for returpapir, flyttetenester, kontor- og datarekvisita, kopipapir og ulike reiseavtalar.

Kommunesektoren

I kommunesektoren er KS Innkjøpsforum og KS Advokatene sentrale i arbeidet med å styrkje kompetansen om offentlege innkjøp. KS har sett i gang eit sertifiseringskurs for offentlege innkjøparar. Gjennom dette kurset skal offentlege innkjøparar verte kjende med lovverket, få eit innkjøpsfagleg grunnlag og hjelpemiddel til å ivareta offentlege innkjøp på best mogleg måte. I kurset vil KS ta utgangspunkt i fasane når ein planlegg innkjøp, gjennomføringsprosessen og oppfølging av innkjøp. KS ønskjer òg å stimulere til samarbeid på innkjøpsområdet.

Andre tiltak

Gjennom ansvaret for forvaltning av regelverket om offentlege innkjøp har Fornyings- og administrasjonsdepartementet ansvar for tolking av reglane. Departementet har utgitt ein omfattande rettleiar til regelverket, og publiserer i tillegg fortolkingsfråsegner til regelverket. Vidare er publiseringa av KOFAs avgjerder viktig for å spreie kunnskap om korleis reglane skal tolkast.

For å forenkle og standardisere anbodsprosessen både for offentlege oppdragsgivarar og leverandørar, har NHO fått utvikla konkurransemalar og brukarrettleiing til desse. Utviklingsarbeidet har vorte gjennomført i samarbeid med oppdragsgivarar og leverandørar, og resultatet er vorte sju konkurransemalar til bruk ved offentlege innkjøp. NHO har òg sett i gang eit arbeid for å utarbeide verktøy for oppdragsgivarar til planleggingsfasen av offentlege innkjøp, og verktøy for å utarbeide og evaluere kriteria for tildeling av kontraktar.

8.3 Styrking av kompetansen om offentlege innkjøp

Offentlege innkjøp representerer store økonomiske verdiar. Det er ikkje uvanleg at over halvparten av bruttobudsjettet til verksemdene vert brukt til innkjøp. At offentlege innkjøp vert gjennomførte på ein profesjonell og effektiv måte har derfor mykje å seie for økonomien i verksemdene, kvaliteten på tenestene dei leverer, og for fornyinga av offentleg sektor. Regjeringa understrekar òg at det er viktig å ha profesjonelle innkjøpsorganisasjonar for å førebyggje misferd og korrupsjon ved offentlege innkjøp.

Regjeringa meiner høg kompetanse er svært viktig for å få gode varer og tenester til riktig pris, og for å skjerpe etterlevinga av regelverket om offentlege innkjøp. Kompetansetiltak må likevel verke saman med andre tiltak for å få formålstenleg organisering og styring av innkjøp, sjå nærmare omtale tidlegare i meldinga. Regjeringa har allereie styrkt rettleiingstilbodet gjennom opprettinga av Difi. På bakgrunn av dei mange brota på regelverket og manglande fokus på innkjøpsarbeidet legg regjeringa likevel vekt på å vidareutvikle kompetansetilbodet.

For å skjerpe etterlevinga av regelverket om offentlege innkjøp må offentlege verksemder ha god kunnskap om regelverket. Her finst allereie eit omfattande opplæringstilbod både i privat og offentleg regi. Det kan verke som om mindre verksemder særleg har utfordringar knytte til kompetanse. Regjeringa ser at det kan vere behov for å spisse enkelte rettleiingstiltak mot dei mindre verksemdene som har liten eller ingen kunnskap om regelverket, og vil derfor be Difi utarbeide rettleiingsmateriell for denne målgruppa.

Regjeringa meiner òg at Difis arbeid med å styrkje innkjøpsnettverk vil vere eit godt tiltak for å styrkje og dele kompetanse for desse verksemdene. At utvikling av innkjøpsnettverk er eit tenleg tiltak for å styrkje kompetansen, går òg fram av rapporten frå kartlegginga av brot på regelverket, der

«Intervjuobjektene gir temmelig entydig uttrykk for at slike nettverk bidrar svært positivt i anskaffelsesarbeidet på alle måter. Det må antas at dette forebygger regelverksbrudd.»

Kompetansetiltak knytte til regelverket vil framleis vere ein viktig del av rettleiingstilbodet, men regjeringa meiner at det først og fremst er dei andre delane av tilbodet som bør styrkjast. Regjeringa har merkt seg arbeidsgruppas vurdering om at kompetansen om innkjøpsfaget er for svak. Regjeringa meiner òg at leiarar i innkjøpsverksemder må ha grunnleggjande kompetanse om offentlege innkjøp, og at tilbodet må tilpassast dei ulike målgruppene i offentleg sektor. Det er òg behov for meir kunnskap om tenleg organisering og styring av offentlege innkjøp. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil gi Difi i oppdrag å vidareutvikle rettleiingstilbodet ved å:

  • Hjelpe leiarar i å organisere og styre innkjøpsområdet på ein god og formålstenleg måte. Aktuelle tiltak vil vere å sjå nærmare på etablering av metodeverktøy/beste praksis både når det gjeld innkjøpsstrategiar, organiseringsval, styring, kontroll og oppfølging av innkjøpsverksemda.

  • Auke satsinga på deling av kompetanse, erfaring og verktøy gjennom nettverk, blant anna ved å etablere ein innkjøpsportal som ein kunn­skapsstad for verksemdsleiarar og innkjøparar.

  • Medverke til at offentlege verksemder har dyktige og kvalifiserte medarbeidarar i innkjøpsarbeidet, ved å utvikle tilbod om kurs eller sertifiseringsordningar tilpassa ulike innkjøpsoppgåver og nivå.

  • Medverke til at offentlege verksemder gjennomfører innkjøpa sine på ein ryddig, korrekt og samfunnstenleg måte, gjennom å gi rettleiing, malar og best praksis som kan nyttast i innkjøpsprosessane.

Utover tiltaka som er skisserte over, meiner regjeringa at det kan vere nødvendig med grundigare opplæringstilbod til enkelte innkjøpsverksemder. Regjeringa meiner det kan vere grunn til å undersøkje nærmare om utdanningstilbodet om offentlege innkjøp bør styrkjast. Regjeringa vil derfor, i samarbeid med utdanningsinstitusjonane, greie ut behovet for styrking av tilbodet.

Regjeringas tiltak

Tiltak 8.1. Regjeringa vil vidareutvikle Difis kompetanse- og rettleiingstilbod,særleg med sikte på å styrkje den innkjøpsfaglege kompetansen og kompetanse om organisering og styring av offentlege innkjøp. Det skal blant anna etablerast ein innkjøpsportal for auka deling av kompetanse, erfaring og verktøy.

Tiltak 8.2 Regjeringa vil gi Difi i oppdrag å utarbeide rettleiingsom gir ei kort innføring i regelverket.

Tiltak 8.3. Regjeringa vil utgreie behovet for styrking av studietilbod på universitets- eller høgskolenivå om offentlege innkjøp.

8.4 Støttefunksjon for samfunnsansvar ved offentlege innkjøp

I handlingsplanen «Miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser» gjer regjeringa det klart at det offentlege bør stille krav til sine leverandørar om overhalding av grunnleggjande etiske kriterium. Målet er å unngå at innkjøp er baserte på barne- eller tvangsarbeid, brot på arbeidsmiljølovgivinga i produsentlandet, eller på FNs menneskerettserklæring, FNs barnekonvensjon eller ILOs åtte kjernekonvensjonar. Regjeringa vil at denne typen krav, i den grad det er praktisk mogleg, vert gjort gjeldande for heile produksjonskjeda. Sjå nærmare omtale i kapittel 3.2.

Regjeringa har følgt opp handlingsplanen gjennom utarbeiding av ein rettleiar i korleis ein i praksis kan utforme og følgje opp etiske krav. Ei hovudoppgåve frå 2009 vil vere å gjere rettleiaren kjend og bidra til at den vert teken i bruk i statlege og kommunale verksemder. Frå 2009 skal det òg vere tilbod om kurs og opplæring om etiske krav ved offentlege innkjøp. For å følgje opp arbeidet med å fremje etiske krav ved offentlege innkjøp, vil regjeringa samordne og styrkje rettleiingstilbodet om offentlege innkjøp. Difi har etablert eit fagmiljø på offentlege innkjøp, og har blant anna ansvaret for oppfølging av regjeringas handlingsplan på miljøområdet. Målgruppa for kompetansetiltak når det gjeld samfunnsansvar vil vere den same som for dei andre oppgåvene Difi har på innkjøpsområdet. Direktoratet har allereie ei rekkje aktivitetar og når ut til ei stor gruppe gjennom arbeidet sitt. Tiltak for å styrkje kompetansen om samfunnsansvar og offentleg innkjøp kan derfor integrerast på ein god måte i Difis arbeid elles. Regjeringa meiner derfor det er formålstenleg at Difi får ansvar for å opprette ein støttefunksjon for samfunnsansvar og offentleg innkjøp.

Regjeringas tiltak

Tiltak 8.4. Regjeringa vil opprette ein støttefunksjon for samfunnsansvar ved offentlege innkjøp,og vil samordne dette med dei andre oppgåvene hos Difi for eit heilskapleg kompetansetilbod om regelverk og offentlege innkjøp.

Til forsida